Kommunedelplan for veg og trafikktrygging 2017

Eid Kommune
Kommunedelplan for veg og
trafikktrygging 2017 - 2029
Kommunestyret, 15. desember 2016, KS-sak 156/16
Saks nr: 16/21016
Dato: 07.03.2017
Versjon: 1
INNHALD
DEL 1 INNLEIING
4
1.1 SAMANDRAG
1.1.1 FORKLARING TIL OMGREP OG DEFINISJONAR I PLANEN
1.2 PLANPROSESSEN
1.2.1 BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET
1.2.2 METODE OG ORGANISERING
1.2.3 AKTØRAR I VEG OG TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET
1.2.4 MANDAT
1.2.5 SAMSPEL MED ANDRE KOMMUNEPLANAR
1.2.6 LOVER OG FORSKRIFTER
1.3 RAMMEFØRESETNADER
1.3.1 NASJONALE FØRINGAR
1.3.2 REGIONALE FØRINGAR
1.3.3 KOMMUNALE VEDTAK OG FØRINGAR
1.4 SATSINGSOMRÅDE
1.4.1 TILRETTELEGGING FOR AUKA SYKKELBRUK
1.5 ORGANISERING AV TEKNISK DRIFT
4
4
5
5
5
6
7
7
8
9
9
9
9
9
9
10
DEL 2 ANALYSE OG UTFORDRINGAR
11
2.1 SAMFUNNSUTVIKLINGA I EID
2.1.1 DEMOGRAFI
2.1.2 ØKONOMI
2.2 ORGANISERING AV TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET
2.2.1 ADMINISTRATIVT ANSVAR FOR TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET I EID
2.2.2 OPPLÆRING I BARNEHAGE OG SKULE
2.2.3 TRAFIKKTRYGGINGSARBEID
2.3 TRAFIKKTRYGGING – TILSTANDEN I DAG
2.3.1 OMFANGET AV ULUKKER PÅ VEGNETTET
2.4 KOMMUNALE VEGAR – TILSTANDEN I DAG
2.4.1 STATUS FOR KOMMUNALE VEGAR
2.4.2 UNIVERSELL UTFORMING
2.4.3 ØKONOMI
2.5 UTFORDRINGAR
2.5.1 UTFORDRINGAR FOR TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET
2.5.2 UTFORDRINGAR FOR DET KOMMUNALE VEGNETTET
11
11
11
11
11
11
13
13
13
16
16
20
21
24
24
24
DEL 3 MÅL OG STRATEGIAR
25
3.1 VISJON OG MÅL
3.1.1 VISJON OG MÅL FOR VEGNETTET I EID
3.1.2 TRYGGLEIK PÅ VEGEN
TEMA
DELMÅL
25
25
25
25
25
2
3.1.3 KRAV TIL STANDARD PÅ DEI KOMMUNALE VEGANE
TEMA
DELMÅL
3.2 STRATEGIAR OG AKTUELLE TILTAK FOR
TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET
3.2.1 STRATEGIAR FOR TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET
3.2.2 AKTUELLE TILTAK FOR TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET
3.3 STRATEGIAR OG AKTUELLE TILTAK PÅ VEGNETTET
3.3.1 STRATEGIAR FOR VEGNETTET
3.3.2 AKTUELLE TILTAK FOR VEGNETTET
3.4 PRIORITERTE TILTAK PÅ KOMMUNALE VEGAR
3.4.1 HOVUDPRIORITERING AV TILTAK (GJELD BÅDE DRIFTS- OG INVESTERINGSTILTAK)
3.4.2 SONEVISE TILTAK
3.4.3 FINANSIERING AV FASTE TILTAK
3.4.4 OMKLASSIFISERING AV VEGAR
3.4.5 INVESTERINGSTILTAK
26
26
26
DEL 4 HANDLINGSPLAN
31
27
27
27
27
27
28
29
29
29
30
30
30
4.1 HANDLINGSPLAN FOR TRAFIKKTRYGGING 2017 - 2020
31
4.2 HANDLINGSPLAN FOR DRIFT OG VEDLIKEHALD AV VEGNETTET 2017 2020 31
4.3 INVESTERINGSPLAN 2017 – 2020
31
4.3.1 VEG
31
4.3.2 TRAFIKKTRYGGING
32
DEL 5 VEDLEGG
VEDLEGG 1:
VEDLEGG 2:
VEDLEGG 3:
VEDLEGG 4:
VEDLEGG 5:
VEDLEGG 6:
34
INNSPEL TIL KOMMUNALE TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK 2017
34
INNSPEL TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK FOR FYLKES-, RIKS- OG
EUROPAVEGAR I EID 2016/2017
34
RAMMEPLAN FOR TRAFIKKOPPLÆRING OG TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK FOR
BARNEHAGANE OG SKULANE I EID
34
KRAV TIL VEDLIKEHALD – EID KOMMUNE
34
KDP VEG OG TRAFIKKTRYGGING 2017–2020 – PRIORITERTE TILTAK MED
SUMMAR
34
SAMANDRAG INNSPEL FOR KOMMUNALE VEGAR 2017
34
3
DEL 1 INNLEIING
1.1 SAMANDRAG
I dette planframlegget vert dei mest sentrale prioriteringane, måla og føringane i Eid kommune sitt
arbeid med veg og trafikktrygging presentert.
I del 1 er det gjort greie for planprosessen og rammeføresetnadane til planen. I tillegg gjev den ei
oversikt over Teknisk drift og presentasjon av satsingsområda til planen: folkehelse; universell
utforming og trygg skuleveg, trafikktrygging; med vekt på born og unge, samt satsing på
tilrettelegging for sykkel.
Del 2 gjer greie for samfunnsutviklinga i Eid, dagens organisering av trafikktryggingsarbeidet i alle
ledd og ulukkesstatistikken for kommunen. Vidare kjem ein presentasjon av tilstanden på det
kommunale vegnettet, med eige fokus på universell utforming og økonomi. Til slutt vert utfordringane
for trafikktryggingsarbeidet og det kommunale vegnettet presentert: økonomi og haldningsskapande
arbeid.
Del 3 inneheld visjon, mål og strategiar for veg og trafikktrygging. Delen avsluttast med ei generell
prioritering over kva tiltak som skal setjast over andre.
Del 4 inneheld handlingsplan for trafikktrygging og handlingsplan for drift og vedlikehald av
vegnettet Vidare kjem investeringsplan for 2017-2020.
I vedleggsdelen ligg eit samla oversyn over utbetringsbehovet på dei kommunale vegane, med
påfølgjande kartregistrering. Registreringar for riks-, europa- og fylkesvegnettet er også teke med.
Vidare finn ein i denne delen ein rammeplan for trafikktryggingsarbeidet og standard for vedlikehald
av vegane.
1.1.1 FORKLARING TIL OMGREP OG DEFINISJONAR I PLANEN
Med flatelapping vert det i utgangspunktet meint lokale opprettingar på mindre
områder, men ved å nytte ein spesialduk mellom det gamle dekket og flatelappinga
for å fordele spenninga i grunnen, kan ein ofte flatelappe i staden for å legge nytt
dekke.
Oppsprekking/oppsmuldring av fast vegdekke på grunn av trykk og spenningar i
Krakelering
grunnen og frå trafikken. Mellom anna grunnforholda avgjer kor lett eit parti vert
krakelert.
Politirapporterte Den delen av det totale ulukkestalet med personskadar som vert rapportert til
politiet, det vil sei om lag 33 %.
ulukker
Sambandsveg mellom tilkomstveg og hovudveg.
Samleveg
Veg som gjev tilkomst til tilstøytande eigedomar og der det er tillate med
Tilkomstveg
avkøyrsler til desse (=sideveg til samleveg).
Viser kva akseltrykk vegen er godkjent for. Vert oppgitt som BkX, der X viser
Vektklasse
tillate akseltrykk i tonn.
Det totale tal køyrety som passerar eit snitt av ein veg i løpet av eit år, dividert
ÅDT
med 365.
Utforming av produkt og omgjevnadar på ein slik måte at dei kan nyttast av alle
Universell
menneske, i så stor grad som mogleg, utan behov for tilpassing og ei spesiell
utforming
utforming.
Flatelapping
4
1.2 PLANPROSESSEN
1.2.1 BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET
Stortinget vedtok i 1996 ein interpellasjon der dei oppmoda kommunane å utarbeide
handlingsplanar for trafikktrygging. Frå 2001 har det vore ein føresetnad at tiltak er prioritert
gjennom ein trafikktryggingsplan for å få midlar til ”Aksjon skuleveg”. Eid kommune har valt
å utarbeide ein «Kommunedelplan for veg- og trafikktrygging».
Kommunen sin ”Kommunedelplan for veg- og trafikktrygging” gjeld for perioden 2012-2015.
Bakgrunnen for revisjon av den kommunale veg- og trafikktryggingsplanen er primært at
kommunen ikkje vil kunne søkje om ”TIK ”-midlar utan at det ligg føre ein revidert plan.
Vidare er planen eit nyttig styringsverkty for å få ein best mogleg forvalting av kommunale
vegar. Ein god plan sikrar at ressursane vert sett inn der dei har best effekt.
Grunnar for utarbeiding av kommunal veg- og trafikktryggingsplan er:
 Forvaltning av kommunale vegar på best mogleg måte. På denne måten sikre at dei
kommunale ressursane vert sett inn der dei gjev størst effekt
 Fokus på haldningsskapande tiltak
 Oversikt over trafikkfarlege stadar på alle dei kommunale vegane
 Prioritering av trafikktryggingstiltak, m.a. som grunnlag for søknad om
trafikktryggingsmidlar og for kommunalt arbeid med økonomiplan og budsjett
1.2.2 METODE OG ORGANISERING
Figur 1.1 Planprosessen
Politisk styringsgruppe
Administrativ styringsgruppe
Prosjektansvarleg
Prosjektleiar
Teknisk- og samfunnsutvalet
Rådmann Åslaug Krogsæter
Kommunalsjef Elin Leikanger
Kommunalsjef Harald Sivertsen
Kommunalsjef Elin Leikanger
Avdelingsingeniør Dag Petter Leite
Prosjektleiar har stått for registrering og utforming av plandokumentet i nært samarbeid med
andre tilsette i administrasjonen i tillegg til at kommunedelplanen byggjer vidare på arbeidet
som var gjort med den gjeldande planen.. Lokale aktørar, ressursgrupper og samarbeidspartar
har teke del i arbeidet, særleg i form av innspel til planen.
5
1.2.3 AKTØRAR I VEG OG TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET
Mange aktørar arbeider med trafikktryggingsspørsmål:
Statens Vegvesen
Har ansvar for tiltak og forvaltningsoppgåver:
 På europa- og riksvegane med grunnlag i statlege løyvingar og på fylkesvegane med
grunnlag i løyvingar frå fylkeskommune og statlege tilskot.
 Kontroll av teknisk tilstand på motorvogner og (utferding) av førarkort.
 Samarbeid om opplæring i skule/barnehage/friviljuge organisasjonar
 Har skiltmynde for dei fleste skilt
 Gjennomfører trafikktryggingsmøte i kommunane kvart 3. år.
 Gjev ut handbøker – m.a. vegnormalane.
Fylkeskommunen
Har ansvar for å tilrå og samordne tiltak for å fremje trafikktrygginga i kommunen. Dette er
eit pålegg heimla i § 40 i Vegtrafikklova, og det vert handtert av trafikktryggingsutvalet
(FTU), eit underutval av Hovudutval for samferdsle. Dette utvalet gjev tilskot til
trafikktrygging på kommunale- og fylkeskommunale vegar (tidlegare ”Aksjon skuleveg”)
Kommunane
Kommunane har ei svært viktig rolle i det lokale trafikktryggingsarbeidet:
Verkemiddel
Underlagt
kommunen
Påverknad av statlege
etatar, fylkeskommune og
politi

Planarbeid eller plan- og bygningslova,
m.a. kommuneplan, reguleringsplan
Tiltak på kommunale vegar
Tiltak på fylkes-/riksvegar
Trafikkopplæring i barnehage og skule
Trafikkopplæring i vidaregåande skule
Overvaking og kontroll
Trafikantinformasjon







Tabell 1.1 Rolla til kommunane i trafikktryggingsarbeidet
Kommunen kan påverke tiltak på fylkes- og riksvegar, trafikkopplæring og
kontroll/overvaking m.a. i høve korleis tiltak skal prioriterast. Kommunale
trafikktryggingsplanar er viktige i denne samanhengen. Kommunane har mynde til å fastsetje
fartsgrensene på kommunale vegar.
Politi





Samarbeider med skule/barnehage om trafikkopplæring
Politi, lensmann og utrykkingspolitiet gjennomfører kontroll av førarar og køyretøy
Etterforskar og rapporterer trafikkulukker med personskader
Har vedtaksmynde for ein del trafikkregulerande tiltak
Gjev uttale i skiltsaker
6
Private og friviljuge organisasjonar
Trygg Trafikk:
Gjev trafikkfagleg støtte til lag og organisasjonar, og har utarbeidd undervisningsmateriale til
bruk i skule og barnehage. Organisasjonen arbeidar for å oppnå best mogleg trafikktrygging
for alle trafikantgrupper og har tilsett sekretær i alle fylka
Bilorganisasjonar (MA, NAF) og trafikkskulane har og ei viktig rolle i
trafikktryggingsarbeidet. I tillegg kjem lokale lag, råd og organisasjonar.
1.2.4 MANDAT
Mandatet er å utarbeide ein samla, konkret styringsreiskap for tenesteområdet Veg.
Planverket skal vere eit eintydig og overordna styringsverkty for kommunen sitt
trafikktryggingsarbeid og for vegvedlikehald og investeringar i vegnettet. Planen skal klart
vise prioriteringar for dei kommunale vegane og vere grunnlaget for søknad om TIK-midlar,
samtidig ein plan for både drifts- og investeringstiltak. Planen skal vere i samsvar med anna
kommunalt planverk med fokus på tilrettelegging og samanknyting av områder for mjuke
trafikkantar.
1.2.5 SAMSPEL MED ANDRE KOMMUNEPLANAR
Kommunedelplan for veg- og trafikktrygging fungerer som eit bindeledd mellom
kommuneplanen og underliggjande tekniske planar, og kan illustrerast slik:
Figur 1.2 Kommunedelplan for veg- og trafikktrygging i høve til andre kommunale planar
7
Kommunedelplan for veg og trafikktrygging er ein del av kommuneplanen for Eid kommune.
Kommunedelplanen syner kva for tiltak som skal gjennomførast på sektoren dei neste åra og
vil såleis liggje til grunn for seinare detaljplanlegging/utbygging av einskildanlegg.
Planen skal handsamast politisk i samsvar med plan og bygningslova og m.a. vurderast minst
ein gong i kvar valperiode og om naudsynt reviderast. Handlingsplanen bør rullerast årleg for
m.a. å danne grunnlag for økonomi- og budsjettarbeid, samt søknad om
trafikktryggingsmidlar i kommunen.
Planprosessen føljer dei intensjonane som Plan- og bygningslova legg opp til:
 Politisk forankring
 Tverretatleg administrativ medverknad
 Samarbeid med statlege, fylkeskommunale og andre offentlege styresmakter
 Samarbeid med private organisasjonar og grupper med spesiell interesse i planarbeidet
1.2.6 LOVER OG FORSKRIFTER
Utarbeiding av kommunedelplan for veg- og trafikktrygging er ikkje lovpålagd, men
fylkeskommunen stiller føljande krav for tildeling av TIK-midlar:
 Kommunal trafikktryggingsplan kan ikkje vere meir enn fire år gammal.
 Kommunal trafikktryggingsplan skal reviderast minimum kvart fjerde år.
 Ved revisjon av trafikktryggingsplanen bør Statens vegvesen si handbok 209
”Kommunale trafikktryggingsplanar” eller tilsvarande, liggje til grunn for arbeidet.
 Kommunar som ikkje stettar krava, vil berre ha høve til å søkje om tilskot til tiltaket
”revisjon av kommunal trafikktryggingsplan”.
Ei rekkje lover og forskrifter har innverknad på trafikktrygginga og vegane. Føljande lover er
dei viktigaste:
 Plan- og bygningslova er svært viktig i høve til å kunne gjennomføre fysiske tiltak i
den einskilde kommune. Planlegging av vegar føljer no reglane i PBL. Lova gjev og
det juridiske grunnlaget for oreigning av grunn i samband med iverksetjing av tiltak.
 Vegtrafikklova med tilhøyrande forskrifter og utfyllande reglar dannar grunnlaget for
svært mange trafikktryggingstiltak, skilt, trafikkopplæring, krav til køyrety osb.
 Veglova omfattar dei generelle krava som er knytt til trafikktrygging m.a. heimel til
fastsetjing av standarden på vegnettet. Vidare vert kostnadsfordelinga mellom staten,
fylkeskommunen og kommunane avklart i høve til riksvegar, fylkesvegar og
kommunale vegar.
 Forskrift om politivedtekt for Eid kommune, FOR 1999-02-03 nr. 80. I kap. 1 § 1 får
definisjon på offentleg stad, kap. 2 § 3 omhandlar orden på off. stad, kap.3 omtalar
sikring av ferdsla, kap. 4 reinhald på off. stad og kap. 5 omtalar tilgrising av off. stad.
Statens Vegvesen har gjeve ut eigne handbøker, mellom anna Vegnormalane der krav til
bygging og vedlikehald/drift av fylkes/riksvegar er sette opp. Dette dannar eit viktig grunnlag
for standardnivået på kommunale vegar. Eid kommune har også utarbeida ei eiga vegnorm for
kommunale vegar.
8
1.3 RAMMEFØRESETNADER
1.3.1 NASJONALE FØRINGAR






Nasjonal transportplan 2010-2019
Noreg universelt utformet 2025 – Regjeringens handlingsplan for universell utforming
og økt tilgjengeligheit 2009-2013
Nasjonal strategi for forebygging av personskadeulykker 2009-2014
Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg
Plan for tiltak mot ungdomsulykker
Kunnskapsløftet (m.a. læreplan grunn- og vidaregåande skule)
1.3.2 REGIONALE FØRINGAR



Strategisk samferdsleplan 2010-2019
Handlingsprogram for fylkesvegnettet 2010-2013(19)
Handlingsplan for trafikktrygging i Sogn og Fjordane 2010-2013
1.3.3 KOMMUNALE VEDTAK OG FØRINGAR


Kommuneplan 2013-2025
Økonomiplan 2016-2019
1.4 SATSINGSOMRÅDE
Alle kommuneplanar i Eid kommune skal ha fokus på folkehelse, difor vert folkehelse eit
naturleg satsingsområde i denne planen. For veg vil dei største satsingsområda innan
folkehelsearbeidet vere universell utforming, altså likt tilgjenge og bruk for alle menneske, og
trygg skuleveg, for å få born og unge til å gå til skulen og dermed betre si fysiske og psykiske
helse. Dette relaterer seg også til det andre store satsingsområdet, trafikktrygging, med særleg
vekt på born og unge, spesielt i knytt til skular og barnehagar.
1.4.1 Tilrettelegging for auka sykkelbruk
Eid kommune skal legge vekt på tilrettelegging for auka bruk av sykkel i kvardagen og på
fritida. Sykkel som framkomstmiddel er både miljøvennleg, og eit positivt bidrag til betre
folkehelse når det kan erstatte andre framkomstmidlar. Eid kommune arbeider derfor med å
bli en sykkelby.
9
1.5 ORGANISERING AV TEKNISK DRIFT
TEKNISK DRIFT
Veg, vatn, avløp og park
(kommunalteknikk)
Bygge- og eigedomsforvaltning
Administrative
ressursar
120 %
Uteseksjonen
Vegar og gater
36 %
Veg
2,82 årsverk
Figur 1.3 Organisering
Det er både administrative og utførande tenester knytt til tenesteområdet Veg. Dette gjeld
overordna forvaltning, og dagleg drift og vedlikehald. Veg driv drift og vedlikehald av alle
kommunale vegar og bruer, dvs, reparasjon og utbetring, kantslått og skogrydding, skilting og
merking av veg, drift og vedlikehald av veglys, oppsetjing av rekkverk og drift av vegnettet
om vinteren.
Dei fleste tilsette på uteseksjonen er involverte i drifta på fleire tenesteområde med svært
varierande oppgåver, alt etter sesong og behov. Fire tilsette delar på døgnvakt for vatn og
avløp. Det inneber at dei har beredskap kvar 3.-4.veke, alt etter årstid. På vinterstid er seks
tilsette i brøyteberedskap. Teknisk drift brøyter tre roder i sentrum med eigne tilsette.
Brøytarane har beredskap annankvar veke i perioden 15.oktober-15.april.
Avdelinga har ei god organisering, som gjer ei klar arbeidsfordeling og ein god dialog mellom
leiing og tilsette. Dei tilsette har god kompetanse innan faget, men bemanninga er låg både
inne og ute. Dette gjer også tenesteområdet sårbare for sjukdom, gjer for lite tid til
planlegging og dårleg sakshandsamingskapasitet. Dei tilsette har lang erfaring og er allsidige.
Tenesteområdet gjer god service og har eit godt omdømme. I tillegg er det eit godt samarbeid
på tvers av fag i Teknisk Drift og dei tilsette er opne for endringar – til det betre.
10
DEL 2 ANALYSE OG UTFORDRINGAR
2.1 SAMFUNNSUTVIKLINGA I EID
2.1.1 DEMOGRAFI
Planen byggjer på føresetnadane frå gjeldande kommuneplan (samfunnsdelen). Den
overordna kommuneplanlegginga er avgjerande for planlegging av veg- og trafikktrygging.
2.1.2 ØKONOMI
Økonomiplanen set rammene for handlingsplanen i kommunedelplan for veg- og
trafikktrygging. Ser ein på kostnadane pr. meter veg er det eit tydeleg trekk at kommunane i
Sogn og Fjordane, inkl. Eid, har mykje kommunal veg, men at driftsutgiftene er låge.
Budsjettløyvingane har vore lågare enn det vegplanen legg opp til. Vegstandarden vert
dårlegare og vedlikehaldsetterslepet aukar for kvart år.
2.2 ORGANISERING AV TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET
2.2.1 ADMINISTRATIVT ANSVAR FOR TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET I EID
Teknisk Drift registrerer behov for trafikktrygging i Eid. Desse oversiktene vert mellom anna
nytta i samband med søknad om statlege/fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar. Enkle
tiltak som kan finansierast innanfor driftsbudsjettet vert utført fortløpande. Større tiltak krev
finansiering og evt. prioritering i plan.
2.2.2 OPPLÆRING I BARNEHAGE OG SKULE
Barnehagane
Barnehagane har ikkje trafikkopplæring som spesielt undervisningsemne, men driv
førebygging t.d. ved samtale og rettleiing når borna er ute i trafikken. Borna går mykje på tur
utanfor barnehagane sitt område. Nokre av barnehagane ligg nær vegar med mykje trafikk, og
born og vaksne må difor både gå langs vegane, og krysse dei for å kome til turmåla sine.
 Borna skal oppleve at dei er trygge
 Dei vaksne skal gjennom handling og ord lære borna kva som er rett oppførsel i
trafikken.
 Foreldra skal informerast om det borna har vore med på og lært, slik at det borna lærer
i barnehagen kan forsterkast gjennom lik læring heime.
Grunnskulen
11
Grunnskulen er ein felles arena for alle som veks opp i kommunen. Dette medfører at skulen
har eit stort potensiale for haldningsskapande arbeid. Samstundes er det mange faktorar/
påverknadar som formar born og unge sine haldningar. Det må difor til eit samarbeid mellom
tiltaka i skulen og andre som leverar premissar for born og unge sine haldningar.
Skulen 1.-4. klasse og SFO:
 Fokus på skuleskyss og skulevegen til 6-åringane
 1.-4. kl. – Framferd i skulebussen – reglar for åtferd
 Gjennomgå litt skilt /trafikkreglar
 Refleksbruk
 Haldningsskapande arbeid i høve skule- og fritidsaktivitetar
Skulen 5.-7. klasse:
 Sykling og tryggleik
 Haldningar og åtferd i trafikken framleis
 5.-7.kl. – Framferd i skulebussen – reglar for åtferd
 Trafikkreglar og konsekvens av dei
 Refleksbruk
Ungdomsskulesteget 8.-10. klasse:
 8.-10. kl. – Framferd i skulebussen – reglar for åtferd
 (8. kl – Trafikkfarlege vegar – statistikk)
 (9 kl. – ”UT” med tema fart, rus og trafikk, hjelm, belte, refleks m.m.)
 10. kl. – 16 år – info om øvingskøyring og trafikalt grunnkurs
Eid vidaregåande skule
Eid kommune ynskjer at skulen har årleg opplegg (temadagar) om trafikktryggleik med tema
om t.d.:
 Trafikkreglar/konsekvensar/førarkort for bil
 Russ og trafikk – åtferd, rus, godkjent russebil og godkjenning av knutereglar
 Haldingar i trafikken
 Refleksbruk
Fjordane folkehøgskule
Eid kommune ynskje at skulen har årleg opplegg (temadagar) om trafikktryggleik med tema
om t.d.:
 Ferdsle/trafikkreglar med/for hest og vogn i trafikken
 Riding i trafikken
 Refleksbruk
 Sykling og tryggleik
Anna informasjonsarbeid
Eit viktig tema kan vere køyring av born i samband med t.d. fritidsaktivitetar. Det er viktig at
dei vaksne som er med på slike turar formidlar gode haldningar både til køyrefart og generell
åtferd i trafikken. Sogn og Fjordane fylkeskommune har ulike tilbod t.d. ungdomskort, heim
for ein 50-lapp. Alle bør ha fast punkt på foreldremøte med tema trafikktrygging mellom
barnehage/skule – heim.
12
2.2.3 TRAFIKKTRYGGINGSARBEID
Statens vegvesen har som regel trafikktryggingsmøte med kommunane kvart 3. år der
representantar frå Lensmannen, kommunen og Vegvesenet møtest. Føremålet er å gjennomgå
trafikkfarlege stadar i kommunen, vurdere aktuelle tiltak og fordele ansvar for gjennomføring
av tiltak. Gjennomgangen omfattar berre stadar på riks- eller fylkesvegnettet. Likevel er det
meir enn tre år sidan det førre møtet fann stad. Kommunen er særs positive til å ha eit
samarbeid med Vegvesen og Politi. Vegvesenet er ansvarleg for desse møta, men kommunen
vil ta større initiativ for å få gjennomført desse i framtida.
2.3 TRAFIKKTRYGGING – TILSTANDEN I DAG
2.3.1 OMFANGET AV ULUKKER PÅ VEGNETTET
Tala nedanfor byggjer på Statens Vegvesen sin statistikk ut frå ulukker som er innrapporterte
til politiet. Etter Vegtrafikklova skal alle trafikkuhell med personskade rapporterast til
politiet. Statens Vegvesen reknar likevel med at 60 – 70 % av skadane aldri vert rapporterte,
eller berre vert rapporterte til forsikringsselskap eller legevakt/sjukehus. Dette gjeld særlig
ulukker med lettare personskadar.
Omfanget av ulukker med personskade
Talet på personskadde i Sogn og Fjordane i perioden 1999 – 2014 (politirapporterte ulukker)
har stort sett lege rundt 200 i året, men med ein nedgang dei siste åra. Talet på drepne på
1990-talet låg i snitt på 11,3, etter 2000 er dette talet redusert til 7,3. Generelt er trenden færre
ulukker.
Talet på personskadde i Eid i perioden 1990 – 2010 har i snitt vore 16 i året. Dette er litt over
gjennomsnittet til fylket i same periode, vurdert etter folketal.
Dei fleste ulukkene, om lag 74 %. Skjer på riks- og europavegane gjennom kommunen.
Medrekna fylkesvegane skjer om lag 83 % av ulukkene på ikkje-kommunale vegar. Ulukkene
på kommunale og private vegar utgjer nærare 17 % av det samla talet på ulukker, men det er
som oftast mindre alvorlege ulukker som skjer på dei kommunale vegane.
13
300
250
200
Hardt skadde
150
Drepte
Ulykker
100
50
0
Figur 2.1 Tal på ulykker, drepte og hardt skadde 1999-2015 for Sogn og Fjordane
Omfanget av ulukker i ein kommune som Eid varierar frå år til år. Tala er små slik at den
prosentvise endringa vert stor. Figur 2.1 Tal på ulykker, drepte og hardt skadde 1999-2015 for
Sogn og Fjordane syner talet på ulukker med personskade (politirapporterte ulukker) og hardt
skadde og drepne for Sogn og Fjordane. Ein ser at talet på hardt skadde og drepne varierer frå
0 til 5. Det totale talet for drepne og hardt skada varierar frå 14 til 39.
Ulukkestypar og skadeomfang
Tabellen, Tabell 2.1 Uhellskategori, under viser at utforkøyring er den desidert viktigaste
ulukkesårsaka. Nesten halvparten av trafikkulukkene skjer på denne måten. Den andre
dominerande årsaka er møteulukker, dvs, der to eller fleire køyrety er innblanda.
I tabellen under er også omfanget av personskadar i samband med politirapporterte
trafikkulukker sett opp. Det må understrekast at dei reelle tala truleg, når alle ulukker er rekna
med, er høgare. Dette gjeld, som tidlegare nemnt, særleg lettare personskadar.
14
Personer drept eller skadd i veitrafikkulykker, etter region, ulykkestype, tid og statistikkvariabel
14 Sogn og Fjordane
2015
Uhellskategori
A. Påkjøring bakfra
B. Andre ulykker med samme kjøreretning
C. Møting ved forbikjøring
D. Andre møteulykker
E. Samme og motsatt kjøreretning med avsvinging
F. Kryssende kjøreretning
G. Fotgjenger krysset kjørebanen
H. Fotgjenger gikk langs eller oppholdt seg i kjørebanen
I. Akende o.l.
J. Enslig kjøretøy utfor veien
K. Enslig kjøretøy veltet i kjørebanen. Påkjøring av dyr, parkerte biler mv.
L. Andre ulykker
Ulykker
4
2
2
11
3
7
3
1
0
31
7
8
Drepte
0
0
0
1
0
0
0
0
0
2
0
2
Skadde i
alt
6
2
5
15
4
10
3
1
0
33
7
8
Hardt
skadde
1
0
2
4
1
0
1
0
0
5
3
4
Lettere
skadde
4
2
3
11
3
10
2
1
0
26
4
4
Tabell 2.1 Uhellskategori
Aldersfordeling
Alderen til innblanda personar ved politirapporterte trafikkulukker vert registrert. I det totale
ulukkesbiletet i kommunen, altså der ulukker med drepne og alle typar personskadar er teke
med, er aldersgruppa 25-33 år mest utsett for ulukker, etterfølgt av aldersgruppa 18-20 år. Om
ein ser på tala for ulukker med drepne og hardt skada er derimot aldersgruppa 35-44 år den
mest utsette, jf. Feil! Fant ikke referansekilden..
Figur 2.2 Aldersgruppe - skadegrad for Sogn og Fjordane
Ei samleliste med oversyn over trafikkfarlege punkt samt parsellar med utbetringstrong er
gjeve i vedlegg 1. I tillegg til behov som gjeld kommunale vegar er også behov knytt til riks-,
europa- og fylkesvegar er registrert. Registreringane for riks-, europa- og fylkesvegar skal
15
formidlast vidare. Lista er basert på registreringar som er gjort i samband med planarbeidet,
samt innspel til planarbeidet og Hovudinspeksjon bruer. Punkt som er omtala i den førre
planen, men som ikkje er utbetra, er også tekne med i oversynet.
2.4 KOMMUNALE VEGAR – TILSTANDEN I DAG
2.4.1 STATUS FOR KOMMUNALE VEGAR
I samband med revisjon av temaplan for veg og trafikktrygging har det vore gjennomført ei
systematisk registrering av alle dei kommunale vegane. Det kommunale vegnettet
representerer store verdiar. For å ta vare på desse verdiane og for at vegnettet skal fungere
best mogleg både med omsyn til trafikktryggleik, rasjonell trafikkavvikling og miljø, er det
viktig med godt vedlikehald. Vedlegg 4 inneheld oversyn over dagens vedlikehaldsstandard
for det kommunale vegnettet. For dei fleste av funksjonane vert det synt tre ulike nivå – etter
høg, middels eller låg standard. Dagens standard er markert med utheva skrift. For å kunne
heve nivået, vil det i dei fleste tilfella ha ein større eller mindre økonomisk konsekvens.
Omfang av kommunale vegar
Eid kommune forvaltar eit omfattande vegnett, omlag 103 km. Om lag 70 % av vegnettet har
fast dekke. Verdien av desse vegane, vegkapitalen, utgjer om lag 360 mill. kroner.
Lovleg akseltrykk og lovleg breidde på køyrety
Alle dei kommunale vegane i Eid kommune har, med nokre få unntak, lovleg akseltrykk på
10 tonn og 2,60 meter som største lovlege breidde. Per i dag er desse grensene i liten grad til
hinder for bruken av vegane, dels fordi behovet ikkje er større og dels fordi den generelle
standarden er såpass låg at den verkar avgrensande i seg sjølv. Statens vegvesen gjev årleg ut
revidert liste med over vegar og lovleg akseltrykk og breidde.
Kommunale bruer
Eid kommune har ansvaret for 41 bruer, og i all hovudsak er dette mindre bruer.
Vedlikehaldet er svært viktig for levetida til bruene, og det vert utført årlege internkontrollar
for bruene. I praksis har avdelinga ikkje hatt kapasitet til å følje opp dette, men i 2010 vart
kontroll gjennomført av eit innleigd firma. Sidan dette har ein hatt årlege kontrollar på bruene.
Ein del bruer er smale, og enkelte har for låg bæreevne i høve til det som er ynskjeleg. Det
mest avgjerande for tryggleiken i det daglege er eit solid og godt rekkverk, og her er det trong
for forsterkingar på mange av bruene. For meir utfyllande skildring av tilstanden på kvar
enkelt bru, visast det til dokumentet Hovudinspeksjon bruer frå 2015. I tillegg er dei behov
for tiltak på bruene ført inn i Vedlegg 1 Utbetringbehov på kommunale vegar i Eid – samla
oversyn.
Vedlikehaldsbehov for vegar med fast vegdekke
I vurderinga av vedlikehaldsbehovet er føljande faktorar lagt til grunn:
 Hjulspor
 Setningar i vegbana
 Sprekker og krakelering i vegdekket
 Trafikkmengde
 Omfanget av tyngre køyretøy på vegen
Aktuelle tiltak er flatelapping og legging av nytt dekke.
16
I sentrumsområder med stor trafikk er det større behov for reasfaltering av fast dekke.
69 %
70 %
60 %
50 %
40 %
25 %
30 %
20 %
6%
10 %
0%
Nytt dekke
Flatelapping
OK
Figur 2.3 Vedlikehaldsbehov for vegar fast dekke, uttrykt som prosent av total lengd fast dekke.
Forklaring til Figur 2.3:
 69 % (om lag 55 km) av det kommunale vegnettet har tilfredstillande standard
 På 6 % (om lag 5 km) av vegane bør det gjennomførast flatelapping av vegdekket
 25 % (19 km) av vegane bør få nytt dekke
Figur 2.4 viser utviklinga i dekkekvaliteten over tid. Den viser at ein med ulike
vedlikehaldstiltak forbetrar tilstanden, men at ein etter kvart er nøydd til å legge nytt dekke.
Dersom ein då forsterkar grunnen eller nyttar ein spesialduk for å fordele strekkspenningane i
grunnen, kan ein forlenge levetida til dekket.
Figur 2.4 Utvikling og vedlikehald for faste dekker
Vedlikehald har god effekt for trafikkavviklinga ved at køyrefarten kan aukast. Undersøkingar
syner derimot at det er liten effekt på trafikktryggleiken og at endringa der truleg vert noko
negativ, også pga. auka køyrefart.
17
Vedlikehaldsbehov for vegar med grusdekke
Følgjande faktorar vert lagt til grunn ved vurdering av tilstanden på vegane:
 Slitasje (t.d. for tynt/manglande grusdekke)
 Rett profil på vegbana
 Hol i vegbana
 Hjulspor
Mest aktuelle tiltak er høvling, grusing eller asfaltering. Vurdering om asfalt er ønskjeleg, er
gjort ut frå føljande moment:
 Trafikkmengde/omfanget av tyngre køyrety på vegen
 Stigningstilhøve på vegen
 Grunntilhøve
54 %
60 %
50 %
39 %
40 %
30 %
20 %
7%
10 %
0%
OK
Grusing og/eller
høvling
Bør/må
asfalterast
Figur 2.5 Vedlikehaldbehov for grusvegar uttrykt som prosent av total lengde grusvegar.
Forklaring til Figur 2.5:
 39 % av dei kommunale grusvegane, eller i overkant av 14 km, har tilfredstillande
standard
 54 % av grusvegane treng grusing og/eller høvling. Dette tilsvarar nærare 20 km.
 Om lag 7 % bør/må asfalterast, tilsvarande 2,5 km veg.
Standarden på vegdekket har tidvis vore fallande på dei kommunale vegane. Dette har
samanheng med ujamn løyvingstakt til reasfaltering: dei siste åra har det vore løyvt større og
mindre summar med ujamne mellomrom. Ved å setje av ein fast, årleg sum til dekkelegging,
vil ein unngå å skape etterslep, samstundes som arbeidet kan prioriterast og førebuast betre.
Vidare må grøfting prioriterast høgare, slik at levetida til dekket vert så lang som råd. Den
same effekten har ein for grusvegar. For grusdekte vegar må det på driftssida i tillegg leggjast
større vekt på å etablere ein god standard med markert sidefall på vegen, slik at vatnet renn
raskt av og lagar minst mogleg skadar og hol.
Vegetasjon og sikttilhøve
For vegetasjon og sikttilhøve er det i vedlegg 4 ikkje skissert alternative nivå, sidan
siktområder alltid må haldast opne. Effekten av å halde siktsoner opne er stor for
trafikktryggleiken, samstundes som kantslått og skogrydding forlenger levetida på vegane og
18
lettar vedlikehaldet. Det er registrert eit stort behov for både årleg kantslått og meir
skogrydding langs vegane. Til kantslåtten har ein leigd inn eksterne firma ein gong i året.
Dette er viktig av omsyn til trafikktryggleiken og vegane sin standard, og burde ideelt sett
vore gjort 2 gongar i året. Manglande slått har også ein klar negativ påverknad på bumiljøet til
dei som brukar vegane og bur inntil dei.
Også grunneigarane langs dei kommunale vegane har eit ansvar for å halde vegetasjon i
kantar og siktsoner. Det vart i forrige plan planlagt ein haldningskampanje på dette. Det er
ynskjeleg at ei slik kampanje vert gjennomført, med informasjon om kva krav som gjeld. Her
kan ein oppnå ein mykje betre trafikktryggleik med bruk av liten innsats.
Skilting og merking av veg
Dagens skilting på dei kommunale vegane er i liten grad gjort på grunnlag av lovleg fatta
skiltvedtak. Det skal lagast ein skiltplan som Politiet skal uttale seg til, og som Vegvesenet
skal fatte godkjenningsvedtak til. Deretter kan skilta setjast opp. Praksis tidlegare har vore at
skilta har vore oppsette utan noko form for vedtak fyrst, så her er det trong for eit omfattande
oppryddingsarbeid. Korrekt skilting er ein føresetnad for at trafikantane skal ha respekt for
skiltinga og for at dei reint faktisk skal kunne følje den. Det har også teke lang tid før falma
eller skada skilt har vore skifta.
Dei siste åra har det vore arbeidd med skiltplan for sentrumsområda, no står bygdevegane for
tur. Kommunen har fått trafikktryggingsmidlar til dette arbeidet.
Veglys
Generelt har kunstig opplysing av vegen god effekt på trafikktryggleiken. Særleg gjeld dette
ulukker der fotgjengarar er innblanda. Tiltaket verkar og på trafikkavvikling ved at
køyrefarten kan aukast noko. Eid kommune har i dag ansvar for om lag 900 veg- og
parklyspunkt, og desse anlegga står både langs kommunale vegar og riks- og sykkelvegar. I
tillegg er der ein del lys i parkar og på parkeringsplassar.
Det vert ført ein restriktiv politikk med omsyn til etablering av nye veglysanlegg. Årsaka til
dette er at veglys har ein høg etableringskostnad, men framfor alt at dei inneber faste
driftskostnadar. Ved nye veganlegg vert det rutinemessig lagt ned trekkjerøyr for veglys, slik
at ein slepp å grave opp i etterkant. Dersom det skal etablerast nye veglysanlegg, bør det
gjerast ei kartlegging på førehand for å undersøkje kva tilstand og behov ein har for nye
lysanlegg, t.d. bør enkelte eksisterande lysanlegg knytast saman, slik at heile og ikkje berre
delar av skulevegen er opplyst.
Prinsipielt bør overtaking av private gatelys kun skje etter ein samla plan og prioritering for
heile det kommunale vegnettet.
Rekkverk
På svært mange stadar er rekkverk viktige for trafikktryggleiken, både for køyrande og mjuke
trafikantar. Dei kommunale vegane er i svært vekslande grad sikra med rekkverk. Enkelte
stadar manglar rekkverk heilt, andre stadar er der gammalt rekkverk (ofte støypekantar) som
er låge og/eller har dårleg fundament. Tradisjonelt autovern har ein kostnad på om lag kr.
500,-/løpemeter, så det er viktig at ein ved oppsetjing av sikring er målretta i høve til kvar ein
brukar pengane og kvar trongen er størst. Ved framtidig oppsetjing bør det gjerast ei
19
kartlegging på førehand, der ein vurderar dei einskilde strekningane opp mot kvarandre i høve
stigning, trafikkmengde, vegbreidde m.m.
Drift av vegnettet om vinteren
Godt vintervedlikehald av vegar betrar trafikktryggleiken og gjer det samstundes lettare å
kome fram, slik at også trafikkavviklinga vert betre. Vegane vert brøytte etter ein gitt standard
(sjå vedlegg 4), medan strøing vert sett i verk etter vurdering i kvart tilfelle. Det ville vere
ynskjeleg å auke brøytestandarden noko av omsyn til tryggleik og framkomelegheit, men den
økonomiske situasjonen tillet ikkje det. Dei innleigde brøytarane vert godtgjorte etter ein
avtalt timesats samt beredskap, og utgiftene til brøyting svingar i takt med snømengdene.
2.4.2 UNIVERSELL UTFORMING
Diskriminerings- og tilgjengelighetslova gjeld frå 1. januar 2009. Gjennom lova har personar
med nedsett funksjonsevne fått eit vern mot diskriminering på line med det som allereie
gjeld for kjønn etter likestillingslova, og for etnisitet, religion mv. etter diskrimineringslova.
Universell utforming er ei inkluderande utforming av fysiske omgjevnader som skal kunne
brukast av alle. Universell utforming er innført som ein rettsleg bindande regel, som pålegg
plikter og utløyser sanksjonar ved brot på reglane.
Målet med universell utforming, i denne samanheng, er at flest mogleg skal kunne nytte seg
av transportsystemet på ein likestilt måte. For å oppnå dette er universell utforming ein
hensiktsmessig strategi. Ein får auka likestiling i bruk, og kvalitetane som leggast inn i
transportsystemet tilfell flest mogleg. Universell utforming gjer at alle som nyttar
transportsystemet får ein betre og lettare kvardag, og er særleg viktig i knutepunkt.
Kunnskap om kva hindringar transportsystemet kan skape for utviklingshemma grupper, og
korleis ein skal unngå å skape hindringar, er fundamentalt for å kunne ta i vare behova. For å
kunne dekke behova til flest mogleg må ein ta utgangspunkt i dei som har størst behov.
Universell uforming byggjer på sju prinsipp:
- Enkel og intuitiv i bruk – utforminga skal vere lett å forstå utan omsyn til brukaren si
erfaring, kunnskap, språkferdigheiter og konsentrasjonsnivå.
- Forståeleg informasjon – utforminga skal kommunisere naudsynt informasjon til
brukaren på ein effektiv måte.
- Toleranse for feil – utforminga skal minimalisere farar og skadar som kan gje ugunstige
konsekvensar, eller minimalisere utilsikta handlingar.
- Like moglegheiter for alle – utforminga skal vere brukbar og tilgjengeleg for personar
med ulike ferdigheiter
- Fleksibel bruk - uansett individuelle preferansar og ferdigheiter. Den synshemma skal
kunne høyre, den hørselshemma skal kunne sjå osb.
- Låg fysisk anstrengelse – uforminga skal kunne brukast effektiv og komfortabelt med eit
minimum av slit.
20
-
Størrelse og plass for tilgang og bruk – Hensiktsmessig størrelse og plass skal
mogleggjere tilgang, rekkevidde, betening og bruk, uavhengig av brukaren sin
kroppsstørrelse, kroppsstilling og mobilitet.
Plikt til universell utforming omfattar utforming av dei fysiske tilhøva. Det vert sett eit skilje
mellom menneskeskapte tilhøve og naturgjevne tilhøve. Universell utforming i lova gjeld
ikkje naturgjevne tilhøve, medan transportinfrastruktur som vegar og fortau vil vere ein del av
det menneskeskapte miljøet. Her gjeld då krava til universell utforming. Vegane skal
tilpassast alle menneskje. Trinnfri tilkomst, leieliner og tydeleg informasjon er sentrale
element for å få transportsystemet universelt utforma.
Status - Universell utforming
Graden av universell utforming av vegnettet i Nordfjordeid sentrum er svært varierande. For
Eidsgata er tilstanden på eit godt nivå i sjølve gata, mens tilgjenge frå gata til butikkar og
liknande ikkje er optimal enkelte stadar. Tilstanden for resten av sentrum ber preg av
manglande gangliner enkelte stadar, manglande varslingsfelt og til tider leieliner. Enkelte av
gangvegane har også dårleg eller manglande tilpassing slik at det ikkje er mogleg for
rullestolar å kome seg opp på dei. Enkelte av gangfelta er også dårleg tilpassa rulling sidan
kantstein ikkje er lagt i flukt med vegbana. Slike tiltak er viktige å ta omsyn til tidleg i
planprosessen for å få det beste resultatet og bør også takast med når utbetringar og nye
prosjekt skal utførast. Universell utforming er viktig for trafikktryggleiken til alle som nyttar
vegnettet og for at vegnettet skal vere tenleg for alle brukargrupper.
2.4.3 ØKONOMI
Alle tala referer seg til rekneskapstal for vegdrift og gatelys i perioden 2013-2015. Totalt har
løyvingane til vegdrifta auka noko over ein tidsperiode på 5 år, men her må ein også ta omsyn
til løns- og prisvekst, samt inngåing av nye vedlikehaldskontrakter som brøyting, kosting og
kantslått. Rekneskapstala for 2014 må kommenterast spesielt. Det store auken i vegdrift i
2014 kjem av kosting av vegar der det vart lagt vekt på å få bort mykje fastgrodd masse og
vekstar langs fortauskantar. Tilgroing og vekstar kjem dels av at ein ikkje sjølve disponerer
godt nok utstyr, og dels av at tilgjengelege entreprenørar ikkje har den reiskapen som er best
tenleg for å få utført jobben.. Dernest kjem også noko av auken som resultat av nye avtalar for
brøyting. Merk at tala gjeld drift og ikkje investering. I perioden har det ved enkelte høve vore
løyvd midlar til asfaltering, men dette har vore investeringsmidlar, og dei framkjem difor
ikkje her.
21
Millioner
Driftsutgifter veg 33210
6,4
6,3
6,2
6,1
6
5,9
Teneste 33210
5,8
5,7
5,6
5,5
5,4
5,3
2013
2014
2015
Figur 2.6 Driftsutgifter veg
Forklaring til Figur 2.6 Driftsutgifter veg: Situasjonen er slik at dei økonomiske rammene er
for trang i høve til det vedlikehaldsbehovet som vegnettet reelt har. Dette inneber i dag
fallande standard, alternativt stadige skippertak. Det er også dyrt å slite vegane ned til eit nivå
der tiltak må gjennomførast som hastesaker – då er det meir lønnsamt med ein jamn
vedlikehaldsinnsats. På grunn av at ramma til drift er så lita, må alt vedlikehald av
asfaltdekket skje som investering. Det same gjeld ekstraordinære tiltak over kr 50.000,-.
Driftsutgifter veglys 33230
1 000 000
900 000
800 000
700 000
600 000
500 000
Teneste 33230
400 000
300 000
200 000
100 000
0
2013
2014
2015
Figur 2.7 Driftsutgifter veglys
22
Forklaring til Figur 2.7 Driftsutgifter veglys: Kostnadsauken som har vore innan drift av
veglys i 2015 kjem av oppgradering av ein del styreskap og utskifting av gamle lysarmaturar.
Til tross for mange sterke ønsker om meir veglys, har det ikkje vorte bygd ut fleire slike
anlegg.
Eid kommune legg i framtida vekt på bruk av energibesparande veglysteknologi. Tidlegare
hadde LED veglys så høge innkjøpskostnader, samstundes som levetida var relativt kort.
LED-teknologien er no slik at kommune ser det som ei føremun at eksisterande veglys vert
skifta til LED, samt at det for nye anlegg vert vald LED-teknologi.
Eige eller leige?
I dag vert store delar av vegvedlikehaldet utført med eige mannskap og utstyr. Det er i mange
tilfeller god økonomi i å gjennomføre mest mogleg av arbeidet sjølve, framfor å leige
tenestene. Ein del tenester, som t.d. kantslått, vert i dag kjøpt. Her vil det vere økonomisk
gunstig å kjøpe utstyr og gjere arbeidet sjølve. På den andre sida brukar ein i dag mykje tid og
pengar på lapping av asfaltholer, altså ei lapping som har kort levetid og eit svært tungt
manuelt arbeid. Ved å kjøpe tenester på flatelapping med varmmasse, kan ein auke levetida på
lappane vesentleg, samstundes som ein frigjer tid til meir konstruktivt arbeid.
Brøyting i Nordfjordeid sentrum vert i all hovudsak i dag utført med eige mannskap og utstyr.
Dette er økonomisk gunstig for å sikre god utnytting av mannskapsstyrken (som t.d. driv
grøntvedlikehald på sommaren) og maskinparken. Fornying av maskinparken er eit problem,
for trass svært godt maskinvedlikehald, er det lang tid mellom kvar gong maskinene vert
skifta ut. Dette er risikabelt, sidan ein er svært avhengige av at maskinene ikkje får driftsstans
i periodar med mykje brøyting. Det er økonomisk meir gunstig å finansiere maskinfornying
over investeringsplanen framfor å gjere det gjennom leasing på driftsbudsjettet. Det vert difor
tilrådd at maskinfornying vert gjennomført oftare og finansiert over investeringsplanen og
ikkje driftsbudsjettet.
23
2.5 UTFORDRINGAR
2.5.1 UTFORDRINGAR FOR TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET
Den store utfordringa for trafikktryggingsarbeidet er å få alle på same lag. Kommunen ser ein
tendens til at folk tenkjer mest på fysiske tiltak når det gjeld trafikktrygging. Sjølvsagt skal
ein gjere fysiske tiltak der det trengst, men mange av desse tiltaka er i praksis ikkje
gjennomførbare pga. låge økonomiske rammer. Difor er dei ei utfordring for kommunen å få
både born og vaksne til å ta det haldningsskapande arbeidet på alvor. Gjennom
haldningsskapande arbeid kan ein oppnå gode resultat både for tryggleiken og for folkehelsa.
2.5.2 UTFORDRINGAR FOR DET KOMMUNALE VEGNETTET
Ei utfordring for vegnettet er sjølvsagt økonomien. Eid kommune har om lag 18 meter
kommunal veg pr. innbyggjar, om lag det same som snittet i fylket. Snittet i kommunegruppe
8 er knapt 10 meter. Ser ein på kostnadane pr. meter veg, jf. Figur 2.8 Bto.dr.utgifter pr. km.
kommunal veg, er det eit tydeleg trekk at kommunane i Sogn og Fjordane, inkl. Eid, har
mykje kommunale vegar. Budsjettløyvingane til vegar har vore lågare enn det vegplanen legg
opp til. Vegstandarden vert dårlegare og vedlikehaldsetterslepet aukar for kvart år. Ei anna
utfordring i høve til økonomien er det å kunne følje opp prioriteringane som er sett i
kommunedelplanen.
Figur 2.8 Bto.dr.utgifter pr. km. kommunal veg
24
DEL 3 MÅL OG STRATEGIAR
3.1 VISJON OG MÅL
3.1.1 VISJON OG MÅL FOR VEGNETTET I EID
Med bakgrunn i signal frå sentrale styresmakter vart føljande visjon sett opp i den førre
planen for arbeidet med forvaltning av kommunale vegar og trafikktrygging generelt i Eid
kommune:
INGEN drepne eller hardt skadde i trafikken i Eid kommune
Eit godt teneleg vegnett for alle brukargrupper
Denne visjonen stemmer godt overeins med innhaldet i den nye planen. Altså vert denne
visjonen vidareført til denne planen i høve arbeidet med forvaltning av dei kommunale
vegane og trafikktrygging generelt i kommunen.
3.1.2 TRYGGLEIK PÅ VEGEN
Hovudmål:
Trafikantane skal kunne ferdast trygt og sikkert på vegnettet innanfor
kommunen. Svake trafikantgrupper og vegbrukarar skal kjenne seg trygge ved
bruk av vegnettet og gaterommet. Ingen born skal vere utrygge på veg til
skulen/barnehagen. Alle vegar må sjåast i samanheng og vegnettet må
utformast slik at risikoen for ulukker vert redusert.
Tema
Delmål
Opplæring/åtferd
1. Born og unge skal få grunnleggande trafikkopplæring i skule
og barnehage.
2. Vaksne skal gjerast merksame på rolla som førebilete for born
og unge.
3. Foreldra skal i større grad takast med i
trafikktryggingsarbeidet og gjerast merksame på ansvaret i høve
born og trafikk.
4. Haldninga til nye bilførarar skal bli betre. Foreldra er viktige i
dette arbeidet.
5. FAU ved barneskulane og ungdomsskulen må lage
handlingsplanar for korleis det haldningsskapande
25
trafikktryggingsarbeidet skal utførast.
Trygge vegar – regulering 1. Køyrefarten i gaterom med ulike brukargrupper skal setjast
slik at farlege situasjonar ikkje oppstår.
2. Vegar med høgaste lovlege fart på 30 km/t bør normalt ha
fartsdempande tiltak.
Trygge vegar - kontroll
1. Fartsnivået i trafikken skal reduserast, ein skal prioritere
særleg farlege strekningar.
2. Omfanget av køyring i rusa tilstand skal reduserast.
3. Kontroll og overvaking skal fremje ein betre trafikkultur.
4. Trafikkfarlege stadar i kommunen skal utbetrast.
5. Utarbeiding av parkeringsforskrift. Bøtlegging av
feilparkering, kommunen får mynde til å handheve
trafikkreglane.
3.1.3 KRAV TIL STANDARD PÅ DEI KOMMUNALE VEGANE
Hovudmål:
Tema
Dei kommunale vegane skal halde ein standard minst som formulert i
Vegvesenet si Handbok 111 Standard for drift og vedlikehold og Vegnorm for
Eid kommune.
Delmål
Standard
Sjå Krav til vedlikehald – Eid kommune, vedlegg 4
Krav til byggjegrense Byggjegrense – veglova set krav til 15 m frå midtlina, men
til off. veg
reguleringsplan kan fastsette annan avstand. Ein må søkje dispensasjon
frå dette om ein er under minstekravet. Erfaring syner at det har vore
for lempeleg praksis i høve til å få dispensasjon frå byggjegrensa, og
denne praksisen må no skjerpast inn.
Krav til vegbreidde
1. Tilkomstvegar:
- Vegar med liten trafikk skal ha 3 meter køyrebane. I tillegg til dette
bør vegen ha 0,5 m skuler på kvar side, total 4 meter vegbreidde.
- Vegar med meir trafikk, eller der andre grunnar tilseier det, kan
byggjast ut som tofeltsveg, dvs. totalt 6 meter vegbreidde.
2. Samlevegar i spreidt bygde område:
- Årsdøgntrafikk (ÅDT) mindre enn 300: 1 felt, vegbreidde 3 m, i
tillegg skulder på 0,5 m på kvar side.
- ÅDT større enn 300: 2 felt, vegbreidd 6,5 m (inkl. skuldrar på 0,5 m).
Fortau og veglys
Veglys og fortau skal etablerast i samsvar med Statens Vegvesen sine
normer. Andre anlegg, som ikkje er i samsvar med krava i normene,
vert ikkje overtekne av kommunen.
26
3.2 STRATEGIAR OG AKTUELLE TILTAK FOR
TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET
3.2.1 STRATEGIAR FOR TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET



Auka satsing på trafikkopplæring i barnehage og skule
Skape tryggare forhold der borna ferdast
Auka samarbeid med Politiet og Statens Vegvesen
3.2.2 AKTUELLE TILTAK FOR TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET
Haldning og åtferd til det einskilde mennesket er resultat av påverknad over lang tid, heilt frå
småbarnsalderen og oppover. For å få til endringar av desse, er det viktig med innsats frå
barnehagestadiet og oppover i heile grunnskulen. Ungdommar i alderen 15 – 24 år er den
mest utsette aldersgruppa for trafikkuhell. Endring av haldningar og åtferd i trafikken for
desse, er difor ein viktig føresetnad for å få ned ulukkestala. For å oppnå denne
haldningsendringa må arbeidet byrje tidligast mogleg i livet, der må også vere ein vilje
tilstades hjå foreldre og andre vaksne for å kunne oppnå gode trafikkhaldningar. For å få til
dette må ein få til eit betre samarbeid og betre informasjon mellom administrasjon, skular,
barnehagar, born og foreldre.
Alle barnehagar og skular i Eid skal ha sin eigen trafikkopplæringsplan jfr. Rammeplan for
trafikkopplæring i Eid, sjå vedlegg 3.
3.3 STRATEGIAR OG AKTUELLE TILTAK PÅ VEGNETTET
3.3.1 STRATEGIAR FOR VEGNETTET



Konsentrert innsats og bruk av avgrensa midlar
o Konsentrere innsatsen til dei viktigaste vegane og tiltaka
o Restriktiv praksis i høve status som kommunal veg
o Søkje samarbeid om aktuelle tiltak
o Sikre at investerings- og driftstiltak får ei lengst mogleg levetid
Sikring av skule- og barnehageområdet
Trygge og funksjonelle vegar
27
3.3.2 AKTUELLE TILTAK FOR VEGNETTET
3.3.2.1 Konsentrert innsats og bruk av avgrensa midlar
Det er avgrensa ressursar til bruk på kommunale vegar, og det er venta at den situasjonen vil
vedvare i åra som kjem. Det set krav til at dei kommunale midlane må nyttast mest mogleg
effektivt og målretta. Det inneber:
 Konsentrere innsatsen til dei viktigaste vegane og tiltaka
o Ansvar for veglys langs riks- og fylkesvegane vert overført til Statens
vegvesen
o Ansvar for veglys langs private vegar vert overført oppsitjarane
o Nedklassifisering av vegar med låg bruksverdi
 Vegar som ikkje fører fram til fast busetnad
 Korte vegar som fører fram eitt eller få hus – etter vurdering i kvart
enkelt tilfelle
o Oppklassifisering av vegar med høg bruksverdi eller bruksverdi på sida av det
kommunale ansvaret
 Oppgradere til fylkesveg
 Overføring til Statens vegvesen
 Restriktiv praksis i høve status som kommunal veg
o Hovudprinsipp: berre hovudtilkomstvegar skal vere kommunale, sidevegar
skal vere private fellesvegar
o Ved reguleringsarbeid skal det førast eit stram praksis i høve til å gje vegar
status som kommunal veg
o Kommunale sidevegar skal omregulerast til private vegar når reguleringsplanar
vert rullerte
 Søkje samarbeid om aktuelle tiltak
o Asfaltspleiselag
o Utbyggingssamarbeid/-avtale
o Trafikktryggingsmidlar o.a. tilskot
 Sikre at investerings- og driftstiltak får ei lengst mogleg levetid
o Grøfting og stikkrennerensk skal prioriterast høgt
o Bruk av duk og frostsikre bærelagsmassar for å sikre mot teleskadar
3.3.2.2 Sikring av skule- og barnehageområde
Dei vegane som må prioriterast høgast, er vegane rundt barnehagane og skulane. Her er det
ofte ei blanding av gåande og køyrande, og trafikken er periodevis svært tett ved start og slutt
på dagen. Borna har rett på ein trygg skuleveg, og vegen må vere så trygg at flest mogleg kan
gå til og frå heimen.
3.3.2.3 Trygge og funksjonelle vegar
Eid kommune set krav til standarden på kommunale vegar, sjå vedlegg 4. Drifting av dei skal
skje etter låg standard. Hovudtilkomstvegane skal prioriterast, slik at dei normalt vil halde ein
høgare standard framfor sidevegane. Vidare skal vegar til sentrale samfunnsfunksjonar ha
høgast prioritet, t.d. Sjukehusvegen, Skulevegen, Sjøgata og kommunale institusjonar.
Bygging av nye vegar skal gjerast i samsvar ned vegnormalane til Statens vegvesen og
Vegnorm for Eid kommune. Eksisterande vegar som ikkje oppfyller krava i vegnormalane,
skal utbetrast ut frå kor viktig det er å gjennomføre tiltak og kostnadane tiltaket medfører.
28
3.4 PRIORITERTE TILTAK PÅ KOMMUNALE VEGAR
3.4.1 Hovudprioritering av tiltak (gjeld både drifts- og investeringstiltak)
I arbeid med vegdrift og trafikktrygging i Eid kommune skal det gjelde fylgjande prioritering,
jf. avsnitt 3.3.2, i alle tiltak skal ein legge vekt på krava til universell utforming:
1. Trafikktryggingstiltak
2. Fartsregulerande tiltak, t.d.
 Skilting
 Fartsdemparar
 Oppmerking/kantliner
3. Rekkverk
4. Siktsoner/siktrydding
5. Grøfting/stikkrenner
6. Vegdekke
 Oppattgrusing
 Reasfaltering
 Nyasfaltering
7. Veglys
Det er viktig å halde eit jamt nivå på tiltaka på vegdekket, slik at ein ikkje opparbeidar
etterslep. Standarden på vegdekket er ikkje avgjerande for tryggleiken på ein veg, her er det
andre faktorar som har til dels vesentleg større effekt. Dette, saman med nullvisjonen, er
hovudårsak til at trafikktryggingstiltak bør få høgare prioritet enn vegdekke.
Ved prioritering mellom tiltak skal vi prioritere tiltak i skule- og barnehageområde fremst.
Her er det størst tettleik av born og unge, og her er gjerne mange som hentar og bringar med
bil på same tid.
Dernest skal område som er skuleveg, bustadområde og tettstadsområde prioriterast. Også her
er det ofte ei blanding av mjuke trafikantar og bilar, noko som aukar behovet for
tryggingstiltak.
For veglysa sitt vedkommande har vi aukande driftskostnadar for det eksisterande nettet.
Dette har samanheng med aukande straumpris, aukande pris på kjøpte tenester og aukande
alder på dei anlegga kommunen har. Ved riktig planlegging og oppsetjing er veglys eit godt
tiltak både i høve til trafikktrygging og trivsel, men både utbyggingskostnadane og dei faste
driftskostnadane er relativt høge. Det er difor tilrådd at ein avventar ytterlegare utbygging av
veglysnettet. Inntil dei økonomiske rammene tilseier noko anna må ein prioritere å
vedlikehalde dei anlegga ein allereie har.
3.4.2 Sonevise tiltak
Ved planlegging og gjennomføring av tiltak skal det leggast vekt på heilskapelege løysingar,
der ein ser eit større område sett under eitt. Til dømes kan skilting av ein enkeltveg ha
29
uheldige konsekvensar for sidevegar/tilgrensande vegar, og det må derfor vektleggast å
gjennomføre tiltak sonevis. Effekten av tiltak vert også den beste ved ei planmessig,
systematisk og heilskapleg gjennomføring.
3.4.3 Finansiering av faste tiltak
I dag vert asfaltering finansiert gjennom løyvingar på investeringsplanen. Vedlikehald av
eksisterande asfaltdekke bør vere ei driftssak, ikkje ei investeringssak. Dette er likevel ikkje
råd på grunn av dei avgrensa driftsmidlane. Primært bør det avsetjast auka ramme på drifta til
reasfaltering, sekundært bør det avsetjast ei fast årleg løyving på investeringsplanen. Dersom
ein ikkje syter for årlege løyvingar til dette føremålet, lagar ein seg raskt etterslep, som kan
vere økonomisk tunge å ta att.
Det vert også føreslege å setje av årlege løyvingar til temavise tiltak. I fyrste omgong ligg
behovet på skilt/fartsdempande tiltak/oppmerking i 2-3 år. Dernest er det trong for løyvingar
til rekkverk i 3-4 år, avhengig av løyvingsstorleiken.
3.4.4 Omklassifisering av vegar
I tråd med det som er omtala i avsnitt 3.3.2 må ein styre dei avgrensa midlane til prioriterte
vegar. Det inneber at nokre vegar må prioriterast vekk. Nedklassifisering av vegar har
tidlegare vore politisk handsama, men arbeidet har stoppa opp sidan prosessane kring dette er
relativt omfattande. Derfor må ein fyrst konsentrere seg om nedklassifisering av dei vegane
som ikkje fører fram til fast busetnad, og totalt sett kan det innebere ca. 8 km veg. AStatens
vegvesen har no overteke ansvaret for dei gamle riksvegparsellane i Skredestranda 4,0 km, og
her har Statens vegvesen. Vidare bør ein del korte vegar som fører fram til svært få husstandar
vurderast, men her er grensegangen vanskelegare og talet på kilometer langt færre.
Ein veg er vurdert som aktuell for oppklassifisering til fylkesveg. Det gjeld Sjukehusvegen,
som er ein viktig veg som leier fram til fleire regionalt viktige institusjonar.
3.4.5 Investeringstiltak
Vedlegg 1 gjev eit samla oversyn over kva behov som er for tiltak på dei kommunale vegane.
Felles for desse tiltaka er at dei stort sett har ein kostnad som går utover det som kan
finansierast innanfor dagens driftsbudsjett. Det inneber at tiltaka anten må finansierast som
investeringstiltak eller at dei må ha ekstern finansiering, t.d. trafikktryggingstilskot eller
spleiselag.
30
DEL 4 HANDLINGSPLAN
4.1 HANDLINGSPLAN FOR TRAFIKKTRYGGING 2017 - 2020
Eid kommune ynskjer å prioritere grunnleggande trafikkopplæring/trafikantinformasjon i
barnehage og skule slik:
Tiltak
Arbeidet i barnehagar og skular m/samarbeidspartar (politi,
Statens vegvesen og Trygg Trafikk)
Kurs for barnehage personale – Trygg Trafikk/Statens vegv.
Minst ein lærar ved kvar skule evt. kvart steg (1.-4. kl., 5.-7.
kl., 8.-10. kl.) skal ha spesialkunnskap innan trafikk.
Ynskjeleg med tilsvarande trafikkunnskap som i punktet
over også i vidaregåande skule.
Trafikktryggingskampanje i skulane årleg – samarbeid
mellom Trygg Trafikk, Politiet, Vegvesen og grunnskule/vidaregåande.
Orienteringsmøte for elevar/foreldre om føraropplæring
Øvingskøyring – orienteringsmøte for 16. åringar samarbeid
med Statens Vegvesen.
Ansvarleg
Skule/Barnehage
m.fl.
Barnehagane
Skulen
Tid
Årleg
Vidaregåande
Alltid
Årleg
Alltid
Skulane, aktuelle Årleg
samarb. partar
Skule/Vegvesen
10. klasse
I tillegg kjem vedlegg 3 inn under handlingsplanen.
4.2 HANDLINGSPLAN FOR DRIFT OG VEDLIKEHALD AV
VEGNETTET 2017 - 2020
Handlingsplanen for drift og vedlikehald av vegnettet er Vedlegg 5
Krav til vedlikehald – Eid kommune. Tiltaka her viktige for å halde vegnettet på ein
akseptabel standard og finansieringa skal ligge inne i budsjettet. Prioritering av tiltaka vert
gjort etter den generelle prioriteringa i avsnitt 3.4.
4.3 INVESTERINGSPLAN 2017 – 2020
4.3.1 VEG
Kommunen sitt framlegg til investeringsplan går over 4 år, men skal rullerast årleg ut i frå
budsjettsituasjon. Gjennom årleg rullering kan tiltak som ikkje er gjennomførte justerast både i
kostnad og utføringstidpunkt. Tiltak som vert teke med i investeringsbudsjett er dei som overstig kr.
100000 ekskl. meirverdiavgift.
Framlegg til prioriterte tiltak som skal med i investeringsplan for komande 4 års-periode er vist i
vedlegg 6 til kommunedelplanen.
31
4.3.2 TRAFIKKTRYGGING
4.3.2.1 TRAFIKKTRYGGINGSMIDLAR – TIK MIDLAR
Gjennom tilskotsordning frå Sogn og Fjordane fylkeskommune kan kommunane søkje om tilskot til
trafikktryggingstiltak. Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvaret for å tilrå og samordne tiltak for
å fremje trafikktrygging i fylket. Fylkeskommunen har eit rettleiingsansvar ovanfor kommunane innan
mellom anna arealplanlegging.
Gjennom fylkeskommunen kan ein få tilskot til trafikktryggingstiltak. Midlane skal nyttast til tiltak
langs kommunale eller fylkeskommunale vegar. Midlane skal i hovudsak nyttast til
trafikktryggingstiltak i samband med skuleveg og i nærmiljøet der barn ferdast. I særskilde tilfelle kan
midlane brukast til tiltak langs riksveg, dersom kommunane sjølv ønskjer det. For slike tiltak vert
kommunen ansvarleg for drift og vedlikehald. Desse midlane kallast «Trafikktryggingstiltak i
kommunane» eller TIK-midlar. Midlane vert fordelt av det fylkeskommunale trafikktryggingsutvalet.
I løpet av året kan derfor publikum, institusjonar, skular, barnehagar, bygdelag, grendelag, etc. kome
med innspel til kommunale/fylkeskommunale tiltak som kan auke tryggleiken i trafikken for born og
unge. Midlane søkjer om støtte til skal spesielt brukast på strekningar mellom heim og skule, og
mellom heim og områder for fritidsaktivitetar.
4.3.2.2 TRAFIKKTRYGGINGSMIDLAR FTU-MIDLAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune har også ei tilskotsordning som kommunar, skular, lag,
organisasjonar, foreningar, institusjonar og aksjonsgrupper kan søkje om midlar frå. Døme på
tiltak som kan få støtte er:
 Trafikktrygging i helse, miljø og tryggingsarbeidet i bedrifter
 Haldningsskapande arbeid
 Opplæring
 Informasjon og mindre fysiske prosjekt særskilt retta mot mjuke trafikkantar.
Meir info finn ein på nettsidene til Sogn og Fjordane fylkeskommune – www.sjf.no.
Søknad
•Søknaden skal innehalde namn på søkjar og kontaktperson, omtale av tiltaket og tidsplan for
gjennomføring, spesifisert kostnadsoverslag og søknadssum.
•Tiltak som får tilskot må vere gjennomført innan 30. november året etter
Søknad skal sendast til:
FTU Sogn og Fjordane
Statens vegvesen, Region vest
Askedalen 4, 6863 Leikanger
4.3.2.3 INNSPEL TIL NYE KOMMUNALE TILTAK – TIK-MIDLAR
Eid kommune skal årleg hente inn innspel til nye trafikktryggingstiltak som det kan søkjast
trafikktryggingsmidlar til. I høve til fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar kan få tilskot
gjennom årlege TIK-midlar.
32
Kommunen sin søknadsfrist overfor Sogn og Fjordane fylkeskommune er normalt rundt
1.desember kvart år, men forslag om tiltak må vere kommunen i hende i god tid for slik at ein
kan prioritere nye tiltak og kostnadsrekne dei fram til kommunen sin søknadsfrist.
Frist for å kome med nye innspel i høve til trafikktryggingstiltak det kan søkjast TIK-midlar
til er sett til 1.mai.
Forslag til trafikktryggingstiltak sendast skriftleg til:
Eid kommune
Rådhusvegen 11
6770 NORDFJORDEID
eller til
[email protected].
33
DEL 5 VEDLEGG
Vedlegg 1:
Innspel til kommunale trafikktryggingstiltak 2017
Vedlegg 2:
Innspel til trafikktryggingstiltak for fylkes-, riks- og europavegar i Eid
2016/2017
Vedlegg 3:
Rammeplan for trafikkopplæring og trafikktryggingstiltak for barnehagane og
skulane i Eid
Vedlegg 4:
Krav til vedlikehald – Eid Kommune
Vedlegg 5:
KDP veg og trafikktrygging 2017–2020 – prioriterte tiltak med summar
Vedlegg 6:
Samandrag innspel for kommunale vegar 2017
34