Norsk språkreise gjennom 2000 år

Sylfest Lomheim
«Norsk språkreise gjennom 2000 år»
Søndag 26. mars kl. 19:00
Bondeungdomslaget - Siddis-stova,
Rektor Oldensgt. 17, Stavanger
Etter kåseriet byd me på lett servering
og «Jæren frilynde» spelar opp til dans.
Inngangspengar kr. 200,-
Sylfest Lomheim er det vel mange som kjenner frå radioprogrammet
«Språkteigen», der han kunne kome med gode forklaringar på dei mange ord
lyttarane sende inn til dette programmet.
Han har og vore direktør for Språkrådet i ei årrekke.
For alle dykk som har interesse for språk bør de ikkje misse denne kvelden.
Kryss difor av allereie no i kalenderen din.