Gjevarteneste - Meland kyrkjelyd

Kyrkje på Frekhaug
Informasjon
for Meland
kyrkjelyd
I årevis har det vore snakka om arbeidskyrkje på Frekhaug, men lite
konkret har hendt. Det kan sjå ut som ein har gått og venta på politisk
initiativ. Men med dei økonomiske utfordringane kommunen har hatt og
vil ha i mange år framover, kan ein forstå at ein der har halde att med å
køyra dette fram. Meland har jo si kyrkje som stettar dei krav lova set,
og den fungerer både som gudsteneste- og seremonikyrkje. Ho ligg lite
sentralt til, men folk finn fram når dei har bruk for henne. – Slik tenkjer
gjerne politikarane
Nettadresse:
www.melandkyrkja.no
Adresse:
Det er heller ikkje eit nytt gudstenestelokale ein først og fremst har
bruk for i Meland, men rom for dei mange andre tiltak kyrkje er kalla til
arbeida med. Gjennom truopplæringsreforma har det her kome til nye
utfordringar. Kyrkjelyden sin visjon er: Nær Gud, nær menneske. Det
siste er det ikkje utan vidare lett å realisere slik kyrkja er plassert.
Meland kyrkjekontor, rådhuset
Boks 117, 5918 Frekhaug
Tef. 56171480- Fax 56171481
Epost:
[email protected]
Kontortid: Måndag-fredag
kl. 09.00-kl.14.00
(kontoret kan væra stengd
i kontortida. Kontakt då
eksp. i rådhusetef.56171000)
Kontakttelefon ved krise:
mobil: 95 48 38 74
Kyrkjetenar (vikar)
Junji Furukawa 46797567
mail:[email protected]
Roy Rognsøy telf 56171480
Organist: Arvid Sakseide
Tlf. 56 17 14 83-priv. 56 17 85 24
[email protected]
Kyrkjeverje: Torgeir Paulsen
Tlf.56 17 14 8
[email protected]
Kyrkjelydskoordinator:
Anne Sofie Nergård Uthaug
tlf. 56 17 14 85 priv. 56 17 80 30
[email protected]
Soknerådsleiar: Idar Simonsen
tlf. 56 17 72 58
[email protected]
Ungdomsarbeidar:
Ruben Sæle tlf. 56 17 14 80
Sokneprest:
Torbjørn Aamli tlf 56171484
email:[email protected]
Undervisningsprest:
Steinar Sneås Skauge tlf 56171482
email: [email protected]
KONTAKT:
Kyrkjeblad for Meland
Utgjevar: Meland sokneråd
Layout: Harald Wiig Andersen
Trykking: Trykk-service as
Redaksjonsadresse:
Meland kyrkjekontor
Gåver til Kontakt og
gjevartenesta konto
nummer: 3632 07 04019
Meland kyrkje: 56 17 73 00
Framsidefoto
Nils Arne Lavik
Kyrkja har sitt oppdrag frå Jesus. Det handlar om å gå ut og møta menneske og gjera dei til læresveinar gjennom dåp og opplæring. Meland
kyrkjelyd er i stor grad funksjonshemma av mangel på tenlege lokale
som kan gi rom for trusopplæring, opplegg for konfirmantane og diakonale tiltak retta mot ulike målgrupper. Soknerådet tok for nokre år
sidan opp tanken om eit tilbygg til kyrkja medan ein venta på ny kyrkje,
og kommunen hadde sett av 2 millionar på budsjettet for 2008. No har
riksantikvaren vendt tommelen ned for dette prosjektet, og pengane som
var løyvde, er borte i det kommunale sluket.
Som kyrkjelyd må me minna kvarandre om at det ikkje var til kommunale
styresmakter Jesus grav sitt oppdrag, men til læresveinane. Vårt ansvar
er difor å spørja kva som trengst for å kunna realisere vårt kall og oppdrag frå kyrkja sin Herre. Kommunen har etter lova og definerte plikter
overfor kyrkja. Ei av dei er å dekka utgifter til kyrkjelege kontor. Dette
er ordna i rådhuset, sjølv om ein kan spørja om det er den beste løysinga.
Vidare skal kommunen bera utgifter til lokale for konfirmant- og trusopplæringstiltak. Ved løyvinga i 2008 har kommunen og vist at ein veit om
sitt ansvar for dette. Men når det er bruk for lokale til å realisere kyrkja
sitt oppdrag i Meland, kan me ikkje sitja i ro og venta på kommunen, som
har mange oppgåver å realisere før dei kan forsvare å prioritere bygging
av ny kyrkje. Det må me godta.
Kva skal me så gjera – seia til Gud at han må venta til kommunen får betre råd? Det synest vanskeleg å sjå annan utveg enn å bretta opp armane
og opna lommebok og bankkonti for å ta det løftet som trengst for å få
bygt eit kyrkjeleg lokale på Frekhaug. Tryggve Giertsen har vist veg ved
å setja av 100.000 kroner til eit kyrkjefond. Ikkje alle greier så mykje,
men mange kan gi meir.
Det er funne ein høveleg tomt. Kommunen sitt bidrag må vera å syta for
at denne omgåande vert regulert til kyrkjebygg. Og det er vel ikkje for
mykje å venta at dei leitar fram dei 2 millionane som stod på
budsjettet for tre år sidan - og kanskje litt til. Eit første byggjesteg må
vera kyrkjelydslokale, og det bør koma fort. Soknerådet kan stå som
byggherre. Så får kyrkja koma i neste omgang.
IH
-2-
Kyrkja er på veg.
For nokre år sidan fekk Meland kyrkjelyd midlar til å starte eit trusopplæringsprosjekt.
Det vart kalla Kyrkja på vegen, og har etter kvart manifestert seg i Buss og Media og
bussleirane vi har med dei mellom 11 og 13 år. No i juni skal vi ha to bussleirar og eit
buss-stop, der vi skal ut på tur for å ha det kjekt saman og få nye opplevingar knytt til
bibeltekstar vi kanskje har høyrd mange gongar før.
Kyrkjelyden har og akkurat fått nettside - www.melandkyrkja.no? Nettsida vil vi
bruke til å kommunisere med folk, slik at vi betre kan nå ut med det som skjer i
kyrkjelyden og slik at informasjonen skal vere tilgjengeleg alltid og alle stader.
Nettsida og leirane er eigentleg eit uttrykk for akkurat det same. Vi vil gjere det slik at stadig nye får høyre
Evangeliet. Difor gjer vi så godt vi kan for å gjere det aktuelt og tilgjengeleg i stadig nye former. Anten det er via
internett eller overnattingsturar med spanande opplevingar knytt til.
Kyrkja er heile tida på veg. Vi er heile tida på veg mot ein endå betre måte å formidle bodskapen vår på. Dette
er den store utfordringa vår i dagens samfunn. Etter som mediekvardagen vert stadig meir omskiftande og folk
stadig vil ha nye historier og konsept, har vi ei kjempeutfordring, for vi har inga ny historie.
Vi skal heller ikkje prøve å finne ei ny historie eller ein ny bodskap, for vi har det frigjerande Evangeliet å formidle. Det vi må gjere er å finne nye måtar å formidle dette på. Bussopplegget vårt er ein måte og nettsida er ein
måte, men ingen av delane er den endelege måten. Vi må heile tida finne nye måtar, og derfor er kyrkja heile tida
på vegen. På veg mot ein ny måte å formidle bodskapen om Jesus.
Steinar S. Skauge
Gjevarteneste
Meland kyrkjelyd har gjennom
fleire år bygt opp ei solid gjevarteneste. For få år tilbake vart ein
halv kateketstilling finansiert på
denne måten, og i dag blir delar av
løna til koordinatoren og av løna
til ungdomsarbeidaren dekka inn
av innsamla midlar.
Ved trappa opp til galleriet i
kyrkja står det eit ”pengebarometer”. Det syner status og mål for
gjevartenesta. Dei seinare åra har
søyla som syner inntektene, vore
relativt konstant. Rekneskapen
for 2009 fortel at det då kom
inn ca 146.000, og det var ein
nedgang på 40.000 kroner frå
året før. Det har altså gått feil
veg trass i at budsjettmålet var
185.000.
Soknerådet legg no opp til fornya
innsats på fleire felt. Dette vil
også medføra auka utgifter, noko
som kallar på ny giv for å auka
inntektene. Det er vanskeleg å sjå
for seg andre måtar å løysa dette
på enn ved å motivere til auka
gjevarteneste. Soknerådet vedtok
i april å gå inn for å engasjere
eittåring til ungdomsarbeidet.
Utgiftene til dette blir i overkant
av hundre tusen kroner fordelt på
to budsjettår.
Vidare ynskjer soknerådet å satsa
på å leiga eit lokale i Frekhaug
senter for å leggja til rette tiltak
retta mot ulike aldersgrupper
frå null til nitti. Idear som vert
vurderte er ”strikkekafe” for eldre,
treffpunkt for ungdom, møtepunkt
for asylsøkjarar.
-3-
Det er og trong for å finna rom til
ulike trusopplæringstiltak, konfirmantarbeid, bibeltimar, liturgisk
kveldsbøn med meir medan ein
ventar på ny arbeidskyrkje. Det
siste vil bli ei enno større økonomisk utfordring,
For å skaffa midlar, må gjevartenesta fornyast. Soknerådet har
bedt Ruben Sæle og Ingvard
Hageberg om å gjera ein idedugnad
kring dette, og leggja til rette nye
tiltak for å auka gjevartenesta. Frå
hausten av vil det bli lagt opp til
ein offensiv for auka gjevarteneste.
Men det går an å liggja i forkant og
melda seg til kyrkjekontoret for å
gjera avtale om å bli fast gjevar.
IH
Education Chrétienne
Dei tre siste månadane har Madame
Tomren regjert søndagsskulekontoret aleine. Bernatte Mboudga,
min kjære kollega, fikk gut
nummer tre i februar. Kamerunsk
fødselspermisjon er tre månader,
det er ikkje mykje for mor og born,
men eg må innrøme at eg var glad
då ho kom att no på måndag. Når vi
er to, kan eg helse på dei som kjem,
og så kaste meg inn i arbeidet med
datamaskina att.
Det kjem stadig folk innom; dei
skal levere bibelkurs til retting, dei
skal kjøpe materiell til søndagsskulen sin, eller ein bibel-leseplan.
Eller stoff til Femmes pour
Christ-kjole.
Forrige veke kom ein ung mann for
å kjøpe litt materiell til søndagsskulen der han er med som leiar.
Eg hadde nemnt for nokre ungdomar at neste års manual var
under arbeid, og at eg gjerne ville
vite kva dei meinte mangla i dei
gamle.
Dette hadde han høyrt, og han
hadde tenkt. Han meinte det burde
vere lagt meir vekt på korleis ein
skal oppføre seg rett når ein er kristen. Han var engasjert, og hadde
mange tankar om å undervise for
borna. Vi som hugser Margrethe
Munthe sine songar er kanskje
ikkje så glade for den moralske
peikefingeren, men vi var einige
om at kristen moral er eit viktig
tema.
Førre veke kom han for å kjøpe
40 medlemskort til borna i
kyrkjelyden sin, og no ville han
ha 40 til. Han hadde fått inn 1000
FCFA (om lag 12 kroner) frå borna
sist søndag,
og ga meg ein haug med myntar
for å betale dei 40 korta. Dei var
nok over 100, meinte han, så han
kom nok att seinare for å kjøpe
enno fleire.
Han har arbeidd utan løn så lenge
kollegaene mine kunne hugse, og
no kom han innom ”søndagsskulekontoret” på veg heim frå markene.
Desse to jobbane var det som ga
livet hans meining; å få arbeide
med jorda, og å få vere med på å så
Guds ord i hjarta til borna.
(Han syntest eigentleg ikkje han
var fint nok kledd ti å verte
fotografert, men det fikk gå for
denne gongen…)
Jobben mange av kyrkjefolka i
Kamerun gjer, er eineståande. Med
få ressursar til gjengeleg, men med
stort pågongsmot, held dei hjula i
gang. Og kyrkja veks stadig.
Trude Tomren
Bernatte Mboudga
søndagsskuleleiaren og ein kamerat
-4-
Frå Holme til Kambodsja
Margrethe Hugaas frå Holmefeltet
i Meland, har det siste året gått på
Gå Ut-senteret i Hurdal. Som ein
del av året var ho 4 månader på
team i Kambodsja, og Margrethe
fortel her sjølv om dette:
Jeg visste lite om Kambodsja da
linjeleder ved Gå ut senteret Sunniva, ringte meg og spurte om jeg
ville reise dit. Men det viste seg
å være et utrolig spennende land,
og jeg fikk mange helt fantastiske
opplevelser!
Vi var fire jenter som reiste sammen, meg, Ingrid Rosenvold, Linda
Braut og Helene Berg Pedersen. I
hovedstaden Phnom Penh bodde vi
sammen i en leilighet, og det var
også i denne byen at jobbstedene
våre var. Phnom Penh er mer moderne og "vestlig" enn noen annen
by i landet, men for oss ble dette en
fargesprakende, støvete opplevelse,
full av lyd: man finner utrolige
markeder, med alt fra grisehoder
til lotusblomster, og en trafikk som
minner om slalåmkjøring, der uttrykket “tut og kjør” blir fulgt helt
bokstavelig, og man stabler så mye
man kan, gjerne i høyden og i bredden. Det er ikke uvanlig å se seks
personer på samme moped.
Kambodsja er utrolig eksotisk,
med store templer, førti graders
varme, palmer, hvite strender langs
kysten, jungel nord i landet, elefantriding og munker i oransje kapper
i gatene, for å nevne noe. Landet
er buddhistisk, og for de fleste går
det å være buddhist og khmer, altså
kambodsjaner, ut på det samme.
De buddhistiske tradisjonene er så
tett vevd inn i kulturen, at det blir
en del av livsstilen. Dette gjør det
vanskelig for kristne kambodsjanere. Noen vi snakket med, hadde
måttet kutte all kontakt med familien, og med tidligere venner, og for
oss som har vår kristne bakgrunn
fra Norge, ble det en oppmuntring
å se hvordan de kunne stole på
Gud, selv om livet ellers var fullt
av motgang.
Vi jobbet blant annet på en skole
for små barn ved en nedlagt
søppelplass.Foreldrene jobber hver
dag med å samle tomflasker og
annet de kan få betaling for,
-5-
og barna må styre seg selv hele
dagen.
Slik fungerer kildesortering i Kambodsja. På senteret, får barna mat,
en dusj, de får leke og de får undervisning. Selv om noen av oss hjalp
til som engelsklærere, tror jeg den
viktigste oppgaven vi hadde var å
se disse barna og gi dem oppmerksomhet og kjærlighet. På et ”Drop
in senter” i byen hadde vi engelskundervisning for studenter. For
å få seg en jobb senere i livet, er
det viktig å kunne engelsk, og det
fikk disse studentene undervisning
i her, og i tillegg fransk, IT, og
litt musikkundervisning. Flittigere
studenter har jeg aldri sett, og her
hadde nok norske skoleelever hatt
noe å lære!
Det siste jobbstedet vårt var et
senter for x-prostituerte. Det satte
sterke spor i meg. Våre oppgaver
her, var å passe barna deres, og
hjelpe til med noen engelsktimer.
Jentene på
senteret får lære seg nye ferdigheter, som sying, og de får
dermed en mulighet til å komme
seg videre i livet. HIV og aids er
et stort problem i landet, og utrolig
nok, er det mange barn som blir
solgt inn i prostitusjon, gjerne i en
alder av seks år. Men det var flott
å se at selv om disse jentene som
hadde traumatiske opplevelser bak
seg, så klarte de etter hvert å stå på
egne bein.
Kambodsja er et av verdens fattigste land, med mye korrupsjon og
stor forskjell på fattig og rik. Det å
komme dit og være "en hvite, rike"
var hardt innimellom, , for man
klarer ikke å unngå å få litt dårlig
samvittighet av å ha alle
muligheter selv, og så få venner
som ikke har noen muligheter i
livet. Sånn sett er det også rart nå,
og sitte på andre siden av jorden
og skrive mail med folk som lever
et totalt annet liv enn meg. Det er
mange å savne, og jeg kommer nok
til å reise tilbake en dag!
Et slikt uteopphold lærer deg mye
både på godt og vondt. Man får
mange erfaringer som man ikke
ville fått i en annen situasjon. Det å
måtte finne kreative måter for å bli
forstått, møte mennesker som
Et slikt uteopphold lærer deg mye
både på godt og vondt. Man får
mange erfaringer som man ikke
ville fått i en annen situasjon. Det å
måtte finne kreative måter for å bli
Nytt frå soknerådet
Soknerådet har hatt ei rekke
viktige saker på kartet i første
halvåret.
Kyrkjelydsmusikar
Dette er tittelen for den nye
organisten. Dette signaliserer at
soknerådet tenkjer noko breiare
enn tradisjonelt om oppgåvene. I
møte 19. mai tilsette soknerådet
Trond Fykse i stillingen. Han er 37
år og har vore organist i Masfjorden dei siste åra. Om alt går etter
planen vil han kunna ta til i Meland
1. september. Då vert det ingen
vakanse. Det var 11 søkjarar, fleire
av dei svært habile.
Utvalsstrukturen
Ei rekke underutval er sett ned for
å ta seg av ulike sektorar av arbeidet, og fleire utval vil koma etter
kvart. Me nemner
•
Trusopplæringsutval
•
Kyrkjeutvalet (utval for ny kyrkje)
•
Strategiutval
•
Gudstenesteutval
•
Misjonsutval
•
Diakoniutval
•
Økonomiutval
•
Administrasjonsutval
Det er vedteke retningsliner for
administrasjonsutvalet, strategiutvalet, misjonsutvalet og trusopplæringsutvalet,
og dei andre vil få sine retningsliner etter kvart.
Arbeidsutvalet under soknerådet
står i ei særstilling og er samansett
av leiar, nestleiar og sokneprest. I
tillegg møter kyrkjeverje og koordinator som sekretærar og sakshandsamarar. Arbeidsutvalet er med
og førebur sakene for soknerådet
og har fullmakt frå soknerådet til å
ta avgjerd i bestemte saker.
Gudstenesteforordning
Soknerådet har fått ei sak frå prosten om dette. Det handlar om kor
mange forordna gudstenester det
skal vera årleg og kor dei skal vera.
Det er meir enn 20 år sidan denne
saka var oppe sist, og sidan den
gongen har prestane fått auka talet
på frisøndagar frå 4 i året til fjerdekvar søndag. Dette får fylgje for
kor mange gudstenester som kan
haldast. Det skal også drøftast kor
ein ynskjer at gudstenestene skal
vera. Er det aktuelt å leggja fleire
gudstenester utanom kyrkja, t.d.
fleire ut i distriktet. Bør Rossland
inn som gudstenestestad?
Eit utval med soknepresten som
leiar skal gi ei innstilling til
soknerådet om dette. Soknerådet
skal så gjera vedtak før saka går til
soknemøtet der alle kan få seia si
meining om saka.
-6-
forstått, møte mennesker som tenker og lever helt annerledes, og det å
møte fattigdommen på så nært hold
gjør noe med deg. Jeg vil absolutt
anbefale et slikt år til andre. Å få
være del av en annen kultur, om
enn bare for et par måneder, er
veldig spennende! Og så er oppholdet på Gå Ut Senteret noe man ikke
må gå glipp av. Det knyttes sterke
vennskap både i landene man reiser
til, og på skolen.
Margrethe var med på Møtepunkt
18.april 2010, saman med Malin
Kleppe frå Åsane, og fortalde om
teamtenesta.
Truleg skjer dette tidleg på hausten.
Gudstenestelag
Soknerådet har gått inn for at det
vert skipa 5 gudstenestelag som
saman med prest og musikar skal
planleggja og stå for gjennomføring av gudstenestene. I dette
ligg at ordninga med kyrkjevertar
og tekstlesarar og fleire andre tenester som ein har hatt dei seinare
åra vert lagt om. Desse oppgåvene
skal laget fordela seg imellom.
Tanken er at desse laga også skal
kunna vera med på salmeval og
leggja til rette forbønsdelen. I mai
vart det halde eit møte der det vart
orientert om dette og der opplegget
vart drøfta.
BarneFestkonsert
Soknerådet har gått inn for at det
vert skipa til ein barneFestkonsert
også til hausten. Datoen er laurdag 30.oktober og opplegget vert
gjennomført i samarbeid mellom
Barbro Wiig Sulebakk og undervisningspresten som eit trusopplæringstiltak. Nærare informasjon
kjem seinare.
Brannvarslingsanlegg
Soknerådet har gått inn for at det
vert lagt inn brannvarslingsanlegg
i kyrkja, kopla til brannvernet. Utgiftene vil bli dekka av fondsmidlar. Kyrkjeverja er beden om å
arbeida vidare med saka og henta
inn pristilbod.
Barnefestival
Soknerådet har gått inn for at det
vert skipa til ein barnefestival til
hausten. Det er familien Sulebakk
som har teke initiativet, og opplegget vert gjennomført i samarbeid
med undervsiningspresten som
eit trusopplæringstiltak. Nærare
informasjon kjem seinare.
Brannvarslingsanlegg
Soknerådet har gått inn for at det
vert lagt inn brannvarslingsanlegg
i kyrkja, kopla til brannvernet.
Utgiftene vil bli dekka av fondsmidlar. Kyrkjeverja er beden om å
arbeida vidare med saka og henta
inn pristilbod.
Redaktør for Kontakt
Ingvard Hageberg som tok på seg
redaksjonsansvaret for kyrkjebladet
og har redigert dei 3 siste nr., har
bedt om avløysing. Soknerådet er
difor på jakt etter ny redaktør. Det
er opna for at det kan ytast godtgjersle for arbeidet etter nærare
avtale. Det er berre å ta kontakt
med kyrkjekontoret. Godt og
inspirerande arbeidsmiljø ventar.
Kyrkjetekstilane
I omtalen av dei kvite kyrkjetekstilane i siste nummer vart same biletet trykt to gonger og biletet av
antependiet (altarkledeet) hadde falle ut. Me trykkjer
difor om att den delen av artikkelen der det er vist til
dette biletet.
Antependiet, som heng framme på alteret, har motivet
lam med fane og fargane kvit, gult og raudt. Lammet
er eit eldgamalt symbol for offerlam. I Det gamle testamentet les me om Abraham som i staden for sonen
Isak, fekk ein bukk å ofra, om jødane sin skikk med
syndebukken, som blei driven ut i ørken som offer for
folket sine synder, (3. Mos 16,20-2). Men lammet er
også mye brukt i Det nye testamentet som symbol på
Jesus. ”Sjå der er Guds lam, som ber verdsens synd,”
sa Johannes døyparen. om han (Joh. 1,29).
Jesus er dei kristne sin syndebukk, som ofra seg sjølv,
mildt, tålmodig og audmjukt - som eit lam som skal
slaktast. Han er det lidande lammet, offerlammet som
sonar våre synder.
Men Jesus er også det seirande lammet. I den siste
boka i Bibelen, Johannes Openberring, står det fleire
gonger om lammet som seirar, eit fortetta symbol på
soningsdøden på korset, oppstoda påskemorgon og
den endelege seieren ved tidas slutt.
Fana har kvit bakgrunn med raudt kors. Det tomme
korset er det kristne seiersymbolet, som fortel om
Jesu offer og seier. Raudfargen viser at det er av kjærleik til menneska. Lammet som motiv kan òg vise til
Jesus som hyrde, som er oppteken av kvar einskild,
forlét flokken for å berga den eine som manglar.
-7-
Sokneprest med trua i hovudet
- og Jesus i hjartet
Sokneprest Torbjørn Aamli karakteriserer seg sjølv
som ”nøktern optimist” og som ein
”hovudtype”. For han er tanken viktig for trua.
- Når eg tenkjer på kvifor eg framleis trur, er
det ein veldig sterk ”hovuddel” i det. Eg finn historia
om Jesus truverdig, seier Aamli.
Bondesonen frå Stokke i Vestfold
gav opp odelen. I staden for korn,
gris og jordbær vart det preikestol.
Etter utdanninga ved Menighetsfakultetet i Oslo vart han prest
på Manger, deretter i Salhus, og i
fjor tok han over som sokneprest i
Meland.
Jesus og kristendom
- Kvifor trur du på kristendommen?
- Eg trur ikkje på kristen
dommen, eg trur på Jesus. Då
forstår eg kristendommen som ei
kulturell innpakking som skiftar frå
stad til stad, seier Aamli. Og legg
til at han på klassisk måte trur på
den treeinige Gud, på at vi får vera
Guds born og på at Jesus har vist
oss kven Gud verkeleg er.
- Men kvifor?
- Eg er ein litt sånn
”hovudtype”. Det er mange grunnar til at eg trur. Men når eg tenkjer
på kvifor eg framleis trur, er det
ein veldig sterk hovuddel i det. Eg
finn historia om Jesus truverdig.
Mange av religionane har tankar
om det gode livet, som ofte peikar
i retning av den gylne regelen
om å gjera mot andre det vi vil at
dei skal gjera mot oss. Men så er
spørsmålet: Finst det eigentleg ein
Gud, og har Gud prøvd å koma oss
i møte? Det er berre i kristendommen eg finn at han har kome oss
i møte, og Jesus har vist oss kven
Gud er. Det har han vist både med
livet sitt, døden sin og oppstoda si.
- Det som står i Det
nye testamentet, er godt historisk
underbygd, og det er veldig mykje
som støttar at det er rett, seier
Aamli. Han vedgår likevel at ein
aldri kan gje vasstette logiske prov
på forteljinga om Jesus, og det
same gjeld for så vidt om det aller
meste elles også. Heller må ein
sjå etter historiske bevis, det vil
seia sjå om vitneprova om Jesus er
truverdige – på same måten som
ein gjer i ei rettssak.
Soknepresten viser til at
det er heilt avgjerande for kristentrua at Jesus faktisk sto opp frå dei
døde. Apostelen Paulus skriv om
oppstoda i eit av breva sine. Dette
brevet vart forfatta berre 25 eller 26
år etter at mannen frå Galilea skal
ha stått opp igjen frå dei døde. I
brevet namngjev Paulus fleire vitne
som skal ha møtt den oppstadne,
og fortel at meir enn fem hundre
menneska hadde sett han levande –
og at ”dei fleste av dei lever enno”
(1. Korintarbrev 15.6).
- Med andre ord, berre gå
og spør, seier Aamli.
Spørsmål til Gud
- Kva synest du sjølv det er vanskeleg å tru på?
- Eg synest det er
vanskeleg med ein del av det som
står i Det gamle testamentet om
krigar og anna. Var det verkeleg
Gud som baud at alle skulle slaktast ned når israelsfolket gjekk inn
i landet?
-8-
Men det legg eg på vent. Eg er
veldig glad for at Jesus er den som
viser oss aller tydelegast kven Gud
er. Han sa aldri ”slakt dei ned”.
- Er det noko du veldig gjerne
skulle spurt Gud om?
- Ja, det eine er kvifor
det er så vanskeleg for nokon å
tru, medan det er ”lett” for andre.
Og kvifor opplever nokon å bli
lækte medan andre ikkje blir det,
seier Aamli. Sjølv har han opplevd
begge delar, både å verta frisk etter
at nokon bad for han, og ikkje å bli
frisk etter forbøn.
- Kva er det i trua di som gjev deg
størst glede?
- Det er ganske
mykje, det. Når eg tenkjer over at
Gud som har skapt dette enorme
universet, veit om meg og bryr seg
om meg, då er det stort. Og eg gler
meg over å vera saman med andre
i bøn og lovsong. Når vi gler oss
saman, er det godt. Glede smittar,
seier trebarnsfaren med bustad i
Holmemarka, og karakteriserer seg
sjølv som nøktern optimist.
Gud trur på oss
- Nokon seier kanskje at ”eg har
trudd på Gud, men eg merkar han
ikkje i livet mitt og ser lite til at
han høyrer bønene mine. Alt er
såpass fjernt at det ærlegaste er nok
å slutta å tru.”
Kva svarar du?
- For meg er det viktig å
tenkja at Guds finst anten eg trur på
han eller ikkje. Då er det frå ei side
sett viktigare at Gud trur på oss enn
at vi trur på Han. På ein måte ligg
det som eit fundament for meg at
dette er sant sjølv om eg ikkje føler
noko, seier Aamli og legg til at det
vi føler, heng saman med mange
ting, og kjenslene kan m.a. svinga
etter livsfasar.
Då treng eg noko djupare, noko
objektivt. Vi får vera Guds born
på grunn av det han har gjort for
oss, seier Aamli og legg til at det
er dette han meiner når han seier at
Gud trur på oss.
Møta behova
- Eg møter to hovudgrupper i
kyrkjelyden. Den eine er dei som
går regelmessig til gudsteneste
og er med i ulike aktivitetar i
kyrkjelyden. Den andre gruppa
er dei eg møter ved kyrkjelege
handlingar som dåp og gravferd.
Der møter eg ofte mykje tru hjå
menneske. Mange har teke vare på
trua.
Soknepresten ser samstundes at
kyrkjelyden kan bli betre til å møta
behova hjå desse menneska.
- Vi har ikkje på same
måten som amerikanarane makta å
gjera kyrkjelyden til ein heim folk
dreg til, til eit utvida sosialt miljø –
min utvida familie.
- Kva er den største
utfordringa for Meland kyrkjelyd i
tida framover?
Den største utfordringa for oss er
å kunna møta behova folk har og
gjera kyrkjelyden tiltrekkande for
folk. I neste omgang er det heilt
avgjerande at vi greier å knyta
kontaktar med folk, at vi bryr oss
om dei og at vi ikkje vert sjølvopptekne og innovervende.
Aamli vil gjerne sleppa
folk til i kyrkjelydsarbeidet sjølv
om dei ikkje har ei veldig sterk
tru. Det er lov å vera undervegs i
Meland kyrkjelyd.
Ønskjer klart skilje
- Kva synest du om at Den norske
kyrkja er ei statskyrkje?
Det er på høg tid å få avvikla
statskyrkja. Eg skulle ønskt vi
tok steget fullt ut og likestilte
Den norske kyrkja med dei andre
frikyrkjesamfunna. No vert det ei
statskyrkje light som vert innført
frå 2014. Det å blanda sekulær
makt med religion er uheldig,
meiner soknepresten.
-9-
- Samstundes ser eg på andre
kyrkjelydar som ein rikdom.
Det er uråd at éin kyrkjelyd
eller eitt kyrkjesamfunn kan
møta behova til alle. Vi er
ulike som menneske.
- Kven skulle du aller helst
invitert som gjestepredikant på
preikestolen i Melandkyrkja?
- Vi har allereie invitert ein av
mine favorittar, nemleg
pensjonert biskop Hagesæter,
som kjem første juledag. Ein
annan det òg kunne vore
spennande å høyra, er Egil
Svartdahl, seier Aamli og legg
til at den kjende tv-pastoren
har ei stor evne til å snakka om
Jesus på ein kvardagsleg måte.
Av Arve Kjell Uthaug
Kulturkveld
I samband med At Arvid Sakseide sluttar som organist,
har soknerådet teke initiativ til ein kulturkveld. Den
vert i kyrkja fredag 27. august, og opplegget er lagt til
rette i samarbeid med kulturkontoret og komiteen for
kystsogevekene.
Gjennom si teneste i meir enn 30 år har Arvid arbeidd
seg opp ei kontaktflate som rekk ut over det snevert
kyrkjelege. Som utøvande musikar har han også
gjort seg gjelande i ulike samanhengar i kulturlivet i
kommunen. Han har og vore ein inspirator for mange
unge utøvarar, vore med på å få dei fram i lyset og gi
dei tryggleik til å gå vidare med sine musikalske evner.
Tanken med denne kvelden har vore å samla ein del av
desse og ein del av dei som Arvid ofte har hatt eit tett
samarbeid med.
Responsen har vore overveldande hos dei me har
kontakta for å få til dette arrangementet. Det blir
ein variert og spennande kveld med spenn frå
orgelmusikk til Blues/Jazz. Programmet skal i
hovudsak vera ei overrasking til Arvid, men det
kan røpast at tidlegare domorganist Mangernes
vert med og sjølvsagt Scala. Til saman blir det
10 ulike utøvarar eller grupper som skal stå for
programmet.
Etterpå inviterer me til festmåltid i telt på parkeringsplassen. Kystsogevekene hjelper oss med den
delen. Dette kan bli ein minnerik kveld, og me
reknar med full kyrkje.
Soknerådsbøn
Då soknerådet saman med tilsette og strategiutvalet hadde strategisamling på Raknestunet 5-6. februar, øvde dei
inn songen nedanfor og song han firstemt. Arvid Sakseide dirigerte, og det vart eit brukbart kor. På prostisamlinga med biskopen 20.februar debuterte koret offentleg.
Teksten var så aktuell og god at me gir han att her i bladet.
Herre du har anförtrott oss en uppgift i din kyrkja.
Lær oss bruka det vi fått så det växer till i styrka
Låt oss gå med öppna händer till de uppdrag du oss sänder.
Jesus hjälp oss finna tid för det som vi nu skal göra.
I vår brådska skapa frid. När du kallar låt oss höra.
Låt oss i din kärlek vandra, lär oss lita på varandra.
Låt oss känna att vi har samma mål och samma längtan.
Och när vi nu ansvar tar, låt de ske med hoppfylld väntan.
Var oss när når vi planerar, gjør beslut och diskuterar.
I detaljer drunknar vi och förlorar perspektivet.
Låt oss inte gå förbi det vesentliga i livet.
Hjälp oss att bedøma riktig vad vi, Gud, skal anse viktig.
När vi inte orkar mer ansvar och bekymmer bära
då vet vi at du oss ger nya krafter, är oss nära.
Tack att du oss väg bereder och med ordert kyrkan leder
-10-
-11-
Ein heidersmann gjev frå seg roret
Takk til Arvid Sakseide
Etter 34 år på orgelkrakken i Meland kyrkje, har vår kjære organist,
Arvid Sakseide vald å gå over i
pensjonistane sine rekkjer. Tiande
august i år fyller han 65 år. Med
stor vyrdnad ser vi tilbake på tida
han har staka ut kursen for den
kyrkjemusikalske tenesta i Meland
kyrkjelyd.
Og vi er takksame for å ha hatt
ein organist som vågar seia frå når
ikkje alt alltid held mål. Saman
med Meland kantori har Arvid løfta
salmesong og liturgi i gudstenesta.
Med konsertar av ulikt slag, har
særskilt unge musikarar fått høve
til å ta aktivt del, ei glede både for
dei sjølve og for tilhøyrarane.
I tidlege barneår fatta han interesse
for orgelmusikken. Sjølv nemner
han sin aller første debut då han
tidleg på 1950 talet, under ein
konsert med dåverande organist Gunnar Binningsbø og Skala,
såg sitt snitt og våga seg bort til
orgelet og sette fingeren på ein
tangent, - og ein tydeleg tone song
ut i rommet.
Arvid er eit ja- menneske; så sant
han har høve, står han til teneste.
Det er berre eit hinder. Å spørje
han om eit møte torsdag ettermiddag, er eit ikkje-tema. Då er
det Grieghallen og Harmonien som
kjem framfor alt anna.
Bach har vore yndlingskomponisten, men der hevdar han
at dei tekniske krava set grenser
for utøvaren. Vi kan likevel takka
både for musikk av Bach og for at
Arvid fatta interessa for liturgi og
salmesong. Musikken er for Arvid
ikkje berre ei naturgåve, men ei
nådegåve. Han har forkynt evangeliet gjennom musikken til pris
og ære for Herren. ”Når de kjem
saman, har ein av dykk ein salme,
ein annan eit ord til lærdom, ein
har ein openberring osb”? Spør
Paulus i 1. Kor. Arvid har hatt
musikken å dela med oss. Mange
har etter postludiet ein høgtidsdag
sete med gåsehud og takksemd
til Herren. Vi veit at Arvid er
takksam for ein aktivt syngjande
kyrkjelyden. Men det har vore ei
gjensidig glede for kyrkjelyden
å syngja til nettopp hans gode
måte å leia salmesongen. Han har
ein spelestil som gjer det godt å
syngja, utan omsyn til kvalitet hos
den einskilde songdeltakar.
”Dronninga” er Arvid si nemning
på kyrkjeorgelet i Meland, ei dame
som såg dagens lys ” i det Herrens
aar 1865 i Mariakirken i Bergen.
I 1927 abdiserte ho for å leva eit
godt liv i Meland.
Å trekkje inn historia bak
kyrkjeorgelet er det her ikkje plass
til. Men han som har tent henne
meir enn nokon annan og sørgt for
eit langt og verdig liv etter fornyinga i 1986,
kan nok ha sine eigne tankar om
å gje henne over i hendene på
komande kyrkjelydsmusikar.
Kjære Arvid! Om du frå utgangen
av august gjev frå deg orgelkrakk
og orgelbrus, vonar vi at du held
fram med å ha din heim i Guds
kyrkje på jord i Meland kyrkje.
Men den nye organisten skal og ha
sine fridagar så du vert nok spurd
om å finna din gamle plass inn
i mellom. Det kan du då ta avgjerd
om etter eigen fri vilje, men vi
håpar du svarar ja når du vert
spurd.
Vi har hatt ein organist som har
vore pådrivar for musikk og
salmesong, ein påliteleg og fagleg
dyktig person, og kan hende tett
opptil perfeksjonist. Du har alltid
vore godt førebudd, og har vist
evne til å framheve musikken framfor deg sjølv.
Kan hende finn du no tid til å dyrka
ei anna åre; poesi og komposisjon.
Idar Simonsen
(soknerådsleiar)
-12-
Eittåring i Meland
Sidan eg begynte å jobbe i Meland har det vore ei
utfordring vi ikkje heilt har klart å få has på. Ungdomsarbeidet har vore svært gutedominert. På ”Lys
Vaken” i fjor stilte vi t.d. med 16 guteleiarar og ei
jente. Vi har bedt om ei løysing på dette.
Vi ynskjer Marie Vangen Iversen velkomen til eit spennande og utfordrande samarbeid, ikkje minst med tanke
på å nå meir ut til jentene i kyrkjelyden. Dette er også eit
viktig bøneemne framover.
Ruben
Litt før jul fekk eg mail frå Marie Vangen Iversen.
Ho er frå Meland, men har det siste året vore student ved Hald internasjonale senter. Ho skreiv at ho
gjerne ville bruka neste skuleår i ungdomsarbeidet
i Meland kyrkjelyd og spesielt bruke tid i lag med
jentene, vera ei litt eldre venninne og eit føredøme
for dei yngre jentene.
Dette enda opp med vedtak i soknerådet om å
engasjere Marie som eittåring i kyrkjelyden.
Det inneber at ho vil vera knytt til eittåringslinja
ved Bibelskulen i Grimstad og vera der noko av
skuleåret, men mesteparten av tida vil ho vera i
praksis hjå oss. Ho skal bruke tid i ungdomsmiljøet,
og spesielt fokusere på jentene. Dette er eit samarbeid med Laget (NKSS), og noko av tida vil også
gå til å følgje opp skulelaga i Nordhordland, men
storparten av tida skal ho bruka hos oss.
Hus til
eittåring
Kulturkveld
Marie Vangen Iversen er tilsett for
å gjera teneste i ungdomsarbeidet
i eitt år frå august. Soknerådet må
skaffa hus til henne. Har nokon
ein hybel eller ei lita leilighet å
tilby, så ta kontakt med kyrkjekontoret? Eittåringstenesta skal
finansierast med innsamla midlar.
Har du husrom du ikkje brukar
denne vinteren, kan dette og vera
ditt bidrag til gjevartenesta. Men i
budsjetteringa er det kalkulert med
marknadspris.
I Meland kyrkje
fredag 27.august kl. 19.00
i høve av at Arvid Sakseide sluttar
i tenesta.
Ei rekke utøvarar og
Grupper tek del
Magnar Magersnes kjem
Scala kjem
Fest i partytelt på pakerings
plassen etterpå
Inngongspengar kr. 200.
OLSOKFEIRING I
FJON FJELLKYRKJE
TORSDAG 29.JULI
KL.19.00
•
•
GUDSTENESTE
SERVERING AV
RØMMEGRAUT/
KAFFIMAT
(kr.100,-Familie maks kr 250,-)
•
PROGRAM
•
LYNUTLODNING
•
BÅLBRENNING
Velkomen til sosialt samvær.
Arr: Meland Sokneråd/Styret for
Fjon Fjellkyrkje
-13-
Slekters gang
Liste pr: 28.05.2010 12:22:00
Døpte:
DåpsdatoNamn
28.02.2010
28.02.2010
28.02.2010
28.02.2010
28.02.2010
28.02.2010
04.04.2010
04.04.2010
04.04.2010
11.04.2010
11.04.2010
11.04.2010
11.04.2010
25.04.2010
25.04.2010
25.04.2010
25.04.2010
25.04.2010
25.04.2010
25.04.2010
09.05.2010
09.05.2010
09.05.2010
Vigde:
Mathias Ryland
Håkon Øren Ruud
Sondre Hatland-ramsdal
Amandus Walgermo Undal
Sanne Moldekleiv
Jonas Hatland-ramsdal
Timre Odland Bjørnestad
Sindre Johan Halland Sudmann
Milla Lundberg Espetvedt
Tiliane Kvåle Almendingen
Sander Stormark Ebbesvik
Celina Halvorsen
Sunniva Kvåle
Elias Mellingen Kloster
Leonard Sagstad Iden
John Liam Henanger Arnesen
Sara Jakobsen-blom
Preben Markhus Manger
Linéa-Mathilde Hæreide Hvidsten
Mathias Skjønhaug Vatne
Oliver Bjørnestad Hopland
Sandra Busch Leivestad
Daniella Kalleklev
Vigseldato
Namn
07.11.2009
14.11.2009
28.11.2009
08.05.2010
14.05.2010
Lise Serine Rønhovde og Robert Veddegjerde Solheim
Anita Odland og Bernt-Andre Lien
Linda Røyset og Malvin Sandhåland
Cathrine Fransiska Birkeland og Dag Erik Hagesæter
Liv Berit Ones og Terje Dale
Døde:
DødsdatoNamn
20.02.2010
20.02.2010
27.02.2010
27.02.2010
19.03.2010
02.04.2010
31.03.2010
09.04.2010
08.04.2010
22.04.2010
01.05.2010
07.05.2010
Alan Whyatt
Reidar Gjøen
Laila Beathe Bengtson
Ruth Skauge
Johan Røyset
Kåre Mjøs
Margit Knudsen
Nils Brakstad
Margot Johanne Horneland
Arne Martin Dale
Anny Gripsgård
Klara Øpsen
f. 1934
f. 1961
f. 1976
f. 1921
f. 1939
f. 1906
f. 1933
f. 1933
f. 1930
f. 1921
f. 1922
f. 1913
-14-
Dag
Dato
Tid
Kyrkje
Arr
Merknader
Nattv/
dåp
Søndags
skole
Ansv.
Sundag
6/6
11.00
Meland kyrkje
Gudsteneste
Avsl. for løvegjengen
Bussleirdeltakarar
Sommarfest
N
X
Skauge
Sundag
13/6
11.00
Frekhaug bedehus
Gudsteneste
Fam Tomren deltek
N
Aamli
Sundag
13/6
20.00
Meland kyrkje
Møtepunkt
N
Skauge
Sundag
20/6
11.00
Meland kyrkje
Gudsteneste
N/D
Aamli
Sundag
27/6
11.00
Meland kyrkje
Gudsteneste
N/D
Skauge
Sundag
4/7
11.00
Meland kyrkje
Gudsteneste
N/D
Aamli
Sundag
18/7
11.00
Meland kyrkje
Gudsteneste
N/D
Mestad
Sundag
1/8
11.00
Meland kyrkje
Gudsteneste
N/D
Skauge
Sundag
8/8
11.00
Meland kyrkje
Gudsteneste
N/D
Skauge
Tirsdag
10/8
Sætervika
Konf.leir
N/D
Mestad
Sundag
15/8
11.00
Meland kyrkje
Gudsteneste
Onsdag
18/8
19.00
Meland kyrkje
Samtale Gudst.
Sundag
22/8
11.00
Meland kyrkje
Oppstart Gudst.
10-15/8
Konfirmantane
Skauge
N
X
Aamli
Fredag
27/8
19.00
Meland kyrkje
Kulturkveld
Servering. Samarb.
med kystsogedagane
Sundag
29/8
11.00
Holmeknappen
Friluftsgudst.
I samband med
kystsogedagane
Sundag
29/8
19.00
Meland kyrkje
Møtepunkt
N
Sundag
5/9
11.00
Frekhaug bedehus
Gudsteneste
N
Laurdag
11/9
11.00
Meland kyrkje
Konf. gudst.
Skauge
Laurdag
11/9
13.30
Meland kyrkje
Konf. gudst
Skauge
Sundag
12/9
11.00
Meland kyrkje
Konf. gudst
Aamli
Lørdag
18/9
11.00
Meland kyrkje
Konf. gudst
Skauge
Lørdag
18/9
13.30
Meland kyrkje
Konf. gudst
Sundag
19/9
11.00
Meland kyrkje
Temagudst.
Sundag
19/9
13.00
Meland kyrkje
Dåpsgudst.
Sundag
26/9
11.00
Meland kyrkje
Gudsteneste
Sundag
26/9
19.00
Meland kyrkje
Møtepunkt
Onsdag
29/9
20.00
Meland kyrkje
Temagudsteneste
N
Skauge
X
X
D
50-års konfirmantar
tek del
Skauge
Aamli
Aamli
X
Aamli
Aamli
Mikkelsmesse
Treng du skyss til kyrkja?
Kontakt Kyrkjekontoret
-15-
Aamli
Skauge
Nytt nett no!
Skulle du gjerne visst når de kan få dåp? Har du konfirmant og hugsar ikkje når
neste samling er? Skulle du ynskja at nokon kunne be for deg? Eller lurer du på
om det er gudsteneste i Meland komande søndag? I alle desse tilfella kan du få
svar på Meland kyrkjelyd si nye nettside www.melandkyrkja.no
Litt om innhaldet
Nettsida er meint å vere lett å finne fram i. På framsida finn du desse overskriftene/linkane på høgre sida: gudsteneste, dåp, konfirmasjon, vigsel, gravferd og kyrkjegard og her finn du grunnleggande informasjon om dette.
Øvst på sida finn du faner med desse titlane: ”Barn og unge”,”Andre møteplassar”, ”Organisasjon”, ”Media” og
”Kontakt oss” . Desse har igjen fleire undersider. Her fins oversikter både over kyrkjelyden sitt eige barne- og
ungdomsarbeid og litt om det som er organisert av andre organisasjonar. Under Andre møteplassar kan du lesa
om Fredagsåpent, kyrkjelyden sitt misjonsengasjement, kulturell og diakonal aktivitet, husgruppene og anna
som skjer. Media-fana gir deg høve til å lese gamle Kontakt og har også fleire album der bileta kan sjåast i beste
kvalitet. Under Organisasjon finn du medarbeidarstoff og stoff frå sokneråd og utval. Og når du vil kontakte
kyrkjelyden, finn du det du treng av informasjon om adresser og tlf.nr. og kart under fana: Kontakt oss. På framsida er det også kalendar med ei liste over det som skjer i tida framover og bilete av bønneskåla der du kan legge
inn ønske om forbønn i kyrkjelyden. For kvar dag vil du også finne eit nytt bibelvers..
Sida blir til
Nettsida er i hovudsak utvikla av staben, og mest
arbeid har Steinar Sneås Skauge og Anne Sofie
Nergård Uthaug lagt ned i det. Undervisningprest
Steinar skal ha hovudansvaret for å følgje opp
sidene som redaktør, medan koordinator Anne Sofie
har mest ansvar for å fylle sidene med opplysningar
om det som skjer i kyrkjelyden. Fleire som har
lova å levere bilete og anna stoff til sidene, blant
andre Nils Arne Lavik (som også har laga den
flotte bildecollagen som pregar sida) og Arve Kjell
Uthaug. Men dei ønskjer mange fleire med på
arbeidslaget. ”Det er veldig kjekt når nokon
sender nokre bilde og nokre ord om noko som har
skjedd i kyrkjelyden sin regi, slik at vi kan setje
det inn på sida”, seier dei to. ”Slik blir sida
levande og avspeglar litt meir av alt det forskjellige
som skjer i kyrkjelyden. Kanskje nokon i
barne-og ungdomsarbeidet kan bruke tid på
samlingane sine til å lage saker til nettsidene.
Eller er det nokon som har heilt nye idear til kva
nettsida kan brukast til?
.