Midt i alt det meningsløse Midt i alt det meningsløse som vi møter her på jorden, blir vårt hjertes skrik til bønn. Gud, vi roper: Om du finnes, finn oss, redd oss når vi synker i vårt eget tomhetsmørke. Kom vårt sprengte liv i møte! La oss i vår trengsel merke: Under alle dyp er Du! La oss gripe dine løfter: Ingen makt skal kunne skille oss fra kjærlighetens allmakt. Selv om ubesvarte hvorfor stadig dirrer i vårt hjerte, ber vi, Herre: Gi oss tro, tro på deg som kjemper med oss, fylt av kjærlighet, i nærkamp med det ondes makt i verden. Om vi seirer eller synker, skal vårt svake liv bli båret gjennom liv og gjennom død. Gud, vi roper: Du som finnes, finn oss, redd oss, la din nærhet bli vårt lys i tvilens mørke. Svein Ellingsen Salmer 1997 nr.75 Presten har ordet Informasjon for Meland kyrkjelyd Nettadresse: www.melandkyrkja.no Adresse: Meland kyrkjekontor, rådhuset Boks 117, 5918 Frekhaug Tef. 56171480- Fax 56171481 Epost: [email protected] Kontortid: Måndag-fredag kl. 09.00-kl.14.00 (kontoret kan væra stengd i kontortida. Kontakt då eksp. i rådhusetef.56171000) Kontakttelefon ved krise: mobil: 95 48 38 74 Kyrkjetenar Roy Rognsøy telf 56171480 Kyrkjelydsmusikar: Trond Fykse Tlf. 56171483 [email protected] Kyrkjeverje: Torgeir Paulsen Tlf.56 17 14 80 [email protected] Kyrkjelydskoordinator: Anne Sofie Nergård Uthaug tlf. 56 17 14 85 priv. 56 17 80 30 [email protected] Soknerådsleiar: Kari erikstein tlf. 95 43 58 57 [email protected] Ungdomsarbeidar: Ruben Sæle tlf. 56 17 14 80 Sokneprest: Torbjørn Aamli tlf 56171484 email:[email protected] Undervisningsprest: Steinar Sneås Skauge tlf 56171482 email: [email protected] KONTAKT: Kyrkjeblad for Meland Utgjevar: Meland sokneråd Layout: Harald Wiig Andersen Trykking: Trykk-service as Redaksjonsadresse: Meland kyrkjekontor Gåver til Kontakt og gjevartenesta konto nummer: 3632 07 04019 Meland kyrkje: 56 17 73 00 Konfirmasjonen nærmar seg med stormskritt. For nokre vil det seie storvask i huset, kakebaking dagar i strekk, endelause timar med broderinåla, og garasjemaling til langt på natt. For mange foreldre er innspurten i konfirmasjonstida ei travel tid. For andre vil slutten av konfirmasjonstida dreie seg om prøving av bunad og dress, fiksing av hår og neglar, febrilsk skriving på takketalen ein veit ein må halde på festen og fundering på kva ein får i gåve. Konfirmantane sin innspurt i konfirmasjonstida er ofte prega av den store festen som snart kjem. For andre att vil dei siste vekene før konfirmasjonsdagen vere prega av rydding i kyrkjerommet, reinsing av kappar, fomling med preikeskriving, innøving av postludium og plantestell på kyrkjetrappa. Staben har mykje å ta tak i når konfirmasjonane kjem nærare. Midt oppe i alt det ein må gjere og alt det ein føler ein må gjere, er det lett å gløyme det viktigaste. Det viktigaste vi skal gjere for konfirmantane våre i konfirmasjonstida er å be for dei. Dette andre vi stressar med, er i hovudsak ikkje noko meir enn ei fin ramme rundt forbøna. På konfirmasjonsdagane skal vi be for den enkelte konfirmanten i kyrkja, men også i tida fram til konfirmasjonen er konfirmantane omslutta av forbøn. Kvar søndag ber vi for dei i kyrkja og alle konfirmantane har eigne forbedarar i kyrkjelyden. Desse forbedarane gjer ei kjempeviktig oppgåve. -2- Oppgåva er usynleg, men vert ikkje mindre viktig av den grunn. Når vi andre lett vert distraherte av alt arbeidet kring konfirmasjonsgudstenestene, vonar eg at forbedarane klarar å be for konfirmantane og oss som er oppe i stresset. Og ein treng ikkje vere «offisiell» forbedar for å ta del i dette. Hugs dei i bønene dine, du også. Forbøn for konfirmantane er heile kyrkjelyden sitt ansvar. Og ta gjerne med oss som jobbar med konfirmantane i bønene også. Vi treng det vi og, både stab og frivillige. I konfirmasjonsgudstenesta når forbøna sitt høgdepunkt, men eg vonar og trur at konfirmantane våre vert halde oppe av jamn forbøn gjennom heile konfirmantåret. Eg vil oppmode deg til å hugse på dette konfirmantkullet i bønnene dine framover, men også til å ta med konfirmantkulla framover i forbøn. Ver med og be for konfirmantane du også! Steinar Sneås Skauge 5 på leir 2011 1) Kva var dine forventningar til leiren? Espen Mjelde Jakobsen: Eg trudde det skulle bli gøyt. Christiane Eliassen Tveit: Eg hadde ikkje noko særleg med forventningar. Guro Cecilie Nordvik: At det skulle bli gøyt. John Dias Minde Mæstad: Å få nye vener og ha det moro. Iselin Rossland: Bli kjent med nye folk og ha det gøyt. 2) Blei leiren slik som du hadde forventa? Espen: Ja, det blei gøyt etter kvart. Christiane: Det blei betre enn eg hadde trudd. Guro: Det blei gøy, pluss at eg fekk nye vener. John Dias: Nesten. Men det kunne vore betre. Iselin: Leiren var gøy, men innimellom litt stressende. 3) Kva har de gjort på? Espen: Vore på trampolina, vore med vener, vore i kano og spelt kort. Christiane: Det har vore ein del møter, men ellers har eg møtt folk og gjort ein del tull. Guro: Har sete på kaien og vore med vener og vore å møter. John Dias: Har vore med folk, vore på trampolina, bada og padla i kano. Iselin: Vore med vener og blitt kjend med folk, pluss bading, volleyball og løpt tarzanløypa 4) Kva likte du best med leiren? Espen: Å spele biljard med Ola Helgaas. Eg slo han to gonger. Christiane: Fritida og nye vener. Guro: Nye vener og underhaldningskvelden. John Dias: Fritid og jenter! Iselin: Fritid og å verta kjent med nye folk og vera med vener. 5) Kva har du lært? Espen: At såkalla Jesus vart 33 år gamal. Christiane: Eg har lært mykje om kristendommen, men eg trur ikkje på alt. Guro: Har lært meir om kristendommen. John Dias: Har lært om kristendommen. Iselin: Har lært litt om kristendommen. Intervjuet er laga av: Tuva Maria Åserud og Matilla Maud Færevåg Berger. frå v. Christiane, John Dias, Guro, Espen og Iselin. -3- Fire jenter om fire år i Kamerun. Kan eg få snakka litt me dykk? Pauline (11), Sunniva (9) og Kristin (6) sit rundt kjøkkenbordet og har seg ei skjeve kvelds. Dei betraktar meg spørjande og nikkar ”Ja” til spørsmålet mitt. Men Kristin ser på blokka og blyanten min og har først eit heilt rettkomme spørsmål om kvifor eg skal skrive ned det dei fortel? Eg forklarer at eg skal skrive til Kontakt, og det er greitt. - Var det greitt å reise heim no? Kristin og Sunniva svarer raskt og tydelege ”JA”. Men Pauline kunne tenkje seg å vera att i Kamerun. Ho var klar til å flytta inn med den afrikanske venninna Benedicte (10). Henne var ho ofte innom hos, dei såg TV i lag, åt i lag, leika og prata. Og dei fann etterkvart ut at det dei hadde mest ulikt syn på, det prata dei ikkje om. Som t.d. trolldom. Alle tre har meir og meir å fortelje etterkvart som samtalen skrid fram, og eg får meir og meir å spørja om… Det er så mye som er annleis i Afrika, seier dei, og så mye som det ikkje er lett å setje ord på, seier Pauline. Kan de prøva å komme med nokre døme likevel? Dei hadde mange gamle tradisjonar, begynner Pauline. Og mye støv! Dei vaska seg ofte, dusja alltid! I alle fall kvar kveld. På landet hadde dei ”seco”. Det var ei bøtte med vatn og ei ause som dei spylte seg med. - Bruka de også ”seco”? Ja, svarer dei, og syntes det gjekk greitt Og når me var mange, sende dei rundt eit fat med vatn som alle saman vaska hendene sine i. Og doet, det var ekkelt. Det var berre eit hol i bakken. Det var ikkje alltid me trefte… Det lukta der. Blei de sjuke nokon gong? Nei. Det som var farlegast var slangane, fortel dei, for det var mange slangar der dei budde. Ungane fekk ikkje lov å gå ut etter at det var blitt mørkt. Me syntest det var litt kjipt. Ein gong vart ei jente beten då ho klatra i eit tre, men ho fekk medisin raskt, så det gjekk greitt. Og ein gong kom ein slange inn i huset vårt… Då tok mamma og hogg hovudet av han med eit sverd! Kva med maten? Maten var òg annleis, det var kjøtt, ris, couscous, steikte bananar, og mango i sesongen. Couscousen var grå, runde ballar av maniok og vatn. Dei var kvite òg, seier Kristin. Når dei var laga av maismel, blei dei kvite, Pauline har peiling. Smakte det godt? Det var ikkje så mye smak på dei. Men me spiste med hendene, dyppa dei i saus, det gav dei smaken. Og så var det billigare enn ris, legg Pauline til. -4- Dei fortel òg at dei av og til var med å laga afrikansk mat, men trur ikkje dei kan nok til å laga same rettane åleine no. Mangoen må de fortelja meir om, de sa de spiste mango i sesongen. Ja, det var litt inn i regntida, forklarer Sunniva. Då var det masse mango. Me måtte klora dei først. - Klora dei? Ja, me vaska dei i klorvatn for å få vekk bakteriar. Så skrelte me dei, Kristin berre beit av skalet. Det var godt. Alle nikkar Eldstejente Marianne (13) kjem no og sluttar seg til oss fire rundt bordet. Ho fortel at dei har opplevd og sett korleis dei i Afrika har eit anna syn på mange ting. M.a. korleis dei helser på kvarandre og på vaksne. Dei viser mye meir respekt enn oss, seier ho. Dei var veldig høflige, det var viktig å handhelse eller klaske henda mot kvarandre, spørja om korleis dei du møtte hadde det, svara på det, og spørja tilbake osv. Dei brukte litt tid på det. Så brukte dei mye falskt hår, ”mêches”, parykk, eller fletter som dei festa på sitt eige, kortklipte hår. Kristin var den einaste av jentene som gjekk på skule(førskule) i den kamerunske skulesystemet. Dei andre tre gjekk på norsk skule. Men alle fire måtte lære seg fransk. Det gjorde også at dei fekk betre kontakt med kamerunarane enn dei norske som ikkje kunne fransk. Kva var det kjekkaste i Kamerun? Nasjonalparkane! kjem det omtrent i kor. Der såg me mange dyr. Dei gjekk fritt rundt oss. Ein gong såg me ei løve som åt på eit bytte, seier Sunniva. Og så synest eg det er så stille her, eg synest til og med fotstega mine høyrest så veldige ut her heime. I Kamerun var det så mange lydar heile tida, også om kveldane. Der sovna me til ”afrikansk symfoni”, ein lydmix av hundebjeffing, innsektlydar, folk som prata, lydar frå fotballbana, musikk. Men alle fire er glade for å vera tilbake, og synest de er fint å komma heim. Men dei er òg glade for å ha vore der, å ha hatt denne spesielle opplevinga. LJ Dette er ein del av eit lengre intervju som du kan lesa på nettsida vår: melandkyrkja.no -5- I slikt et vær… Henrik Wergeland skildra i diktet Juaften, eit forferdeleg uvær med snøstrom og kulde. Ein jøde kjempar seg gjennom stormen på veg til ei bygd ved svenskegrensa for å selja julegåver. Det er ei dramatisk historie han skildrar. Frå dette diktet har dette sitatet gått inn i språket vårt: ”I slikt et vær, da får du Bønner, Gud”. Me har nyleg sett ei samla regjering med statsministeren i spissen sitja i Oslo domkyrkje og syngja ”O bli hos meg. Me har kjent på ei felles avmakt. I slik avmakt blir me små, og avstanden til Gud mindre. Kyrkja blir den naturlege samlingsstaden, og mange som ikkje til vanleg formar ord til bøn, har lagt frå seg sine bønelappar. Gripande var det og å lesa det som ein av dei overlevande frå Utøya skreiv på bloggen sin om korleis ho bad og ropte til Gud i frykt og fortviling medan ho rømde for livet. Ei overskrift i BT magasinet for 6. august fortalde at ”Bønnedikt og lys er blitt den nye folkereligionen”. Det er ei journalistisk spissformulering. Men den valfart me såg til domkyrkjeplassen i Oslo i dagane etter tragedien, hadde utan tvil sterke religiøse undertonar. Dit gjekk folk for å tenna lys og leggja ned blomar. Men kvifor var det domkyrkjeplassen og ikkje Joungs torget som vart samlings staden? Gjennom dei nære tragiske hendingane har kyrkja og på særskilt vis kome i sentrum. Prestar har hatt ein sentral rolle i sorgarbeidet i etterkant. Gravferder og minnegudstenester har ført folk til kyrkjene, og mange har søkt til opne kyrkjer for ei stille stund og for å tenna lys. Det er lite tvil om at det dei siste vikene har gått ei folkereligiøs bylgje over landet, og den har skvulpa kloden rundt. Gud har nok i denne tida fått bøner frå mange som ikkje så ofte tenkjer på slikt. Det er vanskeleg å vita kor djupt dette stikk, men mange teikn i tida fortel om mykje religiøs lengt. Den har mellom anna dei seinare åra funne form i nyreligiøsitet av ulike slag. Åndeleg lengt må likevel ikkje forvekslast med kristendom, og kyrkja har nok lite makta å møta denne lengten. I denne situasjonen er det fleire fallgruver for oss som truande og som kyrkje. Den eine er å overtolka det som skjer og ta det som eit uttrykk for noko som ligg nær ei religiøs vekking. Ein annan fare er at me overser dei menneske som i dette møter eit ekte kall til å -6- søkja samfunn med Gud. Men den største faren ligg i at kyrkja let seg driva med av stemningsbylgja og blir utydeleg i den oppgåva ho har som formidlar av møte mellom menneske og Gud. Kyrkja kan lett berre bli eit supplement til psykologar og politikarar i den store krisehandteringa. Det terapeutiske fokus blir det viktigaste. Formidlinga av hjelp til å forstå det som hender, i lys av Guds ord og til å formidla samfunn med Gud, blir tona ned. Det må heller ikkje bli så viktig for kyrkja å solidarisere seg med den meiningsløysa menneske kjenner på, at den hjelp Bibelen fortel oss at Gud kan og vil gi, ikkje kjem tydeleg fram. Det er ikkje vår oppgåve som truande å prøva å gi svar på alle spørsmål som reiser seg og til å forklara det som skjer. Vår oppgåve og vår utfordring er å formidla eit møte med Jesus slik at menneske kan får del i den trøyst og den von som berre han kan gi. ”Kom til meg alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gi dykk kvile.” (Matt.11,28) Målet med det kristne sorgarbeidet må alltid vera å føra menneske til samfunn med Jesus. Han er den store trøystaren og sjelesørgjaren. Dette må kyrkja framfor alt ha frimod til å vera tydeleg på. Ingvard Hageberg Kandidatliste soknerådsval 12. september 1. Kari Erikstein 39 år Grønlandsvegen 23 , 5918 Frekhaug Yrke: konsulent i beredskapshjem Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Har vært med i søndagsskulearbeidet Løvegjengen i kyrkja sidan oppstart. I soknerådet i til saman 10 år, fyrste 4 år som vararepresentant. Leiar frå januar 2011. Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet: Spesielt opptatt av barnearbeidet og at kyrkja skal gi eit godt og variert åndeleg og sosialt tilbod både til vaksne og barn. Synes det er viktig å jobbe for eit godt samarbeid på tvers av ulike menigheter i kommunen. Statskykja har mange muligheter, og ønsker gjennom soknerådsarbeidet å jobbe for at vi skal gi innbyggjarane i Meland eit godt tilbod. 2. Berit Nøst Dale 59 år Sagstadvegen 67, 5918 Frekhaug Yrke: Høgskolelektor Erfaring fra kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Nestleder i sittende sokneråd i Meland. Var mange år i regionalt styrearbeid i Normisjonen på 1990-tallet. Styremedlem i landsstyret i Normisjon 2006-2009 Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet Undervisning av kyrkjelyden; Møteplassen i Rema-bygget gir oss gode muligheter til å drive med bla. Bibelundervisning. Vi må vite noe om grunnlaget for vår tro, og da er kunnskap om Bibelen nødvendig. At gudstjenestene treffer menneskene i Meland ”hjemme”, da må vi ulike gudstjenesteformer og steder - som vi allerede har begynt med bla. gudstjenester i rådhuskantina – og gudstjenester på Rossland som startes med i høst. At barna er godt synlige i kyrkja. Løvegjengen er et fantastisk arbeid som må støttes videre! 3. Johannes Monstad 55 år Schriverhaugen 1, 5918 Frekhaug Yrke: Rekneskapsførar Erfaring fra kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Medlem i Meland Sokneråd dei 2 siste åra. Har også erfaring frå soknerådsarbeid i Åsane på 1990-talet. Sat i styret for Sagstad (Frekhaug Indremisjon). Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet Bl. a. ha ei “folkekyrkje” som når ut til alle i kyrkjelyden. 4. Jon Vidar Sakseide 30 år Fløksand 20 5918 Frekhaug Yrke: Lærar Erfaring fra kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: 2 år i soknerådet. Fleire år i ungdomsarbeidet der eg både har vore leiar og drive med leiartrening. Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet: At kyrkja alltid skal ha fokus på at menneske skal kome til tru og bli bevarte i trua. 5. Sondre Blom 18 år Eikelandsvegen 28 ,5917 Rossland Eg er 18år og ser at Meland kyrkje har eit problem når det gjelder å få ungdom med på søndagsgudstjenastane. Det er også for få gudstjenaster ute på bygdane, til dømes: Husebø og Vikebø. Å la gudstjenastane vera på litt forskjellige plassar så vil det vera lettare for dei nærbuande å komma, også ungdom. Eg vil at skulelagane her i komunen får noko meira besøk av ”effarne” folk. Det er kort sagt ungdom eg vil engasjere. 6. Ingunn Reigstad 54 år Galtenesvegen 38 , 5918 Frekhaug Yrke: Høgskolelektor i pedagogikk ved NLA Høgskolen Erfaring fra kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Med i gudstjenestelag, husfellesskap, ansvar for bønnebrev, med i Normisjonsforening. Har tidligere vært med som leder i Levande Lys i 8 år. Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet: -7- Jeg er opptatt av at vi som menighet skal tjene Gud og hverandre med de evner og nådegaver som vi har. Husfellesskapene er en viktig del av menighetens pulserende liv og alle bør inviteres inn i et slikt fellesskap. Bønn er en viktig del av arbeidet fordi jeg tror at Gud hører våre bønner. Jeg ser også trosopplæringen rettet mot ulike aldersgrupper som en viktig del av menighetens arbeid. 7. Øystein Berland Blom 44 år Eikelandsvegen 28 , 5917 Rossland Yrke: Teknisk sjef Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Medlem i soknerådet sist perioden. Vore engasjert i Strilungane nokre år. Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet: Er opptatt av at kyrkja er inkluderande for kommunen vår. Det skal vere plass til alle. 8. Eva Kristin Dale Wessman 28 år Torvvegen 35 C 5918 Frekhaug Yrke: Lærar på folkehøgskulen Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Soknerådsmedlem perioden 2009-2011, Studentutvalsmedlem 2007-2009, div. arbeid i periodar som ungdomsleiar, kordirigent, pianist. Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet: Eg ynskjer ei kyrkje som er open og varmt inkluderande for alle slag menneske, med fokus på å vise Jesu kjærleik i praksis i møte med menneske. Bevare og leve ut trua saman med andre truande og forklare og invitere dei som søkjer. Eg vil arbeide for å bevare og utvikle Møteplassen, og etter kvart utvide tilboda der kyrkja kan vere tilstades i kvardagen til folk i bygda. Ny kyrkje i Frekhaug senter er eit mål. Eg er også oppteken av å bevare og utvikle song-og musikkgleda som er i Meland, der fleire former for musikk kan nyttast i kyrkja, i tillegg til salmesong. Kanskje kan me få i gang nytt ungdomskor? 9. Øystein Sulebakk 41 år Grønlandsvegen 20 5918 Frekhaug Yrke: Vedlikeholdsingeniør Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Soknerådet i 1 ½ periode som fast medlem og ein ½ som vara. Medlem av utvalet for ny kyrkje på Frekhaug, arrangere konserter (barnekonserter) Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet: Ny kyrkje på Frekhaug, sang og musikk i kyrkjelyden, opptatt av at alle generasjoner skal kunne møtes å bidra sammen, samt at barna skal kunne få bidra i større grad, at det er lav terskel for å ta kontakt og komme inn i kyrkja. 10. Linda Johanne Ulvedal Abrahamsen 39 år, Juviknipa 18, 5918 Frekhaug Yrke: Sjukepleiar Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Er med i Løvegjengen, medarbeidar på Open møteplass, gudstenestearbeid på Frekhaug. Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet: Arbeidet i Løvegjengen er spennande og utfordrande. I tillegg til mange faste løvegjengarar, får vi besøk av mange ungar frå blant anna dåpsfølgje. Det er eit privilegium. Møteplassen er eit spennande tiltak. Det er ei glede å vere med på “Open møteplass”. Her ser vi også både gjengangarar og nye ansikt. Dette viser behov for ein slik plass å møtast. Er med i ei husgruppe. Dette er ein viktig del av samhaldet i kyrkjelyden. Vi har vore med å planlegge gudstenester på rådhuskantina. Her ser vi mange kyrkjevande, men og nye ansikt, og det er kjekt og det varmar. Både søndagsskulearbeid, Open møteplass og arbeid med gudsteneste på Frekhaug viser eit aukande behov for ny kyrkje sentralt på Frekhaug. -8- 11. Sigmund Larsen 52 år Mjåtveitflaten 17 A, 5918 Frekhaug Yrke: Konsulent Erfaring frå kyrkjelydsarbeid eller organisasjonsliv: Har vært i soknerådet som vararepresentant, elles hjelpt av og til med presentasjons framvising Er opptatt av at: kirken skal være åpen og romslig med plass for alle. Kirken bør også være mer på lag med næringslivet. Kirken må fornye seg i måten en kommuniserer på. Være med på å legge forholdene til rette for en kirke/kulturhus tomt på Frekhaug. 12. Victor Bakke 65 år Galtenesvegen 135918 Frekhaug Yrke: Pensjonist Erfaring frå kyrkjelydsarbeid eller organisasjonsliv: Tidligere ungdomsarbeider, leirstedsbestyrer og mangeårig tjeneste i folkehøgskolen som lærer og rektor. Kva er du oppteken av i kyrkjelydsarbeidet? Husfellesskap og sang og musikkarbeid. 13. Frode Steingrimsen Berven 34 år, Stemhaugen 8 5918 Frekhaug Yrke: leder av en forskningsenhet innen proteinforskning ved Institutt for Biomedisin ved Universitetet i Bergen. Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: verv innen diverse organisasjoner, blant annet som leder av et nasjonalt konsortium for proteinforskningslaboratorier. Tidligere medlem i studentstyret både på Høgskulen i Hedemark og ved Universitetet i Bergen. Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet: Ønsker spesielt å støtte opp om og å legge til rette for et inkluderende fellesskap, samt å verne om naturen og skaperverket 14. Aslaug Haugland 46 år Øvre Sagstad 1065918 Frekhaug Yrke: sekretær i Lindås kommune, heimetenesta. Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Tidlegare vore medlem i soknerådet 4 år, . Er med i roseprosjektet til Meland kyrkjelyd, for tida nestleiar i Mental Helse Meland Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet: Diakoniarbeid i kyrkjelyden. Eg ynskjer at Meland kyrkjelyd skal ha fokus på menneskeverd og respekt for ulikheter blant menneska rundt oss. 15. Veronika Husebø 37 år Husebøvegen 86 5917 Rossland Yrke: Barnehageassistent. Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Søndagskolemedarbeider og speiderleder. Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet: At barn og unge skal ha et godt kristent tilbud. Valet går føre seg parallelt med kommunevalet. Alle som har stemmerett ved kyrkjevalet har fått tilsendt eige valkort. Der finn du nærare informasjon om valet. Du kan og førehandsrøysta på kyrkjekontoret. -9- -10- -11- -12- -13- -14- -15- -16- Møteplassen Tysdag, onsdag og torsdag er det open møteplass frå kl. 11-14. Stikk innom for ein kopp te eller kaffi og for å slå av ein prat. Bibeltimane startar opp att 7. september, og held fram kvar onsdag framover frå kl. 20.30 til 21.30. Gjennomgangen av bøkene i Bibelen held fram. Dette er som ein minibibelskule. Det startar med 4 Paulusbrev. Jan Rantrud vil presentere galatarbrevet, efesarbrevet, filipparbrevet og kolossarbrevet for oss. Nærare informasjon på www.melandkyrkja no. Ta med Bibel til samlingane. Velkommen! Nytt frå soknerådet Gudstenester på Rossland Ei lita gruppe er i gang med å planlegge gudstenester på Rossland til hausten og det blir gudstenester på Rossland bedehus 4.september og 6. november kl. 17.00. Dei satsar på barnevenlege gudstenester med låg terskel og ”laus snipp”. Den første gudstenesta i september er hausttakkefest og det blir med lokale musikk-krefter. Framtida for Møteplassen. Soknerådet ønskjer å halde fram drifta på Møteplassen ut 2011, men dette vert siste del av ein prosjektperiode. Tida med Møteplassen har vist at det er svært verdifullt for kyrkjelyden med eit lokale i sentrum og at lokalet fører til relasjonsbyggande og kyrkjelydsbyggande aktivitetar. Så ein del av måla med Møteplassen er nådd. Men det er viktig med fleire deltakarar og medarbeidarar og nødvendig med betre økonomisk grunnlag for at drifta skal halde fram etter prosjektperioden. Kva som skjer hausten 2011 vert avgjerande for om kyrkjelyden held fram med å leige Møteplassen også seinare. Kontakt – redaktørspørsmålet. Kontakt står framleis utan fast redaktør. Ingvard Hageberg har som ei mellombels løysing teke på seg ansvaret for dette og julenummeret i år, men soknerådet har vedteke å legge ned bladet viss det ikkje løyser seg med ny redaktør. Ta kontakt om du har gode idear til ein dugande person. Personen må ha litt teft for kva som er bra stoff i eit kyrkjeblad, kunne leie redaksjonsmøta, be bidragsytarane sende inn stoffet, vere innstilt på å jobbe med nynorsk og bokmål språkvask og å redigere bladet (prioritere, setje opp på sider etc). Ny eittåring på plass Victoria Knudsen er på plass som eittåring i kyrkjelyden. Ho skal vera her dette skuleåret. Som elev ved bibelskulen på Bildøy har ho tenesta i Meland som sin praksis. Victoria skal vere ein aktiv del i Løvegjengen og i ungdomsarbeidet og ho bur på hybel på Frekhaug. Soknerådet brukar av innsamla midlar for å finansierer eittåringstenesta. Vi ønskjer henne hjarteleg velkomen og Guds signing over dette året i Meland kyrkjelyd! Husk på Victoria og tenesta hennar i forbøn. -17- Ordinasjon Søndag 14. august var det ordinasjon i Meland kyrkje. Torbjørn Sæle vigsla til prest av biskop Halvor Nordhaug. Torbjørn har sine åndelege røter i Meland kyrkje og på Frekhaug bedehus. Etter gudstenesta i kyrkja var var det fest på bedehuset. Torbjørn skal i første omgang gjera teneste i Fagerborg menighet i Oslo der han skal arbeida mot ungdom og studentar. Stillingen han går inn i er eit samarbeidsprosjekt med Det norske misjonsselskap. Etter ordinasjonen, der han til slutt fekk stolaen lagt over skuldrene sine, steig han på preikestolen. Teksten var henta frå profeten Jesaja kp.6 og handla om då profeten fekk kallet til sin gjerning. Gjennom preika kom det tydeleg fram at den nye presten Hadde kjempa med kallet, og at han går til teneste med eit sterkt kallsmedvit. Han fortalde at då det gjekk opp for han at Gud meinte alvor med å kalla han til presteteneste, førte det ikkje nett til at han song ”Jesus her er eg, send meg”. I sin tale til ordinanden tok biskopen utgangspunkt i dei vonde hendingane som har skaka folket vårt dei siste vikene. Men han minna og om at slik lever folk kvar dag mange stader på vår jord, med terroren som sin kvardag. Hos oss har me sett at kyrkja for mange har blitt ein tilfluktsstad i denne tida. Mange er blitt medvitne om at me treng ein stad der me er omgitt av noko større enn oss sjølve. Som prest skal du få gå møta menneske i slike situasjonar med noko større enn deg sjølv. Som menneske er me fødde utanfor samfunnet med Gud. Syndene har skilt oss frå Gud. Som prest blir du send til menneske med ord og sakrament som kan gi menneske del i samfunnet med Gud. ”Å være prest er å kjenne menneskers egentlige nød og gå inn i den” sa biskopen. Utgangspunktet for talen hans var 2. Kor 1:3-4 der det står slik: ”Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, den Far som er rik på miskunn, den Gud som har all trøyst å gje. Han trøystar oss i all vår naud, så vi kan trøysta dei som er i naud, med den trøyst vi sjølve får av Gud.” IH Senior’s For hausten er dette programmet sett opp: 8. september ”Å dikta livet” ved Haldis og Asle Reigstad Haldis er ein av våre mestseljande lyrikarar, og er ikkje minst kjend for fleire av songane sine som ”Tett ved sida mi går Jesus”. Asle er ein habil kornettist. 6. oktober Gyldne øyeblikk”. Møte med Olav Vikse. Han er kanskje mest kjend som arvtakar av ”Middagsstunden” i NRK etter Jacob Skarstein. Seinare skapte han sitt eige programkonsept med Tittelen ”Gyldne øyeblikk” der han fekk menneske til å fortelja om spesielle opplevingar i livet. Song og musikk av Stein Flataker. 3. november ”Han fører meg til livsens land”. Møte med Elias Blix i liv og dikting. Ingvard Hageberg kåserer om salmediktaren og bibelomsetjaren som kristna nynorsken. Det blir song og musikkinnslag og sjølvsagt felles song. 1. desember ”Nå har vi vaska gølvet”. Med utgangspunkt i Prøysen si vise og eiga røynsle som reinhaldskonsulent vil Else Liv (Io) Hagesæther kåsera kring dette temaet. Første samling blir på Frekhaug bedehus, dei andre på folkehøgskulen. Det blir servering av middag og kaffi. Samlingane tek til kl. 12 og varer til ca. 14.30. -18- Livets gang Døpte: Vigde: DåpsdatoNavn 27.02.2011 30.03.2011 03.04.2011 10.04.2011 10.04.2011 10.04.2011 10.04.2011 10.04.2011 17.04.2011 17.04.2011 17.04.2011 01.05.2011 01.05.2011 01.05.2011 15.05.2011 15.05.2011 15.05.2011 15.05.2011 15.05.2011 22.05.2011 08.06.2011 19.06.2011 19.06.2011 19.06.2011 19.06.2011 19.06.2011 26.06.2011 26.06.2011 26.06.2011 03.07.2011 03.07.2011 03.07.2011 03.07.2011 10.07.2011 31.07.2011 07.08.2011 07.08.2011 14.08.2011 14.08.2011 14.08.2011 14.08.2011 14.08.2011 14.08.2011 Vielsesdato Navn Isabel Stokke Kvinge Sondre Bertelsen Storli Torleiv Bereket Steinhovden Sebastian Meland Nordahl Michelle Straumøy Kasper Woldseth Kleiva Emilia Tveit Fløysand Kerim Yanar Tore Kristoffer E. Moldekleiv Joachim Hopland Askeland Marvin Toppe Kristiansen Milla Rifsgård Nese Jonathan Langeland Sleire Anders Aalen Jacobsen Embla Stokseth Olsvoll Oscar Olai Garrido Brandsdal Sondre Aasheim Aarhus Viljar Gjengedal Thuva Emilie Svendsen Phillip Hatland Rødseth Geir Odin Dale Martine Tangen Ryland Mathias Flatøy Hopland Elisa Goverud Klepsvik Ulrik Bratshaug Dalland Anders Bjørkheim Vågstøl Lucas Kristoffersen Tobias Frede Sagstad Agathe Jakobsen Mongstad Leon Andre Aase Leah Fløysand Rydland Matheo Tangen Hopland Jonathan Emil S. Rifsgård Thomas Kallestad Maria Alise Mæland Tiril Dale Kjørlaug Isak Warberg Larsen Troy Reinholdtsen Helgesen Oliver Lande Sagstad Anabelle Bauge Fondevik Sanna Bratshaug Antonsen Sofie Haaland Sagstad Niklas Knapstad Risa 30.04.2011 Marianne Mellingen og Sven Birger Kloster 13.05.2011 Tonje Myrvang og Fredrik Fløysand 14.05.2011 Rannveig Eline Bjørkum og Arne Thormod Rønning 04.06.2011 Tonje Merete Bjelland og Kim Hatland 11.06.2011 Mai-Linn Jæger og Per Arne Aga 25.06.2011 Sissel Askeland og Jan-Helge Bertheussen 02.07.2011 Marie Skjelvik Skage og Ole Andre Skage 02.07.2011 Marianne A. Olsen og Jan-Gunnar Ingebrigtsen 02.07.2011 Linn Sundhordvik og Asle Zachariassen 23.07.2011 Alice Bratshaug og Ketil Moland Olsen 06.08.2011 Jeanette Sleire og Kristian Andås 06.08.2011 Randi Anette Rønnestad og Kristoffer Fikkan 06.08.2011 Camilla Askeland Gripsgård og Tore Bjørset 06.08.2011 Irene Johnsen og Rikard Johnsen 13.08.2011 Sandra S. Sjøholm og Christer M.Steffensen 13.08.2011 Marthe Petrin S. Søvik og Roy Tore H. Skaar Døde: DødsdatoNavn 04.03.2011 09.03.2011 28.03.2011 07.04.2011 13.04.2011 05.05.2011 06.05.2011 30.05.2011 30.05.2011 01.06.2011 05.06.2011 10.06.2011 20.06.2011 03.07.2011 22.07.2011 06.08.2011 07.08.2011 -19- Betsy Husebø f. 1933 Halvar Anders Husebø f. 1919 Laura Sofie Borsholm Størseth f. 1944 Willy Einar Johansen f. 1938 Pernhild Turøy f. 1931 Gunnbjørg Karin Hopland f. 1920 Ronny Husebø f. 1976 Konstanse Myrtvedt f. 1925 Agnes Ludvigsen f. 1920 Villy Mjåtveit f. 1938 Oliva Ivarsøy f. 1915 Geir Åsmund Dale f. 1962 Ingolf Gripsgård f. 1922 Bjørg Pauline Larsen f. 1932 Einar Karl Helland f. 1957 Elliot Thorleif Mjåtveit f. 1906 Margit Odland f. 1926 Stad Holmeknappen MELAND KYRKJE Dato Tid 28.08.2011 11:00 28.08.2011 19:00 Arrangement Friluftsgudst. Samtalegudst. MELAND KYRKJE 04.09.2011 11:00 Gudsteneste Rossland bedehus MELAND KYRKJE MELAND KYRKJE MELAND KYRKJE RÅDHUSET,FREKH. 04.09.2011 10.09.2011 10.09.2011 11.09.2011 11.09.2011 17:00 11:00 13:30 11:00 17:00 Gudsteneste Konfirmasjon Konfirmasjon Konfirmasjon Gudsteneste MELAND KYRKJE MELAND KYRKJE MELAND KYRKJE 17.09.2011 11:00 17.09.2011 13:30 18.09.2011 11:00 Konfirmasjon Konfirmasjon Gudsteneste MELAND KYRKJE Rådhuset,Frekhaug 25.09.2011 11:00 25.09.2011 17:00 Gudsteneste Gudsteneste MELAND KYRKJE MELAND KYRKJE MELAND KYRKJE MELAND KYRKJE MELAND KYRKJE 02.10.2011 09.10.2011 09.10.2011 16.10.2011 23.10.2011 11:00 11:00 19:00 11:00 11:00 Gudsteneste Gudsteneste Møtepunkt Gudsteneste Gudsteneste MELAND KYRKJE MELAND KYRKJE 30.10.2011 11:00 06.11.2011 11:00 Gudsteneste Gudsteneste Rossland bedehus MELAND KYRKJE MELAND KYRKJE MELAND KYRKJE Rådhuset, Frekhaug 06.11.2011 13.11.2011 13.11.2011 20.11.2011 20.11.2011 Gudsteneste Gudsteneste Møtepunkt Gudsteneste Gudsteneste MELAND KYRKJE 26.11.2011 Barnefestkonsert MELAND KYRKJE 27.11.2011 11:00 Gudsteneste 17:00 11:00 19:00 11:00 17:00 Merknader Konfirmantane. Møtepunktopplegg Tale: Jan Rantrud frå NLA Nattverd/ dåp N HausttakkefestGrøn kyrkje N Hausttakkefest. Max 3 dåp 50-års konfirmantar Vitjing frå bussleir? D Tema: Barne opple gg Liturg Jan Rantrud Skauge X Aamli X X Aamli Aamli Aamli Aamli Skauge X Skauge Skauge Skauge X Aamli Aamli D N N/D X X Aamli Kåre Mestad Ruben Sæle Ingvar Fykse Aamli N X X Aamli Skauge N X X Aamli Skauge Skauge Aamli Aamli Møtepunkt N/D 4-års bok. Søndagsskolens dag. Tema: Pårørande innbedne Møtepunkt D X Barnefestkonsert + "Lys våken" "Lys våken" Treng du skyss til kyrkja, kontakt kyrkjekontoret Skauge X Skauge
© Copyright 2024