3107 SIGNES VOTTAR Lusevottar med konststrikka kant, middels damestorleik. Strikkinga kan varierast på mange måtar. I denne oppskrifta er det strikka kile til tommelen for å få god passform. Mønsteret er i 2 variantar. Den eine med flat felling, til høgre og venstre vott. Den andre med rundfelling som igjer at det ikkje er forskjell på høgre og venstre vott. I oppskrifta er kontkanten strikka likt, slik at alle botenfargerutene skrår frå høgre mot venstre. Det kan bli enda finare å spegelvende kontkanten, slik at botnfargerutene skrår frå venstre mot høgre. strikketeigen.com 3107 Materialer: Sandnesalpakka, botnfarge ca 70g, mønsterfarge ca 40g. Eller tilsvarande garn – 50g er ca 110 meter. Pinnar: Strømpepinnar i tre 3mm (produsendten tilrår pinnar 4mm til garnet, men til kontstrikk og til vottar er det best at strikkinga er litt fast. Til kanten i kontstrikking er det nødvendig med trepinnar, for metallpinnar glir så forferdeleg lett ut or maskane. Opplegg: Kjedemaskelekkje, 40 maskar – sjå biletforklaringa under. Vidda kan regulerast ved å auke masketalet med 4 og 4. Farge B: legg opp 3 masker, og strikk kant med lykkjer i sida slik:. Kast - stikk pinnen inn i første maske og ta den laust av - strikk andre maske - trekk den lause over - strikk den siste masken - snu. Gjenta til det er 39 lykkjer i kvar side. Ved strikking av siste 39. lykkje, skal midtre masken på pinnen fellast. Strikking av kontkanten 1. ruteomgang - halve ruter som skrår frå høgre mot venstre - botnfarge: Brett lykkjekanten dobbel, 2 lykkjer, ei frå kvar side til 1 maske. Første maske blir dei 2 gjenståande på pinnen. Strikk dei saman til 1 maske. Strikk maska ein gong til - første maske er strikka fram og tilbake. Strikk 2 maskar fram og tilbake ved å ta med maske frå lykkjekanten. Hald fram med å ta med 1 og 1 maske frå oppleggskanten til den halve ruta har 4 maskar. Strikk dei 4 maskane fram og tilbake 1 gong. Første halve rute er ferdig strikketeigen.com 3107 Strikk dei 9 resterande rutene på same måten. Strikk ein ekstra pinne i siste rute, dvs. avslutt med tråden i toppen av ruta, for å kunne bruke den vidare i 3. ruteomgang, siste pinne i siste rute blir strikka frå venstre mot høgre. Ta saman i ring og strikk heile ruter . 2. ruteomgang – ruter som skrår frå venstre mot høgre – mønsterfarge: 1. rute: Med mønsterfargen skal det strikkast opp maskar i kjedemaskekanten i første strikka rute. Første felling på slutten av 4. pinne, for å felle maskane i sist strikka rute. Ruta er ferdig strikka når siste maske i felleruta er felt. Resten av rutene: Strikk opp maskar til neste rute, og strikk vanleg kontrute. Siste rute skal ha ein pinne meir, slik at strikkinga sluttar på toppen av ruta, siste pinne frå høgre mot venstre. I overgangen mellom rutene der forrige ruteomgang starta og slutta kan det lett oppstå eit hol, det kan tettaste ved å ta opp ei maske og strikke den saman med dei andre ved første felling i ruta. Dette kan det vere lurt å gjere i kvar ruteomgang. 3. ruteomgang – ruter som skrår frå høgre mot venstre – botnfarge: 1. rute: 2. - 9 rute: 10. rute Strikk opp maskar i kjedemaskekanten i ruta der botnfagen er Start felling på slutten av 4. pinne. Ruta er ferdig når siste maske frå ruta i førre omgang er felt. Strikk opp maskar til neste rute i næraste kjedemaskekant, og strikk vanleg kontrute. Som 2. rute, men med 1 pinne etter siste samanstrikking, for at tråden skal vere i toppen av ruta og kunne brukast til neste ruteomgang med botnfarge. strikketeigen.com 3107 4. ruteomgang – mønsterfarge som 2. ruteomgang, start der tråder er. 5. ruteomgang – botnfarge som 3, ruteomgang, start der tråden er. 6. ruteomgang - mønsterfarge som 2. ruteomgang, start der tråder er. 7. ruteomgang – halve ruter i botnfarge – med ruter som skrår frå høgre mot venstre. 1. rute Start der tråden er Samanstrikking på 4. pinne1. pinne: Strikk 3 maskar tilbake, den 4. masken blir ståande att på høgre pinnen Fell ei ny maske frå rute i førre ruteomgang Strikk 2 maskar tilbake. Det blir 2 maskar frå ruta ståande att på høgre pinne Fell ei ny maske. Strikk siste maske frå ruta i førre ruteomgang og trekk siste maske i den halve ruta over. 2. - 10. rute – som 1. rute, men samanstrikkinga tek til på slutten av 3. pinne. Vrangbord 1 omgang r i botnfarge slik: plukk opp ei maske mellom kvar maske og strikke den samane med maske frå pinnen. Dette er for å unngå hol i overgangen. Strikk vidare 2 rette og 2 vrange i botnfargen 1 omg 2 r 2vr i mønsterfargen, start der tråden er. Flytt maskane på pinnen om nødvendig. 1 omg 2r 2vr i botnfage, start der tråden er. 1 omg 2 r 2vr i mønsterfargen, start der tråden er. Flytt maskane på pinnen om nødvendig. 1 omg 2r 2vr i botnfage, start der tråden er. Overgang frå vrangbord til vott: Frå nå av skal det bare strikkast rette maskar. Strikk med botenfargen til der mønsterfargen er. Strikk vidare 1 omgang botnfarge g auk 8 masker (for kvar 5. maske). Om det er ønskjeleg med ein vidare vott, kan det aukast 12 masker, om ikkje alt er utvida. Lusestrikk: Rapport i votten over 4 masker og 10 omgangar Rapport i og kile og tommel over 2 masker og 10 omgangar Følg mønsterdiagrammet til den varianten du ønskjer. Pass på at lengda opp til tommel får rett lengde. Sett kilemaskane over på maskesamlar. strikketeigen.com 3107 Legg opp 5 maksar med strikketråden til botnfargen. Strikk vidare etter diagrammet. Fellinga av votten tek til når den så vidt dekkjer veslefingeren. Mønsteret med felling i sidene har 2 fellinger ved veslefingeren, før det skal fellast i begge sider. Til tommelen må det plukkast opp ekstra masker i overgangen mellom maskane i kilen og dei 5 nye maskane til votten. Dette for å få finast mogleg overgang, og for å få god vidde til tommelen. Tommelfelling tek til når når strikking går innpå nagla. Mønsterdiagarn til votten med felling i sidene, venstre og høgrehandsvott: Det er viktig å passe på at tommelen kjem på rett side når den andre votten blir strikka. Forklaring til mønsterdiagrammet: Dei ljos grå rutene markerer auking og felling Aukinga er gjort ved å lage ei ny maske mellom 2 maskar. Felling på høgre side av maska mellom fellingane: 2 maskar saman Felling på venstre side av maska mellom fellinga: 1 maske laust av, 1 rett, trekk den lause over den rette. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 strikketeigen.com 3107 Forklaring til mønsterdiagrammet: Dei ljos grå rutene markerer auking og felling Aukinga er gjort ved å lage ei ny maske mellom 2 maskar. Felling: 2 maskar saman 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 strikketeigen.com
© Copyright 2024