Les kapteinens historie ombord frå 1989-2003

Ombord på Ullaholm
1989 - 2008
Starten
Historia mi om bord på M/S Ullaholm starta veldig tidlig, faktisk så tidleg at eg ikkje sjølv var klar over
det! Mange tilfeldigheiter, førte til eit engasjement og initiativ til å bruke mykje tid og krefter om bord på
Ullaholm.
Far min var med i Ulstein og Hareid Dykkerklubb, og dette er bakgrunnen for mi tidlige interesse for
skuta.
Sommaren 1988 var Ulstein Seilforening på jolletreff på seilerhytta til Ålesund seilforrening på
Gåsholmen. Vi reiste med båten ”Masko” som dykkerklubben disponerte frå Sjøheimevernet på den tida.
Dette er den skuta som no heiter ”Rundø” og ligg på Garnes, og som Rune Garden har restaurert. Under
dette jolletreffet var vi på sightseeing med gummibåten inn i Langevågsholmane, og på same tidspunkt
stod Ullaholm på land på Fyllingen slipp. Dykkerklubben
var på utkikk etter ei skute som kunne brukast til
dykkerturar, og dei fleste var vel einige i at ”Masko”
ikkje var noko å satse på. Denne båten tok blant anna
pumpelukt opp til eit nytt nivå, maskineriet var ikkje i
aller beste stand, og generelt var båten moden for ei
ganske stor renovering.
Då vi såg den flotte skuta som stod på slippen på
Fyllingen, vart det uttalt av gjengen i gummibåten, at ”..
ei slik skute skulle vi hatt”.
Året etter fekk ein av medlemmane i dykkerklubben,
nyss i at nettop Ullaholm skulle kondemnerast. Gjennom
ei ordning frå fiskeridepartementet for å modernisere
fiskeflåten, vert det gjeve tilskot til redarar som vil ta
fartøy ut av fiskeri. Desse båtane skal opphøggast, senkast, eller brukast til andre oppgåver. Det vart sett i
verk stor lobby virksomheit for å få teke over båten. Reglane den gongen var veldig strenge på området
med å overta strukturerte fiskefartøy. Fartøyet måtte bli erklert verneverdig, og det måtte vere eit museum
som overtok båten for vern for framtida.
Denne prosessen kjenner eg ikkje i detalj, noko som kanskje har samanheng med at eg var 12 år på den
tida, men båten blei erklært verneverdig av riksantikvaren, som ein av dei siste småtrålarane i sitt slag, og
ei av dei få svenskeskøytene som var igjen i Norge.
Ishavsmuseet Aarvak, vart juridisk eigar, og Ulstein og Hareid Dykkerklubb vart drivar av skuta.
Overtakinga i 1989
På hausten 1989 reiste vi nordover til
Haramsøya for å besigtige skuta å forhandle
med gamleredarane. Det var med stor sikkerheit
at båten skulle vere med heim, og derfor gjekk
vi oppover med taubåten til Harald P Saunes
”Pors”. Gjengen frå dykkerklubben som var
med var, Jan Einar Saunes, Kjell Barstad, Otto
Warpe, Bjørn Hagenes og Sigbjørn Kjøllesdal,
samt underteikna som fekk vere med farsin på
turen!
Eg kan huske Hans og Magnus Tomren, som ba
gjengen inn i byssa, pyroen brann på full gass,
og forhandlingane gjekk varme for å sei de slik!
Etter kvart som forhandlingane vart hardare og hardare, vrei Tomren brørne på pyrobyssa!
Det sto om kva som skulle betalast for utstyret som var om bord, og som ikkje fiskeridirektoratet betalte ut
ved kondemneringa. Reglane seier at skroget, og blokka av hovudmaskina skal vere med i
kondemneringa. Dei heitaste diskusjonane stod om dei dyre blokkene på bomsvingarane, hjelpemotoren,
og trålvinsja, radar og dekkanavigatorar. Dei som hadde dreve båten med nøysemd i 40 år, hadde sjølvsagt
eit nært fohold til alt om bord, og hadde følt kostnadane med innkjøpa på kroppen. Det blei gjort avtale
om å betale kr 175.000,- og då var ikkje trålvinsja, radaren og hjelpemotoren med.
No hadde det seg slik at utstyret som gamle redaren skulle ta på land, aldri vart henta. Trålvinsja havna i
fyllinga på Stranda Mek, og hjelpemotoren, ein 22 hk Sabb, stod om bord til langt ut på 2000 talet før den
blei sett i land, og auksjonert vekk til Atle Strandabø for 2000 kr på standen til Ullaholm Båtklubb,
Ulsteindagane 2007 (Meir om Ullaholm Båtklubb seinare). Radaren vart levert inn på Furuno i Ålesund
for salg, men der gjorde nokre smarte karar frå dykkerklubben ein avtale om å få leige den på ti års
kontrakt for kr 1,- pr år.
Når båten kom til Ulsteinvik, vart det gjort nokre ombyggingar for å gjere båten eigna til dykkerbruk.
Varpsnelda på baugen vart fjerna, trålvinsja vart sett i land, og bingefjølene på dekk vart fjerna.
Lasterommet forblei inntakt i mange år pga. krav frå riksantikvaren.
Drifta første tida
Båten vart finansiert gjennom eit lån i
Sparebanken møre. Betalinga av dette skjedde
gjennom turar med passasjerar. Båten fekk
passasjersertifikat for 30 passasjerar og det vart
kjøyrd utallige turar med dykkarar, bryllup, tyske
turistar, sjøheimevernet etc. Allereide etter første
driftsår var båten nedbetalt! Kjell Barstad, Jan
Einar Saunes og Otto Warpe var dei som hadde
papir, og var skipper om bord på det meste av
desse turane.
17. mai 1993 sette Ullaholm kursen mot Shetland,
på dykketur. Dette er vel den største turen
dykkerklubben hadde med båten. Overfarta
skjedde i strålande ver..Eg har vorte fortalt nokre
historier frå denne turen, mellom anna då dei kom
til Lerwick og hadde problemer med dynamoen på
hovudmaskina, og dei fekk ringt til ein service
mann som skulle kome om bord. Då karane kom
om bord etter ein tur på byen, låg maskina å gjekk,
og ingen heilt forstod kva dette var for noko. Det
viste seg at service mannen kjende båten betre enn dei fleste, og visste til å med kvar nøkkelen brukte å
ligge, opppå dørkarmen på toalettet. Han hadde vore ombord på Ullaholm monge gonga opp gjennom åra
når båten var i fiskeri!
Turen heim vart utsett ein dag pga dårleg ver, men laurdag 24 mai gjekk Ullaholm heim med storm i
ryggen, denne turen gjekk også etter forholda bra, utanom då peilerøret på byssa vart knekt, og fylte
toalettet med diesel, samtidig som kjøleskapet opna seg og alt innhald for utover golvet i ein sjø!
Andre historier som har vorte fortalde er då Jan Einar Saunes hadde båten på tokt med sjøheimevernet.
Skyggesidene var vel kvar morgon når toalettet gjekk tett, på grunn av klaffen som hengte seg opp.
Kaptein Saunes måtte då stå på spyleslangen og prøve å spyle opp toalettet. Men den store
solskinshistoria er då Ullaholm, overumpla heile forsvaret og gjekk i bakhalds angrep på styrkane som
vokta Herøybrua! Jan Einar har nok sett eindel krigsfilmar i si tid, for han beordra halve mannskapet vart
sendt gjennom straumane bak lanternen marina i gummibåten, mens Ullaholm gjekk gjennom røyrasundet
for å avlede vaktposten på herøybrua. Mens dei var opptekne med Ullaholm, kom karane i gummibåten å
angreip dei bakfrå! Brua var teken tilbake, til heimevernet si store begeistring!
Ullaholm var også aktivt med i arrangeringa av Dykkerpåske i Ulsteinvik i regi av Ulstein Hotell. Om ein
gjer ei bilde søk på internett finn ein mange flotte bilder som deltakarar på desse dykkerpåskene har
teke. Ullaholm var også med då dykkarar fann sjølvaste skipsklokka på fregatten ”Konsul Carl
Fisser” som ligg i Valderøy fjorden!
I forbindelse med dykkerpåska 1991, vart det laga reportasje om bord i Ullaholm av ”Norge Rundt”, alle i
manskapet vart dressa opp i jakker frå Djupvik, og reportarane fekk vere med på dykketur ut til Runde, og
Akerendam skatten.
Under ein fisketur med tyske turistar tok det fyr i eksorøret i styrhuset. Det hadde rusta hol i røret, og
glovarm eksos lak ut inne i veggen bak mot bestikket. Halvard Falk som var skipper om bord, fekk skuta
inn til kai og fekk om bord brannvesenet. På grunn av den vanskelege leideren opp til styrhuset, valde han
sjølv å klatre opp og sløkke, iført røykdykkar utstyr! Skuta vart reparert ved Larsnes Mek. med nytt
eksosrør, og ny vegg bak mot bestikket.
Orkanen
I 1992 opplevde vestkysten av Norge, den
mykje omtalte nyttårsorkanen. Nok en gong
måtte Ullaholm tåle harde påkjenningar. Kaia i
Ulsteinvik, har inga skjerming for sørvest
vindretning, og uveret stod rett på kaia! Det vart
anlått ei bølgehøgde på 3-4 meter langs kaia, og
faste sjøen stod innover hekken. Fleire frå
dykkarklubben var ute denne natta, og dei fekk
starta opp maskina, og bakka mot veret. Harald
P Saunes, kom også med ein taubåt og fekk sett
opp ei ekstra fortøyning bak i kommune kaia.
Takka vere stor innsats vart skuta nok ein gong
berga, men fekk ei stygg skade på stybordside.
Fenderlista i aluminium hadde huka seg på
kaikanten og øverste bordet i huda var oppreve.
Båten stod lenge på slippen på Notøy mekan,
der bordet vart skifta og rekka reparert. På
denne tida var det Svein
Arne Røkke og Sigbjørn Kjøllesdal som var dei
mest aktive om bord, med litt hjelp frå gamle
karane i klubben.
Forfallet
Mot slutten av 90 tallet var det mange av ildskjelene frå starten som mista interressa for dykking, nye
krefter kom inn, og dei hadde ikkje same eigeforholdet til båten som dei første hadde. Skuta vart meir og
meir eit stort arbeidsmessig og økonomisk bryderi for klubben, og aktiviteten om bord vart mindre og
mindre.
Skuta mista passasjersertifikatet, og det meste arbeidet om bord gjekk som nødvedlikehold for å holde
skuta flytande.
Første juledag 1995 vart det slått full alarm! Eg var den tida aktiv i fridykkermiljøet, og var tilfeldigvis om
bord ein tur for å sjekke tilstanden.
Synet som møtte meg var at maskina stod halveis under vatn! Eg fekk tilkalla Are Garshol, som også var
aktiv på den tida, samt eit par av dei gamle eldskjelene. Vi fekk låne pumpe av Ødegård Rør, og Svein
Hols frå brannvesene kom og hjalp til. Til slutt fekk vi vatnet ut og berga skuta for denne gong.
Maskinromet vart spylt ned, maskina og gearet fekk ny olje, og båten overlevde utan nemneverdige
skader! Årsaka var at lensepumpa hadde stoppa, og når skuta begynte å ligge tyngre i sjøen, kom sjøen
opp på delar av skroget som ikkje var trutna, og innsiget av vatn vart større og større. Ny lensepumpe vart
montert, og nødpumpe på 220v med flottør vart innstallert.
Etter dette var min innsats om bord fråverande fram til 2004. Dykkarklubben holdt skuta gåande, med Jan
Helge Dyngeland i spissen. Dei laga seg til ei enkel innreiing i lasteromet, og brukte skuta til dykking. Eg
blei innleigd som skipper ved eit par høve.
I 2003 skjedde det fatale med skuta. Av ein
eller annan grunn tok det fyr i akterlugaren
seint ein kveld. Folk som stod på kaia la
pluttselig merke til at det rauk frå båten, og
etter ei stund såg dei flammar stikke fram!
Brannvesenet rykte ut, og dei knuste
ventilar, og brukte motorsag på dekk for å
kome til å sløkke. Det har vore spekulert
mykje i kva som kunne vore grunnen. Enten
at brannen vart påsett, eller at der var ein feil
ved det elektriske anlegget. Min teori er at
flottøren på lensepumpa har hengt seg opp
på rusk i lensebrønnen, slik at lensepumpa
har stått å gått tørr so lenge at ho har teke
fyr. Politiet henla saka, og forsikringspremia vart utbetalt til dykkerklubben, kr 350.000,-.
Heile akterlugaren vart utbrend, dette var redarlugaren om bord. Innreinga her var meir påkosta enn resten
av båten. Skota var laga i mahognyfiner, med 3
køyar på kvar side, ei underkøy og to overkøyar.
Framom desse var det ein buesofa i svart skinn,
med eit bord i midten, som fylgde buen i akterkant,
men var beint framme. Inni bordet vara det 3 store
skuffer. Skuffer var det også under overkøyane. På
kvar side i forkant av lugaren var det eit stort
kleskap, og heilt akter var det eit skap, som også
var inspeksjonsluke for rorstammen. Midt i
lugaren, på maskinromskotet, var det ein liten vask,
og ein haldar for pissepotta!
Eg har prøvd å laga ei skisse over korleis lugaren
såg ut.
Maskinromsskotet vart delvis oppbrendt og
oppunder dekk, og dekksbjelkar. Vidare gjekk røyk
og varme opp i byssa, styrhuset og egnarhuset. Alt
elektriskanlegg vart totalskada, men maskinromet
skar klar!