Brødrene af Sand”

Dagstur med
”Brødrene af Sand”
9. klasse
Elevhefte
Ryfylkemuseet 2005
Brødrene - fakta
Velkommen om bord i “Brødrene af Sand”!
Brødrene er ei jekt. Mange blandar saman jekt
og jakt, og det er ikkje så rart.
Ei jekt var i gamle dagar utan dekk, og med
bare eitt segl som liknar det som vikingskipa
hadde, eit “råsegl”. Det var skute-typen jakt
som likna meir på slik som Brødrene er. Her
i Ryfylke blei nemninga jekt brukt om begge
desse båt-typane, og difor seier me at Brødrene er ei jekt.
Brødrene blei bygd i Ryfylke på midten av
1800-talet.
Brødrene har frakta mest ved og trelast, men
også sand, jord, kol, is, korn, poteter, frukt,
salta makrell, teglstein, dyr og post, og sikker
mange andre ting.
Brødrene kunne laste 270 tønner.
Brødrene fekk motor i 1917.
Mange blandar saman Brødrene med ein annan båt som heiter Anna af Sand. Anna høyrer
i dag til Stavanger sjøfartsmuseum. Brødrene
og Anna låg i over 60 år ived siden av kvarandre på Eide.
Brødrene er 50 fot lang.
Brødrene blei bygd for å frakte sild.
Masta er 20 m høg.
Brødrene gjekk lange turar til Austersjø-landa
i byrjinga.
Brødrene har seks segl: Storsegl, toppsegl,
råsegl, fokk, klyver og jagar.
Når silda forsvann i 1870, blei Brødrene brukt
til å frakte ulike ting rundt i Ryfylke, og mellom Ryfylke og byar på vestlandet.
2
Ordensreglar om bord
Tryggleik om bord er viktig. Difor har
me ordensreglar. Det er viktig at alle
følgjer desse!
1. Alle må følgje ordre frå skipper eller
mannskap!
2. Det er ikkje lov å klatre eller sitte på
rekka, då det er lett å dette på sjøen.
3. Roping og høglydt skrål høyrer ikkje
heime på skuta.
4. Springing og leikeslåssing er ikkje
lov.
5. Det er absolutt ikkje lov å klatre i
riggen eller ut på baugspydet når ein går
for motor. Spør alltid ein av mannskapet
om lov til å klatre i riggen eller ut på
baugspydet.
Brødrene af Sand ved Lingvongfossen. Foto:
Astrid Brommeland
6. Discman og anna musikkutstyr er
ikkje tillate.
3
Oppgåve 1
Sjå på biletet under og på neste side.
Biletet er tatt på Sand og Eide, og det er
av Brødrene.
Kva tid trur du biletet er frå?
Kva held dei på med?
Kvifor held dei på med dette?
4
5
Farty, rigg og segl
Ulike typar segl
Råsegl/skværsegl: Dette er det eldste kjende
seglet i verda. Namnet kjem frå det engelske
ordet square = firkant, på
grunn av at desse segla
var firkanta. Ei mast og
eitt slikt segl, var vanleg
fram til første halvdel
av det 15. århundre.
Råseglet kan bare
brukast i medvind.
Latinersegl: Dette er det første kjende sneisegl.
Latinerseglet stod i
båtens lengderetning i
motsetning til råseglet
som stod på tvers av
båten sin lengderetning.
Dette seglet var mykje
i bruk i landa rundt
Middelhavet.
Sprisegl: Dette er eit segl som stammar frå
Nederland, og det blei utvikla for at båtane
skulle kunne ta seg fram
i dei trange kanalane ved
Rhindalen. Spriseglet
er festa til sjølve masta,
ikkje ein eigen stokk
(”rå”) som på råsegl
eller latinersegl, og det
har ein spristake som held ytre delen av seglet
ute.
Gaffelsegl: Dette er ei vidare utvikling av
spriseglet. Den opphavlege spristaken blei
forkorta, heva og festa
til masta med ei slags
klo eller ein gaffel, difor
heiter det gaffelsegl.
Dette seglet blei teke i
bruk frå midten av 1600talet. Etter kvart blei
det tatt meir og meir i
bruk, og på 1900-talet blei store handelsskuter
også rigga med gaffelsegl. Bomsegl er som eit
gaffelsegl, bare at det har bom, ein trestokk
som seglet er festa til nedst.
Bermudasegl: dette er det einaste seglet som
ein finn i moderne seglbåtar. Det er høgt og
smalt, utan gaffel men med bom. For over
200 år sidan brukte fiskarar på Bermuda eit
trekanta storsegl med lang bom men utan
gaffel. Difor heiter det Bermudasegl.
Ulike typar båtar
I tillegg til jekter, har det også segla både
mindre og større båtar på fjorden oppigjennom
hundreåra.
Færing: 2 par årer, 2 rom
Seksæring: 3 par årer, 3 rom
Åttring: 4 par årer, 4 rom.
Vengbåt: har eit overbygd hus kalla veng, bak,
men er elles open. Vengbåten blei mykje nytta
til skyssbåt for embetsmenn.
Brigg er eit
mellomstort skip
med to fullrigga
master, og er særleg
kjenneteikna ved
eit gaffelsegl på
stormasta.
Ein bark er er eit
større farty med
tre master eller
fleire, der den
bakerste masta har
gaffelsegl, dei andre
mastene har råsegl. Mellom mastene er det
små stagsegl og framme er det tre forsegl.
Skonnert: 2-3 master som var delt i to. Opptil
sju master kunne ein skonnert ha. Riggen
kunne vere litt ulik.
Fullrigger: Seglskip med minst 3 fullrigga
master. Det finst mange ulike typar skutar, og
det er ikkje mogeleg å komme inn på alle her.
6
Namn og nemningar
Alle ting på skuta har sitt eige
namn.
På masta er gaffel og bom med
storsegl, øvst er toppsegl, på tvers
framføre masta er breifokka som er
eit råsegl, framføre masta er dei tre
forsegla fokk, klyver og jagar.
Masta blir halden i balanse av
stramme tau, stag framme og
bak, og vant på kvar side. På sida
finn ein også vevlingar, ein slags
taustige som ein kan klatre oppover
i riggen i.
På skroget har ein stevnen framme
og akterspeglet bak. Bak sit og
roret. Øvst på skroget er rekka. Under skuta
finn ein kjølen og
kjølsvinet. ”Golvet”
på skuta heiter dekk.
Bak, eller akter,
finn ein skylightet,
med vindauge i, der
kompasset også står.
Tau og tauverk om bord
Tau av lin var lenge vanleg i rigg og segl, men
var ikkje så sterkt. Etter kvart blei hamp tatt
i bruk, dette var mykje sterkare enn lin. Det
var vanleg å bruke tau av naturfiber frå hamp,
bomull, jute, lin, manila og sisal. I dag brukast
mest tau av kunstfiber, nylontau, då dette er
sterkare og toler vatn og sol betre.
Tau blir delt inn etter kor tjukt det er:
Tråd/garn:
Mindre enn 1 mm
Snor:
1 – 3 mm
Tau:
3 – 10 mm
Trosse:
Ekstra tjukt tau
Alle tau om bord i Brødrene er laga av hamp.
Dei er laga slik at dei alltid skal kveilast med
sola. Dersom ein ikkje gjer det, blir tauet
svært vanskeleg å ha med å gjere, og det blir
etterkvart øydelagt.
ved å ha tauet hengande fritt over dekk slik at
det tørkar.
Tau som blir bruka til å heise segl med, blir
kalla fall. Desse taua er behandla med tjøre, og
dermed svarte og seige å ta på. Tau som blir
brukt til å styre segla med, blir kalla skjøte.
Desse er barka (koka saman med furubark)
og dermed farga raude. Tjøring og barking av
taua må gjerast etter kvar sesong.
Mange av taua går
gjennom taljer, eller
blokker, for at ein
skal bruke mindre
kraft. Blokkdreiing
var eit eige
handverk i gamle
dagar.
For at tau ikkje skal
rakne i enden, må
ein sikre det med
ein takling. Det vil
seia at ein surrar
eller syr garn rundt
tampen på tauet, så
det ikkje løyser seg
opp.
Tau av naturfiber må haldast tørt, og det skjer
7
Dersom ein skal binde to tau saman utan å
bruke knute, spleiser ein tauet. Då fører ein
kordelane i tauet saman.
Knutar kan delast inn i tre ulike typar:
Knutar på eigen part: til dømes åttetalsknop
Knutar til å fortøye med: til dømes halvstikk
Knutar til å binde saman med: til dømes
båtsmannsknop eller flaggstikk
Om bord i Brødrene øver me på fleire knutar:
båtsmannsknop, dobbelt halvstikk, pålestikk,
flaggstikk og kanskje fleire dersom elevane er
interessert. I elevheftet er det ”oppskrift” på
desse knutane.
1: Dobbelt halvstikk. 2 og 3: Dobbel halvstikk
om eigen part.
Pålestikk
8
Oppgåve 2: Tau
Kva er tauverk ombord på Brødrene laga av?
Korleis er tauet behandla?
Korleis skal ein kveile tauet om bord i Brødrene? Vis til ein vaksen om bord at du
kan det.
Kva vil det seia å spleise og takle tau?
Lær deg desse knutene og få godkjent av ein vaksen at du kan dei:
Båtsmannskop
Dobbel halvstikk om eigen part
Pålestikk
Oppgåve 3: Segl
Lag ein skisse av Brødrene der du skriv namn på dei seks segla inn.
Lær deg minst tre uttrykk som blir brukt i samband med segling. Skriv forklaring
til.
Oppgåve 4: Navigasjon
Kor langt er ei sjømil?
Kva måleeining blir brukt for fart i båt?
Korleis måler ein kor stor fart Brødrene har?
Korleis ville du målt farten dersom du ikkje hadde eit instrument som kunne gjere
det?
Sjå på sjøkartetet. Finn minst fire symbol. Teikne dei og skriv forklaring til.
Kor langt har Brødrene gått på turen?
Kva er gjennomsnittsfarten i knop og i km/time?
Prøv deg på å styre Brødrene. Skriv her kva du måtte passe på og korleis det var.
Ut fra Blidensol vi seilte
Faderaderallala
Satte kurs og riktig peilte
Faderaderallala
Ledål i en syd-syd-vest,
som det vi peile kunne best
Gjennom Østervågkanalen
rente hun som var hun galen
til vi kom til Skolebekk. Der sprang
hennes skute lekk.
Refr...
Refr. Faderaderallala faderaderallala
faderaderallala
Endelig jeg henne praiet
og hun opp mot vinden svaiet.
Hal ned klyver, stikk opp fokk! Det gikk
fort og villig nok.
Refr...
Hennes kurs litt østlig vendte
Da hun inn på Torvet rente
Hvor vi fikk en seiler se,
som lå der og kryssede
Refr...
Hun omhalder sine skjøter
toner flagg når hun meg møter
Og på hennes hvite topp, strekker
bovenbramseil opp.
Refr...
Hun sin stor-hals lett oppheiste
da hun inn ad Skagen deiste.
Da hun Bakkesmauet smøg, hun sitt
bovenbramseil strøk.
Refr...
Der falt ankeret i bunnen.
Faderaderallala.
Seilene ble snart oppvunnen.
Faderaderallala.
Pompe lens, hurra my boys! Satte vakten
gikk til køys.
Refr...
Dette er ein ”Hand over hand shanty” med
opphav i Stavanger. Toralf Klungland frå Ølen
hadde lært denne av mora som var frå Vikedal.
Den blei sunge av karane på verftet der.
11
I Amsterdam i Holland der lå en gammal
brigg.
- Heave away for Santa Anna.
Forsliten var dens seil og forsliten var dens
rigg.
- Heave away my boys for Mexico.
Og kjølsprengt det var hu så hu hang med rau
og baug.
Og mest av allting likna hu ei gammalt
bakstetraug.
Vi brukte inga ledder for å entre opp på
dekk.
Med tærne i natene vi kravla opp fresk
vekk.
Kahytten den så ut som et skarva
veaskjul.
Og ratten den var gjort utav et gammalt
kjerrehjul.
Inga vevlinger i vantene eller knagger på vårt
ratt.
I natthuset for kompass lå en gammal flossehatt.
I pollen sto en spiker som pekte imot
nord.
Og han som styrte skuta drog den rundt om
i en snor.
Vi hadde inga bramseil, vi heiste opp et
skjørt.
Og jammen holdt det godt så lenge været det
var tørt.
Vi skulle ut fra Amsterdam med ballast ut av
jord.
Og seilte hjem til Fredrikstad og lasta høva
bord.
Vi styrte ut roveret og pompa litt
imens.
Men stod til neste formiddan for skuta hu ble
lens.
Det var en søndagsmårran vi blei purra ut til
baut.
Men da vi så i luka, lå kjølsvinet og flaut.
Nå vil jeg ikke synge mer, for ikke mer jeg
veit.
Jo kokken brente rompa si på byssa som var
heit.
Dette er ein hivesjanti. Dei blei brukt når
ankeret skulle opp. Nokre hivesjantiar er
raske, mens andre er tyngre i takta. Dette kjem
av at arbeidet har fleire fasar. Fyrst tek ein
inn slakken på ankrekjettingen. Det er ikkje
særleg tungt. Men når kjettingen går rett ned,
og ankeret skal brytast mot botnen, krevst det
tyngre tak.
12
En vise jeg vil sjunge og den er splitter ny:
Den handler om ei jente som jeg traff i Ny
York by.
- Hal i vei en sjanti! My dear Anny.
Å du Ny York girl, kan du danse polka?
Vi sammen gikk på livet til jeg ble nesten full.
I en butikk hun ringer fikk som nesten var av
gull.
Ja, jentene er falske, de holder aldri ro. Og hva
de gjør, så snart de tør, det kan du aldri tro.
Jeg gjorde som hun ba meg før yankeen kom
der.
Og så: Adjø du falske mø! Nå vet jeg hvem du
er.
- Hal i vei en sjanti! My dear Anny.
Å du Ny York girl! Kan du danse polka?
Hun sa: Du Ola Stokkfisk kan følge med meg
hjem.
Du er så snill og liketil at du skal få en klem.
Jeg frydet meg til natta og var så sjelegla.
Jeg gjorde kur, men hun var lur, og disse ord
hun sa:
Min beste venn er yankee og går med kortklipt hår
Han sjømann er, men ganske nær, for skipet
kom i går.
Han kommer hit i aften, og blir nok her i natt.
Så kyss meg fort, for du må bort. Han er sjalu,
min skatt!
Dette er ein walkaway-sjanti.
Når skuta skal gå over stag, gjeld et at segla
vert snudd i ein fart, så ein ikkje vert liggjande
stille. Dette vert gjort ved at ein av mannskapet spring bortover dekket med brasane. I
marinen og elles på skuter med stort mannskap, kunne ein også heise segl ved at mennene gjekk bortover dekket med fallet.
Walkaway sjanti kan og brukast ved gangspel
eller pumpe. “Can`t ye dance the polka” var
ein storslager i Amerika i 1830-åra, då dansen
polka var ny. På skutene levde songen vidare
som sjanti og fekk ei rekkje nye vers. Og som
vanleg er det berre dei puntelegaste versa som
er bevart...
13
Hiv opp seil, la tampen gå,
nå skal jekta vår seile.
Fokk og klyver, toppseilrå,
det får skuta i siget.
Høyrde du ein stille song
frå rigg der vindene tusla.
Høyrde du ein treskogong
frå ein på dekket der rusla.
Refr:
Skipper før di skute staut,
ut mot hav i slør og baut.
Stå til rors i sol og sludd.
Brødrene den skal seile.
Skipper før...
Tidt med last til byen du for,
skroget ditt mange kjende.
Førte ved og fjordabord,
kom så stille attende.
Lær oss meir om hav og fjord.
Lær oss å ferdast så stille.
Lær oss vørnad for vår jord,
og møta stormane ville.
Skipper før di skute staut
ut mot hav i slør og baut.
Stå til rors i sol og sludd.
Brødrene den skal seile.
Skipper før...
Var ditt skrog av elde merkt,
trong du omsorg og pleie.
Som ny du er, ditt skrog så sterkt,
“den grøne jektå” frå Eide.
Skipper før...
14
Tilbakemeldingsskjema
Brødrene - fakta
Ryfylkemuseet vil gjerne vite noko om korleis du har opplevd turen.
Kva var kjekt på turen?
Var det noko som ikkje var kjekt? I tilfelle kva?
Kva lærte du på turen?
Er det noko av det du har høyrt om og lært om som du kanskje kunne tenkje deg å
lære meir om seinare? I tilfelle kva?
Andre kommentarar?