Last ned som PDF med noter

garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 245
FORFATTARPORTRETT
I BREVVEKSLINGAR
– ARNE GARBORG, HULDA
GARBORG OG AMALIE SKRAM
INE FINTLAND
ta k k j æ r e d i g , ogsaa for det du du [sic!] snakker saa lige ud om
mine Forfatteregenskaber! Tænk, jeg har altsaa virkelig Forfatteregenskaber! Som Jeppe kjender jeg paa min hule Tand og spørger om det
er mig eller om det ikke er mig. Det har jeg nu forresten gjort saa ofte
i de sidste Aar, enda jeg jo egentlig aldrig rigtig havde opgivet Troen
paa at der skulde ‹hænde noget› engang i mit Liv. Og saa hændte det
vidunderligste, at jeg blev Kona di – Tosken!1 Og tænk om jeg saa ovenikjøbet kunde komme at gjøre noget! Ja, jeg har sandelig Grund til
at være taknemmelig, og alt er din Skyld.2
245
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 246
med lykti i hand
«Det vidunderligste» – forvandlinga – har hendt. Arne har – i motsetnad
til Torvald Helmer – anerkjent hustrua som «menneske». Samlivet har
blitt «et ægteskab», det har bore frukter. Etter «otte år»3 er dei ikkje framande for kvarandre, men på veg til å bli kollegaer. Ved å trekkja parallellar mellom seg sjølv og to kjende litterære karakterar hos Holberg og
Ibsen, markerer Hulda at ho kjenner den dramatradisjonen ho har ambisjonar om å skriva seg inn i. Det er ikkje dei to dramatikarane ho først
og fremst identifiserer seg med, men den «forvandlede» bonden og «lærkefuglen», som taler «som om den var et menneske».4 Hulda gir Arne all
ære for at det viltveksande, ukultiverte og ubrukelege som har budd i
henne, no ikkje lenger er «til Forargelse og Plage».5 Han har gjort det
mogleg for henne å dyrka fram eit skrivartalent.
I perioden då breva mellom Arne Garborg, Amalie Skram og Hulda
Garborg blei skrivne, høyrde det med til sjangerkonvensjonen at dei
kunne bli viste til andre eller til og med offentleggjorde (Lunde 1978,
Beyer 1982: xiv). Slik kunne ein via private brev presentera «seg sjølv» for
offentlegheita og indirekte kommunisera med denne. At brevet kunne
nå langt fleire enn adressaten, er avsendaren truleg klar over når han
utformar teksten. Breva får difor ofte preg av å inngå i både ein privat og
ein offentleg samanheng. Dei er tekstar der den historiske forfattaren/
brevskrivaren etablerer tekstlege figurasjonar av seg sjølv. Gjennom det
han ser og meiner, posisjonerer han seg i høve til det som rører seg i tida,
til politiske og kulturelle endringar.
Brandes skapte med Det moderne Gennembruds Mænd. En Række
Portræter (1883) eit nivåhierarki for litteraturproduksjonen ut frå det han
kalla «formkraft»: Har eit menneske den krafta, produserer det sjølv og
er kunstnar. Manglar denne, reproduserer det og er ikkje kunstnar
(Dahlerup 1983: 87–88). Eit slikt hierarki finn vi også inne i desse brevvekslingane. Men dei er likevel først og fremst prega av gjensidig respekt.
Frå tidsrommet 1886 til 1904 eksisterer det i dag 38 brev mellom Amalie Skram og Hulda Garborg,6 61 mellom Amalie og Arne Garborg7 og
261 mellom Arne og Hulda.8 I breva legg særleg Arne, men òg Amalie og
246
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 247
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
til dels Hulda, vekt på det komplekse og motsetnadsfylte i framstillinga
av seg sjølv. Dei dregst mot tilhøve som ikkje kan bli harmoniske, og strevar med lengslar som ikkje går i hop. Dei er sjølvsikre som kritikarar,
men usikre som forfattarar og ofte misnøgde med sine eigne tekstar.
Ulike brevvekslingar skapar ulike personar. Arne, Amalie og Hulda
formar forskjellige forfattarportrett. Som deltakarar i korrespondansar
berrlegg dei oppfatningar av kva som er viktig med tekstproduksjon og
-resepsjon. Vidare er dei òg opptekne av kva krav som bør stillast til ein
tekstprodusent om det no er ein forfattar, ein kritikar eller ein omsettar,
og dei vekslar mellom lærar/elev-, rådgivar/mottakar-roller og dertil høyrande over- og underordning. I brevskiftet mellom Arne og Amalie finn
vi få spor av den intellektuelt audmjuke og takksame brevskrivaren som
vi møter i breva Hulda skriv til Arne.
Arne og Amalie9 blei kjende mot slutten av 1870-åra. Amalie budde
då i Fredrikshald10 hos broren John L. Alver, og Arne vitja ofte vennen,
Steinar Schjøtt,11 som også budde i byen. Det var der han blei presentert
for henne. I føreordet Hulda skriv i samband med at ho gir ut eit utval
av breva mellom Arne og Amalie (Samtiden 1932), fortel ho at dei blei eit
trekløver, og at kameratskapen mellom dei var livslang. Hulda deler den
encyklopediske kompetansen sin (Violi 1985: 159) om brevskrivarane
med tidsskriftslesarane. Arne var ho gift med i 36 år, og Amalie blei ho
kjend med då ho og Arne oppheldt seg i Paris vinteren 1895/96. Dei var
nære venninner fram til Amalie døydde 20 år seinare.
I Mogning og Manndom, der 235 brev frå Arne til 60 mottakarar er
tekne med, synest rundt halvparten av dei han skreiv til Amalie, å tilfredsstilla krava til utgivarane. Fleire av desse handlar om det å skriva, og
litteraturkritiske diskusjonar av eigne eller andre sine tekstar tek stor
plass. Derimot har berre to(!) av breva han skreiv til Hulda, fått plass.
Alle dei andre fall utanfor intensjonen med utgåva – dei opplyser ikkje
nok om hovudpersonen, korkje om «åndeleg vokster», «diktverk» eller
«meiningar» og har difor «mindre eller svært lita ålmenn interesse» (Dale
og Thesen 1954: vii). Meir materialistiske sider ved tilværet fell utanfor
247
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 248
med lykti i hand
deira vinkling. Etter mitt skjøn gir dette eit heilt skeivt bilete av både
brevskrivaren og forfattaren Arne Garborg. Breva han skriv til kona,
illustrerer i stor grad kvardagsliv og kvinne- og mannsperspektiv på
kjønnsroller. Tilvisingar til daglegdagse hendingar og handlingar kastar
lys over forfattarrolla og over tilhøvet mellom liv og skrift.
I breva til Hulda og Amalie kan det meste diskuterast, om enn på ulikt
vis. Svært få av dei han skriv til Hulda, handlar eksplisitt om dei litterære
prosjekta han arbeider med. Men ved nærmare ettersyn ser ein klart at
dei fortel inngåande om vilkåra for å vera forfattar, for å kunna skapa
åndsverk. Alle breva som dreier seg om matstell, natur, helse, økonomi
osv., handlar om føresetnader for og utvikling av skriving.
Mødre12 – litterære læringsprosessar mellom ein
etablert mannleg forfattar og ein kvinneleg debutant
den mogningsprosessen Hulda gjennomgår på veg inn i forfattarrolla, avspeglar seg i brevbytet mellom henne og ektemannen. Vi
møter ikkje berre Hulda i rolla som hustru, hushaldsekspert og omsorgsfull kone; ho opptrer òg i ei audmjuk elevrolle i høve til ektemannen som
allereie er etablert som forfattar. Vekslinga mellom overordning og
underordning i rollebyta blir reflektert i brevmaterialet. Våren 1895 framstiller ho ekteskapet som ein gradvis kultiveringsprosess der ordgartnaren
Arne har gitt henne gode vekstvilkår.
Tanken om at kvinna sin åndelege eksistens i større grad er eit resultat
av mannen sin nåde og kjærleik enn av skule og utdanning, kjem sterkt
til uttrykk i Kvindernes Bog. Seks Portrætter av Laura Marholm Hansson.13
I meldinga14 av denne boka peikar Hulda på at hovudbodskapen er:
«Kun i og ved Manden kan Kvinden bli et lykkeligt Menneske og en hel
Personlighed. Kvinden er intet uden Manden!». Men ut frå kjennskapen
ho har til Nietzsche understrekar Hulda likevel at: «Hermed er imidlertid
ikke saa meget sagt, som man kan tro; – det samme kan nemlig også siges
om Manden. Paa en anden Maade vistnok; men alligevel det samme.»
248
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 249
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
I brevet Hulda skriv til Arne15 ein månads tid før meldinga av Laura si
bok kjem på trykk, fortel ho at ho har reinskrive ein tekst av Nietzsche. Sjølv
er ho godt nøgd med resultatet, men ved å framheva at ho «har saa liden
Selvkritik», dempar ho dei forventningar ektemannen eventuelt måtte ha
til arbeidet. Det ho derimot legg vekt på, er at skriveprosessen har vore ein
«Fryd». Den har gjort henne så oppløfta at ho også sender han «nogle Vers»
som ho tykkjer er som dei ho skreiv i sin «grønne Ungdom». Ho understrekar at ho ved å senda desse litterære forsøka berrlegg dei «Dumheder» ho
tidlegare har freista å skjula for han. Dernest trøystar ho seg med at dersom
han ikkje skulle tykkja dei har litterære kvalitetar, har fru Marholm samt
filosofane Nietzsche og Kierkegaard lært henne «[…] at det er saa langt fra
den Slags ‹yndige Svagheder› som verdsætter os i Mandens Øine eller svækker Kjærligheden – tverimod.» Hulda innviar også Arne i arbeidet med
debutskodespelet sitt, Mødre. Idéen fekk ho cirka to månader tidlegare, og
med ein gong stod den ferdig i bilete, frå først til sist. Ho jobba hardt, og
allereie etter to veker var heile utkastet ferdig. I skrivande stund er halvparten
reinskriven, og sjølv denne delen av jobben fell lett for henne. Hulda tykkjer
jamvel at det er «ubegribelig» morsomt. Likevel nedvurderer ho nok ein
gong talentet sitt: Ho er viss på at det er ubrukeleg. Så skiftar ho perspektiv
frå si skrivarrolle og fokuserer på Arne si lesar- og kritikarrolle: Men «det er
mest Synd paa dig, som skal dømme mig».
Frå Arne får ikkje Hulda utelukkande positive tilbakemeldingar på dei
tre litterære forsøka.16 Ho lukkast i og for seg godt med omsettinga av
Nietzsche. Arne meiner at ho kan ha håp om å få teksten på trykk i eit
kvinneblad. Dei andre tidsskrifta vil ikkje synast den er ny nok. Som lyrikar er ho ikkje nyskapande, og han etterlyser betre harmoni mellom form
og innhald. Forma stør ikkje opp om tematikken, og versforma blir difor
kunstig. Likevel bør ho halda fram. I det følgjande brevet,17 der Arne ber
om å få sjå manuskriptet til Mødre, freistar han å oppmuntra henne: «Hvis
det kan trøste Dig, saa har jeg skrevet mange daarligere Vers end de Du
sendte». Idéen til dramaet er lovande, og det blir ikkje dårlegare av å bli
sett på.
249
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 250
med lykti i hand
Som kritikar kjem Arne med fleire «tekniske Bemærkninger»18 til stykket. Denne eufemistiske måten å introdusera kritikken på, tyder på at
han er svært klar over at han medverkar til Hulda sitt åndsarbeid. Når
ein studerer kommentarane,19 ser ein fort at dei i stor grad har med nettopp det kunstnariske uttrykket på scenen å gjera. Hulda har fleire stader
ein tendens til å bruka litt for kraftige dramatiske effektar. Arne sine råd
er: «Det stærkeste Udtryk bør spares til det afgjørende Øieblik», og
uttrykka bør dempast. Det er vanskeleg å få uttrykt at eit gevær går av
på ein scene. For publikum vil det då sjå ut som om nokon blir skotne,
og «da blir der saa meget Redsel koblet sammen, at det brister over i det
Komiske». Arne foreslår at Hulda endrar sluttscenen. Ho bør heller la
Lina bli gal. Dessutan er «Skud paa Teateret […] et grovt Middel, som
ikke maa bruges uden haard Nødvendighed. Og helst ikke i et Øieblik
[…], da Rædselen paa naturlig Maade naar et Toppunkt.» Hulda må
også jobba meir med korleis ho byggjer opp spenninga, dvs. Lina sitt
motiv for å hella gift i kaffien til svigermora. «Tanken paa Mordet maa
forberedes lidt behændigere» – det inneber at publikum/lesaren må «se
Tanken vaagne». Vidare kan Hulda med fordel korta ned litt i replikkvekslinga. Som målmann er han også tydeleg på at karakteren Jon ikkje
skal skrivast «John», slik Hulda har gjort, og for at stykket skal kommunisera, bør leseutgåva skrivast på «et lempeligt Landsmaal». Etter at
Hulda har gjort alt ho kan for å følgja Arne sine innspel,20 får ho ros. Han
har fått tiltru til at ho er fullt kapabel til å sjå både dei forslaga til forbetringar han kjem med, og fleire til.21 Stykket er: «Et aldeles ypperligt dramatisk Emne, hidtil ubrugt, skjønt ofte nævnt» – Mødre er ikkje herming, det er kunst.
Amalies reaksjon på Mødre
amalie er derimot skeptisk til kor nytt emnet Hulda tek føre seg i
dette skodespelet, eigentleg er. Ho tykkjer at det er fleire som har skrive
om at vanskelege kårkoner og vonde svigermødrer blir tekne av dage.
250
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 251
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
Vidare understrekar ho at Lina sine syner i den siste akta liknar på dei i
Hannele22 av Gerhart Hauptmann. Men sjølv om stykket tematisk er
herming, har det ånd. Amalie er svært imponert over «behandlingsmåden, energien og den dramatiske Kraft».
Hulda markerer23 klart at ho ikkje har etterlikna Hauptmann eller
nokon andre. Det ho legg mest vekt på, er at stykket skal vera ei ekte og
god norsk folkelivsskildring frå ei gamal fjellbygd. Men det som tek
størst plass i svarbrevet til Amalie, er at Hulda ber om ei nærmare forklaring av utsegna: «Hvem skulde troet, at Du sad inde med så udprægede
evner i den retning».24 Ho er tydelegvis indignert over å stadig bli møtt
med desse orda. Både fru Marholm og fru Wullum (som ho ikkje liker),25
har ytra dei før. Hulda opplever utsegna som så lite flatterande at ho spør
Amalie beint ut: «Ser jeg saa usædvanlig dum ud? Eller er det fordi jeg
har været en fattig Pige, som maatte staa i Butik. Jeg studerer saa paa det.
Men dig er jeg glad i, derfor skal du sige mig hvad det kommer af. Man
siger da ikke slig i Almindelighed vel?» Og Amalie presiserer at «grunden
hvorfor jeg kom med den ytring er kun den, at jeg altid blir umådelig
forbauset når en ny forfatter, som duer, dukker op og altid, især når det
er nogen, jeg har kjendt i forvejen». Ho avrundar forklaringa si med å
fortelja kor utfordrande ho sjølv tykkjer det er å vera ein god forfattar –
det «er så umådelig umådelig, vanskeligt». Ho trekkjer også parallellar til
sin eigen debutroman Constance Ring (1885). Då denne kom ut, kommenterte fleire at dei undra seg over at ho, som dei opplevde som verdsleg og omsverma, kunne driva med åndsarbeid – skriva bok. Men den
som var mest overraska, var ho sjølv.
I føreordet Hulda skriv 37 år seinare (Samtiden 1932), der ho introduserer lesaren for den opne, ærlege kamerat-tonen mellom forfattarane
Arne og Amalie, er det verd å merka seg at ho har anonymisert historia om
tilbakemeldinga ho fekk. Der fortel ho at ein ung forfattar ein gong sendte
Amalie den første boka si, og at Amalie, mellom sterke lovord, skreiv:
«Hvem skulde tænkt det om dig!» Så sterkt distanserer Hulda seg frå denne
utsegna at ho ikkje ein gong røper at forfattaren var ei kvinne:
251
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 252
med lykti i hand
Han var litt krenkt yvi desse ordi og spurde: kvifor ikkje? Og ho svara:
grunden hvorfor jeg kom med den ytring var kun den, at jeg altid blir
umådelig forbauset, når en ny forfatter som duer, dukker op, og altid
når det er nogen jeg har kjendt før, udbryder jeg: Hvem skulde ha
tænkt, […]26
Hulda som forfattar og hustru
h u l d a e r v e l v i ta n d e o m at ho med sitt skrivearbeid tek stor
plass så lenge ho bruker Arne som rettleiar. Det ber ho om orsaking for:
«Omforladels Gutten min, – jeg er saa fælt egoistisk […]».27 Ein måte å
kompensera for den plassen forfattarrolla tek, er å understreka omsorgsrolla og tenesteviljen ho har. Ved å tiltala Arne som «Gutten min», tildeler ho seg sjølv ei morsrolle og skapar dermed ei form for balanse mellom
den (tid)krevjande forfattarrolla og den oppofrande kvinnerolla. Etter å
ha vore hustru i tretten år og forfattar i åtte, fortel Hulda i brev til Amalie
at ho av og til treng litt tid for seg sjølv fordi det røyner på kreftene å leva
med og for ein annan, og særleg når denne andre er Arne Garborg.28 Og
det er ikkje første gongen dei to kvinnene diskuterer dette seg imellom.
I eit brev Amalie skriv til Hulda to år tidlegare,29 poengterer Amalie at
ho ser at Hulda har denne dobbeltrolla – og at ho meistrar henne imponerande godt.
Undertiden når jeg tænker på Dig, grubler jeg over dette, at Garborg
har fundet, vundet og fåt Dig. Hvorfor kunde han ikke ha været likså
fortvilet uheldig med sin kone, som så mange, mange andre? Du husker det gamle ord: man får den kone, man fortjener. Hvis dette gamle
ord holdt stikk, så måtte altså Garborg være et aldeles enestående godt
mennske. Det er han også. Du ved hvor højt jeg sætter ham, og hvor
jeg holder af ham – (tænk bare på ham og Hamsun – Garborg, der er
så fin og stille i landet) – men der er da måde med alting – nej Hulda,
jeg tror ikke på at dine pølser kan fordrive dit ‹hækletøj›. Tværtom
252
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 253
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
venter jeg mig ad åre noget udmærket fra Dig, i retning af ‹hækletøy›.
Husk, hvor ung Du er, og husk hvor gammel jeg blev før jeg fik gjort
noget.
Pølsa og hekletøyet representerer ulike sider ved den tradisjonelle kvinnerolla; kvinna som matmor, og kvinna som driv med husflid. I denne
samanhengen blir desse to produkta av kvinnehender brukte til å illustrera konflikten i Hulda sin kvardag mellom det å vera hustru og forfattar.
Forfatteri er det alternative hekletøyet for Hulda, ho har truleg sjølv
omtala skrivinga si med dette biletet i eit tidlegare brev til Amalie. «Hekletøyet» fører henne ut av den tradisjonelle rolla i ei tid då den generelle
oppfatninga var at skriving var ukvinneleg. Den kulturelle norma var at
kvinna skulle vera noko for andre, ikkje for seg sjølv. Dette synet blir
reflektert i at ho, i motsetnad til mannen, oftast har blitt definert relasjonelt. Ho var først og fremst kone og mor. Vegen til sjølvrealisering var
å visa omsorg for andre, spesielt for mann og barn. Sjølvstende og engasjement i det offentlege rom, slik som forfattarrolla krev, var fjernt frå
det feminine idealet. Det var ikkje berre upassande, det var og unyttig –
nyttige blei kvinner fyrst når dei var ueigennyttige. Ein kvinneleg forfattar står følgjeleg overfor to krav som ikkje er lette å sameina. Ho må
kombinera skrivearbeidet med arbeidet i heimen, samstundes som ho til
ei kvar tid skal vera tilgjengeleg for familien (Dahlerup 1983). I sitatet
ovanfor uttrykkjer Amalie at ho trur Hulda vil meistra utfordringa som
ligg i denne rollekonflikten, nettopp fordi ho er gift med Arne.
Hulda viser i fleire av breva ho skriv til Arne, at ho vekslar mellom å
gå inn i ei tradisjonell kvinnerolle og rolla som intellektuell yrkeskvinne.
I morsrolla er ho myndig og trygg. Ho er omsorgsfull og oppteken av
den pliktoppfyllande «sonen» sitt ve og vel.30 Særleg når det gjeld matstell, kjem denne relasjonen direkte og indirekte til uttrykk.
– Gid du vilde være saa snil aa la være aa slutte aa spise. Det er da virkelig
det eneste du har at gjøre derborte, for skrive kan du ikke bestandig.
253
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 254
med lykti i hand
Har Inger stelt med Sengklærne dine? Har du faat ny Halm i Sengen?
Ogsaa kjære kjøb dig i St. nogle Flasker god Rødvin og lidt Brændevin. Du maa ha noget i Livet! Har du Havregryn? Naar du kjøber
Hermetik, saa kjøb ren Kjødmad, Bif, benløse Fugler, Oksetunge
o.s.v. og en Krukke Kjødextrakt (Liebig).31 1 fuld Theske udrøres i en
Kop foskogende Vand, deri en Æggeblomme, saa har du en god, kraftig Drik.32
Hulda markerer også tydeleg at ho har god grunn til å passa på Arne. I
det same brevet kommenterer ho at forfattarmannen i diktarstova si på
Jæren er bortreist, og det er ikkje berre i geografisk forstand. Han har
feira skjærtorsdag medan verda elles har markert Kristi Himmelfartsdag.
Men sjølv om Hulda driv gjøn med at Arne i svært sterk grad lever opp
til myten om den distré kunstnaren, kritiserer ho aldri det han skriv. Ho
rosar han heller ikkje så mykje, den slags smurning trengst ikkje i ekteskapet. Breva hennar inneheld aldri tilvisingar til eller merknader om
noko han har publisert eller arbeider med. Det kan verka påfallande, for
i lange periodar er dei borte frå kvarandre. Ein grunn til dette kan vera
at dei snakkar om arbeidet hans når dei er saman. Men ei meir plausibel
forklaring er at forfattarekteskapet krev ei anna form for balanse. Han
får mat og anna praktisk hjelp av henne, og ho får rettleiing av han om
korleis ho skal skriva. Dermed har ho ikkje noko behov for, og heller
ikkje eigentleg kompetanse til å kommentera arbeidet hans.
«Maalmeistar» i Heimestell.
Om «Aandsstræv» og «Matstræv»
I Heimestell. Uppskrifter og Rettleidingar for smaae Hushald, helst paa
Lande,33 der både Hulda og Arne skriv kvart sitt føreord, har Hulda via
to sider i delen «Helse» til «Dumme mannfolk». Der slår ho fast: «At
mannfolki ‹er som ungar› i mange maatar, er noko som me veit.» Arne,
som ikkje har særleg sans for matstrev, er godt nøgd med at Hulda tilde254
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 255
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
ler han rolla som målmeistar for kokeboka. Intellektuelt matstrev kan
vera utfordrande nok: «Vrangt var det og, ja tidt raadlaust, aa finna
norske ord til all denne rare nye maten, endaa K. Knudsen var til god
hjelp». Han skriv om «nogle Opskrifter», og «Under Suppemad har
[han] begaaet den Maalsynd at glemme det gode Ord ‹Velling›». Sjølv
om Hulda gjennom fleire år legg alt til rette for at Arne skal få høve til å
konsentrera seg om arbeidet sitt, samt gir han «brevkurs» i husstell og
matlaging, går Arne stundom «mannen som skulle stella heime» ein høg
gang. Hulda sender han oppskrift på «universalmiddelet» Aseptin34 og
instruerer han i korleis han skal vaska ullklede.35 Ho skriv også at ho veit
at matstellet i hennar fråvær oftast er ei utfordring.36 Stundom kjem det
«hjelpesendingar».37
Medan han utøver kyndige filologiske ferdigheiter i korrekturarbeidet,
finn han det «morsomt at lave ordentlig Mad». Det er ikkje Hulda sine
oppskrifter han testar ut, men «Knorrs Ertersuppe (og Bønnesuppe)».
Det meiner han – i og med at det er «fælt letvindt og godt» – er «en sand
Opdagelse for enslige Ungkarer og Enkemænd (for Familjer ogsaa forresten)». Oftast er ikkje matlaging ei positiv utfordring for forfattaren
Arne. I Knudaheio finn han på «Mangehaande Kneb og fusk»38 for å
korta ned på den tida han brukar på husarbeid og slik få lengre skriveøkter (åndfylt arbeid).
Amalie les brevskrivaren og forfattaren Arne
amalie kommenterer derimot breva og bøkene til Arne. Ho er
svært flink til å få fram kva inntrykk tekstane hans har gjort på henne
personleg. Ho viser engasjement og temperament: «Det var dessuden så
morsomt at høre fra Dig, hvær sætning sa tusen ganger mere end ordene,
og så var der en stemning i det. Ja, Du er en fandens fyr.»39 Sterke ord og
uttrykk er ho ikkje redd for å ta i bruk. Sjølv ikkje i dei første breva, då
ho var heilt i starten av sin eigen forfattarkarriere, lét ho seg hindra av
unødig finkjensle når ho seier frå om kva ho meiner. Ho er både rosande
255
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 256
med lykti i hand
og lastande. I 1885, same året som ho debuterte som romanforfattar med
Constance Ring, såg Arne henne slett ikkje som nokon «Medkollega»,
som han sidan skulle koma til å skriva. Men Amalie kom med både positiv og negativ kritikk av novellene i Forteljingar og sogur:40
Men alle er de udmærkede. ‹Seld til den Vonde› især. Sykologien [sic!]
der er vidunderlig gjennemskuelig og rigtig. Og ‹Av laak Æt› ligervis,–
Det som motiverer at Leiv tar pengekassen og rømmer, er fortrinligt,
men jeg liker ikke at Alfhild fra Dale har det spøgelsessynet. Hvorledes
har du dog kunnet forfalde til at ta din tilflugt til sligt! Det hjælper
ikke at den er skrevet for år tilbage. Enten tror du på spøgelser eller så
driver du gjøn med din egen hellige kunstnerævne. Det sludder om
fremsynte folk må du ikke bruge til din undskyldning. Fremsynt! Kan
noget menneske se i en vission, det hun ikke ved om, er sket? Nej, nej,
det forringer den i øvrigt så dejlige fortællingens værdi.41
Her køyrer Amalie opp grunnprinsippa til realismen og avviser all hang
til mystikk og usannsynlege forklaringar. Ho slår indirekte fast at det er
del av den «hellige kunstnerævne» å vera rasjonell. Slik er ho nærgåande
og kritiserer sjølve etos-grunnen i Arne si skriving, det som tiltalar lesaren
og gir teksten truverd. Dette svara aldri Arne på. Det gjekk eit halvt år
før han skreiv til Amalie igjen, og då kommenterte han det ho fortalde
om seg sjølv i januar-brevet, men utan å koma inn på kritikken av
novella «Av laak Æt».
I Amalie sin kritikk av Fred og (særleg av) Haugtussa er ho ikkje, som
i 1885, oppteken av å måla den litterære verdien ut frå kor godt fiksjonsuniverset avbildar det reelle. Det er stemningane, musikken i skildringane, som appellerer, imponerer og fangar merksemda, og no er det
musikk-metaforar som blir brukte:
‹Fred› er monumental, aldeles storartet! Bare indledningskapitlet, hvor
alt er som ouverturen til en symfoni. Det er i det hele tat en af de bedste
256
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 257
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
bøger jeg har læst i mit liv. Og især ovenpå ‹Trætte mænd›. Ingen har
gåt så grundig tildybes i disse ting som Du Garborg. Jeg er ikke langt
fra at synes, det er det bedste Du har skrevet, og det vil sige meget!42
For Amalie, som jo sjølv seinare skriv romanar om livet på sinnsjukehus,
er omgrepet røyndom endra. Når ho kommenterer Haugtussa, går det
fram at diktsyklusen for henne reflekterer noko høgst verkeleg.
Undertiden har jeg troet på en slags sjælevandring. På at de, som døde,
deres sjæle, eller en dél af deres sjæle gik ind i beslægtede efterlevendes
sjæle. Jeg har af og til grublet over dette, fordi jeg syntes at ha mærket
noget sligt på mig selv. Og nu, da jeg læste din ‹Haugtussa›, kom
denne tanke med vælde igjen. Men det er jo sligt, som det ikke nytter
at snakke om, især for mig, der har været under ‹Hieronimce› [sic!]
dekret.
Gjennem ‹Haugtussa› taler både afdøde Vinje og Göthe til mig.
Ikke så at forstå at der et eneste sted er nogen direkte lighed, men
ligeså dybt og stort som disse tos åndsprodukter har bevæget mig,
ligeså grebet blev jeg af Haugtussa. Og jeg måtte tænke på dem begge,
tænke med undren på at Du, Arne Garborg var som dem, at de havde
fåt som en nyskabning gjennem Dig.
Jeg hører musik når jeg tænker på Haugtussa. Vild og kåt, og fin og
yndig, og fuld af jublende glæde når våren vågner og alle de småfugler
begynder på sin kvidring. Og dyster og tung med rædsel og uro, når
høstens storme og regn og skådde svøber alting ind i sin våde uhygge.
Alle mulige sorter ‹låt›, hører jeg tone i mit indre. Slutningssangen –
ja, den har jeg sat melodi til, et fjernt, fjernt, hundretonigt orkester,
dæmpet, sorgfuldt, med en stille takfyldt understrøm af milde, dulmende, beseglende toner. Så er der også djævelskabs troldmusik –
tænk hvad en musiker kunde gjøre ud af dansen, hvor alle har sin fylgje, og hvor drauger og trold stimler ind og danser med. Og forhøret
hos fanden hvor de alle bekjender farve, praler af sin evne og sin dont
257
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 258
med lykti i hand
– al jordlivets uhumskhed og styggedom er deri. Men først og sidst
synger ‹Fyrevarsel› og ‹Fri› inde i mit indre.43
Den didaktisk-retoriske docere frå 80-talet er her utvetydig blitt til
movere, den indre opplevinga er komen i staden for den utettervendte
indignasjonen og handletrongen, kjenslene og stemningane i staden for
overtydingane. I svarbrevet følgjer Arne opp med å setja opp ei motsetning mellom det sosiale livet (og krava der) og denne skrivemåten. Her
er formuleringar som mest kan tyda på at poesien helst skal føra bort frå
verda – ei røyndomsflukt – heller enn å føra inn i verda.44 Fire år seinare
kan Amalie slå på liknande strenger. Ho har gått bort frå kravet om at
litteraturen skal vera dokumentarisk. Det er den djupe visdommen, nærmast den esoteriske innsikta uttrykt i kvintessens, som er det høgste
målet. I alle høve er det slik ho uttrykkjer seg om Den burtkomne Faderen
(1899).
Amalies omsetting av Den burtkomne Faderen
amalie og arne har stor sans for kvarandre sine litterære arbeid,
og likskapane mellom dei både profesjonelt og privat er mange. Særleg
godt kjem dette fram i brevvekslinga frå 1901 der dei diskuterer seg fram
til korleis Amalie skal få Den burtkomne Faderen til å bli Den fortabte
Fader:45
Hvor har jeg ikke spekuleret på hvad det ord ‹burtkomne› skulde hede
på dansk-norsk. Alle de ord, jeg har fundet på, tilfredsstiller mig ikke.
Det skulde være noget som et slags modsætning til ‹den forlorne søn›.
Men hvad i al verden? Den borteblevne eller tabte eller forsvundne
faderen kan ikke gå.46
Bakgrunnen for at Amalie har bede Arne om lov til å omsetta boka til
dansk,47 er at denne – «kvintessens av alle biblers bibel» – har gjort eit
258
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 259
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
inntrykk som ho manglar ord for å uttrykkja.48 Halvtanna år etter har
ho lyst å formidla Arne sine refleksjonar til fleire enn norske lesarar –
«netop fordi bogen er så ‹personlig› […] vil den gribe med stor magt».49
Då ho sjølv las boka første gong i november 1899, var det særleg to formuleringar som var tankevekkjande og skremmande: «›Et er vist, at jeg
er dømt om jeg dømmer andre›. Videre: ‹Dømt er den, som fører ondt
over et menneske› osv».50 Bakgrunnen for at desse utsegnene har gjort
slikt inntrykk på Amalie, er at ho er i ferd med å skiljast frå Erik Skram.
I brevet skriv ho: «Jeg fører nu ondt over et menneske, fordi Hr. S. altså
ikke vil skilles, men blir nødt til det på grund af sin færd. Det kan vel
efter din mening ikke hjælpe at han har ført i mange år så meget ondt
over mig, at det er et under, jeg endnu er i live. Ja, sandelig, jeg taler sandhed. […] For ikke at gå åndelig og legemlig tilgrunde er det, at jeg gjør
hvad jeg gjør. Men kanskje Du aligevel ikke vil synes, jeg har ret til det.
Din bog gjorde mig, som sagt, ræd –». Arne svarar fem dagar seinare at
dei religiøse setningane ho siterer, ikkje kan ha nokon relevans når situasjonen, slik ho framstiller det, ikkje set henne i ein reell valsituasjon. Men
dersom motivet for å skiljast var hemn eller liknande, stiller det heile seg
annleis. Slik tilstanden no er, vil Arne ikkje innlata seg på å dømma, for
då ville han vore dømd.
Med «Frygt og bæven»51 går Amalie i gang med omsettinga. Ho markerer med desse klare allusjonane til Kierkegaards verk (1843) og til Paulus sitt brev til filipparane52 at ho tek jobben svært alvorleg. Ho lovar å
vera tru mot Arne sine krav og «Griller».53 Han er oppteken av at den
språklege forma54 er svært viktig, og sidan Aasen si ordbok55 ikkje er
«fuldstændig, var det vel bedst, at jeg […] fik gjennemse Oversættelsen
før Trykningen». Men etter kvart som prosessen skrid fram, har Amalie
likevel klare formeiningar om den kunstnarlege utforminga: «Nei! ‹Fanterne mine› skal nettopp stå. Tro du nu litt på meg, som jeg tror på
deg».56 Videre vil ho ha «‹nagende›57 tanker», ikkje «ængstende», det er
«altfor vagt». «[G]lad og ivrig» er betre enn «glad og munter». Ho utelèt
fleire gonger «at Sct. Poul lo» fordi det verkar så «underlig fjollet». Det
259
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 260
med lykti i hand
er «støtende» fordi det gir han «et så usmaklig preg av en søtladen legpredikant».58
Amalie er heilt klar på korleis ho og Arne skal dela honoraret.59 Av dei
720 kronene får han 440.60 Han meinte at dei burde dela likt eller eventuelt at ho burde få noko meir i og med at han ser på henne som den
mest begava omsettaren han nokon gong har hatt.61 Han er i det heile
svært merksam på at Amalie i rolla som omsettar har eit blikk for åndsproduktet. Ho har evner til langt meir enn å fortelja forfattaren at: «Partisippene i plural skrives ikk[e] mer som i gamle dager. Altså ikke
‹blevne›, osv. som du flere steder har rettet det til».62 Amalie kan gjenskapa ved å nyskapa. Ho kjem med fleire forslag til endringar og ber om
at dei ord ho har sperra, blir ståande. I november 1901 kjem boka ut, og
Arne er stolt over omsettinga og omsettarnamnet.63
Dei er både sjuke og friske samstundes og om kvarandre. Medan Den
burtkomne Faderen blir til Den fortabte, slit Arne med magekrampe og
Amalie med årebetennelse.64 Å skriva går på helsa laus – «Jeg var, mens
jeg skrev paa denne Bog [Den burtkomne Faderen], lige ved Randen af
det sidste Stup. Der var ingen Udvei, ingen Mulighed. Nu sidder jeg her
og er forholdsvis noksaa kry […]»65 – men å ikkje skriva, går heller ikkje.
For den same boka var vegen til å gjenskapa balanse i tilværet. Skriveprosessen frigjer tankar og frir ein frå tankar. Arbeidet i seg sjølv så vel som
produktet heilar sår hug, det har ein terapeutisk funksjon – først og
fremst for Arne sjølv, men òg for andre. Arne føreset at lesaren skal ha
same nytten av teksten.
Paradoksale forfattarportrett
b r ev v e k s l i n g a s k a pe r e i t s pe l av sjølvkarakteristikkar så vel
som utsegner om den andre. Det er som om skrivarane i leiting etter ein
måte å bli kjende på, eller ein måte å skjøna den andre på, går til hyperbolen som figur i begge retningar: Dei malar med brei pensel, eller rissar
grove og til dels forteikna skisser av seg sjølve, og dei nærmar seg somtid
260
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 261
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
karikaturen både i omtalen av seg og den andre. Særleg Arne, men òg
Amalie og til dels Hulda, er svært merksame på paradoks i livet sitt eller
hos andre. Person-omgrepet frå gresk dramatikk høver særleg godt her:
Dei talar med mange og ulike, til dels motsetnadsfylte røyster, om seg
sjølv. Her er det særleg interessant å sjå nærmare på subscriptio i Arne
sine brev til Hulda. Dei er underskrivne: Deres ærb. Arne Garborg; Din
heng. G.; Din Ven; Din G.; Mann din; Din Mand; Kallen din; A.G.;
Din Gamling; Din Alte; Ton Vieux; Din meget ensomme Straa-Enkemand; Gubben din; Din «Husbond»; Mannebeine; Din trøytte Mann;
Din; han Aadne i Knudaheio; G.; Din Aadne; Din medtagne G.; Din af
Magterne forfulgte Husbond; Din af Magterne forfulgte Mand; Gubben; Din Aadne G.; Din umulige G. Her kan vi særleg leggja merke til
følgjande: Underskriftene «Din Gamling» og «Din Alte» dukkar opp for
fyrste gong same dagen Arne fortel at han vil kalla den siste romanen sin
for Trætte Mænd (12.9.1891). Dagen etter kallar han seg «Ton Vieux». Det
er altså ikkje tilfeldig kva han underteiknar breva sine med, det kan
reflektera grunnstemninga i brevet.
Hulda er den som helst observerer Arne og Amalie sine paradoksale
framstillingar. Sjølv slit ho med å balansera forfattarrolla med hustrurolla. Ho er sjølvsikker i rolla som (mat)mor og hustru, men usikker som
tekstprodusent. Hulda må gå inn i både Marta- og Maria-rolla.66 Den
kvinna som skal tilfredsstilla Arne, bør vera husleg og intellektuell – ho
må kunna varta opp og lytta. Hulda tek på seg dobbeltrolla, men gir
uttrykk for at ho har dårleg samvit for ikkje å stella godt nok for mannen
og for ikkje å strekkja til intellektuelt. «– Stakkars dig som nu skal ha alle
disse Madplager!»,67 skriv ho til mannen sin som klagar over at han må
stella mat til seg sjølv. «Du kan tro jeg kjender det. […] Det er jo forgalt
alt dette, og det har jeg selvfølgelig hele Tiden følt altfor godt.» I eit anna
brev ønskjer ho seg mannen «lite granne dummere», for ho synest «det
er saa raadløst at række til».68
Amalie problematiserer sjølvframstilling i brevet ho skriv 6. januar
1885. Ho er oppteken av at ei slik framstilling aldri kan bli sann. Den ytre
261
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 262
med lykti i hand
framtoninga treng ikkje reflektera den indre stemninga. Ein sjølv legg
band på seg av di ein ikkje har mot til å vera heilt fortruleg med nokon
annan, og andre vil fort oppfatta ærlegdomen som eit uttrykk for at ein
vil gjera seg interessant, og som kvinne, kokettera. Før ho kjem til denne
konklusjonen, testar ho delvis ut teorien sin i praksis: Ho er ikkje noko
til menneske (ho klarer ikkje balansera forfattarliv med sosialt liv; døgnet
strekk ikkje til), ho er ein skapning til å venda seg bort frå «, en forfusket,
af ligt og uligt sammensat pjalt»; ho skulle vore misjonærmartyr eller
mordrøvarhovding; ho er kvinne, men skulle vore mann. Også Hulda
poengterer69 at Amalie i rolla som forfattar stadig pendlar mellom ytterpunkt: Ho måtte riva sund alle band som knytte henne til livet for å
bruka all krafta si i arbeidet; «ho svinga altid millom den verste sjelepine
og stundom av ovglede, som i det siste kunde bli til utbrot av religiøs ekstase med takk til gud for den nye lukka, sjølv-klager og angst i same
andedrage-».
Arne vil vera aleine, men vil gjerne treffa folk. Han skyr folk, men saknar selskap.70 Han er sjølvsikker som kritikar, men usikker som forfattar
og ofte misnøgd med sine eigne tekstar; han er heime, men kjenner seg
framand; når han er den staden han har lengta til, lengtar han straks til
ein annan;71 han kjenner seg kunstnarisk bunden når han er økonomisk
fri og har fast inntekt, og økonomisk ufri når han prøver å vera fri skribent;72 han er far og vil fråskriva seg ansvaret for sonen (»Det er hovudsagelig Din Søn»);73 han er «Fjeldmand» i naturen, og kjenner at det
barske i han sjølv svarar til fjell-livet, men når alt kjem til alt, kjenner han
seg ikkje så barsk når han sit aleine og småsjuk på fjellet;74 han er både
sjuk og frisk samstundes og om kvarandre; han kan ikkje skriva når han
har høve til det og vil, då manglar han inspirasjon,75 han ville gjerne få til
å skriva ein sann, truverdig kvinneroman, men er mannleg forfattar,76 og
han er ein ektemann som burde vore ungkar.77 Han vil vera lukkeleg,
«[…] men Kunstnere – Forfattere! – og Lykke…».78
Paradoksa i breva til Arne viser, på liknande måte som i romankunsten, at der finst djuptliggjande lygner eller tragiske føringar i livet
262
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 263
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
som personane ikkje kjem overeins med. Dei tilsynelatande banale problema brevskrivaren Arne (hevdar han) strir med i kvardagslivet, er av
same logiske slag som han arbeider med i romanane når han utviklar perspektiva for dei ulike posisjonane.79 Peter Brooks har i The Melodramatic
Imagination (1985) peika på korleis dei uløyste motsetningane i livssamanhengar styrte av krefter folk ikkje vinn over, blir emne for livsskildringar som må bli melodramatiske. Det vil ikkje fyrst og fremst seia fulle
av voldsomme konfliktar, men dei må avsløra mekanismar som produserer paradoks. Den stadige utpenslinga i breva Arne skriv, spesielt til
Hulda, om korleis han kjem i skorfeste, korleis han ikkje maktar å koma
ut av paradoksa, kan sjåast som ei jamleg utforsking av korleis slike paradoks oppstår og kan skildrast. Sveinung Time har i analysen av eit brev
til Gerhard Gran frå 1896, der Arne svarar på ei bøn om å gjera greie for
sitt eige liv, særleg teke for seg eitt forhold, motsetninga mellom den nasjonale og den religiøse tråden som til sist blir éin livstråd (Time 1996: 117).
Garborg etablerer […] eit slags disharmonisk, plagsamt utgangspunkt i
og med dei brotne eller usamanhengande trådane og understrekinga
av den manglande evna til å tvinne dei saman. […] [D]ette [er] ein
retorisk måte å skape lesarinteresse på. For til slutt i det lange brevet
får han jo trådane elegant til å henge saman; men han later då som om
det er tilfeldig og overraskande […] (Time 1996: 118f ).
Harmonien Arne skaper i brevet til Gran, finn ein aldri i breva til Hulda,
der går det aldri opp. Men det gjer ikkje paradoksa i breva til Hulda
mindre interessante. Dei kan lesast som naudsynte, som ei form for livseksperiment, der Arne utforskar grensene for det bundne og umoglege i
livet ved å skildra paradoksa og til dels utmala dei og gjera dei til hovudemne. I brevet til Gran ligg der ei sjanger-føring, førestellinga om at ein
sjølvbiografi er heilstøypt, eit harmoniserande bilete over det livet som
alt er for-fatta, forfattar-livet. Denne konvensjonen ironiserer Arne over
i Gran-brevet ved at det motsetnadsfylte går opp til sist.
263
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 264
med lykti i hand
Brevbyta sørgjer for eksterne rammer kring ikkje berre den medvitne,
eksplisitte diskusjonen om sjølvet, men òg indirekte spekulasjon som
ytrar seg i arbeidet med å forstå tida, kvardagen, måten sjølvet blir konfrontert med tilhøve det ikkje rår med, observasjonsevnene osv. Med sine
vekslande perspektiv – som kjem fram også der sjølvframstilling ikkje
eksplisitt blir drøfta – gir brevet eit slags virtuelt rom, utskilt frå den daglegdagse munnlege kommunikasjonen så vél som frå publistikken.
Denne litt lausrivne eksistensen, dette at brevet ikkje utan vidare skriv
seg inn som eit underordna element i den litterære institusjonen, gjer
nettopp at brevvekslingane får ei rolle i utviklinga av autonomi-estetikken. Sjølvet blir i brevet brote opp og sett saman på nye måtar, brevet gir
høve til å drøfta disharmonien.
«Former læt seg herma, men ikkje Aand»80
på ein diktar kann mangt vera å segja; han kann mis-taka seg, leggje for mykje, eller for lite, i det han hev set, i sjølve skildringi kann
han vera for sterk eller for veik o.s.fr. Stundom vil han sjå seg nøydd
til å draga fram ting, som folk ikkje likar å høyre nemne; og dette kann
han finne grunn til å gjera på ein slik måte at det kjennest grovt. Men
so fær syndaren tykt. Kritik fær han […]. Og av den kritiken vil han
lære. Lære å sjå gløggare, å forme finare. So sant han då kann lære.
Men kann han ikkje det, vert sogo hans ikkje lang.81
I komprimerte ordelag peikar Arne i «Moral og litteratur» (1908) på verdien av litterær kritikk, den er ein føresetnad for det velforma kunstverket og for at bodskapen i det kan nå fram. Ein diktar som ikkje kan
bruka kritiske kommentarar på ein konstruktiv måte, vil stagnera og
ikkje vera i stand til å utvikla talentet sitt. I lys av dette sitatet ser vi kor
viktig hans eiga kritikarrolle overfor desse kvinnene er. På same måte som
kritikk frå kvinnene kan medverka til å heva kvaliteten på hans eigen litterære produksjon, vil kommentarane hans kunna bidra til utviklinga
264
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 265
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
deira som kunstnarar. Føresetnaden er at dei tek lærdom av han og lèt
dei kritiske merknadene gå inn i ein perfeksjoneringsprosess. Likevel, litterære råd er først og fremst retta mot forma, utan kunstnarånd kan ikkje
stor litteratur skapast. Sjølve substansen i ein tekst er i hovudsak avhengig av eit kreativt forfattartalent; utforminga derimot kan modifiserast
og perfeksjonerast ved hjelp av kritiske kommentarar og råd frå andre.
Metadiskusjonane i brevvekslingane syner, på ulike vis og ulike nivå, ei
vedvarande interesse for korleis litteraturen gjer det mogleg å oppleva
noko som sannsynleg, truverdig og påliteleg. Skildringa av den jamlege
striden for å kunna skriva inneber også å finna fram til skrivinga som ei
positiv kraft. Å finna form på noko er ein pinefull prosess. Når den er
gjennomlevd og målet er nådd, kan det kjennast som ei forløysing.
Arbeidet med å gi ny form til eit stoff som krev nye sjangrar, nye
uttrykksformer, er ein skapande prosess. Stoppar den opp, er det smertefullt. «Med Skriveriet gaar det Skrap. Finder ikke Form paa nogen
Ting. Skulde helst lade være. Men saa gaar jeg bare og plager mig med
mine Bekymringer.»82
Både Arne, Amalie og Hulda er kritiske til det dei sjølve skriv, og
reflekterer over kritikken andre kjem med. Som lesarar av kvarandre sine
tekstar er dei to førstnemnde opptekne av at dei får sett sine eigne mønster for sjølvreferanse og sjølvforståing på prøve. Sjølvframstillingane deira
og tilbakemeldingane frå dei andre er avgjerande for den mogningsprosessen som er ein føresetnad for framgangen deira som forfattarar. Amalie
er så kunstnarisk at ho ved å omsetta andre sine åndsprodukt, skapar sine
eigne. Hulda får større tru på eigen kreativitet, og ho utviklar stadig forfattartalentet sitt ved hjelp av ein ektemann som anerkjenner retten hennar til å utvikla seg som menneske og kunstnar. Då Læraren, Arne sitt
skodespel frå 1896, hadde urpremiere83 på Det Norske Teater i 1914, var
det Hulda som var regissør. Brevbyta er ein arena for erfaringsutveksling
der Arne, Amalie og Hulda oppmuntrar kvarandre som forfattarar.
265
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 266
med lykti i hand
forkortingar
ar Arne Garborg
am Amalie Skram
hu Hulda Garborg
noter
1 Denne omtalen av Arne som «et taabeligt menneske» (Falk og Torp 1994: 911) finn vi i fleire
av breva frå Hulda (23.02.1895, 24.03.1895, 22.04.1901).
2 hu-ar 15.02.1895 (framhald av brevet datert 13.02.1895).
3 Ibsen 1898-1902: 116, 122f.
4 Ibsen 1898-1902: 101.
5 hu-ar 15.02.1895
6 Håndskriftsamlingen ved Nasjonalbiblioteket, Oslo: Brevsamling nr. 177; Brevsamling nr. 117;
Skougaard Ms. Fol 3335; Håndskriftafdelingen ved Det Kongelige Bibliotek, København, Samling: nk s 4499, 4°; Kielland 1976; Garton 2005: 420ff.
7 Håndskriftsamlingen ved Nasjonalbiblioteket, Oslo: Brevsamling nummer 140; Ms.fol. 3335;
Håndskriftafdelingen ved Det Kongelige Bibliotek, København: Samling nks 4499, 4°; Kielland 1976; Dale 1954: xxvf; Garton 2005:110ff.
8 Håndskriftsamlingen ved Nasjonalbiblioteket, Oslo: Brevsamling nummer 140; Dale 1954:
xxvii, Østigaard 1993.
9 For ein meir detaljert presentasjon av brevvekslinga sjå H. Garborg 1932, Dale 1954: xxv–xxvi,
Kielland 1976, Fintland 2005, Garton 2005:110ff.
10 Fram til 1928 namnet på byen Halden (www.snl.no).
11 Steinar Stener Johannes Stenersen Schjøtt (1844–1920), filolog, skulemann, bladmann, historikar, omsettar, forfattar av lærebøker og ordbøker. I perioden 1874–93 var han adjunkt i Fredrikshald. 1915 flytta Schjøtt til Hvalstad i Asker, og blei nabo med Arne og Hulda Garborg.
Garborg vigde Knudaheibrev (1904) til «Overlærar S. Schjøtt» og opna kvart brev med «Du
Steinar!» (www.snl.no).
12 Mødre. Drama i 3 akter av Hulda Garborg kom ut på Feilberg og Landmarks forlag (Chr. Dybwad), Kristiania, hausten 1895. Stykket blei oppført på Christiania Theater same året. Dramaet
blei ingen suksess, det hadde berre fem framsyningar (sjå Fjørtoft 1989: 62ff ).
13 Laura Mohr Hansson (1854–1928), pseudonym Laura Marholm. For ein nærare presentasjon,
sjå Brantly 1991 og Dale 1954: xxix. Ho omsette mellom anna Garborgs Kolbotnbrev til tysk i
1893.
14 »Kvindernes Bog. Af Laura Marholm», vg 7. mars 1895.
15 hu-ar 04.02.1895
266
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 267
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
16 ar-hu 07.02.1895
17 ar-hu 11.02.1895
18 ar-hu 26.02.1895. Også overfor Amalie Skram påpeikar han «tekniske feil» (Garborg bd. 10
1980: 465). Sjå Fintland 2005.
19 ar-hu 22.02.1895, 26.02.1895, 04.03.1895, 05.03.1895, 08.03.1895
20 I Mødre er «Den oprindelige paa Bygdemaal affattede Dialog […] til Lettelse for Læsningen
tillempet i Retning af Normalmaal (ved Arne Garborg). I sluttscenen går ikkje geværet av, men
Lina blir gal. I namnet Jon er den stumme h’en fjerna.
21 ar-hu 05.03.1895
22 Gerhart Hauptmann sitt stykke Hanneles Himmelfahrt (1894). Dette stykke omsette Hulda til
norsk: Hannemor. Drømmedigtning i to Akter (1894).
23 hu-am «Mandag Morgen» (for ei nærmare datering, sjå Garton 2005:429, fotnote 1).
24 am-hu «Paris Søndag eftermiddag». Ifølgje Garton må brevet vera skrive ein gong før 27.
januar 1896 (Garton 2005:429, fotnote 1).
25 Margrethe Vullum (f. Lehmann) kom til Noreg 1879. Ho var den første kvinna som blei fast
medarbeidar i Dagbladet. Hun blei ei markant og viktig stemme i norsk litterær og politisk
offentlegheit i 1880-åra (www.snl.no) Hulda omtalar Laura som rimeleg plasskrevjande i Dagboka: «Fru Marholm tog stor plads ved bordet og førte oftest ordet. Bag hende sad Ola Hansson, liden og spæd, og hun vendte sig af og til om til ham, når hun pludselig husket han var
der og sa: Igge sandt Åla! Og ‹Åla› syntes næsten altid det var sandt»(1962:51f ).
26 Ms. fol. 4011:11s. xiii.
27 hu-ar 01.03.1895. Det er ikkje berre Mødre Arne hjelper til med. Også artikkelen «Å kunne sine
Ting» m.m. er han konsulent for (ar-hu 18.02.1895, 22.02.1895).
28 hu-am 09.07.1900
29 am-hu. Xania. Lørdag nat efter koncerten. Datum ved jeg ikke [desember 1898] (Garton 2005:
444).
30 Også i Kvinden skabt af Manden. Studie af en Kvinde (I Anledning af Dr. Otto Weiningers
Bog ‹Geschlecht und Charakter›), gjer Hulda eit poeng av dette. Eg-personen blir i samlivet
med ektemannen «mer og mer Mor og Veninde», og ikkje «Elskerinde» (1904:26).
31 Justus von Liebig (1803–1873), tysk kjemikar, berømt pioner i organisk kjemi. Han utvikla
også handelsproduktet kjøttekstrakt (Liebig’s Fleisch-Extract).
32 hu-ar 18.05.1904 (Sjå også Arne sitt svarbrev 25.05.1904).
33 Boka med heile 397 oppskrifter og rettleiingar blei utgiven av Den 17de Mai i 1899.
34 hu-ar udatert brev 1891, 9.2.1895. «Aseptin er noko som er godt for mange mein, for saar og
skurv, for hudslit og loppebit, for sprukne fingrar og sure augo, for mykje smaavondt baade
her og der, so utanpaa da, og eit godt tandvatn, haarvatn og halsvatn» (H. Garborg 1899: 159f ).
35 hu-ar 23.2.1895
36 hu-ar 11.10.1895, 24.7.1898, 12.5.1903, 18.5.1904,5.6.1904
267
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 268
med lykti i hand
37 hu-ar 11.4.1904, 17.04.1901,20.05.1904
38 ar-hu 23.04.1901
39 am-ar 04.06.1895
40 Boka kom ut i november 1884 hos Olaf Huseby & Olaf Olsen (Andersen 1943–45: 220).
41 am-ar 06.01.1885
42 am-ar 24.2.93
43 am-ar 04.06.1895
44 ar-am 11.07.1895: «Dit venlige Brev voldte mig megen Glæde, og det er mig en sand Trøst og
Husvalelse, at Du finder Hygge ved mit sidste Opus – det om Troldene. Saa er Du da ærlig og
redelig Vestlænding enda; for det er bare Vestlændinger som kan høre det Du kalder Musiken
i den. Jeg var saa kjed af Menneskene nu, og af alt dette Vrøvl, at det var mig en sand Lise at
vugge mig i gamle Stemninger og Sagn, og med al mulig ‹Realisme› etc. ønsker jeg bare, at jeg
kunde fortsætte i samme Retning. Kanske gjør jeg det engang ogsaa; jeg har med Plan sluttet
Bogen paa en saadan Maade, at jeg kan ta Traaden op igjen.»
45 Garton gjer eit poeng av at Den fortabte Fader er kortare enn Den burtkomne Faderen. Ho skriv
at «fire kapitler er blitt tatt ut: Kap. xii, xxi, xli og xliii. Dette blir ikke kommentert i de brevene som finnes i samlingen» (Garton 2005: 191, fotnote 2). Grunnen til at dette ikkje er eit
tema i brevvekslinga frå 1901 i samband med omsettinga av boka er at Amalie baserer seg på
1899-utgåva. Amalie si omsetting frå 1901 har like mange kapittel som Arne si bok frå 1899.
Men Arne har i seinare utgåver endra på teksten sin. (Sjå t.d. Årstein 2000).
46 am-ar 15.05. Arne meiner (24.05) at: «›Den burtkomne Faderen› svarer nøiagtig til ‹Der verlorene Vater› (som Bogen heder paa Tysk) (‹den forlorne Søn› heder paa Landsmaal ‹den burtkomne Sonen›). Da der jo direkte hentydes til den bibelske Parabel [Luk- 15,11-32], burde der
kunne skrives: ‹Den forlorne Fader› – ‹forlorne› altsaa, som i Bibeloversættelsen, i den opr.
Betydn: tabte, forsvundne. Stilen er jo idet hele temmelig bibelsk». Diskusjonen held fram
heilt til Amalie 21.06 skriv at det i den siste bibelomsettinga skal stå «fortabte».
47 am-ar 14.05.1901
48 am-ar 23.11.1899
49 am-ar 15.05 og 21.05.1901 (Om dateringa, sjå Garton 2005: 186.)
50 am-ar 11.12.1899 «Men dømd er den, som fører vondt yvi eit Menneskje, eller piner det, eller
brenner det i Sjæli med Vanvyrdnad og vonde Ord, eller ser Fall og Naud og ikkje rettar ut ei
Hand, at han kunde gjera Uppreisning. Dømd er han, og ein utestengd; og Rædsla skal vera
yvi han; og naar han kjem paa den vonde Dagen og bed um Fred, finn han kalde Augo og
ingen som kjenner han» (Garborg 1899: 115 kap xlix).
«Men dømt er den, som fører ondt over et Menneske, eller piner det, eller svider det i Sjælen
med Ligegyldighed og onde Ord, eller ser Fald og Nød og ikke rækker ud en Hånd for at
bringe det på Fode. Dømt er han, og en udelukket; og Rædsel skal være over ham; og når han
kommer på den onde Dag og beder om Fred, mødes han af kolde Øjne, og finder ingen, som
kjender ham» (Garborg/Skram 1901:137, kap xlix).
268
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 269
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
51 am-ar 21.06.1901
52 Fil 2,12: «Derfor, mine elskede, likesom I alltid har vært lydige, så arbeid, ikke bare som i mitt
nærvær, men nu meget mere i mitt fravær, på eders frelse med frykt og beven»
(www.bibelen.no, 1930 utgåva).
53 ar-am 14.05. og 24.05
54 Den «enkle, bibelsk-folkelige Sprogtone» (ar-am 29.06).
55 Arne sender Amalie sitt eige eksemplar av ordboka sidan ho er utseld og han har fordommar
mot «antikvariske Bøger» (ar-am 24.05).
56 am-ar 01.10.1901
57 Og i boka står det: «Her er Havn efter Storm og Strid,/ her jeg kaster mit Anker,/ hviler så
roligt til Herrens Tid/ trygt for de nagende Tanker» (Garborg/Skram 1901:140).
58 am-ar 27.07, 21.08, 01.10
59 Hulda har i brev 16.06.1899 skrive til Amalie at ho og Arne ikkje har spesielt god råd. Kanskje
er Amalie ekstra raus med Arne?
60 am-ar 19.11
61 ar-am 19.07
62 am-ar 01.10
63 ar-am 21.11
64 hu-am 19.09.1901: «Du er syg og Garborg er ogsaa syg – du ved ikke, hvor daarlig han nu har
været igjen – altid er det dem man mindst kan undvære som Vorherre tar haardest paa! Her
gaar saa mange gudsforgaaene, væmmelige Kropper omkring, hvorfor kan ikke de faa en Aarebetændelse eller nogen Mavekrampe!»
65 ar-am 27.11.1899
66 Evangeliet etter Lukas kapittel 10, 38–42.
67 hu-ar 24.07.1898
68 hu-ar 09.02.1895
69 Samtiden 1932, ms. fol.4003 s vii, x.
70 ar-hu 10.6.1902
71 ar-hu 28.8.1892, 23.4.1898, 31.12.1901, 26.8.1903
72 ar-hu 19.3.1895
73 ar-hu 27.8.1897
74 ar-hu 5.6.1903 Einabu Laurdag
75 ar-hu 2.4.1896, 12.6.1902
76 ar-am 11.1.1887
77 ar-hu 13.1.1888
78 ar-am 11.07.1895
79 Som t.d. i Mannfolk. Om perspektivskifta i denne romanen, jf. Sjåvik 1985.
269
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 270
med lykti i hand
80 Sitatet er henta frå «Diktning og Politik» (1880) av Arne Garborg. Håndskriftsamlingen
Ms.fol. 4000 (Teksten er òg å finna i Garborg 1919: 179f ).
81 Garborg 1950(2): 202
82 ar-hu 5.5.1899
83 13. januar
lit teratur: brev
frå arne garborg til amalie skram
håndskriftafdelingen ved det kongelige bibliotek, københavn:
sa m ling : nk s 4499, 4°: 31 brev frå perioden 22.06.1885 til 04.11.1901.
frå amalie skram til arne garborg
håndskriftsamlingen ved nasjonalbiblioteket, oslo:
Brevsamling nummer 140: 30 brev frå perioden 06.01.1885 til 17.09.1901.
Ms.fol. 3335, Nasjonalbiblioteket, Oslo:
24.02. 1893
21.08. 1901
20.10. 1901
19.11. 1901
Kielland, Eugenia 1976: Mellom slagene
11.08. 1885 (s. 68–71)
19.12. 1890 (s. 88–90)
19.12. 1895 (s. 104–105)
23.11. 1899 (s. 125–126)
21.05. 1901 (s. 137–138)
21.06. 1901 (s. 139–140)
27.07. 1901 (s. 140–142)
[sept/okt] 1901 (s. 142–143)
25.11. 1901 (s. 143–144)
frå arne garborg til hulda bergersen⁄garborg
håndskriftsamlingen ved nasjonalbiblioteket, oslo:
Brevsamling nummer 140: 159 brev i perioden 10.01.1886 til 27.10.1904
270
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 271
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
frå hulda bergersen⁄garborg til arne garborg
håndskriftsamlingen ved nasjonalbiblioteket, oslo:
Brevsamling nummer 140:102 brev frå perioden 16.01.1886 til 24.10.1904
frå amalie skram til hulda garborg
håndskriftsamlingen ved nasjonalbiblioteket, oslo:
Brevsamling nr. 177: 15 brev frå perioden [1892] udatert til 1902.
håndskriftsamlingen ved nasjonalbiblioteket, oslo
Brevsamling nr. 117
19.12.1895 [avskrift av Antonie Tiberg]
24.12.1895 [avskrift av A. Tiberg]
18.12.1901 [avskrift av A. Tiberg]
25.01.1902 [avskrift av A. Tiberg]
Skougaard Ms.fol. 3335
02.09.1901
05.01.1901 [Garton 2005: 461f.]
frå hulda garborg til amalie skram
håndskriftafdelingen ved det kongelige bibliotek, københavn:
sa m ling : nk s 4499, 4° : 17 brev frå perioden 1896-1902
håndskriftsamlingen ved nasjonalbiblioteket i oslo:
Ubehandlet 43
Arne og Hulda Garborg: Forskjellige papirer: Manuskripter, brev mm. 2 pappesker, 1 for hver.
Ubehandlet 137
Arne og Hulda Garborg: Noen etterlatte papirer: Manuskripter, utklipp, brev mm. 1 pappeske.
Fotografier inkludert negativer er overført til Billedsamlingen.
Ms.fol. 4000
Arne Garborg: «Politik.» Trykt 1919. Egenh. trykkms. med mange rettelser. Nøyaktig beskrivelse av
manuskriptet, se katalog på papir i Håndskriftsamlingen nb.
Ms.fol. 4002
Arne Garborg: Notater og fragmenter. Vesentlig notater om ord, ofte skrevet på baksiden av forskjellige ms.-fragmenter. Tilsammen 58 bl. og lapper.
271
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 272
med lykti i hand
Ms.fol. 4003
Hulda Garborg: Etterlatte papirer. Ms.fol. 4003–4013. 0,3 hyllemeter. Katalog på papir i Håndskriftsamlingen nb.
Ms.fol. 3142
Arne Garborg: Selvbiografisk notis til Selvportrætter og andre Portrætter 1901. Utklipp fra denne
katalog med den trykte tekst vedligger. Her også et visittkort med lykkønskninger, datert Kolbotten
11. juli 1889 med hans og Huldas navnetrekk, Tuftens med Huldas hånd; samt Lærerbeskikkelse for
Aadne Evensen Garborg 1870, fra Christianssands Stiftsdirection (30. sept.–15. okt. 1870). Digfil:
Dokid: 26284.
lit teratur
andersen, thor m. 1943–45: Garborg-litteratur 1866–1942. Ein bibliografi, Oslo, [s. n.], (Fabritius)
beyer, edvard (red.) 1982: «Og nu vil jeg tale ut», «Men nu vil jeg også tale ud». Brevvekslingen
mellom Bjørnstjerne Bjørnson og Amalie Skram 1878–1904, Oslo, Gyldendal
Bibelen www.bibelen.no
brandes, georg 1883: Det moderne Gjennembruds Mænd: en Række Portræter, Kjøbenhavn, Gyldendalske Boghandels Forl.
brantly, susan 1991: The Life and Writings of Laura Marholm, Basel, Helbing & Lichtenhahn
Verlag ag
chartier, roger (red.)1991: La Correspondance, Les usages de la lettre au XIXE siècle, Lille, Fayard
dahl, willy 1984: Tid og tekst 1884–1935, bd. 2 i Norges litteratur, Oslo, Aschehoug
dahlerup, pil 1983: Det moderne gennembruds kvinder bd.1–2, København, Gyldendals paperbacks
dale, johs. a. 1954: «Innleiing», s. xi–xxxx i Mogning og Manndom, Oslo, Aschehoug
dale, johs. a. 1969: Garborgstudiar, Oslo, Det Norske Samlaget
engelstad, irene m.fl. 1996: Amalie Skrams verden, Oslo, Gyldendal
engelstad, irene m.fl. 1989: Norsk kvinnelitteraturhistorie bd. 2 1900–1945, Oslo, Pax Forlag
falk, hjalmar s. og torp, alf 1994: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog,
Oslo, Bjørn Ringstrøms Antikvariat, (første utg. 1903–06)
fintl and, ine w. 2005: «Det umoglege prosjektet: Å forstå det andre kjønnet. Eit ordskifte i
eit brevbyte. Arne Garborg og Amalie Skram 1885-1890», s. 87–107 i Norsk litterær årbok (red.)
Jørgen M. Sejersted og Eirik Vassenden, Oslo, Samlaget
f i n t l a n d , i n e w. 2007: «Å setja ord på vennskap. Brevvekslinga mellom Kitty Kielland og
Arne Garborg 1885–1891», s. 24–35 i 18.06.46. Festskrift til Sveinung Time på 61-årsdagen (red.)
272
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 273
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
Leif Johan Larsen, Per Arne Michelsen, Dag Orseth, Rapport 3/2007, Bergen, Høgskolen i Bergen Bodoni forlag
fintl and, ine w. 2003: 6 kvinner og 1 mann. Arne Garborg og skrifta om sjølvet i brev, 1883–1903
upublisert hovedfagsoppgave i nordisk, UiB
f j ø rto f t, k a r i 1989: «Bohem i bunad. Hulda Garborg (1862–1934)», s. 61–65 i Norsk
kvinnelitteraturhistorie bd. 2 1900–1945, Oslo, Pax forlag
garborg, arne 1899: Den burtkomne Faderen, Kristiania, Aschehoug
garborg, arne 1901: Den fortabte Fader, oversat af Amalie Skram, København, Gyldendal
g a r b o rg , a r n e 1919: «Diktning og Politik» s. 179–180 i, Politik. Blad-Innlegg fraa 1870-åri til
Riksretten, Kristiania, Aschehoug & Co
garborg, arne 1950(1): «Diskussion! Af en anmeldelse af Amalie Skrams ‹Constance Ring›»,
s. 7–20 i Tankar og utsyn bd. 2. Oslo, Aschehoug. Meldinga av Constance Ring stod på trykk
første gong i «Nyt Tidsskrift» i 1885
g a r b o rg , a r n e 1950(2): «Moral og literatur» s 202–203 i Tankar og utsyn bd. 2, Oslo, Aschehoug. Teksten stod på trykk første gong i Dagbladet 27/4-1908
g a r b o rg , a r n e 1950(3): «Den idalistiske reaktion», s. 104–118 i Tankar og utsyn bd. 2., Oslo,
Aschehoug. Teksten stod på trykk i Dagbladet 22/6, 25/6, 2/7, 6/7, /7/ 1890.
garborg, arne 1950: Tankar og utsyn bd. 1–2, red. Dale, Johs A. og Thesen, Rolv,
Oslo, Aschehoug
garborg, arne 1954: Mogning og Manndom, bd.1–2, red. Dale, Johs A. og Thesen, Rolv, Oslo,
Aschehoug
g a r b o rg , a r n e 1980: «Amalie Skram: ‹S.G. Myre›» s. 463–466 i bd. 10 Verk red. Sveinung
Time, Oslo, Aschehoug. Meldinga stod på trykk i Verdens Gang 21.11.1890 (sjå Øksnevad)
garborg, arne 1980: Verk, bd. 1–12, red. av Sveinung Time, Oslo, Aschehoug
garborg, arne 1998: «Hanna Winsnes’s kogebog», s. 262–270 i Hanna Winsnes’s kogebog – og
andre artiklar, Oslo, Aschehoug
garborg, hulda 1895: «Kvindernes Bog. Af Laura Marholm», Verdens Gang 7. mars 1895. Sjå
Reidar Øksnevad: Verdens Gang og norsk litteratur 1868–1910
g a r b o rg , h u l d a 1899: Heimestell. Uppskrifter og Rettleidingar for smaae Hushald, helst paa
Lande, Kristiania, Den 17de Mai
garborg, hulda 1904: Kvinden skabt af Manden. Studie af en Kvinde (I Anledning af Dr. Otto
Weiningers Bog ‹Geschlecht und Charakter›, Kristiania, Aschehoug & Co
garborg, hulda 1924: «Fyriord», Dagbok 1905–1923, bd. 1, Aschehoug, Kristiania, s. i–xxviii
g a r b o rg , h u l d a 1932: «Brevveksling mellem Amalie Skram og Arne Garborg» s. 68–74 i
Samtiden nr. 4
garborg, hulda 1962: Dagbok 1903–1914, Oslo, Aschehoug
garton, janet (red.) 2005: Amalie Skram. Brevveksling med andre nordiske forfattere, [København], Det Danske Sprog- og Litteraturselskab Reitzel
273
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 274
med lykti i hand
h a n s s o n , l au r a m a r h o l m 1894: Kvindernes Bog. Seks Portrætter, autoriseret oversættelse,
Kristiania, H. Aschehoug & Co.s Forlag Originaltittel: Das Buch der Frauen. Zeitpsychologische
Porträts. Paris und Leipzig, Albert Langen Verlag 1894
haroche-bouzinac, genviève 1995: L’épistolaire, Paris, Hachette
ibsen, henrik 1879: Et Dukkehjem, fra utgåva Henrik Ibsens samlede værker bd. 1–10 1898–1902,
København Gyldendalske Boghandels Forlag
j ø rg e n s e n , j o h n c h r . 2005: Om breve. Ni essays om brevformen i hverdagen, litteraturen og
journalistikken, København, Museum Tusculanums Forlag
k i e l l a n d , e u g e n i a (red.) 1976: Amalie Skram. Mellom slagene, Oslo, Aschehoug (1.opplag
1955)
køltzow, liv 1992: Den unge Amalie Skram, Oslo, Gyldendal
l arsen, bolet te c. pavels 1897: Smaoe Skjeldringa, Kristiania, Aschehoug & Co
lerat, jean (red.) 2001: La Lettre dans tous ses etats, Strasbourg, Clement & Gyss
lunde, johs. a 1978: Alexander L. Kielland. Brev 1869–1883, Oslo, Gyldendal
melberg, arne (red.) 1975: Den litterära institutionen. Studier i den borgerliga litteraturens sociala
historia, Stockholm, Rabén & Sjögren
mork, geir 2002: Den reflekterte latteren – på spor etter Arne Garborgs ironi, Oslo, Aschehoug
müller, wolfgang g. 1980: «Der Brief als Spiegel der Seele. Zur Geschichte eines Topos der
Epistolartheorie von der Antike bis zu Samuel Richardson», s. 138–157 i Antike und Abendland
26
obrestad, tor 1991: Arne Garborg, Oslo, Gyldendal
obrestad, tor 1992: Hulda, Oslo, Gyldendal
o n g , wa lt e r 1975: «The Writer’s Audience Is Always a Fiction», Publications of the Modern
Language Association of America, vol. 90, nr. 1, s. 9–21
p r e u s , a n n e g r e t e 1994: «Millimeter» frå albumet Millimeter, w e a Records, produsert av
Knut Bøhn.
stegane, idar 1987: Det nynorske skriftlivet. Nynorsk heimstaddikting og den litterære institusjon,
Oslo, Det Norske Samlaget
stegane, idar 1997: Bolette Pavels Larsen. Artiklar, kritikk, forteljingar og brev, Bergen, Eide Forlag i samarbeid med Den norske bokbyen, Fjærland
t h e s e n , ro lv 1933–39: Arne Garborg. Frå jærbu til europear – Europearen – Europear og jærbu,
bd i–iii, Oslo, Aschehoug
time, sveinung 1980: «Journalisering og dikting hos Arne Garborg – eit etterord til band 9, 10,
11 og 12», Verk bd. 12, Oslo, Aschehoug, s. 219–243
t i m e , s v e i n u n g 1988: Arne Garborg om seg sjølv, Bokklubbens biografiserie, [Stabekk], Den
norske bokklubben
time, sveinung 1992: «Om sjølvframstilling i essayet som skrift – med Garborg og Montaigne
som eksempel», Leve og skrive. Artikler om livshistorier (red.) Mikaelsson, Lisbeth og Stegane, Idar,
274
garborg mat_garborg mat 03.01.11 20.18 Side 275
fintl a nd | forfat ta rportret t i brevvekslingar
Bergen, Senter for humanistisk kvinneforskning, Universitetet i Bergen, Skriftserien nr. 4, s.
109–120
time, sveinung 1996: «Arne Garborg og nasjonal identitetsdanning». S. 105–195 i Haug Føyen
og Time: Arne Garborgs kulturnasjonalisme. To studiar. Oslo. Norges forskningsråd. kults skriftserie nr. 61
v i o l i , pat r i c i a 1985: «Letters», s. 149–168 i Discourse and literature (red.) Teun A. van Dijk,
Amsterdam/Philadelphia, John Benjamins publishing company
øksnevad, reidar 1954: «Verdens Gang» og Norsk litteratur 1868–1910. En bibliografi, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag