NORSKDOMSRØRSLA OG DEI TO HØGKULTURANE

KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
WIGDIS JORUNN ESPELAND
NORSKDOMSRØRSLA
OG DEI TO HØGKULTURANE
1849 er eit gjennombrotsår for nasjonalromantikken i Noreg. Då hentar Ole Bull
den vidgjetne spelemannen «Myllarguten»
frå Telemark inn til konsertscenen
i hovudstaden. Eit stort publikum blir
for første gong presentert for hardingfelemusikken, ein av dei rotnorske
folkelege kulturtradisjonane. I åra etter
1850 skyt norskdomsrørsla fart.
Då opplever bygde-Noreg eit vaknande
kulturelt sjølvstende, tufta på nedervde
tradisjonar.
I samværet mellom Ole Bull og Myllarguten er det to kulturar som møtest.
Men alt ein generasjon tidlegare,
i byrjinga av 1800-talet, er bygdekulturen blitt trekt fram i lyset, gjennom
prosten i Ullensvang, Nils Hertzberg
sin serie i Budstikken om bygdeliv og
bygdeskikkar. I akvarellen «Et Bryllop
i Kingservigs Præstegield» er vi inne
på den historiske scenen der folkemusikken og dei folkelege kulturtradisjonane har utfalda seg.
Ole Bull.
DEI TO KULTURANE
et synet at det finst ein høgkultur i
motsetnad til andre, såkalla lågkulturar, er gamalt. Det humanistiske kulturomgrepet fekk ein sentral plass i
utviklinga av den borgarlege livsforma.
Borgarskapet; som ein ny klasse mellom
adelsskapet, bøndene og småkårsfolket i
D
Europa frå 1700-talet, tok avstand frå
«folket» som levde i skit og vankunne,
samstundes som adelen også fekk sitt.
Dei humanistiske danningsideala vart på
ein særskild måte knytt til byborgarane og
embetsmannskulturen; ein høgkultur i
høve til den folkelege, tradisjonsbundne
kulturen på bygdene.
GRAUTSTRIDEN
Den berømte «grautstriden» i 1860-åra
mellom eventyrspesialisten PETER CHRISTEN ASBJØRNSEN og folkelivsgranskaren
EILERT SUNDT viser konflikten mellom
ulike kulturelle haldningar.
Det kom klart fram i spørsmålet om dei
norske bondekonene kunne koka graut
eller ikkje. Utfrå det borgarlege kultur-
Nils Hertzbergs akvarell «Et Bryllop i Kingservigs Præstegield», frå kring 1820.
137
NORSKDOMSRØRSLA
OG DEI TO HØGKULTURANE
synet var det «edelstener» Asbjørnsen henta
fram, redda dei «ud fra det brændende hus»,
fordi folk under industrialiseringa av
Noreg etter hans syn kasta bort alt det
gamle. På den andre sida stod folkelivsgranskaren Eilert Sundt, som skreiv om
levevilkåra til folk på 1800-talet. Båe hadde
reist mykje blant allmugen og hadde levd
mellom dei. Men likevel hadde dei vidt
skilde syn på menneska dei skreiv om.
Asbjørnsen hadde naturvitskapleg utdanning i tillegg til at han var interessert i innsamling av eventyr og segner. På ei reise i
Tyskland hadde han vorte kjend med dei
nyaste teoriane om ernæring og helse.
Etter den tids forskning vart det reist sterk
kritikk mot den tradisjonelle måten å
koka graut på. Denne gjekk ut på at vatnet
først blei kokt opp, deretter vart ein del
mjøl tilsett og kokt vidare. Til slutt tok så
bondekonene grauten bort frå elden for å
Ungdomshuset «Solhaug» på Rossvold
i Ulvik i 1920. Dette var ei ombygd og
påbygd røykstove som vart gjeve som gåve
til ungdomslaget i 1890-åra.
«Solhaug» vart øydelagt under krigen.
få i noko rått mjøl. Dette gjorde grauten
ekstra mettande. Det var denne siste
arbeidsoperasjonen som forskarane kritiserte. Asbjørnsen hevda at millionar av
kroner gjekk tapt kvart år på grunn av den
dårlege tradisjonen til bondekonene. Her
tok Eilert Sundt til motmæle. Han hevda
at matlagingstradisjonane bygde på erfaringskunnskap som kvinnene hadde gjort
seg gjennom 1000 år. Dei hadde sett kva
mat som var nærande og ikkje. Forskning
som ikkje tok med denne erfaringa, bygde
på feil grunnlag. I tillegg var denne diskusjonen ei stygg nedvurdering av kvinnene
i Noreg. Sundt tok sterk avstand frå dette,
og nyare ernæringsforsking har vist at
bondekonene hadde rett.
138
BORGARLEG HØGKULTUR
OG FOLKELEG LÅGKULTUR
Då borgarskapet i Europa voks fram som
klasse, oppdaga dei at det fanst kulturar i
eigne samfunn som ikkje kunne forklarast
ut frå tanken om at dei var dårlege etter-
likningar etter den borgarlege livsforma.
Nei, dei nedre sjikta i samfunnet bar ein
annleis kultur, samanlikna med deira
eigen. Som forklaring på dette fekk vi
ideen om ein «høgkultur» som representerte den borgarlege, og ein «lågkultur»
som representerte kulturen til folket,
allmugen. Kjennemerket for «lågkulturen»
er at det ikkje finst noko skriftspråk,
kulturformidlinga deira er i første rekkje
knytt til munnleg overlevering. Etter
teorien er individuell skaping ikkje
mogleg, men skaping skjer kollektivt,
gjerne ved at dei apar etter kulturuttrykk
som stammar frå dei øvre sjikta.
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
hadde ikkje berre eit positivt syn på kvardagslivet til bønder og fiskarar, eller
allmugen. Han følte ansvar for å «reinsa»
det han henta frå «folket», før han presenterte det for eit danna publikum. Ja, det er
til og med det kulturelle fundamentet han
argumenterer ut frå i forfattarskapen sin.
Også andre kunstnarar nytta folkekulturen som råmateriale for si kunstnarlege skaping. Vi kan nemna OLE BULL,
EDVARD GRIEG og ikkje minst, folkeminnesamlarane P. CHR. ASBJØRNSEN og
JØRGEN MOE.
Det kan kanskje tykkjast unødvendig å
leggja så stor vekt på å skildra denne
der spalter hans Bevidsthed sønder i en tvedelt
Viden. Vi vil en Oplysning, som han uten
særlig Stræv kan assimilere og have Gavn og
Glæde af, en Oplysning som slutter naturligt
ind i hans egen Tenkegang og blot giver den
nye Impulser og videre Baner, og en Oplysning
der ikke binder ham i underdandig Ærbødighed til Selvtænkning og Selviagttagelse, fordi
det som Bogen byder ham, ikke synes som
noget Fremmedt og Fjernt, men netop adresserer
seg til ham i hans eget Hverdagsliv. Han skal
læres at omgåes Oplysningstanken frit og selvstendig som sin egen Eiendom, til at eie og
nyde og drage Aandsnæring af.»
NORSKDOMSRØRSLA
utvikling for den unge kulturnasjonen
Noreg ut frå dansk embetsmannskultur,
sprita opp med omforma impulsar frå
Noreg, og dei som ville ta steget fullt ut
og byggja kulturnasjonen på eigne tradisjonar, språk og levemåte, vart stort. Her
ligg kjernen til språkstrid og politisk utvikling og i dag. Dette gjeld så vel distriktspolitikk som debatten om medlemskap i EF. Det er tale om tiltru til eigne
tradisjonar og livsformer i Noreg, samstundes som det også gjeld å skapa ein
kultur som set oss i stand til å delta i verdssamfunnet.
OG DEI TO HØGKULTURANE
viklinga. Lat oss sjå på kva bøndene gjorde
for å delta i utviklinga av samfunnet frå
midten av 1800-talet og framover. Aviser
skaffa folk seg etter kvart som dei vart tilgjengelege. Endå om ikkje alle kunne
lesa, var det nok at ein kunne det. Han
vart gjerne sett til å lesa høgt. Det er også
fortalt om korleis folk ordna seg for å få
tak i avisene. Ikkje berre gjekk dei på omgang mellom folk i ei bygd; dei kunne
også verta delte mellom folk i to bygder.
Frå Sørfjorden i Hardanger er det fortalt
om to bygder på kvar side av fjorden at
dei heiste opp eit kvitt plagg som teikn på
at avisa kunne hentast når ho var utlesen.
Ungdomshuset «Haugatun» i Strandebarm er ein klassisk representant for norskdomsrørsla sine forsamlingshus (R377).
Folkedans på «Solhaug» kring 1926.
Den borgarlege kulturen stod for utvikling; for det progressive. Dette stod i motsetnad til det tradisjonelle, å overta kulturtrekk frå tidlegare generasjonar uten å
stilla spørsmål ved dei. Viktige kjennemerke ved denne diskusjonen er tankane
om ein avansert, urban elite, med europeisk, internasjonal kultur, stilt opp mot
den heimlege, regionale, isolerte og
primitive folkelege kulturen.
Etter denne tankegangen var folkelege
kulturuttrykk interessante i den grad dei
hadde teke vare på og var berar av den
rotekte, kollektive og «råe» norske kulturen
og dermed kunne vera leverandørar og
inspiratorar for kunstnarar innan dei klassiske genrane. Men først måtte kulturuttrykka omformast og omtolkast i ei
borgarleg, klassisk kunstramme. Her kan vi
tenkja på bondeforteljingane til BJØRNSTJERNE BJØRNSON, som står nærare
europeiske danningsideal og skrifttradisjonar enn dei reelt avspeglar livet til bøndene i det norske samfunnet. Bjørnson
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
ideologien. Men etter mitt syn ligg mykje
frå dette teoretiske fundamentet til grunn
for såvel handling som politikk den dag i
dag, endå om ingen vil tora å kalla folk for
«lodne huleboere», slik Bjørnson karakteriserte bøndene og målfolket, i eit brev til
Garborg.
DET DEMOKRATISKE
KULTURSYNET
I sterk motsetnad til dette kultursynet stod
det demokratiske. HENRIK WERGELAND,
ARNE GARBORG, AASMUND OLAVSON
VINJE – og folkelivsgranskaren Eilert
Sundt hevda alle det synet at evna til å ta
del i utvikling ikkje var knytt til ein
bestemt livsstil, men hang saman med
evna til å tenkja og reflektera. Difor var
det viktig med folkeopplysning om folk
skulle ta del i utvikling og styring av
samfunnet. Men:
«Vi vil ikke en Oplysning, der møder ham
(bonden) som noget «nyt», noget over ham selv
og hans Liv. Lignende ikke en Oplysning,
Etter dette kultursynet er ikkje lærdom,
eller evna til refleksjon knytt til ein klasse
eller ei gruppe, det er derimot ei evne
mennesket har som art. Difor kan alle
grupper og folk tileigna seg både kunst og
lærdom dersom det vert presentert på ein
måte som har tilknyting og relevans til
kvardagslivet til menneska.
Vidare er det mogleg å integrera desse
tradisjonane i alle livsformer, om ein får
folk til å godta dei. På denne måten
reknar ein med to høgkulturar i Noreg.
Den eine har røter primært i den tidlegare
embetsmannsstanden frå dansketida, med
ideal frå dansk borgarskap. Den andre
høgkulturen er tufta på norsk levesett i
bygd og by, og på det nynorske språket
som er utvikla direkte frå norsk talemål og
sett inn i samanhengar som er forståelege
for mottakarane. Tradisjon vert ikkje lenger
motsetnad til vitskap, men ein del av
miljøet som det må takast omsyn til når
noko nytt skal innførast.
Skiljet melom dei som såg ei ønskeleg
REAKSJONÆRE BØNDER?
I følgje tradisjonen etter Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg
vart det nynorske skriftspråket først
utvikla ut frå dei norske dialektane. Deretter vart det prøvd ut i lyrikk og prosa, ja,
Ivar Aasen testa det også ved å omsetja
både Shakespeare og Schiller før han var
sikker på at båten bar. Men minst like
viktig er innsatsen folk sjølve gjorde i
bygd og by. Den historia er enno ikkje
skriven. Det gjeld folks deltaking i utviklinga av Noreg som kulturnasjon. Her må
vi finna andre kjelder enn det embetsmennene skriv. Ei viktig kjelde er protokollar og andre data om framvoksteren av
organisasjonslivet. Eg vil særleg nemna
norskdomsrørsla, som fekk mykje å seia
mot slutten av 1800-talet.
I spørsmål om kulturell utvikling i
Noreg fekk bøndene ord på seg for å vera
både kulturfiendtlege og motstandarar av
utvikling. Dei vart motpolen til borgarskapet, som stod for den progressive ut-
NORSKDOM, FRIDOM,
KRISTENDOM
Seinare skipa folk ungdomslag. Dei frilynde ungdomslaga sette seg eit idealistisk
program: norskdom, fridom, kristendom,
tufta på Grundtvigs kulturprogram og
liberale kristendomssyn. Lat oss høyra
korleis eit av dei aller første ungdomslaga
kom i stand i den veglause granda Botnen
i Fyksesund:
«I Øystese, inst i Fyksesund, ligg Botnegrenda avsides og avstengd. Folk her sat helst
trongt i det, men dei fleste hadde hug på lesnad,
og det var mange opplyste menn i krinsen.
Fleire unggutar gjekk lærarskulen og fekk
postar. Heim søkte dei alle i sommartida. Nils
Skaar, som seinare vart stortingsmann og styrar
for Hordaland Folkeblad, gjorde vinteren 1869
opptaket til eit handskrive blad for Botnegrenda. Det skulle drøfta grendaspørsmål og
ungdomsspørsmål og koma med både alvorlege
og morosame småstykke. Bladet skulle heita
«Dvergmålet». Det fekk straks eit tjug tingarar,
dei betalte 2-4 skilling året kvar, – det skulle
139
NORSKDOMSRØRSLA
OG DEI TO HØGKULTURANE
vera godtgjerdsle til bladstyraren for papir og
arbeid. Då Nils Skaar fòr til lærarskulen, gjekk
det noko ymse med bladet. Men så mykje
hadde det vekt opp i ein flokk med grendafolket, at dei våren 1870 ville få i stand eit
«folkesamlag». «Det skal vera bondevenleg»,
sa somme. Nei, meinte fleirtalet, med Nils
Skaar i brodden, «vi vil ha eit vidare og friare
program så laget særleg kan fremja åndsvoksteren hjå ungdommen». Det skulle haldast
møte med føredrag og ordskifte. Mest 30 lagsmenn skreiv seg inn straks. Skaar vart første formannen og stod til 1873. Laget tok for seg
emne som utvandringa, bondevennrørsla,
imot vart dei tidleg klar over at dei måtte
tileigna seg kunnskap for å kunna ta del i
arbeidet for å utvikla den unge nasjonen
Noreg. Problemet var korleis dei skulle få
tilgang til utdanning og kunnskap. Her
var kanskje ungdomslaga vel så viktige
som folkehøgskulen, fordi det var berre
eit fåtal av ungdommen som hadde råd til
å gå der. Men dei som fekk denne sjansen,
kom heim til bygda og arbeidde vidare i
ungdomslaga. Det vart òg eit mål i seg
sjølv å skipa til ei skuleform gjennom
ungdomslaga, der medlemmane skulle
vera både lærarar og elevar samstundes.
Sceneteppe frå ungdomshuset «Krossvoll» i Lofthus måla av Rudolf Vig kring 1920.
Motivet er typisk for ungdomsrørsla sin metaforbruk. Draperia kring motivet er konvensjonelle
teatertegninger.
pietismen, folkehøgskulen, kroppsøving, opplæring i husstell, fruktdyrking og grønsakdyrking i grenda. Vinteren 1872 skipa laget
til «stortingsmøte». Ein vyrdeleg 55-åring var
president og sat med klubba i hand. Mange av
dei som var med, hugsa møtet og tala om det
20–30 år etterpå. For mesteparten av årspengane
kjøpte laget bøker – «Liv i Norge» av Ole Vig,
«Arne» av Bjørnson, «Ervingen» og «Symra»
av Ivar Aasen, «Han og ho» av Kristofer Janson
var dei første. Smått om senn vaks boksamlinga
til om lag hundre band.»
140
Dette vesle glyttet frå korleis ungdomslaget
i den veglause grenda Botnen i Hardanger
vart skipa, illustrerer godt at ungdomslaga
var ei grasrotrørsle. Det syner vidare at
folk slett ikkje var kulturfiendslege. Tvert
Her finn vi spirer til både folkeakademiet
og anna seinare opplysningsarbeid.
Men kva skulle vera innhaldet i dette
arbeidet? Det skulle først og fremst vera
nyttig kunnskap i kvardagen, og utvikling
av tradisjonar med røter i dagleglivet.
Difor var det naturleg å ta opp litteratur på
nynorsk, litteratur med referanse til bygdemiljø, men som også inneheldt nye tankar.
Interessant er det å leggja merke til at dei
første lokale avisene inneheldt meir stoff
frå utlandet enn frå heimlege trakter, fordi
det var svært viktig for folk å kunna følgja
med i det som skjedde i tida.
FÁR ETTER KULTUR
På mange område sette dei såkalla kulturfiendslege nynorskbrukarane merke etter seg.
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
Først nynorsk litteratur. Frå starten var
idear frå europeisk åndsliv sentrale for dei
forfattarane som utvikla dette språket
litterært. Vi kan peika på den samanhangande linja fram til i dag, Aasen, Aasmund
Olavsson Vinje, Arne Garborg, Kjartan
Fløgstad og mange andre.
Sentralt stod Folkehøgskulane, men det
vart også viktig å skipa lærarskular.
Lærarskulen på Stord vart snart ein læreanstalt og ei inspirasjonskjelde for bygdeungdommar (R211). Men folk gjekk
mykje lenger; det vart arbeidt aktivt for å
få til eit nynorsk universitet. Meininga var
at Universitetet i Bergen skulle få denne
oppgåva. Slik vart det ikkje.
Eit anna viktig område er teaterarbeidet. HULDA GARBORG og KLARA
SEMB er sentrale namn. Båe to var opptekne av å ta vare på dei norske dansetradisjonane og vidareutvikla desse. Hulda
Garborg var særleg oppglødd for songdans
som ho meinte ut frå teoriane på den tid,
hadde levd i Noreg i mellomalderen, men
hadde vorte borte under den danske kolonialiseringstida. Ho reiste til Færøyane for
å henta dansar heimatt til Noreg. Men etter
nærare ettertanke omforma ho dansen.
Dette arbeidet vart vidareført av Klara
Semb som skapte nye songdansformer,
ikkje berre til mellomalderballader, men
også til norsk lyrikk av eldre og nyare slag.
Sentralt i folkedansarbeidet stod det å laga
til framsyningar av dansane, slik at folk
skulle få interesse for å nytta dei. Etterkvart vart det utvikla dramatiseringar av
folkevisene, av dansen og bygdemiljøa.
Dette utgjorde den første spira til det som
seinare skulle verta det norske teateret.
Det vart deretter oppretta teatergrupper i
mest alle ungdomslag og dei spela teaterstykke skrivne på nynorsk. I bresjen for
arbeidet med å oppretta eit nynorsk teater
stod Bondeungdomslaget i Bergen. Med
spelestykket «Kraaka» reiste dei i 1910 til
Oslo på framsyningsferd. Her vart dei råka
av det kvitglødande vestlandshatet til NILS
KJÆR. Han skreiv i Aftenposten dagen
etter:
«... Der forekom nemlig gloser, som ikke kan
assimileres i noget andet sprog end Hægstads
eksamenssludder. Mit eneste ønske er, at Vestlandet henvises til seg selv. La os ikke hjælpe
kortskallerne til en magt, hvis byrde de snart vil
kjende som en østlandsk uforskammethet.»
I dag er situasjonen ein heilt annan. Det
Norske Teatret er ein kulturinstitusjon som
har vist seg å vera særs bærekraftig. Det
same gjeld det nynorske språket som
teaterspråk. Det er verkeleg tale om ein
ny norsk høgkultur på dette feltet også. ❑