GYGRA SIBYLLA

GYGRA
Dei to mektige steinblokkene over
Gygrestolura kan sett frå Bøbygda sjå
ut som ein stol, og kven andre enn
Gygra kunne vel bruke ein stol som
dette? Dermed hadde folkefantasien
gjett denne sereigne fjellformasjonen
eit treffande namn.
Men gygra var ikkje noko fredeleg
vesen. Ho var av trollslekt og kunne
vere vanskeleg å ha med å gjere. Da
kristendommen kom til Bø og
nabobygdene,
og det blei bygd
kyrkjer, blei ho illsint og kasta fleire
kampesteinar etter både Bø, Gåra og
Nes kyrkjer. Men serleg treffsikker var
ho ikkje og måtte gje seg utan å
lykkast med øydelegginga si.
Dei
fleste steinane ho kasta er seinare blitt
sundskotne, men nokre skal vere
synlege den dag i dag.
Det var ikkje bare kyrkjene som irriterte
gygra. Da ho fekk vete at dei feira
bryllaup på Nordigard Erikstein blei ho
arg. Medan brudefølgjet sat benka
rundt bordet kom det ein stor stein
susande frå Gygrestolfjellet. Det var
gygra som ville tyna brudefølgjet, men
ho trefte ikkje denne gongen heller.
Steinen falt ned nokre meter utanfor
husveggen og der skal han stå den
dag i dag.
SIBYLLA
Sibylla heitte ei spåkone som vi har
fleire spådomar etter;
Ein av spådomane til Sibylla var at
Gygrestolen skulle kome til å rase ned
i Uvdalstjønna slik at vatnet skulle stige
heilt opp til trammen på Uvdal gard –
og da skulle det være slutt på verda!
Ein annan av spådomane til Sibylla var
om sølvfunn. Kalven er på Kongsberg,
kua er på Vreim, men oksen er i
Gygrestolen. Ho meinte det skulle vere
ein stor sølvførekomst der.
Illustrasjon: Liv Solberg Andersen