St. Olav - Den nordisk-katolske kyrkja i Ålesund

Messer
St. Olav kyrkje
mai 2014
sundag 4. mai kl. 11.00
3. sundag i påsketida
Joh 20,19-31 Teikn til tru
sundag 11. mai kl. 11.00
4. sundag i påsketida
Den Nordisk-Katolske Kyrkja
St. Olav
Benkeblad for mai 2014
Joh 20,19-31 Teikn til tru
sundagane 18. og 25 mai er det
inga messe i St Olav
torsdag 29. mai kl. 11.00
Helgetorsdag
Joh 20,19-31 Teikn til tru
sundag 1. juni kl. 11.00
7. sundag i påsketida
Joh 20,19-31 Teikn til tru
PINSESTEMNE
Messetider:
Laurdag 7. juni kl. 16.00
Sundag 8. juni kl. 11.00
Måndag 9. juni kl. 10.00
Bankkonto for gjevarteneste, DNKK
v/fr Tom Hængsle,
Sportsvn 22, 3224 Sandefjord
1638.25.24512
Bankkonto for St Olav, Ålesund
3000.16.43025
St Olav misjon,
Borgundvn. 606, Hatlane, 6016 Ålesund
www.aalesund.nordiskkatolsk.no
Prest:
fr Ottar Mikael Myrseth
Skåthaugkleiva 34, 6010 Ålesund
tlf: 988 76 761
epost: [email protected]
Tidsånda
er eit uttrykk som bygg på tankar etter filosofen
Hegel. 'Tidsånda' er det i samtida som er større
enn oss og som det er vanskeleg å distansere se
frå. Det ligg i lufta, tankegangar som set preg på
våre liv. Dei treng oftast korkje presentasjon eller
motivasjon, for dei er rekna som sjølvsagde.
Vår tids ånd er prega av at det offentlege livet er
blitt reint sekulært. Helse- og skule-vesen er
religions-nøytrale. Kristent menneskesyn er
under åtak. Familien og ekteskapet vert
ombygde. Kristne kyrkjer bøyer seg for tidsånda
og er ikkje lengre det uomgjengelege fundamentet den vestlege kulturen bygg på.
Det politisk korrekte får forrang i kyrkjeleg
praksis og forkynning. Folkekyrkja minner stadig
meir om Folkets Hus. Og der dei store går føre,
fylgjer dei mindre etter. Frimodig forkynning vert
mangelvare. 'Verdiar' erstattar sanninga, og vert
avgjort ved fleirtalsvedtak etter politiske
prosessar. Det kostar å heise flagg mot tidsånda.
Slike tider splittar dei truande. Dei som trufast
held på dei gamle sanningane, vert marginaliserte
i sine kyrkjer og fellesskap. Mange teier. Somme
dreg seg attende. Andre melder seg ut. Difor
trengst det idag mobilisering på tvers av kyrkjer
og konfesjonar.
Den kristne filosofen C.S. Lewis nytta uttrykket
'mere christianity', berre kristendom. Tidsånda
har berre plass for samtids-fornuften. Men
'mere christianity' er at Gud er større enn oss,
og vår lukke er å leve etter hans fornuft. Gud
seier at kvart menneskeliv er ukrenkjande, at
ekteskapet er 'eit stort mysterium', at
mennesket er eit åndeleg tempel, at familieliv
er eit guddomeleg oppdrag, og at borna
høyrer Herren til.
C.S. Lewis skriv at der er ein orden i universet
som menneske med ulik tru kan erkjenne. På
slikt grunnlag kan mange som trur at Jesus er
den levande Herre over kosmos, arbeide
saman. Dei som innser at kampen mot
tidsånda handlar om meir enn konfesjonelle
ulikskapar og at det heilage er under åtak.
Dette er den tredje arena.
Pinsestemne
«Levande steinar oppbygde til
eit åndeleg tempel»
Her trengst mobilisering. Den tredje arena er
nivået over våre kyrkjelydsfellesskap. Der kan
lutheranarar og katolikkar, pinsevener og
baptistar, misjonsfolk og karismatikarar lære
av og styrke kvarandre, skape visdoms-baser
og front-fellesskap. Slik bygg ein også vern
mot å bli dominert av tidsånda.
Vi vil sikkert bli usamde, men når vi står saman
om Skrift-lojaliteten og saman vil vende
attende til Jesus, kan vi saman avsløre kva som
står på spel. For den Logos som held heile
verda ihop, er ikkje ein idé, men ein person.
Og det som er sant, er sant sjølv om ingen gjer
det, og det som er usant, er usant sjølv om alle
gjer det.
+++
Set av tid i sommar til
Olsokstemne i Trondheim
26. ­ 29. juli
DNKK-folk samlast med St Justin misjon som
vertskap. Det blir messefeiring i Døvekirken,
foredrag, bibeltimar og sosial samling.
Somme vil også ha glede av å delta i delar av det
offisielle olsok-programmet i byen.
Følg med når detaljert program vert publisert på
heimesida: www.dnkk.no
fredag 6. til måndag 9. juni 2014
St Olav kyrkje og Borgund folkehøgskule
Laurdag kl 16 opning med messe i St Olav
kyrkje. Etter messa innkvartering og felles
middag på folkehøgskulen.
Bibeltimar ved
subdiakon Rino Eriksen og fr Ottar Mikael.
Messer og tidebøner, utflukter og felles måltid.
Avslutning med messe i kyrkja måndag kl. 10.
Overnatting 400 kroner for eit rom pr natt.
Påmelding snarast.