b L E S T Programhefte

b L E S T
Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014
Programhefte
Velkommen til bLEST!
Bokfuglar av
Stian Hole. Sjå
utstilling av fleire av
bokillustrasjonane
hans i Galleriet
heile bLEST-veka.
Takk for støtte frå
Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under bLEST-veka
3.-9.november.
Norske og nordiske toppnamn står i programmet, og dei vil gi oss pirrande
smakebitar frå bøkene sine, dela tankane sine med oss og få fram latteren i
spennande samtaler.
Musikk og sang, kunst og film, hobby og quiz, blir det også. Seminar og
ikkje minst lansering av Tysvær kommune si 50-års jubileumsbok er også
blant godbitane.
La deg lokka ut or godstolen under bLEST, så får du endå fleire gode
opplevingar å kosa deg med i godstolen utover vinteren!
bLEST-komiteen ønskjer deg velkommen uansett alder og kor du bur!
Ingvar Frøyland
kultursjef
NOV
3
Kl 16.00
Biblioteket
MÅNDAG
Biblioteket sitt store bruktsalg! Kom og finn skjulte skattar!
Denne gongen vert det eit særleg stort utval av musikk-cd’ar,
men også store mengder bøker for både barn og vaksne.
I år kilopris: Kun 19,99 kr pr kg!
Kl 18.00
Galleriet,
Tysværtunet
Opning av kunstutstilling med bokillustrasjonar av
Stian Hole og Rune Markhus. Dei har begge to fått mange
prisar, mellom anna fleire gonger i “Årets vakreste bøker”. Arr.
Tysvær kunstlag
Kl 19.00
Storsalen,
Tysværtunet
Nordisk krimkveld!
Eit mestermøte mellom
forfattarane Lene Kaaberbøl (Danmark) Johan Theorin (Sverige)
Gunnar Staalesen og Jan Mehlum. Munorpianist Marina
Johansson spelar utdrag frå konserten Kriminelle komponistar.
Medlem av familie-og kulturkomiteen på Stortinget, Hege
Haukeland Liadal opnar festivalen.
Programleiar er Fredrik Wandrup, litteraturkritikar i Dagbladet.
Billettar: 200,-
Johan Theorin debuterte i 2007 med den første av fire
kriminalromanar frå Öland. Bøkene hans er gitt ut i meir enn tjue land.
NOV
3
Kl 19.30
Skjoldastraumen
grendasenter
MÅNDAG
«Hjertet mitt har ikke demens»
ved forfattar og lege Audun Myskja.
Myskja ynskjer at me alle skal få meir kunnskap om kva
demens er, korleis det gir seg uttrykk hos den som er ramma,
og kva den som har demens treng.
I denne boka skriv han også varmt og nært om
korleis me kan kommunisere med den som har
demens, -gjennom musikk
og andre følelsesmessige uttrykk.
For: “Hjertet husker det hodet glemmer!”
Forfatteren vender seg først og fremst til
pårørande, men boka er også svært
nyttig og relevant for
helsepersonell.
Audun Myskja har tretti års erfaring innan integrert medisin, og har
arbeidd parallellet med vanleg medisin, terapeutisk berøring, terapeutisk
stemmebruk og musikkterapi. Han har skrive ei rekkje fagbøker og har vunne
Den Norske Lægeforenings kvalitetspris for arbeid med musikk i medisinen.
NOV
4
TIRSDAG
Kl 12.00
Arquesbus,
Førresfjorden
«Krigsseileren» Leif M. Bjørkelund og Bjørn Toft fortel
Kl 19.00
Biblioteket
90-talls flashback og tøffe tak når haugesundaren
Jan H. Kallevik og Aslak Nore møtest for å snakke om om sine
ferske, hardtslåande bøker.
og viser videoopptak om krigsseglarane på Haugalandet. Kaffi.
Jan H. Kallevik ga ut si sterke sjølvbiografiske debutbok
“Xtrm, krig i Oslo’s gater” våren 2014. I boka utspelar det
seg scenar m.a frå lokale plasser som Flytten og Djervhuset.
Ein gripande, brutal action-dokumentar om kampen mot
nynazisme i Oslo-gatene på 1990-tallet.
Aslak Nore slapp nyleg spenningsromanen “Oslo Noir”,
som både er hardkokt narkokrim og ei forteljing om å vekse opp
på 90-tallet.
Programleiar er Roar E.Jacobsen, kulturleiar i Haugesunds Avis.
NOV
5
Kl 19.00
Husflidshuset,
Grinde
ONSDAG
Dei gjer suksess over heile verda, og trivest like godt i
New York som heime på den nedlagte jernbanestasjonen i
Valdres.
Arne & Carlos
har med sine julekuler,
Designerduoen
strikkedokker og setesdalssokkar gjort handarbeid trendy, og i
år kom boka “30 tøfler”. Denne kvelden vil dei presentere både
denne og dei tidlegare bøkene sine.
Vertskap er Tysvær Husflidslag, og dei vil også ha ei stor
kofteutstilling med gamle og nye mønster på plass i denne
perioden. Her er det rom for inspirasjon begge veier!
Boksalg og lett servering.
Billettar: 100,- for medlemmer, 200,- for ikkje-medlemmer.
“Arne & Carlos
-noe av det mest trendy på kloden”
(Trendanalytiker Li Edelkoort )
NOV
5
Kl 19.00
FjørSilkeBris,
Førland
ONSDAG
Ein litterær-musikalsk kveld der fotball og far & son
tema står i sentrum - med
Kjartan Fløgstad, Aslak Nore og
Odin Staveland.
Kjartan Fløgstad og Aslak Nore skriv bøker kvar
for seg, men har nå skrive si første bok saman.
Boka Brasil 2014 handlar om deira glødande felles
interesse: Fotball. Men den er også ein hyllest til
den latinamerikanske kulturen. Under VM i 2014
reiste dei både i storbyar og i jungelen, dei var på
tribunar, i gatene og på kafear. Møt forfattarane og
høyr forteljingar frå eit kontinent i sterk endring.
Odin Staveland gir snart ut sitt første solo-album.
På FjørSilkeBris får publikum kome tett på Staveland
og høyre utdrag frå albumet hans.
Kvelden blir leia av Alf-Einar Kvalavåg, redaktør i
Tysvær Bygdeblad.
Billettar: 200,-
NOV
6
Kl 19.00
Storsalen,
Tysværtunet
TORSDAG
TETT PÅ! Litterær festaften i to akter!
Selma Lønning Aarø, Hanne Ørstavik
og Brit Bildøen presenterer bøkene sine og samtalar
mellom anna om utfordringar i nære relasjonar.
Øyvind Rimbereid er ein av våre fremste og mest
prislønna lyrikarar, og
selma
lønning aarø britbildøen hanne
ØRSTAVIK
“Først svarer han nølende: Tør du det da, komme sånn ens ærend.
Det svarer jeg ikke på, lar ham gå litt med forbeholdet sitt.
To timer senere: Kom! Kom lørdag og bli så lenge du vil! “
Frå “Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux” av Hanne Ørstavik
Sigmund Falch
krydrar kvelden med sine humoristiske
tekstar til gamle fotografi.
Programleiar er Karen Hesseberg.
Billettar: 200,-
falch
rimberein
hesseberg
karen
sigmund
øyvind
NOV
7
FREDAG
Forteljarstund
Kl 10.30
Biblioteket
for førskulebarn.
Møt Roald Kaldestad frå Stord som har gitt ut mange
barnebøker. I haust kjem biletboka “269 dagar”. Det er
ei historie om ei jente og ein gut som er verdas beste
bestevenner. Så flytter jenta...
Kl 17.00
Biblioteket
Sjakk matt! Heile livet har politikaren
Bård Vegar Solhjell vore djupt
fascinert av sjakk. I barndomen var han ein
talentfull sjakkspelar, seinare vart sjakken meir
som ein hemmeleg lidenskap. I boka “Sjakk, ei
kjærleikshistorie” forklarer Solhjell enkelt og
underhaldande kvifor stadig fleire elskar sjakk.
Dette er ei bok for deg som vil forstå meir av eit
av verdas eldste og mest utbreidde spel.
Etter programmet tek me sikte på
oppstart av Tysvær sjakklubb.
I biblioteket kan du dessutan prøve deg på eit
parti sjakk både på skjerm og “live”.
Glad i sjakk?
Kom og bli med i oppstarten
av Tysvær sjakklubb!
NOV
7
Kl 19.00
Storsalen,
Tysværtunet
FREDAG
Konsert: Renberg og Tønes
Gled deg til ein anleis kveld med laus snipp, fornøyeleg
historieforteljing, litt alvor, ein del tøys, og ikkje minst
mykje song og musikk saman med to av dei meist profilerte
kunstnarnamna i fylket dei seinare åra. Tore Renberg har
besøkt bLEST tidlegare. Denne gong har han med seg Frank
Tønnesen – betre kjent som Tønes.
I 2012 kom det definitive gjennombrotet til Tønes, med
albumet “Sån av Salve” som fekk to spelemannsprisar og
strålande kritikkar. Nå i haust spelar Tønes inn ei ny plate.
Tore Renberg sin roman “Vi ses i morgen” frå 2013 henta
maxiyatzy i seksarar og sal til Storbritannia.
Dette var første bok i Texsas-serien, og bok to, “Angrep fra
alle kanter”, kom ut i september 2014.
Billettar: 290,-
NOV
8
Kl 10.00-12.00
Bestestova,
Tysværtunet
Kl 11.30
Nygaardssalen
Tysværtunet
LØRDAG
Cleng Peerson seminar.
Historikar Svein Ivar Langhelle:
Utvandringa frå Tysvær til Amerika
Tidlegare statsråd og fylkesmann Tora Aasland:
Migrasjon i vår tid. Arr: Tysvær historielag
Knøttelaurdag
Forestilling om FilleFrans og korleis det går når han har bursdag.
Etter forestillinga: Servering av grøt og saft . Kr 40,-
Kl 12.00
Lars Hertervigs
plass
Under paraplyen
Kl 13.00
Storsalen,
Tysværtunet
Tysvær kommune 50 år! Lansering av
jubileumsbok v/bokredaktørane Jørn Lekve og Svein
Vågar du bli med? Diktopplesing ved Truls Horvei
Ivar Langhelle. Tysvær Blandakor. Innslag frå barnehage og
skule. Sal av jubileumsboka og gode tilbud på tidlegare bygdebøker! Programleiar: Vidar Aarhus
NOV
8
Kl 11.00
Førre bedehus
Kl 19.00
Verkstaden,
Rønnevik
LØRDAG
Eyvind Skeie
MisjonsbLEST / misjonsmesse.
presenterer
boka “Mama Maggie Gobran” om grunnleggaren og leiaren av
stiftelsen «Stephen’s Children» som driv viktig arbeid i Kairo
sine slumområde. I 2012 vart ho foreslått til Nobels fredspris.
Ølbrygging som hobby - ein smakfull temakveld.
Sigbjørn Huus frå nettstaden brygging.no demonstrerer ulike
bryggeapparat og ingredienser til eit vellykka heimebrygg.
Lervig Aktiebryggeri, Stavanger: Populære ølsortar.
Aksdal bok og papir : Litteratur om øl og ølbrygging.
Sal av spekemat.
Påmelding til Ann-Elin Nordgård, tlf. 92059180 innan
torsdag 6. november.
Amatør-brygge-klubbar blir inviterte til å ta med smaksprøvar
av eige brygg til uhøgtideleg konkurranse. To klassar: Ale og
pils. Premiering. Meld deg på konkurransen til Vidar Aarhus,
tlf. 93216609 innan torsdag 6. november.
“Mjødbegeret skal du tømme,
men hold måte med drikk,
tal det som trengs eller ti;
kalle det uskikk vil ingen gjøre om
du så går tidlig til sengs.»
(Håvamål)
NOV
9
SØNDAG
Kl 11.00
Aksdal kyrkje
Litteraturgudsteneste
Kl 19.30
Nedstrand
kyrkje
Livsmot i mørket
v/ Bård Egil Dyrhol.
I januar i år blei de to hestejentene Sara (13) og Tiril (11)
påkjørt og drept i Bjørkelangen-ulykka. I boka “Pass på liten og
Jostein H. Sandsmark
på stor” skriv Sara sin pappa
om sjokket og sorga som ramma familien – og om smila og
livsmotet som etter kvart kom og berga dei gjennom det
djupaste mørket.
Denne kvelden fortel Sandsmark om dei ti månadene sidan
ulykka – om sinne og gudskamp, fortviling og oppmuntringar,
klemmar og latter. Han svarar óg gjerne på spørsmål.
Arr i samarbeid med ressursgruppa i Nedstrand kyrkjelyd.
ANDRE ARRANGEMENT
I 2014 er det 100 år sidan Alf Prøysen vart fødd. I år er det derfor viser og
stubbar av den folkekjære diktaren som står på repertoaret når Anne Kjersti
Aarhus og Aud Grimstveit gjestar grendasentra med sitt program:
Alltid meir å finne hos Prøysen
Sosialsenteret på Stranda: Onsdag 5.november kl.10.30
Nedstrandstunet: Onsdag 5.november kl.12.00
Skjoldastraumen grendasenter: Torsdag 6.novmber kl. 11.00
Aksdalstunet, Midtstova: Fredag 7.november kl.10.30
Tysværtunet, Bestestova: Fredag 7.november kl.11.30
Dette skjer også i bLEST-veka:
Biblioteket i Nedstrand: Linn T. Sunne møter skuleklasser i Nedstrand og
feirar elevene sin leseinnsats i leseaksjonen iRead.
Stian Hole, Lene Kaaberbøl og Tove Selås/Haugalandsmuseene besøker
Skulane i Tysvær.
Onsdag 5. november:
Dagtid, Storsalen Tysværtunet kulturhus: Barnehagane har stort
Prøysenarrangement.
17.00 - 19.30: Tysværtunet kulturhus - Avslutningsfest for leseaksjonen
iRead. I Storsalen les Lars Mæhle frå bøkene sine og i idrettshallen blir det
Knoterudkampar. Lukka arr. for skuleelevane i Tysvær kommune.
Torsdag 6.november:
10.30 – 12.30: Tysvær Vepro: Arne &Carlos besøker strikkegruppa.
Lukka arr.
BILLETTAR:
Billettar til dei fleste arrangementa kan kjøpast via
www.tysvertunet.kulturhus.no eller tlf 52757500. Billettar kan og
kjøpast ved frammøte. Følgjekort gjeld.
Der det ikkje er oppgitt billettpris, er arrangementet gratis.
bLEST PÅ NETT:
www.blestlitteratur.no
På
finn du program og informasjon om festivalen.
Legg gjerne til bLEST Litteraturfest si side på
Facebook. Her får du jamnlege oppdateringar
både før og under festivalen, og nytt gjennom
heile året.
Spørsmål? Kontakt oss på telefon 52757540
eller 52757555.
velkommen!