Grøn samling - Hotel Union

SUNNMØRSPOSTEN Tirsdag 21. januar 2014
FJOrDBUDDy: Katrin Blomvik køyrer allereie rundt i ein miljøvenleg elbil. FOTO: TERJE ENGÅS
Grøn samling
• 150 til konferanse i Geiranger denne veka
MILJØ
FAKTA
Prosjektet Grøn Fjord 2020 i
Geiranger har sett seg eit
hårete mål: Tilnærma sporlaus ferdsel innan 2020.
• Målsetjinga for Stiftinga
Geirangerfjorden Verdsarv si
satsing Grøn Fjord 2020 er
sporlaus ferdsel innan 2020.
– Det betyr mindre utslepp,
mindre støy og mindre slitasje
på området her, seier Katrin
Blomvik.
Ho er direktør for Stiftinga
Geirangerfjorden Verdsarv og
prosjektleiar for Grøn Fjord
2020.
Denne veka arrangerer dei ei
stor samling i Geiranger, som
skal sparke i gang prosjektet.
Mange. – Påmeldinga er over all
forventning. Over 150 personar
har sagt at dei kjem, også nokre
frå utlandet, seier Blomvik.
Dei påmelde kjem frå lokale
og nasjonale bedrifter og organisasjonar innan transport,
forsking, kraftproduksjon, miljøvern, elbilbransjen og reiseliv.
– Representantar frå offentleg
forvaltning og lokale og regionale politikarar kjem også, legg
Katrin Blomvik til.
Konferansen opnar onsdag, og
held fram torsdag. Alt saman
går føre seg på Hotel Union –
med turar ut for å prøvekøyre
elbilar.
Mellom føredragshaldarane
finn vi direktør Søren Henriksen frå Samsø Energiakademi i
Danmark, borgarmeister Peter
Brandauer frå Werfeng i Austerrike og Jan Dietz frå Dietz Foresight.
• Stiftinga ønskjer at
Geiranger skal bli eit
utstillingsvindauge for grøn
teknologi innan transport.
• I Austerrike har stiftinga
to førebilete: landsbyane
Werfenweng og Gössinge
som har satsa på elbilar og
biogassbilar.
– Målet er å få
alle til å tenke
grønare, og få dei
ulike aktørane til
å møtest for å
snakke saman
KATrIn BLOMVIK
– Vi har planar om å arrangere ein slik konferanse annan
kvart år. Målet er å få alle til
tenke grønare, og få dei ulike
aktørane til å møtest for å
snakke saman, seier Blomvik.
– Vi håper at vi gjennom prosjektet Grøn Fjord skal få ein
meir styrt og meir spreidd ferdsel, og at vi skal kunne inspirere
LeIAr: Katrin Blomvik er prosjektleiar for Grøn Fjord 2020.
andre til å gjere det same, legg
prosjektleiaren til.
Grøn Fjord 2020 er finansiert
gjennom støtte frå Kommunalog moderniseringsdepartementet og Møre og Romsdal
fylkeskommune.
Skuterar. Eit synleg bevis på at
prosjektet i gang er 22 elektriske
skuterar som vart kjøpt inn sist
sommar.
Dei blir nytta av lokalbefolkninga og tilsette ved bedriftene
i Geiranger til å ta seg fram i
bygda – utan å leggje ei reim av
svart eksos etter seg.
– I samband med konferansen
har dessutan Hotel Union investert i tre ladestasjonar for
elbilar, fortel Katrin Blomvik i
Grøn Fjord 2020.
Terje enGås
[email protected]
nyheter 13