Verdalssongen Nasjonalsangen

Sanger for dagen
Tekst: Bjarne Slapgard / Melodi: Lars F.B. Minsaas
Verdal du ligg her med Noreg sitt sterke,
dyraste hjarteblod drøypt i din barm!
Stiklestad lyfter eit strålande merke
bore av Herrens allmektige arm!
Olav eingong låg på kne her på sletta,
brennande bad han for folk og for land.
Bøni rakk fram, og då jordi var metta,
såkornet døydde, men grodde og vann.
Bringa di brei ut mot Trondheimsfjord kviler,
åsane stig imot Kjølen i aust.
Snøkrynte blåfjell i vårsoli smiler,
kryp inn i kåpa av skodda mot haust.
Bekkane sildrar i lægder og lider,
elvi går leirgrå sin sjølveigne veg.
Ofte ho tek så det sårar og svider,
blømande vollar i grådjupet dreg.
Djervt nedpå Stiklestad-teigen det ljoma:
«Kristmenner, krossmenner, kongsmenner: fram!»
Gjev dette ropet med velde må koma,
sopa vekk alt som er dalen til skam!
Heil deg, du dal, og du døl som eig bu her!
Heil deg, du ungdom som vågar eit slag!
Olav den heilage bygde deg bru her;
sjå henne, gå henne, no er det dag!
Nasjonalsangen
Tekst: Bjørnstjerne Bjørnson / Melodi: Rikard Nordraak
Ja, vi elsker dette landet,
som det stiger frem.
Furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem.
Elsker, elsker det og tenker
på vår far og mor.
Og den saganatt som senker
drømmer på vår jord.
Og den saganatt som senker,
senker drømmer på vår jord.
Norske mann i hus og hytte,
takk din store Gud!
Landet ville han beskytte,
skjønt det mørkt så ut.
Alt hva fedrene har kjempet,
mødrene har grett,
har den Herre stille lempet,
så vi vant vår rett.
Har den Herre stille lempet,
så vi vant, vi vant vår rett.
Fagert er landet Tekst: Anders Hovden / Melodi: Melchior Vulpius
Fagert er landet Du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud;
såleis Di åsyn lyser, Gud,
over vårt Noreg i nåde.
Tidi ho renn som elv mot os,
fort skiftar sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los
radt til dei seinaste ætter!
Herre, vår Gud, vårt Noregs Gud,
varda vårt land frå fjell til flud,
lær oss å gå Dine vegar!
Signa då, Gud, vårt folk og land,
signa vårt strev og vår møde,
signa kvar ærleg arbeidshand,
signa vår åker med grøde!
Gud, utan Deg den vesle urt
veiknar og visnar, bleiknar bort,
ver Du oss ljoset og livet!
WOW Medialab www.wow-medialab.com Foto fra Verdalsbilder.no
Verdalssongen