17. mai 2015 Øystese Rode 5 ynskjer alle til lukke med dagen! PROGRAM FOR 17. MAI 2015 NO LIVNAR DET I LUNDAR No livnar det i lundar, no lauvast det i li; den heile skapning stundar no fram til sumars tid. Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord, og atter som eit under nytt liv av daude gror. Guds kyrkja lysa skulle som høgt på berg ein stad, med sumar utan kulde og utan soleglad. Guds ord vel alltid lyser, den sol gjeng aldri ned. Det hus som anden hyser, ligg støtt i ljos og fred. JA VI ELSKER Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem, furet, værbitt over vannet, med de tusen hjem, elsker, elsker det, og tenker på vår far og mor :/:og den saganatt som senker drømmer på vår jord.:/: Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud! Landet ville han beskytte, skjønt det mørkt så ut. Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett, :/:har den Herre stille lempet, så vi vant vår rett.:/: Ja, vi elsker dette landet, som det stiger frem, furet, værbitt over vannet, med de tusen hjem. Og som fedres kamp har hevet det av nød til seir, :/:også vi, når det blir krevet, for dets fred slår leir.:/: FAGERT ER LANDET Fagert er landet du oss gav, Herre, vår Gud og vår Fader! Fagert det stig av blåe hav, soli ho sprett og ho glader, Signar vårt land i nord og sud, soleis di åsyn lyser, Gud, yver vårt Noreg i nåde. Tidi ho renn som elv mot os, fort skiftar sumar med vetter. Fader, ver alltid Noregs los radt til dei seinaste ætter; Herre, vår Gud, vår Noregs Gud, varda vårt land frå fjell til flud, Lær oss å gå dine vegar! Signa då, Gud, vårt folk og land, signa vårt strev og vår møda, signa kvar ærleg arbeidshand, signa vår åker med grøda! Gud, utan deg den vesle urt veiknar og visnar bleiknar burt, ver du oss ljoset og livet! 07.00Salutt. 07.00 Øystese Musikklag spelar i rode 5. 10.30 Festgudsteneste ved sokneprest Lars Arne Vik. Song v/ Øystese barnekor. 11.15 Minnestund ved gravene til dei falne, leia av Kristin K. Børve. ”No livnar det i lundar” 1. og 2. vers. Forsongar: Hege Kristin S. Helland-Hansen. Minneord ved Jarle Hjartaaker. Kransenedlegging v/Birte Fosso og Tora Mo. Allsong: ”No livnar det i lundar” 3. og 4. vers. 11.45 Barnedelen av Folketoget går frå barneskulen til Øysteseheimen. Musikkhelsing til dei eldre. ”Ja, vi elsker dette landet”. 2 vers. Barnetoget går ned Rokabrekka til oppsida av Mikkjelsflaten, der det vert ei helsing til dei eldre frå Øystese barneskule. Barnetogdelen fortset rundt Mikkjelsflaten. 12.00 Oppstilling av Folketoget langs Ingebrigt Vik vegen (bak Coop og Kabuso). 12.15 Folketoget koplar seg på barnedelen av toget etter samlinga v/Mikkjelsflaten på veg ned mot Kyrkja. Ruta går langs vegen til kaien og attende til rundkøyringa der toget går opp mellom Hardangersenteret og Tunet, over brua og ned til Øystesehallen/Idrettsplassen. Leikar for borna tek til på plassen etter at toget har kome fram. Dersom det er dårleg ver vert det nokre leikar inne i Øystesehallen etter at programmet på folkefesten er over. 13.00 Folkefest i Øystesehallen. Velkomsthelsing. Allsong: ”Ja, vi elsker dette landet”, 3 vers. Forsongar: Hege Kristin S. Helland-Hansen Musikkinnslag v/ Øystese skulemusikklag. Song v/United Froz (Dorcas, Benetta og Aline). Kåring av beste Hurra-rop og beste innslag i folketoget. Jury v/Helge Børven. Tale for dagen: Natalia Golis. Bandinnslag: Malus Asinus (Håvard, Olai og Sander). Russetale ved russepresident Andrea Aarekol. Allsong: ”Fagert er landet”, 3 vers. Matservering i Holmatun frå kl 12.00 både i matsal i kjellar og i festsalen. Pølser, is og brus vert seld i Øystesehallen og ute (vèrforbehald). 17.mai-nemnda i rode 5 takkar bygdefolket for dugnadsinnsats, og oppmodar til stor deltaking på nasjonaldagen 2015! HIPP HURRA! STØTTELYSINGAR Vekstra Hardanger og Voss Helsebanken Legekontor GBS Entreprenør Salong Paris Nøring ANS Kvam Kraftverk Hardanger Revisjon AS Bromle Maskin Huus Bokhandel Rykkje Transport Kleppe Møbelfabrikk Optiker Bjelland Arild Berge Trafikkskule Hardanger Bil Øystese Gullsmed Bunadsbua AS Kvam Fruktlager Takstingeniør Helge Fjellro Helse og Trivsel Advokatfirma Kvåle ANS Kjosås Maskin Kvam Elektro AS KV Teknikk AS Kantek AS Øystese Mek. Verkstad Tom & Jerry Zoo Hardangerfjord Hotel Øvreviken Pub Hardanger Trening Thor Inge Haltvik Bygg AS Gule’s Mek. og Frode Børven Transport Tine SA Landbruksverkstad Blikkenslager Flotve AS Botnen Gjestetun Hardanger Maskinstasjon Hardanger Betong Amalie’s Klær Kvammabygg AS Jan Mo AS Riss grafisk formgjeving AS Desig og trykk: rissgrafisk.no Me takkar annonsørane for økonomisk stønad til 17. mai feiringa!
© Copyright 2024