Les avisartikkel i Aura Avis 15.053.2012 om historia til Nordmøre

torsdag 15. mars 2012
28
Ein 80-åring
- Nordmøre spelmannslag 1932-2012
JUBILEUM: Det er 80
år sia Nordmøre spelmannslag vart danna,
og det fortener ei feiring. For vi har etter
kvart forstått at det er
ein respektabel alder
for eit spelmannslag.
Slik som med så mykje anna
her på Nordmøre, måtte det ein
innflyttar til for å skape noko
nytt – nemleg romsdalingen Sigurd Øverås. Øverås var rette
mannen. Han spelte fele sjølv,
var sløydlærar og felebyggjar.
Han kjente godt til slåttemusikken på Nordmøre. Han var ei
tid møbelsnekkar i Todalen, og
da vart han kjent med fleire av
spelmennene på Nordmøre,
mellom dei todalingen Hallvard Ørsal. Sigurd Øverås slo
seg seinare ned på Dale i
Bremsnes, no Kristiansund.
Sigurd Øverås hadde tidleg
sysla med tanken om å danne
eit spelmannslag for Nordmøre.
Men sidan vi nordmøringar er
meir trønderar enn vestlendingar, hadde mange av spelmennene svært lite tru at slikt kunne gå an. Dei var skeptiske til å
opptre på framande stader, slik
at andre fekk tak i slåttane. Vi
som har vore med i miljøet nokre år, kjenner litt att tankegangen...
Stifta i Kristiansund
I romjula 1931 tok Sigurd
Øverås mot til seg og kalla sammen til stiftingsmøte på Bondeheimen i Kristiansund laurdag
27. februar kl. 16.00. I folkemusikkhovedstaden Kristiansund
møtte dei fleste av dei kjente
spelmennene på Nordmøre,
men Hallvard Ørsal og Nils
Bakke var ikkje med. Det var
ikkje uvanleg at desse store
spelmennene ikkje var med i
lag, t.d. var Hilmar Alexandersen på Egge i Steinkjer ikkje
med i Inntrøndelag spelmannslag. Det var nok ikkje motvilje,
men heller at dei var «solistar»
og meir komfortabel med sitt
eige utvikla spel.
Nordmøre Spelemannslag,
som dei skreiv seg, vart danna,
og desse vart med i det første
styret: Sigurd Øverås, formann,
Ola Kallset, kasserar, Olaf Waage, skrivar. John Futsæther vart
varamann. Agitasjonsmenn
(flott ord!) vart: Erik Almhjell,
Ivar R. Eide, Holger Aresvik og
Jon I. Holten. På stiftingsmøtet
var i tillegg desse: Ingrid Eide,
LAGET I 1932: Frå venstre bak: Holger Aresvik, Aure, Ola Kallset, Torjulvågen, Ivar R. Eide, Eide, Sigurd Øverås, Dale,
Nils Storvik (Sande)?, Tore Hoås, Sunndal, Gunnar Kallset, Bøfjorden, Reidar Øverås,?, Erik Almhjell, Sunndal. Framme
frå venstre: Jon I. Holten, Surnadal, Ingrid Eide, Eide, Reidar Hilstad, Kristiansund.
Gunnar Kallset, Lars Østbø,
Kristian Jensen, Reidar Øverås
og Ole Løseth. Ingrid Eide var
einaste kvinna i dette mannsdominerte laget. Tida har endra
seg.
Konsertturné i 1932
Dei øvde inn eit konsertprogram som dei drog på turné til
Sunndal, Stangvik og Surnadal
med. Første konserten var i Hovshallen i Sunndal ein laurdagskveld, og korleis konserten
gjekk, er best gjengjeve med
Sigurd Øverås sine egne ord:
«Eg trur det var fullt hus da
eg ynskte vel møtt. Eg har vel,
som fødd romsdaling, aldri vore
så stolt av nordmøringane som
da dei elleve felespelarane stod
på scenen og let dei klåre og einfelde nordmørstonane syngja
utover rommet. Og sanneleg
synte sunndalingane at dei lika
dette. Det vart seint på kvelden
før dei siste feletonane tagna».
Konsertturnéen fortsette til
Stangvik på søndag og til folkehøgskulen i Surnadal om søndagskvelden.
I kringkastinga i 1933
Laget søkte etter dette om å
få sleppe til i radioen, og denne
sendinga gjekk frå folkehøgskulen i Surnadal søndag 15. januar 1933. Kringkastinga tykte at
berre felespel vart for tynt og
ville ha ei lang og variert sending når dei først drog ut. Derfor vart det, i tillegg til felespel,
prolog og song ved kyrkjesongar og lærar Peder Hals frå
Straumsneset, og song ved koret «Tordenskjold» frå Surnadal. Men ikkje nok med dette.
Ola Dønheim heldt foredraget
«Hesteal i gammal tid», og
Peder Alsvik heldt foredrag om
fiske og fiskebåtar på nordmørskysten. Eit overmåte all-
sidig kulturelt program frå
Nordmøre!
Det er lite å finne om den vidare aktiviteten til Nordmøre
spelmannslag, protokollane frå
den tida er ikkje i arkivet til laget. Da krigen braut ut hadde
spelmennene nok å tenkje på,
og det tyske styret hadde ikkje
vidare positivt syn på samkomme med spel og dans! Folkemusikkhovedstaden Kristiansund
var i dårleg forfatning etter krigen, og folkemusikkmiljøet i
byen kom ikkje til å ta seg oppatt etter krigsåra.
SPELMANN:Ola Aarsund.
SPELMANN: Ola kallset.
Ny aktivitet på 1960-talet
Sigurd Øverås var primus
motor for å få i gang att verksemda i laget, og den 18. desember 1965 vart det bestemt å ta
oppatt aktiviteten. Det foreløpige styret hadde Øverås som
leiar. På årsmøtet 16. april 1966
vart Erling Torske frå Sunndal
ny formann fram til Alf Strøm,
også frå Sunndal, tok over. Leiv
Lægreid vart formann frå 1972.
Denne tida var ikkje «musikalsk leiar» nemnd i protokollane, men John Røen vart ei drivkraft frå han kom heim til
Surnadal i 1971, både musikalsk og administrativt. Tyngdepunkta for laget var Sunndal og
SPELMANN: John Røen.
torsdag 15. mars 2012
29
g i full vigør
LAGET I 2012: Magnar Almberg, Rindal, Arnstein Brevik, Aure, Tor Erik Jenstad, Trondheim/Sunndal, Elisabet Røyset, Surnadal, Torgeir Bergfald, Aure,
Helga Eikrem, Tingvoll, Lars Bratseth, Aure, Rolf Kristian Holte, Trondheim/Sunndal, Alexey Kurbanov, Aure, Hilde Bergfald, Aure, Jonny Reitan, Tingvoll, Helge Husby, Tingvoll, Silje Osnes, Tingvoll, Åsta Andreassen, Aure, Solveig Sandvik, Aure, Peder Hønsvik, Aure, Grethe Bjerkan, Kristiansund, Daniel Dyrnes, Aure.
Surnadal, og seinare Aure. I
Sunndal var Erling Torske og
Leiv Lægreid svært aktive i leiinga. Oddvar Solem frå Settemsdalen må òg nemnast som ei
eldsjel for Nordmøre spelmannslag gjennom mange år. Han
døydde dessverre brått, berre
45 år gammel. Ola Aarsund vart
den som ved sida av John Røen
vart drivkrafta i laget i 1980-90åra. John Røen døydde dessverre i 1999, berre 63 år gammel. Ola Aarsund leia laget
fram til Helge Husby tok over
som musikalsk leiar frå januar
2001. Magnar Almberg frå Rindalen har sitte ved det administrative roret dei siste åra.
Skrivemåten av lagsnamnet
har vore noko ulik gjennom åra,
men skrivemåten Nordmøre
spelmannslag vart stadfesta
etter revidering av vedtektene
SPELMANN: Sigurd Øverås.
SPELMANN: Holger Aresvik.
SPELMANN: Erik Almhjell.
15. mars i 2009.
Ny CD og fylkeskappleik
Nordmøre spelmannslag har
i dag rundt 20 utøvande medlemmar frå kommunane Aure,
Tingvoll, Rindal, Surnadal,
Trondheim/Sunndal, Gjemnes
og Kristiansund og har faste
øvingar på Halsa skule.
I samband med 80årsjubileet har Nordmøre spelmannslag spelt inn CD-plate,
der både slåttemusikk og folkemelodiar av meir sakral karakter er festa til mediet. Denne
plata blir lansert under Fylkeskappleiken i Surnadal 21. – 22.
april i år.
Om laurdagskvelden 21.
april held Nordmøre spelmannslag jubileumskonsert i Surnadal kulturhus. Laget har òg
planer om å reise ut med programmet, slik spelmennene før
oss gjorde ved starten i 1932.
Altså ein 80-åring i full
vigør!
Helge Husby
Musikalsk leiar
Nordmøre spelmannslag