Sommar 2011

Internt meldingsblad for alle tilsette i Kleven Maritime
Sommar 2011
Leverte farty 1.halvår 2011
Januar
Bnr 334/336 VS 491 CD, til Siem Offshore
Siem Opal
Bnr 348 VS 485, til O.H. Meling
Siddis Mariner
Bnr 336 VS 491 CD, til Siem Offshore
Siem Amethyst
Bnr 344 VS 485 Mk II, til Rem Offshore
Rem Commander
Mars
April
Juli
Kleven Maritime har levert 4 farty og skrive 4 nye kontrakter hittil i år. I september skal Rem Fortress
leverast til Rem Maritime. Den siste skrivne kontrakta er med Sanco Shipping i Gjerdsvika og omhandlar
levering av eit seismikkfarty som skal leverast frå Myklebust Verft på vårparten i 2013.
Kleven Maritime har no 11 farty under arbeid og/eller i prosjektering, til ein samla ordreverdi på NOK
3,8 mrd. Eit av desse prosjekta har foreløpig ikkje reiar, men bygginga er sett i verk for å sikre
kontinuerleg sysselsetting ved verfta. I tillegg til nybyggingsprosjekta har Myklebust Verft lukkast i
reparasjons- og vedlikehaldsmarknaden og har i første halvår utført reparasjonsoppdrag for om lag 8
mill. Myklebust har også fått på plass ein vesentleg vedlikehaldsavtale med Tide Sjø AS.
Konsernet hadde eit godt resultat i 2010 og prognosane ser bra ut også for 2011. Leveringsprogrammet er
krevjande og krev fullt fokus frå alle involverte i alle ledd. Konsernet har no ca 480 eigne tilsette, i tillegg
kjem tilsette hjå underleverandørar som er i arbeid på verfta våre.
Teknisk Forum
Eit nytt forum er etablert
Teknisk Forum er eit forum for teknisk avdeling som skal arbeide med opplæring og gje informasjon til
teknisk personell ,samt andre som har behov for slik informasjon.
I regi av Teknisk Forum vil relevante tema bli tatt opp i møte der teknisk avdeling, kvalitetsavdeling og
andre som har interesse av temaet, deltar. Forelesar på møta kan vere interne eller eksterne krefter henta
frå organisasjonar eller andre med relevant kunnskap.
Formålet med Teknisk Forum er å gje Kleven Maritime sitt personell ei overordna innføring i
klasseregl, andre reglar og kodar som farty skal byggast etter. Målet er å gje ei innføring slik at kvar
enkelt veit kvar i regelverket ein kan forvente å finne svar på ting ein lurer på. Enkelte tema vil bli
grundigare behandla enn andre. Nokre tema vil gjelde mange personar, medan andre tema vil gjelde
berre nokre få. Her må ein føle seg litt fram under vegs. Fordjuping i tema kan ofte vere nyttige berre
for delar av teknisk avdeling. Personell frå både Kleven Verft og Myklebust Verft skal delta på relevant
undervisning.
Tema som er handsama til no er:
Tema
Foreleser
Klasse – myndigheiter.
Sigurd Ertesvåg – KV
Kven gjer kva/kven har ansvar for kva
Presentasjon av Sjøfartsdirektoratet
Kjell Drabløs – Stasjonssjef Sjøf.dir., Ålesund
Klassesystematikk. (Teikningsgodkjenning,
Frode Holm – Stasjonssjef DNV, Ulsteinvik
komponentsert., nybygg og seglande skip)
SOLAS kap. II-2. Brannkapittelet
Sigurd Ertesvåg - KV
Det er ikkje berre tema knytt til regelverk som skal opp i Teknisk Forum. Utstyrsleverandørar kan her
gje informasjon om sine produkt og representantar frå reiarane kan gjere greie for funksjonar og
erfaringar med diverse utstyr.
Som ein forstår er emnespekteret vidt og det gjeld å prioritere kva for tema som er viktigast. Det er
viktig at tilsette på Kleven og Myklebust kjem med innspel om kva tema dei har behov for å lære meir
om. Ta kontakt med Sigurd dersom du har ein ide om tema om høyrer heime i Teknisk Forum.
Sentrale personar i tekninsk forum:
2
Monica Nipen, ny tilsett på personalkontoret på KVE
Ho skal spesielt arbeide med oppfylging av IA-avtalen og sjukefråvær
Kan du fortelje litt kort om deg sjølv
Eg vaks opp på to forskjellige plasser utanfor Bergen
(Bønes og Telavåg) som ein av fem sysken. Flytta til Hareid
hausten 1998. Frå eg kan hugse har eg alltid likt meg
spesielt godt på Sunnmøre.
Som 20 åring reiste eg til USA og vart der i til saman 7 år.
Eg var heilt bestemt på at dersom eg flytta tilbake til Noreg
så måtte det bli på Sunnmøre ein plass. Sidan eg har mykje
slekt på Hareid vart det nettopp der. Eg har ikkje angra ein
einaste dag. Eg er gift med ein Sykkylving (fekk han
sjølvsagt til å flytte til Hareid) og er mor til tre jenter.
Eg utdanna meg innanfor administrasjon & leiing og eksportmarknadsføring ved Høgskulen i Ålesund.
Arbeidserfaringa mi er variert. Som 16 åring tok eg helge-jobbar som servitør ved Marsteinen Fjordhotell, eit
lite hotell utanfor Bergen. I USA jobba eg som sals-medarbeidar for State Farm Insurance Inc., eit
forsikringsselskap som selde hus, bil og livsforsikring. I tillegg jobba eg som hovmeister/bankett ansvarleg
ved Holiday Inn, Canton i helgane og enkelte kveldar.
Tilbake i Noreg byrja eg å jobbe ved Aetat i Ulsteinvik i 2002. Frå den tid har eg vore i ulike stillingar i
Aetat/NAV Møre og Romsdal fram til eg byrja her på Kleven Verft i mai.
Kva skal dine arbeidsoppgåver ved Kleven vere?
Til no har eg fått som arbeidsoppgåve å arbeide med sjukefråveret ved Kleven Verft. Eg arbeider med å
skaffe meg kunnskap om, og oversikt over, sjukefråværet ved Kleven Verft, identifisere kva fråvær ein kan
gjere noko med, og ikkje minst korleis førebygge eventuelt framtidig fråvær. Eg har også fått ansvar for at
lærlingane/TAF elevane blir godt mottatt, utarbeide rutinar som sikrar at dei får opplæring i tråd med
opplæringslova, og arrangere ulike lærlingdagar i løpet av den tida dei er under opplæring. I tillegg skal eg
koordinere opplæringstiltak generelt ved Kleven Verft.
Har du fått møtt mange av dei tilsette?
Ja, det har eg, men eg ynskjer å møte enda fleire. For at eg skal klare å gjere ein god jobb ser eg det som heilt
nødvendig å vere ute i dei forskjellige avdelingane og bil betre kjend med kva som rører seg der av
utfordringar.
Korleis har overgangen frå NAV til skipsverft vore?
Eg har vore på Kleven Verft i vel fire veker og kjenner framleis på ein overgang. På NAV var eg på mange
måtar “utlærd”, noko ein aldri vert, men eg var klar for nye utfordringar. Her på Kleven Verft er det nok å ta
tak i, og eg har enda mykje å sette meg inn i. Eg ynskjer å kjenne til korleis ting heng saman før eg til dømes
klarar å sjå kva som kan vere beste måte å arbeide med sjukefråvær på. Dersom eg konkret skal peike på
tydelege forskjellar mellom NAV og skipsverft, vil eg trekkje fram at her er eg ein del av eit stort kollegium.
For meg betyr det at det er viktig å hugse at nokon lett kan føle seg oversett og/eller usynleg. Der eg kom frå
var vi på det meste 14 kollega og dermed lett å inkludere alle. Ein annen tydeleg forskjell er at her
produserast det eit konkret produkt. Alt dreiar seg til slutt om å få ferdig eit konkret produkt innan ein frist.
På NAV handlar alt arbeidet seg om menneske, ofte menneske som er i ein vanskeleg livssituasjon.
Korleis trivst du ved Kleven so langt?
Eg har blitt veldig godt mottatt og ser fram til kvar dag eg skal på jobb. Eg ser at den erfaring og kunnskap eg
sit på i dag kan brukast ved Kleven Verft. Samstundes ser eg at eg sjølv kan lære og utvikle meg på mange
områder innan moderne verdiskapande personalarbeid.
Kva planar har du for sommaren?
Eg har todelt og sein ferie i år, men ferie skal det bli. Den fyste delen av ferien skal me sykle og campe i telt
på Nordøyane nokre dagar. Deretter reiser me til Telavåg på rorbuferie. Den aller siste delen vert det ein
sydentur.
Eg reknar med at eg får ein avslappande og helsefremmende ferie, og eg ynskjer alle lesarane det same.
God ferie!
3
Nye tilsette ved Kleven Verft
Ørjan tok fagbrev på MVE
Terje Andre Steinnes.
Terje tok til på utrustingsavdelinga på Kleven
18.05 i år. Han er 19 år og kjem frå Ørsta.
Vi ynskjer lukke til og velkomen til Kleven Verft!
Simon Siglevik
Simon er 19 år, bur i Gursken og tok til som
lærling i industrimekanikarfaget på Kleven Verft
07.06. i år. Velkomen Simon, og lukke til!
Ny tilsett på Myklebust Verft
Jan Arvid Sørensen
Jan var av dei som miste jobben sin under
nedtrappinga på Myklebust i 2010. Når MVE no
igjen fekk behov for å styrke staben på lageret,
så er det ekstra kjekt å kunne ynskje Jan Arvid
velkomen tilbake.
Ørjan Frøystad fekk i juli godkjend si fagprøve i
industrimekanikarfaget. Ørjan har vore TAF-elev
ved Ulstein vidaregåande skule i fire år og har
hatt sin praktiske del av utdanninga ved
maskinavdelinga på Myklebust Verft. Fagprøva
gjekk ut på å dreie ein aksling, bygge eit iso-rør
og sveising med TIG, elektrode og rørtråd. Med
bestått vitnemål frå skulen og godkjend fagprøve
kan no Ørjan bruke tittelen industrimekanikar.
Både og…
-Det var halvvegs eit sjokk når eg kom til
Myklebust ein mørk haust-morgon for fire år
sidan, fortel Ørjan. Kanskje ikkje så ryddig som
ved ein del andre arbeidsplassar han hadde vore
innom. Nokre av karane stod og røykte utanfor
portane. Ingen visste eg skulle kome…det var ei
brå miljøforandring. Men etter kvart som han
kom i kontakt med folket så endra inntrykket sitt
til det meir positive. - Sjølv om det ikkje er av dei
mest moderne verksemdene så er her eit godt
arbeidsmiljø, seier Ørjan. Her er “høgt under
taket” og folk torer å seie det dei meiner. Om du
spør og grev litt så får du også litt fagleg
rettleiing. – Eg meiner eg har fått med meg ei
ganske god og allsidig erfaring.
Framover
Når vi spør om framtidsplanar så har ikkje Ørjan
svaret klart. Han leitar litt etter kva retning han
skal gå vidare. – Eg ønskjer ikkje å studere berre
for å studere. Det er derfor godt muleg at han vert
å sjå ved Myklebust også utover hausten – men,
då som fagarbeidar.
Velkomen
Ørjan sin formann, Per-Jon Husøy, har berre ros å
gje. Ørjan fortener gode tilbakemeldingar og han
er svært velkomen til å arbeide med oss vidare.
4
Lønningsdagar
Månadslønte
Bodil blir pensjonist
“Ja-mennesket Bodil” takka for laget
20. juli, 19. august, 20. september, 20. oktober,
18. november, 13. desember m/ ½ skattetrekk.
Timelønte Kleven Verft
LP 13
LP 14
LP 15
LP 16
LP 17
LP 18
LP 19
LP 20
LP 21
LP 22
LP 23
LP 24
LP 25
Fredag
Fredag
Fredag
Fredag
Fredag
Fredag
Fredag
Fredag
Fredag
Fredag
Fredag
Fredag
Fredag
08.07.11
15.07.11 1 veke lønn
12.08.11 4 veker sidan førre løn
26.08.11
09.09.11
23.09.11
07.10.11
21.10.11
04.11.11
18.11.11
02.12.11 Utan skattetrekk
16.12.11
23.12.11 1 vekes lønn
Bodil
Timelønte Myklebust Verft
LP 13
LP 14
LP 15
LP 16
LP 17
LP 18
LP 19
LP 20
LP 21
LP 22
LP 23
LP 24
LP 25
Torsdag
Torsdag
Torsdag
Torsdag
Torsdag
Torsdag
Torsdag
Torsdag
Torsdag
Torsdag
Torsdag
Torsdag
Torsdag
07.07.11
14.07.11 1 veke lønn
18.08.11 5 veker sidan førre løn
01.09.11
15.09.11
29.09.11
13.10.11
27.10.11
10.11.11
24.11.11
08.12.11 Utan skattetrekk
22.12.11
05.01.12
Lagermeidarbeidar Janne Larsen Hauge held tale til Bodil
Gjengen på lageret hadde stelt i stand kakebord og
invitert til selskap då reinhaldar Bodil Hauge takka for
laget etter å ha arbeidd til oppnådd pensjonsalder og
vel så det. Det vart både helsingar, gåver og kanskje
litt tårer under det hyggelege selskapet. Bodil har vore
ein humørspreiar og kjem til å verte sakna av
arbeidskameratane på Vågsneset.
Feriearbeid
Christoffer Bøe, Erlend Holseker, Madeleine Hauge Hide og
Per Magne Hjelle. Christian Remøy Opsal var ikkje tilstades
då biletet vart teke.
Våren er tida for ein ekstra puss på verftsområda.
Ved Myklebust har ein gjeng skuleelevar mala
Losjehuset - det nye bygget for adgangskontroll og
varemottak. Ein del trehogst og kantslått har også
vorte utført.
5
Rem Commander
På plass i Rem flåten og i fult arbeid.
Fredag 01. juli overtok Rem Offshore sitt
farty nr. 13 frå Kleven Maritime. I tillegg til
dei 11 offshorefartya dei har fått levert frå
Kleven Verft har dei også, i tidlegare tider,
fått to fiskefarty frå Myklebust Verft. Rem
Offshore gjev Kleven gode tilbakemeldingar
på skipa som vert levert frå oss og på
samarbeidet mellom tilsette i dei to selskapa.
Dagen etter sjølve overleveringa var det
dåpsseremoni under fossen Friaren i
Geirangerfjorden og dåpsfest på Union
Hotel i Geiranger. Gudmor Asja Pellinen er
sambuar med Åge sin yngste son, Fredrik.
Rem Commander festpynta i Geiranger
Maskinsjef Arve Eggesbø, Kaptein Egil Pedersen, Ståle, gudmor Asja Pellinen
og reiar Åge
Rem Commander i solskin
Siv og Rune Gamlem saman med
Arve Holstad og Turid Hjørungdal
Flaska pynta for seriomoni
Tre stolte ass. prod.leiarar,
Hans Olav Rovde, Sindre Moldskred
og Randulf Havåg
Friaren i bakgrunnen
Tale på dekk
Veteranbil frå Union Hotel hentar
ein godt nøgd reiarfamilie.
Margrethe,Fredrik, Asja og Åge
Dei “syngande direktørane”
6
Inspirasjon til dei yngste
Teiknekonkurranse – “Framtidas båt”
Alle 4. klassane i Ulstein var inviterte til å vere med på ei teiknekonkurranse under “Smak av Ulstein”, som
vart avvikla i Ulsteinvik frå 9. til 11. juni.
Tema for konkurransen var “Framtidas båt”. Kva type båt ein skulle teikne kunne elevane velje sjølv. Det
kunne vere ferje, offshore, lasteskip, passasjerbåt eller fiskebåt, her var det berre å velje det som låg hjarta
nærast.
Det vart kåra 4 vinnarar. Ein frå Kleven Maritime, ein frå Ulstein Verft, ein frå Rolls Royce i tillegg til
folkets pris.
Etter at vinnar teikningane var plukka ut så var det høgtidleg seremoni på utescena ved rådhuset.
Ann Turid Flusund stilte som representant og einedommar frå Kleven Maritime. Ho valte eit skip som vi
alle kan drøyme om å få segle med, nemleg “Fantasy Cruise”
Kunstnaren, eller skipsdesignaren, bak “Fantasy Cruse” var Gowtisha.
Ho går i 4. klasse på Ulstein Barneskule og er opphavleg frå Pakistan. Vi gratulerer!
Teikninga som gav Gowtisha Kleven Maritime prisen.
Ann Turid Flusund utnemner prisvinnaren
Oppslag i avis på Grønland
Foto: Leiff Josfesen
”Siem Aquamarine"
ligger for tiden i
havnen i Nuuk –
chartret af skotske
Cairn Energy.
Skib vækker opsigt.
"Siem Aquamarine" ligger for tiden i havnen i Nuuk – chartret af Cairn Energy. Med en længde på 91 meter
og en bredde på 22 meter har flere Nuuk-borgere lagt mærke til ”Siem Aquamarine”, som for tiden har
indtaget havnen i hovedstaden.
Undersøgelsesskibet, som sejler under norsk flag, er ifølge sermitsiaq.AG’s oplysninger chartret af
olieselskabet Cairn Energy.
Skibet blev bygget i 2010 og har en lastdækkapacitet på 800 kvadratmeter.
7
Helsing
Hektisk aktivitet både på Myklebust Verft og Kleven Verft no
rett før ferien – med mange båtar ved kaiene, og mykje stress
for å verte ferdige med presserande oppgåver før ferien.
På Kleven Verft er ein nett ferdig med innspurten på bnr 344,
Rem Commander, som vart levert fredag 1. juli og døypt i
Geirangerfjorden laurdag 2. juli. Eit litt artig poeng er at vi
som kjent har døypt ein båt med dette namnet før – bnr. 311
Rem Commander, ein MT 6016 – vart døypt i mai 2006 som
den andre offshorebåten til Rem-systemet. Til saman har vi
tidlegare levert og døypt 10 offshorefarty til dette reiarlaget, i
tillegg til to fiskefarty.
På Myklebust Verft har ein fått inn ein god del
reparasjonsoppdrag, etter å ha vore delvis ute av denne
marknaden ein periode. Det er positivt, sjølv om det skal litt
tilpassing til mellom nybygging og reparasjon for at drifta
skal gli best mogleg. God koordinering og godt samarbeid er
viktig!
Eg opplever at Kleven Maritime har styrka omdømmet den siste tida, dels gjennom offentleggjering av
gode resultat, dels fordi vi har vunne fleire nye kontraktar i det som må kallast ein litt laber marknad. Vi
må halde fram i den kursen, og dermed trygge vidare utvikling i konsernet.Vi skal halde fram med å ta
nye kontraktar, og vi skal halde fram med å investere i anlegget, og i utvikling av medarbeidarar. Vi skal
styrke konkurransekrafta vår, og sørge for at ingen slår oss på effektiv prosjektgjennomføring. God
sommar til alle tilsette med familiar!
Ståle
Konsernleiinga kjøper aksjar i Kleven Maritime
Ei orientering frå styreleiar
Generalforsamlinga i Kleven Maritime vedtok 1. juli å invitere konsernleiinga i selskapet med på eigarsida
gjennom ein retta emisjon. Eigarane og styret ser det som positivt for selskapet at leiinga kjem inn som
medeigarar av fleire grunnar.
Dette er både ei tillitserklæring og ei honorering av den ekstraordinære innsatsen som har vore gjort
gjennom utfordrande tider dei siste åra; i tillegg håper styret at eigaridentitet skal virke som ein ekstra
motivasjon til å skape trygge arbeidsplassar og god lønnsemd framover.
Den enkelte har fått tilbod om å kjøpe eit bestemt tal på aksjar, avhengig av kor lenge vedkomande har
hatt konsernleiaransvar dei siste fire åra. Dersom alle nyttar seg fullt ut av tilbodet, vil dette til saman
utgjere 2,6 % av aksjane i Kleven Maritime AS.
Aksjeprisen er sett lik likningsverdien av aksjane i KMA. Aksjekjøpet vert finansiert delvis gjennom
eigenkapital og delvis gjennom ein bonus frå selskapet. Bonusen kan berre nyttast til dette formålet.
Det er knytt fleire vilkår til aksjeeigarskapet:
•
Aksjane er ikkje fritt omsettelege utanom eksisterande aksjonærar;
•
Det er fire års bindingstid, slik at dersom nokon sluttar før fire år er gått eller blir oppsagt, så vil
selskapet ha rett til å kjøpe tilbake aksjane til ein pris lik den eigenkapitalen som vedkomande har
betalt for aksjane;
•
Om nokon sluttar etter fire år har selskapet rett til å kjøpe tilbake aksjane til den likningsverdien
som aksjane då har;
Dette er altså eit reint aksjekjøp med reell risiko knytt til utviklinga av verdien på aksjane. Ut over dette
har aksjane normale rettar og plikter.
Den totale kostnaden for KMA er 16,6 mill kr dersom alle nyttar seg fullt ut av tilbodet. Dette er i
hovudsak avsett i 2010-rekneskapen.
Styreleiar Kjersti Kleven
8
Du ser Kleven Maritime i lokalmiljøet
Vi støttar organisasjonar og kulturaktivitetar
Både Kleven Verft og Myklebust Verft sett årleg av midlar som går til lokale lag og organisasjonar.
Tilsette i Kleven Maritime og andre, ser logoen vår i mange samanhengar i lokalsamfunnet. Spesielt er det
aktivitetar og organisasjonar som arbeider med aktivitetar for born og unge vi er opptekne av. Det er
viktig for ei verksemd med mange tilsette, og med rekrutteringsbehov, at også lokalsamfunnet har idrett
og kultur å tilby born og unge.
Lagspel er viktig både i fritida og i arbeidslivet! Du vil kunne sjå Kleven-logoen på mange fotballdrakter,
både jente- og gutelag i tillegg til på draktene til Hødd, Hareid og Bergsøy. Du vil også kunne sjå Klevenlogoen på fotballbaner og idrettsanlegg rundt om.
Kleven Maritime støttar også kulturlivet og er sponsorar både for Hareidstemna, Go with Flø, og
Trebåtfestivalen. Forutan at vi er ein av hovudsponsorane for Trebåtfestivalen, så stiller vi også med
musikalske krefter. I år vil du finne kollegaer på podiet både i ”Kind of Blues” og ”Scottys Dreamteam”.
Tilsette fekk tilbod om billettar til redusert pris på konserten med Åge Aleksandersen i Ulsteinvik. 36
billettar vart tinga.
Frå Myklebust Verft har største potten i 2011 gått til bygginga av ny kunstgrasbane like ved
verftsområdet. Det har også vore gitt midlar og støtte til bygging av ny ballbinge i Haugsbygda. Elles er
der avtalar med mange lokale lag innan idrett og musikk. Myklebust er også med på A-laget til Larsnes
Gursken som kjempar i toppen av tredje divisjon. Av meir spesielle tiltak som vert sponsa kan nemnast
Herøy og Sande Jeger og Fiskerforening som jobbar med å utarbeide kultiveringsprosjekt for Vågselva og
Myklebustelva. Elvane renn ut i fjorden på kvar si side av verftet.
Frå Kleven Verft er det Hødd som er den største sponsormottakaren i 2011. Med laget på topp i divisjonen
og direktesendt kamp på TV så vert vi godt profilert der. Kleven prøver å vere synlege i dei fleste
krinsane der våre tilsette bur og aktivitet mellom anna på Rovde, Hareid, Leikong og Vartdal har fått
støtte i 2011.
Reiarar på tur J
Gursken IL
med Kleven
Maritimecaps under
opninga av
River Plate.
To offshore-reiarar var på
safari i lag i Afrika. Ein dag
var dei på tur på eiga hand og
der møtte dei ei løve. Dei
hadde ikkje med seg noko å
forsvare seg med og løva såg
svolta ut. Den eine reiaren tok
av seg sekken og fann fram eit
par piggsko som han fekk på
seg i ei fart. ”Ha! Trur du at
du kan greie å springe frå ei
løve?!”, kom det frå den andre
reiaren. ”Nei”, svarte den
første ”men eg skal i alle fall
greie å springe frå deg!”
9
Kleven Maritime med ny stand til Nor-Shipping
Delte i år, som i fjor, standplass med Hareid Group
Pianist Petter Anton Ness,
styreleiar Kjersti Kleven og
Rein Alexander
Også på kveldstid har Kleven Maritime ein jobb å gjere for å ta i
vare kundane sine. På ONS i Stavanger i fjord arrangerte vi ein
kveld der eigne musikk krefter underhelt i lag med Elisabeth
Andreassen. I år hadde vi Alexander Rein til å underhalde under eit
kundearrangement. Mange av våre kundar var til stades der.
Til årets Nor-Shipping messe, som
gjekk av stabelen siste veka i mai på
Lillestrøm, stilte Kleven Maritime med
ny stand. Eit heilt nytt konsept som vi
har kjøpt frå NPG. Standen består av
stålrammer som blir sett saman og
som det vert festa dekorplater utanpå.
Dekorplater enten med tekst eller
bilde. Mange av standane som vert
bygd opp på desse messene er til
“eingongs
bruk”,
men
Kleven
Maritime satsar på ein stand som vi
kan nytte i mange år framover.
Gjenbruk er ein god ting, meina vi!
Mot publikum har standen rom for
utstilling av modellar, resepsjonsdisk
og eit par infoskjermar. Det er her
godt med golvplass som skal nyttast
som “myldringsstad” når gjestane
kjem på besøk. Standen er open ut
mot gangareala, noko som skal gjere
terskelen lav for å besøke oss. Standen
har også eit godt møterom som kan
nyttast til møter i messeveka. Mange
av våre samarbeidspartnarar er i
Lillestrøm denne veka og det vert
gjort
små
og
store
avtalar.
Messestanden inneheld også eit rom
der vi har eit enkelt kjøken. På
menyen står mør frå Stranda og
Ulsteinvik, rømme og flatbrød høyrer
med. Det er sett av plass på standen til
bagasje-oppbevaring for dei som har
behov for det. Nor-Shipping er ei
messe som mange av Kleven Maritime
sine tilsette har fagleg nytte av og
mange av våre eigne var innom på
standen. Messa på Lillestrøm hadde i
år
rekordmange
utstillarar
og
besøkande. I tillegg til at kundane kan
treffe oss så er det også hyggeleg at
konsernet sine tilsette som besøkjer
messa kan ha ei heime-hamn.
Hareid Group har dei to siste åra
profilert seg på same stand som KMA.
Neste gang det modulbaserte systemet
skal brukast er under oljemessa. ONS,
i Stavanger i 2012.
10
Sommar moro
Sudoku
2
7
9
3
5
1
2
7
6
2
9
1
2
4
3
8
7
8
3
3
4
5
2
5
7
4
8
3
4
7
2
2
5
5
8
3
2
9
4
3
2
3
2
5
7
1
A
L
L
E
7
3
7
6
3
I
5
6
8
4
2
8
1
1
3
2
8
5
7
5
6
5
6
4
9
6
7
8
1
6
3
S
O
M
M
A
R
T
I
L
6
7
G
O
D
K
L
E
V
E
N
M
A
R
I
T
I
M
E
Sommardag
Inviter gode vener til middag og server dette
måltidet – garantert suksess!
Forrett:
Lettkokt fersk asparges m/spekeskinke og
honningmelon.
Hovudrett:
Kokt makrell m/agurksalat, nypotet og rømme.
Kok gjerne makrellen kvelden før og la den stå i
laken, som inneholder salt, heilpeppar, lauberblad
og litt edikk, natta over. Varm laken med fiske i,
forsiktig opp rett før servering.
Flatbrød og ein rømmeskvett på toppen
Dessert
Jordbær med vaniljeis og valiljesaus.
Fortel vitser ved bordet:
Sterk gamling
De to gamle pensjonistene snakket sammen om
hvilken treningsform som passet for eldre.
- Jeg har funnet noe som virker fint for meg, sa den
ene, - jeg begynte den første uka med en femkilos
potetsekk i hver hånd, og så løfter jeg armene fra
hengende posisjon til de var vanrett i skulderhøyde
ti ganger.
Neste uke gikk jeg over til tikilos potetsekk og
gjorde de ti repetisjoner. Så gikk jeg over til en
femtikilos sekk og så til hundrekilos sekk.
- Dette kan ikke være mulig! utbrød den andre.
- Noe sånt ville jo vært bortimot umulig selv for en
kar som var en tredjedel så gamme som du!
- Tull og tøys, sa den første, - dette har gått som en
lek. Og i neste uke skal jeg begynne å ha poteter i
sekkene.
Svensk trafikkontroll.
Det var trafikkontroll på E-6 like ved
Svinesundbrua på svensk side og den svenske
polisen stopper en Audi Quattro og drar straks
frem blokken.
- Dette blir inte billigt, sier han til sjåføren. - Fem
stykken i en bil sertifiserad for fyra personer - det
blir en kraftfull bot!
- Hva i helvete, dette er en helt vanlig personbil,
protester den norske føreren. - Hvor har du det fra
at den bare er sertifisert for fire?
- Tycker ni at jag er en idiot, eller? Det beror på
navnet, Quattro betyger fyra?
- Du er helt på jordet, svarte den norske sjåføren. Jeg forlanger en samtale med polissjefen!
- Nej, det går inte, svarte den svenske polisen. Han er tyver opptacket. Ser ni inte at han står dar
borta och bøtlegger føraren av en Fiat Uno med tre
personar !
11
Sommarhelsing frå Kjersti
- Styreleiar i KMA, KVE og MVE
Det er i skrivande stund lite sommarvèr i sikte, men
ferien nærmar seg i alle fall med stormskritt for dei
fleste. Sidan førre sommarferie har det skjedd veldig
mange positive ting i konsernet. Vi har først og
fremst levert ni flotte skip; seks av dei 10
edelsteinane til Siem Offshore og Singa Star,
kystvakta KV Sortland til Remøy Management,
Siddis Mariner til O.H. Meling og sist helg ein ny
Rem Commander til Rem Offshore.
Gjennom desse leveransane har det vore skapt gode
resultat og vi er glade og stolte over å ha levert
rekordresultat frå konsernet to år på rad. Dette gjer
at vi har eit godt fundament for å utvikle oss vidare;
ta nye kontraktar, vere med på utviklinga i
marknaden mot stadig meir avanserte skip, drive
utvikling internt og ikkje minst investere i
framtidsretta prosessar. Eigarane av konsernet har
for første gang i det 10 år lange eigarskapet vore i
posisjon til å få utbytte frå selskapet og det har
samtidig vore betalt ut overskotsdeling til alle
tilsette.
Som styreleiar ser eg det som svært viktig at bedriftene i Kleven Maritime skal kunne tilby interessante
arbeidsplassar med stor muligheit til å nytte sine faglege evner og kunnskapar. Vi har enkle organisasjonar
der den enkelte har stort høve til å ta og få ansvar i eit godt arbeidsfellesskap. Vi skal gjere godt arbeid og
vere til å stole på. Det var interessant å få presentert evalueringa av ”Siem-serien” i siste styremøte; å sjå at
vi har lært og blitt betre på rutinar og kvalitetsarbeid, på dagleg samarbeid med underleverandørar og at vi
har eit godt underlag til å gjere strategiske vurderingar av byggemetode framover.
Vi har mykje å glede oss til etter sommarferien også. – Vi har ikkje berre levert ni skip, men også vunne like
mange kontraktar sidan i fjor sommar og tre av dei skal leverast i haust. Rem Commander som vart
kontrahert i mai i fjor er alt levert og 13 månader frå signering til levert båt er veldig bra! Kort leveringstid
vil vere ein viktig faktor for å vinne kontraktar framover. I styret ser vi fram til å halde fram diskusjonen
om korleis vi best skal styrke posisjonen vår og skape ny konkurransekraft. Det blir ikkje kjedelig for
nokon av oss, men først; God sommar!
Kjersti
Styret i Kleven Verft AS:
Styreleiar Kjerst Kleven, Rigmor Kleven, Odd-Tore
Finnøy, Nils Fredrik Drabløs, Thorolf Hestness,
Rolf Arne Skår og Olav Høydalsvik. Rolf-Arne og
Olav representerer dei tilsette i KVE.
Styret i Myklebust Verft AS:
Styreleiar Kjersti Kleven, Rigmor Kleven, Odd- Tore
Finnøy, Nils Fredrik Drabløs, Thorolf Hestness, Arne
Leif Værnes og Jan Frågodt. Arne-Leif og Jan er dei
tilsette ved MVE sine representantar.
12