Påske 2011 print

Internt meldingsblad for alle tilsette i Kleven Maritime
Påske 2011
Den historiske kontrakten er fullført.
Gratulerer med vel utført.
Med leveringa av ”Siem Amethyst” er Noregshistoria si største kontrakt på bygging av offshorefarty oppfylt. Skipet er det 10. og det siste i denne serien til Siem Offshore. I alt har Kleven
Maritime levert 15 skip til Siem Offshore frå 2006 og fram til i dag.
Denne rekordkontrakten vart
inngått i 2006. Den var
opphavleg på 6 farty, med
opsjonsrettar på 6 til. Kontrakten
enda med bestilling av totalt 10
farty etter at opsjonane vart
erklærte i 2007. Prisen kom på ca
NOK 6 mrd.
Dei gode tidene har fortsett for
oss, og i dag har vi 5 skip under
bygging og ei samla ordrebok på
8 skip, til ein verdi av om lag NOK
3 milliardar.
For konsernet har byggeserien
på
10
farty
gitt
store
moglegheiter til å vidareutvikle
byggemetoden. Ny teknologi er
teken i bruk og robotisering av
arbeidsoppgåver
har
vore
stendig under utvikling. Målet
har vore å utvikle byggemetodar
som er skreddarsydd til anlegga
våre, og som gjev god kontroll og
kortare og sikrare byggetid.
Vi er landets største norskeigde
skipsbyggingskonsern. Vi er i dag
500 tilsette på Kleven Verft AS og
Myklebust Verft AS. Med i desse
tala er også Kleven Maritime
Contracting som har sine tilsette
på dei ulike Klevenprosjekta.
I tida frå 2005 til april 2011 har vi
levert 47 farty, mest store
offshorefarty,
men
også
kystvaktskip og kjøleskip, til ein
samla kontraktsverdi på over
NOK 15 mrd. Den historiske
kontrakten
med
Siem
Offshore har hatt stor
innverknad på sysselsetting og
samfunnsøkonomi
langt
utanfor søre Sunnmøre.
Kor mykje er 6 milliardar?
For kontraktsverdien på denne fartyserien kan du få:
-6 Eiksundsamband
-800.000 kroner inn på konto til alle innbyggarane i Ulstein kommune
-15 000 gode, nye bilar
-15 000 gode årsløner
-2000 nye bustadhus. Nybygging av alle bustadhus i Ulstein kommune
Siem Offshore sitt dotterselskap i Rio, Siem Consub SA, kan fortelle at Siem Emerald er blitt
“kåra” til det mest effektive ankerhandteringsfartyet i Brasil.
Og ikkje nok med det, på dei neste tre plassane kjem søsterskip av Siem Emerald.
B.nr
Levert
327
Navn
Siem Pearl
329
Siem Emerald
10.12.2009 Har hatt nesten 100 ankeroppkoblingar i løpet
av ein månad!
Er i Brasil på 4 års kontrakt for Petrobras
328/331
Siem Sapphire
25.03.2010 Er i Brasil på 4 års kontrakt for Petrobras
331/333
Siem Aquamarine
15.05.2010 Har vore på Rovde for å mobilisere for oppdrag
på Grønland. A-Ramma er demontert, den står
på GMC i Stavanger
332/342
Siem Ruby
16.07.2010 Er i Aberdeen og tek oppdrag i spotmarkedet
330/334
Siem Topaz
15.07.2010 Har vore i Hammerfest for å mobilisere for
oppdrag på Grønland
333/335
Siem Diamond
15.10.2010 Er i Brasil på 4 års kontrakt for Petrobras
335/337
Siem Garnet
12.11.2010 Er stasjonert i Stavanger og tek oppdrag i
spotmarkedet
334/336
Siem Opal
25.01.2011 Er stasjonert i Stavanger og tek oppdrag i
spotmarkedet
336/338
Siem Amethyst
08.04.2011 Var ope skip i Ulsteinvik 8.04. Gjekk så til
Kristiansand for dåpsseremoni torsdag 14.04.
21.09.2009 Er i Brasil og har 4 års kontrakt for Petrobras
Vi har sjekka med dei som tek imot klager og handsamar garantiarbeid for å høyre litt om tilbakemeldingane vi har
fått på desse fartya. Karane svarar at vi får mykje skryt frå reiarlag og mannskap både for at fartya fungerer godt og
for servicen vi yter i ettertid. Det har sjølvsagt vore eit og anna som ikkje har verka som det skal og det har og vore
feil som har gått igjen på fleire farty. Dette meiner dei vi no har kontroll på og dei bemerkar at fartya ikkje har vore
tekne ut av arbeid på grunn av desse feila. Produksjonen har vore gode på å ta fatt i feil som har blitt rapporterte
og vi har derfor oppnådd ei forbetring for kvart farty.
Det har sidan levering av B.nr 310 blitt ført statistikk over reklamasjonar. Denne viser at talet på claims på denne
serien, i snitt, er lågare enn på dei båtane vi tidlegare har levert.
2
Vellukka feiring i Geiranger
Ref. frå ei pressemelding som
tidlegare er sendt ut frå leiinga i
Kleven Maritime:
”Våre tilsette bretta opp ermane
og gjorde ein stor innsats då
tidene var tøffe. No er tidene
betre, og det er berre rett og
rimeleg at dei tilsette får del i
rekordresultata. For å takke dei
tilsette for ein framifrå innsats,
har vi invitert alle tilsette til
Geiranger for å feire. Det blir ope
skip, solid bonus til dei tilsette og
ei god markering av det vi har fått
til saman,”
seier konsernsjef
Rasmussen.
Det er fyrste gong alle tilsette frå Kleven
Verft og Myklebust Verft har hatt høve til å
reise vekk i samla flokk. Alle tilsette med
ektefeller var invitert til Geiranger for å
markere at vi i Kleven Maritime for 2010
kan legge fram eit historisk godt resultat og
for å markere avsluttinga på “10-båtserien”
til Siem.
Det vart lagt til rette for at transporten til
Geiranger skulle vere enklast mogleg med
buss på fredag og hurtigbåt på laurdag.
Mange valde å reise alt på fredag, og då det
offisielle programmet tok til laurdag
26.03.2011, var nær 400 personar samla på
Hotel Union.
På
informasjonsmøtet
på
laurdag
ettermiddag vart hovudpunkta i Kleven
Maritime sin strategiplan for 2011 – 2014
presentert.
Både på Kleven Verft og på Myklebust Verft
har vi tilsette som har svært lang
tenestetid. Dei som har vore tilsett i over 40
år fekk heider og takk for innsatsen frå
konsernsjefen og ei lita merksemd under
festmiddagen i Geiranger.
Kjartan Garnes og Leif P. Dimmen har også
tenestetid på over 40 år og vil få
utmerkinga ved eit seinare høve.
På bildet ser vi frå venstre:
Odd Borgund frå Myklebust Verft, Eldar
Kleven, Jostein Dimmen, Randulf Havåg og
Alf Roger Selvåg, alle frå Kleven Verft.
3
Når Siem Amethyst no har drege i fløyta, forlete oss og set kursen ut i verda, så refererer
vi songen som Magne Gurskevik skreiv til feiringa i Geiranger:
Skål for oss i KMA
Mel: Sjøsalavals
Sjå den stolte skuta vi har bygt du og eg
Strålar som ein perlestein, nymalt og skinande
Sakte glir den ut – ja, no legg den i veg
Høyr den dreg i fløyta og takkar for seg
Vi som står tilbake er klar for nye tak
Med slike leveransar vi står med ryggen rak
For oss som har vårt arbeid på Myklebust og bort på Kleven
Stem alle i – Skål for oss her i KMA
Av og til er dagane lange og grå
Då vi let oss stressa av formann og inspektør
Men så kjem ein kompis – og då lettar det på
Når han gir ei hand og lar humor få rå
Og når sola varmar og sjøen ligg så fin
Så gløymer du alt kavet og ”dagen den er din”
For oss som har vårt arbeid på Myklebust og bort på Kleven
Stem alle i – Skål for oss her i KMA
Når vi no skal feire så vert det med bravur
For den flotte jobben som alle har bidratt til
Dette skal vi ta med – når vi kjem heim frå tur
Faget vårt det kan vi - på dette vi trur
Derfor ventar vi snart vi nye oppdrag får
For vi som her er samla er ”team” som løpet står
For oss som har vårt arbeid på Myklebust og bort på Kleven
Stem alle i – Skål for oss her i KMA
Bilde fortel meir enn ord:
Øverst: Bilde frå informasjonsmøtet og bilde som viser ei triveleg kaffistund i salongen laurdag ettermiddag.
Nedst: Toastmaster Kjersti Kjeven, bilde frå festmiddagen, Roy Muren framfører vakker song akkompagnert av
Kevin Myklebust og bilde frå ”Glow in the dock” som vart nytta då gjestane flytta seg frå festsalen til dansesalen.
4
Vi tek farvel med Sindre og Nils
-for denne gongen ..……
Når vi startar praten med desse karane, så er dei
visse på kva dei vil framheve etter tida si her på
Kleven. “Det er det gode samarbeidet mellom
oss, inspektørane i Siem, og prosjektgruppa frå
Kleven, - det har vore heilt unikt”. Dei har knytt
mange gode og personlege kontaktar i tida her og
knytt venskap dei vil ha med seg vidare i livet.
Når dei no ser tilbake, så vil dei spesielt rose
verftet for den gode tryggleiken. Det er utført
mange arbeidstimar på dei 15 fartya Siem har
bygd her og det har ikkje vore ei einaste alvorleg
ulukke. På over 4000 tankinspeksjonar har det
vore ein gong ein mann fekk ei lita skade, men
ingen ting alvorleg. Dette er kjempeflott og god
reklame for Kleven Maritime. Det har vore ei stor
utvikling i eigenkontrollen og QA-arbeidet på
verftet desse åra. Verft og reiarlag har saman
utvikla gode rutinar. No håpar dei at Kleven held
fram det gode arbeidet på dette området. Det er
eit viktig arbeid som aldri må kvile og der det
stadig er nye ting å ta tak i. Eigenkontroll er viktig
ikkje berre for reiarlaget, men faktisk først og
fremst for verftet. Korte avvikslister vil både reiar
og verft ha glede av. Dei vil også framheve at produksjonen på Kleven har vore flink til å ta forandringar under vegs. Når
det har kome inn rapportar frå seglande skip om ting som burde endrast på neste farty, så har det vorte teke på alvor.
Det har ikkje alltid vore mogleg å gjere noko med det, men velvilje og forståing har dei møtt. Og så er det dette med at
eit ord er eit ord. Har vi blitt einige om ei sak, så kan vi stole på at det vert slik.
Rapportane dei no får frå fartya er at dei fungerer godt og at mannskap og reiarlag er godt nøgde. Ein ting dei meiner vi
saman kan ta æra for.
Sindre Slettestøl er frå Gjerdsvika og har dagleg pendla til Kleven Verft sidan august 2006. Sindre er utdanna
maskinsjef og har segla mellom anna i Rieber Shipping i mange år. Sidan han tok til i Siem Offshore har han, bortsett frå i
1997-98 då namnet var Rovde Shipping, ikkje hatt mykje “sjøvatten” under føtene. Det har stort sett dreia seg om nokre
døgn i slengen på prøveturar. Sindre er den som har vore med på bygginga av alle dei 15 fartya Kleven har bygd for
Siem. 314 var den fyrste og det var også under den byggetida at lærekurva var brattast, både for reiarlaget og for
verftet, meinar han. Bnr 314, 331, 332, 333 og 335 er dei fartya han føler han har det næraste forholdet til. Desse har
han fylgt opp både i Polen og i Norge. Sjølv om han har hatt sin faste kontorstad på Kleven Verft, så har han også gjort
seg godt kjent både på Myklebust og på avdelinga vi hadde i Førde. No ventar nye utfordringar for Sindre, i det lokale
reiarlager Sanco Shipping i Gjerdsvika. Reiarlaget har kontora sine 200 m frå huset til Sindre, så noko arbeidsveg å
snakke om vert det ikkje.
Nils Breivik er frå Harøya og har vore fast stasjonert i Ulsteinvik sidan i desember 2008 og han har likt seg godt. Det har
gått fint for kapteinen og romsdalingen å tilpasse seg sunnmøringane. Faktisk så var han fødd sunnmøring, men vart
romsdaling utan å flytte, då kommunegrensa på Harøya vart flytta. Det har vore ein ny livsstil for han å vere
vekependlar, men han har nytta tida i vekene godt. Mange fjellturar og mange timar på treningssenter har det blitt,
etter arbeidsdagen på verftet. Turane til Rundefjellet og på Melshornet i kveldssol er flotte og dei kjem han til å sakne.
Nils har fått smaken på å ha fast grunn under føtene og vil halde fram med arbeid på land. I neste jobb får han kortare
arbeidsveg og kan sove i si eiga seng heime på Harøya kvar natt. Han gler seg til det, men synest likevel at det er litt trist
at Ulsteinvik-tida er over.
Begge er takksame og godt nøgd med tida dei har vore tilsett i Siem Offshore. Siem Offshore har vore ein god
arbeidsgjevar, men verken Sindre eller Nils er klare for segling og det er heller ikkje aktuelt for nokon av dei å flytte til
Kristiansand – og då måtte dei finne på noko anna.
Vi i Kleven Maritime takkar for eit framifrå samarbeid og ønskjer Sindre og Nils lukke til vidare. Kven veit - plutseleg er
dei her igjen…………..
5
Ope Skip
Bilde 1
Bilde 2
Bilde 3
Bilde 4
Då Kleven Maritime inviterte alle som
ville, til ope skip på Kleven Verft fredag
8. april - så kom dei inviterte. Nær
1000 personar var om bord i Siem
Amethyst.
Alltid spanande å by inn til fest når det er “ope
hus”. Vi hadde nokre rundar med tipping om kor
mange som kom, men ingen torde håpe på så
mange J
Alt frå før kl ½ 5 var folket klare ved pølsegrytene
og vi måtte skunde på stuerten for å sette fart på
pølsevatnet. I alt gjekk det med 1.500 pølser, og
det var nok til alle! Om bord var skipet oppdelt i
soner med ansvarleg vaktpersonell i kvar sone.
Karl Johan Barstad hadde ansvaret på brua, Hans
Olav Rovde på dekk og Jørn Skeide i
maskinromsområdet. I byssa var det Bjørn
Lindseth som var sjef. Området utanfor røyrhallen
og på begge sidene langs kranbana var avsett til
parkering. Jogeir Skinnes og Kjell Alme fekk denne
fredagskvelden godt innblikk i ein parkeringsvakts
utfordringar i kvardagen.
Blant dei besøkande var det mange frå
lokalsamfunnet som ikkje hadde tilknyting til den
maritime industrien, men som gjerne ville sjå frå
innsida dei fartya som dei no i fleire år hadde sett
siglande i fjordane rundt om. – Dei raude båtane
med den kvite “svanedekoren” på sidene. Og dei
vart imponerte over det dei fekk sjå. Gode og sikre
arbeidsforhold for mannsakapet og triveleg og
praktisk innreiing, var kommentarar som gjekk
igjen. Mange av dei som er tilset i Kleven Maritime
nytta høvet til å vise fram kva dei arbeidar med til
slekt og vener. Eit vellukka arrangement!
Bilde 1
Viser at det var trongt om plassen i messa. I
fronten kan vi sjå mellom anna Kjartan Garnes,
ein av veteranane på Kleven.
Bilde 2
Ein del av arbeidsgjengen. Frå venstre: Karl Johan
Barstad, Bjørn Lindseth, Johanne Sølvi Bøe og
Wenche Kleven Grimstad.
Bilde 3
Ein av dei yngste, og svært båt interesserte
gjestane, Olav Andrè Flø Larsen vart boren rundt
om på Siem Amethyst av pappa Jan Louis Larsen.
Bilde 4
Dag Bjåstad, personalsjef i Hareid Group, viser
familien sin rundt omkring.
Frå venstre: Dag, Marte, Jon Andrè og Tove Lise.
6
VELFERDSGODER
Som tilsett i Kleven Maritime sine verksemder kan du nytte deg av
desse avtalane:
Hytte
Kleven Maritime disponerer ei hytte på Bøanedsetra i Stryn.
Tilsette som ønskjer å leige hytta kan skrive seg på liste i sentralbordet. Fordelinga blir
gjort kvartalsvis. Hytta har 5 soverom, med soveplassar for 11-13 personar, og er fullt
utstyrt.
Reset – Volda skisenter
Kleven Maritime har 20 heiskort på “Reset”, Volda Skisenter.
Desse kan nyttest av deg og din familie (max 4 kort pr familie).
Aktivtrening
Kleven Maritime har avtale med Aktivtrening sine treningssenter.
Ingen innmeldingsavgift, tilgang til alle timar + fri trening for spesialpris. Du vil då få
eigen nøkkel og kan låse deg inn utanom ordinær opningstid. Tilbodet gjeld også for
tilsette sine ektefellar/sambuarar. Innmelding gjennom resepsjonen, eller ved direkte
kontakt med eit av Aktivtrening sine senter. Oppgi Kleven Maritime som arbeidsstad.
Sjå www.aktivtrening.no for treningsalternativ og lokalisering. Minste avtaletid er 6
månader.
Bank
Kleven Maritime har avtale med Nordea.
Tilsette i Kleven Maritime skal ha spesielt gode tilbod frå banken. Dette gjeld rente samt
lavare gebyr på kort og betalingstenester.
Bensin
Kleven Maritime har avtale med Hydro.
Avtalen omhandlar rabatt på bensin og andre varer/tenester.
Eksempel: kr 0,30 i rabatt pr. liter bensin. Kvar einskilt må søke Hydro om kundekort. På
Hydro-stasjonen i Ulsteinvik vil dei som har avtale få ekstra rabatt.
Eksempel: kr 0,40 i rabatt pr. liter bensin. Søknadsskjema er lagt ut i kantinene og på
personalkontoret.
Briller
Kleven Maritime har avtale med Havblikk i Ulsteinvik.
Tilsette får ca 15 % rabatt ved kjøp av briller og andre varer. Ein kan også få synstest til
ein betre pris enn det ordinære. Bedrifta har også avtalt spesiell pris på databriller. Sei
frå at du skal nytte deg av ”Kleven avtalen” når du tingar avtale eller handlar ved
Havblikk i Ulsteinvik.
Badeavtale
Kleven Maritime har avtale med Herøy Fritidsbad.
Tilsette og familie av tilsette kan fritt nytte badet i deira ordinære opningstider. Vi har 5
familieplassar, for inntil 5 personer pr familieplass. (mor/far med sine barn under 20 år)
Bedriftsidrettslag
Kleven Verft AS har eige bedriftsidrettslag. BIL har eit eige styre som er sett saman av
tilsette. Orientering om aktivitetar vil til kvar tid bli hengt opp på oppslagstavlene. Alle
tilsette som betaler ein eingongssum på kr 50,- er medlem i BIL.
Kleven Turlag
Turlaget arrangerer turar, stort sett fjellturar, men arrangerer også andre
“turaktivitetar”.
Det vert sendt ut mail og hengt opp oppslag som orienterer om turane.
Hødd billettar
Kleven Verft er ein av hovudsponsorane til Hødd.
Med i denne avtalen fyljer det nokre fribillettar til heimekampane til A-laget. Desse
billettane er fordelt på Kleven og Myklebust og kan lånast for ein og ein kamp om
gongen ved å vende seg til sentralbordet ein av dei siste dagane før kampen går av
stabelen.
7
Sjefen!!
-Rasmus Stålesen, den tilslørte direktøren
Mange gjorde ein stor innsats for at helga i Geiranger
skulle bli vellukka. Likevel finn vi det rett å sende ei
spesiell takk til denne karen, Rasmus Stålesen – den
tilslørte direktør, eller “Boss undercover” som dei kallar
det i utlandet.
Du Rasmus, du Rasmus, om alle var som du, då skulle vi
hatt mykje moro!!
Du må rekne med både Amanda og Oscar, men du tek
nok det også på strak arm. Haugesund, Hollywood eller
Køyla – det spelar inga rolle. Det skal bli spanande å sjå
kven NRK vel som den nye Varg Veum. Innsyn har tillate
seg å sende dei filmansvarlege eit tips.
Takk skal du ha!
Helsing frå Ståle
Fyrste kvartal har vore ei innhaldsrikt periode i Kleven
Maritime, med mange store og viktige hendingar. Vi har
levert fleire farty, og vi har fullført gjennomføringa av
den største skipsbyggings-kontrakten i Noreg: dei 10
store ankerhandteringsfartya i det vi kallar Siem-serien.
Torsdag 14. april vart det siste fartyet – Siem Amethyst
– døypt i Kristiansand, og med det er ein historisk epoke
over. Takk til alle medarbeidarar som har medverka til
at serien har vorte godt gjennomført, og med gode
økonomiske resultat. Mange var skeptiske til konsernet
si evne til å ta på seg eit så stort oppdrag, men vi har
vist at vi var tilliten frå reiarlaget verdig.
Vi har også gjennomført eit stort arrangement i
Geiranger, for fyrste gong med tilsette både frå
Myklebust Verft og Kleven Verft tilstade. Eit flott
arrangement stort sett med eigne krefter i dei fleste
funksjonar viser at vi i lag har ressursar på mange
område. Nok ein gong takk til alle som la ned eit godt
arbeid for å få til eit vellukka arrangement. Flott film
fekk vi også sjå, imponerande kreativitet og humor –
sjølv om det gjekk ut over sjefen!
I Geiranger heidra vi tilsette med 40 år tilsetting i konsernet, både samanhangande og samanlagd tilsetting.
Dette er ei ny utmerking som tidlegare ikkje har vore utdelt, og som absolutt er på sin plass. Nok ein gong gratulerer til
alle som fekk utmerkinga!
Ordreboka vår er god, med til saman 8 farty og ein kontraktsverdi på nær 3 mrd. kr. I tillegg ser
ettermarknadsaktiviteten til å ta seg litt opp på Myklebust, slik at vi har godt med arbeid. Det har gått litt tregare å
skrive nye kontrakter i ei periode, men marknaden vaknar meir til liv no, og vi har stor tru på nye oppdrag i løpet av
relativt kort tid. Konkurransen er tøff, men vi har vist at vi kan konkurrere med alle i marknaden, og tilliten til oss er
solid.
I Geiranger presenterte vi litt av resultatet av strategiarbeidet i konsernet, der vi mellom anna har utvikla
verdigrunnlaget konsernet skal vere tufta på. Den enkle utsegna “Vi skal gjere godt arbeid, og vi skal vere til å stole på”
frå Marius Kleven i 1944 held enno, det treng ikkje gjerast vanskelegare!
God påske til alle!
Beste helsing Ståle.
8
Kleven skal få 100 m med ny kai
-På Kleven har det lenge vore trongt om kaiplassen.
Mangel på kaiplass fører med seg mykje flytting av farty som er under bygging. I utrustingstida blir fartya plassert slik at
det er mest mogleg tenleg for produksjonen, men med mange prosjekt i arbeid på ein gong, så er det ikkje alltid like
enkelt å få denne kabalen til å gå opp. Dei mange “båtflytta” kostar både tid og pengar, men dette skal no få si løysing.
Det skal byggast ny utrustingskai vest for beddingen. Den nye kaia vil bli 100 m. lang og ende opp på nedsida av rørhallen.
Det skal mudrast på havbotnen slik at djupta ved kaikanten vert på minimum 8 meter. For å fylle ut til kaiområdet trengst
det mykje masse. Denne massa skal takast frå knausen i akterkant av området. Arbeidet er sett vekk til firmaet A Våge frå
Volda, og dei har alt starta opp med pæling og prefabrikasjon av element. I samband med dette arbeidet skal også kraner
flyttast. 85 tonns krana som no står på kai kanten ved Køyla skal flyttast og betene den nye kaia.
Sidan Kleven Verft det neste halve
Boligbrakke
året berre har 2 farty under
r
utrusting samtidige, så skal denne
utbygginga kunne fullførast utan at
det kjem i vesentleg konflikt med
KNAUSEN SOM SKAL VEKK
produksjonen.
Adm.byg
Det er ei stor utbygging det er snakk
g
om og den er budsjettert til 24 mill.
Lag
Arbeidet er berekna ferdig om 8
er
månadar.
Denne utbygginga er første steg i
det vi vonar skal bli ei større
utbygging og fornying av
verftsområdet.
DEN NYE
KAIA
På bildet her ser vi anlegget til KVE
frå lufta. Det viser kor stor den nye
kaia vert.
Myklebust i gang med restverdihandtering
Vi er no klare til å starte med restverdihandtering på ein langt meir strukturert måte, seier innkjøpssjef Odd Magne
Skotnes. -Inspirerte av Kleven si vellukka satsing har vi no rydda og klargjort Folkets Hus for sortering av dei mange
fraksjonane med avfall. Inne i teltet finn vi mellom anna stasjonar for ulike typar metall, elektronisk utstyr, papir, plast og
trevirke. På utsida av Folkets Hus ligg også Kharg der flytande avfall som til dømes olje vert handtert.
Spare kostnader og miljø
-Berre ved å ha trevirket under tak kjem vi til
å spare store kostnader, seier formann Jim
André Berge. Vi betalar ofte for vekt og då er
det dumt at vi skal betale for regnvått
trevirke. Ein del av avfallet er dessutan gratis
å levere slik som papp, plast og elektroavfall.
Saman med Asle Einar Kjøde og Bota
(Satchithananth Nadarajah) skal han no syte
for at alt avfall går innom sortering før det
blir henta av Franzefoss Gjenvinning. Målet
er å starte grovsorteringa allereie om bord i
båtane slik at ein slepp å ta igjen så mykje i
ettertid. I tida framover skal rutiner og
informasjon på plass slik at operatørane veit
Frå v.: Innkjøpssjef Odd Magne Skotnes, formann Jim André Berge og Asle korleis dei skal gjere sitt bidrag til at tiltaket
vert vellukka. -Dess mindre som går som
Einar Kjøde framfor nokre av stasjonane i Folkets hus.
For den som måtte lure på kvifor teltet fekk dette namnet så skriv det seg restavfall (avfall som vert brent) dess meir
sparar vi også miljøet, avsluttar Jim André.
frå at det blei kjøpt brukt i Førde.
9
Kjærleikens ferjereise
Innsyn går om bord i BF Kvam som har lege inne til verkstadopphald ved Myklebust Verft. Den gamle Wichmannmotoren om bord skal startast opp igjen etter det som maskinistane kallar ei mellom-klassing. Etterkvart livnar motoren
til og vi kan høyre den kjende Wichmann-lyden dure gjennom ferjeskroget. Flittige hender og granskande auger
overvakar. Lysglimt frå lommelykter speidar etter lekkasjar inn i mellom alle rør, krokar og krikar. Staute maskinistar kliv
under dørkar og sjekkar at alt ser normalt ut. Røra får eit handtrykk – temperaturen er som den skal. Med enkle
instrument som hjelpemiddel vert trykk og temp. kontrollerte. Det vert ikkje snakka så mykje. Motoren står for lyden.
Styrmann Hilde Iren Jakobsen og skipper Olav
Vattøy frå reiarlaget Tide Sjø er straks klare for å gå
i rute mellom Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøy.
– Maskina kjennest god ut, seier Olav etter litt
manøvrering. Loggen syner at farta nærmar seg 13
knop i medvind inn fjorden – godkjent.
Prøvetur
Innsyn får meirsmak og bestemmer seg for å hive seg med ein liten teknisk prøvetur. Det vert kasta loss og BF Kvam,
bygd på Bolsønes Verft i 1977, smyg seg elegant ut mellom kaiene og den 30 år nyare og langt meir avanserte Edda
Fauna . Ingen tvil om at der er eit teknologisk kvantesprang mellom desse to fartøya. Eit par løftebaugar på ei gammal
ferje kan liksom ikkje måle seg med dieselelektrisk framdrift, DP, monster-kraner og undervassrobotane som er om bord
i det avanserte offshorefartøyet ved nabokaia. Men ingen om bord snakkar likevel nedlatande om den gamle dama som
legg ut frå kai. Som det ofte plar gå vart verkstadlista noko lenger enn det ein hadde sett føre seg på førehand. Rart med
det når ein plukkar sundt gammalt utstyr.
Til venstre: Ingar overvakar motoren. Lite “plug
and play” i dette miljøet.
Til høgre: Kvam maskinistane
Bakerst: Per Jon Husøy, Dariusz Giza, Ingar
Sandvik, alle frå maskinavdelinga ved Myklebust
Verft, Karsten Kallevåg, Wärtsilä og maskinist
Åge Årvik, Tide Sjø.
Ikkje plug and play
For nokre veker sidan deltok maskinarbeidar og maskinist Ingar Sandvik på tekniske prøveturar med bygg 348 – Siddis
Mariner. Eit moderne offshorefartøy til 3-4 hundre millionar kroner. –Når vi monterer nytt utstyr om bord i nybygga er
det mykje meir “plug and play”, seier Ingar. Sett på spissen monterer vi maskiner og utstyr på fundament og så kjem
leverandørane sine oppstartarar og køyrer i gong. På jobbar som her om bord i BF Kvam må vi tenkje på ein heilt annan
måte. Først skal utstyret demonterast. Undervegs må ein gjere ei vurdering på kva og kor mykje ein skal overhale og
skifte av delar. Skal komponenten køyrast nokre år til eller bør den kanskje skiftast? Dette stiller oss overfor mange
vurderingar og val, seier Ingar. Han meiner også den solide kompetansen og erfaringa på maskinavdelinga kjem godt
med. – Det er ikkje lett for ny-utdanna å ta fatt på slike oppdrag som til dømes overhalinga av denne Wichmannmotoren, seier han.
Til venstre:
Ein gong – for 30 år sidan var dette topp
moderne og imponerande elektronikk.
Til høgre:
BF Kvam er tilbake på Myklebust Verft etter
ein vellukka prøvetur.
Rubbestadneset
Med på oppstarten er også ein representant frå Wichmann-miljøet på Rubbestadneset. Karsten Kallevåg har jobba med
slike motorar sidan tidleg på 70-talet og kjenner dei ned til minste detalj. På Myklebust har han vore ei rekkje gongar.
Mellom anna under oppstarten av bygg nr. 17 – snurparen Zeta. – Men denne motoren er eit klenodie, seier Karsten –
reine museumsgjenstanden, sagt med positiv Bømlo-klang. Etter at eit stempel har fått nye ringar, kamakselen har fått
nye lager, brennstoffdysene er sjekka og brennstoffpumpa og ein del rør er skifta så går motoren igjen som ei klokke.
10
– Du veit vi bygger framleis Wichmann-motorar på Rubbestadneset, fortel Karsten. Det hender at nokon spør særskilt
etter slike motorar. – Akkurat no bygger vi to for Sartor-reiarlaget, fortel han. Ein lang dag i maskinromet hellar mot
slutten og den raude kjeledressen har fått ein mørkare farge. Vi ser at den har den gamle Wichmann-logoen på ryggen
og ikkje den nye frå Wärtsilä. -Du veit når vi skal ut på slike oppdrag så må vi ha kjeledressen av den gamle typen på,
avsluttar maskinisten med eit smil. Neste oppdrag går enten til ein bøyelastar ute i Nordjøsen eller på eit av nybygga på
STX-verfta.
Innsyn takkar maskinavdelinga og gjengen på BF Kvam for den vellukka prøveturen. Saman med duren frå motoren blei
det igjen ein hyggeleg reportasjetur i ei atmosfære prega av erfaring og yrkesstoltheit. Det å kjenne og oppleve litt av
vår nære og stolte industrihistorie langs kysten. Ferjer og gamle motorprodusentar som til dømes Wichmann. Og med
maskinistar av den gamle skule om bord.
Ettermarknaden i vekst igjen ved Myklebust
-Vi har fått eit visst inngrep i ettermarknaden igjen, stadfestar plassjef Hans Kristian Opsal. Etter ei tre-års periode der så
og seie all kapasitet gjekk til nybygg, er no målet å drive kombinasjonsverft igjen. Første kvartal i 2011 gjekk om lag 20%
av eigen kapasitet til å handtere ettermarknadsprosjekt. - I tillegg til at vi er ute og sel kapasiteten sjølve så opplever vi
no også at marknaden kjem til oss for å sjekke om vi har kapasitet til å utføre oppdrag.
Tøff konkurranse
Vi møter sjølvsagt også hard priskonkurranse i denne delen av marknaden. Men, vi kjenner at dette er med på å skjerpe
oss. Også dei tilsette verkar å trivast med utfordringane som denne marknaden gir oss, seier Hans Kristian. Målet er at
kombinasjonen brei kompetanse og høg konkurransekraft også skal kome til nytte innan nybygg-aktivitetane ved
verftet.
Auka merksemd mot risiko
Typisk for eit operativt fartøy som er inne til vedlikehaldsarbeid er at mannskapet bur om bord medan dette arbeidet
pågår. Fartøyet har også alle system i drift og i dette tilfellet har også reiarlaget sin kunde (charterer) utstyr for mange
titals milionar om bord.
Utrustningsformann Nikolai Sandanger fortel om auka merksemd mot risko ved arbeid om bord i offshorefartøy som
kjem inn til vedlikehaldsarbeid. – Om bord i det avanserte offshorefartøyet Edda Fauna gjennomfører vi dagleg møter
der det vert gjort risikoanalyse for kvar jobb vi skal utføre for kunden, fortel Nikolai. Og for kvar jobb må vi ha
arbeidsløyve frå dei ansvarlege om bord.
Bilde til venstre: Plassjef Hans Kristian Opsal og utrustningsformann Nikolai Sandanger framfor Edda Fauna.
Bilde i midten: Store dimensjonar på delane frå ei demontert styremaskin.
Frå v.: Maskinformann Vidar Lilleeide, maskinar. Marek Majewski og plassjef Hans Kristian Opsal i ein teknisk diskusjon.
Bilde til høgre: Operatørane Marek Majewski og Slawomir Gieremek på utrustningsavdelinga i “tenkje-modus”.
11
Minneord Bjørn Vinge
Nytilsette i 2011
Bjørn kom til Myklebust Verft 3. november 1997 etter å ha vore
maskinist i utenriksflåten. Vi lærte han tidleg å kjenne som ein
kunnskapsrik og dyktig maskinarbeidar. Bjørn sin innsats og stå-på
vilje på maskinavdelinga blei raskt lagt merke til.
Eit langt yrkesaktivt liv hadde gitt han mykje erfaring. Denne delte
han villig med oss andre. Vi fikk ta del i historier frå nær og fjern,
alltid fortalt med eit glimt i auget.
Bjørn sin kunnskap og hans glede av å dele sine historier med oss
gjorde at han passa godt inn i miljøet her på Vågsneset. Han hadde
ein væremåte som kunne gjere ein grå kvardag lysare og lettare for
oss alle.
Onsdag 30. april blei han råka hjertestans om bord i BF Kvam som
låg inne til vedlikehald. Arbeidskameratar i det lokale
industrivernet kom raskt på plass og ga hjerte/lungeredning. Det
blei
også
forsøkt
gjenoppliving
med
hjertestartar.
Ambulansepersonell kom også raskt på plass og heldt fram med
redningsarbeidet men livet stod dessverre ikkje til å redde.
No er Bjørn sin arbeidsdag over og vi på Myklebust er svært
takksame for at han ville bruke snart 14 år av si tid saman med oss.
Våre tankar går til dei to systrene hans, Turid og Monika, som har
mista broren dei var så glade i.
Arbeidskameratar på Myklebust Verft
Ny mann på maskinering ved Myklebust
Håvard Gurskevik blei i januar tilsett ved maskinavdelinga på Myklebust Verft med
ansvar for maskinverkstaden. – Vi reparerer og rettar opp gamle delar, eller lagar nye
erstatningsdeler. Det meste av behovet som dukkar opp for slikt arbeid gjennom året
klarar vi å handtere her, avsluttar Håvard.
Tilsette ved Kleven Verft
Maciej Perejczuk, til venstre på bildet, vart tilsett som arbeidsleiar på bedding
01.04.11. Han har vore ved Kleven Verft i fleire år, som tilsett i Genfer Ship.
Mariusz Knap , til høgre, vart tilsett på utrustning 10.01.11. Han har også vore ved
Kleven Verft eit par år, som tilsett i Timoro.
Traian Horobet var ikkje tilstade då bildet vart teke.
Han vart tilsett som arbeidsleiar på rør-avdelinga 01.04.11.
Velkomne !
Nye
Prestfjord
tek form
På beddingen ved skrogverftet Stocznia Gdansk i Polen kan vi no sjå at skroget til nye Prestfjord byrjar å ta
form. Etter dei siste planane så skal skroget kome til Myklebust i midten av juni.
Prestfjord skal leverast som B.nr.343 frå Myklebust Verft før jul.
12