Takk til Margit Aga Jordal, for lang og tru teneste. 2.mai var offisielt den siste arbeidsdagen for Margit på Odda vidaregåande skule. Etter 35 år valte ho å gå av og overlate vaktmeistersjefsjobben til neste mann. Margit har vore ein markant person i miljøet på Odda vgs, og har satt sitt preg på mangt og mykje. No ynskjer ho å gjere andre ting, og er allereie på god veg til å leggje om rutinane sine. Me takkar Margit for lang og tru teneste, og ynskjer ho lukka til som aktiv pensjonist! Tekst og foto: Hildegunn Espe
© Copyright 2024