– Heitkøtter-brørne turde å stå for noko

16 Norddalen
Tirsdag 28. januar 2014 Gudbrandsdølen Dagningen
VILLREININFO: Marit
Rolstad (Sp), Lesja.
– Ta vare
på trekkene
LESJA: Senterpartiets
Marit Rolstad slapp til
med en orientering om
villreinnemnda for
Snøhetta på siste
kommunestyremøtet på
Lesja.
Hun understreket sterkt
hvor viktig det er for
forvaltningen at villreintrekkene blir opprettholdt.
Rolstad er selv nestleder i
villreinnemnda. Hun
orienterte om organiseringen og ansvarsområdene
både til villreinutvalgene og
villreinnemndene.
Villreinnemnda for
Snøhetta og Knutshø har
utarbeidet en fin brosjyre.
Arnt Gullaker, Oppdal, er
leder i nemnda.
Dombås Hotel
DOMBÅS: Det nye
hotellet på Dombås
starter nesten på bar
bakke.
– I perioden etter brannen i
mai 2007 har det ikke vært
lett å holde destinasjon
Dombås oppe. Vi vet at
Dovrefjell Hotell har vært
stengt, og vi er forberedt på
at vi må bygge opp alt fra
start igjen, sier Jan
Krokedal, en av medeierne i
Dombås Hotel. For
reiselivsnæringen,
idrettslagene og de store
arrangementene på
Dombås, håper han på det
beste for Trolltun Gjestegård. Dombåstun har bra
med bestillinger framover,
sier Jan Krokedal til GD.
Til Skardbue
DOMBÅS: Den som vil
være med på skitur til
den nye Skardbue, må
kontakte Wiggo Vasshaug Hansen på Dombås.
DNTs fellestur går fra
Turrhaugen lørdag til
Grønsetra, Grøna,
Skredalægeret, Skardbue
og Gardsenden.
NATURVERNPRIS: – Ein voldsom inspirasjon, sa filmfotograf Ulf Myrvold frå Numedal da han vart tildelt fekk Heitkøtters Naturvernpris
2013 under minnekvelden etter Olaf Heitkøtter i eit fullsett Solvang ungdomshus på Otta søndag kveld.
Foto: Ketil Sandviken
– Heitkøtter-brørne
turde å stå for noko
Naturfotograf Ulf
Myrvold vart tildelt
Heitkøtters naturvernpris for 2013 i eit
fullsett Solvang ungdomshus søndag.
Av Ketil Sandviken
OTTA: – Eg håpar at mange vil ta
opp arven etter Heitkøtter-brørne.
Dei hadde personleg integritet, det
var folk som turde å stå for noko, og
for meg er dette ein voldsomt stor
inspirasjon, sa den kjente naturfortografen Ulf Myrvold frå Lyngdal i
Numedal da han takka for Heitkøtters naturvernpris 2013.
Til ære for Heitkøtterbrørne
Fredrik (borte i 1990), Norman
(2008) og Olaf (2013) sitt naturvernengasjement vart det i 2009
oppretta ein naturvernpris, som før
er tildelt Øystein Dahle, Jon Østeng
Hov, Einar Sigstad og Per Jordhøy.
Det fall seg naturleg å leggje
«årets» prisutdeling til ein minnekveld om Olaf, som gjekk bort
sist haust.
Biograf Terje Kleiven frå Lalm
mintest fotografen, diktaren, filmskaparen, fagmannen og naturvernaren med å fastslå at han var
eit ekte naturmenneske som såg
det store i det små.
– Naturen blir over tid ete opp,
og vi saknar folk som har det store
bildet, fastslo prisvinnaren og stilte
seg bak Kleivens ordtak om «ein
dåm av villmark og mystikk med ei
malmfull røyst frå naturen».
Stein Svendsen mintes med
humørfylt alvor farens beste kompis, Norman, som han var så heldig
å få vekse opp i lag med.
– Norman var rettskaffen, tok
aldri beinvegen for å nå målet og
vart eit stort forbilde for meg. Det
er ingen uttrykket «heil ved» passar
betre på enn han, sa Svendsen.
Mari Midtli og Fjosfolket song
og spelte, Even Lusæter las diktet
«Lagnad» av Fredrik Heitkøtter
og fjellstyreleiar Jan Erik Dahlum,
Lesja, takka familien for Olafs
38-årige store innsats over 1500
kvadratkilometer og 230 fiskevatn
i Lordalen og Dalsida.
For ikkje å gløyme gjensynet av
Trolltjønnfilmen frå 1978.
TROLLTJØNN: Tor Alvheim fekk applaus for gjenskaping og
framsyning av filmane til Olaf Heitkøtter.
HEIL VED: Stein Svendsen
fortalde om Norman Heitkøtter.
MINNEORD: – Takk Olaf, du gav
oss ein arv, sa Terje Kleiven.