Slutt på sau i Oaldsbygda

8 NYHETER
SUNNMØRSPOSTEN Fredag 2. januar 2015
Slutt på sau i Oaldsbygda
• Sunnylvsbønder mista 90 dyr på beite her i fjor
HELLESYLT
I 13 år har to bønder i Sunnylven sendt sauene sine på
sommarbeite til Oaldsbygda,
ei fråflytta bygd i Sunnylvsfjorden. Men no er det slutt.
– Om lag 90 av dyra vi sist sommar sende av garde, mest lam,
kom ikkje heim att. Vi trur det
anten er jerv eller laushundar
som står bak, seier Jan Ove
Tryggestad, bonde og ordførar i
Stranda.
Både han og naboen har fått
avslag på søknaden om rovdyrerstatning i Oaldsbygda, noko
som betyr eit tap på fleire hundre tusen kroner.
Dei fekk avslag fordi dei ikkje
kunne dokumentere at det var
jerven som var den skuldige. Til
det var kadavera for oppetne av
fuglar og andre dyr.
– Der sauene
forsvinn, der kjem
buskaset raskt
KJELL LØSETH
– Årsaka til at vi ikkje lenger
vil sende dyr på beite i Oaldsbygda er ikkje at vi fekk avslag
på søknaden om erstatning, men
at vi ikkje vil gå på akkord med
dyreetikken, seier Tryggestad.
Ikkje tap før. Han legg til at tid-
legare har dei omtrent ikkje hatt
tap i flokken som har gått på
beite her.
Sjølv håpar Tryggestad å finne
beite andre stader til sauene
sine, men han legg til at det uansett ikkje blir så mange dyr som
han har hatt til no.
– Kunne de ha passa betre på
sauene?
– Nei, det er ikkje råd når dei
går i Oaldsbygda, på ein veglaus
stad på andre sida av fjorden. Vi
har berre vore der i helgane, og
då har vi heller ikkje sett alle
dyra. For dei har gått over eit
stort område.
Han legg til at det er nettopp
fordi dei ikkje kan sjå oftare
etter sauene sine at dei no kuttar ut beitet i Oaldsbygda.
HEIMTUR: Sauer på veg heim med ferje frå Oaldsbygda den tida dei framleis gjekk trygt på beite i Storfjorden. ARKIVFOTO: FREDRIK STADHEIM
Attgroing. Det beklagar Kjell
Løseth, leiar i Storfjordens venner:
– Der sauene forsvinn, der
kjem buskaset raskt. Og attgroinga øydelegg ein del av kulturlandskapet, meiner Løseth.
Han seier det vanlegvis ikkje
går så mange år før skogen kryp
innover bøane når det er slutt på
beitedyr i området.
For sauer og geiter gjer ein
viktig jobb med å halde skog og
kratt unna bøane på dei mange
fråflytta fjellgardane.
– Vi såg det godt på Ytste Skotet. Der var det mykje sauer.
Men då dei forsvann fekk vi
problem med all småskogen,
seier Kjell Løseth.
TERJE ENGÅS
[email protected]
FAKTA
• Oaldsbygda ligg på
austsida av Sunnylvsfjorden,
om lag midtvegs mellom
Smoge og Lundanes.
• Historikarane trur
Oaldsbygda er ein eldgamal
storgard, Oal, som først vart
delt i tre, Øvstegard,
Midgard og Seljeflot.
Seinare kom også garden
Stokke til.
• Frådeling gjorde at det på
desse fire gardane etter
kvart vart ni bruk.
KJELDE: HARALD KJØLÅS
SLUTT: Jan Ove Tryggestad vil
ikkje sende sauer til Oaldsbygda
fleire gonger.
STOKKE: Dette gamle biletet er frå garden Stokke i Oaldsbygda. FOTO
UTLÅNT AV PER-JARLE HALSE I ÅLESUND.