Program fjellvandring i Alpane

Dei særprega og naturskjønne Dolomittene, som i 2009 vart ein del av UNESCO sin verdskulturarv, ligg
heilt nord i Italia mot grensa til Austerrike. Dei mest kjende toppane er Schlern, Sella, Drei Zinnen og
Marmolada. Området Schlern-Rosengarten-Latemar og Drei Zinnen er naturparkar som tilbyr et stort
utvalg av fotturar og klatreruter. På vår tur skal vi bu på gjestehus og hotell på vegen vår gjennom
fjellheimen og bagasjen vert frakta kvar dag. Dermed kan vi slappe av og nyte turane enda meir. I
Sydtyrol vil du finne deg godt til rette med god mat, gode vinar, venlege mennesker, vakker natur, og ei
spennande historie.
På turen vår vandrar vi fra aust til vest. Kvar dag vil gje deg ei ny overrasking.
Vi startar turen på Pragser Wildsee, ein unik alpin innsjø nær Toblach.
Drei Zinnen er målet vårt neste dag.
Du har høyrt om den kjende skistaden Cortina d'Ampezzo?
No får du oppleve dette vakre området. Utsikta frå Pordoj passet til
majestetiske peak Marmolada er eineståande.
Neste attraksjon er Seiser Alm, ei vakker høgfjellsslette
som er omkransa av majestetiske fjell, og vert omtala
som dei norske skijentene sitt treningsparadis.
Vi kryssar Seiser Alm og vandrar
inn i Rosengarten som
vi skal utforske neste dag.
Vi avsluttar ein opplevingsrik tur med vandring gjennom det historiske sentrum av Bozen (Bolzano),
hovudstaden i provinsen Syd-Tyrol som vert kalla «porten til Dolomittene».
Dag 1, torsdag 30/7
Flyreise Oslo - Innsbruck
Flyavgang frå Gardermoen kl.13.10 via Wien med ankomst Innsbruck kl. 17.15. Her ventar buss og turguide og vi set
kursen mot Italia. Vi passerer Brennerpasset og køyrer gjennom småbyen Vipiteno som ligg eit par mil inn i Italia før
vi passerer Bruneck og kjem fram til turiststaden Toblach der vi skal bu i to netter. Vi sjekkar inn på eit koseleg
gjestehus der vi får servert ein god middag.
Dag 2, fredag 31/7
Pragser Wildsee
Etter ein god italiensk frukost er vi klar for den første
vandreturen vår. Den fører oss til den berømte Pragser
Wildsee (1,494 moh), ein av dei vakreste innsjøane i
Dolomittene. Vi skal utforske området omkring innsjøen på
en sti som heiter Eduard-Fischer-Steig der vi passerer ulike
hytter og har utsikt til den vakre sjøen og til fjelltoppane i
nærleiken. Attende til gjestehuset vårt i Toblach for ein god
middag og ei god seng.
Dagens vandring tek om lag 5 timar og har ein høgdeskilnad
på 500m. som vi vandrar opp og ned.
Dag 3, laurdag 01/8
Drei Zinnen
Ein god frukost er viktig framfor ei litt lang dagsetappe. Vi
set kursen mot dei kjende fjellformasjonane «The 3
zinnen». Vandringa startar i Landro som ligg 1400 moh. og
vi vandrar på stien «the Riezental» til ei fantastis utsikt mot
dei tre steintårna med sine skinande, lyse og loddrette
veggar. Overnatting på hotell i Cortina.
Denne dagen tek vandreturen 7 timar og stigninga er 1000
m. opp og ned.
Dag 4, søndag 02/8
Cortina d'Ampezzo
Cortina d'Ampezzo er den kjende skistaden som var
vertsskap for vinter OL i 1956 - ein vakker stad å vitje.
Vandreturen tek oss til den kjende Dibona-hytta som er oppkalla etter ein berømt fjellguide frå Cortina. På det
høgaste punktet har vi ei eineståande utsikt over den vakre Cortina-dalen. Attende til hotellet i Cortina for triveleg
samvære og ei god seng etter ein herleg dag!
Vandreturen tek 7 timar og høgdeskilnaden er 900 meter opp og ned.
Dag 5, måndag 03/8
Gruppo di Sella - Grödner Tal
Også i dag startar dagen med ein god frukost før vi kjem på
plass i bussen og ein flott køyretur tek oss til Passo Pordoi
som ligg på 2242 moh. Her tek vi gondol til Sass Pordoi der
vi nyt synet av brefronten på den kjende fjelltoppen
Marmolada som ligg 3342 moh. før vi vandrar langs
fjellryggen til Grönder Pass.
Overnatting og fellesmiddag på hotell i vintersports-staden
Grödner Tal.
Vandring: 7 timar og høgdeskilnad på vandringa er 900
meter opp og ned.
Dag 6, tysdag 04/8
Seiser Alm
Vi startar dagen med ein vandretur gjennom Grödner Tal. Deretter tek vi bussen til Seiser Alm, den største
blomsterenga i Europa med sine 57km2 som ligg på ei høgde mellom 1680 og 2350 moh. Vi kjem til å oppleve ein
unik blomsterflora og ei mengde husdyr som beitar i dei vakre, spektakulere omgjevnadane.
Vandreturen tek oss forbi Schlernhäuser (2457 moh) og den flottaste turisthytta i Tyrol der vi har eit fantastisk utsyn
mot den 10 km. lange fjellkjeda Rosengarten,
Vi kryssar Tschafatschsattel (2069 moh) og vandrar ned til den
vesle , koselege alpebyen som ligg 1175 moh. Fellesmiddag og
overnatting på hotell i Weisslahnbad. Vandretid om lag 6 timar
med høgdeskilnad 300 m. opp og 1000 m. ned.
Dag 7, onsdag 05/8
Rosengarten
Frukost på hotellet før vi køyrer til Karrer pass der vi tek gondolen
til Paolina Hut som ligg på 2.125 moh. Vi er no midt i dei
legendariske Rosengarten fjella og tek fatt på ein rundtur i
Rotwand, ein av dei største fjellveggane Alpane som er kjent for
mange vanskelege klatreruter (som vi ikkje skal prøve...).
Undervegs er det mange turisthytter og vi stoggar på ei av dei for ein god lunsjpause. Retur til Weisslahnbad for ein
god middag, ein koseleg kveld og den gode senga. Vandring i 6 timar og høgdeskilnad 950 meter opp og ned.
Dag 8, torsdag 06/8
Bozen - Innsbruck
Vandreturen går diverre mot slutten og vi forlet dei høge
fjellområda og køyrer mot Bozen gjennom imponerende
kløfter og vakre små landsbyar. Byen Bozen har mykje å tilby.
Vi tek ein spasertur gjennom det historiske sentrum og
kanskje kjøpe nokre vakre suvenir. Kanskje vil nokon vitje
arkeologimuseet der den over 5000 år gamle Ismannen
"Ötzi" ligg. Tidleg på ettermiddagen set vi kursen mot
Innsbruck der Austrian Airlines har avgang kl.18.55 og vi er
attende på Gardermoen i 23.00-tida om kvelden.
REISEFAKTA
Turpris:
Kr. 16.365,Tillegg for enkeltrom
Kr. 1.900
Antal dagar
8
Avreisedato
30/7 2015
Returdato
06/8 2015
Irekna i turpris:
 Fly t/r Oslo - Innsbruck
 7 netter i gjestehus/hotell
 Transfer flyplass til start
vandring/ret.
 Bagasjetransport alle
dagsetappar
 Frukost alle dagar
 5 middagar (dag 1, 2, 5, 6 og 7)
 Billettar for fjellheisar
 Autorisert engelsktalande
fjellførar
 Reiseleiar som er med på heile
turen
Ikkje irekna i turprisen :
NB! Viktig ! : Høver denne turen for meg ?
Den daglege høgdeskilnaden varierar frå 300 meter til 1000 meter som skal vandrast oppover og nedover
og dagsetappane er mellom 5 og 7 timar kvar dag. Du må være i god form, ikkje ha høgdeskrekk og vere
vant til å vandre i litt ulendt terreng. Av og til på vandringa kan det bli naudsynt å bruke hendene til å sikre
deg i bratt terreng, men ingen av vandrerutene krev sikring i tau, eller bruk av stegjern. Du slepp å bære
tung sekk på vandringane, men må ha med dagstursekk med ekstra klær, drikke m.m.
Korleis er værtilhøva i Alpane på denne tid av året ?
Sommaren i Alpane er vanlegvis ei blanding av varme og tørre periodar og periodar med regn og/eller
torden. Du kan vanlegvis vandre i shorts og t-skjorte, men må ha med ekstra klær for vandring i høgda. I 2 –
3000 meters høgde kan det til og med bli kuldegrader og snø i juli/august. Ullklær, vanntette klær, lue og
hanskar er difor obligatoroisk på ein slik tur. Meir informasjon og detaljert utstyrsliste vert utsendt etter at
du har meldt deg på turen.
Ikkje vent med å melde deg på, her vert det trangt om plassen !