Årsmelding for trimgruppa 2014 FISTERLØPET 29. mai 2014 vart Fisterløpet arrangert for 27. gang. Det var 111 som gjekk Fisterløpet og 90 løperar i dei aktive klassane. 49 barn opp til 7.klasse. 12 menn og kvinner i stafett klassen 24 menn og kvinner i seniorklassen 5 guttar og jenter i juniorklassen Vinnere av seniorklassane vart Mari Hetlesæter og Tobias Topp Sandvik. Det blei satt løyperekordar i både herre og dameklassen. Tobias Topp Sandvik sprang på 29:34.3 å slo den gamle rekorden med nesten 30 sekund. Mari Hetlesæter satte også ny løyperekord med 19:33.6*. ( * Løypa vart i 2014 justert ned til 3 runder) MARINE HARVEST-RITTET 7. juni vart Marine Harvest rittet arrangert. Det var totalt 108 deltakerar på rittet i år. Vinnere av aktiv klasse var Irene Eikemo fra Bogafjell Sykleklubb på 01:07:31 og Christer Jørmeland Østerhus fra Stavanger SK på 01:05:29. Det blei òg arrangert trim og barneklassar. I barneklassen deltok til saman 24 barn. BARNETRIM Det har vore god aktivitet på barnetrimmen Fister. 4-16 unger i alderen 2-6 år har deltatt. DAMETRIM Éi dametrimgruppe har vore i aktivitet i gymsalen på Fister skule, medan ei anna dametrimgruppe har hatt faste treningar i gymsalen på Randøy grendahus. HERRETRIM Trimgruppa har hatt volleyballtreningar for menn i gymsalen på Fister. Hjelmeland IL valgte i år å ruste opp sandvollyball banen på Fister. Det blei kjøpt inn ballar, nett og ny sand. Den vart godt brukt iløpet av den fine sommaren 2014. BADMINTON Det har vore bra oppmøte på badminton i Hjelmelandshallen.Opp til 17 mann frå 17 til 60 år har deltatt på treningane. Badminton har ei trening i veka, sundagar klokka 19:30-21:30. I romjula blei det arrangert julebadmintonturnering. Ronny Mæland var turneringsansvarleg og vant og turneringa.
© Copyright 2024