Sykkylven Energi AS informerer

Sykkylven Energi
AS informerer...
EL INFO 3/6
15. juli 2014
Side 1
Fellesprosjekt Heiane
I samband med 420kV prosjektet
Ørskog – Fardal og den nye
trafostasjonen på Heiane var det
naudsynt for Sykkylven Energi å
etablere ny forsyning til
sentrumsområdet i Sykkylven.
Dette med bakgrunn i at
eksisterande 132kV til Haugset og
store delar av 22kV anlegga i
sentrumsområdet skulle sanerast
som følgje av vedtaket til Olje– og
Energidepartementet.
Vi er no inne i fase 3 og denne er delt inn i ein øvre og ein nedre trasé.
Det øvre området startar i krysset i Vikedalen, går utover Nakkegata til Haugvegen
og nedover mot Klokkehaugen før det endar i Haugbukta.
Nedre del fortsetter frå Helledalen utover Kyrkjevegen til Sykkylvsbrua, før den kryssar
Sykkylvsfjorden i brua og endar på Ikornnes.
Prosjektet er eit fellesprosjekt mellom straum, veglys, fiber, vatn og avløp.
Det er planlagd med tanke på å utnytte grøftene til alle forretningsområda.
Når det gjeld vatn og avløp så vert felles gamle avløpsleidningar skifta ut og separert,
hovudsakleg i Nakkegata til Høgebøane. Nye kumpunkt på eksisterande spill- og overvassleidningar vert etablert, og samstundes vert gamle og dårlege kummar skifta ut.
Det vil også bli gjennomført ein del omkoplingar av avløpsnettet for å kunne sende
spillvatn til eksisterande silanlegg på Vik for reinsing. Frå Helledalen langs Kyrkjevegen
skal hovudvassleidninga med tilhøyrande kummar skiftast ut heilt ut til Sykkylvsbrua.
Nytt varslingssystem
Sykkylven Energi har tatt i bruk
eit nytt system for naudsynt
varsling av kundar til dømes
ved straum– og vassutkopling,
og anna nødvendig varsling.
Aktuelle saker:
 Fellesprosjekt
Heiane
 Nytt varslingssystem
 Sykkylven Energi
Fondet 2014
 Årsrekneskap
2013
 Fiberutbygging
Vikedalen
Sykkylven Energi
har ope i
fellesferien frå
kl 10 til kl 14
Miljøstasjonen er
open i veke 28 og
31 tysdag/
torsdag 12-15.
Veke 29 og 30
stengd.
Første opningsdag på miljøstasjonen etter
ferien vert
laurdag 2.
august.
Varslinga kjem anten som sms eller som talemelding. I framtida vil alle varslingar om
straum– og vassutkoplingar skje gjennom denne tenesta.
Opplysningar om telefonnummer til kundane våre vert henta frå Folkeregistert, tele– og
mobiloperatørar og matrikkelen. Vi oppfordrar alle til å sjekke sine oppføringar på
telefonopplysninga slik at meldingane frå Sykkylven Energi kjem fram til deg.
Du kan også sjekke oppføringa di på internett: www.servicevarsling.no Der kan du
korrigere opplysningane dersom det viser seg at det er feil i opplysningane som ligg der.
Sykkylven Energi AS
Haugsetvegen 33
6230 Sykkylven
Telefon 70246300
Feilmelding 70246350
www.sykkylven-energi.no
[email protected]
Side 2
Sykkylven Energi AS informerer...
Sykkylven Energi Fondet 2014
Tildeling frå Sykkylven Energi Fondet 2014 er no gjort.
Alle som søkte om støtte frå årets fond, har no fått beskjed om dei fekk støtte eller ikkje.
Det kom i år inn 30 søknadar, og summen av søknadane var 800 000 kroner.
I år vert støtta fordelt nokså jamt blant søkarane som har fått støtte.
Dei som har fått støtte i år er; Ikornnes IL friidrett, Sykkylven IL Handball, Sykkylven IL
Freeski, Sykkylven IL Ski Nordisk, KoseLan, Brøvøllfestivalen, Sykkylven Skulekorps,
Sykkylven Røde Kors, RC Lastebil Sykkylven, Sykkylven frilynde Ungdomslag, Fredagsklubben i Sykkylven kyrkje, Arbeidsgruppa for gangsti til Fagrefjellet og Straumgjerde
natur og folkesti.
Årsrekneskap for 2013
Sykkylven Energi har
dei siste vekene
gjennomført
vedlikehaldsarbeid
ved tunellopninga på
30 meters djup i
Storevatnet.
Arbeidet har bestått i
å fjerne stein, grus
og masse som
gjennom åras løp har
vorte flytta inn i og
nær tunellopninga.
4 dykkarar frå
Vektertjenesten har
utført arbeidet med å
legge lausmassane i
eit spesialkonstruert
kar for deretter å bli
flytta vekk frå
tunellen ved hjelp av
store flyteballongar.
Tysdag 17. juni vart det halde generalforsamling i Sykkylven Energi AS.
Rekneskapen for 2013 viste eit overskot etter skatt på kr 8,0 mill.
2013 var prega av eit rekordhøgt investeringsnivå. Aldri før har
selskapet investert så mykje i samfunnskritisk og framtidsretta
infrastruktur. Brutto investeringar utgjorde kr 75 mill, der dei 2
største prosjekta var Nye Riksheim Kraftverk og bygging av ny
høgspent straumforsyning frå Heiane. Sistnemnde prosjekt
held fram også i 2014.
Elles var drifta prega av få feilsituasjonar og leveringssikkerheita var
god. Innan straumforsyning vart leveringsgraden 99,97%.
Ei høg inntektsramme bidrog sterkt til det gode resultatet. Låg kraftpris kombinert
med mindre tilsig til magasina, gjorde at resultatet frå våre 3 kraftstasjonar vart
lågare enn normalt. I 2013 vart det produsert 35,7 GWh, noko som er 10 GWh
lågare enn gjennomsnittet.
Generalforsamlinga vedtok at kr 5 mill skal utbetalast til eigar som utbytte, og at
kr 3 mill vert overført til annan eigenkapital.
Sykkylven kommune eig 100 % av aksjane i Sykkylven Energi AS.
Årsmeldinga finn du på heimesida vår: www.sykkylven-energi.no
Utbygginga av FTH Vikedalen startar opp
Interessa for fiber til heimane i Vikedalsområdet har vore god. Det er derfor vedteke
at området skal utbyggast. Dette arbeidet tek til etter ferien.
Representantar frå utbyggaren vår vil etter kvart ta kontakt med kvar enkelt kunde for
å avtale korleis fiberen skal førast over kvar tomt og inn i bustadane. Ein reknar med
at dei fleste vil få aktivert fiberen før årsskiftet 2014/2015.
Sykkylven Energi AS
Haugsetvegen 33
6230 Sykkylven
Telefon 70246300
Feilmelding 70246350
www.sykkylvenenergi.no
[email protected]
Fiber til Jarnesodden Borettslag:
Levering av fiber til burettslaget startar opp
etter ferien. Utbygging og tilkopling vert
gjennomført som planlagt.
Du kan lese meir om fiber på
www.nextgentel.no/fiber/sykkylven og
www.sykkylven-energi.no