Sykkylven Rotary Klubb Charterdato 5. juli 1956 President 2014-2015

Sykkylven Rotary Klubb
Charterdato 5. juli 1956
President 2014-2015: Hallstein Lillevik
Visepresident:
Steven Blindheim
Rotarymøte 2. september 2015
Sang: Sjøsala vals
3 min ved Jan Kåre Aurdal. Han fortalde om kommunereforma. Det er 50 år sidan det sist skjedde
noko på kommunesektoren. Målet med reforma er bedre samordning, tenesteyting, økonomi og
demokrati.
Lone Anderson og May Britt Tynes fortalde frå Phillipinane og også som feriemål. Reisa tar totalt 25
timar. Dei viste bilder frå søndagsmarkedet som starta kl 0545. Dei bruker mykje sjømat og småfisk.
Dei fortalde frå fengselet der dei delte ut gaver til fangane. Så fortalde dei og viste bilder frå ferieøya
og strendene rund Bogo City. 17 vannpumper har May Brit bidratt med derav 4 frå Sykkylven Rotary.
I 2009 opna dei Lola DayCare Center. Dei fortalde om lokale bursdagsfeiringar og katolske
påsketradisjonar. Viste bilder og fortalde frå tyfonen og arbeidet med gjenoppbygginga og av
landsbyen Litle Norway.
Rotarymøte 9. september 2015 Presidentens time
Sang: Draumen om fred
Presidenten refererte frå distriktsguvernørens månedsbrev om bl.a. viktigheita av lese og
skriveferdigheita rundt om i verda.
Steven Blindheim faortalde om det rusforebyggande arbeidet blant ungdom i politiet. Dei har eiga
Facebookside: Foebyggande Sunnmøre. Status frå politiet 2015: narotikabruk av personer ved
Undomsskulen og på vidaregåande. Straffesaker for ungdom mellom 15 0g 18 år blir behandla i
konfliktrådet. Det blir laga ei ruskontrakt som varer i 12 mndr. Påtaleunnlatelse kan også forekomme.
Ungdommen forplikter seg til å vere rusfri i perioden og må møte til urinprøve. I Sykkylven er det no
10 ungdomer på kontrakt. Oppfølgingssamtaler er viktig i peroden. Konsekvensen ved brudd er at
saka blir sendt tilbake til påtalemakta. Det er blitt eit meir aggressivt salgsmiljø i Sykkylven.
Rotarymøte 16. september
Sang: Syng, syng og ver glad.
Presidenten fortalde at det var Ozonlagets dag (FN).
3 min: Knut henning Aursnes fortalde om boligpriser og kommunesammeslåing. Viste utviklinga av
boligprisen og kva som påverkar denne. Befolkningsutvikling er den faktoren som påverkar mest.
Astrid Eidsvik: Mine tankar om kommunereforma og kommunesammeslåinga. Målet er større og
meir robuste kommunar. Vi får en stadig eldre befolkning og stadig færre yrkesaktive pr
pensjonist.Stadig fleire oppgåver blir flytta frå stat/fylke til kommunen. Vi har mange
interkommunale selskap der lokaldemokratiet blir svekka. Utfordringane framover: stadig meir
sentralisering. Spesialiserte tilbud blir flytta til byane. Dette skjer uavhengig avv kommunereforma.
Fagmiljøa blir større; rekrutteringa blir bedre og vi får færre interkommunale selskap. Vil vi kunne
rekruttere fleire kvinner med reforma. Kanskje vil også fleire kvinner søke spesialiststillingane?
Rotarymøte 23. september
Sang: Det som eingong var. Navnedag: Snorre og Snefrid
Onsdag 14.oktober blir det guvernørbesøk på Berlihuset.
3 min ved Geir Brekke: Han hylla far sin som fyller 90 år den 28.september med å fortelle oss
historier frå livet hans. Han begynte bl,a, med verksted der han lappa støvler som han fekk sent frå
eit firma i Ålesund til Vanylven. Under krigen reparerte han sykkelhjul med å klippe remser av
presenningar som han la inn i dekket. Han bygde også et kraftverk for grannane slik at dei fekk lys.
Han begynte ved Voldnes Skipsverft i Fosnavåg og bygde seg hus der. I huset laga han seg si eigen
frysar som var så stor at den ikkje kunne bli med til Sykkylven når han flytte hit. Han var også
medeigar i hotelltomta i ein periode der han saman med andre inevestorar var veldig nær ved å
bygge hotell. Han har alltid hatt svært god helse.
President Hallstein Lillevik overekte blomster til jubilanten frå klubben. Etterpå inviterte Geir
på kakefest.
Rotarymøte 30. september
Gjest: Unni Listerud frå distriktet. Song: Vestland, Vestland
3 min ved Ingjerd Asbjørnsen. Ho fortalde om sitt virke ved SAP Design og om artige hendingar
knytta til design og utvikling.
Unni Listerud frå distriktet (ho kjem frå Sør Valdres Rotaryklubb) fortalde om viktigheita ved
ungdomsutveksling.
Foredrag ved Asgeir Seljen: FN tjeneste i byrjinga av 90-talet i Bosnia-Hercegovina. Bosnia var den
delrepublikken som hadde flest forskjellige folkegrupper spredd rundt ikring i landet. Det var mykje
stygg kriging også med etnisk rensing. FN vart sendt inn i 1992 for fredsbevaring og bidra til at
humanitær hjelp kom frem. Asgeir fortalde at dei måtte køyre gjennom frontlinjene for å få fram
forsyningane. Han viste mange bilder frå oppdraga han var med på. Dei budde under enkle forhold i
teltleirar. Leif Magne Tandstad og Tord Ripe er andre frå Sykkylven som har vore i teneste der. Han
fortalde frå konvoikøyring der dei fekk sjå krigshandlingane på nært hald. For innsatsen han gjorde i
UNPROFOR fekk han Forsvarets Innsatsmedalje.