Utbygging av fibernett med Altibox i Fyresdal sentrum og Sørbygda

Utbygging av fibernett med Altibox i Fyresdal sentrum og Sørbygda
Merknad til etablering fiberforbindelse enebolig EIGENINNSATS.

Dette gjeld alle: Eigeninnsats gjeld graving til tomtegrense, legging av fiberrør, boring i
husvegg og innvendig kabling til heimesentral. Ved graving av grøft til fiberrør så bør denne
fylgje same trase` som straumkabel, dersom det let seg gjere.

Dette gjeld alle som har strauminntak i luft og ynskjer at dette blir lagt i kabel saman
med fiberrør: Dersom du grev ei grøft frå husvegg til tomtegrense/inntaksstolpe på 50 cm
djubde, kan det leggast straumkabel saman med fiberrør i denne (avtal med VTK ang dette).
Kabelen kan klamrast opp vegg og koplast på det gamle inntaket. VTK leverar fiberrør og
straumkabel, og koplar om denne og riv luftstrekk kostnadsfritt dersom du ordnar grøft.
Fiberrør skal avsluttast ved å la det stikke opp langs grunnmuren. Du fyller att grøfta og pussar
opp.

Anbefaling: Du kan også legge den ny kabelen direkte inn til sikringsskåp, men då må du
bestille installatør for å gjere dette (ekstra kostnad).
Vest Telemark Kraftlag AS
Einar Valhovd
Prosjektleiar
35075700