Les meir her. - Tysnes Sparebank

Innskytarvalmøte Tysnes Sparebank
Innskytarvalmøte i Tysnes Sparebank vert halden i banklokala i Våge.
Torsdag 3.april 2014 kl. 16.30.
Røyste- og valføre er myndige innskytarar, som dei siste 6 månader har hatt og framleis har eit
minsteinnskot på kr. 500,00 i sparebanken. Den same retten har og verje for umyndige med liknande
innskot.
Alle som er valføre er pliktig til å ta imot val som medlem eller vara medlem, med mindre
vedkomande har gjort teneste som medlem i forstandarskapet, styret eller kontrollkomiteen i
sparebanken i minst ein valperiode.
Etter vedtektene § 3-2 skal det vere val av 2 forstandarar og 4 vara medlem til banken sitt
forstandarskap.
Forstandarane skal veljast for 4 år, og vara medlemene for 1 år.
Liste over medlemer og vara medlemer i forstandarskapet, der det går fram kven som står på val i år,
er lagt fram i banken og på banken si heimesida. (sjå lengre nede).
Røysteføre innskytarar kan koma med forslag til kandidatar.
Forslaga må vera sendt til banken seinast 4 veker før valet med kandidaten sitt namn, fødselsår og dato, yrke og fullstendig adresse. Valkomiteen utarbeider på grunnlag av innkomne forslag og eigne
vurderingar ei valliste som vert lagt ut i banklokale og på heimesida til banken.
Forskrift om innskytarane sitt val til forstandarskapen er utlagt i banken sine lokalar.
TYSNES SPAREBANKS FORSTANDARSKAP, 26. FEBRUAR 2014
Lorentz Lunde, leiar
Innskytarvalde medlemer og vara medlem i forstandarskapet.
Medlemer:
Valår 2010: Lars Petter Epland og Anna M. E. Bakke
Valår 2011: Lillian Storetvedt og Johannes Tveit (ikkje på val)
Valår 2012: Eva Økland og Grethe Barmen (ikkje på val)
Valår 2013: Per Terje Tveit og Elin Flatråker (ikkje på val)
Vara medlemer:
1.Natalija Berg
2. Kjartan Hagen
3. Martha Nygård Lande
4. Helga Belt
På val i 2014 er dei medlemene som vart valde i 2010 og 4 vara medlem.
Val komité innskytarvalgte 2013:
Leiar – Anna M. E. Bakke
Medlem – Lillian Storetveit (ikkje på val)
Medlem – Johannes Tveit (ikkje på val)
Vara – Grethe Barmen
-------------------------------------------------------Forslag frå val komiteen
Val av innskytarvalgte medlemer for 4 år
Lars Petter Epland - Attval
Natalija Berg – Ny
Val av vara medlemer for 1 år
1. Kjartan Hagen
2. Martha Nygård Lande
3. Helga Belt
4. Guro Fjeldet Lunde
Valkomité innskytarvalgte for 1 år:
Medlem
Grete Barmen – Ny
Vara medlem
Elin Flatråker – Ny
Val av leiar valkomité innskytarvalgte for 1 år
Leiar Johannes Tveit – Ny for eit år