TIME SOKNERÅD ÅRSMELDING 2013 Innhold Årsmelding for Time sokneråd 2013 ..................................................................................... 3 Årsmelding for Løvegjengen i Time kyrkje, 2013. ................................................................ 4 Trusopplæringa i Time – Årsmelding 2013 ........................................................................... 5 Årsmelding 2013 .................................................................................................................... 8 Statistikk Time sokn ............................................................................................................. 12 Side 2 Årsmelding for Time sokneråd 2013 I 2013 hadde soknerådet 9 møter og behandla 34 saker. Heile Jæren prosti fekk tildelt trusopplæringsmidler i 2013. For Time soken innebar det at me fekk mindre enn me har hatt i prosjektperioden, men meir enn me fyrst frykta. Gjevartjenste til trusopplærar kom kjapt igang, og fleire gjevarer meldte seg. Det å få tilsett trusopplærar viste seg å vera vanskelegare. Men etter fleire utlysningar, er det no tilsett trusopplærar frå mars 2014. Me gler oss til å bli betre kjent med ho, og gje vår støtte til dette viktige arbeidet! Det er ei glede å sjå at misjonsprosjektet i Ganja i Aserbajan, engasjerer og at me nådde målsettinga på 20000kr. Me forsett med same prosjekt eit år til, og vonar at egasjementet vedvarer. Etter ikkje for mange protester frå bispedømmerådt, er prosjetorane no på plass. Dei fungere storsett bra. Det er litt uvant og soknerådet vel å bruka eit år på tilvennig og å gjera seg erfaringer, før ein diskuterer bruken hausten 2014. Samarbeidet mellom Lye og soknerådet er regulert gjennom avtale. Soknerådet gler seg over arbeidet i Lye forsamling og vonar på godt samarbeid i 2014 og. Det viktigaste er det regelmessige gudstjenestelivet både i kyrkja og på forsamlingshuset. Frammøte er godt og me gler oss, same kva alder me er i, til desse samlingane. Vil takka alle, både frivillige og tilsette for alt godt, trufast arbeid. Må 2014 bli eit år me kan ha gleda i lag med kvarandre og i Kristus. Karin Lima Friestad Side 3 Årsmelding for Løvegjengen i Time kyrkje, 2013. Løvegjengen er sundagsskulen i Time kyrkje, som held til på Kyrkjetorget og i Tårnromet. Barna er med i starten av gudstenesta. Litt før preika, kjem barna fram og syng ein fellessong, før dei minste går ut på Kyrkjetorget. Barna frå tredje klasse og oppover held til i Tårnromet. Vi har ein god og stabil gjeng på begge gruppene, i tillegg til at vi har mange barn som droppar innom, spesielt i samband med dåp. I vårhalvåret hadde vi fokus på misjon. Barna lærte om misjon, og det å dela. Misjonsbefalinga var viktig, og dei lærte om Aserbajdsjan og det misjonsprosjektet Time kyrkje er med og støttar der. Løvegjengsangen var då ”Alle mann på dekk”. Hausthalvåret hadde vi fokus på det å tru. Temaet har vore Trusheltar, der vi har sett på ulike personar i Bibelen, og kva som var spesielt med deira tru. Sangen vi har brukt er ”Be, så skal du få”. I starten av året fekk vi TV på Tårnromet. Dette har gitt oss høve til formidling på fleire måtar. Også i år hadde vi stor feiring på pinsedag. Barna fekk læra om pinseunderet, og vi hadde bursdagsfeiring med pølser, gele, leik og moro ute i det fine veret. Løvegjengen har hatt 15 samlingar i 2013. I tillegg har vi delteke på ulike måtar i nokre gudstenestar. 23 barn har betalt medlemskontingenten for 2013, som har vore 50 kr pr. barn. I tillegg har vi fått innvilga driftstilskot frå kommunen på kr 1.338,Leiarar i 2013 er framleis Brynhild Stokka Andersen, Karin Lima Friestad, Morten Dyngeland, Håvard Braut og Karete Fosse. Vi ser på dette som eit viktig og givande arbeid, og held fram med å læra barna om tru og trusheltar og i 2014. 06.02.2014 Karete Fosse Side 4 Trusopplæringa i Time – Årsmelding 2013 Dåpen forpliktar oss til opplæring. Trusopplæringa skal vera eit tilbod om systematisk og samanhengande opplæring for alle døypte barn og unge uansett funksjonsnivå. Vi har sidan oppstarten i august 2004 bygd opp nokre robuste fasetiltak for aldersgruppa 0-12 år. Frå 10.07.2013 gjekk trusopplæringa endeleg over i siste fasen, til ordinær drift, då heile Jæren prosti blei innfasa i trusopplæringa. Oversyn over fasetiltaka: Alder Tiltak 2 år Undretur 4 år 4 år 1. kl 2. kl 3.kl 5.kl Oppslutning Time: 18 av 39 Bryne: 10 av 107 Hausttakkegudst. Undheim: 17 av 17 Barnebibel Time: 28 av 40 Bryne: 55 av 110 Undheim: 9 av 11 Adventsklubb Time: 21 av 40 Bryne: 31 av 110 Undheim: 7 av 11 Dåpsskule Time: 20 av 38 Bryne: 52 av 89 Undheim: 11 av 11 Pinsefart Time: 20 av 43 Bryne: 28 av 88 Undheim: 18 av 26 Tårnagenthelg Time: 18 av 35 Bryne: 32 av 107 Lys vaken Time: 16 av 38 Undheim: 14 av 17 Bryne: 31 av 97 7.kl Newbie 9. kl Konfirmasjon 13-18 år 13-18 år U21 Påskenatt Bryne: 28 av 100 Time (Lye): 21 av 38 Time: 34 av 40 Bryne: 88 av 103 Undheim: 17 av 17 Undheim: 26 av 39 (gj.snitt) Totalt: 130 av 750 Anna Alle fekk CD. 1 samling Alle fekk CD. 1 gudsteneste 1 - 3 samlingar 4 saml. + dåpsskulehelg 3 saml. ettermiddagstid Lørdag 5 timer + gudst. søndag Overnatting og samling. 5 saml + gudsteneste 1 samling Totalt 60 timar. 14 samvær 1 gudsteneste Side 5 På ungdomsfasane har vi mykje ugjort. 19-20. oktober blei ungdomskonferansen UanZ arrangert saman med dei andre kyrkjelydane i prostiet. Denne var mynta på bevisst kristen ungdom frå 15 år og oppover. Denne vart ikkje rekna som eit fasetiltak i trusopplæringa. Det kontinuerlege barne- og ungdomsarbeidet er viktig grunnlag for forming av identitet, tru og fellesskap, og gjev rom for undring og vekst. Det er viktig å balansera satsinga på fasetiltaka med eit kontinuerleg tilbod i kyrkjelydane. Anna: Per Olav Egeland har hatt musikksamlingar i det foreldrestyrte «Lykkeliten» på Lye forsamlingshus anna kvar onsdag føremiddag. Veldig god respons! Organisering: Det har vore ein del endringar i både ressursar og tilsette i 2013. Omlegginga til ordinær drift førte til nedgang i overførte trusopplæringsmidlar til kyrkjelydane våre. Jorunn Ueland og Jorunn Pettersen slutta sommaren 2013, og det vart gjort litt om på stillingane knytt til trusopplæring. Tove Hersdal vart tilsett som trusopplærar i Bryne frå 01.10.13, og det er framleis ikkje tilsett nokon i tilsvarande stilling i Time og Undheim. Trusopplæringa har til saman 1,4 stillingar pr 31.12. 2013 som er dekka av trusopplæringsmidlar: 40% kyrkjelydsutviklar/trusopplærar i Bryne: Bjørn Inge Hauge 30% trusopplærar i Bryne: Tove Hersdal 30% trusopplærar i Time og Undheim: Ventar på tilsetjing 20% kantor i Bryne ++: Per Olav Egeland Sokneråda har vedteke at trusopplæringa ikkje skal lida under lågare over overføringar, og har difor gått inn og styrka trusopplæringa med innsamla midlar. Begge trusopplærarstillingane er på 50%. Ansvaret for trusopplæringa ligg hjå kateketen, som har gjekk opp frå 70% til 80%. 2013 var prega av omorganisering og nye vegval. Bryne er det einaste soknet som er fullt bemanna. Her arbeidar også ungdomspastor Johannes Kleppe i full stilling på innsamla midlar. Vi ser fram til at det er tilsett dyktige folk i alle stillingane, og gler oss til å utvikla trusopplæringa vidare. Det ligg eit stort arbeid med planskriving føre oss. Side 6 Eg takkar dyktige medarbeidarar, både tilsette og uløna, for sterkt engasjement og god innsats for trusopplæringa! Det er i dette samspelet at arbeidet er mogleg å gjennomføra. 11.02.2014 Guds signing. Ingfrid Time Nærland Side 7 Årsmelding 2013 Time diakoniutval Årsmeldinga omfattar oppgåver der diakon og diakoniutval saman med andre frivillige medarbeidarar er involverte. Time diakoniutval Time diakoniutval har i 2013 vore: Marit Halleråker Fotland (leiar og soknerådsrepresentant), Aslaug Tveit Berge, Marit Undheim og Liv Vigre. Diakon har vore Torild Egeland Reime januar – august og Ingelin Hatteland Norbakken september - desember. Utvalet har hatt 4 møter og behandla 26 saker. Plan for diakoni Planen blei revidert og godkjent i januar. Neste gong den skal evaluerast er i 2015. Samlivsarbeid Samlivskursa "To på samme kurs (kurs 1)" og ”Et annerledes språkkurs (kurs 2)” er eit tilbod som vi har saman med Bryne og Undheim kyrkjelyd. Desse kursa blir enten arrangert i heimen til leiarpar gjennom året eller som weekendkurs. Samlivsarbeidet i Time er eit samarbeid med Hå og Klepp og Sandnes. Weekendkurs: Holmavatn 9-10 februar. Det var 16 par som deltok. Anne Helene og Bjarte Våge var leigde inn som kurshaldarar. Frå Time er Liv Heidrun og Trond Heskestad, Tordis og Steinar Sandvik, Kristine og Herleiv Braut med som frivillige medhjelparar i samlivsarbeidet. Ivar Johannessen er soknerådsrepresentant. Arbeid for menneske med utviklingshemming ”Sundagstreff”: Ein sundag i månaden er det samling med gudsteneste tilrettelagt for menneske med utviklingshemming i Bryne kyrkje. Kl 18.00 er det ringleik, allsong og mat i peisestova. Kl 19.00 er det gudsteneste i kyrkjesalen. Mellom 10 og 20 personar er til stades på kvar samling. Frivillige medhjelparar har dette året vore: Torunn Undheim, Heidi Ottesen Steinskog, Brit Dyrnes Kalstø, Trond Toft- Eriksen og Elise Hetland Devig. Side 8 Vi har i år hatt 7 sundagstreff og sommaravslutning med grilling i mai. I desember var det gudstenesteverkstad, og ei formiddagsgudteneste i Bryne kyrkje der Bankers spela og Sundagstreffet deltok. Diakonen har vore på skulebesøk på Time vgs, avd for kvardagslivstrening, og fortalt om påsken. Arbeid for menneske med fleirkulturell bakgrunn Kristent Interkulturelt Arbeid, KIA: Den frivillige Kia-Bryne komiteen har dette året bestått av Synnnøve Hatle, Chiaki Kawasaki, Liv Helga Lygren Austnaberg og Ola Undheim. Det arbeidast for å få til eit meir stabilt interkultuelt arbeid i kyrkjelyden. Målet er å skapa eit fleirkulturelt fellesskap i kyrkjelyden der norske og nye norske kan verta kjende. Juletrefest: Menneske med fleirkulturell bakrgrunn blei spesielt inviterte til juletrefesten i kyrkja, og dei deltok i programmet med song. Sorgarbeid Minnegudsteneste: Sundag 13. januar var det minnegudsteneste i Time kyrkje, organisert av Time diakoniutval. Mange pårørande hadde kome til kyrkja for å minnast dei som hadde døydd i året 2012. Festarar og/eller næraste pårørande dette året i kvar familie får brev med invitasjon til familie og vener. Dette er eit felles arrangement for heile Time. Prest var Gunnar Frøyland, Oddny Underhaug med songgruppa Shalom deltok og Fiona Schaub spela fiolin. Namna blei lese opp og det blei tent lys. Gunn Karin Røsand laga til ein flott lysinnstallasjon og var også med som frivillig medhjelpar. Det var ca 200 personar til stades. Open kyrkje - Tenn eit lys: Laurdag før Allehelgensdag, 2. nov. hadde Time diakoniutval ope på Kyrkjetorget i Time kyrkje. Her kunne folk koma for å få kaffi og vafler og varme seg når dei besøkte gravene. Det var tilbod om samtale og høve til å tenne lys. Inne i kyrkjesalen hadde vi ein times program med vekselvis orgelmusikk og skrift/diktlesing ved Per Olav Egeland og Marit Rommetveit Staveland. Ca 30 personar var innom arrangementet. Sorggrupper og kontakt med etterlatne: Diakonen tar kontakt med etterlatne i heile prestegjeldet. Det blir arrangert sorggrupper i samarbeid med heile Jæren prosti og Sandnes prosti. Gruppene startar opp fortløpande etter behov. Fleire deltakarar frå Time har vore med her. Frivillige gruppeleiarar i Time er Berit Bromann Foss, Ingunn Garpestad Moi, Gunn Karin Røsand og Torild Wold. Side 9 Grupper for skilte: Det er også tilbod om å vera med i grupper for skilte. Desse gruppene blir organisert saman med sorggruppene. Frå Time er Signe Stålesen med som frivillig gruppeleiar. Arbeid for eldre Runde tal: Medlemmane av diakoniutvalet og diakonen har gått på besøk med ei bokhelsing til 12 eldre som fyller 80, 90 og 100 år. Vårfest for alle over 60: Sundag 7.april arrangerte Time diakoniutval vårfest på Lye forsamlingshus. Det var ein kjekk fest der ca 100 personar var med. Nils Garborg Reiten stod for andakt og kåseri, det var song av Sola mannskor og kulturskulen hadde innslag. Haustfest for alle over 60: Sundag 27. oktober arrangerte Bryne diakoniutval årets haustfest. Det blei ein svært gild fest. Det var programinnslag ved Odd Dubland, Georg Pollestad og kulturskulen. Det var ca 120 personar tilstades. Mange frivillige stilte opp på dugnadsarbeid på kjøkken og ved rigging/rydding. Torsdagstreff: Treff for pluss/minus 60 i Bryne kyrkje. Programmet er variert med «Kultur»-innslag, ei lita songstund med songar som gir gjenkjenning, matøkt- og drøs, og andakt. Dette er svært vellykka og fyller peisestova med 60-90 glade seniorer ein gong i mnd. Mange frivillige stiller opp her. Institusjonsandakter og –besøk: Saman med prestane går diakonen jevnleg på besøk på tre institusjonar som ligg i Bryne. Bebuarene er frå heile prestegjeldet. På disse besøka får bebuarane tilbod om å delta på ein andakt eller ein enkel nattverdsgudsteneste. I tillegg går prest/diakon òg inn på besøk til dei som ynskjer det. Fasteaksjonen Fasteaksjonen 19. mars: Årets tema: Saman forandre verda. I Time gjekk konfirmantar og frivillige saman om innsamlinga. Resultatet for Time var kr. 37 214.-. Av desse var kr. 17 570.- frå Lye og kr. 19 644.- frå Hognestad/Vestly. På Lye var Trond Heskestad med å gjennomførte fasteaksjonen og i Time Kyrkja var Ingjerd Finnbakk og Frode Gabriel Fotland med i gjennomføringa. Side 10 Diakonigruppa på Lye Etter eit nådegavekurs våren 2013 blei det organisert ei diakonigruppe på Lye. Gruppa består nå av sju medlemmer. Det er sett i gang fire konkrete tiltak som består av strikkekafe for damer, treff for menn, forbønnsteneste, besøksteneste og jubilantbesøk. Diakongruppa er open for fleire medlemmer og nye tiltak. Kriseteam Kriseteam: Prest Stein Ødegård og diakon Marit H. Hetland sit i eit tverrfagleg kriseteam for Time kommune. Gunnar Frøyland sit i beredsskapsrådet. Time, 11.02.2014 Marit Halleråker Fotland Leiar Time diakoniutval Ingelin Hatteland Norbakken Diakon og sekretær Side 11 Statistikk Time sokn Time sokn Pkt. Innmeldingar Utmeldingar Dåp Dåp bust.adr.sokn Konfirmanter Vigsler Gudst søn/hellig 2.1 2.2 3.1 3.2 3.3 3.4 4A. 1 4A. 1 Deltakere søn… Gjennomsnitt søn Andre gudst. Deltakere andre.. Nattverdgudst… Nattverddeltakere Gj.sn. nattv. Familiegudst Deltakere fam.g. 4A. 2 4A. 2 4C. 1 5C. 1 4C. 3 4C. 3 Gj.snitt fam.g. Ungd.gudst.delt. 2009 2010 2 3 66 30 57 12 56 2011 2012 Time 2012 Lye 0 8 86 24 38 39 57 1 2 85 46 29 29 59 1 8 64 25 45 36 32 9294 8967 9483 2013 Time 2013 Lye 22 1 7 74 25 34 33 34 25 5786 2689 5612 2747 166 13 157 5 161 5 181 7 122 2 165 7 110 0 616 362 662 685 77 587 0 28 24 23 12 14 15 15 1189 1886 1945 933 1208 1413 1164 79 14 85 7 78 6 86 7 94 3 78 10 2688 2396 1334 1104 736 517 1397 105 77 172 185 140 94 42 14 192 175 171 150 191 376 184 135 1 1 1 1 2 0 3 0 4C. 4 Skule/barnehageg 4C. 6 Julaftengudst 4C. 8 Offer totalt 11.1 3 3 3 3 254952 180215 221126 74100 197251 87219 Offer eige arbeid Gjevarteneste 11.1 11.2 82597 414530 56517 388350 77889 0 0 457400 75370 87050 17384 616484 Andre innsaml. 11.3 75621 18933 5 64853 40620 0 41797 39060 39966 0 37214 0 Side 12
© Copyright 2024