PROGRAM Time Senterparti 2015–2019 01 02 03 Ragnhild Dyngeland, 1976, Vestly og Lye, Kumulert Brigt Åge Høyland, 1959, Vestly og Lye Sigrunn Prestegård, 1967, Vestly og Lye Geir Pollestad, 1978, Bryne 04 ORDFØRARKANDIDAT Bjarne Undheim, 1951, Undheim. kumulert 06 Lene Sikveland, 1980, Bryne 05 07 Bjørgulv Fjermestad, 1949, Frøyland 08 Jone Fosse, 1971, Hognestad Vekst og utvikling i heile kommunen TIME SENTERPARTI: Senterpartiet vil byggja samfunnet nedanfrå. I ei tid då stordrifts- MILJØET VÅRT: Omsynet til miljøet skal setjast framfor omsynet til forbruk og høgast mogeleg vekst. fordelar har vorte eit moteord, vil Senterpartiet understreka verdien av oversiktelege einingar og lokalsamfunn der folk har tillit til kvarandre og til styresmaktene. Me vil ha eit samfunn med frie sjølvstendige menneske som med tru på eigne evner tek ansvar for eige liv, for fellesskapet og for natur og miljø. Menneskesynet vårt er tufta på menneskerettane og dei kristne verdiane. Kvart menneske er unikt og uerstattelig, og respekten for menneskeverdet er overordna andre verdiar. Senterpartiet vil: •Stimulera til å leggja til rette for at innbyggjarane skal kunna ta miljøvennlege val i kvardagen. •Leggja til rette for å utvikla fornybar energiproduksjon. •Arbeida for busstilbod til Bryne frå Hognestad, Undheim og Kvernaland. Desse kan og fungera som kollektivtilbod for dei ytre delane av Bryne. •Betra busstilbodet mellom Bryne og Lyefjell, og etablera busslommar langs fylkesveg 506 •Vektleggja miljø ved offentlege innkjøp. SENTERPARTIET VIL AT NORGE SKAL BYGGJA FRAMTIDA SI PÅ DEI KRISTNE GRUNNVERDIANE OG VÅRT DEMOKRATISKE STYRESETT. INNDELING FOLKESTYRET VÅRT: Senterpartiet ynskjer å ha kort avstand mellom dei som sit i kommunestyret og innbyggjarane. Me vil arbeida for mest mogleg opne politiske prosessar, og særleg vektleggja å trekkja ungdom med i politiske avgjerder. Senterpartiet skal arbeida for: •At det skal haldast eit kommune- styremøte i kvar bygd i løpet av perioden. •Senterpartiet vil vektleggja godt samarbeid med nabokommunane framfor kommunesamanslåing. Me fryktar at ein storkommune vil gje mindre demokrati og meir byråkrati. Særs i arealforvaltninga er det viktig med samarbeid for å spara matjord. •Det er eit absolutt krav om folkeavrøysting før me kan akseptera ei kommunesamanslåing. •Behalda nynorsk som målform i kommunen. Dei lovmessige krava til å krevja anna målform må fylgjast opp. MATEN VÅR: Senterpartiet vil satsa på produksjon av trygg og sunn mat. Time kommune er ein viktig landbrukskommune, og me vil arbeide for auka matproduksjon og verdiskaping frå landbruket i kommunen. Senterpartiet skal arbeida for: •At Time kommune bidreg til at Norge skal vera sjølvforsynt med kvalitetsmat. •At matjorda vår ikkje vert bygd ned, men vert dyrka og nytta. •Gje Bryne status som mathovudstad i Norge. VEGANE VÅRE: Senterpartiet ynskjer eit godt vegnett og eit godt sykkelvegnett i kommunen. Me vil leggja til rette for at folk kan byta ut bilen med sykkelen og at ungane kan gå eller sykla til skulen på ein trygg og god måte. •At innbyggjarane i kommunen ikkje skal måtta betala dobbelt i ein ny bomring. •At det vert bygd ein god veg mellom kommunen og E39. •Ny veg frå Frøyland til Lyefjell. Senterpartiet skal arbeida for: •At det vert etablert sykkelstamvegnett i kommunen. •Trygging av skuleveg frå Taksdal til Undheim. •Trygging av skuleveg i samband med utbygginga av Svertingstadfeltet. •Trygging av skuleveg langs fv 506 til Lyefjell, minst frå Lyevollvegen til Larheia. •At sykkelstien frå Line til Hognestad vert bygd snarast råd. •Ny bru på Kvernaland over Frøylands bekken på fv 505 i krysset med fv 220. •Utbetra kryssa mellom fv 505 og Frøy- landsvegen og Theodor Dahls veg. UNGANE VÅRE: Me vil at ungane våre skal få ein god start på livet og vil leggja til rette for at dei kommunale tenestene vert best mogleg. Senterpartiet skal arbeida for: •Sunn og god skulemat til alle ungar i grunnskulen. •Ein praktisk skule, der ungane meir skal læra gjennom å gjera. •Skular og barnehagar med høg kvalitet, og gode uteareal som legg vekt på fysisk aktivitet. Time Senterparti •At skulen nyttar nærmiljø og lokalt næringsliv som læringsarena og identitetsskapar, og brukar frilufts områda i kommunen. •Å satsa på auka kvalitet i skulen ved at det i større grad vert undervist i små grupper. •God kommunal fødsels- og barsel- omsorg. BYEN OG BYGDENE VÅRE: Time kommune er i vekst. Me må møta denne veksten med langsiktig og fornuftig planleggjing. Me vil planleggja for at dei nye husa våre vert bygde på fjell. Me har ei positiv grunnhaldning til etablering av næring og bustadbyggjing på uproduktivt areal. Senterpartiet skal arbeida for: •God tilgang på næringstomter og tilrettelegjing for næringsutvikling. •Veksten i kommunen må vera berekraftig, om ikkje må den avgrensast. •At Bryne skal byggjast i høgda, ikkje i breidda. Dei langsiktige grensene for jordvern må respekterast og tydeleggjerast. •At Bryne skal vera senter for læring og handel på Jæren. •Fjerna parkeringsavgift på gateparkering i Bryne og erstatta med tidsavgrensing. •Knyta Storgata og M44 tettare saman for å skapa eit meir levande sentrum. •Føra ein restriktiv alkoholpolitikk. •At nye bustadfelt vert lagde til Lye/ Njåfjellet eller andre uproduktive områder. •At grunnskulestrukturen vert oppretthalden. •At det vert laga ein sentrumsplan for Undheim. •At det vert etablert god breiband- dekning og mobildekning i heile kommunen. •At arbeidet med oppdatering av utdaterte reguleringsplanar på Bryne må fortsetja for å frigjera areal til ny bustadbygging. I EI TID DÅ STORDRIFTSFORDELAR HAR VORTE EIT MOTEORD, VIL SENTERPARTIET UNDERSTREKA VERDIEN AV OVERSIKTELEGE EININGAR OG LOKALSAMFUNN DER FOLK HAR TILLIT TIL KVARANDRE OG TIL STYRESMAKTENE. INNDELING OMSORG FOR LIVET VÅRT: INNHALD I LIVET VÅRT: Senterpartiet skal arbeida for: Senterpartiet skal arbeida for: •Nok sjukeheimsplassar av god kvalitet, med eit godt aktivitetstilbod for brukarane. •Å etablera nye turstiar i samarbeid med grunneigarane. •At omsorgstenesta skal vera kommunal. •Å byggja fleire omsorgsbustader. •Å få etablert ei lindrande eining til livets siste fase. •Sikra gode legetenester og legevakt med kort ventetid og god kvalitet. •At nye bustadfelt skal ha gode felles- areal. •Nytt fleirbrukshus på Lyefjell som kan nyttast av kyrkje, skule og andre lag/organisasjonar. •Ein kulturskule med høg kvalitet som veks i takt med etterspurnaden i kommunen. •At idretten og anna frivillig lagsarbeid vert satsa på og gjeve gode vilkår. •At kommunen skal samarbeida og leggja til rette for frivillige lag og organisasjonar som ynskjer å byggja nye anlegg. •Støtta opp om kyrkja og det viktige arbeidet som vert gjort her. 09 Ranveig Undheim, 10 Arnt Moi, 1974, Undheim Bjørn Egil Bøe, 1969, Frøyland Brynhild Stokka Andersen, 1978, Hognestad Jorunn Time, 1979, Frøyland 21 Willy Finnbakk, 1993, Bryne 1963, Hognestad 19 Sonja Herikstad Skårland, 1976, Hognestad 20 Åsill Time, 1971, Bryne 23 24 John Børge Vikanes, 1965, Frøyland 26 Elin Egeland Roda, 16 Odd Grødem, 1995, Vestly og Lye Karin Fuglestad, 1984, Undheim 25 1960, Undheim Mari Prestegård, 22 Ingrid Ropeid, 1958, Vestly og Lye 1970, Hognestad 15 18 Tom-Eirik G. Grødem, 1976, Vestly og Lye 12 Sølve Sikveland, 1968, Vestly og Lye 14 17 Ådne Øverland, Livar Nedrebø, 1978, Bryne 13 11 1959, Undheim 27 Sigmund Mossige, 1975, Undheim Jærprint AS
© Copyright 2024