Sportsplan for Syril handball 2013 - 2014 1 Innhald 1 INNLEIING 2 FELLES RETNINGSLINJER FOR SYRIL HANDBALL 3 SPORTSLEGE FUNKSJONAR OG LAG 4 BARNEHANDBALL 9 ÅR 5 BARNEHANDBALL 10 – 12 ÅR 6 UNGDOMSHANDBALL 13 – 17 ÅR 7 FORELDREVETTREGLAR 8 SENIORHANDBALL 9 DIFFERENSIERING 10 HOSPITERING 11 TEKNIKKMERKE I HANDBALL 2 1. INNLEIING Sportsplanen gir retningsliner for alle trenarar og leiarar i Syril Handball. Planen skal vere eit verktøy for systematisk og langsiktig arbeid, med god kvalitet. Planen inneheld: sportslege utviklingsmål sportslege funksjonar/rollar retningsliner for kva og korleis aktiviteten skal drivast Sportsplanen skal reviderast min. annakvart år. Leiar er ansvarleg. Endringar skal godkjennast av handballstyret. Sportsplanen skal formidlast til foreldre, leiarar og trenarar og leggast ut på www.syril.net. 2. FELLES RETNINGSLINER FOR SYRIL HANDBALL Alle som ønskjer å spele handball i Syril skal ha eit godt tilbod, sportsleg og sosialt. Handball skal vere moro Spelarane skal oppleve trivsel, glede og meistring, både i trening og kamp Handballen skal vere ein trygg arena for personleg utvikling og lagbygging Spelarane skal få utvikle både individuelle og felles sportslege og sosiale ferdigheitar Syril handball byggjer på Norsk handball sin visjon og verdiar: VISJON: Norsk handball skal opplevast som ein energisk og utviklande trenings- og kampaktivitet der spelarar, dommarar, trenarar, leiarar og foreldre deltek aktivt og kampane blir fylgt av eit entusiastisk publikum og engasjert media. Norsk handball skal byggje på og kjenneteiknast ved den enkelte sin stoltheit og engasjement, og bli utøvd gjennom felles verdiar som gjeld for all aktivitet for norsk handball, på og utanfor bana. VERDIAR Felles verdiar for handballen: Begeistring, Innsatsvilje, Respekt, Fair play DUGNAD I Syril si handballgruppe skal dugnadsarbeid vere godt forankra hjå både spelarar og foreldre. Dugnadsarbeid bidreg til hanballgruppa sin eksistens og er avgjerande for at klubben kan gje eit godt tilbod til alle medlemmene. 3 3. SPORTSLEGE FUNKSJONAR OG LAG Oversikt over rollar og funksjonar i Syril handball. Oppgåve Leiar Nestleiar Arrangement Dugnad/sponsor Seniorkontakt Juniorkontakt Materialforvaltar Sportsleg leiar Dommaransvaleg Styre Namn Eva S Fosshagen Steinar Fredheim E-postadresse [email protected] [email protected] Linda Fossberg Arvid Mellingen Ingrid H Fridtun Roger Hestholm Tore Oddvin Stølen Lillian Bruheim [email protected] Stig Olav Sørum Pia Hickman Geir Johan Aase Eva Fosshagen, Steinar Fredheim, Pia Hickman, Linda Fossberg, Stig Olav Sørum Telefon 905 42 818 481 68 274 99291713 90082541 [email protected] 415 30 980 [email protected] 415 10 202 [email protected] [email protected] [email protected] 95223552 94869455 951 91 773 Styresamansetting og oppgåver Syril Handball 2013/2014 Leiar: Eva Fosshagen Medlem av hovudstyret i Syril Utarbeide årsplan for drift i samarbeid med styre og sikre oppfølging av denne Fordele ansvar innad i styre og arbeide aktivt for å involvere ressursar utanfor styret ved behov Kalle inn og leie styremøte (ca 4 i året), Ansvar for å melde inn aktivitetar i hallen til felles aktivitetsplan Følgje opp sportsplanen og sjå til at sportslege aktivitetar er i tråd med denne. Vere klubben sin kontakt inn mot krets/region Formidle all info frå region/krets til laget sine lagsleiarar og motsatt veg. Kontakt med Leikanger kommune Ansvar for påmelding av lag i seriesystemet Ansvar for at det vert gjennomført lagleiarmøte før sesongstart og evalueringsmøte etter sesongavslutning Vere klubben sitt ansikt i presse og informasjonsarbeid Ansvar for at alle aktive har betalt treningsavgift til klubben 4 Nestleiar: Steinar Fredheim Medlem av handballstyret Økonomiansvarleg, utarbeiding av budsjett, regnskap og oppfølging Sørgje for at rekningar blir levert hovudkasserar slik at dei vert betalt i rett tid. Søknad om stipend/gåver/utstyrspakkar osv saman med dugnad/sponsorgruppa Innkjøpsfullmakt saman med materialforvaltar Bistå leiar med ulike oppgåver Sportsleg leiar: Pia Hickman Medlem av handballstyret Følgje opp partnerskapsavtalen mellom Syril handball og Jotun Ansvarleg for å melde inn aktivitetar i hallen til felles aktivitetsplan. Kontakt for trenarar og lagleiarar vedr. bruk av hall. Ansvar for å følgje opp det sportslege arbeidet, og sikre at trenarane kan grunnleggande treningsprinsipp og har tilgang til treningsbank Ha dialog med trenarane på dei ulike laga om spelarutvikling, spelarnominasjon og hospitering Ansvarleg for utdannings- og kursaktivitet, oversikt over kva tilbod som finst, gjennomføre kompetanseplanlegging Materialforvaltar: Stig Olav Sørum Medlem av handballstyret Ansvarleg for utstyr og drakter i klubben, fellesutstyr i ballromma m. m Ansvarleg for utlevering av baggar til lagleiarar Ansvarleg for å inngå innkjøpsavtalar og foreta innkjøp og hente ut utstyr Arrangementsansvarleg: Linda Fossberg Medlem av handballstyret Koordinerer oppsett av arrangement i lag med kvart lag sin lagleiar/trenar Ansvarleg for å få på plass sekretariat og kioskansvarlege til kvart heimekamp. Ansvarleg for innkjøp av kioskvarer. Ansvar for at alle dommarar/lagleiarar/trenarar blir tekne godt hand om under opphaldet i hallen. Ansvarleg for utbetaling til dommarar Ansvar for økonomisk oversikt for kioskdrifta og informere nestleiar om dette Ansvarleg for at det vert utarbeidd årsmelding for kiosk. Ved heimekamp Ha klar vestar til gjestande lag i tilfelle like drakter Ha klar minst 3 kampballar til kampen – 2 ballar til gjestande lag Ansvar for kamprapport – bortelag, heimelag og domar skal signera. Ansvar for dommarskjema Rapportere inn resultat frå heimekamp på nettsida til region vest Sende inn kamprapport 5 Dommaransvarleg: Geir Aase Ansvarleg for påmelding av dommarar. Ansvarleg for rekruttering av dommarar og leiarar. Ansvarleg for koordinering av dommarregister Dugnad/ Sponsor: Arvid Mellingen, Roger Hestholm Ansvar for å skaffe sponsor og dugnadsarbeid og fordele dette på dei ulike laga Ansvar for trykking av reklame Skaffe/forhandle dugnader og fordele dei på dei ulike laga, inkludert faste dugnadsoppgåver som Syril adventskalendar Ansvar for søknader av stipend/gåver/utstyrspakkar osv. saman med nestleiar Seniorkontakt: Tore Stølen Koordinerer oppsett av treningstider i lag med kvart lag sin lagleiar/trenar Ansvarleg for å melde inn aktivitetar til sportsleg leiar. Fylgje opp spelarrekruttering, saman med sportsleg leiar, på kort og lang sikt Ansvarleg for å få på plass sportsleg støtteapparat for seniorlaga. Skal følgje opp laga slik at alle får eit godt sportsleg og sosialt tilbod Ansvarleg for at det vert utarbeidd årsmelding Koordinere spelarregister (namn, føresett, tlf. nr) Ansvarleg for lisensregister. Juniorkontakt: Lillian Bruhaug Koordinerer oppsett av treningstider i lag med kvart lag sin lagleiar/trenar Ansvarleg for å melde inn aktivitetar til sportsleg leiar. Fylgje opp spelarrekruttering, saman med sportsleg leiar, på kort og lang sikt Informere om felles retningsliner som foreldrevettreglar m.m. Ansvarleg for å få på plass sportsleg støtteapparat for juniorlaga. Skal følgje opp laga slik at alle får eit godt sportsleg og sosialt tilbod Ansvarleg for at det vert utarbeidd årsmelding for kvart lag Ansvar for koordinering av spelarregister (namn, føresett, tlf. nr) Ansvarleg for lisensregister for dei over 12 år www.Syril net: Heidi Ravnestad Ansvar for oppdatering av nettside til handballgruppa på www.syril.net Kjerringi open 2014: Tore Stølen Ansvar for kiosk 6 Lagleiar Frå og med J9/G9 skal kvart lag ha lagleiar som er administrativt ansvarleg for laget. Det bør vere eit mål å lage foreldregrupper/ressursgrupper rundt kvart lag som fordeler ulike oppgåver mellom seg; t. d transport til kampar, kamparrangement, dugnader/økonomi, cup-deltaking osv. Generelt syte for god kontakt mellom trenarar, foreldre og spelarar. informasjon og kontakt gjennom informasjonsmøte, e-post, sms, internett m. m halda orden på laget sitt utstyr, saman med trenarar, spelarane saman med trenar ha kontakt mot andre lag m.o.t. hospitering/differensiering. Leiar gjev råd om og tek avgjerd om hospitering, dersom usemje gje informasjon til og om laget via heimesida til Syril Handball arrangere sosiale samlingar for laget – min. sesongavslutning. Sjå retningslinjer kontakt med handballkrinsen Sesongplanlegging planlegge terminliste/sesongen saman med trenarar saman med trenarane fordele trenaransvar for treningar og kampar arrangere min. eitt foreldremøte – bør avviklast før sesongstart –gå gjennom innhald i sportsplan dugnadsarbeid – fordele foreldregruppa påmelding og organisering av reise og deltaking på turneringar. Planlegge avslutning med event. premiering Kontakt mot styret vere bindeledd mellom laget og juniorkontakt /leiar delta på lagleiarmøte gje tilbakemelding på treningstider og kampoppsett til leiar levere spelarliste til leiar, med tlf. nr, adresse, mailadr. og føresette rapportera status og behov for nye investeringar ved sesongavslutning til nestleiar skriva årsmelding for laget og levere leiar Kampar og turneringar organisere vakter til kiosk og sekretariat organisere køyring til kampar/turneringar – bruk bussen etter retningsliner ansvar for at medisinskrin, med nødvendig innhald, er med til alle kampar syta for at drakter blir vaska etter kvar kamp – vaskeliste organisera flytting av kampar dersom dette er heilt nødvendig, avklare med handballkrinsen saman med trenarar halda oversikt over spelarar brukt og speletid i kampar 7 4. BARNEHANDBALL G/J9 GENERELLE RETNINGSLINER Speleglede og leik skal vere grunnleggande Handballmiljøet er ein sosial møteplass, der venskap og lagkjensle vert utvikla Alle skal få spele like mykje og lat alle etter tur få spele frå start Lat alle få spele på ulike plassar Del inn i jamne lag – mål om jambyrdige lag i trening og kamp Lær ungane å tole både siger og tap – toler dei vaksne å tape, gjer borna det også Legg til rette for at ungane kan vere allsidige – koordiner gjerne tilbodet med andre idrettar Handball er eit spel – legg til rette for ulike spelformer/øvingar, leik og basis ferdigheitsøvingar Praktiser FAIR PLAY – positiv tone i trening og kamp, vi takkar motstandarar for kampen og kjeftar ikkje på dommaren – NB! Trenararane er førebilete TRENINGSTILBOD Min. 1 trening i veka i sesongen, frå oktober (haustferien) til april (påske) Turneringsspel med inntil 4 turneringar TRENINGSINNHALD Legg vekt på lystbetonte treningsøkter – instruksjon i små dosar! Lag eit treningsinnhald der alle opplever meistring Mesteparten av treningsaktiviteten bør vere med ball Bruk minst halve tida på spelformer kvar trening Prioriter basistrening med få spelarar Mest mogeleg ballkontakt! Beste motiveringsfaktor er å skåre mål – målretta øvingar og store nok mål Unngå kø, t. d ved skottrening el. andre øvingar - del inn i grupper Minimerke I og II bør gjennomførast og øvingane leggast inn i treningsaktiviteten TEMA Individuell ballbehandling – pakke/kaste/mottak/finte Spele saman to og to – ta i mot og kaste tilbake ballen Spele mot – overliste motstandar og lage mål Spel og leikformer som utviklar teknikk retta mot avslutningar på mål ANDRE TILTAK God dialog med foreldregruppa – involvere og engasjere foreldra i turneringar og andre sosiale og sportslege aktivitetar Sesongavslutning med premiering (statuett)for deltaking (lagleiar) TRENARAR Kvar gruppe bør ha 1 til 2 trenarar som har hovudansvar samt hjelparar frå foreldregruppa på alle treningar og kampar Min. 1 av trenarane bør ha aktivitetsleiarkurs Trenarar skal få tilbod om og bør gjennomføre aktivitetsleiarkurs Trenarar skal få tilbod om interne trenarforum/samlingar og bør delta på slike 8 Trenarar skal bruke sportsplanen i treningsarbeidet Trenarar skal delta på oppstartsmøte før sesongen og på evalueringsmøte etter sesongen. 5. BARNEHANDBALL G/J10 – 12 GENERELLE RETNINGSLINER Det skal vere jamne lag i seriespelet - mål om jambyrdigheit på trening/kamp Alle skal spele og ha tilnærma lik speletid Laga bør trene og spele saman på tvers av årsklassar, Legg til rette for at spelarar kan hospitere i andre treningsgrupper/på andre lag Skap gode haldningar – møte presis og jamleg på trening, høyre etter FAIR PLAY: positive tilbakemeldingar til kvarandre, ikkje kjeftbruk, respekter dommar Spelarane skal møte klare og førebudd til trening i tide og ha med nødvendig utstyr TRENINGSTILBOD Frå haustferien til påskeferien inntil 2 gonger pr veke TRENINGSINNHALD Legg vekt på å utvikle tekniske basisferdigheitar Trening med ball Små grupper gir meir aktivitet til alle Leik og moro Alle skal oppleve meistring og treninga må tilpassast spelaren sitt ferdigheitsnivå Ver bevisst på differensiering – sjå generelle råd om differensiering Felles uttøying er ei god avslutning på økta - sportsleg og sosialt Introduser spelarsposisjonar og lagformasjonar TEMA Individuell ballbehandling – pakke/kaste/mottak/finte Spele saman to og to – ta i mot og kaste tilbake ballen Spele mot – overliste motstandar og lage mål Spel og leikformer som utviklar teknikk retta mot avslutningar på mål ANDRE TILTAK Det skal arrangerast sesongavslutning for spelarar, trenarar og leiarar TRENARAR Kvar gruppe bør ha 1 til 2 trenarar som har hovudansvar samt hjelparar frå foreldregruppa på alle treningar og kampar Ein av trenarane bør ha aktivitetsleiarkurs Trenarar skal få tilbod om og bør gjennomføre aktivitetsleiarkurs Trenarar skal få tilbod om interne trenarforum/samlingar og bør delta på slike 9 Trenarar skal bruke sportsplanen i treningsarbeidet Trenarar skal delta på oppstartsmøte før sesongen og på evalueringsmøte etter sesongen. ANDRE TILTAK 12 åringane deltek turnering 6. UNGDOMSHANDBALL G/J13 – 16 GENERELLE RETNINGSLINER Handball skal spelast – evna til å spele hurtig, presis og effektiv handball skal utviklast; Spelarane skal bli ”coacha” i å finne gode løysingar og i å spele kvarandre gode Ros gode val og forsøk på å spele seg fram til avsluttningsituasjonar ”Drep” ikkje kreative spelarar. . Ver bevisst på differensiering – sjå generelle råd om differensiering Alle som trenar skal spele kampar, speletid blir fordelt etter oppmøte, ferdigheit og innsats. Legg til rette for hospitering i andre treningsgrupper/på andre lag Slå ned på munnbruk og negative tilbakemeldingar mellom spelarane Jobb bevisst med haldningar – positiv oppmuntring til kvarandre Introduser spelarsposisjonar og lagformasjonar og formasjonstrening Felles uttøying er ei god avslutning på økta - sportsleg og sosialt TRENINGSTILBOD inntil 2 - 3 treningar i veka i sesongen TRENINGSINNHALD Prioritere ferdigheit og teknikk Individulle ferdigheiter framleis viktigast Spenst, styrke og hurtigheit på kvar trening Begynne å trene på relasjonelle ferdigheiter (samhandling) Forsiktig start med øving på taktiske ferdigheiter Spel med krav til taktisk tenking – øve på å ta hensiktsmessige val Minst eit par timar handballteori(video) i løpet av sesongen Kondisjon i form av spel med ball Korte speløkter med høg intensitet. 5 -10 min innsats og 1-2 min pause. Oppmuntre og legge til rette for eigentrening og anna idrettsaktivitet TEMA Tekniske ferdigheiter o Det skal terpast på mottak , pasningskvalitet og skuddvarianter o Minst 1 finte skal sitte Forsvarsspel o 2 og 2 samforsvarar o Sideforskyving, støyting 10 Angrep o Hurtig igangsetting av keeper o Avslutningstrening frå ulike posisjonar o Avslutningstrening på uetablert forsvar o langpasningar /rushpasningar o Lære seg å ”bruke opningar” o Terpe straffe TRENARAR Kvar gruppe bør ha 1 til 2 trenarar som har hovudansvar samt hjelparar frå foreldregruppa på alle treningar og kampar Helst ein trenar med trenar 1-utdanning Treningsplan skal utarbeidast før sesongstart Trenarar skal få tilbod om trenarkurs/samlingar og bør delta på slike Trenarar skal bruke sportsplanen i treningsarbeidet Trenarar skal delta på oppstartsmøte før sesongen og på evalueringsmøte etter sesongen. Trenarar skal så langt det er mogleg delta på sone- og regionale samlingar der spelarar frå Syril deltek. Det er viktig at trenarar følgjer opp desse samlingane, bl.a. ved å ta øvelsar og liknande med til eigne treningar 7. FORELDREVETTREGLAR: - Møt opp på treningar og kampar – ungane ynskjer det. Gi oppmuntring til alle spelarane under kampen. Gi oppmuntring i både medgang og motgang - ikkje gi dårleg kritikk Hjelp ungen din til å tåla både seier og tap. Støtt dommaren(rettleiaren) – ikkje kritiser dommaravgjersle. Respekter trenaren sin bruk av spelarar - ikkje prøv å påverke avgjersler under kamp . Vis respekt for det arbeidet klubben din gjer – tilby din hjelp. Hugs at det er ungen din som spelar handball - ikkje du. Stimuler og oppmuntre barnet ditt til å delta - ikkje press Spør om kampen var morosam og spennande - ikkje berre om resultatet Husk at borna gjer som du gjer - ikkje som du seier 11 8. SENIORHANDBALL GENERELLE RETNINGSLINER Trenar tek ut lag til kamp og avgjer speletid for kvar spelar. Legge til rette for basis- og skadeførebyggjande trening også mht individuelle behov ved skader Krav om oppmøte utan gyldig fråversgrunn. Ein må melde frå til trenar dersom ein ikkje har høve til å møte på kamp eller trening. TRENINGSTILBOD Minimum to treningar på minimum 1,5 timar per økt i veka i sesongen. eigentrening utanfor sesong basert på opplegg frå trenar. TRENINGSINNHALD Ekstra kondisjons- styrketrening i oppkøyring til sesong. Mykje teknikk og speletrening, med innlagt formasjonstrening, men også basis- og skadeførebyggjande trening Spel med krav til taktisk tenking – øve på å ta hensiktsmessige val Minst eit par timar handballteori(video) i løpet av sesongen Spelarane skal bli ”coacha” i å finne gode løysingar og i å spele kvarandre gode Oppmuntre og legge til rette for eigentrening og anna idrettsaktivitet TEMA Tekniske ferdigheiter o Det skal terpast på mottak, pasningskvalitet og skuddvariantar Det skal øvast inn fleire finter/forsvarsspel o Trene på ulike forsvarsformasjonar o Trene hurtigheit og å unngå straff i forsvar Angrep o Avslutningstrening på etablert forsvar o Trene på ulike angrepsformasjonar o Innøving av trekk o Trene på å få meir bevegelse i angrep utanfor innøvde trekk. ANDRE TILTAK Sosiale samankomstar også utanfor bana TRENARAR Det er eit mål å ha minst to trenarar i gruppa Helst ein trenar med trenar 1-utdanning Treningsplan skal utarbeidast før sesongstart Trenarar skal få tilbod om trenarkurs/samlingar og bør delta på slike Trenarar skal bruke sportsplanen i treningsarbeidet Trenarar skal delta på oppstartsmøte før sesongen og på evalueringsmøte etter sesongen. 12 9. DIFFERENSIERING Kva er differensiering? Differensiering er å gje alle spelarar eit tilbod som er stimulerande for den sportslige utviklinga. Det inneber at alle skal oppleve meistring i det ein gjer og at alle har noko å strekke seg etter. Med meistring fylgjer også trivsel. Korleis gjennomføre differensiering? Hospitering Supplerande treningar for dei som er mest motiverte. Tilpass treningstilbodet for den enkelte – opne opp for mindre treningsmengder etter avtale med trenar Er ein fleire trenarar kan ein i periodar av treninga dele gruppa etter ferdigheitsnivå Tekniske øvingar der fleire med same ferdigheiter øver ilag Legg til rette for spelsituasjonar med fleire enn to lag; lat spelarar med same ferdigheitsnivå spele saman Tenk lagspel og ver bevisst måten ein differensierer på 10. HOSPITERING Kva er hospitering? Hospitering er å gje gode og motiverte spelarar tilbod om å trene og/eller spele kampar på eit høgare ferdigheitsnivå enn dei får ved å trene med sitt ordinære lag. I praksis vil dette seie at ein blir med eldre spelarar i trening og kamp, eller at jenter får bli med gutar i trening og kamp. Kven skal delta på hospitering? Alle spelarar på sone og kretslag skal ha tilbod om hospitering Frå spelarane fyller 12 år, bør dei mest motiverte få prøve seg på eit høgare nivå enn der dei til vanleg spelar/trenar I dei yngste klassane bør minimum to spelarar hospitere samstundes Ein motivert spelar er ein spelar som har nær 100% frammøte på trening, har god moral og yter godt på trening Korleis gjennomføre hospitering? Hospitering må vere tilpassa kvar enkelt spelar Hospitering på trening er viktigare enn å hospitere i kamp Legg til rette for utvida treningstilbod ved å ha ulike treningsdagar for lag som naturleg skal samarbeide Det er spesielt viktig å delta på speleøkter Grader av hospitering Flytta opp fast, dvs alle treningar og alle kampar Alle treningar med eldre lag, kampar med begge lag 13 Berre trening 1-2 treningsøkter i veka eller i periodar av sesongen ”Prøve” seg i einskilde kampar Kven avgjer kva spelar som skal hospitere? Trenarane for dei ulike laga skal ha dialog og bli einige om opplegget for hospitering Leiar gjev råd om hospitering og tek avgjerd ved usemje Kven skal informerast? Spelarar, foreldre til spelar, trenarar og lagleiarar på begge lag Det skal informerast om hospitering på foreldremøte. Informer om kva, kven og kvifor 11. TEKNIKKMERKET I HANDBALL Teknikkmerkeprøvane i handball er fyrst og fremst laga for å motivere spelarane til meir individuell teknisk trening, og for å fokusera på viktigheita av å trene på detaljer. Alle prøvane er laga slik at dei gode teknikarane favoriserast, men ingen prøver er så vanskelege at berre eit fåtal vil klara dei. I merkeprøvane er det lagt vekt på å få med sentrale teknikkar frå handballspelet. Desse teknikkane er så viktige å beherska, at dei i alle fall bør prioriterast i handballtreninga. Enkle reglar Reglane for prøvane er enkle både å forstå, leia og kontrollera. Her finns da ingen skjønnsmessig vurdering, alle resultat er målbare, og merketakarane er ikkje prisgitt medspelarens prestasjonar. Difor får alle merketakarane dei same utfordringane. Nokre poeng TEKNIKKMERKET i handball har fem graderingar: raud, bronse, sølv, gull og gullballen. Raudt merke, har vanskeligheitsgrad legere enn bronse, og de fleste barn frå 7-9-års alder vil klare prøvene. Krava til bronse-, sølv- og gullmerket skal, med litt trening, også være mulig å klare for de fleste frå 10-12-år og oppover. Prøvene føregår i gymnastikksal og/eller på handballbane inne eller ute. Prøvene til Gullballen er vanskeligare og krev både mykje trening og litt talent. Prøvene til Gullballen føregår på handballbane. Det er ingen aldersgrense på de ulike merkene, og krava er dei same for begge kjønn. Merketakaren kan avlegga prøvane til kva grad som helst, utan fyrst å ha avlagt prøvane til legere grad. Alle klubber, foreiningar, lag eller skuler kan arrangere merkeprøvar. Merketakaren må nødvendigvis ikkje være medlem av nokon klubb eller foreining. 14 Gjennomføring Merketakaren kan avlegga ein og ein prøve. Det er ingen begrensning i tal forsøk på kvar prøve. Det skal væra minst ein kontrollør til stades når prøvane blir utføret. Denne person må kunne prøvane og kjenna merkekrava. Til prøvane nyttast den type ball som merketakaren nyttar i konkurransesamanheng. Barn på 9 og 10 år bruker miniball (ball 2) eller mjukhandball av same størrelse. Barn under 9 år bruker mikroball (ball 1) eller mjukhandball av same størrelse. Krava for teknikkmerke finner ein på http://www.handball.no/p1.asp?p=21958 Leikanger 15.09.2013 Styret i Syril handbal 15
© Copyright 2024