FUSA SOKNERÅD HOVUDUTSKRIFT År 2013, den 7. november, hadde Fusa sokneråd møte på kyrkjekontoret, Fjord’n senter, Eikelandsosen. Møtet tok til kl.19.00 og var slutt kl.21.30. Innkallinga var sendt representantane og vararepresentantane den 28.oktober 2013. Desse har meldt forfall til møtet: Siriann N Vestbø Roald Samnøy Randi Hauge Heidi C Bergesen Følgjande vararepr. møtte: Endre Samnøy Yngve Bjørndal Toralv Huse. Kommunal representant Steinar Skår møtte kl.20.00 og hadde røysterett i sakene 2013/052056. Dessutan møtte: kyrkjeverje Harald Geir Sæther. Astrid Heidal var med i byrjnga, og hadde opning ved å vise bilete frå Etiopiaturen - med særleg fokus på Tabor utdanningssenter SAKSLISTE: Saksnr.: Sak Tekst: SKRIV/MELDINGAR S-SAKER SAK: 2013/047 S OPPSUMMERING ETTER KYRKJELYDSSMØTE 2.OKTOBER 2013 - VEGEN VIDARE 2013/048 S MISJONSTUR TIL ETIOPIA - ORIENTERING FRÅ TUREN 2013/049 S STØTTE TIL UTVIKLING AV TABOR UTDANNINGSSENTER 2013/050 S KYRKJELYD/BIBELTUR 2014 2013/051 S NEDLEGGING AV MIDHORDLAND PROSTI UTTALE FRÅ FUSA SOKNERÅD SKRIV/MELDINGAR A-SAKER 2013/052 A BUDSJETT 2014 - VIDARE FRAMDRIFT 2013/053 A FESTEAVGIFTER M.V. F.O.M. 2014 2013/054 A FASTSETJING AV LØN FOR KYRKJEVERJE 2013/055 A AKTUELLE SAKER ARKIV 012.1 362 362 362 002 112 154 221 309 Fusa sokneråd si innkalling - side 2 - Saker lagt fram i møtet: 2013/056 A INVESTERINGSBUDSJETT 2014 2013/057 S TEMA FUSAKALENDER 2015-2018 112 369 Det var ikkje merknader til innkalling og sakliste. Soknepresten orienterte om følgjande i sine fem minutt: • Musikk frå livets begynnelse i gong att. Veldig viktig del av trusopplæringsarbeidet. Det er 2 gruppar med 12 born i kvar gruppe • Konfirmantarbeidet er i full gang • Trusopplæringsplanarbeidet er i godt gjenge. Ei god plangruppe med brei kompetanse og ein dyktig kyrkjelydspedagog. 1.utkast levert ut i soknerådsmøte • Allhelgenssundag sist sundag. 52 personar vart gravlagd sist år. Det viser at det er ei viktig og stor diakonal oppgåve å følgje opp dette arbeidet. Ottar Midtrød hadde vald salma "Herre Gud ditt dyre navn" som vi avslutta kvelden med Rett utskrift, Fusa kyrkjekontor, 5649 EIKELANDSOSEN den 8. november 2013 Harald Geir Sæther kyrkjeverje SKRIV/MELDINGAR A-SAKER 7. november 2013 1. Postjournal t.o.m. 25. oktober 2013 Det var ikkje merknader til skriv/meldingar. SKRIV/MELDINGAR S-SAKER 7. november 2013 1. Forordning av gudstenester - gudstnestefordeling i Fusa sokn - brev frå biskopen dat.17.10.2013 2. Lokal grunnordning for gudstenestefeiringane i Fusa sokn - brev frå biskopen dat.08.08.2012 - motteke oktober 2013 3. Referat frå TOU sitt møte 10.09.2013 4. Referat frå Ungdomsutvalet sitt møte 20.08.2013 5. Referat frå Fusa KU sitt møte 12.09.2013 6. Referat frå Hålandsdal KU sitt møte den 16.09.2013 7. Referat frå Sævareid KU sitt møte 18.09.2013 8. Oversikt over AU si tildeling av tilskot til barn/ungdom i 2013 Det var ikkje merknader til skriv/meldingar. MØTEBOK Fusa sokneråd Møtedato: 07.11.2013 Sak: S OPPSUMMERING ETTER KYRKJELYDSMØTE 2. OKTOBER 2013 Saksnr.: 2013/047 Ark.nr. 012.1 Sakshandsamar: HGS Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak: 1. Bruke innspela som kom på kyrkjelydsmøte den 2. oktober ved temagudstenestene i 2014 - årsplan. 2. Det skal arbeidast vidare med å utvikle kyrkjeskyssordninga i Fusa, jfr. referatet frå kyrkjelydsmøte den 2. oktober. Framlegg til vedtak: Det ligg ikkje føre framlegg til vedtak. Framlegg til vedtak frå Anders Holmefjord: Bruke innspela som kom på kyrkjelydsmøte den 2. oktober ved temagudstenestene i 2014 - årsplan. Framlegg til vedtak frå Ottar Midtrød: Det skal arbeidast vidare med å utvikle kyrkjeskyssordninga i Fusa, jfr. referatet frå kyrkjelydsmøte den 2. oktober. VEDTAK I SOKNERÅDET: Framlegga frå Anders Holmefjord og Ottar Midtrød vart samrøystes vedteke. Trykte saksdokument: Ingen Ikkje trykte saksdokument: Referat frå kyrkjelydsmøte 2.oktober 2013 _________________________________________________________________________ SAKSUTGREIING: Fusa sokneråd gjennomførte kyrkjelydsmøte den 2.oktober, og fekk mange innspel på ulike tema. Her kan nemnast diakoni og kyrkjeskyss, temagudstenester og trusopplæringsplan m.v. Soknerådet vert oppmoda om å prioritere nokre tiltak som sokneråd og/eller stab skal arbeide vidare med. Under følgjer oppsummeringa frå gruppearbeid ein hadde på møtet og som kan vere eit godt grunnlag for drøftinga i soknerådsmøte. Fusa sokneråd si sak 2013/047 held fram Oppsummering etter kyrkjelydsmøte - side 2 - Oppsummering frå gruppearbeid Diakoni og kyrkjeskyss - stikkord frå gruppearbeidet: • • • • • • Det er trong for kyrkjeskyss alle stadar Lite informasjon om kven ein kan ta kontakt med Få info ut til omsorgsbustadane og sjukeheimen (oppslag) Eit felles nummer til "kyrkjeskyssen" Ein lokalperson i kvar kyrkjekrins som har ansvar for kyrkjeskyss Få meir informasjon ut om kven ein kan ta kontakt med lokalt, t.d. gjer kyrkjeutvala meir kjend i lokalmiljøet gjennom t.d. kyrkjebladet • oppslag om kyrkjeskyss på "Bruktbuo" • Opplyse i kyrkjene om kyrkjeskyss - trykke lapper Vennegrupper • Småbarnsforeldre tar kontakt med andre småbarnsforeldre • Vennegrupper særleg aktuelt når ein skal køyre eit stykke - kjenner kanskje få eller ingen • Ikkje gløyme dei einslege • invitere folk direkte - bygge relasjonar Andre moment: • Godhetsfestival! Temagudstenester m.m. • Skal vi invitere folk med til gudsteneste, er det viktig å vite kva vi inviterer til! • Viktig at det er enkelt, men at det er ekte..... • Ha primært temagudstenester/samlingar på dagtid. Der er ikkje fleire kveldar ledig. • Kven skal vere målgruppa på ""Barnetru på service"? • tema kan vere å lære om slitesterke salmar og/eller visse bibeltekster • tema kan vere ut frå ei bok, t.d. boka "Jeg vet på hvem jeg tror". • tema må vere forståeleg og ha djupne • tema kan vere "lære å tilgi kvarandre", "barmhjertig", om nattverden, "frå konfirmant til familiestifting", "Jesus er vegen, sanninga og livet". • Kva betyr det å være Guds barn? • å vere medmenneske i kontakt med våre nye landsmenn/kvinner • bra å ha barneopplegg under temagudstenestene. Fusa sokneråd si sak 2013/047 held fram Oppsummering etter kyrkjelydsmøte - side 3 - Trusopplæringsplan m.v. • Dette gjeld oss sjølv - kvar og ein i kyrkjelyden!. "Geir Inge bidra med seljefløyter, Aashild kan bake, Margunn kan ha andakt, Magnhild kan bake, Terje kan ta med ungdom til fjells!" • Praktiske tenester; nokon kan spikre fuglekasser, nokon kan bake bollar • Barneforeining? • Koble inn frivilligsentralen, når ein har bruk for folk • Barnegrupper på senteret slik som "bok og bolle", også ved julemesse og liknande • Tur til stranda og lage båtar, strandliv. Fadrar som ressurs! • Bruke distrikta/krinsene som ressurs der det er naturleg • Bruke naturen som tema. Ofte lokale eldsjeler som kan bidra. • Stillhet er eksotisk - gå inn i det nye året i bøn, meditasjon Møteleiaren takka avslutningsvis for deltaking og engasjement og mange spennande innspel. Stab, AU, andre utval og sokneråd tar dette med seg i det vidare arbeidet. Vidare framdrift: Fusa sokneråd drøfter saka, og kjem med forslag til prioriteringar. MØTEBOK Fusa sokneråd Møtedato: 07.11.2013 Sak: S MISJONSTUR TIL ETIPOIA - ORIENTERING FRÅ TUREN Saksnr.: 2013/048 Ark.nr.362 Sakshandsamar: HGS Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak: Det vart gitt ei kort orientering frå turen. Framlegg til vedtak: Det ligg ikkje føre framlegg til vedtak. VEDTAK I SOKNERÅDET: Det vart gitt ei kort orientering frå turen. Trykte saksdokument: Ingen Ikkje trykte saksdokument: Ingen _________________________________________________________________________ SAKSUTGREIING: Misjonsturen til Etiopia gjekk av stabelen i perioden 8.-20.oktober. Dette vart på alle måtar er ein vellukka reise med sterke opplevingar i møte med både enkeltmenneske, grupper av menneske, institusjonar og kyrkjelydar. Det vart maks tal deltakarar; 20 personar og to reiseleiarar. Av dei 20 deltakarane var der 14 frå Fusa eller med tilknyting til Fusa og seks andre. Osvald Hindenes frå Os og ein son var reiseleiarar. Osvald Hindenes har vore misjonær i Etiopia i fleire tiår, snakkar språket flytande, og kjenner mange menneske i landet. Turen var kombinert både med møte med misjon og kultur. Av kultur kan nemnast særleg klippekyrkjene i byen Lalibela og dei 1700 år gamle obeliskane og restar av dronning Saba sine byggverk (?).... i byen Aksum i Nord- Etiopia. I tråd med Fusa sokneråd sitt vedtak fekk vi gitt to gåvesjekkar a kr.10.000,-. Den eine vart overlevert skule for utviklingshemma. Rigmor Dalland og Gudrun Skåtun overleverte den på vegne av soknerådet. "Hovudbesøket" var på Tabor der vi var i nærmare ein dag. Det var Kristi Rydland og Synnøve Samnøy som overleverte sjekken på vegne av soknerådet. Viss det vert tid på møtet, vil ein vise nokre bilete frå turen, og elles orientere noko meir frå reisa. MØTEBOK Fusa sokneråd Møtedato: 07.11.2013 Sak: S STØTTE TIL UTVIKLING AV TABOR UTDANNINGSSENTER Saksnr.: 2013/049 Ark.nr.362 Sakshandsamar: HGS Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak: Fusa sokneråd vil i 3 månader framover gi pengestøtte til internat og klasserom ved Tabor. Mål: kr.125.000,-. Oppstart: Sundag 10. november. Framlegg til vedtak: Det ligg ikkje føre framlegg til vedtak. Framlegg frå Hans Magne Kvåle: Fusa sokneråd vil i 3 månader framover gi pengestøtte til internat og klasserom ved Tabor. Mål: kr.125.000,-. Oppstart: Sundag 10. november. VEDTAK I SOKNERÅDET: Hans Magne Kvåle sitt framlegg samrøystes vedteke. Trykte saksdokument: Ingen Ikkje trykte saksdokument: Ingen _________________________________________________________________________ SAKSUTGREIING: Innleiing: Misjonsturen som 14 frå Fusa eller med tilknyting til Fusa hadde til Etiopia i oktober månad gav mange sterke inntrykk og opplevingar; møte med enkeltmenneske, lege, institusjonar, gruppe av menneske og kyrkjelydar både i slum, mindre by og i Addis. Dette vil ein truleg etter kvart kunne informere om i ulike samanhenger framover. Det er ikkje lett å formidle alle desse sterke inntrykka på ein god måte, for dei må nok i stor grad opplevast. Likevel trur vi dei fleste av oss som var i Etiopia har fått så store og sterke opplevingar at det har gjort noko med dei fleste av oss som menneske. Fusa sokneråd si sak2013/049 held fram Støtte til Tabor Utdanningssenter - side 2 - I Etiopia opplever ein stor menighetsveskt. Mekane Yesus-kyrkja har dei siste femti åra vokse med meir enn 100.000 nye kristne i året, dvs meir enn 8.000 i månaden. Mekane Yesus kyrkja er ei evangelisk kyrkje der både NMS og NLM har samarbeid med. Misjonsprosjektet vårt knyt seg til elevstipend ved Tabor evangeliske college og bibelskule/presteutdanning. Den teologiske utdanninga er ein del av utdanning til teneste i Mekane Yesus kyrkja. Ved college er der elevar som både er evangeliske kristne, ortokse, muslimar m.fl. I alt om lag 800 studentar. Ved Bibelskulen og presteutdanninga er der 180 studentar i 2013. Behovet framover. Det blir uttrykt at i og med denne raske veksten, er det avgjerande å utdanne fleire til kyrkjeleg teneste - dette for å sikre ei sunn og bærekraftig vekst i kyrkja framover. I den sørlege delen av Etiopia er det ordinert ein prest pr kvar åttande kyrkjelyd. Difor har kyrkja ein ambisiøs plan for å utdanne fleire. Tabor planlegg å auke tale på studentar frå om lag 180 i 2013 til 500 i 2017! Med den kyrkjelydsveksten dei opplever kan dei ikkje setje seg lågare mål! For å makte å gi ei god utdanning til alle desse held dei for tida på med å utarbeide planar for nye bygg, og kompetanseheving for lærarar. Her vi ein kunne få meir informasjon frå Tabor seinare. Byggeprosjekt på gong På Tabor har dei tre bygg under oppføring. Der er nok areal på Tabor sitt område til desse bygga. Det gjeld følgjande bygg: 1. Assembly Hall Dette er ein svær bygning med plass til 800 studentar i ein svær sal. Når studentane samlast til oppstilling om morgonen, må dei t.d. stå ute i all slags ver. Det kan aldri vere store forsamlingar innandørs slik det er no. Dei har så langt samla kr.700.000,- til bygget, men treng kr.60.000,- på fullfinansiering. Dei nyttar då kr.100.000,- av fondsmidlar som dei primært ikkje vil bruke. 2. Internat og klasserom for misjonsskolen har ein kostnad på om lag kr.125.000,-. Dette kjem presteutdanning m.fl. til gode. 3. Eit bygg for to laboratorier for High School. Pris: ca. kr.150.000,Inventar og utstyr Dei rekner med ein kostnad på om lag kr.100.000,- til inventar og utstyr til alle byggene. Fusa sokneråd si sak2013/049 held fram Støtte til Tabor Utdanningssenter - side 3 - Vert Tabor hjulpne med dette? Dette må til om dei skal kome både noverande behov og litt av det framtidige behovet i møte. I epost frå Tabor får ein opplyst at når desse bygga er ferdige vil dei kunne dekke behova Tabor har no, og knapt nok det. Det vil framleis ikkje vere plass til alle noverande studentar i misjonsskulen sine internat. Kan Fusa kyrkjelyd gjere noko i denne samanhengen Slik kyrkjeverja vurderer det ville det vore spennande om ein kunne ta tak i eit konkret prosjekt og seie at dette skal vi i Fusa bidra med. Dette handlar i alle fall om misjon! Men soknerådet må kunne stå bak det - at dette er noko ein vil gå inn for. Ein bør også kunne formidle ein kontakt med NLM i Fusa og kanskje utanfor Fusa - for eit samarbeid. Det er viktig om ein ønskjer å gå inn i eit slikt prosjekt, at ein sikrar seg at midlane kjem fram til det føremålet ein i så fall ønskjer. Slik kyrkjeverja vurderer saka bør soknerådet i så fall i ein periode framover prioritere dette framfor elevstipend. Så langt i år er det i Fusa kome inn meir enn kr.40.000,- til elevstipend. Det er eit bra resultat. Skal ein dei neste månadane gjennom aktiv presentasjon gjennom kyrkjeblad og media, og møte prioritere ha innsamling til eit konkret prosjekt i staden for elevstipend? Uansett vil dette kome elevar/studentar til gode. For å kunne gi elevar og studentar ei god utdanning er ein del grunnelement viktig å ha på plass - slik som vi får inntrykk av at Tabor arbeider strategisk med for tida. AU har diskutert saka, og legg den fram for soknerådet for drøfting. Saka vert lagt fram for soknerådet for drøfting der følgjande spørsmål kan stillast: 1. Er dette noko soknerådet vil prioritere å arbeide for? 2. I så fall er det eit av bygga ein vil konsentrere seg om, - evt. innreiing av bygga? 3. Skal ein setje seg eit kronemål? Framdrifta bør vere at soknerådet gjer eit vedtak no. Evt oppfølging vil kunne skje m.a. gjennom kyrkjebladet sitt advents- og julenummer der ein planlegg å setje fokus på misjon og Etiopia. Evt meir informasjon vert lagt fram i soknerådsmøte. MØTEBOK Fusa sokneråd Møtedato: 07.11.2013 Sak: S KYRKJELYD/BIBELTUR 2014 Saksnr.: 2013/050 Ark.nr.362 Sakshandsamar: HGS Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak: Fusa sokneråd inviterer til eit ope møte om turopplegg til Israel. Kyrkjekontoret v. Hans Einar Markhus får i oppgåve å leggje til rette for den første samlinga. Deretter forventar ein at evt. interesserte i Fusa følgjer opp vidare kontakt for gjennomføring av ”Bibelturen” – om der er interesse for det. Framlegg til vedtak: Fusa sokneråd inviterer til eit ope møte om turopplegg til Israel. Kyrkjekontoret v. Hans Einar Markhus får i oppgåve å leggje til rette for den første samlinga. Deretter forventar ein at evt. interesserte i Fusa følgjer opp vidare kontakt for gjennomføring av ”Bibelturen” – om der er interesse for det. ___________________________________________________________________________ VEDTAK I SOKNERÅDET: Framlegget samrøystes vedteke. Trykte saksdokument: Ingen Ikkje trykte saksdokument: Ingen _________________________________________________________________________ SAKSUTGREIING: Det er kome innspel om Fusa sokneråd kan gå i bresjen for å arrangere tur til Israel - ut frå same modell som Etiopia-turen i 2013. Ungdomsarbeidar Hans Einar Markhus har sagt seg positiv til å vere kontaktleddet for kyrkjekontoret slik kyrkjeverja var det for Etiopia-turen. Ei uformell sondering kan tyde på at det er interesse for ein Bibeltur (I Jesu fotspor!) til Israel. Tankane bak det ligg å gjere det til ein familietur, men er sjølvsagt ope for alle generasjonar. Både barnefamiliar og eldre har vist interesse. Fusa sokneråd si sak 2013-050 held fram ”Misjonstur” til Israel - side 2 – I AU har vi drøfta spørsmålet om Fusa sokneråd skal ta initiativ til å få vurdert om der er grunnlag for å arrangere ei slik reise til Israel, og er positive til å dra i gong dette på same måte som ein gjennomførte Etiopia-turen. Slik kyrkjeverja ser det må soknerådet sitt ansvar avgrense seg til følgjande: - Soknerådet tar initiativ til eit uforpliktande møte med dei i Fusa som er interesserte - Ser ein at det er grunnlag for å arbeide vidare med å arrangere ei reise, må dei som er interesserte følgje dette vidare opp - Soknerådet skal ikkje ha utgifter til dette med unnatak av evt. annonsering til første møte og marknadsføring gjennom kyrkjeblad og SMS - Alle utgifter ved evt. deltaking må dekkast av dei som skal reise - Fusa sokneråd tar ikkje på seg noko ansvar i samband med førebuing og gjennomføring av evt. ”bibelreise”. Saka vert lagt fram for soknerådet til avgjerd. MØTEBOK Fusa sokneråd Møtedato: 07.11.2013 Sak: S NEDLEGGING AV MIDHORDLAND PROSTI - UTTALE FRÅ FUSA SOKNERÅD Saksnr.: 2013/051 Ark.nr.002 Sakshandsamar: HGS Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak: AU sitt framlegg til uttale vart vedteke. Framlegg til vedtak: Framlegg til uttale frå AU vert lagt fram for soknerådet den 7.november. AU sitt framlegg til uttale vart lagt fram i møtet. VEDTAK I SOKNERÅDET: Framlegget frå AU vart vedteke med 7 mot 1 røyst. Trykte saksdokument: 1. Brev frå stiftsdirektøren ved Bjørgvin BDK datert 7. oktober 2013 m./vedlegg Ikkje trykte saksdokument: Ingen _________________________________________________________________________ SAKSUTGREIING: INNLEIING: Det vart i Bjørgvin BDR vedteke den 20. april 2010, sak 2010/036, at det er eit mål å redusere tal prostestillingar i bispedømet. Det er sidan den gongen redusert med to prosti. Det står i vedtaket at Midhordland prosti er blant dei som skal vurderast. Ein forstår skrivet frå stiftsdirektøren slik at det allereie er bestemt at Midhordland prosti skal leggast ned - sjølv om sokneråda ikkje har fått uttala seg om det. Riktig nok har sokneråda høve til å argumentere mot nedlegginga - viss ein ikkje støtter framlegget om å legge ned prostiet. Vidare er soknerådet no invitert til å uttale seg om kor Fusa ønskjer å vere i framtida når det gjeld prosti. Ein viser her til vedlegget i saka. Fusa sokneråd si sak 2013/051 held fram Nedlegging av Midhordland prosti - side 2 - Vidare framdrift slik stoda no er: 1. Høyringsmøte for sokneråda den 30.oktober i Os. Frå Fusa møter leiar, nestleiar , sokneprest og kyrkjeverje 2. AU skal ha møte tysdag 5. november - utforme innstilling til soknerådsmøte 3. Soknerådet skal drøfte saka og gjere vedtak. 4. Frist for sokneråda å gjere uttale er 15. november 5. Bispedømerådet skal gjere vedtek den 10. desember 6. Overgangsperioden trer i kraft frå 1. januar 2014 7. Avvikling av prostiet vert gjort frå 1. mars 2014 AU kjem tilbake til både fristar og anna informasjon til soknerådsmøte den 7. november - når ein har forma ut eit framlegg til uttale. MØTEBOK Fusa sokneråd Møtedato: 07.11.2013 Sak: A BUDSJETT 2014 - VIDARE FRAMDRIFT Saksnr.: 2013/052 Ark.nr 112 Sakshandsamar: HGS Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak: 1. Fusa sokneråd oppnemnar følgjande budsjettgruppe for oppfølging av kommunal ramme til soknerådet for 2014: Steinar Skår, Roald Samnøy og kyrkjeverja. 2. Fusa sokneråd ber kyrkjeverja leggje fram framlegg til budsjett 2014 for soknerådet til desembermøtet. Framlegg til vedtak: 1. Fusa sokneråd oppnemnar følgjande budsjettgruppe for oppfølging av kommunal ramme til soknerådet for 2014:.......................................... 2. Fusa sokneråd ber kyrkjeverja leggje fram framlegg til budsjett 2014 for soknerådet til desembermøtet. Framlegg frå Bodil Samnøy: Budsjettgruppa får følgjande samansetting: Steinar Skår, Roald Samnøy og kyrkjeverja. VEDTAK I SOKNERÅDET: Kyrkjeverja sitt framlegg saman med tilleggsframlegget frå Bodil Samnøy vart samrøystes vedteke. Trykte saksdokument: Ingen Ikkje trykte saksdokument: Ingen _________________________________________________________________________ Fusa sokneråd si sak 2013/052 held fram Budsjett 2014 - vidare framdrift - side 2 - SAKSUTGREIING: Budsjettprosessen er i gong. Fusa sokneråd har fått tildelt ei økonomisk ramme frå Fusa kommune som ein må halde seg til. Reduksjonen som Fusa sokneråd fekk på same måte som kommunale einingar for 2013, har vore ei tøff utfordring for mange. Det har vore ei omstilling som har vore både positiv og negativ. Det negative er at reduksjonen har vore dramatsik stor. Det positive er at ein må ha arbeidd med alternative kostnadseffektive løysingar. "Prisen" med det er at ein har måtte nytta meir av arbeidstida(ovetida!) til administrasjon i staden for effektiv saksbehandling og møte med menneske. Kyrkjeverja rår til ein endrar noko praksis for budsjettarbeid for 2014-budsjettet. I staden for å vente til månadsskifte januar/februar 2014 å vedta soknerådet sitt budsjett for år 2014, gjer ein det i desembermøtet. Evt. budsjettkorrigeringar vert gjort i 2014. Vidare framdrift: 1. Fusa sokneråd oppnemnar i dette møtet ei budsjettgruppe. Sist år utgjorde kommunal representant Steinar Skår, Roald Samnøy og kyrkjeverja arbeidsgruppa. Denne gruppa følgjer opp situasjonen kring dei kommunale løyvingane til soknerådet. 2. Fusa sokneråd ber kyrkjeverje leggje fram budsjett for 2014 i soknerådet sitt desembermøte. MØTEBOK Fusa sokneråd Møtedato: 07.11.2013 Sak: A FESTEAVGIFTER M.V. F.O.M 2014 Saksnr.: 2013/053 Ark.nr 154 Sakshandsamar: HGS Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak: Fusa sokneråd tilrår følgjande festeavgifter f.o.m. 2014: 1. Feste av grav: kr.200,- pr år. Festeperiode er 10 år 2. Reservasjon av grav: kr.250,- pr år. Reservasjon gjeld for 20 år 3. Feste av grav for utanbygds og reservasjon av grav for utanbygds: kr.300,- pr år frå første dag. Perioden gjeld for 20 år. 4. For feste av grav kan ein søkje om å få betale om fem år om gangen. I løpet av 2014 vedtek soknerådet å utarbeide ein ytterlegare opptrappingsplan for festeavgiftene for åra som kjem. På same måte som kommunale avgifter skal ein arbeide for å oppnå mest mogleg sjølvkost på festeavgiftene. Framlegg til vedtak: Fusa sokneråd tilrår følgjande festeavgifter f.o.m. 2014: 1. Feste av grav: kr.200,- pr år. Festeperiode er 10 år 2. Reservasjon av grav: kr.250,- pr år. Reservasjon gjeld for 20 år 3. Feste av grav for utanbygds og reservasjon av grav for utanbygds: kr.300,- pr år frå første dag. Perioden gjeld for 20 år. 4. For feste av grav kan ein søkje om å få betale om fem år om gangen. I løpet av 2014 vedtek soknerådet å utarbeide ein ytterlegare opptrappingsplan for festeavgiftene for åra som kjem. På same måte som kommunale avgifter skal ein arbeide for å oppnå mest mogleg sjølvkost på festeavgiftene. VEDTAK I SOKNERÅDET: Framlegget samrøystes vedteke. Trykte saksdokument: Ingen Ikkje trykte saksdokument: Ingen _________________________________________________________________________ Fusa sokneråd si sak 2013/053 held fram Festeavgifter m.v. f.o.m.2014 - side 2 - SAKSUTGREIING: Innleiing: "Fusa kommunestyre vedtok følgjande avgifter f.o.m. 2013, etter tilråding frå Fusa sokneråd: - Feste av grav etter 20 år: kr.160,- pr år pr grav. Festeperioden er 10 år. - Reservasjon av grav: kr.225,- pr år pr grav. Reservasjon gjeld for 20 år. - Feste av grav for utanbygds: kr.225,- pr år f.o.m. første året. Festeperioden her vil gjelde for 20 år Etter søknad kan ein betale i to bolkar – fem år om gangen. Dette gjeld kun feste av grav". Det er Fusa kommunestyre som fastset festeavgiftene, etter tilråding frå Fusa sokneråd. I dei samarbeidande fellesrådsområda der Fusa deltek har ein følgjande avgifter for 2013, eller tilrådde avgifter f.o.m 2014: Fjell: Forslag om kr.500,- pr år frå 2014 (kr.100,- i 2013) Os: kr.170,- i 2013 - Det ligg føre ulike framlegg for åra som kjem, men kr.350,- for året 2014 Øygarden: kr.300,- pr år Austevoll: kr.200,- pr år Bergen: kr.497,- pr år Sund: kr.300,- pr år Samnanger: kr.180,- pr år Askøy: kr.260,- pr år Diverse konsekvensar: For reservasjon av grav må det gjerast for 20 år. Dvs at ein i Fusa vil auke avgifta for reservasjon av grav frå kr.4.500,- til kr.5.000,-. Kyrkjeverja tilrår framleis at festeperiodane er ti år, dette for ikkje å auke det administrative arbeidet med oppfølginga. Om det vert vedteke å innføre ein opptrappingsplan for festeavgiftene, må ein vurdere å redusere festeperiodane til t.d. fem år. Når det gjeld utanbygds som har budd i Fusa tidlegare, har dei visse vilkår rett til grav i Fusa. Dei har betalt avgift for grav frå dag ein; kr.225,- pr år. Kyrkjeverja rår til at denne avgifta vert auka til 300,- pr år. For ei enkel grav må det difor betalast kr.6.000,- for ein 20-årsperiode. For ei dobbel grav vil det utgjere kr.12.000,-. Kyrkjeverja vil presisere at alle som dør har rett på fri grav i sin heimkommune, men vanleg praksis er at det vert betalt for reservasjon av grav. Fusa sokneråd si sak 2013/053 held fram Festeavgifter m.v. f.o.m.2014 - side 3 - Føresetnad for tilrådinga frå kyrkjeverja Kyrkjeverja tilrår dette, men det må vere ein føresetnad at inntektene kjem arbeid relatert mot kyrkjegardane til gode som t.d. auka vedlikehald, meir ressursar til sikring, få på plass lovleg kartverk og etter kvart auka administrativ ressurs. Endringane som her er tilrådd forventar ein vil kunne gi ei auka inntekt på om lag kr.50.000,- pr år for soknerådet. Det kan gi ei enno høgare inntektsauke, avhengig av i kor stor grad ordningane vert nytta - og korleis opptrappingsplanen vert vidare. Eiga sak om opptrappingsplan av avgifter bør utarbeidast i 2014. Kyrkjekontoret nyttar i dag om lag 40% administrativ ressurs til oppfølging av arbeidet med kyrkjegardane, noko som er for lite om ein skal få utført alle lovpålagte oppgåver. Tar ein utgangspunktet i budsjettet for 2013 og tek omsyn til lønsutgifter til administrasjon og kontorutgifter, utgjer nettoutgiftene for kyrkjegardsverksemd overkant av kr.600.000,- dette året. MØTEBOK Fusa sokneråd Møtedato: 07.11.2013 Sak: A AKTUELLE SAKER Saksnr.: 2013/055 Ark.nr 309 Sakshandsamar: HGS Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak: Det vart ikkje gjort vedtak, men følgjande saker vart oreintert om. 1. Bodil Samnøy orienterte om tilkomst til Aakre kyrkjegard må gjerast om etter at vegen i dag er lagt om. Bodil Samnøy og kyrkjeverje følgjer opp saka ovanfor kommunen. 2. Val av leiar og nestleiar skal skje i komande møte. Framlegg til vedtak: Det ligg ikkje føre framlegg til vedtak. VEDTAK I SOKNERÅDET: Det vart ikkje gjort vedtak, men følgjande saker vart oreintert om. 1. Bodil Samnøy orienterte om tilkomst til Aakre kyrkjegard må gjerast om etter at vegen i dag er lagt om. Bodil Samnøy og kyrkjeverje følgjer opp saka ovanfor kommunen. 2. Val av leiar og nestleiar skal skje i komande møte. Trykte saksdokument: Ingen Ikkje trykte saksdokument: Ingen _________________________________________________________________________ SAKSUTGREIING: Her er det høve for alle å fremje aktuelle tema i møtet. Leiar og nestleiar vil orientere om val av leiar og nestleiar som skal skje i neste møte i soknerådet, dvs. den 3. desember d.å. MØTEBOK Fusa sokneråd Møtedato: 07.11.2013 Sak: A INVESTERINGSBUDSJETT 2014 Saksnr.: 2013/056 Ark.nr. 112 Sakshandsamar: HGS Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak: Fusa sokneråd arbeider for følgjande tiltak på investeringar i 2014: 1. Det må løyvast kr.500.000,- til opprusting av Strandvik kyrkje. 2. Det må løyvast kr.150.000,- til nye salmebøker Framlegg til vedtak: Fusa sokneråd arbeider for følgjande tiltak på investeringar i 2014: 1. Det må løyvast kr.500.000,- til opprusting av Strandvik kyrkje. 2. Det må løyvast kr.150.000,- til nye salmebøker VEDTAK I SOKNERÅDET: Framlegget vart samrøystes vedteke. Trykte saksdokument: Ingen Ikkje trykte saksdokument: Ingen _________________________________________________________________________ SAKSUTGREIING: Innleiing: Fusa sokneråd må gjere prioriteringar med tanke på investeringar i 2014. Kyrkjeverja har presentert behova for Fusa kommune. Når rådmannen sitt budsjettnotat vert lagt fram, vil ein sjå korleis investeringsbudsjettet ser ut – før politisk handsaming. Kyrkjeverja har presentert to behov på vegne av soknerådet, og det byggjer på soknerådet sine tidlegare vedtak. Fusa sokneråd si sak 2013-056 Investeringsbudsjett 2014 - side 2 Investeringar i 2014: 1. Opprusting av Strandvik kyrkje Hålandsdal kyrkje vart rusta opp i 2014. Det er Strandvik kyrkje som no står for tur. Til soknerådet sitt møte den 7.november (frist for å kome med anbod er 7. november kl.14.00), skal ein ha fått henta inn pristilbodet på ein del utvendig opprustingsarbeid. Desse prisane vil bli presentert for Fusa sokneråd i møtet. Ein vonar at kr.500.000,- vil halde. Når det gjeld Strandvik kyrkje, er det heilt nødvendig etter kvart å sjå meir på orgelet, isolering og evt varmepumpe. Her er snakk om millionbeløp i tillegg om ein skal få kyrkja i god stand. Meir drøfting av saka i møtet. 2. Ny salmebok Det er i 2013 innført ny salmebok i Den norsk kyrkja. Det er soknemøtet som avgjer om ein skal innføre ny salmebok. I Fusa har vi lagt opp til ein prosess fram mot årsmøtet i 2014 – og at ein der tar stilling til om ein skal innføre ny salmebok. Det vert sterkt råda til frå mange om at ein kjøper inn den nye salmeboka, også av biskopen i Bjørgvin. Men uansett er det soknemøtet som avgjer dette. Kostnad for om lag 300 salmebøker og evt inskripsjon med t.d. Fusa sokn, diverse koralbøker m.m. vil utgjere om lag kr.150.000,-. Er det ei kommunal pliktyting å løyve midlar til nye salmebøker? Det er neppe ei pliktyting, men samstundes er det ei stor investering som må gjerast om ein vel å kjøpe nye salmebøker. Kyrkjeverja vil rå til at ein ut frå investeringsramma for 2014 som vert tildelt frå Fusa kommune - tek stilling ved soknerådet si budsjetthandsaming om ein t.d. kan ha ei todeling der soknerådet sjølv finansierer halvparten med innsamla midlar/eigne midlar. Oppsummering: Kyrkjeverja har presentert desse to investeringane for rådmannen for budsjetthandsaming 2014. Til saman utgjer investeringane kr.650.000,-, men her kan kome endringar. Viss soknerådet arbeider for å finansiere kr.75.000,- av salmebøkene sjølve, vil samla sum for kommunal overføring så langt utgjere kr.575.000,-. Så vil prosessen fram mot kommunestyret si budsjetthandsaming og vedtak danne grunnlaget for soknerådet si vidare handtering av investeringane for 2014. MØTEBOK Fusa sokneråd Møtedato: 07.11.2013 Sak: S TEMA FUSAKALENDER 2015-2018 Saksnr.: 2013/057 Ark.nr. 369 Sakshandsamar: HGS Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak: Fusa sokneråd vedtek følgjande tema for Fusakalenderen i perioden 2015-2018: 2015: Nasjonaljubileet: Mitt Fusa 2016: Friluftslivets år 2017: Kyrkjebygg i kulturlandskapet 2018: Forsamlingshus i lokallandskapet Framlegg til vedtak: Fusa sokneråd vedtek følgjande tema for Fusakalenderen i perioden 2015-2018: 2015: Nasjonaljubileet: Mitt Fusa 2016: Friluftslivets år 2017: Kyrkjebygg i kulturlandskapet 2018: Forsamlingshus i lokallandskapet VEDTAK I SOKNERÅDET: Framlegget samrøystes vedteke. Trykte saksdokument: Ingen Ikkje trykte saksdokument: Ingen _________________________________________________________________________ SAKSUTGREIING: Det er like før Fusakalenderen 2014 vert offentleggjort. Sjølve kalenderen er no til trykking, og den skal vere klar til kalenderaksjonen i perioden 19.-21. november. Temaet for 2014kalenderen er «Vår i Fusa». Dei firre årstidene har vore tema dei siste fire åra. Fusa sokneeråd si sak 2013-057 held fram Tema Fusakalender 2015-2018 - side 2 – Juryen kjem med forslag til tema for komande fire år: 2015: Nasjonaljubileet: Mitt Fusa 2016: Frilufstlivets år 2017: Kyrkjebygg i kulturlandskapet 2018: Forsamlingshus i kulturlandskapet Saka vert lagt fram for soknerådet til avgjerd
© Copyright 2024