VEGEN ÅT DEG Ny CD ute 30.11.2012

VEGEN ÅT DEG
Ny CD ute 30.11.2012
Heidi Skjerve: song
John Pål Inderberg: barytonsaksofon
Vigleik Storaas: piano
Trygve Waldemar Fiske: kontrabass
Heidi Skjerve og tre velskodde jazzherrar har vore på leit i dei Trønderske
skogane og funne svingande slåttar, sakrale salmar, viser og vakre dikt, som dei
presenterer i all enkelheit og med stor respekt for lokale utøvartradisjonar. Dei
byr på gravalvor og skjemt, lengt og lyst, krypande maur og luntande hestar,
kvile for trøytte og trøyst for triste, nestekjærleik og livsvisdom.
Prosjektet "Jazz frå skogom" vart første gong presentert under Jazzfest i Trondheim i
2011, og vart varmt motteke av publikum. Konserten blei sendt i Jazzklubben på
NRK P2. I november 2012 gjesta dei Hilmarfestivalen i Steinkjer.
Albumet ”Vegen åt deg” vart innspelt og miksa i Øra studio i Trondheim i oktober.
I slutten av november blir ”Vegen åt deg” utgitt i CD-format på labelen ØRA
Fonogram! Det blir feira med ei rekkje konsertar: Dokkhuset i Trondheim 28.11. –
Meldal kyrkje 29.11. – Bergen 01.12. – Sakshaug kyrkje i Inderøy 02.12. På nyåret
gjestar dei mellom anna Kampenjazz i Oslo og Oppdal Kulturhus.
Innspelinga er støtta av: Statens Kunstnerstipend, MFOs vederlagsfond, Rennebu
Kommune, Trondheim Kommune og Meldal Sparebank.
Utøvarane:
Heidi Skjerve har tidlegare gjeve ut to kritikerroste album med sin eigen
jazzkvintett, og ho er ei av stemmene i det improviserande vokalensemblet
Trondheim Voices. Ho har òg stadig vore å høyre samman med felespelar Sturla Eide
og folkemusikktrioen Flukt, eller som solist med Luftforsvarets musikkorps,
Trondheim Jazzorkseter, diverse storband og kor rundt om i landet.
John Pål Inderberg har lang fartstid innanfor både jazz og folkemusikk. Han
samarbeider både med norske og amerikanske musikarar, og nemner eksempelvis
Henning Sommero og Lee Konitz som to ytterpunkt i ein allsidig karriere.
Vigleik Storaas er ein velrennomert pianist som har har medverka på ei lang rekkje
CD-utgjevingar med nasjonale og internasjonale storleikar. Han har motteke
Gammelengprisen og Spelemannsprisen fleire gonger i kategorien jazz. Han er óg
plateaktuell med eigen trio hausten 2012.
Trygve Waldemar Fiske har trass sin unge alder markert seg sterkt både på den
norske og internasjonale jazzscena, mellom anna som bassist i Hanna Paulsberg
Concept som vart kåra til Young Nordic Jazz Comets i 2011 og har gjeve ut eit
kritikarrost debutalbum hausten 2012.
KONTAKT:
Heidi Skjerve
www.heidiskjerve.com
[email protected]
Tlf: 915 92 538
Øra Fonogram
www.oramusikk.no
[email protected]
[email protected]
Steinar Larsen tlf: 90834665
Distribusjon: Musikkoperatørene
[email protected]
Tlf: 23310120