Å kunne eg fara til Telemark”

Ӂ
kunne eg fara til Telemark”
Kultursafari 25.06 – 01.07. 2012
Arr: Inderøy mållag, Nordnorsk Pensjonistskole og Sende Busstrafikk.
Måndag 25. juni: Avreise frå Steinkjer kl. 08.00, og så plukkar vi opp folk i Inderøy, Røra,
Verdal, Levanger og andre stader på veg sørover. Vi får oss kaffe og wienerbrød på Støren
og ein enkel lunsj på Toftemo. Så køyrer vi nedover Gudbrandsdalen til Klækken Hotell
ved Hønefoss. Der blir det middag og overnatting. Orientering undervegs om diktarar og om
historiske stader. Får vi tid, så køyrer vi innom søsterkyrkjene på Gran der Aasmund
Olavsson Vinje er gravlagd.
Tysdag 26. juni: Avreise frå Klækken etter morgonmat. Vi
køyrer Hokksund, Kongsberg, Notodden og til Lunde. Der går vi
om bord i gamle ærverdige ”Viktoria” som tek oss gjennom
sluser og kanalar oppover Telemarksvassdraget til Kviteseid.
Det blir lunsj om bord. Frå Kviteseid køyrer vi til Morgedal,
der vi får omvisning i ”Norsk Skieventyr”, før turen går vidare
til Rauland Høgfjellshotell. Her skal vi ligge i fire netter.
Middag om kvelden. Vil gjera merksam på at hotellet ikkje har heis – men har bare tre etasjar.
Onsdag 27. juni: Kl. 09.00 startar vi med kurs mot Vinje – og
Midtbø. Her vil Olav Vesaas ta imot oss og fortelje om foreldra sine
– Haldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas - og om livet på Midtbø.
Deretter køyrer vi til Vinjestoga, der Aasmund Olavson Vinje voks
opp, og vidare til Mjonøy. Her blir det lunsj med lokal mat og eit
kulturprogram v/ Ellen Bojer Nordstoga og Olav Nordstoga.
Etterpå besøker vi Vinje Biletgalleri med ei stor målerisamling av
Henrik Sørensen. Turen tilbake til Rauland legg vi om Arabygdi
med heimen til Myllarguten – og så til middag på hotellet.
Torsdag 28. juni: I dag legg vi vegen gjennom Høydalsmo, der vi skal sjå det vakre
Breilandsloftet Vidare til Eidsborg med det nye flotte bygdemuseet og stavkyrkja. På
vegen ned Eidsborgbergi til Dalen besøker vi den vesle
plassen der Rui-jentene budde. Vi skal ha lunsj på Dalen
Hotell. Så køyrer vi til Åmot i Vinje der det kan bli tid til
butikkbesøk. Deretter tilbake til Rauland og middag på hotellet.
Fredag 29. juni: Vi startar dagen med besøk i samlingane etter bilethoggarane Dyre Vaa og
Knut Skinnarland. Der får vi og sjå arbeid av Tor Vaa og Svallaug Svalastoga. Så er det
kort veg til Raulandsakademiet, der vi får omvisning og lunsj. Etterpå skal vi besøke
rosemålarverkstaden til Ellen Øygarden og Straume Galleri i Øyfjell. Om kvelden blir det
ein kulturkveld på hotellet med hardingfelemusikk og folkedans frå Telemark.
Laurdag 30. juni: Vi startar heimturen med å køyre over
Møsstrond til Vemork. Der får vi omvisning i den gamle
kraftstasjonen, ein film frå tungtvannssabotasjen og lunsj. Vegen
vidare går gjennom Rjukan, Tessungdalen, Uvdal, Dagali, Geilo og
vidare til Oset Hotell på Golsfjellet. Middag og overnatting.
Søndag 1. juli: Vi køyrer ned til Leira i Valdres, forbi Fagernes og
gjer ein stopp på Beitostølen. Besøk i ”Lyskapellet”. Vidare skal vi over Valdresflya,
gjennom Vågå og inn på E6 ved Sel. Det vil bli ein del informasjon – mest av historisk og
litterær art - om dei stadene vi passerar på vegen nordover. På Dovreskogen blir det lunsj
med ”Dovregryte”, og så ber det strake vegen tilbake til Steinkjer.
Turen blir arrangert som eit reisekurs i samarbeid med Nordnorsk Pensjonistskole. Det
inneber at Pensjonistskolen betalar administrasjon, honorar, inngangspengar, o.l. Dette gjer at
turen blir så billig som råd. Det Pensjonistskolen må ha i si registrering er namn, adresse og
personnr. Det er Statistisk sentralbyrå som skal ha desse opplysningane. Mange har oppfordra
meg om å lage denne turen, og når det gjeld påmelding så er prinsippet ”først til mølla……….
Pris: Kr. 6.800,- som omfattar
- Turbuss frå Sende Busstrafikk
- alle overnattingar – i dobbeltrom
- alle måltider frå kaffe på Støren første dag til lunsj siste dag
- alle besøk og arrangement som står i programmet
- lokalkjent reiseleiar
Tillegg for enkeltrom: Kr. 750,Send påmelding til Jon Grønlid snarast og seinast 12. mai 2012. Bruk påmeldingsslippen eller
E-post: [email protected]
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------Til Jon Grønlid, Solhaugen 6, 7670 INDERØY
Melder meg/oss med dette på tur til Telemark den 25.juni – 1. juli 2012.
Namn og adresse:……………………………………………………………………………......
…………………………………………………………………………………………………..
Personnr. (11 siffer)……………………………………………………………………………..
Telefon nr…………………………….
Vil ha enkeltrom.
Spesielle opplysningar…………………………………………………………………………