Folkemusikkscena på Rauland hausten 2013

-Frå stormkast til sakte vals:
Folkemusikkscena på
Rauland
hausten 2013
Haustsesongen for Folkemusikkscena på Rauland står for døra, og me
kan love ein folkemusikkhaust med variasjon, kvalitet og mykje
musikkglede.
Onsdag 28. august kl. 20.00, Årestoga
Storm Weather Shanty Choir
Bakoversveis med saltsprut i håret – det er resultatet om ein sit på fyrste rad når dei seks
gutane frå Stord med sjantimannen Håkon Vatle i spissen dreg i gang. Sjømannsviser, sjantiar
og allsong er gruppa sitt varemerke. Bak seg har dei 5 plateutgjevingar, den siste, «A drop of
Nelson’s blood» kom i fjor haust og denne hausten turnerar gruppa i Japan – men fyrst kjem
dei til Rauland og Årestoga. Ta på sydvesten og syng med!
Onsdag 25. september kl. 20.00, Årestoga
Hazelius / Hedin
Endeleg kjem ein av Sveriges «hottaste» duoar til Rauland. Esbjörn Hazelius og Johan
Hedin syng og spelar nyckelharpe, gitar og andre strengeinstrument, og det med ei nerve som
rører ved dei fleste. Dei er til stades i musikken – dei har gjort den svenske folkemusikken til
sin eigen. Både Esbjörn og Johan vaks opp sør i Sverige, men dei finn repertoar over heile
nabolandet vårt; middelalderballadar, sjømannsviser, songar om kjærleik og instrumentale
danseslåttar. Dei arrangerar musikken med varsemd, noko er inspirera av irsk tradisjon, og dei
er heile tida på leit etter nye instrumentelle harmoniar.
Torsdag 17. oktober kl. 20.00, Årestoga
Valseria (Gabriel Fliflet m.fl.)
Gabriel Fliflet er godt kjend på Rauland, og særleg gjennom samarbeidet med trommis Ole
Hamre. Denne gongen har Gabriel med seg andre usedvanleg kompetente musikarar, og
musikken dei spelar er opprinneleg eit tingingsverk til Vossajazz kalt «Valseria». Her har den
gode Gabriel utforska og leika med valsen på alle moglege og umogle måtar. Komponisten
sjølv har sagt:”Siden Valseland er et vennlig land kommer jeg også til å invitere inn melodier
i 2/4, 4/4, 5/4 og 7/8 og av ulike tempi. Kontraster må til!” Verket har tekstar av Einar
Økland, Kjartan Fløgstad og Gabriel Fliflet. Publikum vil få oppleva valsar om kjærlege
sommaraugneblikk, kyrkjegardar, krølling av tær – og saltstenkte svaberg. Bruremarsjar,
latinorytmar og rumensk-rytmisk string-swing vil skjerpa sansane ytterlegare!
Onsdag 13. november kl. 20.00, Årestoga
Sudan Dudan
Marit Karlberg og Anders Røine kjem attende til Rauland med sin særmerkte klang. Den
old-time inspirerte duoen med røtar i Valdres feirer 10 år med å spele inn ny plate i haust.
Med skillingsviser, skjemteballadar, slåttestev og bånsullar på programmet presenterer dei
ymse arrangement for song og strengeinstrument, nokre av dei improviserte. Marit Karlberg
akkompagnerer sin eigen song med langeleikspel, medan Anders Erik Røine trakterar gitar,
fele, munnharpe, banjo og mandolin i tillegg til song.
Fredag 22.- laurdag 23. november, Kaffibaren /Rauland Kunstforening
Viser i sentrum
Ymse krefter drog i lag i fjor, og resultatet var nyskapingen «Viser i sentrum», ein
minifestival med visesong på mange vis gjennom konsertar, kurs og sosialt samvær. Denne
helga i november vert det song i sentrum på nytt med både lokale artistar og utøvarar utanfrå.
…………………………………………………………..
Kontakt folkemusikkscena på Rauland:
Per Åsmund Omholt
[email protected]
48 21 69 08
Eller sjå:
http://www.rauland.org/Aktoer/Hoegskolen-i-Telemark-Rauland/Folkemusikkscena