Sjå adresseliste Dykkar ref.: Vår ref.: Dato: 5143976\Brev Varsel om oppstart 2015-02-09 Varsel om oppstart av arbeid med DETALJREGULERINGSPLAN FOR VEG SKIPAVIKA - BRANDANGERBRUA SANDØYNA, GULEN KOMMUNE Del av gnr 79, bnr 1, 5, 33 og gnr 80 bnr 1 - 4 Det vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med utarbeiding av detaljreguleringsplan for veg Skipavika - Brandangerbrua, jf. §§ 12-1, 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova. Planområdet femnar om del av gnr 79, bnr 1, 5, 33 samt gnr 80, bnr 1 - 4. Vegen er i arealdelen til kommuneplan for Gulen kommune sett av som samferdselsanlegg med underformål veg. Vedlagt følgjer kartutsnitt av kommuneplanen som syner vegen (vedlegg 2). Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Skipavika Næringspark AS. Formålet med planarbeidet er å lege til rette for etablering av ny veg frå Byrknesvegen (fv4) ved Sverdhola til Sandenvegen (fv4) mellom Kudalen og Skipavika. Vegen vert på om lag 4 km og går gjennom ope område. Den vert offentleg og vil utgjere ein viktig tilkomst til Skipavika Næringsområde og dei busett i området. Gjennom reguleringsplanen vil ny veg bli regulert som samferdselsanlegg med underformål veg. Planarbeidet er vurdert til å verte fanga opp av virkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar (vedlegg 3). Etter § 5 i forskrifta om KU er det ikkje krav om planprogram. Vår gjennomgang av dagens situasjon har synt at utfordringane planarbeidet i fyrste rekkje bør gripe tak i er: Tekniske løysingar – detaljutforming av veglinja Konsekvensane av planframlegget for naturmiljø basert på føreliggande kunnskap og ev. ny informasjon frå sektorstyresmakter Andre spørsmål er føresett omtalt i planomtala med utgangspunkt i føreliggande informasjon som vert henta frå gjennomførte utgreiingsarbeid og registreringar i nasjonale databasar. Arbeidet er i oppstartfasen. Vi er i gang med å registrere og samle inn opplysningar for planarbeidet. Målet er å oversende planframlegget til Gulen kommune for handsaming i starten av april 2015. Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn når kommunen finn framlegget tilfredstillande. Norconsult AS Dalavegen 25, NO-6856 Sogndal Tel: +47 57 62 79 00 | Fax: +47 57 62 79 01 Hovedkontor: Vestfjordgaten 4, NO-1338 Sandvika NO 962392687 MVA [email protected] www.norconsult.no Planen med tilhøyrande dokument vil femne om: 1. Detaljreguleringsplan med tilhøyrande planføresegner i samsvar med § 12-3 i plan- og bygningsloven. 2. Planomtale som klargjer mål prinsipp og planen sine vesentlege verknader i høve miljø, samfunn og rørte partar, interesser og omsyn i samsvar med § 4-2 i plan- og bygningsloven. 3. Konsekvensutgreiing for deltema naturmiljø som vert ein integrert del av planomtalen 4. Risiko- og sårbarheitsanalyse som vert utarbeidd i samsvar med § 4-3 i plan- og bygningsloven. For nærmare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til: Johannes-Henrik Myrmel mob. 454 04 993 e-post: [email protected] Dersom du har opplysningar, synspunkt, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du tilskriv: Norconsult AS Dalavegen 25 6865 Sogndal Frist for å sende inn merknader er sett til 15. mars 2015. Med helsing Norconsult AS Johannes-Henrik Myrmel Vedlegg: 4 H:\11sql03\websak_gulen\08frri\2015001302\Reguleringsplan veg - Sverdhola til Skipavika - oppstartvarsel 9.2.15 (L)(144905).docx 2015.02.09 | Side 2 av 4 VEDLEGG 1 Adresseliste Gnr/Bnr/Fnr Fornamn Etternamn Gulen kommune Eivindvikvegen 1119 Post nr. Poststad 5966 Eivindvik Njøsavegen 2 6863 Leikanger Askedalen 2 6863 Leikanger Askedalen 2 Postboks 7050 Postboks 53 Postboks 7150 6863 5020 6801 5020 Leikanger Bergen Førde Bergen Postboks 383 Postboks 2222 2381 5509 Brumunddal Haugesund Håkon Sheteligs plass Postboks 1502 5007 Bergen 6025 Ålesund NGIR Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane Fiskeridirektoratet Fjord 1 Fylkesbåtane AS Norled Kjevikdalen Strandgata 38 5956 6900 Vågseidet Florø 5804 6902 4004 Bergen Florø Stavanger 79/1, 11 Bjørn Fagerbakke Sandevegen 542 5977 Ånneland 79/3 Lars Sande Sandenvegen 514 5977 Ånneland 79/5, 33 Arve Jørgen Osland Sandevegen 511 5977 Ånneland 79/47 Skipavika Næringspark AS Nesevågen 46 5970 Byrknesøy 80/1, 3 Ove Fred Olsen Storetveitåsen 17 5067 Bergen 80/2 Rune Hatlebrekke Høganeset 36 5177 Bjørøyhamn 80/2 Svein Erik Hatlebrekke Solberget 8 5918 Frekhaug 80/2 Tom Hatlebrekke 5174 Mathopen 80/4 Harald Einar Fivelsdal Gjerdehaugene 14 Stegane 23 5136 Mjølkeråen 89/5, 9 Oddvar Ånneland Ånneland 49 5977 Ånneland 89/6 Magnar Gjertsen Ånneland 40 5977 Ånneland 89/7 Otto Ånneland Eggjavegen 36 6863 Leikanger 89/8 Frode Jostein Unneland Ånneland 49 5977 Ånneland Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane fylkeskommune Statens vegvesen BKK Nett AS NVE Telenor Mattilsynet Sjøfartsdirektoratet Bergen Sjøfartsmuseum Kystverket Vest Region vest Region Vest Servicesenter for nettutbygging Felles postmottak Hovudkontoret Region vest Boks 354 Adresse Postboks 185 Postboks 893 H:\11sql03\websak_gulen\08frri\2015001302\Reguleringsplan veg - Sverdhola til Skipavika - oppstartvarsel 9.2.15 (L)(144905).docx 2015.02.09 | Side 3 av 4 VEDLEGG 2 Arealdelen til kommuneplan for Gulen kommune - Utsnitt Vedteken av Gulen kommunestyre den 12. juni 2014 i sak 032/14 Meir informasjon om arealdelen til kommuneplanen finn ein på heimesida til Gulen kommune på adressa: http://www.gulen.kommune.no/plan-nytt-kommuneplanen-for-gulen-godkjent-arealdelen.5477483271908.html H:\11sql03\websak_gulen\08frri\2015001302\Reguleringsplan veg - Sverdhola til Skipavika - oppstartvarsel 9.2.15 (L)(144905).docx 2015.02.09 | Side 4 av 4
© Copyright 2024