Program Gulen Venstre trykkbart

Program for
Gulen
Venstre
2015-2019
Å bu i Gulen
Vi satsar på nytt
med den yngste lista
nokonsinne! Sidan det
er dei unge som skal bu
i Gulen i framtida, trur
vi at unge er dei som
best kjenner kvar skoen
trykker.
Gulen er ein draum for mange, men
som ein utkantkommune vil det
ofte vere vanskeleg å gjere draumen verkeleg. Vi treng ein kommune som arbeider offensivt for
at folk kan flytte til Gulen. Venstre
vil ta i bruk dei verkemidla vi kan.
For å synleggjere dette, vil lansere
Gulenpakken!
Gulenpakken:
✔✔ 100.000 i etablerertilskot!
✔✔ Velkomstmøte med kake og
kaffi med ordføraren.
✔✔ Veiledning og hjelp i byggesaksprosessen.
✔✔ Prioritert byggjesakshandsaming (Garantert svar innan 2
veker).
✔✔ Gratis breiband fyrste året.
✔✔ Gratis utkantbillettar til familien.
✔✔ Fritak for eigedomsskatt i 20 år.
Slik vi ser det er det to praktiske
utfordringar vi må arbeide med.
Den eine er å ha bustadtomter
tilgjengeleg til ei kvar tid, den andre er å gjere det langt lettare for
dei som vil byggje huset sitt utanfor eit regulert byggjefelt.
For mange er det nettopp på heimegarden eller i grenda ein kjenner
ein høyrer til. Då må ein og kunne
få bygge hus nett der. Gulen er
stort, og Venstre vil bruke heile!
Venstre vil:
✔✔ Syte for byggjeklare tomter i
alle delar av kommunen
✔✔ Leggje til rette for bustadbygging utanfor etablerte byggjefelt
✔✔ Hjelpe folk gjennom «papirmølla» ved byggesøknadar
✔✔ Ha nok gjennomgangsbustadar i kommunen for folk som vil
«prøvebu»
Kunnskap og like
muligheter
Skule, oppvekst
- Ung
Å vekse opp i Gulen kan
gi oss noko heilt unikt.
I vår oppvekstpolitikk ønskjer vi
å legge til rette for nokon verdiar
vi set høgt. Tryggleik – både reint
konkret, og med omsyn til kven ein
er, eit naturleg forhold til å bruke
naturen, ei praktisk og skapande
innstilling til livet og ei kjensle av å
høyre til i grenda si. I ei tid der stadig fleire flyttar til Gulen, heilt frå
andre land, ser vi dette som viktige
verdiar å vidareføre.
Venstre vil:
✔✔ Vidareføre Hordalandsavtalen.
✔✔ Arbeide offensivt for å rekruttere nok lærarar og fagfolk i
skulen og barnehagane.
✔✔ Syte for tilstrekkeleg midlar til
norskopplæring.
✔✔ Jobbe for å realisere eit basseng i kommunen. Borna våre
treng symjeopplæring.
✔✔ Stoppe dei pågåande kutta i
skulesektoren. Desse byggjer
på mykje lågare elevtal enn det
som er røyndomen.
✔✔ Innføre gratis kjernetid i
barnehagen, for born i familiar
med låg inntekt.
✔✔ Gje ungdomsrådet meir makt.
Utvikling
Gulen har eit levande
og variert næringsliv.
Sløvåg-Skipavikområdet
har utvikla seg til å bli eit
regionalt tyngdepunkt
for industri, medan
vi rundt i Gulen finn
ei mengd mindre
verksemder.
Alle er viktige, fordi dei er med å
gjere det mogleg å skaffe seg eit
levebrød i kommunen vår. Venstre
vil føre ein politikk som har auge
for alle, og som nyttar heile kommunen.
Venstre vil leggje til rette
for næringsutvikling i heile
kommunen ved å :
✔✔ Syte for god infrastruktur i
allereie etablerte næringsområder.
✔✔ Leggje til rette for næringsareal
i alle delar i kommunen.
✔✔ Få til breiband i alle grender og
øyar.
✔✔ Skaffe mobildekning i heile
kommunen.
✔✔ Gjennom tidleg planarbeid
legge til rette for vidare industrivekst i Sløvåg.
Samferdsle:
✔✔ Arbeide for gul midtstripe
Sløvåg – Rutedal
✔✔ Få rassikra vegen Brekke – Instefjord
✔✔ Asfaltere dei kommunale vegane
✔✔ Gå aktivt inn for å bevare matjorda i kommunen
Miljøet
Vi lever i ei tid der
vi endeleg har fått
augene opp for at
klimaendringane er den
største utfordringa vi
står overfor. Dette må
også vi vere med og
gjere noko med.
Vi lever også i ei tid der økosystema i havet er truga. Også dette er
eit globalt problem, men noko som
er særs relevant for oss gulingar,
sidan vi i så stor grad lever av det
som kjem opp av havet.
Ei tredje utfordring handlar om
at urørd natur blir sjeldnare og
sjeldnare. Venstre vil arbeide for
rein luft, ein levande sjø og for at
born som veks opp i Gulen også i
framtida skal kunne får eit naturleg
forhold til å ferdast i urørd natur.
Venstre vil:
✔✔ Ha ladestasjon for el-bilar i
Sløvågen.
✔✔ Stille oss kritisk til nye utsleppsløyver til sjøen.
✔✔ Stille oss sterkt kritisk til vedtaket om gruveutslepp i Førdefjorden.
✔✔ Opprette gjenvinningsstasjon
i Sløvågområdet. Spesielt med
tanke på farleg avfall. Dette
for å unngå at fastbuande og
hytteturistar «slengjer» boss
alle plassar. Terskelen for å
køyre med tilhengar til Sløvåg
er mindre enn for å ta ferja over
og køyre til Litlås eller Kjevikdalen.
✔✔ Gjere kommunale bygg meir
energieffektive.
✔✔ Jobbe aktivt for å få Kystverket sin nye nasjonale oljevernberedskap lagt til Gulen. Dette
vil vere positivt for med tanke
på responstid på eit eventuelt
oljeutslepp i skipsleia, Mongstad eller Lutelandet. For å ikkje
snakke om arbeidsplassane
denne basen medfører!
Kultur
Kulturen er det vi
er, og uttrykket for
det samfunnet vi
leverer vidare til neste
generasjon.
I Gulen er det meste av kulturlivet
bygt på frivillig arbeid. Meir og meir
er kulturen i Gulen også ein arena
der stadig nye gulingar blir inkludert og integrert. Vi ønskjer å støtte
opp om dette.
Venstre vil:
✔✔ Oppretthalde støtta til Gulen
Fiskarbondemuseum.
✔✔ Støtte Gulatinget, og freiste å
realisere kai i parken.
✔✔ Støtte Utkantfestivalen.
✔✔ Auke støtta til frivillige lag og
organisasjonar.
Helse og Omsorg
Innan helse- og omsorgssektoren
er eldreomsorga den største posten. Vi ser verdien av å ha nattevakter på eldresentera. Samtidig ser vi kritisk på dei kutta det
noverande fleirtalet har gjort for å
få dette til. Kutt både i utekontora
til lekjarane og i plassar på sjukeheimen går først og fremst ut over
dei sjukaste.
Vi ser at ungdom i dag veks opp
under eit større press enn nokon
sinne. Vi ønskjer å styrke det
psykiske helsevernet for ungdom.
Venstre vil:
✔✔ Reversere kutta som er gjort
for legekontora på Byrknes og
Brekke
✔✔ Reversere kutta i tal plassar på
Sjukeheimen. Vi treng dei!
✔✔ Jobbe aktivt med rekruttering av ny(e) doktor(ar), samt
utgreie moglegheitar for legevaktsamarbeid med Masfjorden
og Solund.
✔✔ Ambulansebåt stasjonert i
Gulen
✔✔ Styrke ordninga med
helsesøster i skulen
Eit framlegg:
Hamnevesen:
Venstre ynskjer at Gulen kommune
skal drøfte å innføre eit kommunalt hamnevesen. Hamnevesenet
kan krevje inn anløpsavgifter for
farty som har anløp i Gulen, og
kan krevje inn kaiavgifter for kaier
kommunen sjølv eig.
Kommunane sør for Fensfjorden
og nord for Sognefjorden har alle
skjønt korleis dei skal spe på kommunebudsjettet, ved at dei har
innført anløpsavgift i sitt område.
Dette er spesielt aktuelt med
tanke på at det årleg er fleire tusen
skipsanløp på Gulensida av Fensfjorden.
Gulen kommune kan nytte anløps- og kaiavgiftene til syte for
trygge farleier gjennom kommunen
for skipstrafikken, vedlikehalde dei
kommunale kaieigedommane og til
å satse vidare saman med industrien mot å gjere Gulen til ei føretrekt hamn for skipsfarten.
Styring
Venstre:
Kommunesamanslåing
Uansett korleis ein framtidig kommunestruktur ser ut, vil Venstre
jobbe for eit godt tenestetilbod, ei
effektiv drift og eit levande lokaldemokrati.
Gulen Venstre ser i dag ikkje vinsten kommunesamanslåing. Vi vil
likevel arbeide konstruktivt vidare
med dei ulike alternativa før vi tek
endeleg stilling. Spørsmålet må
avgjerast ved folkerøysting!
✔✔ Stiller seg kritisk til kommunesamanslåing.
✔✔ Krev at dette må avgjerast ved
folkeavrøysting.
Venstre sine kandidatar i Gulen
1. Bjarte Undertun (f. 1982)
Bjarte er lærar og musikant.
Han bur i Eivindvik og har
Bjørnstjerne Bjørnson som
politisk førebilete.
2. Margrethe Thune Trædal (f.
1982)
Margrethe er radiograf,
helsesekretær og gründer.
Ho har tre born, og bur på
Hantveita.
3. Daniel Olai Kvernøy (f. 1984)
Daniel er driftsleiar i GulenSkyss og elles svært interessert i det maritime. Han
er gift og har eit born, bur i
Eivindvik.
4. Herold Kråkenes (f. 1978)
Herold er lærar, bakar og
idrettsmann. Han har slått
seg ned på Koksøyna og
arbeider på Byrknes.
5.Ingvild Høydal
Ingvild er utdanna statsvitar
og arbeider med kultur i Gulen. Ho bur på Takle, saman
med mann og eit barn.
Les mer om vår politikk og våre kandidatar på
facebook!
6. Jarle Nordgulen
(f. 1957, Nordulen)
7. Linn Dyveke Wilberg
(f. 1980), Mjømna
8. Anne Hauge
(f. 1976), Dalsøyra
9. Njål Hansen Wilberg
(f. 1976), Mjømna
10. Elise Leite Midtun
(f. 1995), Eivindvik
11. Øystein Lihaug
(f. 1988), Dalsøyra
12. Veslemøy Dingen
(f. 1976), Eivindvik
13. Adam Reginald Salim
Drew-Owen
(f. 1981), Brekke
14. Ernesta Bogdawoviciene
(f. 1987), Eivindvik
15. Hilde Kristin Sande
(f. 1987), Sande
16. Aslak Nyhammer
(f. 1952), Nyhammer