17. januar. - Bjorgvin

12 sport
Vestnytt tysdag 17. januar 2012
Full kontroll mot dan
Tim Robin Lihaug boksa rutinert og klokt
mot Jim Andreasssen,
og sørga for ein svært
populær heimesiger i
Fjell rådhus.
BOKSING: – Eg klarte å boksa slik
eg hadde planlagt, seier ein tydeleg glad Tim Robin Lihaug frå
Hjelteryggen etter sigeren i boksestemnet på Straume.
Lihaug gjekk mot danske Jim
Andreassen, som er to gonger
nordisk meister. Denne kampen skulle vera hovudattraksjonen under stemnet i rådhuset, og
Sotra-guten Lihaug skuffa ikkje.
Han framviste ein taktikk og teknikk som gjekk langt utanpå dei
fleste andre boksarane, og drog i
land ein klar siger mot det danske
stortalentet.
– Eg er veldig nøgd, og hadde
krefter att, seier Lihaug.
Boksa klokt
Den første runden var prega
av avventande boksing der dei
prøvde å finna ut av kvarandre. I
dei to neste rundane slapp Lihaug
seg meir laus, men boksa framleis
svært kontrollert og taktisk klokt.
Der publikum ropte at han måtte
slå meir, klarte Lihaug å halda att
og fokusera på å få inn tellande
treffarar. Dansken slo fleire slag,
men med dårleg uttelling.
– Eg er flink til å halda guarden
oppe, og klarte å sørga for at han
ikkje kunne plukka poeng, seier
81-kilosboksaren.
Ein boksekamp over tre rundar
er ei enorm kraftanstrenging. Det
gjer at tredjerunden ofte blir svært
rufsete – boksarane klarar ikkje å
halda oppe guarden, og slagtakten og farten i slaga blir ofte svært
låg mot slutten. Det skjedde ikkje
med Lihaug – han hadde full kontroll og heldt stilen heilt til kampslutt. Dermed kunne ein nær fullsett kultursal jubla for heimesiger
i kveldens hovudkamp, og den ferske senioren Tim Robin Lihaug
har eit solid grunnlag til å ta fat
på større utfordringar.
– Eg har skifta litt stil etter å
ha gått opp ein vektklasse, og det
passar meg i grunnen bra, seier
Lihaug.
Ny heimesiger
Den andre Sotra-boksaren som
var i ringen laurdag, var Steffen
Solbakken Larsen frå Anglevik.
Under fjorårets stemne tapte han
kampen sin, men i år hadde Solbakken Larsen blitt eitt år eldre
Tim Robin Lihaug (i blått) slo sjeldan, men godt. Med stor treffprosent hadde han full kontroll på danske Jim Andreassen. Alle foto: Kyrre Styve
og eitt år betre. Mot Arve Stigen frå Aurland vart det ein jamn
kamp i 70-kilosklassen. Heimefavoritten var svært aktiv i første
runde, medan det utover i kampen vart jamnare. Dei to boksarane stod godt til kvarandre, og
fekk begge inn gode seriar. Men
Steffen Solbakken Larsen såg ut
til å utnytta rekkevidda si betre,
og gjekk sigrande ut av kampen.
Resultatliste Boksestevne Fjell Rådhus lørdag 14. jan.
Kamp no Bokser (Rødt hjørne) Klubb
Vekt
1
Thomas Lamo
Dingo
51
2
Gunnhild Istad
Bergen 60
3
Hussain Mohammed
BAK
64
4
Mario B Midje
Aurland 71
5
Mindaugas Galkauskas
Dingo
67
6
Arve Stigen
Aurland 71
7
Ken Tore Halland
Apollo
71
8
Leif A Larsen
Stord
81
9
Richard Fredriksen
Apollo
75
10
Lars Johnsen
B-30
91
11
Ken Robert Vestreim
Trym
91+
12
Jim Andreassen
Pandrup 81
Fjorårets boksestemne vart ein
gedigen publikumssuksess, og
difor tok arrangør AK Bjørgvin
turen tilbake hit også i år. Med
mange kampar i ulike vektklassar
fekk publikum solid underhaldning, sjølv om nivået på boksarane vart svært varierande.
Heftig tungvekt
Kveldens kanskje heftigaste kamp
2012
Bokser (Blått hjørne)
Jon Vicente Thrulsen Fjellanger
Matilda Siikavuopia
Alexander Andersen Nilssen
Zia Ramsi
Mathias Knudsen
Steffen Solbakken Larsen
Alexander Zenevski
Aleksdar Koich
Stian Helgeland
Hans Erik Da Silva Ness
Roald Solheim
Tim Lihaug
Klubb
AK Bjørgvin
Dingo
AK Bjørgvin
AIK Lund
AK Bjørgvin
AK Bjørgvin
Stord
B-30
Bergen Sparta
AK Bjørgvin
Stord
AK Bjørgvin
Vekt
51
60
64
71
67
71
71
81
75
91
91+
81
Klasse
Ungdom
Junior
Junior
Senior
Senior
Junior
Junior
Senior
Senior
Senior
Senior
Senior
var i supertungvekt, mellom
Roald Solheim frå Stord IL og
Ken Robert Vestrheim frå Trym
IL. Vestrheim slo først hjelmen
av motstandaren, før eit nytt slag
førte til at Solheim mista tannbeskyttaren. Ei rekkje tunge treff
viste til fulle at tungvektsboksing
er ein smertefull affære. Eller for
å sitera ein av boksarane som
hadde vore i ringen tidlegare på
Tid
3 x 1,5 Min
3 x 2 Min
4 x 2 Min
3 x 3 Min
3 x 2 Min
3 x 2 Min
4 x 2 Min
3 x 3 Min
3 x 3 Min
3 x 3 Min
3 x 3 Min
3 x 3 Min
Resultat
3-0
Oppvisning Kamp
0-3
3-0
0-3
0-3
1-2
Vinner Rødt hjørne RSC-3 runde
2-1
Vinner Blått hjørne RSC-2 runde
0-3
0-3
kvelden:
– Eg er veldig glad for at eg
ikkje er i den vektklassen!
Publikumssuksess
Trass i at han måtte tåla mykje
bank, viste Roald Solheim seg
som den beste til slutt – med perfekt avstandsbedømming og god
timing klarte han å plukka fleire
poeng enn den meir aktive Vestrheim.
Boksestemnet i Fjell rådhus
vart ein stor suksess, med eit
engasjert publikum og god stemning. Dermed kan ein håpa at det
kan bli ein fast tradisjon. I kva
grad eit boksestemne er eigna som
familieunderhaldning er ei anna
sak – i pausane var det påfallande
mykje knuffing og leikeslåssing
blant borna der.
KYRRE STYVE
[email protected]
959 19 514