Ny prestebustad på Hafslo - Luster kyrkjelege fellesråd

Nr. 1
FEBRUAR 2012
73. årgang
Ny prestebustad på Hafslo
I desember 2012 fekk soknepresten i Hafslo/Solvorn/
Fet&Joranger ny prestebustad.
Huset i prestegarden var etter
kvart i så dårleg stand at Opplysningsvesenets Fond valde å
kjøpe ny fast bustad for presten og familien i byggjefeltet
på Hestnes, på andre sida av
Hafslovatnet. Ein lekkasje fekk
det bokstaveleg tala til å flyte
over, slik at det no er slutt på at
prestegarden over Hafslo kyrkje er tenestebustad.
- Det nye huset på Hestnes er
tett, tørt, varmt og praktisk, så
i kuldeperioden i januar har vi
vore glade for det nye huset.
Men det er rart å ikkje lenger
bu i det store kvite huset med
den fine hagen, seier sokneprest
Vegard Bondevik Lie.
Prestegarden på Hafslo vert no
lagt ut for sal, og lagnaden til
huset er difor i hendene på nye
eigarar. Mange er nok spente på
kva som no kjem til å skje med
prestegarden.
KYRKJE OG HEIMBYGD
Dette er den nye prestebustaden på Hestnes på Hafslo.
1
Treng du mat kvar dag ?
Sjølv små born veit svaret, om
vi er friske, treng vi mat kvar
dag ! Kroppen vår seier ifrå om
det blir for lenge mellom måltida, og svolten gir seg ikkje, før
vi et. Blir det for lenge mellom
måltida, døyr vi.
Like automatisk går det ikkje
med den åndelege maten, vi
kjenner ikkje den svolten, men
må sjølve syta for å ta til oss
mat. I Matt 4,4 les vi: Mennesket lever ikkje av brød åleine,
men av kvart ord som går ut frå
Guds munn. Det åndelege livet,
inni oss, som vi fekk når vi vart
døypte, treng Guds ord for å
leva. Ordet er mat, så vi treng
det kvar dag, elles blir vi svake
og det livet kan døy.
Etter Israelsfolket kom ut frå
slavetida i Egypt, gjekk dei
omkring i ørkenen. Gud sytte
for dei ved at det kvar morgon
låg eit lag av Manna på marka.
Første morgonen spurde alle:
”Kva er det?” = manna, på
deira språk, difor vart manna,
namnet på brødet frå himmelen. Gud sa dei skulle sanka
så mykje som dei trong den
dagen. Om nokre vart freista til
KYRKJE OG HEIMBYGD
Utgjeve av
Luster kyrkjelege fellesråd.
Redaktør:
Marit Bøen - 6870 Ornes
[email protected]
I redaksjonen:
Sokneprestane Paulsen og Lie
Bladpengar:
kr. 200- for året
både i­nnan- og utanlands.
Kasserar:
Kyrkjeverje Inga Reidun Sjøtun,
Pyramiden, 6868 Gaupne
Tlf. 57 68 56 47
Bankgiro 3785.60.15271
å sanka meir, for å ha til dagen
etter, vart mannaen øydelagt,
det lukta vondt av han. Berre
dagen før sabbaten, sa Gud at
dei skulle samla dobbelt, så dei
ikkje skulle arbeida på sabbaten. Då var mannaen like god
den dagen og. Dette har mykje
å læra oss om den åndelege
maten. Vi treng Ordet kvar dag
og vi kan ikkje samla opp noko
lager, men må ha på nytt og på
nytt. Likevel er det svært nyttig
å læra Bibelord utanboks, eit
ord vi slik har ”på lager”, kan
ofte bli mat om vi tek det fram
i tanken.
I Joh 6, 51 seier Jesus: Eg er det
levande brødet som er kome
ned frå himmelen. Den som
et av dette brødet, skal leva
til evig tid. Og det brødet eg
vil gje, er kroppen min som
eg gjev til liv for verda. Og v.
54-55: Den som et min kropp
og drikk mitt blod, har evig liv,
og eg skal reisa han opp på den
siste dagen. For kroppen min er
sann mat og blodet mitt er sann
drikk.
Dette sa Jesus lenge før han
døydde på krossen, difor
forstår vi at det gjeld orda han
sa, der og då og til alle tider
seinare. Dei som då tok imot
orda om at han skulle døy for
dei, fekk evig liv i Han, og vi
som i dag tek imot orda om at
han gav livet sitt for oss, får
evig liv for Jesu skuld, no. Dette
er sann mat og i dag.
Da karismatikken breidde om
seg på syttitalet, var det mykje
tale om ”å koma vidare” i kristenlivet. Eg var ei tid uroa, for
det som eg fann kvile i og vart
oppbygga av, var Ordet om Jesus for oss, eg kom aldri vidare,
anna forkynning førte berre til
strev og ikkje kvile. Da var det
ein kveld ein som tok fram Rosenius si Husandaktsbok og las
andakta over desse orda frå Joh
6. Han som las visste ikkje noko
om mi uro, men eg trur det var
teksta for dagen. Denne andakta (på 30.juli) hjelpte meg,
og seinare har eg berre erfart
kor sant det er. Rosenius skriv
m.a. om sanne nådens barn,:
”Vi sier ikke at de alltid er så
opplagte til å ete evangeliets
ord at de blir trøstet av det. Ja,
vi sier ikke engang at de alltid
hungrer etter det. Nei, de kan
til sine tider være både åndelig
syke og uopplagte. Men vi sier
at skal de noen gang bli virkelig
fornyet og styrket i sitt indre
menneske, så må det skje ved
ordet om Kristus, slik han ble
gitt for oss. Og vi sier at ordet
om Kristus alltid er en livsnødvendighet for dem, den egentlige mat for deres sjel.”
Mange legg til rette for at vi
skal få nok mat for lekamen
vår, det er vel heller eit problem
at vi får for mykje ?! Men lat oss
syta for å ta til oss den sanne
åndelege maten, ordet om at
Jesus gav seg sjølv for oss.
Marit Bøen
Einar Bolstad
song saman
med Hafslo
mannskor på
”Vi syng jula
ut” på Nes 13.
januar.
Sats og trykk:
Husabø Prenteverk a.s,
6863 Leikanger
2
KYRKJE OG HEIMBYGD
Kyrkjeverja
har ordet
Nytt år – nye oppgåver
No har me lagt nok eit godt
år bak oss, og kyrkja i Luster
har med seg mange gode
minne frå 2012. Som økonomiansvarleg har eg likevel
ikkje lagt heilt vekk året som
var. Overgangen frå eitt år til
det neste er nemleg eit stort
puslespel, der alle bitar må
på plass. Frå og med 2013 er
kyrkja sin økonomi merkbart
svekka. Dette kan medføra
ein del strukturendringar i
kyrkjedrifta framover. For å
kunna yta same aktivitetstilbod og tenesteservice som
før, er kyrkja i Luster endå
meir avhengig av friviljuge
medhjelparar.
Alle som deltek i friviljug arbeid gjer ein strålande innsats
for kyrkja. Alle har noko dei
kan bidra med i kyrkjelyden.
Dette kan gjerast i form av
tid, pengar eller krefter, noko
som kjem godt med i kyrkjedrifta vår. Kyrkja har mange
aktivitetsområde: trusopplæring for alle born og
unge, kyrkjelege handlingar,
diakoniarbeid, kyrkjemusikk,
m.m. I tillegg har me ein stor
kulturarv å ta vare på. Ni
kyrkjer og tolv kyrkjegardar
krev sitt for at dei skal kunna
oppretthaldast. Alle sokna
har tradisjon for kyrkjegardsdugnad, og det set me stor
pris på.
Det betyr mykje at du finn
din plass i tenesta. Når folk
«dreg lasset» saman, vert det
skapt sterkare vekst i arbeidet
for Guds rike.
KYRKJE OG HEIMBYGD
Frå ”Kyrkja mi”
til ”Kyrkjelyden min”
I tider der dei økonomiske løyvingane frå kommunen er reduserte,
er vi nøydde å tenke lurt om korleis vi driv kyrkja i Luster. Kva er
viktigast for oss? Er det kyrkjebygga, eller er det innhaldet vi fyller
desse med? Eg meiner heilt klart at det er det siste!
Vi har eit oppdrag som kyrkje å fortelje om Jesus, lære kvarandre
om den kristne trua og å ta vare på kvarandre som medmenneske.
Då er fellesskapet som kyrkjelyd viktigare enn eit hus. Ja, kyrkjene våre er flotte og betyr mykje for oss, og vi vil verne om dei så
godt vi kan. Men det er endå viktigare å ta vare på bodskapen og
fellesskapet. Eg har i mine 5 år som sokneprest her i kommunen
oppfordra folk om å krysse soknegrensene. Det er ikkje lett! Men
kanskje viss vi slår hovuda våre litt meir saman, og klarar å dreie
mentaliteten frå ”kyrkja mi” til ”kyrkjelyden min”. Då trur eg vi
kan lage gode livskraftige fellesskap på tvers av dei grensene vi har
- grenser som kanskje også er på veg vekk?
Eg trur vi må utfordre trua vår til å vere meir avhengig av eit
fellesskap enn eit hus. Då kan vi møte trongare økonomiske tider
med friskt mot, utan å bli nedtrykt. Kanskje eit slikt fellesskap kan
generere sopass stort engasjement at vi i tillegg klarar å ta vare på
husa våre?
Så frå no av kjem eg til å snakke om ”kyrkjelyden min”!
Vegard Bondevik Lie – sokneprest
Bladpengar for 2013
I dette bladet ligg det ein giroblankett for innbetaling av bladpengar. Kontingenten er 200 kr pr. år. Utgiftene til trykking og
porto stig for kvart år, men om mange nyttar giroen, trur vi dette
vil dekka utgiftene.
Vi vonar de set pris på bladet, og framleis vil støtta det. Om
nokon sender meir enn 200 kr, seier vi hjarteleg takk også for
det!
Kontoen er nr. 3785. 60. 15271 i Luster sparebank.
Redaksjonsnemnda
29. januar var det møte i redaksjonsnemnda for Kyrkje og
Heimbygd, da vart påskenummeret planlagt. Frå venstre: Asbjørg
Ormberg, Jostedal
er leiar for nemnda,
Thorild Tønnesen,
Solvorn, Susanna
Øvrebø, Gaupne,
Trygve Lerum,
Sørheim, sokneprestane Vegard Bondevik Lie og Geir
Paulsen.
3
U2013 – Ungdomsåret i Bjørgvin
Biskopen i Bjørgvin har peika ut 2013 som ungdomsåret i bispedømmet. Det heile vart sett i
gang her hjå oss med informasjons- og inspirasjonssamling for tilsette i Sogndal 8. januar og
påfølgjande markering av oppstart på gudstenestene sundag 13. januar. Vi håpar at U2013 vil
hjelpe til å auke engasjement og arbeidet blant
ungdommane i kyrkja også her i Luster. Det er
i alle fall ein god sjanse til å setje fokus på ein
viktig alder, der mange verdiar utviklar seg og
livsretningen er i ferd med å bli staka ut. Ut over
året vil det verte arrangert ulike tiltak med ekstra
fokus på ungdomane i bispedømmet.
Frå heimesida ungibjorvin.no har vi saksa:
Ungdomsåret sitt ikon og motto; «Venner for livet»
«Jesus og vennen hans», er ikonet
for Ungdomsåret. Eit ikon kan
vere gjenstand for refleksjon og
undring over evangeliet og det kan
forkynne på mange ulike nivå. I
dette ikonet er nærleiken mellom
Jesus og venen hans uttrykt med
handa over skuldra og at dei ser
på kvarandre med det eine auga
og med det andre ser dei fram – på
oss. Vi treng alle, uavhengig av
alder, å høyre at Jesus vil vere nær
oss og ta del i liva våre – Han har
auga sitt fest på oss og ser oss,
men ber oss òg om å sjå fram – ut
mot verda til vår neste. Saman
med dette ikonet synest vi difor at
uttrykket «Venner for livet» gir
god meining. Det er eit ganske ope
uttrykk som ein kan legge ulikt i.
Vi har valt å summere det opp på
denne måten:
Jesus er ein ven for livet. Han ser
oss ikkje som tenarar, men venner.
( Joh. 15,15) Jesus har gjeve oss
eit døme på korleis vi skal bygge
fellesskapa våre.
Jesus ynskjer vennskap, menneske
imellom, for livet. At vi skal sjå og
elske kvarandre (Joh 13,34) Vi skal
få fleire venner og spreie evangeliet
og ryktet om Jesus – vennen for
livet.
Jesus ynskjer at vi skal verne om
livet – skaparverket og det enkelte
menneske sin umisselege verdi som
Guds gode skapning, verda over.
(Matt 5,1-14)
U2013 har si eiga side på facebook, der det står:
I 2013 er det Ungdomsår i Bjørgvin bispedøme. Vi vil at ungdom
mellom 15 og 19 skal oppleve kyrkja som livsnær og relevant. Vi vil
at ungdom skal få oppleve at Jesus
er venn for livet og at ungdom kan
ta del i kyrkjelyden sin.
Ungdomane tek lappen i kyrkja
Då snakkar me ikkje om førarkort for bil, men
om LEIARLAPPEN. Kurset leiarlappen er på 8
timar, og gjev særskilt kompetanse med tanke på
konfirmantleir. Kurset har 5 delar:
4
1. Teorikurs: Kristendommen frå A til Å.
2. Glattkøyring: Kva er ein god leiar? Leiareigenskapar, utfordringar me er klare for/
ikkje klare for.
3. Mørkekøyring: Det uformelle som skjer
utanom programmet, gjerne utover kvelden.
Samtalar, sjelesorg, teieplikt, kroppsspråk,
lytting.
4. Langkøyring: Å vera saman over tid. Lojalitet
og kommunikasjon. Forbikøyring: Forbode!
5. Oppkøyring på gudsteneste.
Desse 4
ungdomsleiarane tok
leiarlappen i
haust:
Beate Alme
Tonje Vigdal
Oddvar Vigdal
Ingrid Søvde
KYRKJE OG HEIMBYGD
Konfirmantane
Konfirmantane har si
faste undervisning og
deltek i gudstenester i
soknet sitt. Alle må følgja
godt med og notera litt
frå gudstenestene, nokre
kan spela slik Malene
Elisabeth gjorde eller
lesa tekst slik Mari Helle
gjorde ved ei gudsteneste
i Solvorn i haust.
3 av konfirmantane
i Fotun på Gudssteneste
Juniorkonfirmantar i
Fortun sokn
30. januar synte og fortalde juniorkonfirmantane i Fortun om Kristuskransen dei har laga
seg, og lærer om i tida
som juniorkonfirmantar.
KYRKJE OG HEIMBYGD
5
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 17.–19. mars
Vi møter kvardagsheltar i Kirkens Nødhjelp sine
prosjekt over heile verda. Dette er menneske som
er fødde på feil side av urettferda. Men dei vil
forandre verda, og dei veit korleis. Dei er forbilde. Med årets fasteaksjon vil Kirkens Nødhjelp
fortelje historiane til nokre av disse forbilda.
Arbeidet vårt byggjer på kunnskapen og engasjementet deira. Dei sikrar berekraftige løysingar
som er forankra i lokalsamfunnet. Dei får det til!
Støtta frå norske kyrkjelydar gjev forbilda høve
til å skape verkeleg og varig forandring. For seg
sjølv, for andre og for kvarandre.
Fasteaksjon med fokus på forbilde
Martha Gezahegn (28) selde kroppen sin til framande
menn. No er ho gift, mamma
og lærar for andre tidligare
sexarbeidarar i Etiopia. Ho er
eitt av forbilda som utfører
norske kyrkjelydar sitt internasjonale diakoniarbeid.
Vi har sett det før, i dei nattemørke gatene heime i Oslo
og i byar over heile verda: Ei
kvinne som forhandlar med ein
framand mann om prisen på
det mest sårbare ho eig. Ei jente
som gjev bort ein liten bit av
seg sjølv i byte mot ein bunke
skitne sedlar, natt etter natt, til
det ikkje er meir att å gje. Eller
til ho møter ein engel som ikkje
vil ha noko frå henne, men som
tilbyr henne håp. Eit nytt liv.
Gjev håp
–Ei natt kom det nokre menneske bort til meg på gata, og ein
av dei gav meg ein liten papirlapp. Det var ein invitasjon til
lunsj på eit senter som heitte
Nytt liv. Det hadde aldri falle
meg inn at det kunne finnast
noko nytt liv for meg. Dei fortalde meg at Gud framleis elska
meg, men eg trudde ikkje det
kunne finnast ein slik kjærleik,
fortel Martha Gezahegn.
Martha fekk verkeleg eit nytt
liv gjennom senteret som blir
drive av Mekane Yesus, den
evangeliske kyrkja i Etiopia.
Kyrkja sin diakonale organisasjon er ein av Kirkens Nødhjelps
6
lokale partnarar. Kvart år får
60 nye jenter bli med inn i eit
toårig program som gjev dei
eit underhaldsbidrag, yrkesopplæring, helsehjelp og terapi.
med brørne og søstrene våre
i Noreg. Eg vil gjerne få takke
alle som tek del i prosjektet vårt
gjennom å arrangere Kirkens
Nødhjelps fasteaksjon!
Takkar norske kyrkjelydar
Buro Durje er aktiv i den lokale
kyrkjelyden i Kazanchis-bydelen i Addis Ababa og som frivillig på Nytt liv-senteret. Han
ser på kyrkjelydane i Norge og
Etiopia som jambyrdige partnarar i arbeidet:
–Gjennom den diakonale
tenesta blir vi utfordra til å
synleggjere Guds kjærleik der
han verkar mest fråverande.
Det er ein stor inspirasjon å vite
at kyrkjelydar i Noreg er med
oss i dette arbeidet på sin måte.
Gjennom Kirkens Nødhjelp
opplever vi eit sterkt samband
Saman forandre
Gjennom årets fasteaksjon vil
Kirkens Nødhjelp setje fokus
på menneske som forandrar
verda. Vi vil fortelje historiane
om nokre av dei som i prosjekta er med på å gjennomføre
norske kyrkjelydar sitt internasjonale diakonale arbeid i
praksis. Gjennom film, historiar
og bilete vil vi sjå korleis både
naudhjelpsoperasjonar, langsiktige utviklingsprosjekt og
arbeidet med å påverka dei som
styrer er forankra i lokale behov
og løysingar, og i den verdsvide
kyrkja sitt diakonale oppdrag.
KYRKJE OG HEIMBYGD
Misjonsdag
Søndag 17. mars er det misjonsdag i Gaupne! Indre Sogn område av Det norske Misjonsselskap har då årsmøte, og dette er
i år lagt til Gaupne.
Foreningar og einskildmedlemer frå heile Indre Sogn er bedne
hit. Det vert gudsteneste klokka 1100 ved utsending frå misjonen saman med Geir Paulsen.
Takkofferet går naturleg nok til Misjonsselskapet og det vert
elles litt informasjon om arbeidet. Gaupne sokn har som kjent
avtale med nettopp NMS, så då er dagen og opplegget ekstra
aktuelt.
Etter gudstenesta er det middag for påmelde, deretter kaffi.
Sjølve årsmøtet med meldingar, m.m., kjem etter matpausen,
før dagen vert avslutta med misjonsmøte.
Middag og møte vert i Gaupne bedehus. Sjå elles nærare kunngjering om påmelding, etc i avisa og på plakatar.
Hjarteleg velkomen, anten du er medlem eller ikkje, både til
gudstenesta og samlinga etterpå!
Espen Tveten var talar på
misjonsmessa i november.
Fasteaksjonen her i Luster
Fortun:
Dør til dør aksjon vert gjennomført i veka før Palmesøndag. Husstandslotteri vert
det i år òg.
Nes:
På Nes vert det husstandsinnsamling tysdag 19. mars. I
Kroken kan ein levera bøssa til
Sjur Feigum.
Dale:
Det vert husstandsinnsamling
tysdag 19. mars.
Gaupne:
Gaupne sokn har husstandsinnsamling tysdag 19. mars.
Frå fornedra til forbilde
Etter at Martha sine to år i Nytt
liv-programmet var omme, blei
ho spurd om å halde fram på
senteret som lærar. Ho møtte
Esubaleu i kyrkja, gifta seg
og blei mor til Nathanael. For
henne blei familien eit handfast
prov på den kjærleiken som er
så vanskeleg å forstå.
–Jobben min er å lære jentene
opp i eit praktisk kunsthandverk som kan sikre dei eit
levebrød. Men den viktigaste
lærdomen eg kan gje dei, er at
dei er elska av Gud. Eg har delt
fornedringane deira, og no er
eg eit forbilde som kan vise kor
sterk kjærleikens makt er.
KYRKJE OG HEIMBYGD
Jostedal:
Jostedal har har husstandsinnsamling tysdag 19. mars
Fet og Joranger:
På Indre Hafslo vert det husstandsinnsamling tysdag 19.
mars.
Hafslo:
Det vert husstandsinnsamling
tysdag 19. mars.
Solvorn:
I heile soknet vert det husstandsinnsamling tysdag 19. mars.
Alle som ønskjer å ha
fastebøsse, men ikkje har fått,
kan henta i kyrkjene eller ved
å kontakta kyrkjekontoret i
Pyramiden II, tlf. 57 68 56 47.
Dei som ikkje får besøk av ein
bøssebærar, men vil vera med
å gi, kan levera bøssene ved
gudstenestene i påska eller til
presten.
Vi vonar alle vil vera med på
fasteaksjonen !
Det nyttar litt at du er med !
Noen fleire flyktninge-fadrar søkes
Kyrkja har hatt flyktningefadder-ordninga i to år nå.
Ordninga er frå nå av i samarbeid med Frivilligsentralen.
Ein fadder engasjerer seg først
for eit år og forpliktar seg til å
møte den nyankomne to gonger
i månaden. For nærare spørsmål,
ring diakon på 91776416!
Takk for interesse ! Dette er eit
veldig meiningsfullt og givande
engasjement!
Ved diakon
Orsi Szechey
7
Trekningsliste Misjonsmessa 2012 :
Gevinstar:
Verdi: Loddnr:Vinnar:
1.
2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 3 720 kr 1794
1 500 kr 636 1 000 kr 2035 1 000 kr 1335 1 000 kr 873 600 kr 1600 600 kr 509 300 kr 2105 300 kr 2999 300 kr 411 200 kr 3786 Aple Ipad 16 GB
Servise til 6, middag+ kaffe
Måleri av Thorild Tønnesen Dokkevogn m/dokke
Hardangersaum-løpar
Gåvekort Sogningen stors
Verktøy Brodert julebilete
Vaffeljern Steikepanne
Handmiksar
Kristina Tverberg, Marifjøra
Sunniva Veum Liljegren, c/o Sigrid M Veum
Malin Veum, Marifjøra
Kristina Skagen Hess, Hafslo
Margit Slåtto Rygg, Marifjøra
Solveig og Arnstein Urne, Luster
Gunvor og Sjur Feigum, Kroken
Tore og Ragnhild Sviggum, Gaupne
Oddny Solheim, Gaupne
Amalie Hauge, Hafslo / Luster
Espen Tveten, Thailand / Sotra
Espen Sigve Tveten var utsending
frå NMS til Misjonsmessa i november. Han har vore misjonær i
Thailand, er frå Bamle i Telemark
og bur no på Sotra. LaJoMa song
på Misjonsfesten i Luster bedehus
22. nov.
På messedagen laurdag i
Gaupne var det mange barn
som deltok med song.
Rekneskap for Misjonsmessa for Luster 2010
Inn:
Misjonsfest, Dale Misjonsmøte, Hafslo omsorgssenter Fest/Basar Veitastrond
Loddbøkene, Gudsteneste Hafslo
Åresal laurdag Sal kaffi og kaker
Sal heimebakst m.m.
Katta i sekken + tippekonk. Renter i banken
Brutto inn: 8
kr 3782
kr 700
kr 9 800
kr 40 000
kr 8 058
kr 19 013
kr 1 725
kr 3 350
kr 1 160
kr
6
kr 85 062
Ut: Gebyr i banken kr
50
Annonse Sogn avis
kr 1 767
Sendt NMS
kr 83 000
På konto i Luster sparebank 01.01.12
”
31.12.12
kr 1 441
kr245
Gaupne, 11. jan. 2013
Astri Fossøy
Arne Bondevik
- kasserar -
- revisor
KYRKJE OG HEIMBYGD
På kyrkjelydens julefest i Fjordstova på Skjolden 7. januar,
deltok Snikkelora med song,
Sprell-levande hadde opptrinn
om julepynten, Jan Idar Øygard
held andakt, diakoniutvalet
ordna med servering, og det
var gang om juletreet, spørjekonkuranse og fiskedam. Er det
fisk her ? Eg fekk fisk !
Sprell levande i Skjolden og
Fortun
Desse samlingane vert utover våren: 13. febr i
Skjolden, 27. febr i Fortun, 13. mars i Skjolden.
Desse samlingane er kl 17.00 – ca 18.30.
Kjellargjengen
aktivitetsklubb.
Frå 5. klasse. Bedehuskjellaren på Hafslo
torsdagar kl 18.
14/2 - singstar og bilrace
28/2 - spelekveld
14/3 - utekveld
11/4 - misjonskafè
25/4 - vennekafè
Tema for våren: Tru i det gamle testamentet.
20. mars arrangerer vi Vårfest kl 18.00 på
Bolstad bedehus i Skjolden. Sokneprest Geir
Paulsen og barne- og ungdomsarbeidar på
Lyngmo Siv Anita Loka Berget kjem, Snikkelora syng og alle er velkomne !
Indre Hafslo barnelag
Lambhaug bedehus torsdagar kl 17.30 - 19/19.30
14/2, 28/2, 14/3, 4/4
12/4 basar
30/5 avslutning på Lyngmo
Alle ungar i bygda er velkomne, men dei som ikkje har
starta på skulen enno, må ha med seg ein vaksen.
Frå
julefesten
30.
desember.
Nes yngres
Frå 1. klasse. Skulehuset på Nes torsdagar kl 18 - 19.30
14/2 - hobby
28/2 - restaurantkveld
14/3 - påskeyngres
11/4 - sykkelkveld
25/4 - avslutning ved Fyret
Vel møtt!
KYRKJE OG HEIMBYGD
9
Vi saksar litt frå Julebrev
frå Israel, som Knut Helge Høyland ved Caspari
senter, sende rett før jul.
Caspari senter er Dale,
Fortun og Nes sitt misjonsprosjekt.
Kjære alle
sammen,
10
God jul! Chag molad sameach! I
år igjen, som hvert år, så er vi så
heldige å kunne feire
“en stor glede for hele folket”
- at Messias ble født i Davids
by. Det er alltid litt spesielt
å feire jul i Jerusalem. På den
ene siden er vi så tett på det
stedet hvor det skjedde, og det
buskapet som englene sang for
gjeterne er fortsatt et budskap
som folket her trenger å høre.
På den andre siden er det veldig lite i bybildet som tyder på
at julen nærmer seg. Her må vi
i stor grad skape julestemning
for oss selv. Og det er kanskje
en god ting, for vi tvinges jo
til å tenke litt over hvorfor vi
har de tradisjonene vi har og
hva julen betyr for oss. Spesielt
når nysgjerrige naboer, barnas
venner i barnehagen og deres
foreldre ønsker å se juletreet og
høre om hvorfor og hvordan
vi feirer jul. Krigen som vi fikk
oppleve i november, med alarm
og rakettangrep til og med mot
Jerusalem gjør oss igjen bevisst
på hvor sårt vi alle (og kanskje
spesielt alle som bor i denne
delen av verden) trenger en
fredsfyrste.
I år er det en spesiell jul for vår
familie, ettersom dette blir den
siste julen i Jerusalem. Mange
av dere vet allerede at vi til
sommeren planlegger å avslutte
tjenesten vår i Israel og dra
“hjem” til Norge.
Knut Helge har en spennede tid
på Caspari. Nylig feiret Caspari
sitt 30-årsjubileum og i den
forbindelse ble boken Chosen
to Follow utgitt - en spennende
artikkelsamling om messianske
jøders historie og teologi som
Knut Helge har vært medredaktør for. Ellers har det vært et
travelt år med mye aktivitet:
Ny nettside (www.caspari.
com), BridgeBuilders-konferanse, Sabbatskolekurs, ledertrengingskurs, mm. Men det
har også blitt tid til tre måneders pappaperm med Joel. I disse
dager forbereder vi spesielt
lederskifte på Caspari til våren,
i tillegg til BridgeBuilders-konferansen andre del i påsken og
et studieopphold for en gjeng
med MF studenter rett etterpå.
Det blir nok å gjøre fram til
avreise om sommeren.
Til slutt må vi bare igjen takke
for all forbønn og støtte. Og vi
håper dere vil være med å be
både for arbeidet på Caspari
Center og Machaseh og for vår
familie og den store overgangen som venter oss snart.
Bjørka er borte
Bjørka nærast stavkyrkja på
kyrkjegarden på Ornes vart felt
18. desember. Det var riksantikvaren som tok initiativet til å
få ho felt, dei meinte ho kunne
vera ein fare for stavkyrkja om
ho skulle velta i retning kyrkja.
Sigurd Sondres trepleie stod for
arbeidet, raskt og godt utført
arbeid.
Hege, Knut Helge, Jonatan og
Joel.
KYRKJE OG HEIMBYGD
25. januar var mange
av dei kyrkjeleg tilsette samla til hyggekveld på Pyramiden senterkafe.
Komitè for kvelden
var kyrkjetenar på
Nes Magnhild Skjerdal, kyrkjetenar i
Solvorn Gjermund
Hagen og kantor i
Indre Luster Roland
Johansson. Det vart
ein fin kveld med god
mat, song og musikk,
leikar, quiz m.m.
Kyrkjelege handlingar
DØYPTE
Hafslo
13.01.13: Adrian Dyrdal
Ulrik Ørbeck
Solvorn
06.01.13: Sjur Kvam Fjær
Gaupne
07.10.12: Vårin Fossøy (døypt i Ålesund)
25.11.12: Mats Bjørnetun (døypt i Nes)
25.12.12 Sofie Alme-Fuhr (døypt i Dale)
06.01.13: Sarah Sviggum Elle (døypt i Nes)
Tilde Sviggum (døypt i Nes)
Lisa Kalstad (døypt i Nes)
20.01.13: Olea Solhaug
Fortun
11.11.12: Lars Farestveit Moen
Dale
31.12.12
Sara Høyheim
VIGDE
Nes
20.12.12:Bjørg Elin Ødegård og Arne Melchior
Fuhr (vigde i Dale)
GRAVLAGDE
Hafslo
30.11.12: Kristoffer Sætrehaug, f. 1942
07.12.12: Margit Hillestad, f. 1930
12.12.12: Ingeborg Skårhaug Solvi, f. 1998
14.12.12: Borgny Lovisa Holen, f. 1932
03.01.13: Ingrid Solheim, f. 1912
10.01.13: Gullborg Amanda Svabo Lindgjærde, f.
1925
11.01.13: Amalia Hauge, f. 1911
Solvorn
16.11.12: Arne Johan Hundershagen, f. 1950
18.12.12: Anna Søhoel, f. 1919
Joranger
11.12.12: Anna Kristina Sviggum, f. 1917
28.12.12: Gjertrud Hunshamar, f. 1916
Fortun
23.11.12: Johan Andreas Solheim, f 1937
21.12.12: Kjellaug Rebni, f 1937
Dale
06.12.12: Elisabeth Øye, f 1922
Jostedal
07.12.12: Anton Kvam, f 1928 (busett Årdal)
21.12.12: Anna Dorthea Kjærvik, 1927
KYRKJE OG HEIMBYGD
11
Kyrkjeåret
Me er no inne i fastetida. Frå
oskeonsdag (i år 13/2) og til
og med Langfredag, skal den
fiolette fargen, dei faste tekstane og dei formulerte bønene,
hjelpa oss inn i førebuing til
den store påskehøgtida.
Faste handlar om kamp og forsaking. Kampen er Jesu kamp
til vår frelse og siger og det er
trua sin kamp i etterfølginga.
Forsakinga treng ikkje vera å
minisera matforbruket, men
forbruket i det heile. Her lyt
den einskilde gjera sine val,
men Kyrkja vil gje rettleiing ut
frå Skrifta og tradisjonen. Ikkje
minst skal sideblikket til den
hjelpetrengjande vera der desse
vekene før påske, jfr Fasteaksjonen. Faste er alvor, men òg
glede og styrke i Jesu siger og
førebilete.
I fastetida kjem også den
særmerkte Maria bodskapsdag, med kvit farge til glede
omkring bodskapen til Maria, 9 månader før jul. Maria
17. februar – 1 Søndag i fastetida
Tema:Freisting
2 sam 12,3-10
Natan og David
Hebr 5,7-9
Jesus bad med høge rop
Matt 26,36-45
I Getsemane
F: 1 Mos 37,1-36 Josef og brørne hans
24. mars – palmesøndag
Tema:
Inntoget i Jerusalem
Sak 9,9-10
Fredskongen på Sion
Fil 2,5-11
Namnet over alle namn
Joh 12,1-13
Salving og inntog
F: Matt 21,1-17 Inntoget i Jerusalem og borna
24. februar – 2 søndag i fastetida
Tema:Kamp
Jes 55,1-7
Søk Herren
2 Kor 6,1-10
Tolmod i tenesta
Luk 13,22-30
Den tronge døra
F: 1 Mos 39,1-23 Josef hjå Potifar
28. mars – skjærtorsdag
Tema:Nattverden
Sal 116,1-14
Herren kom meg til hjelp
1 Kor 11,23-26
Herrens måltid
Joh 13,1-17
Fotvaskinga
F: Luk 22,14-23 Jesus innstiftar nattverden
03. mars – 3 søndag i fastetida
Tema:
Jesu makt
Sak 3,1-5
Satan anklagar Josva
2 Kor 12,7-10
Ein torn i kroppen
Luk 22,28-34
Eg bad for deg
F: 1 Mos 45,1-15;
50,14-21 Josef tilgjev brørne sine
29. mars – langfredag
Tema:
Krossfesting og død
Luk 22,49-23,46 Lidingssoga
F: Mark 15,20-39 Krossfesting og død
10. mars – 4 søndag i fastetida
Tema:
Livsens brød
5 Mos 8,2-3
Herren leidde gjennom
øydemarka
1 kor 10,16-17
Vin og brød gjev del i Kristus
Joh 6,24-36
Eg er livsens brød!
F: 2 Mos 12,1-28 Påskemåltidet og utferda
17. mars – maria bodskapsdag
Tema:
Bodskapen til Maria
1 Sam 1,21-28
Hanna får Samuel
Apg 16,12-15
Lydia i Filippi
Luk 1,39-45
Maria og Elisabeth
F: Luk 1,26-38
Bodskapen til Maria
12
bodskapsdag er 25. mars, men
vert feira næraste søndag, om
ikkje det, som i år, er Palmesøndag.
Det er tre faste tekstar for kvar
søndag: èin frå GT, éin frå breva
i NT og éin evangelietekst.
Evangelieteksten er normalt
preiketekst. I tillegg har kvar
søndag ein forteljingstekst (F),
som kan nyttast ved t.d. gudstenester med barnepreg. Dette
kyrkjeåret følgjer me 3. tekstrekkja (av 3)
30. mars – påskenatt
Tema:
Jesu oppstoda og vår dåp
1 Mos 1,1-5;
1,26-2,2
Gud skaper lyset og menneska
2 Mos 14,1-22
Sevsjøunderet
Rom 6,3-11
Sameina med Kristus i dåpen
Mark 16,1-8
Jesus står opp
31. mars – påskedag
Tema:
Jesus står opp
2 Mos 15,1-3
Herren er høgt opphøgd!
Kol 2,12-15
Gravlagd med Kristus
Joh 20,1-10
Den tomme grava
F: Matt 28,1-10 Jesus står opp
KYRKJE OG HEIMBYGD
Gudstenester
17. febr 1. s i fastetida
24. febr
kl 1100
kl 1100
Matt 26,36-45
Ingen gudstenester i kommunen
2. s i fastetida Luk 13,22-30
Hafslo
Gudsteneste ved Kjell Sæter. Dåp. Offer til Sjelesorgsenteret Haraldsplass. Kyrkjelydens årsmøte. Kyrkjekaffi.
Dale
Gudsteneste ved Geir Paulsen Dåp Ofring kyrkjelydsarbeidet Kyrkjelydens årsmøte. Kaffi.
3. mars
kl 1100
3. s i fastetida
Joranger
kl 1930
Gaupne
Luk 22,28-34
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Nattverd. Offer til Menighetsfakultetet. Kyrkjelydens årsmøte. Kyrkjekaffi
Gudsteneste ved Geir Paulsen Ofring til Evangelisk Orientmisjon
10. mars 4. s i fastetida
kl 1100
Hafslo
kl 1100
Fortun
Joh 6,24-36
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Ofring til Lyngmo.
Høgmesse ved Geir Paulsen. Nattverd Ofring til Strømmestiftelsen
17. mars Maria bodskapsdag
kl 1100
Solvorn
Luk 1,39-45
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Kyrkjelydens årsmøte.
Kyrkjekaffi. Kyrkjebåt frå Ornes kl 10.15.
`Lys vaken`-gudsteneste ved Geir Paulsen og Marianne Moseng.
Misjonsgudsteneste ved Geir Paulsen og utsending frå misjonen. Ofring
til NMS. Nattverd. Årsmøte for NMS-Indre Sogn etter gudstenesta.
kl 0930
kl 1100
Fortun
Gaupne
Fredag 22. mars
Kl 1300
Jostedal
24. mars
kl 1130
kl 1430
kl 1100
Samling i kyrkja for Jostedal oppvekstsenter Geir Paulsen
Palmesundag
Hafslovatnet
Veitastrond
Jostedal
Joh. 12,1-13
Sportsand. ved Vegard Bondevik Lie. ”Hafslovatnet rundt” 20-årsjub.
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Dåp. Ofring til Kyrkjelydsarbeidet.
Gudsteneste med påskevandring. Geir Paulsen. Utdeling av 6-årsbøker
Søndagsskulen tek del. Aking m.m. etter gudstenesta.
26. mars tysdag i påskeveka
kl 1700
Hafslo oms.senter
Påskegudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Nattverd.
28. mars
kl 1100
kl 1130
kl 1930
Kl 1930
Skjærtorsdag
Ornes bedehus
Luster omsorgs
Fortun
Fet
Joh 13,1-17
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Nattverd. Ofring til Israelsmisjon
Gudsteneste ved Geir Paulsen. Nattverd.
Gudsteneste ved Geir Paulsen. Nattverd Ofring til Israelsmisjon
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Nattverd. Ofring til Kyrkjelydens
misjonsprosjekt i Mali.
29. mars
kl 1100
kl 1100
kl 1645
Langfredag
Solvorn
Nes
Gaupne omsorgs
Luk 22,39-23,46
Pasjonsgudsteneste ved Vegard Bondevik Lie Ofring
Pasjonsgudsteneste ved Geir Paulsen. Nattverd. Ofring til Israelsmisjon
Gudsteneste ved Geir Paulsen. Nattverd.
30. mars Påskenatt Mark 16,1-8
kl 2300
Gaupne Påskenattsmesse ved prestane, diakonen, kantorane Nattverd.
31. mars Påskedag
kl 1100
Hafslo
kl 1100
Dale
Joh 20,1-10
Høgtidsgudsteneste ved Vegard Bondevik Lie. Nattverd. Songgruppe?
Ofring til Kyrkjelydens misjonsprosjekt i Nepal.
Høgtidsgudst.ved Geir Paulsen. Dåp. Nattverd. Ofring til Israelsmisj.
Med atterhald om endringar!
KYRKJE OG HEIMBYGD
13
På julekonserten i Hafslo hadde Hafslo barnekor, Hafslo songlag, Hafslo mannskor, ei jentegruppe og nokre konfirmantar eit
fellesnummer.
Kyrkjemusikkveka 2013
Søndag 10. mars kl 19.30 Solvorn kyrkje
Tysdag 12. mars kl. 20.00 Veitastrond kapell
Torsdag 14. mars kl. 19.30 Fet kyrkje
Torsdag 14. mars kl. 19.30 Gaupne kyrkje, Songog musikk-kveld
Søndag 17. mars kl. 19.30 Hafslo kyrkje
Medverkande: Hafslo barnekor, Indre Hafslo
barnekor, Hafslo songlag, Hafslo mannskor. Dora
David – fløyte, Einar Bolstad, Birthe Sleppen
Josvanger og Heidi Urnes – song, Margrethe
Urdshals, Julie Fredheim, Kaja Marie Tangen Lihaug – song. Åse Marie Våge Beheim - klarinett,
Malene Elisabet Hatlevoll - piano
Konfirmantar – tek del m.a. med kyrkjekaffi på
dei ulike konsertane
Indre Hafslo barnekor hadde øvd inn
eit julespel til julekonserten i Fet.
Maria Molland spela
fløyte under
julekonserten i Fet.
Heidi Urnes og
Birthe Sleppen
Josvanger song.
14
KYRKJE OG HEIMBYGD
Kontortider og telefonar
til kyrkjekontoret
Besøksadresse: Pyramiden II
Postadresse: Pyramiden - 6868 GAUPNE
Ope måndag - fredag
kjernetid 09:00-15:00
Småbarnstreff: 14 og 28 februar, 14. mars, 11 og 25. april, 23. mai
Knøttekor og Torsd.klubb: 7. og 21. mars, 4. og 18. april, 2. mai
avslutning
Vinterleirar:
15-18. februar 21. - 24. februar
1. - 3. 9. mars Års
27-31. mars 5. apri
7. april
12-14.
26.-28. Leir for 5. - 7.klasse
Leir for 7. - 10. klasse
mars Inspirasjonshelg for kvinner
møte NLM Sogn
Fam.leir NLM
Vårbasar
Barnas supersøndag
april Regionårsmøte Normisjon/ACTA
Ordet og Israel
Hjarteleg takk!
Kyrkja i Luster og Sjømannskyrkja i London vil med dette rette
ein stor takk til verksemdene
Hans Nes Bygg AS
Sogn Alu Design Osvald Sjøthun
Øvrebø Fargehandel AS
Røyrleggjarservice Ola Skophamar AS
for betaling av reisa til sjømannsprest Thomas Wagle frå
London, slik at han kunne vere med i gravferda til Ingeborg
Skårhaug Solvi på Hafslo 12. desember 2012.
Dale sokn
Diakoniutvalet i Dale sokn, vil innby heimebuande pensjonistar til
middag m. kaffe, på Lustrabui, fredag 8.mars kl.14.
Eigendel: Kr.150,- pr. person. Litt underholdning.
Påmelding innan 1. mars 2013 til:
Oddlaug
Gerd
telf. 97651912.
telf. 40411106.
Indre Hafslo
spelemannslag med
ekstra solist Miriam Tverberg, song
på Indre Hafslo
barnelag sin julefest
30. des.
Heimesida til kyrkja i Luster: www. luster.kykja.no
KYRKJE OG HEIMBYGD
Kyrkjeverje Inga Reidun Sjøthun
Tlf 57685647
Kontortid. Måndag-fredag 9-15
e-post:
[email protected]
Sokneprest Geir Paulsen:
Tlf.: 57 68 56 40
M 90108179/p57685239
e-post: [email protected]
Kontortid onsdag 10-12,
torsdag 11-13 og fredag 10-14
Sokneprest Vegard Bondevik Lie
Tlf: 57685641- mob: 90619080
[email protected]
Kontortid: tysd., onsd. og torsd. 10-14
Vakttelefon for prestane i
Indre Sogn, frå kl.17.-08:
Nummer 95 48 33 74
Organistvikar Roland Johansson:
tlf 57 68 56 48,
e-post: [email protected]
Kontortid torsdag kl.10 – 12
Kantor Egil Einan:
tlf.:57 68 56 39
M41686972/p57684192
e-post: [email protected]
Kontortid torsdag 10-12
Diakon Orsolya Szechey:
Tilbake 18.mai
Tlf 57685649 • M 917 76 416
Kontortid måndag og torsdag 9-13
e-post: [email protected]
Redaktør for Kyrkje og Heimbygd
Marit Bøen
Tlf 57683945/ 91538565
e-post: [email protected]
Kyrkjelydssekretær Jorunn Gunnes Sie:
Tlf 57685648
e-post:[email protected]
Kontortid: tysdag og torsdag 9-15
Trusopplæringsleiar Marianne Moseng:
tlf.:57 68 56 39
M 90818858
e-post:[email protected]
Kontortid:
Tysdag – torsdag 9-15,
Kontorsekretær Øygunn Elin Saur
tlf.:57 68 56 50
e-post:
[email protected]
Kontortid: tysdag, torsdag og
annakvar fredag 9-15
Kontortidene er kjernetider,
ein kan gjera avtalar
utanom desse.
15
INFORMASJON
Tårnagenthelg
Tårnagentane i Jostedal med den gamle
døypefonten.
Klare til å smaka flaggermusgryta.
Både i Jostedal og Fet kyrkjer har det vore livleg i
januar. Ungar med vakne blikk og friske bein har vore
tårnagentar i kyrkjene. Me har laga oss flotte agentkort
med nummer og fingeravtrykk, og me har løyst mange
oppdrag, ikkje minst oppdrag gudsteneste, som var
avslutninga på helga. Under oppdrag tårnvandring
vart kyrkjeklokka grundig inspisert. Flaggermus fann
me ikkje. Bergljot (i Jostedal) og Jorunn (på Fet) må ha
fanga alle saman då dei laga maten, for begge stader
var det ”flaggermusgryte” som stod på menyen. Gryta
var kjempegod, og gjekk ned på høgkant.
Tårnagentane på Fet
syng tårnagentsongen.
16
KYRKJE OG HEIMBYGD