Høgskolen i Telemark Fakultet for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning Juli 2015 Til nye folkemusikk - og folkekunststudentar i Rauland Vi har gleda av å ynskje nye studentar velkomne til eit nytt studieår ved Institutt for folkekultur i Rauland. Studiestart er onsdag 19. august 09.00. Då vil du få ein gjennomgang av studieplanar, pensumlister og anna informasjon. Torsdag 20. og fredag 21. er satt av til faglege aktivitetar. På ettermiddags- og kveldstid blir det museumsbesøk, grilling og turar for å bli betre kjende med kvarandre og Rauland. Høgskolen i Telemark, Fakultet for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning har fire institutt, - tre på Notodden og eitt i Rauland. Institutt for folkekultur i Rauland har to studieretningar, folkemusikk og folkekunst (bachelor og master) og deltidsstudium innan maskinstrikking og design/ redesign. Institutt for folkekultur leiger undervisningslokaler av Raulandsakademiet A/S. Den primære aktiviteten i desse lokala er sjølvsagt den undervisninga og dei kulturelle aktivitetane som instituttet står for, men bygningane vert også nytta til kursverksemd, seminar og konsertar. Det er difor ein spanande studiestad du kjem til. For nærare informasjon om studieplanar og litteraturlister, sjå: http://www.hit.no Studentsamskipnaden i Telemark, Sitel, tlf. 35 02 66 42, kan hjelpe deg med å finne ein plass å bu. På www.sitel.no kan du få meir info om studentbustaden i Rauland. Det er også mogleg å leige hus/hytter/hyblar på den private marknaden. I tillegg til semesteravgift, må studentar på Folkekunst (års - og bachelorstudiet) betale kr. 1500,- pr. semester i fellesmateriell. Materiell til estetiske fag kan du få kjøpt på instituttkontoret, og det kjem på ca. kr. 1500,-. Instituttet har ein del instrument som folkemusikkstudentane kan leige. For informasjon om offentleg transport til Rauland, kan du ringe Telemark bilruter A/S tlf. 35 06 54 00, www.telemarkbil.no, eller Haukeliekspressen www.nbe.no Så snart du har fått tilbod om studieplass kan du sende inn søknad om studielån. Informasjon om Lånekassen finn du på: www.lanekassen.no Frå torsdag 27.august - søndag 30.august er du som student på folkemusikk invitert til Nordsjøfestivalen i Farsund. Du vil få meir informasjon om dette ved studiestart. VEL MØTT! Helsing Bodil Akselvoll instituttleiar Fakultet for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning, 3864 Rauland Telefon: 35 95 29 00 Folkemusikk, årsstudium og Folkemusikk, bachelor Folkekunst – tre – metall - tekstil, årsstudium og Folkekunst, bachelor Val av hovudinstrument: Av omsyn til planlegginga, ber vi deg melde frå kva du ynskjer som hovudinstrument (evt. sang/kveding) Val av verkstadfag: Verkstadfag utgjer om lag 60 % av studiet. I verkstadfag kan ein velje mellom tre, metall og tekstil som materiale. Ta kontakt med klasseleiar Per Åsmund Omholt tlf: 35 95 29 13, e-post: [email protected], dersom du er usikker. Studietur: Tidleg i haustsemesteret vert det arrangert ein obligatorisk studietur. Utgifter til denne turen vil kome på om lag 3000 kr. Send namn og val av hovudinstrument til: Send namn og val av verkstadfag til: [email protected] [email protected] Du kan velje mellom: Metall Tre Tekstil Har du svara på Questback sendt ut frå oss kan du sjå bort frå dette Fakultet for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning, 3864 Rauland Telefon: 35 95 29 00
© Copyright 2024