Avis 31 290813 - Øy

Boligspesialisten i gisKe
selge Bolig?
Kontakt meg i dag for
en gratis verdivurdering
Audun Sjøholt
mob 906 03 774
[email protected]
www.notar.no
Nr. 31 torsdag 29. august 2013 - 29. årgang www.oyblikk.no
Laussal kr 20,-
Øy-Blikk konkurs
Giske-barn i
Travis
musikkvideo
Oppbod: Styret i avisselskapet Øyblikk AS
måtte i går gå den tunge vegen til Sunnmøre
Tingrett for å melde oppbod i drifta. Avisa
har i fleire år slite med svak økonomi. Trass i
hardt arbeid for å finne løysingar, har svikt i
inntektene gjort at det ikkje lenger var forsvarleg med vidare drift.
Slutt: Dermed er det, etter 28 år med lokalavisa Øy-Blikk, slutt på avisdrift i Giske. Planen
var å gi ut siste nummer som papiravis i dag,
29. august. Men etter at konkurs blei opna på
onsdag nekta bustyret å trykke fleire nummer
av Øy-Blikk. Dermed blir siste avisa kun å lese
som pdf på nettet.
Side 4
Trusopplæring
til sjøs
Ingrid Louise Giskegjerde
(på biletet), Ylva Giske, Vetle Eliassen og Elias Synes
Erstad dansar seg gjennom
kvar ei einaste låt i Travis
sitt nye album. Det blir det
flotte musikkvideoar og fin
Giske-reklame av.
SIDE 3
Trusopplæring kan vere så mykje. Nyleg
har Valderøy sokneråd, med Gunnar
Roaldsnes i spissen, starta praktisk
sjøgruppe for femteklassingar på øya.
Dei 20 påmelde får testa seg på sjøen og
i fjøra med med massevis av både nye og
tradisjonsrike aktivitetar.
SIDE 11
Veke 35
KULTUR:
Metalcorebandet Sons of
Absolution
Side 6-7
FOLK MED SUKSESS
Møt Kathrine
Synnes Finnskog
Side 8-9
POLITIKK:
Styrk kan bli
stortingsrepresentant
Side 12
SEGLING: Alle får bli med og sigle færingen medan Gunnar
Roaldsnes fortel om gamle båttradisjonar og namna på alt om
bord.
Foto: Carina Giskegjerde
Tilbudene gjelder t.o.m. lørdag 31/8.
Finn din nærmeste butikk på www.spar.no
Reinsdyrstek
Naturlig Sunt
HØSTEN
NYT
RS
AT
O
-N
149
00
-
benfri, surret, fryst, pr kg, Gilde
SM
KT
R A DIS J O N
Grovbrød/Mors brød, 750 g,
Bakers 26,53/kg
19
90
Bli med
på den store
”Brødblings”konkurransen
i butikk.
Begrensninger på tilbudene kan forekomme. Vi tar forbehold om trykkfeil og utsolgte varer. Salg kun til private husholdninger.
Norvegia
pr kg, Tine
59
90
Alltid tilbud på noe godt!
ord for dagen:
Torsdag
29. august
2013
Veke 35
Ubunden lokalavis for Giske
Gode ord gjer stundom store verk
Norsk ordtak
Ansvarleg redaktør:
Jan Erik Andreassen
Utgjevar: Øy-Blikk AS
Eit lite
:
so sa øss
!
Takk for oss!
Alle ting har ein ende, ingen ting varer evig.
Dette veit vi, slik er naturen. Likevel er det slik at
når det skal setjast eit endeleg punktum, særleg
etter eit kapittel som har vore kjekt, spennande
og lærerikt, så utløyser det mange ulike kjensler.
namnedagar
Vi to som skriv desse orda, og som har skrive dei
fleste orda som har stått på trykk i Øy-Blikk dei
siste åra, har fått dele eit flott, men etter kvart
litt vel spennande, kapittel i Øy-Blikk si historie.
Vi kom inn som journalistar på starten av året
2011 og møtte eit lite, men høgst profesjonelt og
hardt arbeidande avismiljø. Og rundt dette vesle
redaksjonsmiljøet eit levande lokalsamfunn med
mange engasjerte innbyggjarar. I dette miljøet
har vi lært og opplevd mykje positivt og møtt
mange flotte menneske.
Det å drive ei lita lokalavis i våre dagar kan
minne om å balansere på line, utan sikringsnett.
På den eine sida er det utruleg kjekt og utfordrande. Men på den andre sida er det nesten uråd å få
økonomien til å henge i hop. Øy-Blikk har slite
med dårleg, til tider svært dårleg, økonomi dei
siste åra. Sjølv om vi har stramma inn på utgiftene, kutta i stillingar og gjort mange ulike forsøk
på å styrke inntektene så har det dessverre ikkje
nytta. Marginane er små og mange faktorar har
til saman gjort det vanskeleg, og til slutt uråd, å
få lønsemd i drifta.
At vårt kapittel i avisa også skulle bli det siste
kapitlet i soga til Øy-Blikk hadde vi likevel ikkje
trudd. Vi to er sikra, - på mandag er vi på plass
i kvar vår nye og utfordrande jobb. Men i ØyBlikkredaksjonen skal ingen gå på jobb lenger og
dessverre blir ein god kollega no arbeidslaus. Og i
postkassene vil det ikkje lenger ligge eit fersk eksemplar av Øy-Blikk kvar torsdag morgon. Vi har
prøvd å vere ein fri og freidig informasjonskanal for hendingar og meiningar. Og vi trur at ei
lokalavis har ei viktig rolle å spele i eit samfunn
som Giske.
Heilt til slutt vil vi takke styret i avisa som har
kjempa for å sikre vidare drift, alle vi har møtt
og samarbeidd med desse åra, og, framfor alt, alle
lesarar, abonnentar og annonsørar. Takk for oss!
Jan Erik Andreassen
Carina Giskegjerde
[email protected]
[email protected]
Øy-Blikk arbeider etter “Ver Varsam” plakaten og øvrige etiske retningsliner som vert
lagde til grunn i norsk presse. Den som meiner seg råka av urett-messig avisomtale,
vert oppmoda om å kontakte redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. Organet handsamar klager mot pressa i
etiske spørsmål.
Sul’ opp: Avslutte. Dei he no
sula opp, no.
”Å, sei du det...?”
av Kjell Einar Fjørtoft
Fredag 30. august: Benjamin
og Ben (Felix og Adauctus),
laurdag 31. august: Berta og
Berte (Bertha), søndag 1. september: Solveig og Solvor (Ægidius), måndag 2. september:
Lisa, Lise og Liss (Elisa), tysdag
3. september: Alvhild og Alise
(Serafia), onsdag 4. september:
Ida og Idar (Ida, Cuthberti translatio), torsdag 5. september:
Brede og Brian (Bertinus).
Namna i parentes er frå
den gamle almanakken, brukt
fram til 1912.
gudsteneste
Søndag 1. sept. – 15. søndag i
treeiningstida
Giske kyrkje kl. 11.00.
Høgmesse. Geir Sakseid.
Konfirmantpresentasjon.
50-årskonfirmanter.
Offer: Radio Sentrum
Telefon: 70 18 63 80
Faks: 70 18 63 90
Tipstelefon: 917 10 624
Øysenteret,
6050 Valderøy
www.oyblikk.no
e-post:
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Annonsefrist:
Forretningsannonsar:
Måndag kl. 12.00
Privatannonsar:
Måndag kl. 16.00
Vi vil gratulere Fredrik
Presterud Rørvik med
vel overstått 4-årsdag
den 22.08. Glad i
deg. Kjærleg helsing
farmor og farfar.
Hipp, hipp hurra og
gratulerer med dagen
til gulljenta vår Frida
som fyller 3 år fredag
30. august. Klem fra
Ada (i bakgrunnen)
og Besta på Roald.
Amelia Haahjem
Skomsøy.
Hipp hurra for
Amelia som blei 4 år
igår 28.08.13. Oss
e kjempegla i deg!
Stor bursdagsklem
fra Julia, mamma og
pappa:)
Gratulere so masse
med 12 års dagen
imårga kjære kjekke
Teodor! Oss e so
gla i dej og gle oss
til å feire dej! Store
bursdagsklemma fra
Lucas Mio, Tordis
Sofie, Inger Anne og
Frode
Erik Lorgen fyller 8
år fredag 30. august.
Han er bortreist på
dagen saman med
besten som fyller 70
år same dag.
Besta gratulerer
begge dei spreke
gromgutane med
dagane!
Godøyfjellet kl. 15.00.
Friluftsgudsteneste.
Geir Sakseid.
I samarbeid med Godøy IL.
Bilethelsingar i Øy-Blikk
er GRATIS (max. 30 ord)
Helsingar med kunngjering
av tid og stad for feiringa
kostar 110 kroner. Vi oppfordrar alle til å bruke fullt
namn på den eller dei som
vert gratulert.
Helsingar kan sendast på
e-post til:
Nora Louise Weidemann Grimstad og Maria
Grimstad Nordstrand. Vi vil gratulere dei to
snille barnebarna våre med bursdagane i
sommar. Nora fyller 10 år 31. august, og Maria
vart 7 år 17. juni. Vi gler oss til storfeiring i
Trondheim til helga. Bursdagsklemmar frå
bestefar og bestemor/mormor.
Fleire helsingar
på side 18
takk
Erik fyller 8 år!
Vår herlige, snille og
kreative gutt fyller 8
år den 30.august.
Hvis du baker kake,
så skal du få gaver ;)
Vi er enormt glade i
deg og håper du får
en super bursdag :)
Masse kos og klem fra
Henrik, mamma og
pappa.
[email protected]
Legg ved frankert konvolutt
dersom du ønskjer biletet
sendt i retur. Siste frist for
innlevering av helsingar og
takkeannonser er tirsdag
klokka 12.00.
PFU, Rådhusgt. 17, 0158 OSLO.
Tlf. 22 40 50 40, fax. 22 40 50 55
Øy-Blikk kjem ut kvar torsdag
Vi vil gratulere Eirik
Sagevik Klokk i Florø
med 8 års dagen 29.
august. Stor klem fra
farmor og farfar.
Ansvarleg redaktør og
dagl. leiar
Jan Erik Andreassen
[email protected]
Journalist:
Carina Giskegjerde
[email protected]
Takk!
Tusen takk til alle som gledde meg med gaver, blomster og
helsinger på min 80-årsdag. Takk til familien, slekt og gode venner
som gjorde dagen fin og minnerik for meg.
Jenny Valderhaug.
Annonsekonsulent:
Anniken Westad (vikar)
[email protected]
Grafisk medarbeider:
Marcus Murphy
[email protected]
Frilans:
Rolf Hansen
Per Ove Stige
Trykk: Polaristrykk as
Sats og montasje:
Øy-Blikk
TIPS ØY-BLIKK
PÅ TELEFON:
917 10 624
Treffast på dette tlfnr. fredag etter kl. 16.00
dato til venstre
2
Torsdag 29. august 2013
øyglimt
Øyriket Giske
Giske kommune omfattar dei fire øyane Vigra, Valderøya,
Giske og Godøya. Øyriket har til saman 7.528 (1. januar) innbyggjarar. Øyane er bundne saman med tunnel og bruer, og kommunen er knytt til fastlandet med undersjøiske tunnelar.
sol og måne
Torsdag 29. august
Sola opp kl. 6.15, i sør kl. 13.37,
ned kl. 20.56. Dagen har avtatt 5
t 21 min. fra sommersolverv. Månen i sør kl. 8.03, ned kl. 17.15,
opp kl. 23.40.
flo og fjøre
30 Aug
Fjære Flo Fjære Flo kl. 0.32
6.58
13.09
19.28
m.
0,9
1,5
1,0
1,5
31 Aug Fjære Flo Fjære Flo kl. 2.04 8.33 14.36 20.45 m.
0,9
1,5
1,0
1,5
1 Sep Fjære Flo Fjære Flo kl. 3.16 9.40 15.37 21.41 m.
0,8
1,6
0,9
1,6
2 Sep Fjære Flo Fjære Flo kl. 4.07 10.26 16.21 22.23 m.
0,7
1,6
0,8
1,7
3 Sep Fjære Flo Fjære Flo kl. 4.45 11.01 16.56 22.58 m.
0,6
1,7
0,7
1,9
4 Sep Fjære Flo Fjære Flo kl.
5.19 11.33 17.28 23.32 m.
0,5
1,8
0,6
2,0
5 Sep Fjære Flo Fjære kl. 5.50 12.02 17.59 m.
0,4
1,9
0,5
12
GULROT
BAMA bunt 1 kg
Vetle Eliassen, Ylva Giske, Ingrid Louise Giskegjerde og Elias Synes Erstad stiller seg opp slik dei gjorde då dei var med i musikkvideoane til Travis.
Foto: Carina Giskegjerde
Stjerner i musikkvideoane til Travis
Fire små dansarar, tre
frå Giske og ein frå Flisneset har fått seg litt av
ei oppleving. Dei utgjer
det meste av musikkvideoane til Travis si nye
plate som blir streama
på YouTube.
CARINA GISKEGJERDE
på kriblingane i magen, i tillegg til sting da. For ein heil
time stod dei der og dansa alt
dei kunne. Kvar av dei elleve
songane på albumet skulle
ha sin dans, og slikt kjenner
ein godt på pusten også. Men
det ser ut til at det var verd
alt strevet.
– Den kom på 3. plass i England, opplyser Ingrid om det
nye albumet.
– Kor mange r undt om i
verda er det som har sett dykk
danse da?
– Det er fleire tusen det, svarer
Ingrid sikkert og legg til at dei
har på ein måte blitt kjendisar no. Og litt av det fekk
i alle fall giskingane merke
på skulen.
– Det var litt flaut då dei viste
den på skulen. Dei flira av oss
og alle klappa, fortel Ingrid
med litt dramatikk, men med
eit smil på lur. Det høyres
ut som om det var ganske
stas. Elias, som går på skule
på Flisneset, har ikkje hatt
skuleframsyning, men læraren hans hadde likevel sett
videoen utan at Elias hadde
nemnt noko for han.
[email protected]
Med musikken til Travis spelande lågt i bakgrunn fann
Vetle Eliassen, Ylva Giske,
Ingrid Louise Giskegjerde
og Elias Synes Erstad plassane sine i høgt gras ute på
Kvalneset. Litt blyge først - for
skulle dei stå der ute i graset
og danse? Turistar og andre
folk som tilfeldigvis var på
Kvalneset stoppa opp og stod
der og såg på medan innspelinga pågjekk.
– Først stod vi der heilt stille.
Det var flaut, men så klarte vi
det, fortel Ingrid. Både ho og
resten av gjengen kjente godt
90
pr.stk
BANAN
BAMA
9
90
pr.kg
Skjermbilete frå musikkvideoen til Moving av Travis på YouTube.
49
00
pr.kg
TORSKESKIVER AV SKREI
LØVOLD 1 kg frysevare
49
GULOST
SYNNØVE FINDEN ca 1 kg
90
pr.kg
19
90
pr. stk
OMO ULTRA HVITT/
COLOR
LILLEBORG 1,17 kg, 0,74/vask
bunnpris.no • facebook.com/bunnpris.no • mobil.bunnpris.no
Gjelder t.o.m. 1. september og kun private husholdninger. Forbehold om prisendringer, trykkfeil og utsolgte varer.
dato til høyre
Torsdag 29. august 2013
3
nytt
Ope møte om samhandlingsreformen
Det er tei tid sidan samhandlingsreformen vart innført. Pensjonistlaget på Valderøya har snappa opp at her er mange spørsmål knytt til
denne reformen blant innbyggjarane i Giske. For kva inneber denne
reformen eigentleg og korleis handterer Giske kommune dei nye
situasjonane som oppstår? Det skal vere tema når pensjonistlaget
inviterer til ope møte i Skomakar kafé ved Giske omsorgssenter
tysdag 3. september. Anne Lise Hessen Følsvik i pensjonislaget fortel
til Øy-Blikk at dei inviterer alle som er interesserte i å få vite meir om
samhandlingsreformen – både helsepersonell, vanleg publikum og
politikarar sjølvsagt. Styremedlem i Pensjonistforbundet og pensjonert geriater Odd Roe Skogen, kommunalsjef May Helen Molvær
Grimstad, Harald Hole frå eldrerådet, Kåre Sæter frå pårørandeforeninga og Hermod Flaaen frå legekontoret vil vere til stades på
møtet for å tilføre kunnskap om reformen og situasjonen i Giske.
SORGENS DAG: Både styreleiar Anne-Lise Roald og nestleiar Kåre Sæter er svært leie for at det no er kroken på
døra for Øy-Blikk. Her studerer dei nokre av dei første utgåvene av avisa. Foto: Jan Erik Andreassen
Slutt for Øy-Blikk
Etter 28 år er det slutt for
lokalavisa i Giske. I går
vedtok styret i Øy-Blikk
å gå til skifteretten for å
melde oppbod for selskapet.
JAN ERIK ANDREASSEN
[email protected]
Selskapet Øyblikk AS, som eig
og gir ut Øy-Blikk, har i fleire
år slite med dårleg økonomi.
Kvart år sidan 2010 har avisa
gått med underskot, sjølv om
mange grep har vore tatt slik at
rekneskapen har vist litt framgang år for år. Den siste tida har
det vore jobba hardt for å finne
fram til måtar der avisa og avisdrifta kunne sikrast på. Dette
arbeidet har ikkje ført fram og
no såg ikkje styret anna utveg
enn å melde oppbod.
Sorgens dag
– Dette er ein sorgens dag,
ikkje berre for avisselskapet
og dei tilsette, men også for
lokalsamf unnet vårt, seier
styreleiar Anne-Lise Roald i
ein kommentar. – Vi føler at
styret har kjempa saman med
dei tilsette i lang tid for å snu
trenden. Men no måtte vi berre
ta konsekvensen av situasjonen
slik han er og gjere det vi er
pliktige til etter aksjelova, forklarer styreleiaren.
Fleire årsaker
Det er truleg mange ulike årsaker som til saman har knekt
avisselskapet Øyblikk AS. Ein
viktig faktor har vore sviktande inntekter frå annonsesal.
Giske har eit heller avgrensa
handelstilbod og dermed blir
også annonsemarknaden for
ei lokalavis begrensa. Mykje
av annonsering frå dei store
kjedane går også i eigne reklameaviser, noko som gjer det
endå vanskelegare å skaffe inntekter. Som eit resultat av dette
samarbeidde Øy-Blikk i fleire år
med Haramsnytt og Sulaposten
for å hente annonser utanom
eigen kommune. I starten ga
dette litt ekstra inntekter, men
i 2012 gjekk også dette samarbeidet i minus.
For å bøte på sviktande inntekter har avisleiinga tatt grep
for å knipe inn på utgiftene. I
samband med skifte av redaktør og dagleg leiar i fjor blei
personalet redusert med ei heil
stilling. Ei stund etter dette såg
det ut til at økonomien tok seg
opp, men svikt i inntektene
det siste halvåret har gjort at
selskapet no ikkje lenger hadde
likviditet til å halde fram drifta.
Ville sikre drifta
Det siste halvåret har styret ar-
beidd svært aktivt for å forsøke
å få inn frisk kapital for å sikre
vidare drift. Fleire eksterne interessentar har vore inne i biletet og vist interesse for å gå inn i
selskapet. Ei stund såg det ut til
at det skulle gå i orden med ny
kapital, men til slutt viste deg
seg at ein ikkje greidde å kome
opp i den summen som skulle
til for å få til forsvarleg drift.
Øyblikk AS har dei siste åra
vore eit aksjeselskap med ein
hovudaksjonær som eig om
lag halve selskapet på den eine
sida, og ei lang rekkje småaksjonærar som stort sett eig mindre
enn ein prosent av aksjane.
Mellom desse grupperingane
står Haramsnytt AS som eig vel
16 prosent av aksjane. Ingen av
aksjonærane har vore aktuelle
for å gå inn med meir kapital
eller på andre måtar engasjere
seg meir i drifta av selskapet.
Ny avis?
Både styreleiar Anne-Lise Roald
og nestleiar Kåre Sæter seier seg
leie for at det no blir slutt på
avisdrifta og vonar at det på ein
eller annan måte kan kome eit
nytt avisselskap i Giske. – Vi håper at Øy-Blikk er eit selskap og
ei avis som blir så sterkt sakna
at nokon vil prøve å etablere
ein ny lokalavis, meiner dei to.
Ein misser jobben
Det siste året har Øy-Blikk
hatt fire tilsette som til saman
har utgjort 3,6 årsverk. Både
redaktør og journalist sa før
ferien opp stillingane sine og
dei startar i nye jobbar 1. september. Ei heil stilling innan
sal og administrasjon har siste
tida stått ledig medan ein grafisk medarbeider i 60 prosent
stilling blir arbeidslaus ved
konkursen i Øy-Blikk.
dato til venstre
4
Torsdag 29. august 2013
Vil ha Randi Sjåvåg til den nasjonale Frivillighetsprisen
Kultursjef Frode Synnes har lagt fram forslag om å fremje Årets
Eldsjel 2012, Randi Sjåvåg, som kommunen sin kandidat til
den nasjonale Frivillighetsprisen 2013. Dette er ein nasjonal
pris som kan bli gitt til ein initiativrik person, lokal foreining
eller gruppe som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet. Det er organisasjonen Frivillighet Norge som deler ut
prisen, og jakta på årets vinnar skjer mellom anna gjennom
ein presentasjon på TV2. Kommunene er oppfordra til å fremje
ein kanditat kvar, vidare blir det kåra ein vinnar frå kvart fylke,
før ein nasjonal jury plukkar ut fem mellomrundekandidatar
som vert presentert på TV2. Sjåarane får høve til å stemme
fram årets frivillige, og vinnaren blir presentert på FNs internasjonale dag for frivilleg engasjement 5. desember. Dei to siste
åra har formannskapet vedteke å fremje Årets eldsjel, kåra av
Øy-Blikk og Sparebanken Møre. I fjor vart eldsjel Hans Petter
Godø fylkesvinnar av Frivillighetsprisen i Møre og Romsdal
og eldsjel Kåre Sæter vart i 2011 ein av fem kandidatar som
vart presentert på TV2. Formannskapet skal behandle saka
om årets kandidat frå Giske i møtet 2. september.
Fisk på timeplanen
Om lag tusen 10.klasseelever frå heile fylket
var samla i Sparebanken
Møre Arena sist veke for
å få ein forsmak på fiskerinæringa. Frå Valderøy
ungdomsskule sat 83
elevar og seks lærarar på
ei fullsett tribune.
I timane før Matfestsivalen i
Ålesund vart opna stod tradisjonen tru Fiskeflåtens Ungdomsmønstring på plakaten.
Det er Sunnmøre og Romsdal
Fiskesalslag, Møre og Romsdal Fiskarlag, Aalesund rederiforening og Fiskefaglig
Opplæringskontor for Møre og
Romsdal som står bakom arrangementet. For fyrste gong
trakk arrangementet innandørs
i Sparebanken Møre Arena. Det
gjorde også sitt til at arrangøren
kunne trekkje til seg fleire ungdomar enn tidlegare år.
- Tidlegare har vi hatt ei grense
på 500, og då har vi fått med
oss store delar av Sunnmøre.
Når vi no kan doble talet på
elevar, fangar vi breitt over
heile fylket. 1000 elevar er nok
maksimalt av det vi kan få inn
her, seier informasjonsleiar
Oddbjørn Skarbøvik i Aalesund
Rederiforening.
Rekruttering
Hensikta med massemønstringa er å formidle moglegheitene
som er i bransjen. Frå scena
kunne elevane mellom anna
høyre skippar og reiar Ståle
Dyb frå Loran AS på Godøya
og styrmann og skippar Mats
Grimstad frå Nordnes AS fortelle om den maritime næringa.
Nordnes AS vart kåra til årets
opplæringsverksemd i 2012. I
FISKERIKUNNSKAP: Tre lokale representantar som kunne fortelje elevane mykje om fiskeri og fiskerinæringa. Frå v: Mats Grimstad (Nordnes AS), Ståle
Dyb (Loran AS) og Arne Tunheim (Ålesund v.g.s/Havung AS).
Tekst og foto: Rolf Hansen
tillegg til at lærar og primus
motor for fiskerifagleg opplæring, Arne Tunheim, orienterte
om norsk sjømatnæring.
- Havet er ei utømmeleg gullgruve. Det er ur-instinktet i
mennesket som gjer at vi fiskar
maten vi et derifrå. I tillegg
er det eit godt betalt yrke for
mange, seier Tunheim.
Dei tre i panelet på scena
kunne fortelle om eit yrke med
mykje fri, godt og romsleg med
pengar, men også med intensiv
og hard jobbing.
- Yrket sett krav til høg arbeidsmoral, og held kroppen sunn
og rask. Det er ikkje naudsynt
med store musklar, men ein
skal vere sterk mentalt. Ein
må tåle å vere borte frå mor og
kone i vekevis, og ein må klare
å leve tett på kvarandre. Eg har
aldri angra ein dag i dei 35 åra
eg har vore i bransjen, seier
Ståle Dyb.
Blanda stemning
I salen sat mange ungdommar
som ikkje har bestemt seg for
kva dei vil jobbe med eller kva
slags utdanning dei skal velje
til hausten. Nokre fann den
maritime bransjen interessant
ut frå kva som vart sagt i Sparebanken Møre Arena. Andre
hadde tatt sine val før dei kom,
medan dei fleste er i tvil om kva
dei skal bli når dei vert store.
Alle tre grupper var representert blant dei elevane vi prata
med frå Valderøya.
- Dette yrket høyrdest kjekt ut.
Spennande jobb med litt action
i arbeidsdagen. Godt betalt og
mykje fri, og tid til å gjere det
ein vil. Eg har tenkt tanken
om fiskeriyrket tidlegare, seier
Øyvind Gjendem.
- Eg skal bli politi, slår Eirin
Godø fast.
- Kanskje, eg er litt usikker, svarar Andreas Blindheim.
- Eg skal på sjøen, men det vert
truleg som maskinist, rundar
Vetle Valderhaug av.
KrF fyller 80 år!
Vi markerer jubileet på Alnes Bedehus
søndag 1. september kl. 13.00
Appellar ved:
1. kandidat Rigmor Andersen Eide
3. kandidat Simon Molvær Grimstad.
Fylkesleiar Arild Iversen tek del.
Song ved Sonja Remmen Alnes.
Matservering (Ordføraren lagar fiskesuppe)
Andre lokallag i KrF er også inviterte.
Kom og feir dagen i lag med oss!
Små og store, medlemmar og andre interesserte
- hjarteleg velkomne!
Eit lite knippe av elevane frå Valderøy Ungdomsskule på Ungdomsmønstringa i Sparebanken Møre Arena.
Foto: Rolf Hansen
dato til høyre
Torsdag 29. august 2013
Giske KrF
5
Mørke br
I løpet av sommaren har
metalcore-bandet Sons
of Absolution mellom
anna stått på scena på
John Dee i Oslo, Raumarock i Åndalsnes og
Jugendfest i Ålesund,
og dei har sikra seg tre
dagar med innspeling i
studioet Ocean Sound
Recordings på Giske. Fire
av gutane i bandet bur i
Giske.
ein son som hadde høyrt oss
på radio. Han spurte om det
var eit monster som sang. Født
av djevelen liksom? fortel den
lyslugga brølaren som smilte
mellom kvart brøl under konserten.
– Det er ikkje satanistisk. Vi
berre liker slik musikk i grunn,
skyt Ole Kristian Skjong inn –
også han ifrå Giske kommune.
Av seks bandmedlemmar er
fire av dei busett i Giske. Tre av
dei har vakse opp her. Adrian
CARINA GISKEGJERDE
BRAZZ: Tre brazz-brør i spissen for musikalsk oktoberfest. Frå venstre: Runar, Stein Erik og Terje, alle med etternamnet Tafjord. Bak: Roar Brunstad, Asbjørn Rørvik og Siv Merethe Hatlen.
Tekst og foto: Rolf Hansen
Øver med dei beste
Ungdomsmusikken
førebur seg til Oktoberfest. Difor ligg korpset
i hardtrening for tida.
På laget har dei fått dei
velkjente The Brazz
Brothers til å hjelpe seg
- og korpset har eit von
om å trekkje nye medlemmar til seg.
Terje Tafjord er musikalsk
leiar i Ungdomsmusikken på
Valderøya. Dei står framfor
sin første Oktoberfest nokon sinne. På laget har den
musikalske leiaren fått med
seg brørne sine frå The Brazz
Brothers. Dei er tre av eit
populært profesjonelt jazzensemble, som har eksistert
i 32 år.
- Stein Erik Tafjord skriv mykje
musikk for gruppa deira, og
denne gongen står han for 80
prosent av musikken til oktoberfesten. Då er det sjølvsagt
svært fasinerande å få kunne
øve til musikken saman med
han og brørne. Det er også
svært inspirerande. Spesielt
sidan ein sjølv har hatt dei
som lærar i ungdomen, seier
Siv Merethe Hatlen.
The Brazz Brothers har tette
band til kor psmusik k, og
øvingshelga på Valderøya i
helga var berre ei av mange.
- Vi er frå Langevåg, og har
hatt vår oppvekst i korpsmusikken. Det er ein strålande
moglegheit til å treffe folk.
Korps har alltid vore ein organisert musikkskule for barn.
Vi speler mykje konsertar,
men hjelper til i korps innimellom. Det er godt å få kome
ut til andre musikkinteresserte, for å prate litt, og lufte
idear og tankar vi ber på, seier
Stein Erik Tafjord.
Alle velkomen
Ungdomsmusik ken er no
inne i dei siste førebuingane
til oktoberfesten. Korpset har
ei stabil medlemsmasse, men
ønskjer seg alltid nye medlemmar. Det gjeld både innflyttarar til kommunen og barn.
- Vi treng fleire folk, og kunne
godt tenkt oss å forsterke alle
grupperingar i korpset, så all
rekruttering er hjarteleg velkomen. Instrument ordnar vi,
seier Roar Brunstad.
Oktoberfest
Ungdomsmusikken skal for
første gong arrangere Oktoberfest. Laurdag 28. oktober
har korpset von om å samle
både lokale og tilreisande på
Mjølner til fest i beste München-stil. Ungdomsmusikken
er ein erfaren arrangør, og
no har dei noko heilt nytt på
plakaten.
- For å treffe alle publikumsgrupper, vert det ein konsert
tidleg på dagen. På kvelden
vert det øltelt og full Oktoberfest med ompaompa-musikk
og alt som høyrer med. Vi
gler oss enormt, og har tru
på at dette vert noko alle i
nærmiljøet set pris på. Dette
er eit tiltak for å lage litt liv
og røre i kommunen, og ein
oktoberfest har det aldri vore
i Giske kommune før, seier
Asbjørn Rørvik.
[email protected]
Andre og siste dag på Jugendfest. Det er framleis lyst, klokka
har så vidt bikka 18.30. Sons of
Absolution, første bandet for
kvelden, brøler frå scena. Litt
overraskande er det seks unge
gutar med dongeriskjorter og
collagejakker som startar festen hardt og brutalt, og han
som brøler verst er 17 år gamle
Adrian Grimstad frå Giske.
– Ei vi møtte backstage har
Sons of Absolution har vore på
førsteplass på Urørt si toppliste i
sjangeren hard rock/metal.
METALCORE: Sons of Absolution spelte på Raumarock i juni og på
Jugendfest i august. Dei skildrar musikken som metalcore med harde
og rolege parti blanda med fengande refreng.
Foto: Maria Finnøy Fagervoll
Stein Erik Tafjord, sjølve “storebroren” i Brazz Brothers, er ein inspirerande musikkinstruktør, noko han viste til
fulle på øvingshelga med ungdomsmusikken.
Foto: Rolf Hansen
dato til venstre
6
Torsdag 29. august 2013
røl frå store scener
Grimstad på Giske, Ole Kristian Skjong og Mads Valkvæ
på Godøya. Det er om lag eitt
år sidan dei etablerte seg som
gruppe, og på kort tid har
dei erobra fleire store scener i
landet. På Jugendfest er det til
dømes andre gong dei speler på
same festival som Turboneger
og møter bandmedlemmane
backstage. Første gong var på
Raumarock på Åndalsnes tidlegare i sommar.
Tromma saman bandet
Bandet kom i hop med den eine
etter den andre. Hovudgitarist
og låtskrivar Kristian Fagervoll
og rytmegitarist Joakim Dahl
Giske frå Skjodje starta opp det
heile. Dei fekk med seg trommis Jørgen Nesje frå Ålesund,
medan dei måtte på Facebook
for å finne vokalisten. Der såg
dei ein video med Mads Valkvæ
gjennom ein felles ven.
– Mats tok kontakt med meg.
Dei ville ha med seg ein som
brølte. Og eg spurte vidare om
Ole Kristian ville bli med og
spele bass, fortel Adrian.
– Eg spelte eigentleg gitar, men
kjøpte meg ein bass og så vart
eg med, seier Ole Kristian.
Urørt
Første demoen la dei ut på
YouTube om lag tre månader
seinare, og samtidig registrerte
dei seg med profil på Urørt på
NRK P3 der uetablerte norske
band kan promotere musikken
sin. Etter ei dryg veke hadde dei
over 1000 last og lytt på Urørt.
No har Sons of Absolution godt
over 3000. Dei har fleire veker
vore på førsteplass på Urørt si
toppliste i sjangeren Hard rock/
metal, og dei har ein 8. plass på
lista som gjeld for heile 2012.
Låtskrivar Kristian Fagervoll
fortel at han skriv om alt mogeleg, særleg det som kan oppmode til kritisk tenking. Sjølv
om musikken er mørk med
fleire harde parti er det ikkje
satanistisk bodskap i musikken.
Battle of Bands
Å stå på plakaten i lag med Turboneger, Steve Angello og Rival Sons er
stort for eit lokalt og relativt nyetablert band.
Sons of Absolution har ikkje
spelt på heimebane i Giske
kommune enno. Dei hadde planer om å delta i UKM i Giske,
men vart forhindra då Ole
Kristian hamna på sjukehus
like før. Men konsertar har dei
likevel halde i massevis.
– Første konserten vår var i
konkurransen Battle of Bands.
Vi kom på 2. plass og vart endå
meir gira på å halde fram med
det vi har starta, fortel bassist
Ole Kristian Skjong. Konkurransen var i Kaihuset i Ørsta 1.
desember i fjor. Battle of Bands
førte dei også til hovudstaden
no i juni der dei der dei stod på
scena på John Dee.
– Vi kom ikkje vidare, men det
var ganske stort, fortel Adrian
Grimstad.
Øresus tok dei
til Raumarock –
Musikkprisen tok dei til
Jugendfest
Det er fleire konkurransar som
har ført bandet til store scener.
Øresus-konkurransen på Vega
i Ålesund sikra dei semifinaleplass på Raumarock og gjennom Musikkprisen 2013 fekk
også festivalarrangørane i Momentium augo opp for det lokale bandet. Sons of Absolution
nådde ikkje heilt til finalane,
men var rett og slett så bra at
Momentium booka dei direkte
til Jugendfest likevel. Ante Giskeødegård i Momentium fortel
at dei ønskjer å ha med lokale
band som er ”up and coming”
Sons of
Absolution
• Metalcore-band etablert i
august 2012
• Seks bandmedlem:
• Ole Kristian Skjong (17)
bassist frå Godøya
• Adrian Grimstad (17)
vokalist/brølar frå Giske
• Mads Valkvæ (19) vokalist frå Godøya
• Jørgen Nesje (18) trommis frå Ålesund
• Joakim Dahl Giske (20)
rytmegitarist frå Skodje
• Kristian Fagervoll
(20) hovudgitarist og
låtskrivar frå Skodje
og Sons of Absolution passa
godt med mykje energi og bra
potensiale.
– Det kom veldig uventa og
var skikkeleg stort for oss, seier
Adrian Grimstad om bookinga
som også har gitt dei tre dagar
speletid i studioet Ocean Sound
Recordings på Giske.
Det er ikkje satanistisk.
Vi berre liker slik musikk i
grunn.
– Ole Kristian Skjong
dato til høyre
Torsdag 29. august 2013
7
Folk frå øyane med suksess:
Kathrine
Synnes
F
skal selje n
Frå nyttår av gjekk Kathrine Synnes Finnskog over
i ei ny stilling som direktør for Music Norway, eit
selskap som Kulturdepartementet har etablert for å
marknadsføre og selje norsk musikk i utlandet. At
den erfarne manageren frå Vigra fekk jobben kom
ikkje overraskande for bransjen.
Av: Odd Egil Valderhaug
Å
etablere eit eige selskap
som skal promotere
norsk musikk i utlandet har i lang tid vore ein idé
for Kulturdepartementet. Og
frå januar i år vart det altså
ein realitet med ei vigrajente i
direktørstolen. Direktør Kathrine Synnes Finnskog håper at
den nye organisasjonen Music
Norway kan samle erfaringar
som hever eksportkompetansen for heile musikkbransjen.
Organisasjonen som er ei samanslutning av MIC Norsk
musikkinformasjon og Music
Export Norway starta offisielt
opp 1. januar i år og skal ha
som mål å profilere og legge
til rette for eksport av norsk
musikk til utlandet. Arbeidet
skal forankrast i musikklivet
sitt behov og auke interessa for
å bruke norsk musikk, heiter
det. Vigrajenta har mange års
erfaring frå musikkbransjen.
Ho starta managementselskapet Bpop i 2002. På den tida var
det berre tre management her
i landet. I 2007 vart selskapet
slått saman med Mentometer
til Bpopmentometer og vart
dermed eit av landets største
management- og bookingbyrå.
Det har vore mange forventningar rundt kva den nye organisasjonen skal kunne utrette.
– Music Norway skal sette ein
ny standard for norsk musikkeksport, seier Kathrine Synnes
Finnskog. – Vi skal lage ein
god strategi for internasjonal
profilering og eksport av norsk
musikk til utlandet. Målet et
at Music Norway skal bli eit
slags naturlig «pit stop» der
vi kan bidra med kompetanse
for dei med ein internasjonal
ambisjon. Vi skal kontinuerlig
evaluere internasjonal satsing
så vi kan bli betre og for å halde
fokus på ein næringsretta kulturpolitikk.
Ikkje minst så det er viktig at vi
først snakkar med bransjen om
dei faktiske behova, og lager ein
tilgjengelig organisasjon som
blir oppfatta som viktig for alle
som vil leve av å jobbe med
musikk. Vi treng også tal og
fakta for å lage reelle strategiar
som trengs i ei satsing, seier Kathrine. Det nye selskapet Music
Norway vil bidra til ei vesentlig
styrking av eksport og profilering av norsk musikk. Alt no er
norsk musikk godt representert
internasjonalt, men potensialet
er truleg enda større.
Lang erfaring frå
bransjen
Kathrin Synnes Finnskog var eit naturleg val når Kulturdepartementet skulle tilsette ein direktør I det nystifta selskapet som skal
selje norsk musikk I utlandet. Foto: Maren Ørstavik
Kathrine Synnes Finnskog har
ei lang og solid erfaring frå
musikkbransjen. Ho studerte
ved Universitetet i Bergen frå
1992 til 1997 og enda opp med
ein cand.mag-tittel i historie,
nordisk litteratur og massekommunikasjon. Frå 2000 til 2002
jobba ho med promotering i
selskapet Playground Music
før ho i 2002 etablerte managementselskapet Bpop og fekk
fleire norsk kjende artistar i stallen. I 2007 vart Bpop fusjonert
med firma Mentometer og vart
til BpopMentometer. Firmaet
satsa mykje innan artistmanagement, pr og prosjektstyring.
I mai 2011 etablerte ho eit nytt
selskap, Synnes Music Management med kjende norske
stjerner som Elvira Nikolaisen,
Maria Haukaas Mittet, Alexander Rybak, Tooji i stallen.
Kathrine Synnes Finnskog trur
hennar eiga erfaring med norske artistar i utlandet kjem
godt med i den nye jobben som
direktør i Music Norway. Ikkje
minst vil erfaringa frå då ho
representerte Alexander Rybak
under Eurovision i 2009 kome
godt med. Ho har også jobba
internasjonalt med artistar som
Annie, Magnet, Real Ones og
Elvira Nikolaisen.
- Vi må hjelpe til med å løfte
fram profilane våre. Eg er sikker
på at norsk musikkbransje har
mykje å lære frå andre eksportbransjar som fisk og bokbransjen. Det handlar mellom anna
om å treffe marknaden, kunne
Kathrine Synnes var manager
for den norske Grand Prix
vinnaren Tooji. Her er dei
fotografert saman i Baku før
den internasjonale finalen.
Foto:Privat
mekanismen og bygge eit nettverk, seier den ferske direktøren
som fortel at det første halvåret
har gått med til å lytte til folk i
bransjen som sit på veldig mykje kunnskap og kompetanse.
Gode råd til artistar
Den erfarne manageren har
mange gode råd til folk som vil
satse på eit artistliv. - Det første
ein bør gjere er å bli kjend med
dei ulike miljøa, få greie på
kven som kan kva. Det er ein
del artistar som er så sugne på
å få hjelp at dei knyter seg opp
mot feil folk. Eg har valt å ikkje jobbe med artistar fordi dei
hadde feil folk på laget. Det kan
øydelegge alt, seier Kathrine
Synnes Finnskog. - Alle artistavtalar er heilt unike bygd opp
etter målsettinga til artisten. Vil
han eller ho jobbe i Norge eller
utlandet?
Men det er ofte standardiserte
løysingar, så ver forsiktig med
å binde deg opp for tidleg.
For å utnytte ditt potensiale
treng du etter kvart eit støtteapparat, det trur i alle fall eg på,
seier, seier Kathrine. - Men dersom du trur plateselskapet skal
gjere all jobben for deg, så har
du bomma før du har begynt.
Det einaste dei kan vere er ei
hjelpande hand. Jobben sluttar aldri og det må også være
innstillinga til artisten, seier
Kathrine Synnes Finnskog.
dato til venstre
8
Torsdag 29. august 2013
Finnskog
norsk musikk i utlandet
Ei ny musikalsk
reise med Dag-Filip
Torsdag 12. september kan du vere med
jazzmusikar Dag-Filip
Roaldsnes i eit sjeldan møte mellom to
tradisjonar. I lag med
kvartetten av improviserande jazzmusikarar
har Roaldsnes invitert
med seg Ålesund Strykekvartett til å framføre sitt eige verk, Først
Suite, i Ocean Sound
Recordings på Giske.
CARINA GISKEGJERDE
[email protected]
Konserten blir ei urframføring av verket Først Suite av
Dag-Filip Roaldsnes. Det tar
utgangspunkt i albumet ”Først”
men i suiteforma er fleire delar
sett saman. Det er tenkt ein
dramaturgi og ein heilskap som
peiker mot landskapet i plata,
men nesten alt er omskrive og
i tillegg er det ein heil del nye
komposisjonar.
– Eg trur at dette blir ei kjempefin oppleving. Vi er åtte musikarar, og ein får høyre dette
akustisk og heilt nært. Eg har
alltid likt det altså – det reine,
den ekte og direkte lyden, fortel
Roaldsnes om den planlagde
konserten i september.
Sjeldan men naturleg
samarbeid
Sjølv om Roaldsnes skildrar
samarbeidet mellom strykekvartetten og jazzmusikarane
som eit sjeldan møte mellom
to tradisjonar, så synest han
likevel at det vart naturleg å
sette saman sin kvartett med
ein strykekvartett, og det var
ikkje vanskeleg å få med seg
den nye samarbeidspartnaren.
Kathrine Synnes vart landskjend
som manager for Alexander
Rybak. Her bak scena med Grand
Prix-vinnaren.
Foto: Privat
På plass i direktørstolen i Music
Norway.
Foto: Privat
URFRAMFØRING: Dag-Filip Roaldsnes er klar til å ta i mot publikum til
intimkonsert med eige verk og to kvartettar i Ocean Sound Recordings
på Giske. Foto: Carina Giskegjerde
– Det var ganske enkelt. Viss ein
er initiativrik er eit samarbeid
ofte berre ein telefonsamtale
unna, fortel Roaldsnes. Arbeidet starta heller etter at han
fekk ja og kunne starte skrivearbeidet.
Kick av musikken
Dag-Filip Roaldsnes har nyleg
fullført sin mastergrad i jazzpiano ved Norges Musikkhøgskole,
men i motsetning til ein del
andre utdanningar så ventar ein
ikkje til etter utdanninga med
å starte på jobb. Roaldsnes har
jobba som musikar undervegs i
studieløpet. På same måte som
ein malar arbeider seg fram til
å finne sin blåfarge, jobbar Roaldsnes for å finne sin klang, si
eiga stemme og signatur. Han
fortel at komponeringa går føre
seg i to prosessar. Den inspirerte
prosessen, gjerne på pianoet
der han noterer litt skisseaktig
ned. Og så er det skrivebordsarbeidet. Det er her den seriøse
bearbeidinga og flikkinga skjer.
Det er her han går i saumane på
detaljane.
– For meg er begge prosessane viktige. Og det å kjenne
kicket av det ein gjer, at ein er
begeistra for ideen sin, er det
viktigaste, fortel Roaldsnes.
Musikaren frå Valderøya pushar eigne prosjekt for å få det
til leveveg, og i tillegg bidreg
han i andre sine prosjekt som
frilansmusikar.
Spennande klangverd
I fjor fekk Dag-Filip Roaldsnes
sitt gjennombrot med debutalbumet Først. For dette albumet fekk han tittelen Årets
jazzdebut 2012 av journalist
Terje Mosnes i Dagbladet. Han
fekk også tildelt Ungjazzprisen
2012 frå Jazzsirkelen i Ålesund.
Å kome tilbake til studioet der
han spelte inn plata trur han
blir ganske spesielt.
– Innspelinga av albumet Først
var ein viktig prosess for oss
i gruppa og meg personleg,
fortel Dag-Filip Roaldsnes som
gler seg til å dele ei ny reise i
ei spennande klangverd med
publikum.
 Ein kvartett med
improviserande jazzmusikarar:
Morten Barrikmo på klarinettar,
Tore T. Sandbakken på trommer,
Kim-Erik Pedersen på sax og DagFilip Roaldsnes på piano.
Pressefoto
 Ålesund Strykekvartett med
Samuel Skrede på cello, Ove
Kvangarsnes på fiolin, Linda
Bønes på bratsj og Ai-Ling Chiu
på fiolin. Pressefoto
dato til høyre
Torsdag 29. august 2013
9
tilbakeblikk
Elleve kvinner i det nye
kommunestyret
Det har vakt stor merksemd langt
utover kommunegrensa at kvinnene
har auka sin representasjon i kommunestyret frå fire til elleve medlemmar.
Dei innvalte er Ragnhild Hovde, Ingjerd
Uggedal, Liv Oksnes, Eva Valderhaug
Sæther, Turid Røsvik, Ninni Rolland,
Anne Britt Furnes, Norlaug Stornes,
Anne Lise Følsvik, Sonja Hellevik og
Turid Kristiansen.
Øy-Blikk 12. november 1987
82 knop i kasta
Uvêret som raste over Sunnmøre
torsdag var eit av dei verste i manns
minne. Og for vår kommune fekk det
eit særs tragisk utfall med to dødsfall.
Fire bilar vart tatt av sjøen på moloen
mellom giskeøya og brua. To av bilane
hamna på sjøen medan dei to andre
vart liggande igjen i rausen. Trass i
heltemodig innsats frå folk som kom til
staden like etter ulykka, var det lite dei
kunne gjere. Ei ufatteleg tragedie var
eit faktum.
Øy-Blikk 27. desember 1988
Giske samla til eitt rike
FRÅ ARKIVET: Første utgåve av Øy-Blikk, eller Øy-Nytt som det då heitte. 31. oktober
1985.
Lokalavisa held fram og blir
til Øy-Blikk
Irene og Steinar sa ja på
140m djup
Den siste veka har vi diskutert framtida for
lokalavisa med forskjellige folk omkring.
Med den enorme reponsen vi har fått frå
lesarane våre og ikkje minst frå næringslivet, meiner vi at det skulle vere grunnlag
for drift. Vi har tidlegare nemnt at vi må
skifte namn på avisa. Øy-Nytt er brukt av ei
anna avis og kan difor ikkje nyttast. Vi valte
Øy-Blikk etter å ha testa namnet med ei
rekke personar.
Øy-Nytt 12. desember 1985
Det var både stemningsfullt og høgtidleg
i tunnelen mellom Valderøya og Ellingsøya sist søndag då Irene Flåten og Steinar
Molnes ga kvarandre sitt ja. Tunnelen var
flott pynta med blomsterdekorasjonar
og sjuarma lysestakar med levande lys.
Heller ikkje alteret mangla. Kyrkjeorganist Kjetil Kvangardsnes sørga for at
brudeparet fekk med seg Mendelson
bryllaupsmarsj på vegen fram til alteret.
Det var sokneprest Steinar Hovde som
vigde dei to 140 meter under havets
overflate.
Øy-Blikk 15. oktober 1987
Ny veg må til
– Vi er livredde folk med stresskoffert og
BMW på veg til eller frå flyplassen, sa ein
av oppsittarane langs riksvegen gjennom
Røysa på Vigra. Riksvegen med trafikk til og
frå flyplassen går rett gjennom bebyggelsen i Røysa og deler gardstuna i to. Ny veg
må til, men kvar skal den gå?
Øy-Blikk 11. september 1986
Øy-Blikk i fare
Eit fleirtal i kommunestyret sa nei til at
kommunen skulle kjøpe aksjar i Øy-Blikk for
20.000 kroner. I debatten som fulgte var det
mange fagre ord, og alle presiserte at avisa
ville dei framleis ha, men av økonomiske
grunnar fann dei ikkje midlar til dette aksjekjøpet. Når kommunen sa nei til aksjekjøpet
kan det medføre at avisa ikkje kan halde fram
som no, eller i verste fall bli nedlagt. Denne
realiteten vart politikarane gjort merksame på
i eit brev som ordføraren las opp.
Øy-Blikk 12. februar 1987
Med eit fast grep fjerna ein av vegvesenet sine folk sperringa og heiv den
brutalt i vegkanten, og med dette var
tunnelen mellom Giske og Godøya
opna for trafikk. Sjølv om det ikkje var
nokon form for sermoniell opning, var
dei der alle saman: Ordførar Harald
Hole, Jon Rabben, styret i bruselskapet
og to av gamleordførarane som begge
har lagt ned eit stort arbeid både for
Giskebrua og Godøytunnelen.
Øy-Blikk 9. februar 1989
Tunnelfinale og jubeldag
Folket utpå øyane kan takke seg sjølv for
dette unike sambandet. Det er dei som har
tatt initiativet og det er dei som skal bere
den aller største økonomiske børa, sa stats-
råd Kjell Borgen ved opninga av Godøytunnelen. Det er folket i distriktnorge som
veit betydinga av gode kommunikasjonar,
og er villige til å betale det dette kostar, sa
han.
Øy-Blikk 25. mai 1989
Kvart tredje hus skadd i
uvêret
Eit slikt uvêr får vi ikkje oppleve meir i vår
tid, sa vi etter orkanen ved juletider i 1988.
Då vart det målt ein vindstyrke på 82 knop.
Nyttårsnatta vart det målt opp til 110 knop
i bygene. Statistisk skal det gå 100 år til
neste gong vi får slike tilhøve, seier metrologane. Kvart tredje hus har fått skader,
særleg er det tak det har gått verst utover.
Øy-Blikk 9. januar 1992
Giskespelet - ei økonomisk
storsatsing
Laurdag var om lag 160 menneske samla
i Giske skule til dei første førebuingane til
Giskespelet. Spelet som skal framførast i
samband med 1000-årsjubileet for Kyrkja i
Norge har eit budsjett på 190.000 kroner.
Midlane skal skaffast gjennom støtte frå
næringsliv, kommune og stat i tillegg til
lotteri- og billettsal.
Øy-Blikk 9. mars 1995
Ny bok frå krigstida
Magne Godøy har kome med ny bok frå
krigs- og okkupasjonstida på Godøya. Boka
tek føre seg korleis dagleglivet var, og
korleis barn og unge opplevde denne tida.
denne boka er ei forlenging av det som er
skrive tidlegare.
Øy-Blikk 30. mars 1995
Rullebana ved Vigra flyplass
snart fullført
Utvidinga av rullebana ved Vigra flyplass
nærmar seg fullføring. 20. oktober er satt
som data for fullføring av bana.
Øy-Blikk 10. august 1995
Sandra og Rune opna
Giskebrua
Det var reine 17.mai-stemning på Giskebrua førre tysdag då elevar ved Giske
skule stod for den høgtidlege opninga
av brua. Om lag 150 sagaøyingar var
møtt fram for markeringa. 11-åringane
Rune Berg og Sandra Avseth hadde
det ærefulle oppdraget å klippe snora.
Elevane hadde også komponert ein
brusong i høve feiringa som dei song
medan dei marsjerte over brua. Det
vart også avduka ei betongplate ved
brua der alle dei 75 elevane ved Giske
skule hadde sett sitt handtrykk og
namn på.
Øy-Blikk 29. oktober 1987
FRÅ ARKIVET: Berre fem dagar igjen. Nesten ikkje til å tru. Dette prosjektet har sett så
mange rekordar at det i seg sjølv er eineståande i norsk samferdselsbygging. På biletet
ser vi kanskje den gladaste giskingen for tida, Elias Giske. Her i lag med ein ny generasjon som vil nyte godt av dette prosjektet, kanskje ikkje minst av brua til Giske som vil
vere med på å knyte øyane sterkare saman.
Foto: Frå Øy-Blikk sitt arkiv 15. oktober 1987.
dato til venstre
10
Torsdag 29. august 2013
2
3
1
4
5
1: Gunnar Roaldsnes har fått vind i seglet og Ina Dajanna Ervik er svært fornøgd med litt fart. 2: Pinnebrød
med ein liten vri – deigen er dyppa i kanel og sukker. 3: Ting dei finn i fjøra kan identifiserast ved hjelp av ein
bestemmingsduk. 4: Det er ikkje vanskeleg å finne spennande ting i fjøra. 5: Naustet er som færingane – fiksa
til på gamalt vis. 6: Vasskikkert kan brukast på fleire kreative måtar. 7: Sofie Giskegjerde har funne ein bitteliten
grønkrabbe. 8: Eline Hellevik fiskar med enkle reiskap i fjøra. 9: Eline Hellevik kika etter mykje rart under
vassflata. 10: Kristin Sæter Moe på ein liten segltur. 11: Eit lite høgdepunkt å få lage litt mat ute på bål. F.v.
Andrea Roaldsnes Sæther, Emma bergseth Husøy, Frida Tusvik Hjelle, Ina Dajanna Ervik, Kristin Sæter Moe, Eline
Hellevik, Maria Folde og Sofie Giskegjerde. Alle foto: Carina Giskegjerde
Sjøen fengar femteklassingane
7
8
10
6
DKL ASSE
V
IN
Ved kjøp av
markise eller
screen
E
KIS
DKL ASSE
3
G
GRATIS
MOTOR
AR NT
A
I
L ASSE
NDK
AR NT
A
IN
AR
R
V
I
AR NT
A
3
I
> GJØR DIN TERRASSE BEDRE
SOMMERKUPP!
L ASSE
M
G
FOKUS PÅ KVALITET
3
G
DK
IN
9
3
Valderøy sokneråd har lenge
ivra for å starte ei praktisk sjøgruppe, særleg etter at spediergruppa vart lagt ned for ei tid
tilbake. Og no har dei fått
det til. I naustet til Gunnar
Roaldsnes er femteklassingar i
full gang med å lære seg gamle
Det er mest praktiske ting som
blir prioritert på samlingane,
men tilbodet er likevel ein del
av trusopplæringa.
– Det er mange symbol knytt
til bibelhistoriene, som fyrlykt
til dømes. Når ein veit kva slike
ting er for noko gir det også
meir meining når ein snakkar
om symbola i bibelen, fortel
Ann Helen Roaldsnes som er
ein av fleire leiarar i gruppa.
Denne gongen er ho faktisk
åleine kvinne blant leiarane,
ofte er omvendt og ho synest
at det er kjekt å få med seg
mannfolka også i eit slikt aktivitetstilbod til barna.
V
[email protected]
Symbol i fjøra
V
CARINA GISKEGJERDE
båttradisjonar, segle, padle,
drage teiner og mykje anna.
Det er totalt 20 barn som er
påmeldt fordelt på to grupper
som skal ha tre samlingar kvar.
To av samlingane er allereie
gjennomført med stor suksess,
sjølv om vêret ikkje heilt har
vore på deira side.
– Du må kome igjen om to
veker og ta bilete når vi symjer
her. Vi satsar på sol, seier femteklassing Eline Hellevik med
eit stort glis. Denne gongen er
dei godt pakka inn med regndress og støvlar, men før siste
samling er over skal dei bade
– uansett.
I
Åtte fornøgde jenter
kosa seg med aktivitetar
i fjøra sist tysdag. Valderøy sokneråd har starta
ei praktisk sjøgruppe for
femteklassingar på øya.
11
Med terrassemarkisen forvandles uteplassen til et nytt trivelig hverdagsrom!
MARKISER • PERSIENNER • GARASJEPORTER • SPA
Screen
Garasjeporter
Spabad
Alt innen solskjerming, garasjeporter og spa
Salgskonsulent
Ring: Kjetil
Gammelsæter
Tlf: 913 01 210
dato til høyre
Torsdag 29. august 2013
Fasadeprodukter AS er største norskeide leverandør av både solskjerming, garasjeporter og spa. Vi kommer
gratis hjem til deg og gir gode råd og
løsningsforslag. www.fasadeprodukter.no
SOLSKJERMING – GARASJEPORTER
Ring GRATIS: 800 80 488
11
Vår mann på Tinget?
Tanken på at han faktisk kan bli stortingsrepresentant er stadig
litt uverkeleg. Men også
veldig inspirerande. Derfor gjer Styrk Finnøy frå
Gjøsund og Vigra alt han
kan for at Miljøpartiet
De Grønne skal innta
Stortinget til hausten.
JAN ERIK ANDREASSEN
[email protected]
– Då eg budde og jobba i slumstrøka i Cordoba, Argentinas
nest største by, lærte eg meg å
setje pris på det vi har her heime,
både samfunnet og den fantastiske naturen. Dette var nok
det første steget mitt i retning
av engasjement for miljøsaka.
Reell sjanse
St y rk Finnøy har dei siste
dagane opplevd ein veg inn
i mediemerksemd og politisk
toppd iv isjon brat ta re enn
Trollveggen. Då han for nokre månader sidan sa ja til å
vere Miljøpartiet De Grønne
( MDG) sin toppkandidat i
Møre og Romsdal såg han
for seg at han nok kom til å
få ansvar for å organisere litt
valkamparbeid. At han skulle
ha ein reell sjanse til ein plass
på Mørebenken var ganske
urealistisk. Men etter kvart
som valet nærmar seg har også
sjansane for faktisk å kome inn
på Tinget auka.
– No har eg faktisk tru på at
det er mogleg for oss å få ein
plass frå Møre og Romsdal.
Det inspirerer meg til å stå på
for fullt. Men det viktigaste
er ikkje om eg kjem inn, men
at partiet vårt får ei skikkeleg
gruppe som kan stå på for grøn
politikk!
Glad i Vigra, med lukt av
tare
Han kallar seg halvt vigring.
Oppvaksen på Flisneset, men
med ein stor del av slekta på
Vigra har han lært seg å bli
glad i øya. Før han reiste til
Argentina for å undervise fattige barn i engelsk, matematikk
og geografi budde han eit år på
Vigra og heimkomen frå utlandet er dette framleis adressa
hans. Men om det går som
han no håpar, kan adressa om
nokre veker like gjerne bli eit
stortingshusvære i Oslo.
– Eg har blitt skikkeleg glad i
Vigra, erklærer stortingskandidaten. – Eg liker det opne
landskapet, havet og lukta av
tare, slår han fast, berre litt
drøymande i blikket.
Styrk Finnøy er overbevist
om at miljøspørsmåla må vere
overordna alle andre politiske
saker i framtida. – Økonomi
er sjølvsagt viktig. Men utan
eit miljø som fungerer blir det
liten vits å diskutere formueskatt.
Miljø viktigare enn
økonomi
Ikkje uventa er saker som nedbyggjing av oljeøkonomien og
satsing på fornybare energikjelder saker som Styrk Finnøy
brenn for.
– Vi må før eller seinare forlate
det oljesamfunnet vi lever i i
dag. Den gode økonomien i
Norge gir oss høve til gjere det
som uansett må kome. Derfor
må vi forske meir på fornybar
energi samstundes med at vi
gjer oss uavhengige av olje
og gass, er bodskapen frå den
grøne politikaren. Derfor nøler
han ikkje med å peike på at det
må kome eit alternativ til den
politikken som det han kallar
fossilpartia, Ap, Høgre og Frp,
står for.
I tida fram til valet har Styrk
Finnøy eit tett program med
skuledebattar og møte med media. Men gode meiningsmålingar den siste tida har inspirert
både han og partifellane hans
til ekstra innsats. For kort tid
sidan var det nok dei færraste
som hadde tru på at Giske kan
få inn nokon på Stortinget dei
neste fire åra. Men no kan Styrk
Finnøy kanskje bli vår mann
på Tinget.
dato til venstre
12
Torsdag 29. august 2013
!
l
a
e
d
a
z
z
i
P
Stor pizza + 1½ l valgfri brus
Milkshake
Sjokolade og jordbær kr. 38,-
kr. 199,-
Stor pizza + 1½ l valgfri brus
+ leigefilm
kr. 249,-
Vigra Servicenter AS • 6040 Vigra • Tlf. 70 18 33 44
sport
kampar denne veka
Eit offensivt og
oppofrande Giskelag
vann fortent den
spanande heimekampen
mot Ellingsøya.
vigra
Obligatorisk siger
Sunnylven/Stranda 2 Vigra 0-2 (0-0)
Mål Vigra: Adrian Rørseth,
Hans-Martin Synnes.
For eit lag som har som mål å
rykke opp på litt sikt var sigeren mot Sunnylven/Stranda
nødvendig. Men det kunne
gått så annleis. I siste halvdel
av første omgang hadde
heimelaget to store sjansar,
den siste med eit innlegg som
gjekk i stolpen.
Også i andre omgang hadde
heimelaget gode sjansar. Men
Vigra hadde best spel, og
laget fekk også omsett to av
sjansane i teljande mål. Siste
målet kom etter ei kontring.
16-årige Hans-Martin Synnes,
som i haust er blitt a-lagspelar,
sette ballen sikkert i mål nede
ved stolperota etter ein assist
frå Olai Røstad.
minutt og 45 sekund, utan at
Vigra heilt forstod kvifor.
Vigra: Robin Rørset, Håvard
Christiansen, Idar André
Molnes, Nils Jonny Roald, Ole
Martin Roald, Adrian Rørseth,
Amund Hjelle, Andreas Blindheim, Audun Furnes, Christer
Austad, Olai Rørstad.
Nytta innbyttarar: Hans-Martin Synnes, Audun Furnes.
Spesielt med denne kampen
var at det vart lagt til heile åtte
Giske fekk revansj
mot Ellingsøy
- Det er ikkje så ofte at vi har
vore f ra mfor Ellingsø y på
tabellen, seier Giske-trenar
Axel Njord Giske eit par dagar
etter den spanande kampen på
Giskebana.
Med like mange spelte kampar
har Giske 22 poeng , Aspøy 21
og Ellingsøy 18 poeng.
- Og for nokre år sidan då Ellingsøy spela i høgare divisjonar enn oss, var det vel ingen
som trudde at dette skulle skje,
seier Giske.
I mai tapte Giske 4-2 på Nes
stadion. I returoppgjeret denne veka var Giske innstilt på
revansj.
- Vi har snakka mykje om denne kampen. Og vi sa at dei som
vil mest også er dei som kjem
til å vinne, fortel trenaren.
Best
I ein 4-4-1-1-formasjon gjekk
Giske offensivt ut.
- Og dei første 20 minutta
var noko av det betre vi har
prestert i år på innsats. Laget
sprang og jobba, var oppofrande og la for dagen ein enorm
innsats.
Og innsatsen betalte seg med
både eitt og to mål før det
hadde gått eit kvarter. Anders
Veddegjerde, busett på Ellingsøya, skåra etter rundt sju
minutt, medan Jan Otto Honningdalsnes fekk nettkjenning
etter knappe kvarteret.
- Kantane var rett nok innimellom litt meir offensive enn
planlagt, slik at det av og til
vart meir ein 4-2-4-formasjon,
Gjekk vegen: Særleg i første omgang såg vi eit offensivt Giske-lag, i kampen mot Ellingsøy på Giskebana gras måndag kveld. Foto: Per Ove Stige
seier trenaren.
Han understrekar at det var
heile laget som vann og ikkje
berre dei som skåra. Særleg
trekker han likevel fram Anders Veddegjerde.
- I fråver av spelande trenar
Oddbjørn Giske var Anders
Veddegjerde viktig på midtbana, han er ein kontinuitetsberar, som spreier godfølelse,
autoritet og tryggheit i laget,
giske – ELLINGSØY
Bane: Giskebana gras
TILSKODARAR: Rundt 70
Dommar: Kristian Standal,
Rollon
MÅL: 1-0: Anders Henrik
Veddegjerde (7), 2-0: Jan
Otto Honningdalsnes (14),
2-1: Marius Hagen (49), 3-1:
Joakim Giske (84).
GISKE: Eldar Røsvik, Håkon
Høybakk, Daniel Giske, Jan
Otto Honningdalsnes, Sondre
Giske Holm, Henrik Giskegjerde, Joakim Gidske, Håkon
Giske, Anders Veddegjerde,
Stian Johansen, Ole Herman
Eliassen.
Nytta innbyttarar: Bjørnar
Gundersen, Tom Edvard
Giskeødegård, Magnus
Rørvik Johansen, Lars Lervik
Langås.
ELLINGSØY: Daniel Aakre,
Sverre Øvrelid, Kenneth
Bjørke, Stian B. Olsen,
Øystein Bjørge, Magnus
Mansfield, Thommy Holmvåg, Nicolai Bjørge, Tomas
Skurdenis, Marius Hagen,
Even Giske.
Nytta innbyttarar: Håvard
Sperre, Eirik Danielsen, Petter
Vadseth, Even Saure, Kay
Lorgen.
seier Axel Njord Giske.
Mot slut ten av omga ngen
dabba tempoet litt av, og Giske
greidde heller ikkje å halde
ballen i laget like mykje. Men
Giske-trenaren venta heller ikkje at laget skulle klare å halde
tempoet omgangen ut.
Bytte
Etter krampe og mindre skader, og med behov for friske
Auka forspranget til Ellingsøy:
Berre eitt mål gjekk forbi Giske si
målvakt, mot Ellingsøy på eige gras.
føter, gjekk Henrik Giskegjerde
samt bindeleddet på midtbana,
Anders Veddegjerde, ut. Inn
kom mellom anna Bjørnar
Gundersen, som spelte sin
første kamp i år.
- Det var ein ny midtbanekonstellasjon, som gjorde ein
kjempejobb, seier Giske.
Men etter tre-fire minutt i
andre omgang reduserte Ellingsøy. Då var Giske redd for
at motspelarane skulle få blod
på tann, mot eit Giskelag som
hadde motvind.
Giske klarte å ri det av. Men
det vart ein lang omgang for
laget, heilt til det forløysande
3-1-målet.
Alltid
Som eit 6.-divisjonslag er det
ikkje alltid at dei beste kan
stille.
- Men dei vi stiller med har
vi tiltru til. Dei vi stiller med
er alltid dei beste vi har, seier
trenar Axel Njord Giske.
At det er mange på innbyttarbenken å ta av er han glad for.
At øya har eit seniorlag trur
han er viktig for både klubben
og øya. Og han syns det er
greitt at dei fleste på laget er
frå eiga øy.
- Då blir det også kjekkare for
folk å kome og sjå på, seier han.
Neste kamp er borte mot Aspøy.
- Det trur eg blir ein jamn kamp
og eit tøft oppgjer. I fjor gjekk
vi på ein kjempesmell der ute.
I vår vann dei 3-0 på Giske. Vi
må i alle fall klare det betre enn
sist vi var der ute, seier trenar
Axel Njord Giske.
dato til venstre
14
Torsdag 29. august 2013
godøy
Jubilanten valsa over botnlaget
Godøy - Stordal 5-0 (4-0)
Mål Godøy: Erlend «Paco»
Holmen 4, Anders Dyb.
50 år i helga. Alle dei fire måla
kom i løpet av dei 34 første
minutta.
seinare fekk han ny straffe, han
fekk også ny sjanse frå krittmerket og sette ballen i nota.
ders Johan Dyb, Svein
Arne Alnes, Erlend
Paco Holmen.
For tredje gong i år skåra ein
Godøy-spelar fire mål i same
kamp. Sven Nyvoll scora fire
mot Hareid og Svein Arve Alnes
det same mot Emblem.
På innbyttarbenken sat også
ein ny spelar, Bjørnar Eldevik,
som tidlegare har spela for
4.-divisjonslaget Skavøypoll i
Vågsøy.
5-0 var vel omtrent som venta
mot Stordal, som ligg sist på
tabellen.
- Vi hadde god kontroll bakover
og fekk til mange gode angrep
i andre enden, seier trenar
Erlend Holm, i idrettslaget som
feirar
Mot slutten av kampen vart
16-årige Anders Johan Dyb felt
innafor 16-meteren. Han fekk
straffe, tok den sjølv og skaut
ballen i tverrliggaren. Få minutt
Nytta innbyttarar:
Øyvind Skarset,
Henning Tafjord, Bjørnar
Eldevik, Markus
Strand, Pawel
Tarapata, Kay
Amund Vartdal.
Startellevar: Her er 12 namn,
kven skal ut?
Glenn Ove Tilseth, Mikael
Godø, Even Giskegjerde, Ørjan
Michal Dyb, Dagfinn Godø,
Simon Austbnes, Kurt Erik
Myrvang, Henning Dyb, An-
Sigersrekka stoppa
Valder stod med fem
strake sigre framfor
bortemøtet med Skodje laurdag. Der kunne
vertane si seg mest nøgd
med 2-2. No venter ny
toppkamp i kveld heime
mot tabelleiar Norborg
I strålande sommarver var
ramma perfekt for fotball, då
eit formsterkt Valder gjesta
Skodje. Giske-laget har spelt
seg opp i opprykksstriden etter
ei rekkje sterke resultat. Før
pause mot Skodje var Valder
best spelemessig, men kom
ikkje til så mange fleire sjansar
enn vertane.
0-1 var eit strålande langskot,
der talentet Mathias Dyb fekk
vandre upressa til spissen skaut
hardt i det lengste hjørnet til
Ole Willumsen. Dette var heilt
på tampen av den første omgangen, og truleg var Skodje
klar for pause i varmen.
Det var ikkje Mathias Dyb,
som fekk det siste sparket på
ballen før dommar Melset blåste pausesignalet. Eit nydeleg
gjennomspel sette Dyb mellom beina på Skodje-målvakt
Willumsen. Det såg mørkt ut
for heimelaget i solsteiken på
stadion.
Redningsmann
Dramatikken var stor torsdag
sist veke, då målvakt Johannes Lovund gjekk i bakken på
trening med hjerneskaking.
Valder fekk hjelp av Sven Jakob Nordstrand laurdag, men
mot Norborg er juniorkeeper
Lovund attende.
Nordst ra nd stod ein solid
kamp for Valder, men kunne
ikkje nekte Skodje to kjappe
mål. Både Eirik Hjelvik og
Sondre Beite sine avslutningar
kom frå kloss hald.
Tomme
Det var krevjande for begge
lag i varmen. Resten av kampen vart eit antiklimaks etter
utlikninga. Kreftane ebba ut,
og 2-2 stod seg. Gjestane følte
seg truleg snytt, medan Skodje såg seg nøgd med det eine
poenget.
- Dette var skuffande. Vi leiar
2-0, og eg føler vi har eit betre
lag enn Skodje. Diverre får
Skodje ein tidleg redusering,
og får blod på tann. Vi snakka
om dette i pausen, og eg streka
under at ein kamp ikkje er over
på 2-0. Vi er ikkje skjerpa nok i
starten av den siste omgangen,
seier trenar Roar Blindheim.
Viktig kamp
I kveld er det toppkamp på
Valdervoll mot serieleiar Nor-
Valder
Skodje-Valder2-2(0-2)
Bane: Skodje stadion
Mål: 0-1 Mathias Dyb (40.),
0-2 Mathias Dyb (45.), 1-2
Eirik Hjelvik (52.) og 2-2 Sondre Beite (57.)
Dommar: Kristian Melseth,
Sykkylven IL.
Gult kort: Bjørnar Aure,
Skodje IL.
borg. Valder fekk sist veke
Adrian Blindheim attende frå
Skarbøvik, men den notoriske
toppskåraren er ikkje i sin
beste form.
- Adrian har hatt kyssesjuka,
men skreiv under for oss rett
før helga. Han vert ein god
forsterking for haustsesongen,
og troppen beg ynner å sjå
Valder: Sven Jakob Nordstrand, Christoffer Honningsvåg, Erlend Synnes Skjong,
Luis Fernando Klauset, Martin
Strandkleiv, Ole Johan Synnes
Skjong, Steffen Oksnes Elde,
Ulrik Giske Holm, Ole Jørgen
Jørgensen (Adrian Sæther
Tusa frå 73.), Henrik Hole
Oksnes og Mathias Dyb.
bra ut no, seier trenar Roar
Blindheim.
Blindheim slår dermed følgje
i fotspora til brørne Erlend
og Ole Johan Synnes Skjong,
som alle saman gjekk til SIF i
vinter. No er dei attende til eit
Valder-lag som ligg seks poeng
bakom Norborg på tabellen.
GOD: Mathias Dyb skåra begge mål for Valder i 2-2 kampen mot
Skodje laurdag. Til toppoppgjeret i kveld mot Norborg får den lovande angriparen og resten av Valder truleg hjelp av Adrian Blindheim. Foto: Rolf Hansen
dato til høyre
Torsdag 29. august 2013
15
Nostalgi frå Pe-Odd
Kjeholmen
eit av landets første b
Norsk Brændselolje as vart stifta i 1920 og
var landets første distribusjonsselskap for
oljeprodukt. Etter å ha etablert seg først på
Nesodden og Svolvær, etablerte selskapet
importanlegg og hovudlager for olje på
Kjeholmen i vår kommune i 1924. Holmen
som til då hadde vore beitemark for husdyr
og fiskemottak, vart no raskt omdanna til
eit pulserande bunkringsanlegg for den
havgåande båttrafikken.
Av: Odd Egil Valderhaug
 I 1988 raserte
ein gjeng pøblar
huset på Kjeholmen
og kasta møblane
ut av vindauget.
Oppsynsmann Inge
Bakken ser med
fortviling på dei
store øydeleggingane. Lensmannen
i Giske tok seinare
ungdomane som
stod bak og dei fekk
si straff. Dei stadig
øydeleggingane på
huset gjorde sitt til
at Statoil gav opp å
bruke holmen som
feriestad for sine
tilsette og selde den
til private.
Foto: Odd Egil
Valderhaug
 Kjeholmen med
Norsk Brændselolje på tankane
fotografert i 1927.
Bustadhuset til høgre
vart bygd dette året.
Foto frå Valderøy
Historielag sitt arkiv
et nasjonale selskapet Norsk
Brændselolje as vart etablert i
1920 og berre nokre få år seinare, i 1924, etablerte oljeselskapet sitt
importanlegg og hovudlager for fiskeflåten på Kjeholmen i Giske kommune.
Dette var det tredje anlegget for kystflåten som vart etablert i Norge, etter
Fagerstrand på Nesodden og Svolvær.
Kjeholmen låg strategisk til i skipsleia
og var soleis ideell for eit tankanlegg
som hadde den sjøgåande trafikken
som si målgruppe. På direksjonsmøte
i selskapet 27. september 1920, vart
det vedtatt at selskapet sitt varemerket
skulle vere MIL, etter milesteinane
som i gamle dagar stod langs vegane
og viste avstanden til næraste bygd og
by. Varemerket har blitt endra mange
gongar sidan den gong. Først til BP etter
hovudleverandøren British Petroleum.
I 1976 vart selskapet fusjonert med Det
Norske Oljeselskap og Norsk Hydro og
Kjeholmen fotografert frå lufta på 1960-talet.
fekk namnet Norol. Og i 1991 vart det
ein ny fusjon og namnet vart endra til
Statoil. På den tida selskapet etablerte
seg på Kjeholmen var fiskeflåten godt
i gang med å bli motorisert, og første
gang MIL leverte olje til fiskeflåten var
vintersesongen 1922-1923. Anlegget
på Kjeholmen skulle forsyne fiskeflåten i dei fire fylka Møre og Romsdal,
Sogn og Fjordane og dei to Trøndelagsfylka. Bunkeroljen kom dei første åra
til Kjeholmen frå England med små
tankbåtar.
Flyangrep under krigen
Oljeanlegget på Kjeholmen heldt det
gåande under heile krigen sjølv om
engelske fly bomba og prøvde å skyte
anlegget i brann med mitraljøser for å
hindre at den tyske krigsmakta skulle
få tilgang til olje. Bombene hamna i
sjøen, men tankane vart trefte mange
gongar av mitraljøsene utan at dei ek-
sploderte. Tankane vart fleire gongar
gjennomhola av kuler frå mitraljøser
og oljen rann ukontrollert ut. Dei som
arbeidde ved anlegget hadde eit svare
strev med å tette hola etter dei massive skotsalvene frå flya. På førehand
hadde dei montert båtsmannsstolar
på tankane og hadde liggande klar
trepluggar som dei plugga i hola for å
tette. Men samstundes med at MIL dreiv
sin vanlege business på Kjehomen og
forsynte fiskebåtar og rutebåtar med
drivstoff, så etablerte Tyskarane sin eigen solartanke på holmen til eige bruk.
Under heile krigen måtte båtane ha
rasjoneringskort for å kunne fylle drivstoff og levert mengde skulle stemme
overeins med korta når det vart sende
inn til styresmaktene for kontroll. Ein
del ekstraarbeid vart dette, men ikkje
meir enn at det var overkomeleg, fortel
tilsette som arbeidde på Kjeholmen under krigen. Men sjølv om båtane måtte
ha rasjoneringskort for å fylle drivstoff,
så hindra ikkje det formann på Kjeholmen under krigen, Ingvald Bakken
i å fylle drivstoff til dei mange mindre
båtane som stakk av med ungdommar
til England og Skottland.
Bunkringsbåtar
I 1953 sette MIL i gong med bunkringsbåtar som forsynte fiskeflåten i Ålesund
hamn med drivstoff. Bunkringsbåtane
hadde sin base på Kjeholmen der dei
henta olje og ferskvatn som dei frakta
ut til båtane som låg i hamn. Ei svært
praktisk ordning som sparte fiskeflåten for mykje tid med drivstoffylling.
Mannskapet på bunkringsbåtane var
dominert av folk frå Giske kommune
som fekk ein god og sikker jobb.
Familien Bakken på holmen
Ingvald Bakken begynte å arbeide
deltid ved tankanlegget på Kjeholmen
dato til venstre
16
Torsdag 29. august 2013
Odd Egil Valderhaug, Pe-Odd blant kjentfolk, var
grunnleggjaren av og første redaktøren i Øy-Blikk.
Men han er også ein ivrig lokalhistorisk samlar og
forteljar. Han sit inne med eit omfattande lokalhis-
torisk materiale. I Øy-Blikk deler han noko av dette
stoffet, om skjemt og alvor, om stort og kanskje
ikkje fullt så stort som har hendt på øyane i Giske i
ikkje så altfor fjern fortid.
bunkringsanlegg for fiskeflåten
 Peder Giske og
vakthunden Hektor.
Peder og kona Helga
budde på Kjeholmen
i seks år frå 1964 til
1970, då dei flytta
tilbake til Valderøya
fordi Peder vart sjuk.
Foto frå Valderøy
Historielag sitt arkiv
 I 1953 starta
MIL opp med
bunkringsbåtar som
forsynte fiskeflåten i
Ålesund hamn med
drivstoff. Her ser vi
dei to Valderøyingane Nils Andersen
og Peder Giske om
bord i MIL 24. Seinare endra båtane
namn til BP.
Frå Valderøy
Historielag sitt arkiv
 Marinefartøyet
”Trygg” bunkra ved
Kjeholmen i 1927.
Denne kaia vart
pårent av eit skip i
1972 og gjekk rett
til botnen.
Foto frå Valderøy
Historielag sitt arkiv
 Turistskipet
”Oransay” ved ved
Kjeholmen i 1928.
Legg merke til alle
oljefata som ligg
stabla på land. Det
låg tusenvis av slike
fat lagra på holmen.
Foto frå Valderøy Historielag sitt arkiv
Foto frå Valderøy Historielag sitt arkiv
i 1924. To år seinare vart han fast
tilsett og i 1928 vart han første formann ved anlegget. På ein måte var
ringen no slutta for Ingvald, i og med
at Kjeholmen hadde tilhøyrt familien
hans i mange år og det var onkelen,
kjøpmann, fiskebåtreiar og fiskekjøpar
Ole I Valderhaug som selde holmen
til Norsk Bærndselolje as. Då Ingvald
gifta seg med Sofie Frøland frå handelsstaden Løeg på Valderøya i 1927,
bygde oljeselskapet eit bustadhus på
holmen. Det nygifte paret flytta då ut
på Kjeholmen og fekk etter kvart dei
tre barna, Per, Martinus og Inge. Det
kunne nok vere nokså vågalt å ha tre
viltre gutungar leikande på den vesle
holmen, og Per har fortalt at han mang
ein gong glei i sjøen på dei glatte svaberga. Skulle familien inn til Valderøya
for å handle eller at ungane skulle på
skule, så hadde dei ein avtale med rutelaget som stoppa ved Kjeholmen på
signal. Seinare fekk oljeselskapet si eiga
snekke til å frakte folk og varer fram
og tilbake frå Valderøya eller byen.
”Kjeholmsnekka”, var det enkel og greie
namnet på båten. Inge Bakken som er
den yngste av dei tre brørne, vart fødd
på Kjeholmen i 1938. I vaksen alder
fekk Inge seg jobb i selskapet. Han
starta i 1952 og fekk fast jobb i 1954.
Han jobba i fire år saman med far sin,
Ingvald Bakken som var styrar. Så
gjekk han om bord i bunkringsbåtane
der han var i mange år før han i 1988
kjøpte sin eigen bunkringsbåt. Inge
Bakken dreiv i eit nært samarbeid med
Norsk Brændselsolje levering av olje til
skip til 2002, då han selde båten til
Steinar Uggedal. Også broren Martinus
Bakken jobba i selskapet ein periode
og var også formann ved anlegget på
Kjeholmen. Det aller meste arealet på
Kjeholmen var utnytta til store tankar,
bustadhus, lagerbygningar og verkstad.
Og holmen var godt vakta av hunden
Hektor som spesielt oss smågutar hadde
stor respekt for. Store delar av holmen
var dekt av hundrevis, ja kanskje tusenvis av oljefat. Før kvar jonsok rodde
vi til Kjeholmen for å spørje om å få
skrotolje til å dynke bålet med slik det
brann betre. Men før vi turte å gå i land
måtte vi sikre oss at vakthunden Hektor
var forsvarleg tjora. Og svaret på vårt
spørsmål om skrotolje var alltid ja.
Karane på anlegget heiste oljefatet ned
i færingen til oss og vi rodde fornøgde
over Vallasundet til Mulelid med oljen.
Feriestad
I 1972 vart den lange kaia ved Kjeholmen rent i senk av ein båt som skulle
legge til for å bunkre. Skipet som var
på veg sørover fullasta med jern fekk
store problem i det tronge sundet på
grunn av den sterke straumen og rende
på kaia med stor fart. Kaia som var
forma som ein T, forsvann i djupet.
Dette var nok ei medverkande årsak
til at anlegget nokre år seinare vart
avvikla. Kjeholmen var delvis i bruk
som drivstofflager for selskapet sine
bunkringsbåtar fram mot 1980, då vart
det slutt på bunkring ved Kjeholmen.
Statoil nytta då holmen til feriestad for
sine tilsette, men etter fleire innbrot og
mykje hærverk valde selskapet å selje
Kjeholmen til private. I 1983 vart tankane på Kjeholmen fjerna av den store
Mammutkrana til Ødegård og frakta til
Åndalsnes der dei vart brukt i samband
med bygging av betonginstallasjonar
for oljebransjen. Kjeholmen vart då
seld til Jan Krogsæther som ville bygge
hytter på holmen. Men planane var seinare skrinlagt. Så kjøpte Steinar Lillebø
frå Giske holmen og brukte bustadhuset til fritidshus. Han skjøtte seinare
holmen over til sin bror og svigermor
som framleis eig Kjeholmen.
dato til høyre
Torsdag 29. august 2013
17
født
23.05.13 kom endeleg
nydelege, lille Ane til verda.
Ho var 3360 g og 51 cm.
Leah Nikoline og Tale
er stolte og hjelpsomme
storesøstre. Frank Husevåg
og Norunn Røsvik er stolte
foreldre.
vi giftar oss
Vi gifter oss lørdag,
31. august kl. 14.00 i
Borgund Kirke. Henriette
Grønningsæter Taxbro og
Øystein Rønning Oksnes
Adresse for dagen:
Vardehuset Ålesund
vi giftet oss
Vi giftet oss i Giske kirke
den 20. juli.
Evy Walderhaug og Rune
Jonsen
Ane Huse Heggdal og Sven
A. Høgset Giske gifta seg 6.
juli 2013 i Borgund kyrkje.
Foto: www.bigtonfoto.no
Anne Brits
FOTTERAPI
Aut. Fotterapeut
Lokalavisa
– nær og kjær.
Gode føtter
gir økt
velvære
Åpningstider:
Tirsd. og torsd.10-16
Onsdag 13-19.
Fredag 10-14
Timebestilling:
99 26 16 74
Året har flest kvardagar. Har du tenkt over at
lokalavisa er eit høgdepunkt i kvardagen?
Om avisa ikkje akkurat gjer kvar dag til ein
stor fest, byr ho i alle fall på gode og nyttige
høgdepunkt:
• viktig informasjon frå lokalsamfunnet
ditt
• spennande, lokal debatt
• lokale nyhende, kultur, sport
• leseverdige notisar
Dessutan er avisa talerøyret for
deg og vennene dine. Og det
er i lokalavisa du finn nyttige
lokale annonsar.
Slik knyter lokalavisa deg og
andre saman i ein god
fellesskap.
Fyllinggården,
6050 Valderøya
Bente Grønland og Karl
Petter Sjåholm, begge
Ellingsøy, ble viet hos
Sunnmøre tingrett
21.03.2013
Foto: Hagen
Rubrikken
TIL LEIGE
TIL SALS
Nyere leilighet med
to soverom ledig
sentralt på Valderøy fra
1. oktober. Egen inngang
med stor parkeringsplass.
Utsikt. Utebod. Om lag
80 m2. Ring 951 40 762.
Garasjeporter Sommerkupp
Gjør et kupp nå på
garasjeporter, markiser,
persienner og innvendig
solskjerming. Kontakt din
lokale leverandør Kjetil i
Fasadeprodukter A/S.
Tlf 91301210
Hybeleleilighet til leie.
Passer best for en enslig
person. Ligger sentralt på
Valderøya. Nært hurtigbåtkai, buss og butikkforbindelser. Til leie fra 1.
september.
Ring 400 95 799.
Solskjerming Sommerkupp
Gjør et kupp nå på
markiser, persienner, innv.
solskjerming og garasjeporter. Kontakt din lokale
leverandør Kjetil i Fasadeprodukter A/S.
Tlf 91301210
Naust på Valderøya
vurderes solgt.
Gammelt naust med kai
ved mulelidkaia på Valderøya vurderes solgt. Sjekk
FINN-kode 42488270
Rubrikkannonse for private kostar 130 kroner.
Annonsen kjem automatisk inn to gongar.
For næringsdrivande gjeld vanleg mm-pris.
Rubrikk­bestilling per e-post: [email protected] eller
tlf. 70 18 63 80, seinast tysdag kl. 12.00.
ALFA
BEGRAVELSESBYRÅ AS
Vi står alltid til tjeneste
ved dødsfall og begravelse.
Personlig oppfølging fra
våre konsulenter.
DØGNVAKT: 70 18 34 44 / 70 16 92 20
(Avd. Ytterland og Gåseid)
Besøk vår hjemmeside:www.aabb.no
dato til venstre
18
Torsdag 29. august 2013
Kunngjeringar
OPE MØTE OM
SAMHANDLINGSREFORMA
Tirsdag 03. september kl. 18.00
ved Skomakaren, Giske omsorgssenter,
Valderøy
Innleiing om tema ved Odd Roe Skogen
Har reforma verknad for oss?
Innlegg ved: kommunalsjef May-Helen
Molvær Grimstad
lege Hermod Flaaen
leiar i pårørandeforeninga Kåre Sæter
leiar for Eldrerådet i Giske Harald Hole
Det blir høve til å stille spørsmål til innleiarane.
VI ØNSKJER ALLE VEL MØTT
Arr. Valderøy Pensjonistlag
Valderøy
Pensjonistlag
Medlemsmøte på Skomakaren,
Giske omsorgsenter, Valderøy
(NB! Merk møtestad)
Onsdag 04. september kl. 19.00
Underhaldning v. Ole Jønsson
Kaffi og rundstykker
Quiz
Loddsal
Orienteringar
Hjarteleg velkomne!
Annonsa betalt av
Valderøy kyrkje
FOLKEMØTE PÅ GISKE
Torsdagskafé 29.08.
Vi inviterer inn til folkemøte
torsdag 05.09 kl. 18.00
i gymsalen på Giske skule.
Helsekoordinator Ann Kristin
Berg vil snakke om fysisk
aktivitet og ulike tilbod i
Giske kommune.
Open kafé i kyrkjekjellaren frå
kl.19.00
- ein møteplass for nye turlag?
Velkommen!
Temaet er: kva bør gjerast
med inventaret på Giske
aldersheim?
Ordfører, varaordfører og
administrasjonen stiller fra
kl. 19.00.
VISNING 1. SEPT
VIGRA – SANDVIKA – ROALD
Visning av innflytningsklar tomannsbolig 1/9. kl. 14.00–16.00!
På visning gir vi også informasjon om resten av dette flotte byggefeltet.
Ta turen og se på området, utsikten og alle mulighetene her!
Tomannsbolig | BRA138m² | SOV4-5 | BAD2
På visningen informerer
vi også om:
ter
• Innflytningsklare leilighe
tablerende
• Nyheter for førstegangse
Finn-kode:
41152097
SANDVIKA ROALD
Sandvika Roald ligger 20 min fra Ålesund Sentrum.
Sandvika er et nytt byggefelt i særklasse. Ligger helt i
sjøkanten og rundt deg har du kjempe flotte tur områder.
Like ved har du barnehage, skole, idrettshall, ridesenter,
golfbane, småbåthavn og lokal butikk. Det er absolutt verdt
å ta turen for og se på dette flotte området.
Skoge Eiendom AS
www.boligpartner.no
Grimstad, 6057 Ellingsøy
Tlf 70 18 36 99 [email protected]
www.aalesundhus.no
Redaktør
Søkjer etter ny redaktør frå 1. oktober 2013.
Sjå fullstendig utlysing på www.vtb.no
Vel møtt!
Mvh
Giske Nærmiljøutval
Tidlegare SISenteret begravelsesbyrå AS
Døgnvakt: 70 17 86 60
VI ER DER NÅR DU TRENG OSS
Vi kan avtale møte i heimen, avdeling Øysenteret eller
kontoret i Spjelkavik
Roald søndagsskule
Vi startar opp igjen etter sommarferien
søndag 1. september kl 11.
Vi har samlingar 15. september,
6. oktober, 20. oktober, 10.
november og 1. desember.
Årets friidrettsskule
på Valdervoll,
laurdag 7. september 2013
Basar 23. november.
VELKOMMEN!
Sjå meir informasjon på
www.ilvalder.no
Torsdag 29. august 2013
ledig time straks
70 10 46 70 ı www.apollonia.no
Påmelding til:
[email protected]
seinast 4. september.
dato til høyre
E-post: [email protected]
www.sisenteret.no
Noen ganger taper vi en fotballkamp eller et veddemål
med kompisene. Andre ganger opplever vi tap som er
mye mer alvorlig. For disse tapene finnes Kirkens SOS,
mennesker med erfaring i å lytte til og støtte andre.
Ring oss anonymt når som helst på 815 33 300 eller
kontakt oss på kirkens-sos.no. Vi er her. Alltid.
19
THE
END
Oppslagsord Ordbokartikkel
Slutt
s l u t t
m 1
( f r å
l t y ;
a v
s l u t t e )
1. det at ein tilstand held
opp;
ende
(I),
utgang
dagen lid mot slutten / filmen hadde ein trist
slutt / få, gjere slutt på noko / til slutt til sist
Torsdag 29. august 2013
til siste slutt heilt til ende
2. siste del, rest
drikke slutten av brennevinet
slutt
s l u t t
a 3
berre predikativt: forbi, oppbrukt, til ende
no er turen slutt / pengane tok
slutt / det er slutt mellom dei
Tips oss: Tlf. 70 18 63 80 på vekedagar - 917 10 624 i helgane
Sandvika, Mallavika eller Ågneteigen?
Kvar laurdag frå midten av mai
til ut september er det ungdomskveld i hytta på Sagabu. På
ungdomskveldane er det andakt,
sang, konkurransar, spel, bordtennis, biljard, mat og kiosk. Velkommen frå 7. klasse og oppover.
laurdag 31. august
Sagabu, Vigra
Zeltic på Viking
Førstkomande laurdag blir det
dans med bandet Zeltic
på Viking. Gruppa har
eksistert sidan svært tidleg
på 70-talet og og spelar
låtar frå mellom anna The
Beatles, Hollies, Searchers,
Troggs, Dr. Hook, Smokie
og mange fleire.
laurdag 31. august
Viking, Vigra
det skjer
til slutt
Ungdomskveld
Ordførarens tur
I år som i fjor tar ordførar Knut
Støbakk med seg innbyggjarane
i Giske på ein guida søndagstur
for heile familien. I år er målet
Alnesvatnet. Ein kan registrere seg
og vere med i trekninga av fine
premiar.
søndag 22. september
Alnesvatnet
Sveletreff
Valderøy sokneråd arrangerer
sveletreff kvar måndag i Valderøy
kyrkje. Her blir det svele og kaffi,
god prat, kanskje litt song og opplesing. Kom og gå når det passar
deg. Alle velkomne.
måndag 2. september
Valderøy kyrkje
Tjukkasgjengen
Tjukkasgjengen inviterer til gratis
trim torsdagar og måndagar. I
kveld blir det tur på Molnes. Neste
tur er ikkje annonsert enno.
torsdag 29. august
Molnes
Seniordans
HUSET TIL MALLA: Her i dette huset, i ei lita vik ikkje så langt i frå Sandvika, vaks Borgny Kongshaug opp. Mor hennar vart kalla Malla. No går
Sandvika under to namn på folkemunne – Mallavika også.
Foto: Carina Giskegjerde
På eit vis som Borgny Kongshaug ikkje kjenner til har
Sandvika litt etter litt blitt kalla
opp etter mor hennar, Amalie
(Malla) Rørvik. Nokre kjenner
ikkje til anna namn for Sandvika enn Mallavika.
CARINA GISKEGJERDE
[email protected]
Borgny Kongshaug er dottera til
Amalie (Malla) Rørvik og vaks opp i
Einebø like ved det ho alltid har kjent
som Sandvika på Roald. Men sidan
ho vaks opp der er det noko som har
Sandvika har lenge vore kalla Mallavika på
folkemunne, no har det også kome opp ein
benk der namnet kjem tydeleg fram. – Har
Sandvika to namn då? spør Borgny Kongshaug.
skjedd. Folk har begynt å kalle staden
Mallavika. Borgny oppdaga det først
ein gong for om lag 30 år sidan. Ho
kom i snakk med ein kar på bussen
og då ho fortalde at ho kom frå Roald
svarte han at han ikkje var så godt
kjent på Roald, men han hadde vore
å sett flyndreline i Mallavika.
– Det er ikkje nokon plass som heiter
det, men han hadde aldri høyrt noko
anna enn Mallavika, fortel Kongshaug. Seinare har ho høyrt fleire og
fleire som seier det. På folkemunne er
det ofte Mallavika som blir brukt. Ei
lokal bedrift har kalla opp bedrifta si
etter Mallavika, og i Øy-Blikk for eit
par veker sidan var det også avbilda
ein benk der det står MALLAVIKA i
ryggstøtta med store bokstavar i tre.
– Det var mange som ringte til meg
då og ba meg undersøkje dette med
namnet litt nærare, fortel dottera til
Malla som ikkje tør å påstå at det er
frå mora hennar namnet kjem ifrå.
Samtidig var det berre dei som budde
i området, og mora hennar vart kalla
Malla. Det står til og med i parantes
bak namnet hennar i boka Vigraslekter gjennom 500 år.
Ein stad, to namn
Lokalkjende på Roald, som Severin
Haugen og Ingrid Roald, fortel også
om Malla som budde ikkje så langt ifrå
Sandvika, og at namnet heilt sikkert
kjem derifrå, men det rette namnet
er Sandvika.
– Kanskje folk sa ’ta oss ein tur ut til
ho Malla’ og at det er slik namnet
har kome, seier Ingrid Roald. Og når
nokre starta å kalle det Mallavika så
har det auka på. Kanskje det klinger
fint? legg ho til.
Ikkje offisiell adresse
Trine Naadland i namnenemda i Giske
fortel at det ikkje er uvanleg at ein stad
kan ha fleire namn på folkemunne.
Men dei formelle namna skal i stor
grad knytast til gardsnamn. Ho fortel
at verken Sandvika eller Mallavika er
offisielle adresser for området. Namnet
som no er ute til høyring for vegen i
området er faktisk Ågneteigen. Naadland fortel at her er mange stader i
Giske som heiter Sandvika, og sidan
det berre er ein stad som kan ha
namnet i ein kommune, blir ikkje
Sandvika den offisielle adressa. Mallavika var heller ikkje eit alternativ då
Malla peiker mot ein bestemt person
og ikkje eit gardsnamn.
– Kom og bli med på dans/trim
til enkel musikk, oppmodar styret
for Seniordans når dei startar opp
igjen med kurs no etter ferien. Her
kan alle delta, meiner dei, og alder
er inga hindring. Ta med vener og
naboen og møt opp.
måndag 2. september
Frivillegsentralen, Valderøya
60+ treff
Første tysdagen i kvar månad
er det føremiddagstreff i bedehuskjellaren på Valderøya for dei
som har passert 60 år. Dette er eit
uformelt treff med kaffi og mat,
song og musikk, andakt, gode
historier og prat rundt borda.
tysdag 3. september
bedehuskjellaren, Valderøya
Folkemøte
På Giske vert det arrangert
folkemøte for å diskutere kva ein
skal gjere med tinga som står i
den gamle aldersheimen på øya.
Etter at innbyggjarane har fått
samsnakka på møtet, kjem også
ordføraren, varaordføraren og
nokre frå administrasjonen i kommunen for å høyre på forslaga.
torsdag 5. september
gymsalen, Giske skule
Open gard
Kvar søndag, så lenge vêret er bra,
inviterer Fredrik og Silje alle som
vil til open gard på Synes. I tillegg
til å få mate og klappe dyra blir
det sal av bruktgjenstander, gardsegg, kaffi, sveler og saft.
søndag 1. september
Synnes besøksgard