KYRKJEBLAD for NORD-FRON Nr. 4-5 • November – desember 2010 • Årgang 55 Fin skyss til kyrkje! Barnehagane har samling i kyrkjene våre før jul. Nokre kjem med fin skyss, som her ved Sødorp kyrkje i Advent 2009. Foto: J.P. Ous. Kvam kyrkje Kvikne kyrkje Skåbu kyrkje Sødorp kyrkje Sødorp kapell Les i Advents- og Julenummeret: • ”Min salme”, s 4 • Nord-Fron har fått diakon og trusopplærar. Les intervju, s 5 • Nytt om gamalt frå Skåbu, s 9 • Julehelsing frå biskop Solveig Fiske, s 24 • med mykje meir! • www.kyrkja-nordfron.no TIL TENESTE Nord-Fron kyrkjekontor Tlf 612 16 290 Fax 612 16 291 Kyrkjeverje: Aud Haadem Tlf 612 16 292 Sekretær. Marit hagen Tlf 612 16 290 Kontortider: Kl 09.00-12.00 og ellers etter avtale Sokneprest: Jens Petter Ous Tlf privat: 612 94 444 Tlf kontor: 612 16 293 Sokneprest/seniorprest: Kjartan Ruset Tlf privat: 612 90 310 Tlf kontor: 612 16 294 Mob tlf: 416 25 803 DIAKON OG TRUSOPPLÆRAR: Brit Ninni Fossli Tlf. 612 16 286 Mob tlf: 993 30 985 Døypte Døde Sødorp Sødorp Sondre Ørjasæter (Fredrikstad) Thor Kampestuen Brandvold Fredrik Høstad (Gjerdrum) Asmund Sandbuløkken Tilja Stigen Nystuen Lars Kristian Tokvam-Bergundhaugen Emil Røssummoen Øyen (Vassenden) Kvam Oda Wiseth (Steinkjer) Mats Nordlien Holten Kristoffer Holten Skurengslien (Otta) Sture Hanslien kvikne June Aurora Berget Finn Saxegård (Oslo) Ingolf Erling Bjørkheim Ola Roven Ragnhild Granberg Johan Vaet Agnes Frøyse Judith Nyløkken Else Aneli Os Signe Taarud Turid Klæboe Liv Ester Kleiven Anders Sønstevold Johan Mikkelsen Anders Einar Skreden Anne Marie Lohaugen Ingolf Slaastuen Kvam Organist: Kristin Magret Brækken Tlf 901 07 601 Ola Løkken Tlf 412 18 218 SKÅBU Erika Hoel Leah Adele Johansen Teschner (Ski) Marius Ruststuen Magnhild Aarnes Karl Killi Birger Kjos SØDORP SOKN Soknerådsleiar: Haldis Skuterud Tlf 612 90 379 Kyrkjetenar/gravar: Anders Stø Tlf 612 90 974 Kyrkjetenar: Frank Varpestuen Tlf 456 06 026 Vigde Skåbu KVAM SOKN Soknerådsleiar: Arvid M. Steine Tlf 612 94 090 Kyrkjetenar: Svein Fredrik Kjæstad Tlf 908 45 584 KVIKNE SOKN Soknerådsleiar: Andreas Juel Kjøge Tlf 612 91 990 Kyrkjetenar: Per Kåre Berget Tlf 612 95 017 SKÅBU SOKN Soknerådsleiar: Per Steinar Brendløkken Tlf 913 82 950 Kyrkjetenar: Jan Smikop Tlf 612 95 574 FAMILIE-RÅDGJEVING Kirkens Familirådgivning Storgt 21, 2670 Otta Tl 612 30 536 Kl 09.00-14.00 Grafisk produksjon: Dale-Gudbrands Trykkeri a.s, www.dg-trykk.no 2 HEIM OG KYRKJE Kyrkjeblad for Nord-Fron Jens Arne Klevstadlien Liv Grethe Blekastad Kvam Hege Holdt og Gisle Bogen (Lillehammer) Skåbu Eli Valør og Kjell Helge Johnsen (Trondheim) BØNNE-KRUKKE I SØDORP KYRKJE Etter ynskje frå ein 12-åring som opplevde å få bruke ei bønne-krukke i ei kyrkje ein annan stad i landet, har soknerådet skaffa ei slik krukke til Sødorp kyrkje. Krukka vert ståande ved sidan av lys-globen. I bønnekrukka (som har lokk) kan du legge ein lapp der du har skrive ned di bønn til Gud. Ingen skal lese den lappen. Under forbøna vert bønnekrukka boren fram på alteret, og på den måten vert di bønn løfta opp til Gud på ein konkret måte. Lappane blir seinare brent ulest i to vitners nærver. Krukka vert teken i bruk ved familiegudstenesta 1.sundag i Advent. Kyrkjeblad for Nord-Fron – redaksjons-komité: Eva Barkenæs, Oskar Letrud, Vidar Skaare, Odd Veslum. Redaktør: Kjartan Ruset VÅR EIGA HEIMESIDE Kyrkja i Nord-Fron har si eiga heimeside: www.kyrkja-nordfron.no Neste nummer av ”Kyrkjeblad for Nord-Fron” kjem ut ca. 24. februar 2011. Frist for stoff: 10. februar 2011. Kyrkjeblad for Nord-Fron – Nedregate 50 – 2640 Vinstra Kontonummer: 1644.18.34997 Advent 2010: Han som kjem, og vi som ventar på han Med denne korte setninga vil eg gå inn i adventstida. Og stille meg i flokken av dei som ventar. Eg vil ause av den barnlege gleda som følgjer med i tida før jul. Gleda over å gjere noko godt mot dei ein er glad i. Bruka krefter og fantasi for å finna noko som eg veit dei kan verte glad for å få eller oppleva. Vere saman i denne gode førjulstida med alle dei gode minna frå åra tidlegare. Og samstundes kjenne på saknet av nokre som ikkje lenger er saman med oss. Vemod høyrer òg med i denne tida…. Medan vi ventar og førebur oss. På å møta han som kjem! Skal tru kva slags møte det blir? Som i fjor…som i alle år….? ”Same procedure as last year” Eller med forventning? Skal tru korleis det blir i år, når Gud frå det høge vitjar oss? I orda om barnet i krybba. Levande ord, ja, han er Ordet til oss (Joh 1,1ff: Ordet vart menneske….) Ei lita forteljing i bibelen i Lukasevangeliet (19,1-10) fortel om eit slikt møte. Du kjenner sikkert forteljinga om Sakkeus!? Han som så gjerne ville sjå Jesus. Men han var liten og difor måtte han klatre opp i eit morbærtre for å få auge på Jesus. Han venta…….. Det står ikkje noko om kva slag forventningar, kva slag håp han hadde for dette møtet. Berre at han gjerne ville sjå Jesus. Rykta hadde jo sagt så mykje om han! Var dei sanne? Han ville sjå sjølv…….. Så fekk han sjå Jesus; mannen frå Nasaret. Han som alle snakka om. Han fekk sjå han med eigne auge! Forteljinga stoppar ikkje der! Det vart eit heilt anna møte enn Sakkeus hadde drøymt om! ”Sakkeus, kom ned!” Sakkeus vart sett og invitert inn i fellesskapet. Eigentleg var han ein ”outsider”, ein som vart halden utanfor det gode fellesskapet. Tollarar, som Sakkeus, vart rekna for syndarar. Det hang nok saman med kven dei jobba for og korleis dei utførde jobben sin. Dei jobba for fienden, okkupanten, og dei tok gjerne litt ekstra i tollavgift, og putta noko i eiga lomme. Egentleg forunderleg at tollaren heitte Sakkeus. Det er eit gresk namn, fra det hebraiske ordet for ”rein”; han som er rein. Litt av ein kontrast til folkets dom over Sakkeus! Jesus møter Sakkeus annleis: ”Kom ned, Sakkeus, i dag er det naudsynt for meg å ta inn hjå deg”. I dei orda avslører Jesus kven han er. Hans oppgåve er å frelsa, difor må han inn hjå menneska. Inn hjå Sakkeus og alle oss andre store og små syndarar. Og i det møtet kan alt skje…….. Advent….vi ventar og han kjem oss i møte! Han som er verdas Frelsar, som englane song om i julenatta. ”I dag er det fødd dykk ein Frelsar i Davids stad. JPO Kyrkjeblad for Nord-Fron 3 mi salme Karen Aspeslåen fortel Når Kyrkjebladet ringjer Karen Aspeslåen (86) for å bestille eit innlegg til vår ”Min salme”spalte, attrar ho seg. – Eg har vorte så gløymsk! seier ho. Men vi har ikkje lyst til å gje oss. – Kva om eg kjem innom for ein prat ? Jau, det er i orden. Når eg kjem, er bordet dekka og kaffien klar. Dei tre sortane på bordet har ho baka sjølv, med eplekake med krem som hovudrett. Og Karen er slett ikkje gløymsk – i alle fall ikkje når det gjeld det frå før i tida. Ho fortel om oppveksten på Haugastuen i Sorperoa, og veninna Berit Kongsli. Dei to gjekk til skulen i lag. Det vart langt å gå når dei kom i storskulen og måtte heilt til Ruste, og då var det godt å vere to. Når det var skikkeleg kaldt, køyrde dei Berit med hest og slede frå Kongsli. Karen har spesielt gode minne frå sommaren 1938, då ho var konfirmant: - Berit var fødd i august 1923, eg fyrst på året i 1924. Men Nordrum ordna det slik at eg fekk gå for presten saman med Berit. Så eg var 14 då eg var konfirmert. Karen held fram: - Då vi stod på kyrkjegolvet konfirmasjonsdagen, song vi ”Eg veit i himmerik ei borg”. Det synest eg er ein slik fin salme. Eg minnest vi var nervøse, men det gjekk bra. Det var ein fin sommar då oss gjekk for presten ! Ein annan salme vi lærde hos Nordrum, var ”Med Jesus vil eg fara”. Karen har nyleg flytta inn i trygdebustad på Sundheim, etter 65 år på Aspeslåen. Minna frå den tida er mange og gode. Den fyrste tida var det mykje folk på Aspeslåen, fortel Karen. Faktisk var dei 4 generasjonar ei tid, for bestemor til ektemannen Oddvar, Gina, levde. Ho budde i Nordistugu saman med svoger og svigerinne Egil og Ragna. I Systugu budde svigerforeldra Kristian og Ingeborg, saman med Karen og Oddvar og dei fem borna deira. Dei hadde og rom i Uppistugu, der Kristian og hadde snikkar-verkstaden sin. Jau, det var liv og røre! - På det meste var vi 5 kjerringar i Aspeslåen! ler Karen. Men dei kom godt utav det med kvarandre. I jula var det mykje folk samla. Ofte var syskjena til Oddvar med. Dei var fem syskjen: Gunvor, Tora, Torgeir, Karen og Oddvar. I ein stor familie er det mykje glede, men så blir det også sorg når nokon går bort. Oddvar døde brått frå Karen og dei fem borna berre 45 år gamal i 1966. Og så døde sonen Kristian under jakta hausten 2004. Men Karen har fått røyne sanninga i ordet: ”Som dagen er, skal styrken din og vere”. Eit ljost og godt humør har og hjelpt henne vidare i livet. Til slutt må vi spørje om kva for ein julesalme ho likar best. Det er ingen tvil ”Deilig er jorden” er favoritten. Vi takkar for praten, og tek med nokre vers av salmen Karen song saman med sine med-konfirmantar i Sødorp kyrkje den haust-sundagen i 1938: KjR Eg veit i himmerik ei borg, ho skin som soli klåre. Der er kje synder eller sorg, der er kje gråt og tåre Eg er ein fatig ferdamann, må mine vegar fara herfrå og til mitt fedreland. Gud meg på vegen vara! Der inne bur Guds eigen Son i herledom og æra. Han er mi trøyst og trygge von, hjå honom eg vil vera. Me takkar deg til evig tid, Gud Fader, alle saman, for du er oss så mild og blid i Jesus Kristus! Amen Nytt syningsrom Det har i lengre tid vore ynskje om større og høvelegare syningsrom i bårehuset ved Sødorp kyrkje. No står det nye syningsrommet ferdig, som eit nytt tilbygg. O M Bakken bygg har gjort arbeidet. Det er innsamla ein del midlar, og Nord-Fron kommune har ytt eit tilskot, men det manglar enno ein del for å få dekt kostnadane. Du kan få vere med å gje til dette gode føremålet ved innbetaling til ”Konto for Syningsrom”, kto nr 2095.19.51839. 4 Kyrkjeblad for Nord-Fron Fra venstre: Liv Veikleenget, Ottar Bakken, Kjellaug Bakken, Aud Haadem, Ninni Fossli. (Foto: Einar Almehagen, GD) Ny medarbeidar i Nord-Fron Kyrkjebladet har gleda av å presentere ein ny medarbeidar i kyrkjelydane i Nord-Fron. Og nota bene! det er ikkje berre ein ny medarbeidar, men også ei ny stilling, nemleg TRUSOPPLÆRAR. Trusopplærings-biten er halve stillinga, den andre halvparten er diakon. Og personen er: BRIT NINNI FOSSLI - Det er nok diakon eg er fyrst og fremst, vedgår Ninni (det Medan familien budde i Kirkenes, vart ho med i er namnet ho brukar til dagleg) når vi spør om kva kjensler kyrkjekor. Ho hadde alltid likt salmar, og gjennom koret ho har ved inngangen i den nye jobben. – Men eg har jobba vart denne interessa styrka. Samstundes vart borna med i Kua og Johanne mykje som lærar óg, og i diakon-utdanninga inngår også gospelkor. Apropos salmar: Ninni kan føre sine røter attende har høyrt saman kristendomsfaget, så eg har ein viss kompetanse også når det til salmediktaren Petter Dass ! gjennom eit langt gjeld trusopplæring, legg ho til. Oppgåvene er mange her i Nord-Fron. Noko ho brenn budeie-liv. Det er ein omfatande CV Ninni kan presentere: utfor, er å starte sorggrupper. Dette vil vere eit tilbod til dei Foto: Kjartan danning i sjukepleie frå Namsos Sjukepleiehøgskule, med som har mist nokon som står dei nær, og som ynskjer å vere Ruset spesialisering i geriatrisk sjukepleie; utdanning i diakoni ved saman med andre i same situasjon, for å dele erfaringar og Kirkelig Utdanning i Nord, Tromsø; i kristendom ved NLA vere til støtte og hjelp for kvarandre. i Bergen; yrkespraksis som sjukepleiar, som lærar i sjukeSom trusopplærar skal Ninni etappevis bygge opp Johanne ved yndlingsplassen inne pleiefag både ved høgskule og vidaregåande skule, og som tilbod til kvart årskull frå 0 år til 18 år, i samarbeid med i selet . Foto: Kjartan Ruset. lærar ved folkehøgskule; og endeleg som diakon (ved Bodø trusopplærings-utval i soknene. ”Lys Våken” er det fyrste nye domkyrkje). Ho er mor til tre og er gift med Svein Martin tiltaket som vert i verksett, for 12-åringane (sjå eige oppslag Mo, journalist og lærar. Nyleg har ho vorte bestemor. side 7). - Det var det som var grunnen til at eg søkte meg sørover Ninni er i full sving, m.a. som klokkar ved gudstenester etter berre eitt år i Bodø. Eg må nærare barnebarnet! Her i og gravferder og ved andakter på Sundheim. Nord-Fron er eg godt kjend frå før. To av borna våre er konHar Ninni nokon hobby? firmerte her. Denne stillinga som diakon og trusopplærar - Då må det vere sang og musikk! Eg har tidlegare spelt er midt i blinken for meg. Det er flott å kunne kombinere både klarinett og fiolin, og vore med i teater. Her på Vinstra omsorg og undervisning, og på den måte få brukt mi utdanvar eg med i ”Norsk Et Lite Kor” ei stund. Elles er eg glad ning. i naturen og likar å reise. Kor mykje tid det vert til å dyrke Ninni fortel at barnebarnet vart for tidleg født. Det var hobbyar no, veit eg ikkje. Det blir jobben fyrst og fremst, og kritisk ei stund, men no går det bra. Det har vore godt for ei så barnebarnet! avsluttar den nybakte bestemor. ung mor å ha mor ved si side denne tida. Vi takkar for praten, og ynskjer lukke til i arbeidet. Forresten er Ninni ikkje heilt ukjent for Kyrkjebladets KjR lesarar. Vi intervjua henne som nytilsett styrar på Kirketeigen i 2005. Det vart eitt år på Kirketeigen. Så flytta dei til Vinstra. Ninni underviste ved Vinstra og Otta vidaregåande, og hadde vakter på Bredebygden. Før dei flytte nordover i 2009, budde dei eitt år i prestebustaden i Sundvegen 14. Men no er Ninni og Svein Martin attende på Vinstra, med borna er under utdanning andre stader. Engasjementet i kyrkja har kome gradvis, fortel Ninni. I intervjuet i 2005 fortalde ho om kor ho kjende seg letta fyrste gong ho som vaksen kunne gå til nattverd. Oppveksten var på Harran i Namdalen. - Eg har kristeleg sett ein vanleg folkekyrkje-bakgrunn, døypt og konfirmert i Harran, der far i eit par periodar var med i soknerådet, også som leiar ei tid. Namdalen med elva Namsen er det fleire frøningar som har eit forhold til, nemleg som laksefiskarar. Ninni fortel at elva var og er viktig for bygda. Far hennar arbeidde ved kraftstasjonen under Fiskum-fossen. - Eg kjenner meg heime her i Nord-Fron, seier Ninni, med elva og dalen, akkurat som der eg kjem frå. Om si utvikling som menneske, fortel Ninni at ho i Nord-Frons nytilsette trus-opplærar og diakon, Brit Ninni Fossli 12- 13-års-alderen vart sterkt oppteken av internasjonal (brukar til dagleg berre Ninni) har fått kontorplass på Kyrkjekonsolidaritet, og det engasjementet har ikkje vorte mindre toret i Høgtun, og er i full gang med planlegging av sitt arbeid. med åra. Dette engasjementet opna augo hennar også for Ho er også i sving ute i felten. Det er berre å ta kontakt! Ho treffast misjonen, for ho oppdaga at misjonsorganisasjonane gjorde på tlf 612 16 286 eller 993 30 985. Foto: Kjartan Ruset mykje flott arbeid i Den tredje verda. Kyrkjeblad for Nord-Fron 5 Storleir for konfirmanter I august 2011 skjer det. Felles leir for alle konfirmantene i Nord-Gudbrandsdal. Tanken har modnet en stund, og nå er tiden inne. Vi har hørt begeistrete uttalelser fra deltakere og ledere som har vært med på store fellesleire for konfirmanter: Fantastisk! Gøy! Lærerikt! Blant annet fra Vågå, som i noen år har deltatt fast på en slik leir i Kragerø. Ikke nok med det. Undersøkelser viser at konfirmantleire over noen dagers varighet har svært stor effekt. Særlig på læringskurven og forståelsen av gudstjenesteliv. Men også sosialt. Gøy å begynne konfirmantåret med en leir sammen med andre fra egen menighet, men også å få møte ungdommer fra andre steder. Hvem? For konfirmanter som skal konfirmeres våren 2012. Kommer fra Nord-Sel/Vinstra, Sel/Otta, Dovre, Lesja, Lom og Skjåk. Dette året deltar Vågå i Kargerø. Foruten konfirmanter deltar unge ledere fra de forskjellige stedene, instruktører i frilluftsliv, musikk, dans, drama m.m.og de fleste av prestene. I alt blir vi ca 200 konfirmanter og 40-50 ledere. NB! For de som av ulike grunner ikke vil reise på leir, blir det alternative opplegg lokalt. Hva? Dette blir konfirmantenes første møte med konfirmanttiden. De vil bli kjent med sanger og opplegg for enkelt gudstjenesteliv. De vil få de første innblikk i hvem Jesus var og hva han ønsker å være for dem. De vil utfordres på aktiviteter som de må gjøre sammen, - samhandling. Det blir minikonserter og festkveld der de selv bidrar. Det blir tid for å bli kjent med sine konfirmantprester og ledere. Hvor? Vi reiser til selveste ”Friluftshøgskulen” , Nordfjord Folkehøgskule i Vereide/Sandane. Gjennom flere år har skolen etablert seg med et fantastisk tilbud når det gjelder aktiviteter i det fri; roing av store historiske trebåter, padling av kano- og kajakk, mestringsløyper i terrenget, matlaging i det fri ved hjelp av naturens elementer, bading, sandvolleyball, turer i marka og mere til. En vakker beliggenhet, med høy standard på innkvartering og særdeles god mat. Instruktører fra skolen vil delta. Når? Leiren blir søndag 7. august – torsdag 11. august 2011. Dere som regner med å ha konfirmanter som konfirmeres våren 2012 bes om allerede nå å notere datoen. Fint om kollisjon med ferier kan unngås. Det er viktig at alle deltar på leiren. Det vil bli avholdt lokal informasjonsmøter om leiren og konfirmantopplegget i løpet av våren. Innbydelse og nærmere dato for møtet vil bli sendt i posten. Velkommen på leir! Stig Tørring SÅ SMILER VI LIT T…. I retten Dommeren: - Har du blitt straffet noen gang før? Tiltalte: – Nei… aldri før – bare etterpå! Kongen En femåring fikk brev fra tanten. Han var ikke så god til å lese så han spurte moren hvem det var fra. – Det står jo på konvolutten, svarer mor. Gutten snur og vender på konvolutten og studerer frimerket nøye – så sier han: – Jeg tror det er fra kongen! Keiser Lille Ivar ringer til farmor: – Vi har fått en babybror i natt! Farmor: - Kom han med storken? Ivar: – Nei… han kom med keiseren! Farmor: – Nå tuller du godt med farmor… Ivar: – Nei, pappa sa det, han kom med keiser Snitt! VISDOMSORD: Skal du oppdra et barn – lev som dets forbilde. Annet er stort sett bare dressur. G.B. 6 Kyrkjeblad for Nord-Fron KONSERTAR I NORD-FRON FØR JUL “Varmt hele året” Sødorp kirke tirsd 30. nov kl.19.00 ARNESTEIN HAMMERSHAUG med egne viser og sanger. Entré kr. 200 Billetter ved inngang og hos G-Sport, Vinstra Kvam kyrkje Onsdag 15. des kl. 19.00 Gjeling-Ljomen med Reidar Svare Sødorp kyrkje Fredag 17. des kl. 19.00 Vinstra Generasjonskorps Kvam kyrkje Sundag 19. des kl. 18.00 Kvam musikkforening m.fl. Skåbu kyrkje Sundag 19. des kl. 18.00 Skåbu barne- og ungdomskor Lys Våken Lørdags kveld 27. nov. fra kl. 18- 22 blir det arrangert ”Lys Våken” for 12- åringene i Nord- Fron. Barna møter i Sødorp kirke til sang, leik, sosialt fellesskap og måltid. Foreldre/foresatte som ønsker det kan også bli med. Alle har fått personlig invitasjon. Barn og foreldre inviteres også til familiegudstjenesten i Sødorp kyrkje sønd 28. nov. kl.11.00, med grøtfest i Kirkestua etterpå. Sorg-gruppe Diakonen ønsker å starte sorggruppe på nyåret. En sorggruppe er for dem som har mistet en av sine nærmeste, og som ønsker å komme sammen med andre i same situasjon, for å dele følelser og opplevelser i forbindelse med tapet. Gruppen på 4-6 personer ledes av diakonen og en frivillig. Lederne har erfaring med sorg og har taushetsplikt. De som er interessert kan ta kontakt med diakon Brit Ninni Fossli på kyrkjekontoret tlf. 612 16 286 og melde seg på. Babysang Babysang har blitt polpulært mange steder, og er et tilbud til foreldre/foresatte og babyer fra 0-1 år. Vi møtes i Kirkestua til sang og leik og avslutter med et felles måltid. Dette blir avholdt 7 onsdager mellom kl.13 og 14.30. Vi starter samlingene onsdag 26. januar. Påmelding til diakon og trosopplærer Brit Ninni Fossli tlf.612 16 286 eller til kyrkjekontoret tlf. 612 16 290. Kyrkjeblad for Nord-Fron 7 Julehilsen fra Sødorp sokneråd Nei, dette var ikkje planlagt – at eg skulle sende julehelsing til med-sokningar med sorg og sakn i sinnet, etter at Hans gjekk bort 1.juli. Men regien var ikkje i våre hender. ”Ka gjær du no bestemor om dagen, når han bestefar itj e hær lenger?” spurde barnebarnet Kristin her ein kveld, eg sat på sengekanten hennar. ”E gjær nå dæ e ha gjort fæær, mijn e har itj hain bestefar å teenkj høgt saman med; mijn han e nå på en måte hær fortsatt – ”, måtte eg seia – og eg kunne ha sagt mye meir om denne situasjonen. Men livet må gå vidare, for ”slik er livet”, seier vi, og slik er det. Eg må enno ein gong takke for all omsorg og bøner for Hans og oss andre, både då han var sjuk, ved gravferda og etterpå. Det har vore til uvurderleg hjelp og trøyst! Og så må vi erfare hendingar som råkar liva våre, gode og vonde, kvar vår gong. Vi vert stadig minna om at livet, det har vi berre akkurat no. Dette må vi akseptera, men det kan vera vanskeleg. Ivar Aasen seier det så enkelt: Vesle vitet det strekk ikkje til, Ei tru må stydja oppunder – ei tru som trøysta og styrkja vil i mørke, stormande stunder. I skrivande stund er det 10.november, og juleførebuingane er på høveleg avstand, meinte eg! Men kvardagen fortel noko anna: julebords-tilboda har vore annonsert lenge, og ungane har starta ynskjeliste-skriving. Mange veit ikkje kva dei skal ynskja seg – for dei har det meste. Og så kjem posten med gave-giroane som minner oss om alle som ikkje bur i verdas rikaste land, men i land som ikkje ”fløymer over av mjølk og honning”, og som ikkje har problem med å vite kva dei treng. Vi fyllest med takksemd over den lykka at vi vart fødde her! Livet i kyrkjelyden speglar livet slik det er: glede med brudlaup, barnedåp, familiegudsteneste, konfirmasjon, og – når sorga råkar – gravferd. Vi i soknerådet takkar prestane våre for deira heil hjarta innsats for sokneborna i glede og sorg. Takk og til familiane deira som støttar dei i arbeidet. Takk til alle andre tilsette. Og vi må ikkje gløyme takk til Sanitetsforeningane og Ruste Bygdekvinnelag som støttar med kyrkjekaffi og trivelege sætermesser. Vi har forventningar om ei glad og fredfylt jul , og det ynskjer vi alle i soknet - med serskilt helsing til dykk som slit med sjukdom, einsemd og sorg. Og så kan vi stemme i med halvdan Sivertsen: Ja, kom med fred og glede, vi treng ei høytidsstund der frykten holdes nede et håpefullt sekund. La lyse barnestemma og hellig klokkeklang nå inn i våres gjemma med kjærlighetens sang. Med helsing frå Sødorp sokneråd Haldis Skuterud, leiar Det viktigaste no... Kva er det viktigaste i verda akkurat no? Skal tru om det ikkje er dette: at vi menneske søkjer forståing og syner kvarandre gjensidig respekt, på tvers av alle religiøse, etniske og politiske skilje. Og vi i det rike nord og vest må gjere dette i erkjenning av vår tunge, historiske arv: kolonialismens og imperialismens overgrep mot folk og grupper i Afrika, Asia og Sør-Amerika. Vi må fri oss frå ovanfrå-og-ned-haldninga, og gå varsamt og respektfullt til verks i møte med dei vi ynskjer å hjelpe og støtte. Det er ytterst krevande, men det er dette som må til no, i ei verd der vi når dei fjernaste utkantar på nokre timar, og er berre nokre tastetrykk unna kvarandre frå den eine sida av kloden til den andre, medan våre heimar fyllest opp av varer frå alle kontinent. Julebodskapen viser veg. Gud møter oss skrøpelege, skuldtyngde menneske med sitt ”Ver ikkje redde!”, og med ”I dag er det fødd dykk ein Frelsar”. Og Frelsaren gjer seg til eitt med kvart einaste lite menneske: ”Det de gjorde mot ein av desse minste, gjorde de mot meg”. Slik Gud møtte oss, skal vi møte kvarandre. Det er utfordringa i jula. Eit høgdepunkt i året som gjekk, var dei åtte dagane i Jerusalem i mai, 47 år etter at Jorunn reiste derifrå med 8 Kyrkjeblad for Nord-Fron sorg i sitt hjarte; tre år blant palestinarane sette gode merke og gav minner for livet. No fekk ho møte nokre gamle venner, og sjå dei kjære stadane, saman med brørne sine, og med ektemann og svigerinner. Samstundes var det smertefullt og opprørande å oppleve på nært hald dei vanskelege kår det palestinske folket lever under. Samveret med barneborna (Sigmund 5, og Harald 2) er vekas høgdepunkt. Det er eit privilegium å få vere besteforeldre! Og samveret med døtre og svigersønner er heller ikkje så verst! Det underlege og nesten ubegripelege er at pensjonisttilveret ventar, for presten i juni, og for frua kanskje eit år seinare. Takk for endå eit år med godt samarbeid og fellesskap i staben og i kyrkjelydane ! Ei spesiell helsing til organistane våre, Kristin og Ola, som takkar av etter framifrå innsats i kyrkjene våre, og på Sundheim. Denne høgtida som er så gledefylt for mange, kan vere tung for den som saknar nokon av sine kjære. Våre tankar og bønner går spesielt til dykk som er der denne jula. Med ynskje om ei signa jul og eit godt nytt år for dykk alle! Beste helsing Jorunn og Kjartan Ruset Kulturprisen 2010 til Hans Hysjulien Nord-Fron kommunes kulturpris for 2010 går til Hans Husjulien, Skåbu, for hans arbeid med å registrere og bevare kulturminner i bygda og i fjellet. Hans var initiativtaker og leder av Kulturminne-gruppa i Skåbu. Han er fortsatt aktiv i gruppa, men Ivar Engevold er nå leder. Vi har bedt Engevold om en orientering om gruppas arbeid. Som det framgår av orienteringen, er det et imponerende arbeid gruppa med Hans Hysjulien i spissen har nedlagt. Vi gratulerer Hans med kulturprisen ! Kulturminne-gruppa i Skåbu Kulturminne-gruppa med Hans Hysjulien som leder har de siste åra stått for mange prosjekt som forteller om Skåbu og Skåbu sin fortid. Skåbu boka Hans var også blant dem som deltok i skrivingen av Skåbu boka. Falkefangeranlegget Kartlegging og oppbygging av ”falkefanger-anlegget” på Falkefangerfjellet ovenfor Kvålsætera. Dette er det eneste restaurerte fangstanlegget for falk i Skandinavia. Hans startet dette prosjektet sammen med venner i Lions. Da dette prosjektet var ferdig, startet han Kulturminnegruppa sammen med interesserte sambygdinger. Denne gruppa har overtatt ansvaret for falkefangeranlegget. Ved anlegget er det oppsatt flere informasjonstavler som forteller om anlegget og hvordan det ble brukt. Hans har også skrevet og utgitt et hefte om falkefangeranlegget og falkefangst. Dette kan kjøpes på utstillerforeninga i Skåbu. Bilder Gruppa har samlet og registrert mange gamle bilder fra Skåbu. Sleo Utgreiing og oppbygging av ei fiskesleo som står ved Nordre Sandåa etter Jotunheimvegen. Denne viser en av flere gamle fiskemetode fra gamle dager. Her er også informasjonstavler som forteller om innlandsfiske, om fiskeredskap og fangstmetoder. Bekkekvern Det siste prosjektet er bekkekverna . Dette prosjektet startet for noen år siden. Et gammelt kvernhus som stod ved Grindåa i Skåbu er tatt ned og restaurert. Kverna har tilhørt gården Hågå og ble sannsynlig bygget i 1829 av Nils Erlandsen Hågå. Den nye tomta til kverna var et gammelt brukar ved Kamsbekken nedenfor Skåbutunet i Skåbu. Kverna ble satt opp igjen høsten 2010. Kvernkall og vanntroer vil bli montert sommeren 2011. Ivar Engevold Jernvinningsanlegg Medlemmer i kulturminnegruppa har funnet ca 150 jernvinnings anlegg som er registrert og avmerket på kart. Fangstanlegg Gruppa har funnet mer en 40 fangstanlegg for elg. Her er det registrert over 500 dyregraver. Det er også registrert 10 fangstanlegg for rein. Kulturstiger Det er også ryddet flere kulturstiger opplysningstavler ved hver stig. Kulturhistorisk utstilling Hans har også utarbeidet en kulturhistorisk utstilling som i ord og bilder forteller om Skåbus historie fra steinalder og frem til nåtid. Bekkekverna som Kulturminne-gruppa i Skåbu har restaurert og satt opp. Prosjektet fullføres med kvernkall og vasstro sommeren 2011. Foto: Ivar Engevold Medlemmer og tidligere medlemmer i kulturminnegruppa. Hans Hysjulien, Randi Brendløkken, Marit Kvålen, Odd Hermann Blekastad, Jo Risdal, Nils Hage og Ivar Engevold. (Tidligere medlem: Ivar Fosse). Kyrkjeblad for Nord-Fron 9 10 Kyrkjeblad for Nord-Fron Kyrkjeblad for Nord-Fron 11 Konfirmantjubileum i Sødorp 50-ÅRS-KONFIRMANTAR I SØDORP 5. september 2010 Foran f.v: Målfrid Tøftestuen Melgård, Marit Åsmundstad Vaet, Anna Ingrid Syverhuset Molstad, Gry Solfrid Hofstad, Kari Haugli Varpestuen, Eva Haugrud Baukhol, Helga Ragna Åsmundstad Sæbø 2.rekke f.v: Inger Marie Einlien, Karin Mary Baukhol Bak f.v: Amund Øiumshaugen, Per Ottesen, Jan Harald Rundtom, Åge Olav Byrbotten Foto: J.P.Ous 60-ÅRS-KONFIRMANTAR I SØDORP 5. september 2010 70-ÅRS-KONFIRMANTAR I SØDORP 5. september 2010 Ragnhild Marie (Kongsli) Lohaugen, Arne Hagelien Foto: J.P.Ous Rolf Eriksen, Astrid (Syverhuset) Skreden Foto: J.P.Ous 12 Kyrkjeblad for Nord-Fron Konfirmantjubileum i Kvam 50-ÅRS-KONFIRMANTAR I KVAM 12. september 2010 Frå venstre: Helene Krok Hårstadhaugen, Gerd Lihaug Wahlquist, Mary Synnøve Kamp Evenrud, Guri Helene Nordlien, Inger Margrethe Krok Nystad, Magda Teigen Ekre, Anne Marie Hansen Klevstadlien. Bak frå venstre: Martinius Staum, Ola Klevstad, Helge Næprud, Ove Palmer Øybrekken Foto: Kj.Ruset 60-ÅRS-KONFIRMANTAR I KVAM 12. september 2010 70-ÅRS-KONFIRMANTAR I KVAM 12. september 2010 Frå venstre: Ola Fredriksen, Thora Røssum Lunde, Ola Brendstuen, Anna Frida Dahlen Haugalien, Kjell Oddvar Lihaug, Alfred Teigen. (60-års-jubilanten Kjell Oddvar er bror til 50-års-jubilanten Gerd!) Foto: Kj.Ruset Frå venstre: Signe Dahl Randen, Ivar Holten, Martha Kamp Tangen, Jakop Slåstuen, Ola Røssum (70-års-jubilanten Martha og 50-års-jubilanten Mary Synnøve er mor og dotter!) Foto: Kj.Ruset Kyrkjeblad for Nord-Fron 13 Konfirmantjubileum i Skåbu 60-ÅRS-KONFIRMANTAR I SKÅBU 19. september 2010 70-ÅRS-KONFIRMANTAR I SKÅBU 19. september 2010 Asbjørn Veslum og Magnhild (Været) Smikop Foto: Kj.Ruset Bjarne Risdal og Asbjørn Været (60-årsjubilanten Magnhild og 70-års-jubilanten Asbjørn er syskjen!) Foto: Kj.Ruset Konfirmantjubileum i Kvikne 50-ÅRS-KONFIRMANTAR I KVIKNE 12.10 - 2010 Frå venstre: Marit (Harildstad) Håkenstad,Steinar Grehard Løkken, Arne (Varpestuen) Vaterland, Per Sylte, Ola Aasmundstad, Jacob Harildstad, Ola Hage, Bjørg Ragnhild (Ellingsbø) Schøllberg. Foto: J.P. Ous 14 Kyrkjeblad for Nord-Fron 60-ÅRSKONFIRMANTAR I KVIKNE 12.10 - 2010 Trygve Smikop, Rose Dorit (Nilsen) Hoelli 70-ÅRS-KONFIRMANTAR I KVIKNE 12.10 - 2010 Frå venstre: Johannes Bekkum, Signe(Løkken) Stormyrbakken, Sigrid (Uhlen) Nordlien, Tora Aspeslåen, Oddmar Bekkesletten. Foto: J.P.Ous Lågmælt og tankevekkande lyrikk Jan Sæterli er kjend som journalist frimod til å trykke heftet med dikt og forfattar av boka ”Glimt fra Sierra i 1986. Leone”. I Kyrkjebladet nr 5/09 Vi undrast: er diktet ferdig med fortalde han om boka og om sitt ein gong, eller tek det lengre tid? engasjement for dette landet i Vest- Av og til kan diktet vere ferdig Afrika. Han har og bidrege med anna på ein halvtime eller ein time. Andre stoff til Kyrkjebladet. gonger må eg kome tilbake og foSæterli har budd på Vinstra sidan randre, og diktet er ferdig fyrst etter 1990, og er no pensjonist. Vi kjenner 2-3 veker. Det er sjelden at diktet er han og som medlem av ”Norsk Et ferdig med ein gong. Lite Kor”, som stadig gleder sitt pubSå skal dikta trykkast og gjevlikum med strålande framføringar. ast ut, og då må det eit forlag til. Den engasjerte pensjonisten Sæterli Stundom les vi om refusjonar og gjekk nyleg av etter 7 år som leiar i rundar til det eine forlaget etter det koret. andre. Korleis var det for lyrikaren Og så overraskar pensjonisten og Jan Sæterli? journalisten sitt publikum igjen – - Det vart ”ja” frå det fyrste Jan Sæterli byr på varierte godbitar i si denne gongen med diktboka ”Miks”. forlaget eg kontakta! Det hadde eg dikt-bok ”Miks”. Foto: Kjartan Ruset Vi inviterer poeten til ein presentasikkje forventa. Med den fyrste boka jon og ein prat omkring boka. om Sierra Leone måtte eg innom 10 Med ein gong vi opnar boka, tek orda tak i oss. Vi forlag før eg fekk napp. Men her sa konsulenten: ”Det tenkjer: dette er lyrikk som fungerer. Modernistisk i har vore ei stor glede å arbeide med dette manuset!” stilen, enkel i forma, med tankevekkande og underfunDen beskjedne forfattar seier det ikkje, men vi tenkjer: dige poeng. ”Betre tilbakemelding kan ikkje ein skribent få!”. Vi lurer på korleis det byrja med skrivinga – kanskje - Spelar livserfaring inn når ein skriv dikt? frå ungdomen av? - Ja – og i så måte er det skilnad på den fyrste dikt- Jau, eg likte å skrive stil. Det var ikkje tilfeldig at eg utgjevinga mi, og ”Miks”. I 1986 hadde eg korkje barneetter lærar-utdanning og fleire år som lærar, vart journalbarn eller gamle foreldre. No er eg bestefar, og har mista ist. Eg likar betre å skrive enn å prate! Dikt byrja eg å mine foreldre. Dei var begge født i 1922. Mor gjekk bort skrive i 20-års-alderen. Men eg hadde passert 40 før eg i 2008, og far året etter. Dette har naturlegvis innverknad våga å setje noko på trykk. Det vart eit lite hefte med dikt på det eg skriv. i 1986. - Kjem det fleire dikt ? - Har du nokon favoritt-lyrikar? - Eg kan nok ikkje love nokor bok til neste år! - I grunnen ikkje. Eg likar dei som seier mykje med få - Men apropos din inspirator Liv Nordhaug – kva ord. Då kan lesaren dikte med. med ein salme-tekst? Vi gjev oss ikkje så lett, og lurer på om det ikkje er - Eg er usikker på om det er mi hylle! ler Sæterli. – nokon som har inspirert han til å skrive. Heller ein roman! Men elles er det lyrikk og dokumentar - Skal eg driste meg til å nemne eit namn, så er det eg føler at eg kan skrive. ingen av dei store, men ei som heiter Liv Nordhaug. (Til orientering: Liv Nordhaug er representert i Norsk Dette skriv vi under på. Sæterli har noko på hjartet, og Salmebok med 10 salmar (derav ei omsetjing). Den han får sagt det på ein forståeleg måte. Er du ute etter ei mest kjende er NoS nr 709: ”Har vi sten i våre hender fin julegåve? Diktboka ”Miks” kan anbefalast! Det er ei når vi møter den som falt?”. Ho var gift med biskopen i gåve som gjev mykje og varer lenge. Møre, Ole Nordhaug, og er mor til noverande biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug). (Og i desse Internett-tider - du kan søke på ”Jan Sæterli” - Heilt tilfeldig kjøpte eg ei bok av henne på eit og finne mange interessante treff, m.a. om hans bakgrunn Mammut-sal. Dikta appellerte til meg, og eg sende frå Fjellbygda i Malangen, Troms). henne nokre av mine dikt for vurdering. Ho var så venleg Kj. R å invitere meg heim. Ho oppmuntra meg, og gav meg Kyrkjeblad for Nord-Fron 15 Fire år på orgelkrakken i Nord-Fron Kristin Brækken har teke imot stillinga som organist i Vågå, og takkar av i Nord-Fron i midten av desember. Det er tid for eit avskils-intervju. Kvifor Vågå ? er det fyrste vi lurer på. - Vi bur på Lesja, og då er avstanden til Vågå halvparten av avstanden til Vinstra. Det er hovudgrunnen. Det blir både meir praktisk og meir økonomisk med kortare veg. - Korleis vil du summere opp dei vel fire åra som organist i Nord-Fron ? - For det fyrste har Ola og eg jobba tett heile tida. For meg har det vore ein ynskjesituasjon, noko eg vil unne alle organist-kollegaer. Ikkje minst det å vite at ein kan avlaste kvarandre. For det andre har det vore ein veldig triveleg jobb. Alle er glade når ein kjem! Kanskje spesielt på Sundheim. Det er nesten så eg blir skamfull når eg tenkjer på det. Men så er det og svært hyggjeleg med positive tilbakemeldingar. For det tredje ser eg på kyrkja som ein viktig kulturberar. Den norske kyrkja har i så måte det desidert største tilbodet, når ein tenkjer på alt som føregår dag etter dag, veke etter veke. Det er flott å vere med i ein slik samanheng. Dessutan er det ikkje for mange arbeidsplassar for musikarar, spesielt ikkje på bygdene. - Apropos arbeidsplass: du er utdanna opera-songar. Var det vanskeleg å gå frå det til å vere organist? - Fyrste messa var veldig spennande, eg var frykteleg nervøs. Ola sat ved sida av, og hjalp meg igjennom. Sidan gjekk det betre og betre. Eg hadde spela piano i mange år, så eg var van med tangent-instrument. Men noko konsert-organist er eg ikkje. Eg må vel heller kalle meg bruks-organist. Eg var tre år i Sel, før eg kom hit til Nord-Fron Kristin har vakse opp i Asker, men har røter på morsida på Lesja. Der har ho overteke garden Søre Brekka etter mor og mormor. På farsida har ho røter i Sogn. For tida studerer Kristin italiensk. - Ja, eg er nok litt italienar, ler ho. – Italia har eg kjent sidan eg var 16 år. Nokre venner av familien inviterte meg ned, og sidan har det vorte mange besøk. Å kome til Italia er nesten som å kome heim. Jau, det kan vi forstå. Italia og opera høyrer saman. Ved nokre høve har vi også kunne gle oss over songen til messosopranen Kristin. Kristin har to born frå tidlegare ekteskap, Anne Sofie (23) og Kristoffer (18). Med sambuaren Ola har ho sonen Ola Anfinn (13). Alle driv med musikk i ei eller anna form. Kristin fortel at spesielt høgtidene saknar borna si organist-mor. - Julekvelden og 17.mai er tøffe. Då er mor borte store 16 Kyrkjeblad for Nord-Fron Kristin på orgelkrakken i Sødorp kyrkje. Foto: Kj.Ruset. delar av dagen. Resultatet er at dei har laga sine eigne tradisjonar, for eksempel i jula. Då tek dei med hunden og kjelken og går i skogen for å finne juletre. Men mor (altså Kristin) må lage maten, og det elskar ho! I mange år var det lutefisk. Men for to år sidan kjende eg at det orka eg ikkje meir. Eg sa: ”I år har eg ikkje lyst på lutefisk!” ”Takk, mamma!” kom det frå borna. Etter det var det kalkun eit par år. Det må vere noko godt, det er det viktigaste. Søre Brekka er eit gamalt gardsbruk med bortimot tjue tømra bygningar, det best bevarte antikvariske gardstun i Lesja. Så det er nok å ta hand om. Med litt mindre tid i bilen til og frå jobb, vert det meir tid også til slike ting, og til familien. Så er åra som organist i Nord-Fron snart til ende. Kyrkjelydane og kyrkjestaben har hatt ein stabil medarbeidar i Kristin. I barnehagane har ho samla borna til songstunder, og i Kvam har ho starta barnekor. På Sundheim har ho gledd dei eldre både med musikk og song. Ho vil bli sakna! Kyrkjebladet takkar for praten, og ynskjer alt godt for tenesta i Vågå. Julehilsen fra Skåbu sokneråd Da nærmer også året 2010 seg slutten, å glir inn i historiebøkene med både gode og mindre gode minner for de fleste av oss. Advent og jul står for døra og det begynner å krible i små barnekropper i forventning til det som skal komme. Hadde bare alle barn fått lov å kjenne denne ”kriblinga”, i stedet er det mange som går rundt å gruer seg til jul, som kanskje har mista en av sine nærmeste, eller har foreldre som har rusproblemer, eller andre problemer som barna både kan ”ta og føle” på. La oss se oss litt omkring og reflektere, å bry oss litt ekstra om hvordan andre har det også. Ta en tur ”innom” uten å være bedt, det kan være den størst julegaven for mange. Som nyvalgt sokneråd dette året, har vi hatt som mål å få flere til messer og det som foregår i kirken. Det har kanskje ikke gått helt som forventa, men vi jobber med det. Kom i kirka på vanlig messe, å la deg løfte litt ut av hverdagen med orgelbrus og sang, det er et tilbud til alle. Med den nye Trusopplærings-reformen dette året, og nyansatt diakon/trusopplærings-lærer Brit Ninni Fossli, håper jeg flere barn og unge får bedre kjennskap til kirka og dens funksjon i samfunnet. Ønsker alle hjertelig velkommen til den årlige Julekonserten den 19. desember, med Skåbu barne- og ungdomskor, for å få den gode julestemningen. Skåbu Sokneråd vil med dette takke lag og foreninger og den enkelte sambygding for samarbeidet i året som er gått, hilser også prestene med familier, alle ansatte i kirka, og ønsker alle en god og fredfylt jul og et godt nytt år. Hilsen Skåbu Sokneråd Per S. Brendløkken Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede Midt i studietida budde eg eitt halvt år sør i Jerusalem (våren 1981). Det var underleg å vere ”der det skjedde”, sjå stadene med eigne auge. Sjå alt det som studiet av greske og hebraiske tekstar talar om. Det auga såg, gav liv til tekstane. Slik også med dei tekstane som handlar om jula. Det var faktisk ikkje lenger enn ein halvtimes jogging frå skulen der eg gjekk til markane rundt Betlehem, der hyrdingane vokta over sine sauer i den første julenatta. ”Kransa kring bålet, hyrdingar små Englesong høyrer. No vil dei gå Like til stallen, stilt stig dei inn, Kneler for barnet, kysser hans kinn.” (S97 4,2 Salme av Arnfinn Haram) Markane var der også i 1981. Og sauene beita der som i tidlegare tider. I 2008 fekk eg vere med til Israel saman med dei tilsette og landsstyret i Norsk søndagsskoleforbund (NSSF). Mykje hadde forandra seg i området ved Betlehem. Jerusalem hadde vokst seg ut over tidlegare grenser. Og muren var bygd mellom jøder og palestinarar. Konflikten hadde hardna til, må vi vel kunne seie. Men det var over desse markane englane song for hyrdingane: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i!» Midt i ei verd i stadig endring, kjem englane frå Gud til oss med gledesbod. Hendinga ligg langt attende i tid. Men bodskapen er den same: Verda sin Frelsar er født. Med ynskje om ei fredleg og velsigna juletid for dykk alle! Helsing Jens Petter og Åse Mollestad Ous Velkommen til Juletrefest for store og små på Kirketeigen 6. januar kl. 17.00. Alle tek med seg litt mat. Kvam sokneråd Kyrkjeblad for Nord-Fron 17 Årsmelding for Kvam sokneråd 2009 Kvam sokneråd til 1.november 2009: Leiar: Ruth Teigmoen. Nestleiar: Arvid M. Steine. Kasserer: Inger Brendstuen. Sekretær: Jens Petter Ous. Øvrige medlemmar:Morten Holen, Åge Lillesandbu, Arne Olav Holten, Egil Myhre (1.vara), Nora Brendemoen (2.vara),. Irene Milsteinhaugen (permisjon i 2009). Nord-Fron kyrkjelege Fellesråd: Arvid M. Steine og Åge Lillesanbu er soknerådet sine repre sentantar i fellesrådet. Egil Myhre og Morten Holen er vara. Kyrkjeblad for Nord-Fron: Oskar Letrud. Dåpsopplæringsutvalget for Nord-Fron: Åse Harstad. Representantskap for Kirkens SOS i Hedmark/Oppland: Arne Olav Holten. Prostirådet for Nord-Gudbrandsdal prosti (passivt i 2009) og representantskapet for Kirkens Familierådgivningskontor på Otta: Ingen. Antall soknerådsmøter: 7 – 50 saker behandla i 2009 Antall kyrkjelydsmøter: 1 (Årsmøte 15.mars) Årsmøte: Kyrkjelydens årsmøte vart avholdt etter gudstenesta 15. mars. Årsmelding vart lest opp. 30 personar tilstades. Offer totalt i 2009: Kr 35.974,00 (2008: kr. 29.743,00) Offer til egen kyrkjelyd: Kr 6.884,00 (2008: kr. 7.464,00) Bibler til 5. klasse: Biblar vart delt ut til elevane i 5. klasse ved familiegudstenesta søndag 1.februar (7 av 13 femteklassingar møtte) Familiegudstjeneste med 6 åringene: Søndag 15. mars var 6 åringene invitert til familiegudstjeneste. Dei fekk kvar si bok; ”Tre i eitt tre” (5 av 10 seksåringar i bygda møtte). Vi hadde også ei samling i forkant av denne dagen Utdeling av Barnas kyrkjebok: Alle 4 åringene i bygda vart invitert til samling i Kvam kyrkje torsdag 8.oktober for å bli kjent med kyrkjerommet, sanger og boka dei skulle få. Det er veldig positivt med ei samling før gudstenesta der boka vert delt ut. 11.oktober fikk 4- åringene Barnas Kyrkjebok under en familiegudstjeneste (14 av 16 fireåringar møtte). Konfirmantarbeidet: Tirsdag 31.mars samla konfirmantene inn pengar gjennom ein dør til dør aksjon til Kirkens Nødhjelps fasteaksjon ”Brød for verden”. I Kvam samla dei 14 konfirmantane inn 5.130,50. (2008: 19 konfirmantar kr. 5.017,00). Konfirmantane leverte bøssene på ei gudsteneste i Sødorp kyrkje etterpå. Opptellinga skjedde i Kyrkjestugu. Konfirmantene deltok i SKRIK- aksjonen ved å selge lys i adventstida. Det er Strømmestiftelsen som står bak SKRIK aksjonen. Det kom inn kr. 4.250,00 ( 3.500,- i 2008) Konfirmantene har hatt pilegrimstur til Nidarosdomen, med overnatting på Oppdal (IMI-Stølen). På hausten var dei nye konfirmantane på Mesnalia på eit ”team-building-opplegg” der. Konfirmasjonen var søndag 24.mai v/Jens Petter Ous. Søndagsskole i Kvam: Soknerådet ynskjer framleis å få til Søndagsskule i Kvam sokn. Vi treng leiarar for å starte opp. Denne satsinga må sjåast i samanheng med tildeling av trusopplæringsmidlar (tildelt i 2010) 18 Kyrkjeblad for Nord-Fron Gudstenestearbeidet: Frå hausten 2007 har vi fått med friviljuge tekstlesarar i gudstenestene våre. Det har vore eit mål for soknerådet å engasjere fleire i arbeidet i kyrkjelyden, og dette er eit steg i rett retning. Det vart i 2008 halde eit vellukka kurs for tekstlesarane i heile Nord-Fron. I Kvam treng vi fleire tekstlesarar i for å dekke alle gudstenestene. Stort sett alle gudstenester i 2009, hadde deltaking av våre friviljuge tekstlesara Påskegudsteneste på Kvamsfjellet. Inga slik gudsteneste i 2009. Dugnad på kyrkjegarden og vask i kyrkja og kapellet: • Dugnaden på kyrkjegarden var 29.april med mykje folk. Takk til dykk alle! Soknerådet heldt kaffe og biteti. • Det var ingen storvask i Kvam kyrkje i 2009. • Kyrkjevergjen held folk til vask i kapellet framfor Olsokmessa der. Olsokfeiring: Olsokkvelden, den 29. juli, vart det arrangert Olsokmesse i kapellet. Denne messa er no innarbeida som fast tradisjon i Kvam kyrkjelyd, med god oppslutning. Kaffe og biteti ved ”GammelLi’n-jentene Sætermesse: Messa vart i 2009 lagt til Gunnarsætra. Kaffe ved vertsfolket og biteti ved soknerådet. Kjartan Ruset (liturgi) og Rolf Kjøde, Normisjon (preike) hadde gudstenesta. Song ved musikkrefter frå Bibelcampen på Kirketeigen. 95 mennesker var samla denne dagen. Takk til Nora og Odd Brendemoen for all velvilje. Konfirmantjubileum: Søndag 27. september var 50-, 60- og 70- års konfirmantene invitert til gudstjeneste i Kvam kyrkje og fest på Kvamstunet etterpå, der soknerådet var ansvarlege for opplegget. Ca. 50 stk deltok. (4 70-årskonfirmantar, 8 60-årskonfirmantar og 16 50-årskonfirmantar). Gode tilbakemeldingar på dette opp legget. Hausttakkefest: Søndag 11.oktober var det hausttakkefest i kyrkja. Kvam Sanitetsforening hadde pynta kyrkja i nydelege haustfargar og med noko av grøda frå denne hausten. Tusen takk til Saniteten som velviljug stiller opp. Konsertar og Songkveldar: Onsdag 16. desember: Konsert med Gjeling-ljomen og Reidar Svare. 175 tilstades i kyrkja på ein flott konsert. Dette var tredje året på rad med besøk av Gjeling-ljomen, og med stadig aukande oppslutning. Søndag 20. desember: Julekonsert med Kvam Musikkforening og eigne solister (150 tilstades). Nytt i år: Kvam barnekor under leiing av organist Kristin Magret Brækken deltok for fyrste gong, til stor glede for kyrkjelyden. Barnekoret song og Musikkforeningen spela også under gudstenesta 2. juledag. Kvam Skolekorps var med og spela under gudstenesta på julaftan. Takk til begge korpsa og Barnekoret! Det er flott at de er med og pregar julegudstenestene. Pilegrimsvandring: Inga pilegrimsvandring i regi av soknerådet dette året Julefest: Lagt til 3.januar 2009 – Alle som var tilstades opplevde ein triveleg kveld på Kirketeigen. Men vi ynskjer større oppslutning om denne festen. Soknerådsval og bispedømerådsval 13-14. september 2009: Soknerådet la mykje arbeid i å skaffe kandidatar til valet og gjennomføringa av sjølve valet. Også i år var valet lagt til same dato som Stortingsvalet. Vi nytta Lillesalen i Bygdahuset til vallokale. Oppslutning: Soknerådsval 252 røyster. Bispedømerådsval 161 røyster. Røysteføre i Kvam sokn: 1060. Prostistemne i Kvam 21.mai 2009: Mykje positiv tilbakemelding på denne dagen. Stor oppslutning både på gudsteneste (112) og påfølgjande middag på Kirketeigen og på seminara etterpå. Tema var: Ny gudstenesteordning i kyrkja”. Nokre saker frå arbeidet i soknerådet: - Bårerommet under Kvam kapell. Arbeidet heldt fram i 2009. Takk til alle som har delteke på dugnadar i og rundt kyrkja vår. Ei stor takk går og til lag og enkeltpersonar som på ulike måtar har bidratt på gudstenester og andre samlinger i kyrkja. Det er flott å vere kyrkje i Kvam med mange viljuge hender og positiv innstilling til det kyrkja syslar med. Eit lite hjartesukk, vi skulle ynskje at fleire tok del i gudstenestene og fellesskapet i kyrkja. Vi ynskjer å vere ei open kyrkje der alle kan kjenne seg heime. Velkomen! Tilslutt vil eg rette ei stor takk prestane våre, kyrkjetenar, organistar, kyrkjevergje, kontortilsett og alle i soknerådet for vel utført jobb og godt samarbeid i 2009. Godkjent i Kvam sokneråd 11. april 2010 Ruth Teigmoen Leiar Julehilsen fra Kvikne sokneråd Ja nå går det mot mørkere og kaldere tider. De fleste av oss er vel i gang med å forberede seg til vinteren. Det fine med å bo i Norden er at vi har fire årstider med hver sin egenart. Vi gleder oss til våren,med snøsmelting og grønt løv. Så kommer sommeren med varme og lyse kvelder. Høsten med klar kald luft og sprakende farger, og nå vinteren, med gnistrende skiføre og lukten av bjørkeved. De av oss som driver i jordbruket vet at når snøen legger seg, opphører mesteparten av aktiviteten ute. Når vi nå går inn mot adventstiden, er den med på å bygge opp mot julen. Det er noe spesielt med førjulstiden. Vi tenner mere lys, og begynner med forberedelser til den store høytid. Jeg skulle ønske at vi kunne fokusere mindre på alt det aterielle, og heller bruke mer tid til hverandre, og sette ned m farta litt. Det tror jeg mange hadde satt pris på. Julen kan og være en tung tid for mange. det er ikke alle som ser fram til denne. Kvikne sokneråd vil takke alle som har hjulpet oss i vårt arbeid for menigheten. Vi sender varme hilsener til våre prester og deres familier, og til alle gode krefter i kirkefamilien som sørger for å holde hjulene i gang. Til slutt vil vi ønske alle en God Jul, og et Riktig Godt Nytt År! Kvikne Sokneråd Andreas Juel Kjøge. Julehilsen fra Kvam sokneråd Ja, så går det mot jul att. Tida går fort, det er rart å tenkja på at endå eit år går mot slutten. Det er ikkje så mykje som minner om julestemning akkurat no, eg sit og ser ut gjennom kjøkkenglaset medan eg skriv, det er heilt grønt og bart på bakken. Det vart ”Helgemesse-tøyr” i år også. Den godversbolken ved første helga i november og Stavnsmart’nas-tid plar koma kvart år. Kyrkjeåret 2010 synest eg har vore eit aktivt og interessant år. Samarbeidet både i soknerådet og med dei ansatte i kyrkja har vore godt. Den største saka, som vi i Kvam har brukt mest tid på, er bårerommet i kapell-kjellaren. Mykje er i orden der nå, men noko står fortsatt att. No er det tid for julehelsingar. Kvam sokneråd vil då helse prestane og deira familiar, likeeins dei andre kyrkjeleg tilsette, med ynskje om ei fredfull julehøgtid. Vi helsar til Sanitetsforeninga i bygda, og takkar for godt samarbeid i året som er gått.. Jule- og nyttårshelga er også ei tid for ettertanke. Bygda vår har heller ikkje i dette året vore spart for meiningslause tragedier. Ein familie har mista ein av sine kjære i ei brutal trafikkulykke. Våre tankar går til dei som er att i sorg og sakn. Kvam sokneråd vil med dette ynskje alle i soknet ei riktig god julehelg og eit godt nytt år. Med julehelsing frå Kvam sokneråd Arvid Magne Steine, leiar Kyrkjeblad for Nord-Fron 19 Gartnaren i Kvam I Kvam skal dei visstnok vere oppfinnsame med å gje kvarandre klengenamn. Om gartnaren i bygda, Kjell Olav Bjørke, har noko slikt, veit vi ikkje. Kva med ”BlomsterKjell” ? Kanskje ikkje originalt nok, men dekkande skulle det vel vere. For det er ingen tvil om at Kjell Olav elskar blomster, og får til både å dyrke og omsetje dei. Vi hadde ein tanke om at vi skulle finne Kjell Olav i drivhuset sitt i eit hav av julestjerner no fyrst i november, men det viser seg at han er fornuftigare enn som så: han stengjer drivhusa om vinteren, og bestiller inn alt av julestjerner og andre blomster frå produsentar andre stader. Og at han skal ha rikeleg med blomster til jul er det ingen tvil om. Dei fyrste julestjernene er alt på plass, og eit fargerikt utval av orkidéar og mykje anna - i det som no har vorte Kvams einaste blomsterbutikk. Kjell Olav forklarar: - Då blomsterbutikken på Kiwi-butikken slutta i fjor, fann vi det naturleg å lage butikk her i gartneriet. Vi har drive blomster-forretning her i Kvam før, så det var ikkje vanskeleg å ta til på nytt. Bygda treng ein blomsterbutikk. Det er Kjell Olav og tredje generasjon Bjørke, Harald, som er i butikken denne dagen. Det er ingen kundar så langt, så dei får tid til å gjere førefallande arbeid. Det er nok av slikt i eit stort gartnerianlegg. I dag er det nokre nye hyller som skal opp, og planen vidare er å bygge eit kjølerom for avskorne blomster. Vi sit i den nybygde inngangs-paviljongen som har ljos både ovanfrå og frå sidene, og har god plass til blomster både i breidda og i høgda. Arkitekt er han sjølv, og resultatet har han grunn til å vere stolt av. Vi bemerkar at det er noko nytt og forandra nesten kvar gong vi kjem til gartneriet. - Du er byggje-glad, Kjell Olav? - Vi er opptekne av å halde kostnadane nede. Difor byggjer vi ut litt og litt, og gjer mykje av arbeidet sjølve. Kjell Olav reknar opp i alt 7 utbyggjingar/ombyggjingar sidan starten i 1976. Inngangspaviljongen er den siste utbygginga. I Kvam er dei også flinke til å kome med fantasifulle kommentarar til alt mogleg, så no lurer folk i Kvam på om det er ein minarét Kjell Olav har konstruert på toppen av inngangspaviljongen. Men nei, det er lyset han ville ha inn, og så løfta han berre toppen av taket opp i eit lite tårn med vindu heilt rundt. Det er altså ingen konkurrent til kyrkja! - Det nest siste vi gjorde av større arbeid var i 2002, fortel Kjell Olav vidare. For å gje plass til nytt drivhus, måtte vi rive det gamle frå 1976. Men vi sette det opp att i bakken ovanfor husa. Far var veldig glad for at vi ville ta vare på dette. Det er litt historie i det. - Ja, fortel litt om historia bak gartneriet ! oppmodar vi. - Det byrja med ein draum som mor og far bar på: å skape eit hagebruk og eit gartneri på dette som bestefar 20 Kyrkjeblad for Nord-Fron dyrka opp som bureisingsbruk (under Veikle). Bestefar og bestemor starta opp i 1929. Bestefar heitte Hans Brustuen. Bestemor Ragnhild var frå Bergum, søster til kyrkjetenaren Fredrik Bergum. Dei kalla bruket sitt for ”Bjørke”, og sidan vart dette familienamnet. Då mor og far tok over bruket etter onkel Fredrik i 1961, dreiv dei som før med husdyr, ku og sau. Dei fekk og kjøpt eit stykke på Nysetra, som dei dyrka opp, fyrst halvparten, og til sist resten, i alt 34 mål. Men draumen var hagebruk og gartneri. I 1976 gjekk dei i gang. Eg minnest fylkesgartnaren kom oppover, og statskonsulenten i veksthus, Jon Steine. Dei godkjende planane, og så vart draumen realisert. Drivhuset vart oppvarma med fyringsolje som kosta 68 øre literen den gongen! Kjell Olav fortel om utdanninga si. Den er solid: fyrst Valle jordbruksskule på Lena, Toten, og deretter hagebruksutdanning på Staup, Levanger. Han var ferdig utdanna gartnar i 1975. I tillegg etterutdanning som anleggsgartnar. Med tredje generasjon inne er det naturleg å spørje kven som er sjefen ? Det er ingen tvil: - Far er sjef så lenge han vil ! Men Harald er i ferd med å arbeide seg inn i faget. Spesielt det anleggs-messige kan han, etter fleire år med praksis som anleggsgartnar i Oslo. Han har likevel eit stykke att før han kan like mykje om blomster som Kjell Olav. Det viser seg at Kjell Olav legg vinn på å vere oppdatert. - Eg må det for å vere på høgde med mine medarbeidarar ! ler han. I tillegg til Harald tenkjer han på Per Arne Myromslien, ”sjef for busker”, og Adi Bertoli, ”sjef for stauder”, som han kallar dei. Dei to kan sine ting, og difor må Kjell Olav jobbe litt for å halde tritt. I sesongen sysselset dei i alt 8, i tillegg til skule-elevar. Utanom sesongen har Kjell Olav med seg kona Synnøve og sonen Harald. - De har ein vid kunde-krets? - Ja, vi har kundar frå eit vidt distrikt: Skjåk, Lom og Lesja, frå Ringebu og Fåvang, ja, endåtil frå Lillehammer. Vi har også kundar frå Folldal. Og så det mest spesielle: ein familie som kjem frå Valdres kvart einaste år! - Har de noko spesialitet? - Då må det vere roser. Vi har 270 sortar i alt! Bjørke Gartneri og Blomster er med i kjeda Bo Grønt, og har eit enormt vareutval. Vi legg spesielt merke til krukkene, i alle storleikar, den største tippar vi på bortimot 1000 liter. - Du er glad i krukker, Kjell Olav ? - Ja, spesielt dei blå, Dei har ein fantastisk farge. Men krukker er litt på retur. Folk synest dei vert for tunge. Dei vil ha noko lettare, i sink eller slagfast isopor. Men dei kan ikkje måle seg med krukkene i kvalitet. Sesongen i gartneriet varer frå februar til ut i september. Deretter er det vedlikehaldsarbeid og anna, og no også blomsterbutikk. Ferie og fritid er det ikkje så mykje av. Men Kjell Olav blir høgtidsstemt når han fortel om årets høgdepunkt: dagane fyrst i august med fiske på Furusjøen. Han blir reint poetisk når han skildrar seinsommar-morgonen der oppe i fjellvatnet. Og så er det om å gjere å sikre seg det som skal bli rak-ørret til jul. Karane ordnar med fangsten, og så er det svigerinne Anne Mari som tek seg av foredlinga, med framifrå resultat kvart år. - Korleis kjem du i julesetmning ? - Det er helst i arbeidet med blomstene, det og. Vi dreiv blomsterbutikk i mange år, og då høyrer det med til jul å forsyne folket med blomster. Det blir ikkje jul utan! Slik er det for yngste generasjon og. For sonen Harald er det ikkje lukta av ribbe og surkål som må til, men derimot luktene frå blomsterbutikken, med dåmen frå kransebindinga og blomsterjorda og det heile. Fyrst når han kjenner den, blir det jul. Men sangen og musikken er og viktig for å kome i den rette julestemning. Og frå oppveksten minnest Kjell Olav stilla og høgtida frå 1. og 2.juledag. Då skulle det vere fred og ro. Og nettopp det må vere godt for ein travel blomsterhandlar; og tilfreds-stillande i julefreden å tenkje på dei mange heimane der blomstene, som han har forsynt folk med, lyser opp og skaper stemning. Utanom sesongen i gartneriet (februar – september) er det mykje som skal byggast og ordnast. Kjell Olav Bjørke gjer mykje sjølv. Han er ein byggeglad gartnar! Foto: Kjartan Ruset Far og son Bjørke med dei fyrste julestjernene, 2.nov. 2010. Foto: Kjartan Ruset Kyrkjeblad for Nord-Fron 21 STØTT VÅRE ANNONSØRER – DEI STØTTAR OSS BØRSEMAKER Vinstra Våpen ................................................ Tlf. 61 29 08 87 DAGLIGVARE Kiwi Rudland, Kvam..................................... Rema 1000 “Faste lave priser”.................. Tlf. 61 29 40 25 Tlf. 61 29 50 00 COOP INNLANDET Mega................................................................ PRIX Sør-Fron................................................. COOP-MARKED Skåbu.................................. Tlf. 61 29 22 77 Tlf. 61 29 72 00 Tlf. 61 29 55 19 ELEKTRISKE FORRETNINGER Gudbrandsdal EL-instalasjon AS............... Tlf. 61 29 28 20 FOTO FoTobben AS, Sødorptunet......................... Tlf. 61 29 18 77 FOTTERAPI Inger Karlsrud Off.godkjent fotterapeut................................ Tlf. 61 29 11 10 FRISØR AKIKOs salong............................................... Skåbu Frisør................................................... Tlf. 61 29 06 84 Tlf. 61 29 56 83 GLASSTØY m.m. Vinstra Glass & Portefølje AS..................... Tlf. 61 29 05 37 Tlf. 61 29 02 44 GRAVFERDSBYRÅ Vinstra Gravferdsbyrå................................. Liv Veikleenget............................................. Mobiltelefon..................................................... Lise Veikleenget............................................ Mobiltelefon..................................................... Tlf. 61 29 08 30 Tlf. 61 29 08 30 Tlf. 95 89 98 99 Tlf. 61 29 27 72 Tlf. 99 58 29 43 Tlf. 61 29 34 44 GUDBRANDSDAL ENERGI 2640 Vinstra...................................................... Tlf. 61 29 46 00 BAKER O.R. Ødegaarden AS......................................... Tlf. 61 29 04 06 HOTELL Rondablikk Høyfjellshotell......................... 2642 Kvam........................................................ Tlf. 61 29 49 40 Fax 61 29 49 50 BANK DnB NOR ASA.................................................. Fax...................................................................... Sparebank 1 Gudbrandsdal......................... Tlf. 03 000 Fax 61 29 48 30 Tlf. 61 21 80 00 MANUFAKTUR Jevne Garn og Gardiner.............................. Tlf. 61 29 00 67 MASKINENTREPRENØR/GRUS Brødr. Haugen AS.......................................... .......................................................................... Tlf. 61 29 02 72 Tlf. 61 29 04 05 MOTEFORRETNING Motestugu...................................................... Tlf. 61 29 08 49 MØLLE Vinstra Bruks mølle...................................... Tlf. 61 29 01 20 REGNSKAP Fron Regnskapskontor................................. Tlf. 61 29 52 70 Tlf. 61 29 41 71 Fax 61 29 45 76 Tlf. 61 29 15 46 SPISESTEDER Sødorp Gjestgivergård AS.......................... Fax.................................................................... Tlf. 61 21 68 00 Fax 61 21 68 01 Tlf. 61 29 43 98 61 29 42 71 TRANSPORT Ruste Billag v/Ola Tarud............................... Tlf. 61 29 02 10 eller................................................................... Mob. 905 67 806 NORD-FRON KOMMUNE Kommunehuset Nedregt. 50 2640 Vinstra Telefon: 61 21 61 00 Telefax: 61 21 61 01 Opningstid: Måndag – fredag............................................ kl. 08.00–15.30 ALARMTELEFONAR: Vaktsentralen (Døgnvakt)............................. Legevakt......................................................... Ambulanse, ulykker....................................... Brann............................................................... Politi (mån.–fred.) kl. 08.00–15.30................. Utenom kontortid:......................................... Tlf. 61 29 20 00 Tlf. 61 29 20 00 Tlf. 113 Tlf. 110 Tlf. 61 29 29 90 Tlf. 61 29 20 00 LEGEKONTOR: Vinstra............................................................. Tlf. 61 21 63 00 Skåbu (måndag/onsdag)................................ Tlf. 61 29 56 19 SUNDHEIM BO- OG BEHANDLINGSSENTER . Tlf. 61 21 64 00 Gudbrandsdal Energi:.................................... Tlf. 61 29 46 00 Feilmelding etter kontortid........................... Tlf. 61 29 46 99 AAN – Rådgivningskontor for gravide......... Tlf. 61 26 00 49 Mandag – tirsdag – torsdag 10–14 Storgaten 78, Lillehammer ADVOKATER Advokat G.A. Jahren Nedregt. 5 A ..................................................... APOTEK Vinstra Apotek............................................... Mandag-fredag 09.00-17.00 Lørdag 09.00-15.00 BENSINSTASJONER Vinstra Trafikksenter......................................... Øvregate Autosenter........................................ BILFORRETNINGER Kvam Mek. verksted as................................ Fax...................................................................... Dokken Bil AS................................................. DekkTeam avd. Vinstra................................. BLOMSTER Blomsterbua.................................................... Bjørke Gartneri og blomster, Gartneriet........................................................ Fax...................................................................... Nymoens Gartneri og blomster.................. BYGGEVARER Ingeniørfirma Byggmann AS, Kvam.......... 22 Kyrkjeblad for Nord-Fron Tlf. 61 29 04 36 Tlf. 61 29 04 01 Tlf. 61 29 48 40 Fax 61 29 48 41 Tlf. 61 29 29 20 Tlf. 61 29 06 38 Tlf. 61 29 02 49 Gudstenester i Nord-Fron, nov. 2010. –mars 2011 SØDORP 1. søndag i advent 28. november Matt 12,33-37 11.00 Kyrkja Fam.g. Bornas misjonsdag KjR 2.søndag i advent 5. desember 17.00 Kyrkja Ljosmesse KjRuset/ JPOus KVAM 17.00 Kvelds-messe Nattverd Kjartan Ruset KVIKNE 1 19.00 Ljosmesse Konsert Kjartan Ruset 19.00 Ljosmesse Jens Petter Ous 3.søndag i advent 12. desember SKÅBU 4.søndag i advent 19. desember 17.00 Ljosmesse Jens Petter Ous 11.00 Familie-gudsteneste Kjartan Ruset Julaftan (fredag) 24. desember Luk 2,1-14 Alle gudstenester julaftan er familiegudstenester, tilpassa gamal og ung (Varer ca 45 minuttar) Juledagen 25. desember Joh 1,1-14 12.00 Kyrkja Høgtids-gudst Kjartan Ruset 12 Sundheim KjR 14 Kapellet KjR 16 Kyrkja JPO 2.juledag 26.desember Apg 6,8-15 Nyttårsaften 31.desember 12.00 Jens Petter Ous 16.00 Kj Ruset 11.00 Høgtidsgudsteneste Jens Petter Ous 13.00 Høgtidsgudsteneste Jens Petter Ous 11.00 Høgtids-gudst. Korps-musikk Kjartan Ruset 18.00 Kyrkja Gudsteneste ved årsslutt JPOus 17 Gudsteneste ved starten på eit nytt år Jens Petter Ous Nyårsdagen 1.januar Luk 2,21 1.s.e. Kr.openb. 9.januar Matt 3,13-17 14.00 Jens Petter Ous Korpsmusikk 11 Høgmesse Nattverd Jens Petter Ous 17 Kyrkja Høgmesse. Nattv Kjartan Ruset 2.s.e. Kr.openb. 16.januar Joh 2,1-11 11 Høgmesse Nattverd Kjartan Ruset 3.s.e. Kr.openb. 23.januar Joh 4,46-54 11 Kapellet Høgmesse Jens Petter Ous 4.s.e. Kr.openb.dag 30.januar Matt 8,23-27 11 Kyrkja Fam-gudst Biblar til 5.kl. Vigsling av diakon Biskop S. Fiske m.fl. 17.00 Fam.gudsteneste Biblar 5.klasse Jens Petter Ous 17 Fam.gudst Biblar 5.klasse Jens Petter Ous 19.00 Fam.gudst. Biblar 5.klasse Kjartan Ruset 5.s.e. Kr.openb. 6.februar Matt 13,24-39 11 Høgmesse Nattverd Kjartan Ruset Vingardsøndag 13.februar Matt 20,1-6 17 Kyrkja Eftasmesse Nattv. Kjartan Ruset Såmannssøndag 20.februar Luk 8,4-15 18 Kyrkja Bibeldagen Fellesmøte Kr.forklåringsdag 27.februar Matt 17,1-9 10.30 Sundheim Høgmesse Nattverd Jens Petter Ous 11 Høgmesse Nattverd Kjartan Ruset 11 Høgmesse Nattverd Jens Petter Ous 17 Høgmesse Nattverd Jens Petter Ous 815 33 300 Kyrkjeblad for Nord-Fron 23 FULLDISTRIBUSJON Ingen er lenger alene på jorden “Jeg er bare et menneske”, hender det at vi sier, når noen har for store forventninger til oss. Vi har våre begrensninger, for vi er bare mennesker. Det er ikke minst naturlig å minne hverandre om det, når mange styrer på som verst før jul, og skal ha alt klart og minst like bra som i fjor. Du er bare et menneske. Du kan ikke klare alt. Midt oppi våre liv kommer julens budskap og forteller oss noe stort om det å være bare et menneske. For julen handler om at Gud selv ble et menneske. Gud indentifiserer seg med oss: “Og Ordet ble menneske og tok bolig iblant oss” sier Johannesevangeliet. Mens vi i dagligtalen ofte nedskriver vår menneskelighet, viser evangeliet oss at menneskelighet og medmenneskelighet ikke er noe smått og ubetydelig. Ved å bli menneske, viser Gud oss sitt ansikt. Til og med i avmakten og nederlaget fortsetter Jesus å være et menneske. Han viker ikke. Ikke engang i møte med døden viker han fra sin menneskelighet, selv om han bærer oppstandelsens krefter i seg. Det Mennesket som Maria føder er Guds evige ord i kjøtt og blod. Ordet fra Gud lyser iblant oss gjennom mennesket Jesus. I Han ser vi Guds trofasthet og kjærlighet – og vårt håp. Ikke noe menneske er alene på jorden, for julen handler om at Gud ble menneske. I alle livets nyanser og i alt vårt mørke bor han. Svein Ellingsen skriver i sin julesalme gjengitt i Forslag til ny salmebok nr. 14: Mørket omkring oss er mørket før daggry! Englene kommer med bud om Guds glede: Midt i vårt mørke er Mennesket blant oss! Ingen er lenger alene på jorden. Det evige Ordet ble åpenbart for øynene våre, så vi skulle se Guds herlighet. Ikke en herlighet som stråler i det høye, men som lyser for menneskene i det lave. Jesus Kristus viste oss hva et sant menneske er, og kjenner menneskenes hjerter. Ingen er alene på jorden. Gledelig jul! Solveig Fiske Hamar Biskop
© Copyright 2024