HERØY KOMMUNE Utviklingsavdelinga SAKSPROTOKOLL Sakshandsamar: Utvalsaksnr 250/12 143/12 OMR Arkivsaknr: Arkiv: 2012/8 L12 Utval Formannskapet Kommunestyret Møtedato 21.08.2012 30.08.2012 REGULERINGSPLAN FOR KOPARSTAD, SLUTTHANDSAMING Tilråding: Kommunestyret godkjenner, i medhald av plan- og bygningslova av 1985 § 27-2, Reguleringsplan for Koparstad gnr. 3/4, 11 mfl., datert 4.7.2012 med tilhøyrande reguleringsføresegner, sist endra 4.7.2012 og planomtale, datert 8.2.2012. Møtebehandling: Formannskapet si tilråding vart vedteken mot 2 røyster. Vedtak i Kommunestyret - 30.08.2012 Kommunestyret godkjenner, i medhald av plan- og bygningslova av 1985 § 27-2, Reguleringsplan for Koparstad gnr. 3/4, 11 mfl., datert 4.7.2012 med tilhøyrande reguleringsføresegner, sist endra 4.7.2012 og planomtale, datert 8.2.2012. Møtebehandling: Ole Magne Rotevatn, utviklingsavdelinga møtte og orienterte. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Tilråding i Formannskapet - 21.08.2012 Kommunestyret godkjenner, i medhald av plan- og bygningslova av 1985 § 27-2, Reguleringsplan for Koparstad gnr. 3/4, 11 mfl., datert 4.7.2012 med tilhøyrande reguleringsføresegner, sist endra 4.7.2012 og planomtale, datert 8.2.2012. Særutskrift: Per Arne Kopperstad Anleggs – og driftsavdelinga Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset Julsundveien 9, 6404 MOLDE Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 MOLDE Statens vegvesen region midt, Fylkeshuset, 6404 MOLDE Søre Sunnmøre Landbrukskontor, 6080 GURSKØY Kystverket midt-Norge, postboks 1502, 6025 ÅLESUND Bård Kopperstad, Koparstadvegen 169, 6098 NERLANDSØY Andreas Kopperstad, Schøyens gate 8, 7030 TRONDHEIM Lillian Moldskred, Skåthaugmarka 3, 6010 ÅLESUND Audun Kopperstad, Åsesletta 4c, 6017 ÅLESUND Astrid Kopperstad, Koparstadvegen 148, 6098 NERLANDSØY Bernt Teige, 6098 NERLANDSØY Marcus Johannessen, Koparstad, 6098 NERLANDSØY Ida Kopperstad, Åsesletta 4C, 6017 ÅLESUND Side 2 av 8 Vedlegg 1 Plankart, reguleringsplan for Koparstad, datert 4.7.2012 2 Reguleringsføresegner, datert 4.7.2012 3 Planomtale for Koparstad, datert 8.2.2012 4 Innspel ved 2.gangs offentleg ettersyn Saksopplysningar: Utsnitt frå reguleringsplanen Siktemålet med planarbeidet er å utvikle eigedommane til Per-Arne Kopperstad til byggjeareal (bustad, fritidshus og naust) i hovudsak i samsvar med kommuneplanen sin arealdel. Planen legg til rette for to nye tomter for frittliggjande småhusbebyggelse, tre tomter for konsentrert småhusbebyggelse og til saman ca. 18 fritidshus/hytter. Området er foreslått regulert til byggjeområde (frittliggjande og konsentrert småhusbebyggelse), lager, hytter og naust, offentleg trafikkområde (køyreveg, anna trafikkareal, gangveg), fareområde (høgspentleidning), spesialområde (friluftsområde på land og i sjø, privat småbåtanlegg på land og i sjø, kommunalteknisk anlegg, frisiktsone, bevaring av anlegg) og fellesområde Side 3 av 8 (avkøyrsle, parkering, leikeplass, grøntanlegg). Vurdering etter naturmangfaldlova §§ 8-12: Vurdering etter naturmangfaldlova § 7 prinsipper for offentlig beslutningstaking i §§ 8 – 12: Etter naturmangfaldslova § 7 skal prinsippa i §§ 8-12 leggast til grunn som retningslinjer ved utøving av offentleg mynde, og vurdering av vektlegging skal framgå av vedtaket. § 8 Kunnskapsgrunnlaget: I "Kartlegging av biologisk mangfald i Herøy kommune, Møre og Romsdal" er dette område omtala under Nerlandsøy: KoparstadSkorpesundet. Område er prioritet A(svært viktig). Bakgrunnen for denne vurderinga er funn av havburkne, kvitkurle, kristtorn og purpurlyng på Skageneset(utafor planområde). Krav om kunnskapsgrunnlag for å fatte vedtak etter § 8 i naturmangfaldlova er såleis oppfylt. § 9 Føre-var-prinsippet: Etter kommunen sin vurdering er det lagt til grunn tilstrekkeleg kunnskap om kva verknadar tiltaket kan ha for naturmiljøet gjennom planomtale og sjekkliste for natur,- miljø- og samfunnsmessige forhold. Førevarprinsippet vert derfor lite vektlagd i denne saka. § 10 Økosystemtilnærming og samlet belastning: Den samla belastninga av tiltaket i planforslaget ikkje vere av ein slik karakter at det vil auke belastninga på område i særleg grad. §§ 11 og 12 Teknikkar og kostnadar ved miljøforringelse skal bæres av tiltakshaver: Det kan setjast vilkår til gjennomføringa av tiltak gjennom §§ 11 og 12 i naturmangfaldlova som skal kostast av tiltakshavar. Dette kan vere bruk av teknikkar i opparbeiding av område som tek spesielt omsyn til miljøet og hindrar større skade på naturmangfaldet enn det som er naudsynt. Dette planforslaget påverkar ikkje naturmangfaldet i så måte at det vert stilt krav til bruk av bestemte teknikkar ved utbygging for å ta vare på miljøverdiane i område. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Det er regulert inn ein offentleg veg i området (V1) og Anleggs- og driftsavdelinga vil få auka driftsutgifter til brøyting og vedlikehald av denne vegen. Barn og unge: Reguleringsplanen tek omsyn til barn og unge på ein svært god måte. Området har to leikeområder i Fe.l.(Felles leikeplass) på 1,4 daa der det vert lagt opp til å lage ein flatare ballplass og Fe.g.(Felles grøntanlegg) på 1,5 daa der det vert laga til utsiktsplass og sti. Vegane i område er ikkje lagt til rette med gangvegar eller fortau, men det er heller ikkje venta stor trafikk i område og kommunen meiner derfor at tryggleiken til barna er ivareteken. I plankartet er det lagt opp til at Fylkesvegen kan utvidast dersom statens vegvesen ynskjer å utvide vegbana i framtida. Universell utforming Området er relativt flatt og inngang til fritidshytter vert på same plan som parkeringsplassen. Veg ned til småbåthamna stettar også krava til universell utforming når det gjeld stigning. Det er ikkje sett krav om at leikeplassen skal vere universell utforma, men området er flatt og tilkomsten ti leikeplassen skal kunne opparbeidast slik at den stettar krava til stigning. Side 4 av 8 Vurdering av innspel etter 2.gangs offentleg ettersyn: Herøy kommune, Anleggs – og driftsavdelinga, datert 3.5.2012: - Er snuplassen i enden av V1 dimensjonert for lastebil? - I planomtale står det at V1 skal vere 4m brei og ha 2m grøft. Breidda i reguleringsplanen er større. Anlegg- og driftsavdelinga ber om å få tilsendt normalprofil for V1 då det er noko uklart korleis profilet er tenkt. - Det er ynskjeleg frå Anlegg- og driftsavdelinga at flest mogleg avkjørslene skal vere til fellesavkjørslene (FV1-FV3). I føresegna står det at KS3 som ikkje grensar mot FV3 skal ha avkjørsle frå FV3, men ikkje FS3 som grensar mot FV3. Det vil vere tydelegare om alle byggjeområda var merka med avkjørselpil. Administrativ vurdering: - Snuplassen er dimensjonert for lastebil. - Anleggs- og driftsavdelinga har fått tilsendt profilar og det har blitt gjort nokre mindre endringar med bakgrunn i innspelet frå Anleggs- og driftsavdelinga. - Herøy kommune vil endre føresegna til at FS3 skal ha avkjørsle frå FV3. Det er lagt opp til at flest mogleg skal ha avkjørsle frå fellesavkjørslene. Det vert ikkje lagt opp til å merke alle tomtene med avkjørselspiler då dei vert juridisk bindande for kvar dei ulike byggeområda skal ha sine avkjørsler. Møre og Romsdal fylkeskommune, datert 31.5.2012: - Planomtale bør redigerast slik at strukturen speilar krava til planomtale i pbl § 4 – 2. Administrativ vurdering: - Kommunen meiner det ikkje er grunnlag til å påleggje tiltakshavar å redigere planomtalen. Kommunen meiner planomtalen er grundig utarbeidd og omtalar alle punkta som står i pbl § 4 – 2 sjølv om det ikkje er same struktur som pbl bruker. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, datert 30.5.2012: - I strandsona er planen endra slik at det bli opna for å bygge naust aust i område som i første utlegging var regulert som friluftsområde land og bevaringsområde for båtstøer. Vi meiner dette er uheldig, då småbåthama med landanlegg utgjer eit svært massivt inngrep og at det er behov for meir open strandsone for opphald og vandring for dei som skal ha tilhald i bustadar og fritidshusa i bakkant. Vi vil derfor rå i frå at ein endrar planen på dette punktet, men at vi ikkje vil reise motsegn i høve denne endringa. Administrativ vurdering: - Bakgrunnen for at planen vart sendt på nytt offentleg ettersyn var nettopp for å leggje til rette for naustbygging i dette området. Kommunestyret vedtok i møte 15.12.2011 sak 194/11 og det er såleis eit politisk ynskje om å leggje til rette for naust i dette området. Planen vert difor ikkje endra etter Fylkesmannen sitt ynskje. Statens vegvesen, datert 30.5.2012: - Tilkomst til gnr. 3 bnr. 40 bør trekkjast nokre meter lenger vekk frå avkjørsla og fylkesvegen, slik at regulert tilkomst er i samsvar med vegnormalane sine krav til utforming. Vidare rår vi til at plankartet vert endra slik at tilkomsten til eigedomen vert vist med avkjørselspil. Side 5 av 8 Administrativ vurdering: - Avkjørsla er erstatta med avkjørselspil etter samtale med sakshandsamar i Statens vegvesen. Søre Sunnmøre landbrukskontor, datert 1.6.2012: - Ingen merknader til planforslaget. Kystverket Midt-Norge, datert 5.6.2012 - Ingen vesentlige bemerkninger. Vi vil likevel opplyse om at planlagte flytebrygger med eventuelle utstikkere i tilknytning til hyttene, også bør vises/inntegnes på selve plankartet. Administrativ vurdering: - Flytebrygger og liknande skal ikkje visast i reguleringsplankartet. Dersom dette skal innteiknast skal dette vere i eigne illustrasjonar som ligg vedlagt planen. Bård Kopperstad, datert 15.5.2012: - Eg har tidlegare ved Sindre Moldskred A/S peikt på ting som har stor betydning for oss som bur her, og eg bed om at planen vert teke opp til ny vurdering. Eg tenkjer då spesielt på husa så vil verte vesentlig høgare enn eksisterande, og vil ta vekk ein god del av utsikta. - Kommunen meinar at planen er godt utarbeidd (osv.). Då spør eg: Har dei som har utarbeidd planen vår på Kopperstad og sett på forholda? … Eg meiner at dei som skal godkjenne ein slik plan, nærmast pliktar og møte opp og sjå før han vert godkjent…. (med "forholda" meinar ein her sjøområdet utanfor Koparstad som er relativt grunt og grunneigaren er her bekymra for tryggleiken til turistar som skal inn og ut av småbåthamna ved flo og fjøre). Administrativ vurdering: - Denne problemstillinga vart drøfta i kommunestyremøtet 15.12.2011 og det er ikkje ynskje om å endre gesims og mønehøgde i planen. For å kunne utvikle eit område må ein gjere naudsynte endringar i terreng og ved etablering av bustadar og fritidsbustadar vil dette, som ein konsekvens, ta noko av utsikta. - Både utførande konsulent for reguleringsplanen og kommunen har vore i området og sett på forholda. Når det gjeld tilkomst til og frå småbåthamna pliktar utførande entreprenør å opparbeide området og tilkomst på ein sikker og forsvarleg måte. Sju likelydande innspel frå Rakel og Andreas Kopperstad Lillian Moldskred Inger og Audun Kopperstad Astrid Kopperstad Berit Teige, Oddrun Teige , Ole-Kristian Teige, Marvin Kopperstad og Karoline Husøy Kopperstad Katrine G. Johannessen og Marcus Johannessen Kristine S. Bøe, Line Bjerknes, Ida Kopperstad, Elise Foss mfl., alle datert 29.5.2012: - … Slik vi ser det, høyrer fortetta utbygging av konsentrert småhusbebyggelse heime i sentrumsområda våre. På Koparstad vil det vere meir naturleg å legge til rette for bygging av einebustadar. … Vi ber difor om at fordelinga Side 6 av 8 - - - mellom konsentrert og frittståande småhusbebyggelse vert revurdert, samt at omsynet til grøntareal og rom mellom einingane vert sterkare vektlagt. Fritidsbustadar kan vere eit positivt innslag i kommunen vår, men slik det er planlagt her, fryktar vi at det vil gå på bekostning av nærmiljøet til dei som skal bu her fast. For det fyrste er ikkje fylkesvegen på Koparstad dimensjonert for meir trafikk enn det som er i dag. Vegen ligg tett inn til husa fleire stader, og kan vanskeleg verken utvidast eller flyttast. Trafikkauken som 18 hytter vil medføre, kan difor kome til å gå på trafikktryggleiken laust. Bandlegging av areal til fritidsbustadar i nær tilknyting til eksisterande og planlagde bustadområde, er etter vårt syn uheldig for utviklinga av bygda på lang sikt, Vi ber difor om at talet på hytter i reguleringsplanen vert redusert, med sikte på å styre utviklinga av Koparstad mot «eit levande oppvekstmiljø» heller enn «ei kulisse for reiseliv». Mesteparten av området som det er gjort framlegg til regulering av er pr i dag LNF-areal. … Når ein bygg bustadar på landbruksareal i Herøy, vil det i praksis vere det største kulturelle inngrepet i nærmiljøet som har vore gjort i historisk tid. Vi forventar at dette ikkje vert gjort i strid med kommuneplan og retningslinjer frå sentrale styresmakter, utan at det vert gjennomført ein grundig diskusjon rundt fordelar og ulemper ved tiltaket. … omfanget av utbygginga i den framlagde reguleringsplanen reduserast, slik at mindre LNFareal går tapt, og Nerlandsøya sitt «grøne belte» vert bevart. Administrativ vurdering: - Ved å legge til rette for ein kombinasjon mellom frittliggjande bustadar og konsentrerte bustadområde opnar ein marknaden for fleire. Vi ser at unge par i etablerarfasen har utfordringar med å kome inn på bustadmarknaden og ynskjer heller å kjøpe leiligheiter/fleirmannsbustadar som første bustad enn å ta opp større lån og kjøpe frittliggjande einebustadar som første bustad. Det er i denne reguleringsplanen lagt opp til store områder med grøntareal(2,9 daa). - Kommunen meiner kombinasjon mellom fritidsbustadar og fast busetting slik det er lagt opp til i denne planen er ei god løysing. Kombinasjonen mellom fast busette og fritidsbustadar gjer at det vil vere aktivitet i området når dei som eig hytter ynskjer å tilbringe tid der. Det er lagt opp til utviding av Fylkesvegen dersom Statens vegvesen ynskjer å utvide den. - For at planen skal vere økonomisk realiserbar er det naudsynt med eit visst antal bustadtomter eller fritidsbustadtomter som kan selgast. Måten ein har "delt" området bustadar og fritidsbustadar frå kvarandre i denne planen er ved hjelp av eit grønt belte som synleggjer eit skilje mellom fast busette og fritidsbusette. Det vert ikkje lagt opp til at ein tek ut fritidsbustadar i denne planen. - Mesteparten av planområdet er i dag sett av til hytte/turistanlegg i gjeldande kommuneplan og planforslaget er såleis i tråd med overordna plan. Det er derfor ikkje tale om at ein her omdisponerer landbruksareal til andre føremål med dei konsekvensar det ville medført. Vurdering: Det har blitt gjort fylgjande endringar i planen etter offentleg ettersyn: - Endring i føresegna: § 4 – Reguleringsføremål. Køyreveg har blitt spesifisert til å gjelde V1 og Fylkesveg 21. Side 7 av 8 - Endring i føresegna: § 10 – Offentleg trafikkområde. Anna trafikkareal har fått tillagt skulder i parantes. Dette er for at ein ved utbygging kan opparbeide 25cm skulder på område avsett til Anna trafikkareal. Endring i føresegna: §12 – Fellesområde. Under FV3 har ein endra tilgrensande område frå KS3 til FS3 då KS3 ikkje grensar til FV3. Endring i plankartet: Avkjørsla som var teikna inn til gnr. 3 bnr. 40 er teke ut og erstatta av Avkjørselspil. Juridisk har dette veldig lite å seie for planen, men vegen som var teikna inn var ikkje konstruert rett og statens vegvesen bad om at vi tok ut avkjørsla og erstatta denne med avkjørselspil. Konklusjon: Rådmannen rår til at Kommunestyret godkjenner, i medhald av plan- og bygningslova av 1985 § 27- 2, Reguleringsplan for Koparstad gnr. 3/4, 11 mfl., datert 4.7.2012 med tilhøyrande reguleringsføresegner, sist endra 4.7.2012 og planomtale, datert 8.2.2012. Fosnavåg, 04.07.2012 Erlend Krumsvik Rådmann Jarl Martin Møller Utviklingsleiar Sakshandsamar: OMR Side 8 av 8
© Copyright 2024