Strømpeneset konferansesenter

Merkesteinane kan verte ein del av
FureneAS
Merkesteinane kan
vere sikra ny drift
under Furene AS
sin paraply.
Musikkstiftinga Merkesteinane kan verte ein del av bedrifta Furene AS.
Regionrådet på Søre Sunnmøre har
teke tak i saka.
– Prosessen har nettopp starta.
Resultatet kan verte ein vinn-vinnsituasjon for Merkesteinane og Furene AS, seier sekretær i regionrådet, Per Ernst Lundberg.
Regionrådet vedtok sist fredag å
få lagt fram ei skisse for organisering av ein modell. Han skal drøftast i regionrådet si rådmannsgruppe før rådet deretter igjen ser på
saka.
Bakgrunnen for saka er m.a.
Merkesteinane sin økonomiske situasjon, der mangel på faste tilskot
skaper ei utfordrande drift for stiftinga. Ved å kome under paraplyen
Furene AS vil ein ha eit sikkert
økonomisk fundament. Samtidig
ser Furene AS verdien av fleire
bein å stå på og nye inntektskjelder.
Leiar i Merkesteinane, Øyvind
Lied, synest prosessen som no er
sett i gang er spennande. Bedrifta
Furene AS legg til rette for personleg utvikling hjå arbeidssøkjarar.
Lied finn mykje felles mellom Furene og Merkesteinane, og er overtydd om at begge kan yte noko til
kvarandre. Merkesteinane nyttar
musikk som eit aktivt verkty til
fremjing av ei rad lærings- og
undervisningsmål.
– Furene er ei solid og godtfungerande bedrift. Som oss driv Furene med meistring og læring, også
på lågterskelnivå. Eg ser føre meg
at vi m.a. kan bidra med kulturtiltak som del av rehabilitering, seier
Lied.
No skal det altså arbeidast fram
ein modell for drifta. Lied ser føre
seg at det vert oppretta ein base i
ein av kommunane der tilsette leverer kompetanse med kommu-
nane som kjøparar.
Øyvind Lied understrekar at dette er hans eigne tankar og at andre
modellar kan kome.
– Uansett er dette veldig positivt.
Vi slit framleis mykje med økonomien og ingen ting er endra. Vi kan
ikkje ta ut godtgjersle til nokon, og
det er trist. På kort sikt klarer vi å
halde det gåande, med velvilje frå
andre, seier Lied.
Roy-Arne Folkestad
Dagleg leiar Hege Karete Hamre i Furene AS:
– Interessant prosjekt
Dagleg leiar i Furene AS, Hege Karete Hamre, synest det er interessant å vurdere om Merkesteinane
kan verte lagt inn under bedrifta
Furene AS.
– Det som no vert vurdert er
om kommunane på Søre
Sunnmøre ynskjer å samarbeide med Merkesteinane,
og ha dette som eit tilbod
for folk som har utfordringar knytt til arbeid, aktivitet,
inkludering og sosialisering, seier dagleg leiar
Hege Karete Hamre.
Furene AS er eit regionalt føretak,
eigd av kommunane på Søre Sunn-
møre. Såleis handlar ei innlemming av Merkesteinane i Furene
om eit regionalt samarbeid. Hamre
synest tanken om eit samarbeid og
forankring med den populære stiftinga er interessant.
– Merkesteinane handlar om mykje meir enn ei musikkgruppe. I
samband med arbeid og aktivitet er
det viktig med mangfald og å kunne møte individet sine behov på deira sterke sider, og å kunne gje eit
meistringstilbod, seier Hamre.
– Dette er tilbod vi i dag ikkje
har, men som kanskje kan vere at-
traktivt å ha i samband med tilbod
med mangfald til mange fleire
grupper enn psykisk utviklingshindra, seier Hamre. Ho er oppteken
av at bedrifta skal gje individuelt
tilrettelagde tenester.
– Vi må kanskje også tenkje tilbod utanom ordninær arbeidstid,
seier Hamre.
Dersom kommunane seier ja til
at Merkesteinane vert ein del av
Furene AS, føreset Hamre at det
også kjem driftsmidlar.
Roy-Arne Folkestad
Bedriftsbesøk i Rotary:
Frå strømpefabrikk til konferansesenter
Konfeksjonsindustrien sitt
fall på 1970-talet var grunnlaget for det som i dag er
høgstandard konferansesenter på Strømpeneset i
Ørsta. Grunnleggjaren Oscar Øvstegård, som bygde
fabrikken i 1939, måtte sjå
forfallet i mange år. No har
barnebarnet skapt ny aktivitet i den gamle strømpefabrikken.
Strømpeneset konferansesenter er
nettopp ferdigstilt, og primus motor for anlegget, Lars Oscar Fossen, var synleg stolt då han kunne
vise anlegget til Ørsta Rotaryklubb. Det var tydeleg at også rotarymedlemmene vart imponert over
det barnebarnet til den gamle
strømpeprodusenten Oscar Øvstegård har fått til siste åra.
Frisør
Ope 9–18 (16)
Fossen gav eit attersyn heilt tilbake til då Oscar Øvstegård bygde
strømpefabrikken sin i 1939, det
som på folkemunne vert kalla
Strømpeneset. Der vart dei eksklusive damestrømpene ”Figuretti”
produsert fram til 1970 då konfeksjonsindustrien måtte leggje ned.
Etter mange år med forfall har
fabrikken no gjennomgått ein «extreme makeover» av dei sjeldne.
Takka vere leigekontraktane med
Ørsta Marina Systems, og deretter
SafeRoad, har Fossen klargjort bit
for bit av den gamle fabrikken. No
framstår Strømpeneset som eit makelaust bygg i topp stand; entusiastisk styrt av barnebarnet til grunnleggjaren.
Rotarypresident Thor Arne Sørheim sparte heller ikkje på superlativa etter omvisinga i det som no
framstår som høgstandard kontorlokale og konferansesenter.
– Vi treng slike gründerar som
Fossen, som torer å skape og byggje noko for lokalsamfunnet.
Far min og bestefaren min ønskte meir enn noko anna at Strømpeneset skulle få nytt liv. Eg trur dei
ville ha vore fornøgde no, smiler
Lars Oscar.
Besøket på Strømpeneset konferansesenter er ein del av bedriftsbesøka som Ørsta Rotaryklubb
gjennomfører i år.
Ein stolt og entusiastisk bedriftseigar, Lars Oscar Fossen, viste fram
det moderne konferansesenteret til
medlemmene i Ørsta Rotaryklubb.
www.orstabil.no
Tlf. 70 04 92 00
Montering av vedovner
Vi monterer ditt nye
ildsted til avtalt pris
Countura 510
ord. 14.900,No 11.900.-
Møre-Nytt ●
Tlf. 70 04 75 30
Torsdag 16. september 2010
13