Kontaktinformasjon Furene AS

År
s
r
appor
t2014
Innhald
Dagleg leiar har ordet
Styret si årsmelding
Revisor si melding
Konsernrekneskap Furene AS 2014
Resultat
Balanse
Notar
Kontantstraumoppstilling
Årsrekneskap Furene AS 2014
Resultat
Balanse
Notar
Kontantstraumoppstilling
Nøkkeltal
Dagleg leiar har ordet
Eit godt år for Furene
Furene er ei middels stor bedrift i eit distrikt
prega av ei av landets største industriklynger
og eit fylke som er leiande innan eksport av
varer målt i kroner i høve til innbyggartal.
Derfor påverkar svingingar i den internasjonale
økonomien både våre samarbeidspartnarar og
oss sjølve.
Veksten i norsk økonomi er venta å bli rundt
1,5 % i 2015. Forventninga til vekst er på
slutten av året nedvurdert, drive av forventa
negative verknadar av oljeprisfall på om lag 70
dollar fatet sidan juni i 2014. Ringverknadane
av oljeprisfallet er utfordrande å talfeste.
Enkelte forskingsarbeid tilseier at effekten kan
bli ein vekstreduksjon på heile 2,4 % av
fastlands BNP. På den andre sida er det
faktorar som kan dempe dei negative
konsekvensane av lågare oljepris. Til dømes
lågare balansepris på funn i Nordsjøen som
gir lågare enn forventa oljepris og fall i
riggrater. Utanom oljerelatert sektor vil
rentekutt frå Noregs Bank, svekking av krona
og mulege finanspolitiske tiltak kunne dempe
verknadane av oljeprisfallet i økonomi og
sysselsetting.
Vårt lokalsamfunn er prega av familieeigde
bedrifter som samhandlar tett og viser stort
samfunnsengasjement.
Næringslivet er påverka av den siste tida si
urolege utvikling innan oljesektoren. Likevel er
det optimisme mellom bedriftene og
investeringslysta er framleis god, om enn noko
avventande. I Furene sitt nedslagsfelt, og
mellom våre samarbeidspartar er det framleis
høg aktivitet. På slutten av året merka vi
tendensar til noko svakare ordreinngang og ei
noko meir avventande haldning til å tilsette nye
personar og å opne for praksisplassar.
Bedriftseigarar er klare i si haldning til framtidig
overleving avheng av innovasjonskraft,
investeringsvilje og evne til nyvinningar. Det å
lære av kvarandre i klynger og nettverk vil
skape vekst i framtida og gjer kompetanse
overførbar frå ein bransje til ein annan.
Havromet er sett på kartet som eit muleg
framtidig næringsområde.
I Noreg har vi framleis den lågaste
arbeidsløysa innanfor OECD-området, høg
arbeidsdeltaking og høgt utdanningsnivå.
Næringslivet er produktivt, folk trivast og har
høg motivasjon i arbeidet.
Næringslivet har i enkelte sektorar store
utfordringar med å skaffe nok kompetente
hender til å stette behovet. Utanlandsk
arbeidskraft har i noko grad reist tilbake til
heimlandet og har slik buffra for innanlandsk
auke i arbeidsløysa.
Trass høg yrkesdeltaking har landet ein alt for
stor utanforskap av menneske som både vil og
kan arbeide i noko grad og tilføre samfunnet
meir arbeidskraft berre tilhøva vert lagt til rette.
Vi kan grovt dele inn auken i utanforskapen i
tre grupper:
Ungdom som ikkje fullfører
vidaregåande opplæring
Langvarig sjukefråvær
Manglande integrering av enkelte
grupper innvandrarar
I Furene har vi merka tendensar til tråare
arbeidsmarknad og mange spår auka
arbeidsløyse. Som fylje av omstilling og
teknologiutvikling lever næringslivet med
hurtige omstillingar og krav til interne
læreprosessar.
I dei færraste bedrifter kjem ein nytilsett ferdig
utlært, omfattande opplæringsprosessar må til
for å meistre krav til produksjon og effektiv
drift. Dette gjeld i like stor grad for dei med
høgskule utdanning som dei utan.
For oss merkar vi dette langs to dimensjonar,
overfor eigne tilsette og som samarbeidspart
for næringslivet i rekrutteringsarbeid.
Størstedelen av dei jobbsøkarane vi jobbar i
lag med har ikkje høgare utdanning eller
formell fagkompetanse. Her er skreddarsaum,
individuell tilrettelegging og god jobbmatch
avgjerande for å verte skikka til å møte
arbeidslivet sine krav.
Vi i Furene er glade for oppmodinga frå
statsministeren til arbeidsgivarane om å tilsette
folk som har utfordringar med å kome inn i
arbeidslivet. God arbeidsintegrering føreset
imidlertid eit godt samspel mellom
attføringsbedriftene, Nav og næringslivet. Det
er viktig at NAV har god bestillerkompetanse,
attføringsbedrifta finn den rette matchen
mellom kandidatane og næringslivet, og ikkje
minst at både arbeidsgivar og arbeidssøkjar
vert fylgt tett gjennom heile prosessen.
Solid og truverdig
3.651 millionar kroner til styrking av
bedrifta.
Vi kan få enda fleire i arbeid og aktivitet i 2015.
I 2014 har vi hatt eit sterkt fokus på å bu oss
for ein ny konkurransesituasjon som treff oss
tidleg i 2015.
Uklarheitene rundt utsetjinga av
stortingsmeldinga har gitt bransjen eit årelangt
vakuum. Vi har nytta tida godt til interne
prosessar som skal gi oss auka konkurransekraft i framtida.
Vi ser eit stort behov for avklaringstiltak,
yrkeskvalifiseringstenester, samt oppfølgingsog formidlingstiltak.
Vårt viktigaste forretningsområde er levering
av tiltakstenester og bedrifta er bygd opp rundt
dette.
På slutten av året vart det klarlagt at i 2015
vert Arbeid med Bistand (AB) og Avklaring i
Skjerma sektor (AK) konkurranseutsett i
forbindelse med at kontraktane på Raskare
tilbake tenestene går ut 1/7 2015. Det er lagt
føringar for tiltaka Kvalifisering i skjerma
verksemd som skal fasast inn i APS
(Arbeidspraksis i skjerma verksemd), nye AFT
(Arbeidsførebuande trening), og TIA
(Tilrettelagt arbeid) skal fasast ut og på sikt
overførast til Tidsubestemt lønstilskot. Dei
faktiske forholda rundt dette er i skrivande
stund ikkje klarlagt. Det som synes klart er at vi
sit att med ein rimeleg barbert skjerma sektor
der VTA og AFT er einaste tiltaka som vert att.
Furene omsette for 54.138 millionar kr. i 2014
og oppnådde eit resultat på 3.651 millionar kr.
Ein reduksjon i resultat frå 2013 på 2.102
millionar kr.
Resultat av underliggande drift er 3.121
millionar kr. I 2014 har resultatet av finansielle
papir påverka årsresultatet med 1,8 millionar
kroner. Over tid ser vi at plasseringar i
finansmarknaden gir betre avkasting enn
risikofri rente.
Økonomisk har dei forskjellige avdelingane
varierande resultatgrad. Vi har mange bein å
stå på og ser det som ein fordel så lenge vi
greier å balansere drifta godt. Driftsmessig er
dette ein krevjande modell som stiller store
krav til alle tilsette.
53 personar til ordinær jobb, ytt tenester til
knappe 600 personar og gir lønna arbeid til
ytterlegare 85 personar
Endringa er ikkje overraskande men kom i eit
raskare tempo enn vi hadde sett føre oss.
Vi kjenner oss godt budde, har gode erfaringar
med samarbeidet mellom Attføringsbedriftene i
fylket, og har vunne denne type anbod i tre
rundar før.
Å vinne desse anboda er heilt avgjerande for
vår faglege utvikling og vekst dei komande åra.
Vi skal gjere vår del av jobben og håpar
strukturendringa gjev den effekten regjerande
styresmakter føreset, nemleg at attførings- og
inkluderingstenestene skal bli lettare
tilgjengelege for fleire, koste mindre med
høgare kvalitet, samt få fleire i arbeid.
Gjennomstrøyminga i våre tenester i året har
vore 582 personar mot 531 i 2013 og 457 i
2012. Ein auke på heile 125 på to år syner at vi
har greidd å auke gjennomstrøymingstakta
vesentleg utan at det har gått ut over korkje
måloppnåing for brukarane eller
tilbakemeldingane frå kunden.
Kvar og ein av våre tilsette har vore med å
gjort dette taktskiftet muleg.
Eigarane har som filosofi å bygge bedrifta stein
på stein. Langsiktig eigarskap gir rom for
utvikling og tryggheit for arbeidsplassane som
igjen gir bedrifta framdrift. Slik skaper vi gode
resultat over tid.
Produksjon
Etter oppkjøpet av Dragsund Asvo er vi no
Søre Sunnmøre sin største aktør innan
profileringsartiklar, gravering og trykk.
I tillegg til aktiviteten vi har hatt i Furene har
Dragsund kome inn med nye segment.
Dragsund driv med mekanisk produksjon,
monteringsarbeid, garnreinsking,
institusjonsvaskeri og spesialemballasje.
Med godt driv og entusiasme går vi inn i 2015
med mål om å vinne fram i konkurransen og
skape muligheiter for fleire!
Produksjonsavdelingane har tilfredsstillande
ordretilgang.
Volda, april 2015
Kvalitet og tenester
Vårt konkurransefortrinn ligg i våre tilsette sin
unike kompetanse, evne og vilje til
forbetringsarbeid, samt i å ha tilgjenge til reelle
bedriftsmiljø som verkemiddel til vellukka
avklarings- og yrkeskvalifiseringsløp.
I tillegg har vi brei og god kontaktflate med
næringslivet på Søre Sunnmøre. Næringslivet
er våre gode partnarar i formidlingsarbeidet.
Ein kan sjå fordelar med konkurranse, men det
er samstundes nærliggande å stille
spørsmålsteikn om måten å kjøpe inn denne
type tenester på er den mest
kostnadseffektive, både med omsyn til kroner
og resultat av tenestene for samfunnet.
Gjennom taktskiftet i volum og skjerpa fokus
på dokumentert kvalitet har vi innført
kvalitetssikringssystemet Equass. Gjennom
Equass forpliktar vi oss til kontinuerleg
forbetring og fokus på dei rette handlingane.
Vi scorar svært godt på dei fleste indikatorar
og avdekker områder for forbetring. I det
komande året vil vi spesielt ha fokus på
samhandling med våre kundar og
samarbeidspartar.
Hege Karete Hamre
Dagleg leiar
Styret si årsmelding
Om selskapet:
Furene AS vart stifta i 1971 av ideelle aksjonærar
med eit ideelt formål.
Bedrifta sin intensjon er på forretningsmessig
basis å legge til rette for personleg utvikling
gjennom opplæring og kvalifisering.
Næringslivet sit på nøkkelen til arbeidsinkludering.
Utan næringslivet med på laget lykkast vi ikkje.
I tillegg meiner styret vi ikkje må miste av syne det
faktum at ordinært arbeidsliv ikkje er eit alternativ
for alle. Desse må også få eit tilbod utover passivt
stønadsmottak. Her har vi ei viktig rolle i dag, og vi
vil også ha det i framtida.
Konsernet Furene AS består av morselskapet
Furene AS og eigedomsselskapet AS
Terminalbygg.
AS Terminalbygg har som formål å eige og leige ut
lokale til eigarselskapa, Furene AS og Nettbuss
Møre AS.
Målsettinga til bedrifta er tosidig:


Vi skal levere og utvikle attraktive tenester
som fremjar arbeid, aktivitet og inkludering
Vi skal sikre langsiktig god lønsemd for
bedrifta som heilskap.
”Furene - for den som vil og kan!” er visjonen vår
som har sitt fundament i vår tanke om at motiverte
menneske som vil nok oppnår sine mål.
Måloppnåing for brukar er samsvarande med
måloppnåing for bedrifta.
Furene sine forretningsområder og
samfunnsbidrag er å drive:


Yrkeskvalifisering og velferdstenester
Vare- og tenesteproduksjon som
virkemiddel for opplæring og kvalifisering
Våre fokusområder speglar vårt formål og våre
virkemiddel i samfunnsoppdraget vårt.
Gjennom kvalitetssikringa i Equass forpliktar vi oss
til kontinuerleg forbetring. Ein lovnad til det beste
for brukar, samarbeidspartar og formålet.
Bransjen og Furene har stor merksemd på kvalitet
og resultat og er i ferd med å bygge opp kunnskap
om kva som verkar og kva som ikkje er like effektiv
bruk av ressursar. Vi ser ein klar trend i at vi
leverer tenester til fleire for mindre kroner.
Tenestene må seiast å ha blitt langt meir tids- og
kostnadseffektive. Kor vidt det gir varig positiv
effekt for brukar manglar det per i dag målingar på.
Frå vår ståstad er ei teneste ikkje vellukka dersom
den ikkje har ført til varig endring.
God kvalitet og gode resultat krev kompetente og
motiverte medarbeidarar. Dei tilsette er vår
viktigaste ressurs og gjennom kartlegging,
planlegging og målretta tiltak aukar vi
kompetansenivået i organisasjonen og kvaliteten i
leveransane våre. Vi har god tverrfagleg
samansetjing og er godt rusta til å løyse dagens
oppgåver og framtidige utfordringar.
Søkjarmassen til ledige stillingar er stor og vi har
ingen problem med rekruttering til bedrifta.
I ei verd der marknaden skal styre kven som får
yte tenester til dei som har utfordringar innan feltet
arbeid og aktivitet, må vi tilby og levere dei beste
tenestene som til ei kvar tid er etterspurde.
Med auka gjennomstrøyming og ventelister inn til
tenestene våre, dokumenterer vi eit stort behov for
dei tenestene vi tilbyr.
Tenester/Yrkeskvalifisering
Velferdstenester og kurs.
Nav er den største kunden og gir sine premissar
for volum og innhald i tenestene.
Furene skal vere ein føretrekt partnar i å utvikle og
levere nye løysingar på utfordringar i marknaden.
I 2014 har aktiviteten på konkurranseutsette
anbod/AMO frå Nav på Søre Sunnmøre vore
aukande. Vi har vunne dei fleste av anboda vi har
levert tilbod på og gjennomført kursa
Hjelpearbeidar hotell og restaurant, Vegen Vidare
og Jobbklubb.
Sommaren 2012 vann AMR (Attføringsbedriftene i
Møre og Romsdal) på nytt «Raskare tilbake»tiltaka for oppfølging av sjukmelde og andre som
treng individuell rettleiing med omsyn til arbeid.
Avrop til desse tenestene har på langt nær vore
like høge som for rekord året 2013. Kontraktane
går ut 1/7-2015 og førebuingane til ny
anbodsrunde har hatt stort fokus gjennom året.
I ny anbodsrunde vert AB(Arbeid med Bistand) og
Avklaring skjerma sektor innlemma i desse nye
anboda.
Styret ser på det som avgjerande for vidare vekst
og utvikling at vi vinn desse anboda.
Frå styret si side har det ikkje vore nokon alternativ
strategi å tenkje at ein ikkje skal kjempe for å vinne
anboda. Organisasjonen har lagt ned eit stort
arbeid i høve til å rigge oss for å levere tenestene.
Denne systemendringa er sannsynlegvis den
største i skjema sektor si historie.
For Furene sin del kan det sjå ut som vi etter
innføring av nytt system sitt att med 70
tiltaksplassar i skjerma sektor, 50 VTA (Varig
tilrettelagde arbeidsplassar) og 20 APS
(Arbeidspraksis i skjerma verksemd).
Av dei 150 plassane vi har avtale på i dag vil 80 bli
anten fasa ut eller konkurranseutsett.
Produksjon
Produksjonsavdelingane er i hovudsak mekanisk
produksjon, montering, vaskeri, spesialemballasje
og profilering/trykk.
Dette er godt etablerte og velfungerande
produksjonsmiljø.
Produksjonsavdelingane er for det meste retta inn
mot underleveransar til næringslivet i regionen.
Næringslivet har i 2014 hatt god ordretilgang trass
i høgt kostnadsnivå og internasjonal marknad for
sluttprodukta.
Det er i produksjonsavdelingane gjort mindre
investeringar i maskiner og utstyr i 2014. I avdeling
Dragsund er det gjort ei større bygningsmessig
utbetring.
Andel tenester - varer
Omsetjingsmessig står vareproduksjonen for om
lag 47% mot 63% i 2013 av total omsetjing.
Furene avd. Industriteneste
Avdelinga har jamt god drift på både teneste og
varesida av verksemda.
Avdelinga tilbyr Varig tilrettelagde arbeidsplassar
(VTA). Ramma i 2014 er 33 VTA plassar. I tillegg
tilbyr avdelinga arbeidstrening til APS tiltaket,
avklaring, tilrettelagt arbeid
og praksisplassar for elevar i vidaregåande skule.
Avdelinga har svært allsidig monteringsarbeid til
næringslivet i regionen.
Avdeling Dragsund
Selskapet har kontor og produksjonslokale på
Leikong i Herøy kommune. I tillegg leverer
avdelinga vaskeritenester for sjukeheimen og til
private i Vanylven.
Dragsund har ei ramme på 17 VTA plassar og har
deltakarar frå kommunane Ulstein, Herøy, Sande
og Vanylven. Avdelinga har slite med å fylle
rammene. Det vart etablert Rådgivande utval for
plassane i Vanylven og for plassane på Leikong. I
Vanylven har det vore svært godt oppmøte både
frå NAV og kommunen på møta. Ved utgongen av
året er alle plassane fylde og samarbeidsplattforma er godt etablert.
For plassane på Leikong har det synt seg langt
tyngre å få etablert utvalet, jamvel om partane har
ytra ynskje om slikt samarbeidsorgan. Oppmøtet
har vore variabelt både med omsyn til antal
møtande og i kva grad kvar kommune har tildelt
rolla til nokon tilsett. Dette jobbar vi vidare med.
Uansett er no alle plassane fylde og dialogen om
enkeltsaker er svært god.
Avdelinga driv med profilering, trykksaker,
gravering, spesialemballasje i tre, mekanisk
arbeid, institusjonsvaskeri og monteringsarbeid.
Gjennom strategiprosessen hausten 2014 i
avdelingane er det vedteke å flytte profileringsaktiviteten i Furene til avdeling Dragsund.
Aktivitetssenteret på BakkOla-marka i Ørsta
Furene driv aktivitetssenter for eldre i Ørsta på
BakkOla-marka omsorgssenter. Vi ser på BakkOla
som ein viktig aktivitet og eit vinn-vinn prosjekt for
alle partar. BakkOla er ein av våre mest
etterspurde og mangfaldige arenaer vi har i vår
portefølje. Avtalen gjekk ut ved nytt år og vi jobbar
med å lande ny avtale.
Ulsteinvik
I Ulsteinvik har bedrifta lokalar der vi driv
kursverksemd og kontor til vegleiarar
som yter service til brukarar i Ulstein og Hareid.
I 2014 har kursaktiviteten auka og både Jobbklubb
og Vegen vidare har vore halde i Ulstein. Av anna
kursverksemd har det vore Hjelpearbeidar hotell
og restaurant og BKA kurs i samarbeid med lokalt
næringsliv.
tilsette, medarbeidarsamtalar, IA-plan,
bedriftshelseteneste og HMS arbeid.
Styret meiner bedrifta organiserer og har god
oversikt over arbeidsmiljøet, så vel fysisk som
sosialt. Bedrifta har over år hatt svært gode
resultat av undersøkingane og det er ikkje teikn til
at noko av sjukefråværet skuldast forhold på
arbeidsplassen.
Miljø
Bedrifta forureinar ikkje det ytre miljø. Ikkje nokon
av bedrifta sine avdelingar er underlagt
konsesjonsvilkår eller krav om utsleppsløyve
Klager/avvik
I 2014 var det registrert 4 avvik\klager som alle er
handsama og lukka.
HR/Organisasjon og miljø
Forholdet mellom fast tilsette kvinner og menn er
40% kvinner og 60% menn.
Styrerepresentasjonen er fordelt med 40% kvinner
og 60% menn.
Arbeidsmiljøet ved bedrifta vert sett på som svært
godt.
Økonomi
Styret meiner føresetnad for fortsatt drift er til
stades og rekneskapen for 2014 er sett opp etter
denne føresetnaden.
Styret meiner at det framlagde årsrekneskapen gir
eit rettvisande bilde av konsernet sine eigedelar,
gjeld, finansielle stilling og resultat.
Økonomisk stilling
Driftsinntekter
Driftsresultat
Årsresultat
2014
2013
2012
54 138
3 122
56 305
5 236
42 436
2 885
3 651
5 752
2 455
31.12.2014 31.12.2013 31.12.2012
Sjukefråvær
Gjennom året er det registrert eit sjukefråvær på
8.8% og viser ein nedgong på 0.35 % i høve til
2013. Målet i IA-planen er mellom 5 - 5,5%.
99.2 % av det totale sjukefråværet er legemeldt.
Av om lag 55 tilsette står nokre få personar for
over 50% av det totale sjukefråværet i bedrifta.
Det er ikkje rapportert skadar eller ulukker av
betyding.
Personalpolitikk
Bedrifta sin personalpolitikk er nøytral med omsyn
til kjønn, nasjonalitet og religion. Ved tilsetting vert
søkjarane vurdert og tilsett etter kvalifikasjonar
relatert til stillinga sitt innhald.
Arbeidsmiljøet vert kartlagt og følgt opp årleg
gjennom arbeidsmiljøkartlegging mellom dei
Balansesum
91 602
91 081
76 040
Eigenkapital
66 835
63 111
45 788
73.0
69.3
60.21
Eigenkapitalprosent
Styret
Styret inviterer til eigarmøter to gongar i året. Det
er halde 5 styremøter og ei styresamling over to
dagar. Mellom møta er det tett og god dialog
mellom styre og leiing.
Styret har ei utadvent haldning og legg gjerne
møter og samlingar hos andre attføringsbedrifter.
Avdelingsleiarane er jamleg innom styremøta og
med i styresamlingane.
Eigarmøta er ein viktig arena for å dele kunnskap
og innsikt. Vi ønskjer enda tettare samhandling
med våre eigarar. Vi opplever stor oppslutnad om
eigarmøta. Dialogen er god og skapar felles
kunnskap om felles utfordringar.
Gjennom dialogen er det avdekka behov hos
eigarane for tenester og oppgåver som Furene kan
levere. I eit utviklingsperspektiv fins det også
mulegheiter.
Notar til konsernrekneskapet
Furene AS 2014
Note 1
Rekneskapsprinsipp.
Årsrekneskapet er sett opp i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk.
Konsolideringsprinsipp.
Konsernrekneskapet viser det samla økonomiske resultat og den finansielle stillinga når morselskapet;
Furene AS og dette selskapet sine eigarandelar i andre selskap blir presentert som ei økonomisk eining. I
konsernrekneskapet er alle selskap tatt med der Furene AS indirekte eller direkte eig meir enn 50% av aksjane eller
har bestemmande innflytelse.
I tillegg til morselskapet; Furene AS omfattar konsernrekneskapet:
Terminalbygg AS, 6105 Volda (eigarandel 59,8%). Etableringstidspunkt: 31.08.2007
Alle vesentlege transaksjonar og mellomverande mellom selskap som inngår i konsernrekneskapet er eliminert. Aksjar
i dotterselskap er eliminert mot eigenkapitalen på etableringstidspunktet. I Terminalbygg AS er der minoritetsinteresser
med 40,2%. Minoritetsinteresser er spesifisert i balansen og inngår i konsernet sin eigenkapital.
Salgsinntekter
Inntektsføring ved salg av varer skjer på leveringstidspunktet.Tjenester blir inntektsført etter kvart som dei blir levert.
Klassifisering og vurdering av balansepostar
Omløpsmidlar og kortsiktig gjeld omfattar postar som knytter seg til varekretsløpet. For andre postar enn
kundefordringar inngår postar som forfell til betaling innan eitt år etter transaksjonsdagen. Anleggsmidlar er eigedelar
bestemt til varig eige eller bruk. Langsiktig gjeld er gjeld som forfell seinere enn eitt år etter transaksjonsdagen.
Omløpsmidlar blir vurdert til lågaste av anskaffelseskost og verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld blir ført i balansen til
nominelt beløp på etableringstidspunktet.
Anleggsmidlar blir vurdert til anskaffelseskost. Varige anleggsmidlar blir avskrivne etter ein fornuftig avskrivningsplan.
Anleggsmidlar blir nedskrivne til verkeleg verdi ved verdifall som ikkje er forventa å vere forbigående. Langsiktig gjeld
med unntak av andre avsetningar er balanseført til nominelt beløp på etableringstidspunktet.
Fordringar
Kundefordringar og andre fordringar er oppført i balansen til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap.
Avsetning til tap bli gjort på grunnlag av individuelle vurderingar av dei enkelte fordringane. I tillegg blir det for øvrige
kundefordringar gjort ei uspesifisert avsetning for å dekke forventa tap.
Varebeholdningar
Lager av innkjøpte varer er verdsett til lågaste av anskaffelseskost etter FIFO- prinsippet, og verkeleg verdi.
Egentilvirka ferdigvarer og varer under tilvirkning er vurdert til variabel tilvirkningskost. Det blir gjennomført nedskriving
for pårekneleg ukurans.
Varige driftsmidlar
Varige driftsmidlar blir balanseført og avskrivne over driftsmidla si levetid dersom dei har antatt levetid over 3 år og har
en kostpris som overstig kr 15.000. Direkte vedlikehold av driftsmidlar blir kostnadsført løpande under driftskostnader,
medan påkostningar eller forbedringar blir lagt til driftsmidla sin kostpris og blir avskrivne i takt med driftsmidlet.
Notar til konsernrekneskapet
Furene AS 2014
(Note 1 fortsatt)
Aksjar i dotterselskap.
Investering i dotterselskap er vurdert etter kostmetoden i selskapsrekneskapet.
Aksjar i andre selskap.
Aksjar som inngår i ei handelsportefølgje(omløpsaksjar) er vurdert til verkeleg verdi på balansedagen.
Aksjar som er langsiktig plassering (anleggsaksjar) er vurdert til lågaste verdi av kostpris og verkeleg verdi på
balansedagen.
Pensjonar.
Pensjonsforpliktelser finansiert over drifta er berekna og ført opp i balansen som ein gjeldspost under avsetning for
forpliktelsar.Pensjonsordning finansiert via sikra ordning er ikkje balanseført. Pensjonspremien er kostnadsført som
pensjonskostnad og ført opp under lønnskostnader. Forskuddsbetalt premie iform av innbetaling på premiefond er ført
opp i balansen under posten andre fordringar. Avkastning på premiefondet blir i resultatrekneskapet oppført som ein
reduksjon av pensjonskostnaden.
Skattar.
Skattekostnad i konsernrekneskapet er knytta til det eine dotterselskapet. Skatter er spesifisert i dotterselskapet sitt
selskapsrekneskap.Morselskapet og det andre dotterselskapet sitt hovedformål er å skape arbeid for yrkeshemma og
er fritatt for inntektsskatt.
Note 2
Varige driftsmidlar
Morselskap
Anskaffelseskost 1.1
Fast
Tomter eigedom
Påkostn.
lokaler
Furene
Transport
middel
Maskiner,
inventar,
verktøy
Goodwill
Totalt
1 946 448
12 914 378
21 768 402
1 176 561
19 291 135
1 250 000
58 346 924
760 794
30 159
Tilgang
369 181
Avgang til kostpris
Anskaffelseskost 31.12.
Akkumulerte avskrivninger
31.12
Akkumulerte
nedskrivninger 31.12
Balanseført verdi pr.
31.12.
Årets avskrivninger
1 946 448
(550 000)
13 675 172
21 798 561
1 176 561
19 660 316
700 000
58 957 058
(6 540 304)
(7 593 708)
(1038 408)
(17 064 998)
(361 700)
(32599118)
(304 384)
1 946 448
(304 384)
7 134 868
13 900 469
138 153
2 595 318
338 300
26 053 556
401 346
1 113 736
69 886
972 657
140 000
2 697 624
Årets nedskrivninger
Avskrivingsplan
1 160 134
(550 000)
305 556
30-50 år
10-20 år
5-8 år
5-10 år
3 år
Notar til konsernrekneskapet
Furene AS 2014
(Note 2 fortsatt)
Varige driftsmidlar/goodwill.
Konsern
Anskaffelseskost 1.1
Tomter
Fast
eigedom
Påkostn.
Maskiner
lokaler Transport- inventar,
Furene
middel
verktøy
2 136 435
35 250 322
21 768 402
765 244
30 159
Tilgang
1 176 561
19 701 800
Goodwill
Totalt
1 250 000
81 283 520
369 181
Avgang til kostpris
1 164 584
(550 000)
(550 000)
20 070 981
700 000
81 898 104
(1 038 408) (17 464 564)
(361 700)
(38 781 876)
Eliminert internfortjeneste
Anskaffelseskost 31.12.
Akkumulerte avskrivninger
31.12
Akkumulerte nedskrivninger
31.12
Balanseført verdi pr. 31.12.
2 136 435
36 015 566
21 798 561
(12 323 496)
(7 593 708)
1 176 561
(304 384)
2 136 435
Årets avskrivninger
(304 384)
23 692 070
13 900 469
138 153
2 606 417
338 300
42 811 844
1 061 546
1 113 736
69 886
977 256
140 000
3 362 424
305 556
305 556
Årets nedskrivninger
Avskrivingsplan
10 -50 år
10-20 år
5-8 år
3-12,5 år
3-5 år
Investering og avgang driftsmidlar siste 5 år
Morselskap
År
Transport
middel
2014 Investert
Avgang
Maskiner/
verktøy
Inventar
Tomter/
bygg
194 372
174 809
760 794
453 362
2013 Investert
Avgang
6 520
37 228
2012 Investert
Avgang
224 000
321 111
578 328
2011 Investert
Avgang
2010 Investert
Avgang
170 000
185 132
Byggningsm.
innreiing
Goodwill
Bygg
30 159
27 720
550 000
91 709
Notar til konsernrekneskapet
Furene AS 2014
(Note 2 fortsatt)
Investering og avgang driftsmidlar siste 2 åra.
Konsern
År
Transport
middel
2014 Investert
Avgang
2013 Investert
Avgang
Note 3
6 520
Maskiner/
verktøy/
inventar
Tomter/bygg
Bygningsm.
innreiing
369 181
760 794
34 609
748 025
(125 000)
135 311
Goodwill
Bundne midlar
I posten inngår bundne bankinnskot for morselskap og konsernet med kr. 1 176 782,-.
Note 4
Kundefordringar
Morselskap
31.12.2014
01.01.2014
Kundefordringar til pålydande
Avsatt delkredere
8 735 130
-320 000
7 818 403
-320 000
Netto oppførte kundefordringar
8 415 130
7 498 403
2014
2013
8 735 130
-320 000
7 879 053
-320 000
-3 150
7 555 903
Konsern
Kundefordringar til pålydande
Avsatt delkredere
Eliminert interne kundefordringar i konsernet
Netto oppførte kundefordringar
8 415 130
Notar til konsernrekneskapet
Furene AS 2014
Note 5
Varebeholdningar. Morselskap/Konsern.
2014
1 178 536
277 703
760 264
2 216 503
Lager av råvarer
Lager av varer under tilvirkning
Lager av egentilvirka ferdigvarer
Sum
2013
761 582
332 685
995 195
2 089 462
Vurderingsprinsipp er beskreve i note 1.
Note 6
Fordringar og gjeld
Morselskap
2014
Fordring Terminalbygg AS (Dotterselskap)
Sum fordring datterselskap
1 008 000
1 008 000
Fordringar med forfall seinare enn eitt år:
Fordring pensjonsyting
Sum andre fordringer (langsiktig)
3 017 394
3 017 394
Andre fordringar(kortsiktig)
Tilgode refusjon/sjukepenger
Andre forskotsbetalte kostnader
Sum andre fordringar (kortsiktig)
522 662
56 239
578 901
Konsern
2014
Fordringar med forfall senere enn 1 år:
Fordring pensjonsyting (sjå note 9)
Sum andre fordringar(langsiktig)
Andre fordringar(kortsiktig)
Tilgode refusjon/sjukepenger
Andre forskotsbetalte kostnader
Sum andre fordringar(kortsiktig)
3 017 394
3 017 394
522 662
58 562
581 224
Notar til konsernrekneskapet
Furene AS 2014
Note 6 (fordringar og gjeld) fortsatt
Gjeld som er sikra med pant o.l.
Morselskap
2014
0
508 692
508 692
Gjeld til kredittinstitusjonar
Øvrig langsiktig gjeld;Pensjonsforpliktelse
Sum
Langsiktig gjeld er nedbetalt i 2014, pant i eigedeler er sletta og det er ingen gjeld som forfell til betaling meir enn 5 år
etter utgangen av rekneskapsåret.
Konsern
Gjeld som er sikra med pant o.l.
2014
13 680 000
13 680 000
Gjeld til kredittinstitusjonar
Sum
Balanseført verdi av eiendelar pantsett for gjeld i konsernet; bygning
16 389 187
Langsiktig gjeld med forfall seinare enn 5 år : kr. 9 880 000,-.
Note 7
Aksjekapital og aksjonærinformasjon
Aksjekapital i Furene AS pr. 31.12 består av følgjande aksjeklassar:
Antal
1132
A-aksjar
Pålydande
250
Aksjonærar i selskapet pr. 31.12.2014:
Namn aksjonærer
Norges Handikapforbund
Norges Handikapforbund
Nord Vest
Møre og Romsdal Fylke
Volda Kommune
Herøy Kommune
Ørsta Kommune
Vanylven Kommune
Ulstein Kommune
Hareid Kommune
Sykkylven Kommune
Sande Kommune
Stranda Kommune
Eid Kommune
Vågsøy Kommune
Totalt
Antal aksjar
413
100
Eigarandel i %
36,48
8,83
120
126
92
40
54
60
24
24
43
16
12
8
1132
10,60
11,13
8,13
3,53
4,77
5,31
2,12
2,12
3,80
1,41
1,06
0,71
100.00
Balanse
283 000
Notar til konsernrekneskap
Furene AS 2014
Note 8
Lønnskostnader, antal tilsette, godtgjersle, lån til tilsette mv.
Morselskap
Lønningar
Arbeidsgiveravgift
Styrehonorar
Pensjonskostnader(sjå note 9)
Andre lønnsrelaterte ytelsar
Sum
Antal årsverk
Andre tilsette med økonomisk kompensasjon
Tilknytta utan økonomisk kompensasjon
2014
2013
25 996 971
3 938 786
107 800
1 974 640
1 187 320
33 205 517
22 552 871
3 471 565
111 000
1 527 997
1 100 270
28 763 703
44,6
63
160
38,6
48
130
Godtgjersler for 2014
Dagleg leiar
Hege Hamre
971 116
37 441
1 008 557
136 188
Ytelsar til leiande personer
Lønn
Anna godtgjersle
Samla godtgjersle
Pensjonskostnad
Styret
Inge-Jonny Hide
Styreleiar
Alvhild Iversen
Nestleiar
Hans Olav Øyehaug
Styremedlem
Sølvi Lilly Remøy
Styremedlem
Oddbjørn Nes
Styremedlem
Børge Sætre
Tilsette sin representant
Rolf Sporsheim
Tilsette sin observatør
Samla godtgjersle til styret
45 800
12 000
11 000
11 000
11 000
12 000
5 000
107 800
Revisor
Kostnadsført revisjonshonorar for 2014 utgjer kr. 145 495,-. Herav resthonorar Dragsund ASVO AS kr. 43 245,-.
I tillegg er det utgiftsført kr. 37 500,- for andre tjenester.
Notar til konsernrekneskapet
Furene AS 2014
Note 8
(Lønnskostnader etc. fortsatt)
Konsern
Lønningar
Arbeidsgjevaravgift
Styrehonorar
Pensjonskostnader (sjå note 9)
Andre lønnsrelaterte ytelsar
Sum
Gjennomsnittlig antal tilsette:
Antal årsverk
Andre tilsette med økonomisk kompensasjon
Tilknytta utan økonomisk kompensasjon
2014
25 996 971
3 940 901
122 800
1 974 640
1 187 320
33 222 632
2013
25 408 031
3 804 968
126 000
1 527 997
1 435 698
32 302 694
44,6
63
160
42,6
63
130
Godtgjersler for 2014
Ytelsar til leiande personer
Lønn
Anna godtgjersle
Samla godtgjersle
Pensjonskostnad
Styret
Inge-Jonny Hide
Alvhild Iversen
Hans Olav Øyehaug
Sølvi Lilly Remøy
Oddbjørn Nes
Børge Sætre
Rolf Sporsheim
Hege Hamre
Dagleg leiar (Mor)
Hege Hamre
971 116
37 441
1 008 557
136 188
Styreleiar(mor)
Nestleia(mor)
Styremedlem(mor)
Styremedlem(mor)
Styremedlem(mor)
Tilsette sin representant(mor)
Tilsette sin observatør(mor)
Styreleiar (dotter)
Samla godtgjersle til styret
45 800
12 000
11 000
11 000
11 000
12 000
5 000
15 000
122 800
Revisor
Kostnadsført revisjonshonorar for 2014 utgjer kr. 157 395,-. I tillegg er det utgiftsført kr. 42 400,- for andre tjenester.
Notar til konsernrekneskapet
Furene AS 2014
Note 9
Pensjonsforpliktingar.
Føretaket har ei ytelsespensjonsordning med 19 medlemmer. 6 er yrkesaktive og 13 er pensjonistar. Ordninga gjev
rett til definerte framtidige ytingar avhengig av tal på opptjeningsår, lønsnivå ved oppnådd pensjonsalder, og storleiken
på ytingane frå Folketrygda.
Pensjonsforpliktinga(overfinansieringa) knytta til ordninga er aktuarberekna med følgjande føresetnader: 2.3%
diskonteringsrente, 3.2% forventa avkastning, 2.75% årleg lønsvekst, 2.75% årleg G-regulering og 0.6 % årleg
regulering av pensjonar under utbetaling. Pensjonsforpliktinga (overfinansieringa) er balanseført som ei langsiktig
fordring med kr. 3 017 394,- pr. 31.12.2014, og inngår i posten andre fordringar, jfr. note 6.
Dei tilsette i foretaket har i tillegg rett til avtalefesta pensjon (AFP) i samsvar med tariffavtale mellom Furene AS og
LO/NHO/SBL fellesforbundet. 60 tilsette er omfatta av ordninga. Opptjeningsperioden for dei tilsette er fram til fylte 62
år. Pensjonen vert utbetalt frå fylte 62 år til ein fyller 67 år. I samband med innføring av pensjonsreforma 01.01.2011
vart det også innført ny AFP-ordning.
Ny ordning er innskotsbasert. Underdekning av gammal AFP fram til utfasing av denne i 2015 medfører at føretaket
har ei pensjonsforplikting knytta til premieinnbetaling for denne perioden. I tillegg har føretaket ei pensjonsforplikting
knytta til ein noverande AFP pensjonist som er aktuarberekna med følgjande føresetnader: 4.0% diskonteringsrente,
3.5% årleg lønsvekst, 3.5% årleg G-regulering og 2.73 % årleg regulering av pensjonar under utbetaling. Pr.
31.12.2014 er det avsett kr. 508 692,- til pensjonsforpliktinga knytta til gammal AFP-ordning.
Årets netto pensjonskostnad kjem fram på følgjande måte:
2014
(160 968)
2 135 608
1 974 640
Endring balanseført direkte pensjonsforplikting(*)
Årets pensjonspremie
Årets netto pensjonskostnad
1.)Finansiert gjennom forsikringsselskap.
Pensjonsforplikting(Overfinansiering)
Påløpte pensjonsforplikting(DBO) pr. 31.12.
Pensjonsmidlar(til markedsverdi) pr. 31.12.
Ikkje resultatført estimatavvik
Netto balanseført pensjonsforplikting
*(Auke i avsetning=160 968)
31.12.2014
31.12.2013
(7 498 127)
9 100 000
1 415 521
(7 732 593)
9 350 000
1 239 019
3 017 394
2 856 426
201 718
101 143
31 341
334 202
(495 170)
(160 968)
192 034
302 271
(353 114)
159 116
300 307
(543 918)
(243 611)
508 692
508 692
508 692
508 692
Pensjonskostnader
Noverdi av årets pensjonsopptjening
Rentekostnad på pensjonsforplikting
Forventa avkastning på pensjonsmidlar
Administrasjonskostnader
Resultatført pensjonskostnad
Innbetalinger og utbetalt driftspensjon,inkl aga
*(Auke i avsetning)
2.)Usikra forpliktingar
Balanseført pensjonsforplikting
Berekna pensjonsforplikting pr. 31.12.
Balanseført pensjonsforplikting (inkl. arb.gj.avg.)
Notar til konsernrekneskapet
Furene AS 2014
Note 10
Aksjar og andelar i andre selskap.
Selskap
Aktivaklasse
Andel av
Markedsverdi Balanseverdi Resultatført
portefølgjen 31.12.2014
31.12.2014
verdijustering/gevinst/tap
Norske aksjer
Globale aksjer
Obligasjonsmarked
20,4%
20,3%
29,5%
29,8%
3 014 111
2 998 851
4 355 747
4 421 405
100%
14 790 114
Omløpsaksjer
Allegro Aktiv
Allokering:
Pengemarked
Sum omløpsaksjar
14 790 114
1)+349 705
3) + 379 122
Anleggsaksjer
Antal
andeler/aksjer
Kostpris
31.12.2014
Markedsverdi Balanseverdi Resultatført
31.12.2014
31.12.2014
verdijust.2014
Aberdeen
Norden Baltikum
95 525
938 943
160 596
160 596
2)- 7 882
Aberdeen
Norden II ASA
91 713
747 461
542 941
542 941
1)+11 923
Viking
Springwater AS
85 772
316 136
316 136
316 136
200 000
200 000
200 000
Spesialbedriften AS 100
Sum anleggsaksjar
1 219 673
1)Urealisert verdiauke portefølgje
2)Urealisert vedireduksjon portefølgje
3)Realisert gevinst portefølgje
=361 628
= 7 882
=379 122
Dotterselskap som inngår i konsernrekneskapet
Dotterselskap:
Terminalbygg AS
Sum investering i dotterselskap
Kostpris
1 786 654
1 786 654
Eigarandel/
stemmeandel
Selskapet sin
eigenkapital
31.12.2014
Selskapet sitt
resultat for 2014
59,8%
2 029 403
180 088
Notar til konsernrekneskapet
Furene AS 2014
Note 11
Morselskap
Eigenkapital, avstemming
Eigenkapital 01.01.2014
Årsresultat
Eigenkapital 31.12.
2014
63 048 721
3 543 593
66 592 314
Konsern
2014
Eigenkapital 31.12. forrige år
Konsernet sitt årsresultat(korrigert for minoritetsinteresse)
Sum eigenkapital før minoritetsinteresser 31.12.
Minoritetsinteresser (sjå spesifikasjon i note 12)
Sum eigenkapital inklusive minoritetsinteresser 31.12.
Note 12
62 367 958
3 651 285
66 019 244
815 819
66 835 063
Minoritetsinteresser
Minoritetsinteresse i Terminalbygg AS på 40,2%.
Berekna minoritetsinteresse utifrå eigenkapital på etableringstidspunktet; 31.08.2007)
Minoritetsandel av underskot i Terminalbygg AS i 2007 (01.09.-31.12)
Minoritetsandel av overskot i Terminalbygg AS i 2008
Minoritetsandel av overskot i Terminalbygg AS i 2009
Minoritetsandel av underskot i Terminalbygg AS i 2010
Minoritetsandel av underskot i Terminalbygg AS i 2011
Minoritetsandel av overskot i Terminalbygg AS i 2012
Minoritetsandel av overskot i Terminalbygg AS i 2013
Minioritetsandel av overskot i Terminalbygg AS i 2014
kr. 961 884
(kr. 264 153)
kr.
1 062
kr.
7 300
(kr. 11 814)
(kr. 13 933)
kr. 25 903
kr. 37 175
kr. 72 395
Minoritetsinteresse 31.12.2014
kr. 815 819
Note 13. Skattekostnad/utsett skattefordel/utsett skatt.
Eg viser til eigne notar i Terminalbygg AS sitt selskapsrekneskap for spesifikasjon av skattekostnad.
Konsern
Kontantstrømoppstilling
Furene AS 2014
Note
2014
2013
Årsresultat
3 723 680
5 790 165
+/- Tap/gevinst finansielle andelar
(986 064)
(1 068 358)
+ Ordinære avskrivninger
3 667 980
3 756 488
66 607
15 214
Tilført fra årets virksomhet
6 472 203
8 493 509
+/- Endr.i lager, debitorer og kreditorer
(977 603)
449 341
+/- Endr.i andre tidsavgrensningsposter
(101 398)
701 413
A = Netto likviditetsendr. fra virksomhet
5 393 202
9 644 263
(1 164 584)
(889 856)
LIKVIDER TILFØRT/BRUKT PÅVIRKSOMHETEN
+/- Endring i utsatt skatt
LIKVIDER TILFØRT/BRUKT PÅINVESTERINGER:
- Investeringer i varige driftsmidler
+salg av varige driftsmidler(salgssum)
+/- Endring i andre investeringer
B = Netto likviditetsendr. fra investering
125 000
(328 305)
(9 946 496)
(1 492 889)
(10 711 352)
(3 734 883)
(4 614 248)
LIKVIDER TILFØRT/BRUKT PÅFINANSIERING:
- Nedbetaling av gammel gjeld
+Innbetaling av eigenkapital
409 897
C = Netto likviditetsendr. fra finansiering
(3 734 883)
(4 204 351)
+ Likviditetsbeholdning 1.1.
18 385 051
17 881 678
+Likviditetsbeholdning 1.1. Dragsund ASVO AS
A+B+C Netto endr. i likvider gjennom året
= Likviditetsbeholdning 31.12.
5 774 813
165 430
(5 271 440)
18 550 481
18 385 051
Økonomiske nøkkeltal
Avkastningsgrad
Resultatgrad
Eigedelane si oml.hast.
Likviditetsgrad
Likviditetsreserve
Egenkapitalandel
Bruttofortenesteandel
Oml.hast. varelager
Oml.hast. debitorar
2014
5,2 %
8,3 %
59,3 %
4,43
33 340
73 %
77 %
3,4
10,7
2013
8,3 %
12,1 %
67,4 %
4,29
32 193
69 %
78 %
3,7
8,2
2012
4,8 %
8,3 %
55,8 %
3,75
21 212
60 %
82 %
3,1
8,4
2011
5,0 %
8,4 %
51,8 %
3,53
21 226
57,1 %
82,3 %
3,3
8,3
2010
4,8 %
10,4 %
46,4 %
5,40
29 672
48,6 %
80,9 %
2,5
7,7