trykk her - Kristianevev.no

KROKÅKLE
Namnet kjem av teknikken krokbragd som har kjenneteikna
krokar, krossar og rutenett i skiftande mønster. Desse åklea er
vovne hovudsakleg i krokbragd i flatvevstol. Einskilde kan ha
smale border i striper, kjerringtenner eller halvsmett. Dei fleste
er vovne som to halvdelar i smal vevstol og sydde saman etterpå. Åklea har vore sengklede og er ikkje større enn om lag 120
x 170 cm. Mønster og farger er ordna etter plassering i senga.
Hovudenden og botnfargen er kvit, ei hovudbord innleier eit
flatemønster av breie, skilde border over om lag to tredeler av
åkleet. Ei lysare bord markerer overgangen til fotenden, som
har meir vilkårleg mønster i lysare eller annleis farger enn hovudenden. Der er brukt farger frå restfargesuppe, prøvefarging med anilin, restegarn og melerte naturfarger som ikkje var
aktuelle å farge. Det var ikkje så nøye med utsjånaden til fotenden, den vart bretta inn under føtene for varmen si skuld.
Då det ikkje var aktuelt å endevende åkleet, var dette ein praktisk måte for å utnytte ressursane.
Somme åkle er vovne i brei vevstol, dobbelgogn som det heiter
i Hardanger. Eventuell plassmangel vart løyst ved å lage to sett
tverrbommar, korte og lange, til vevstolen. Åklea vovne i full
breidd har ofte eit meir heilskapleg dekorativt uttrykk, som vitnar om at dei var tiltenkt finare bruk. Bruken og storleiken har
for lengst endra seg frå sengklede til prydføremål som sengeoverkast, veggteppe, stolteppe eller løparar. Endringa kom med
industrialiseringa og særpreget endra seg gradvis, etter kvart
som handspinning og plantefarging vart lagt bort og gløymt.
I løpet av 1900-talet vart nye åkle mørkare med færre ulike
border. Handverksromantikken og motefargane på 1970-talet
sette sitt preg på åklea òg. Det er viktig å dokumentere tradisjonen frå før industrialiseringa for om mogleg å finne måtar
å vidareføre den særeigne, gamle estetikken med moderne
hjelpemiddel. Dei gamle åklea eg framhevar her, er vovne i tida
frå tidleg 1800-tal til tidleg 1900-tal av handspunne og i hovudsak plantefarga garn. Det kunne vere omstendeleg å farge med
planter. Sjølv om oppfinningane av kjemiske farger tok til på
1850-talet, kom dei ikkje i handelen i Hardanger før på 1870-talet. Vi kan sjå at dei første nye fargane kom raskt i bruk, men at
dei berre vart prøvde på fotendar og i faldar i førstninga.
Mønstera kan ha utvikla seg ulikt frå stad til stad og ein kan
finne ulike ”dialektar”. Etter å ha løyst den stadspesifikke koden
kan vi identifisere åkle sjølv om det finst på ein annan stad enn
den opphavlege. Dei karakteristiske krokane gjer at mønstera
har lett for å flimre og kan sjå like ut om vi ikkje er vane med
dei. Oppdeling i border med markert skilje imellom eliminerer
noko av flimringa. Bordene er symmetriske og skilje kan vere
striper eller bandliknande border. Denne mønstertradisjonen
ser ut til å vere særleg sterk i Jondal, men gjeld òg i Kvam og
Ullensvang. I Kvinnherad artar bordene, og skiljet mellom dei,
seg annleis, men det kjem eg attende til. Bindinga gjer at desse
åklea er særs kraftige og nokon kallar dei tjukkåkle eller rugge.
Det generelle namnet er krokbragdåkle eller krokåkle. Andre
namn er krossåkle (Suldal), krokaåkle / kroka (Hardanger) og
bråkvitel (Voss og Nordhordland)
Foto O. B.
Vegg: Dobbelkroka åkle vove av Marta Brekke, Jondal, om lag 1920. Kiste: Ragnhild og Annemor-åkle. Bilete frå Viketunet i Jondal.
Krokåkle på senga: Jondalsåkle ”Guro” Vik i Herand, opphavleg frå Svåsand.
På veggen: Krokåkle frå Vines i Ullensvang om lag 1890. Hardanger folkemuseum, Utne.
Bilete frå Viketunet i Jondal 2008.
Foto O. B.
Namn på kapittelet
69
Jondalsåkle
Under registreringane mine i Jondal har det skilt seg ut ei
gruppe krokåkle med stadeigne kjenneteikn. Dei har kvite
hovudendar der mønsteret tek til med ei brei, raud bord med
”stjerner” (krossar med auge). Dei raude krokane der borda tek
til teiknar seg som små tårn eller taggar mot det kvite brotet.
Mønsteret er ein naturleg konsekvens av teknikken, men den
opne plasseringa mot hovudenden i senga må vere viljestyrt.
Tradisjonen er den same som på dei gamle brautåklea frå oppstadveven som eg såg så mange av på Tysnes, og kan ha med
symbolikk å gjere, som eg var inne på side 26.
border. Det er raudt, gult, grønt og svart i mest alle bordene.
Banda som skil dei er oftast gule og grøne. Faste border går att
i ulik rekkefølgje frå åkle til åkle, nokre er alltid brukte, andre
sjeldnare. Erling Vik har peika ut ei bord på Annemor-åkle med
same mønster som breidaband (fangband) til bunaden hadde
i gamle dagar.
Vevaren Erling Vik i Jondal
Vevaren Erling Vik utmerkjer seg. Han var gardbrukar, kyrkjetenar og lyrikar og tok til å veve på 1960-talet. Han har vove
28 store veggteppe (vovne i dobbel breidd) og mange mindre.
Han likte å sitje under vevstolen til Esse Vik som stod midt i stova i Viketunet. Mor til Esse, Malena Hansdtr. Galtung Vik (1853
– 1919), vov fem store åkle. Det var vanleg å veve eitt til kvar
av borna. Erling har snakka med mange av dei gamle kvinnene
som vov eller som hugsa veving. Han vart ofte beden heim på
kaffi til Karoline Underhaug (1897 – 1973). Etterpå sette ho seg
i veven og Erling følgde interessert med. Ho oppmuntra han til
å byrje med veving. Ho og Anna Handegard var mykje i lag, og
dei hjelpte Erling med å setje opp renning i den smale gogna
etter oldemor hans.
frå midten av åklea, såleis er dei annleis mønstra enn dei gamle
sengeåklea. På 1980-talet budde Erling nokre år på Brattabø i
Krossdalen (Jondal). Han hadde med seg vevstol og vov fleire
store åkle der, mellom anna ein ny versjon av brattabøåkleet.
Åklea hans heng òg på offentlege stader i Jondal.
- Jondal kyrkje, kapellet. Krokbragd i eigne mønster og farger
- Vikevollen sjuke- og aldersheim, Jondal. Krokbragd og ruteåkle
- Jonatunet, tidlegare DPS, Jondal. Krokbragd.
- Jondal ungdomshus, Jonsvoll. ”Skakktennt åkle” inspirert av
eit åkle frå Byrkjeland. Han vov skakkatonne på krokbragdtrøer for å få eit kraftigare åkle enn dei vanlege skakktennte
åklea. Erling Vik er æresmedlem i ungdomslaget.
Foto K.S.
Breidabandmønster i ny versjon av Annemor – åkle.
© Kristi Skintveit 2005. Bono.
Foto K.S.
Hovudbord/stjernebord og saksebord © Kristi Skintveit 2010, Bono.
Den vanlegaste borda har skråstilt rutenett og vert kalla ”tvist”
somme stader. Det er eit vernesymbol mot mara. Andre namn
på den er gitter eller spjeld. Nettingbord er òg eit høveleg
namn. Botnen eller mellomromma i nettingen, tvisten, vekslar
oftast mellom raudt, gult og kvitt. Bordene eg har nemnt her er
gjengangarane, men åklea kan òg ha ei bord som skil seg ut og
berre er brukt ein gong. Eg likar å tenkje på den som vevaren
sin signatur. Fotenden skil seg ofte frå resten av åkleet med enklare mønster og farger, og gul ende.
Foto K.S.
Viketunet i Jondal. Etter at tunet vart bygdemuseum, har det husa vevkurs,
utstillingar og demonstrasjon av veving.
Tradisjonen var utbreidd i Jondal, men fleire åkle kjem frå
Svåsand og Vik i Jondal. Dei fleste åklea har saum langsetter
midten, men åklea i Brekke og Dokken er vovne på dobbelgogn. På dei er bordene opphøgde med såkalla kroner mot
botnfargen og bordene som skil mønstera. Dei er vovne av den
omreisande bakstekona og vevaren Anna Samsondtr. Brekke
(1838 – 1906) på slutten av 1800-talet.
Foto K.S.
Tvistbord, stjernebord og nettingbord. Borda med kjerringtenner er signatur.
© Kristi Skintveit 2010. Bono.
Utsnitta av det nye åkleet som eg viser over er inspirert av
ein del av eit gammalt åkle frå Strondi, bruk 10 under Bakke i
Herand. Eg har brukt prydvevgarn frå Rauma as. Legg merke
til bruk av fleire raudfarger, og at fargen skiftar midt i ei bord.
Grønt og svart var slått saman i det gamle åkleet. Svart som vart
farga heime fekk ofte grønskjær.
Jondalsåklea har varierande breie, symmetriske border som
er skilde frå kvarandre med smale striper eller bandliknande
70
Namn på kapittelet
Her var òg andre vevarar som vov meir enn til eige bruk:
- Elseborg (Esse) Vik (1876 – 1940) var ugift og livnærde seg av
veving. Ho vov enkel og dobbel krokbragd og rutevev.
- Anna O. Prestegard (1883 – 1957) var òg ugift. Ho livnærde
seg av veving og anna handverk.
- Guro Svåsand, gift Sandøy (1901 – 1985) vov mykje på dobbelgogn i lag med brørne sine til ho gifte seg og flytte i 1934.
Ho vov enkel og dobbel krokbragd og rutevev.
- Gudrun Kopren, gift Kråkevik (1903 – 1991) vov mange
veggteppe i krokbragd til slekt og vever og for sal. Eitt heng
i Jondal bedehus. Ho hadde fleire mønster, mellom anna frå
Brattabø, og ho laga mønster sjølv.
- Erling Vik (1933 – ) veggteppe i krokbragd.
Foto K.S.
Nettverksmønstra åkle (tvist) etter Malena Vik.
Han prøvde seg fram i førstninga. Løysing på løyndomen til
krokbragd; det ekstra innslaget ein må gjere for å få heilskapleg
mønster når ein flyttar ein farge til ei anna trøe, dukka opp i
tankane ein gong han sat og mjølka kyrne. Han kjøpte seg snart
breiare og betre vevstolar, ein til filleryer og kvitlar og ein til
krokbragd. Erling brukte mønster frå gamle åkle, plukka border
her og der og sette dei saman på sin eigen måte, eller han skapte mønster på eit friare grunnlag, som i veggteppet til kapellet
i kyrkja. Han gjorde det til vane å gjenta bordene symmetrisk
Foto K.S.
Veving av jondalsåkle i Viketunet 2010.
Namn på kapittelet
71
Opphavet til Guro-åkle
Guro, del 3
Eg kopla dette jondalsåkleet til Svåsand straks eg fekk sjå det
hos Marit og Svein Samland, av di det har dei same friske fargane som åklea Solfrid Svåsand, bruk 33, synte meg. Solfrid er
frå Svåsand bruk 5 der det har vore mykje veving. I Gards- og
slektssoga for Jondal kommune, fann eg Guro Johannesdotter
Svåsand (1844 – 1931) som var tante til mormora til Solfrid, ho
gifte seg i 1868 med Samson Samsonson Haugen, Vik i Herand
bruk 1. Han var oldefaren til Svein Samland. I fotenden på åkleet
er det prøve på lilla og turkis anilinfarge. Det tyder at åkleet blei
vove etter at Guro gifte seg og flytte til Herand. Det kan òg ha
vore ei av dei yngre søstrene hennar som vov det. Det ber til
dels preg av at vevaren ikkje var heilt fortruleg med krokbragd.
Bilete side 58 og 68.
}
<--- M
}
9
<--- M
8
}
<--- M
3
Guro, del 4
}
<--- M
}
2
str.1
}
<--- M
}
<--- M
Eigar /Stad:
Svein Samland, bruk 19 Vik i Herand
Årstal :
Sist på 1800 talet
Vevar/Stad:
Svåsand
Tilstand:
Type/stil:
Dårleg
Gammal mønstertradisjon i Jondal
Særpreg :
Kvalitet:
Friske farger. Kroka- og toskaftborder
Alt garnet er handspunne, ullgarnet er
plantefarga.
Veving
7
Guro, del 1 – hovudende
GURO – KROKÅKLE MED SKAKKATONNE
Gammalt åkle
Ny oppskrift
Mål ferdig:
Mål i veven:
Binding:
115 x 160 cm
Om lag 60 x 185 cm x 2
Krokbragd og toskaft
Om lag 125 x 180 cm
130 x 200 cm
Same
Renning:
Tettleik:
2 tråds lin S tvinn
24/10 – 1/1
Lin eller bomull
40/10 – 1/1 eller 20/10 – 1/2
Innslag:
2 tråds ull Z tvinn
Rauma åklegarn 3,5/2
Fargar:
Plantefarger:
Raud, 2 nyanser
Grøn
Gul
Blå eller lilla mot fotenden
Grønleg svart
Naturleg kvit
Sjå fargekart.
Innslagsliste:
7 cm + fald i kvit toskaft
Striper mellom bordene:
Bord: 1, 2, 3, 4, 5
Ikkje striper mellom 5 og 6
Bord 6
Bord 2 m/grønt i staden for gult
Bord 7, 8, 9 + striper 1
Bord 10 + str. 2, grøn for raud
Bord 4 + striper 2 ”
motsett
Bors 5 + striper 2 ”
motsett
Bord 2, kanta med raud
Bord 11 og 12 = fotende
5 cm. vilkårlege striper
7 cm + fald i kvit toskaft
Same eller valfritt
Gjenta border om du vil veve
eit lengre åkle.
Montering:
Gl.: Saum på midten, fald i begge endar.
Nytt åkle: Fald eller løpegang oppe.
Fald eller knytte frynser nede.
Krokbragd vevediagram.
2 og 2 renningstrådar blir trædde
likt. Ekstratrøe til toskaft
11
<--- M
1
start
Guro, del 2
Guro, del 5 – fotende
}
<--- M
}
6
10
<--- M
}
}
5
str.2
<--- M
72
Namn på kapittelet
4
Namn på kapittelet
73
RAGNHILD – ÅKLE FRÅ JONDAL
Ragnhild – åkle
Det gamle åkleet er vove utan ekstrainnslag i mønsterovergangane (når ein flyttar ein farge til ei anna trøe) slik at krokbragden
haltar. Det er den eine grunnen til at mønsteret har eit prikkete
preg. Den andre er at mønsteret i seg sjølv er småstilt, med
hyppige mønsterovergangar. Oversiktsbilete side 58, åkleet
lengst til høgre. Bilete av bord 10 og 11 side 63. Der finn du òg
tekst om korleis krokbragd skal vevast for å bli rett. Træing som
Guro-åkle. Farger: Om du ikkje vil ha to nyansar i alle fargane,
kan du velje ein eller to farger med to alternativ. I gamle dagar
måtte dei farge i fleire vender. Det gav variasjon, dei farga òg i
ettersuppa som gav eit lysare garn som vart brukt i fotenden
av åkle. Ruter/innslag: Første mønsterinnslag er i underkant av
dei teikna bordene. Kvit rute er kvit tråd. Kvar rute er 3 innslag
av kvar farge, hugs ekstrainnslag i overgangane. Midtpunkta eller prikkane, som nokon kallar auge, får då 2 innslag. Veving av
bordene: Det skal vere 3 striper i toskaft, om lag 1 cm. til saman,
mellom bordene. Veksle mellom ei smal grøn stripe på gul botn
og ei smal gul stripe på grøn botn, tilsvarande som i Guro-åkle.
Byrkjeland, bruk 2, Jondal
Årstal :
Seint 1800-tal
Vevar/Stad:
Jondal
Tilstand:
Type/stil:
Bra
Jondalsåkle, Vik i Jondal,
som Annemor-åkle,
Særpreg :
Kvalitet:
Breie, småmønstra border
Handspunne mjukt ullgarn.
Veving
Bord 1 – hovudende
}
Eigar /Stad:
Gammalt åkle
Ny oppskrift
Mål ferdig:
Mål i veven:
Binding:
114 x 170 cm
60 x 180 cm x 2
Krokbragd 3 skaft
120 x 180 cm
130 x 200 cm
Same, 2 skaft i fald og striper
Renning:
Tettleik:
3 tråds lin S tvinn
24/10 – 1/1
Lin 10/3 eller bomull 12/6
20/10 – 1/2
Innslag:
2 tråds ull Z tvinn
Rauma åklegarn Nm 3,5/2
Fargar:
Plantefarger
Vinraud
Mosegrøn
Frisk gul
Sauesvart
Sauekvit
Varier 2 nyanser i kvar farge
f. 728 / 744
f. 791 / 790
f. 746 / 750
f. 710 / 733
f. 717 / 701
Mønster:
Krokbragd. Symmetriske border
med striper som skilje
Same
Innslagsliste:
7 cm kvit toskaft til fald
5 cm kvit krokbragd
Bord 1 – hovudende
Striper i toskaft
Bordene 2 - 15 med stripeskilje
3 grøne innslag
5 cm kvit krokbragd
7 cm kvit fald i toskaft
Same eller valfritt. Gjenta border
eller lån frå Annemor-åkle for å få
lenger åkle.
Montering:
Saum på midten. Sydd saman kant i kant og
falda med renningstråd.
Fald i begge endar, eller
løpegang til oppheng og frynser
nede.
Foto K.S.
4x
Ragnhild-åkle, vove 2011 av Birgitta Kuik.
Bord 2
<--- M
Foto K.S.
Ragnhild-åkle hovudende med bordene 1 - 4. Vove 2011 av Birgitta Kuik.
Bord 6 og 8
Bord 11
<--- M
74
Namn på kapittelet
Namn på kapittelet
75
Ragnhild – åkle, mønsterborder
Solfrid-åkle, Svåsand
Bord 3
Bord 4 og 13
}
<--- M
3x
Bord 7 – variasjon av bord 2
Bord 5
}
Dei vov fleire jondalsåkle i friske farger på Svåsand, både breie
og smale. Guro-åkle er eitt av dei og i Mæle har dei eitt der det
berre er veksla mellom nokre få border. I Solfrid-åkle er det
heile 18 mønsterborder, 10 av dei er ulike, dei 7 nedste mot fortenden er smale og skaper eit parti som liknar ”krokåkle med
striper”. Dette er åkleet som det er bilete av i ”Åkleveving i Jondal”, Allmennsoga for Jondal, side 294.
Rekkefølgje:
Bord 1, 3 og 7 stjernebord
”Kross og klingle”-band, etter dei 7 første bordene
Bord 2, 6, 11, 14 og16 tvistbord
Bord 4 kronebord (signatur 1)
Bord 5 og 9 krokabord med auge
Bord 8 markeringsbord midten (signatur 2)
Striper som skilje heretter og til slutt
Bord 10 og 12 tvistvariant
Bord 13 beltebord
Bord 15 hosebandbord
Bord 17 smal augebord
Bord 18 smal nettingbord
Bord 10 - variasjon av bord 2
4x
<--- M
Foto K.S.
Åkletradisjon frå Svåsand i Gamlestova i Mæle.
Bord 12 – som midten i bordene 2 og 8
}
4x
Bord 13 som 4
Bord 14
}
bord 8
Bord 15 – fotende
Foto K.S.
Svåsandåkle ”Solfrid” tidleg 1900-tal.
Namn på kapittelet
}
bord 10
og 12
<--- M
<--- M
76
bord 5
og 9
}
Solfrid-åkle, del 2
Bordene 8,10 og 12
Bord 9 – som midtpartiet i bord 3
}
<--- M
bord 4
<--- M
4x
}
Solfrid-åkle, del 1
Bordene 4, 5 og 9
}
band
Namn på kapittelet
77
ANNEMOR – ÅKLE
Historia om Annemor – åkle
På bilete side 58 er Annemor-åkle det midterste. Åkleet er eitt
av tre som Erling Vik har ei forteljing om etter mor si. Dei var tre
kvinner som gjekk i lag om kvar sitt åkle. Då dei tok til å veve
synte det seg ein hovelfeil, men det var berre ei av dei som ville
rette den og dermed vart den ikkje retta. Eg gav åkleet namn
etter Anna Byrkjeland. Det er eit typisk jondalsåkle, men har ein
eigen mønsterfinesse, eller signatur som eg likar å kalle det. Det
er i hovudsak hosebandet som er brukt som mellombord, men
kring annakvar mønsterbord har vevaren bytt om fargane. Sjå
hoseband A og B side 71. Det endrar borda og berikar heilskapen. Det er såleis lett å kjenne att desse tre åklea og lett å skilje ut
dei som Erling Vik har vove med same finessen i nyare tid. Vi ser
òg at vevaren ikkje har hugsa att detaljane frå den første til den
andre vevlengda. Nokre border er litt annleis frå side til side.
Foto K.S.
Foto K.S.
Foto K.S.
Annemor – åkle, fotende.
78
Namn på kapittelet
Årstal :
Tidleg 1900-tal
Vevar/Stad:
Vik i Jondal
Tilstand:
Type/stil:
Bra
Gammal mønstertradisjon, Jondalsåkle
Erling Vik, f. 1933,
fortalde etter mor si.
Særpreg :
Kvalitet:
Raude krokar mot hovudende,
gul fotendeAlt garnet er handspunne,
ullgarn er plantefarga.
Veving
Gammalt åkle
Ny oppskrift
Mål ferdig:
Mål i veven:
Binding:
114 x 165 cm
Om lag 60 x 175 cm x 2
Krokbragd, 3 skaft
Fotende voven i toskaft
120 x 180 cm
130 x 200 cm
Krokbragd og toskaft
Renning:
Tettleik:
Lin, 2 tr. S tvinn
26/10 – 1/1
Lin 8/2 eller bomull 12/6
25/10 – 1/2
Innslag:
Ull, 2 tr. Z tvinn
Rauma prydvevgarn Nm 6/2
Fargar:
Plantefarger:
Krappraud, 2 nyansar
Varm gul
Mosegrøn
Farga svart, falma
Naturkvit
2 nyansar i kvar farge:
f. 644 / 635
f. 646 / 650
f. 679 / 678
f. 636 / 673
f. 617 / 601
Montering:
Saum på midten. Sydd kant i kant med
ull og falda med ull.
Fald i begge endar, eller
løpegang til oppheng og frynser
nede.
Vidareføring:
Erling Vik f.1933
bruk nr. 22, Vik i Jondal
Har vove fleire variantar.
Kristi Skintveit f. 1942
bruk nr 89 Sætveit
Vov 2 m. langt åkle 2004 – 2005
Innslagsliste:
Kvit hovudende m/fald 12 cm,
B 1 – hovudb.som Ragnhild 1, 3 rapp.
Hoseband A (side 71)
B 2 – variant av Ragnhild bord 4
Hoseband B (side 71)
Bord 3 + Hoseband B
Bord 4 – som Ragnhild bord 4, 1 rapp.
Hoseband A
Bord 5 – vel høgre eller venstre side
Hoseband A
Bord 6 – som 4 + Hoseband B
Bord 7 + Hoseband B
Bord 8 – som 4 + Hoseband A
Bord 9 – variant av bord 5
Hoseband A
Bord 10 – som bord 4
Avslutning gammalt åkle
Kross og klingleband B (side 71)
Bord 11 – fotende + Krossband B
Gul fotende m/fald 12 cm
Kvit kant/løpegang 20 cm,
toskaft
Innslagsliste v. side fram til
avslutning
Avslutning nytt åkle
Hoseband B
Bord 11
Hoseband B
Bord 12 – som bord 4
Hoseband A
Bord 13
Hoseband A
Bord 14 – som bord 4
Kross og kringleband B
Bord 15
Kross og kringleband B
Bord 16
Kross og kringleband B
Bord 17 – fotende nytt åkle
Kvit fotende m/fald 12 cm
Annemor – åkle, saksebord, hoseband og tvistbord.
Fargeval: Det er frivillig om du vil veve med to nyanser i kvar
farge, men åkle får meir liv og likskap med det gamle om du
gjer det. Du kan òg velje ut ein eller to av fargane til å variere
med etter innfallsmetoden. Den raude stripa mellom border og
band er ikkje teikna. Vi treng 2 innslag i toskaft og 3 i krokbragd
for å dekkje renninga og få stripeeffekt.
Mønster og innslag: Ei rute i høgda er 4 innslag av kvar farge
i krokbragd, hugs ekstrainnslag ved fargeforskyvning. Midtpunkta har 3 innslag. Det skal ikkje vere stripe mellom hovudborda og enden. 3 av bordene er ulike på høgre og venstre
side. Vel ein av variantane om du vev i full breidd. Eventuelt kan
du veve alle om du skifter ut border eller vev eit lengre åkle.
Byrkjeland bruk 2, Jondal
Jondalsåkle ”Annemor”, hovudende med stjernebord.
Veving i dag
Eg vov åkleet i 2004 – 2005 etter eit bilete eg tok på Byrkjeland.
Eg brukte det garnet eg hadde med innslag av plantefarga
garn, og vov det i ein gammal, smal vevstol for å arbeide etter
liknande vilkår som før i tida. Det var lett å ta mønsteret etter
bilete, men vanskeleg å treffe bordene med den andre vevlengda. Med berre litt forskjell i tilslaget vil borda endre breidd.
Eg forlenga mønsteret for å dekke ei moderne seng, men då
vart formatet uharmonisk. Vi er så vane med det gamle formatet på samansydde åkle at endring skurrar. Erling Vik har vove
sine store åkle i brei vevstol og då ”tåler” åklea større lengd.
Side 20 og 70 finn du bilete av borde frå Annemor-åkle som eg
vov ferdig i 2005. Eg brukte prydvev- og biletvevgarn og fleire
nyansar i kvar hovudfarge.
Eigar /Stad:
Namn på kapittelet
79
Annemor – åkle, mønsterborder
Bord 1 som ”Ragnhild”.
Bord 2
Bord 10 som bord 4
Bord 11 – fotende venstre side
Bord 3 – Breidabandbord
}
}
2x
Bord 11 – fotende høgre side
<--- M
<--- M
<--- M
<--- M
2x
Bord 12 som bord 4
Bord 13
Bord 11 – nytt åkle
Bord 8 som bord 4.
Bord 5 – høgre side
Bord 4 som ”Ragnhild” b. 4 - 1 rapp.
Bord 5 – venstre side
<--- M
<--- M
<--- M
<--- M
Bord 16
Bord 14 som bord 4
Bord 15
<--- M
Bord 9 – høgre side
Bord 6 som bord 4.
Bord 7, nedst side 81
Bord 9 – venstre side
<--- M
Bord 7
<--- M
<--- M
Bord 17 – endebord nytt åkle
80
Namn på kapittelet
Namn på kapittelet
81
ANNA – ÅKLE MED KRONER
Om Anna – åklea
Mønsteret i dei to åklea som vi veit at Anna Brekke har vove
byggjer på dei tradisjonelle jondalsbordene. Som ein signatur har Anna kanta dei med doble krokar og kroner. Somme
kallar krokåkle med kroner for kroneåkle. Ho har lagt vekt på
stjerneborder og sakseborder i åkleet i Brekke, medan der er
fleire tvistborder i åkleet i Dokken. Ho har brukt grønt i tvistbordene i staden for kvitt. Ei bord liknar på ei fin blomeeng, sjå
side 70.
Eigar /Stad:
Hilde og Lars-Arne Eide, Jondal
Årstal :
1880 – 1890
Vevar/Stad:
Anna Samsonsdtr. Brekke, 1838 – 1906
Tilstand:
Type/stil:
Bra
Jondalsåkle. Anna tok oppdrag og vov eit
nesten likt åkle i Dokken. Kisteåkle til
finare bruk.
Særpreg :
Kvalitet:
Bordene kanta med kroner, friske farger
Handspunne ullgarn, litt for tynnt i høve
til den opne renninga (flattrykte krokar)
Veving
Foto K.S.
4
Mål ferdig:
Mål i veven:
Binding:
117 X 180 cm
120 X 185 cm
Krokbragd
130 X 190 cm
135 X 200 cm
Krokbragd og toskaft
Renning:
Tettleik:
2 tr. lingarn, S tvinn
19/10 – 1/1
Tilpass renning
20/10 – 1/2
Innslag:
Ull, 2 tr. Z tvinn
Rauma åklegarn 3,5/2
Fargar:
Plantefarger og kjemiske f.:
Raud pakkfarge
Mosegrøn
Gul av lauv eller lyng
Lilla pakkfarge, fotende
Sauesvart
Kvit
Tilpass fargane:
Raud
Grøn
Gul
(Lilla)
Svart eller mørkebrun
Ubleika kvit
Innslagsliste:
Hovudende: 4 cm kvit + fald.
Bordene 1 – 7, bord 2 skil mellom
kvar krokabord til og med 12 – 13
Bord 8 som 3
Bord 9 som 4
Bord 10 som 6
Bordene 11 – 15
2 cm lilla + kvit fald,
Kvit kant i ønska breidd + fald/
løpegang. Same bordemønster,
eventuelt med tillegg. Kvit kant i
ønska breidd + fald/ frynser
NB: Vev kantar og striper i toskaft
Anna – åkle med kroner, fotende.
Anna – åkle med kroner, del 3
Anna – åkle med kroner, del 2
<--- M
Ny oppskrift
Foto K.S.
Anna – åkle med kroner, hovudende.
Anna – åkle med kroner, del 1
Gammalt åkle
<--- M
7
}
x2
13
<--- M
Montering:
<--- M
Endane er falda.
Nytt åkle: Falda eller sy løpegang og
knyt frynser nedst.
15
3
}
<--- M
<--- fotende
6
<--- M
2
<--- M
12
<--- M
11
1
5
}
x2
14
<--- hovudende
82
Namn på kapittelet
Anna – åkle med kroner, del 4
Namn på kapittelet
83
Krokåkle med striper
I jondalsåklea finn ein både striper og mønstra band som skilje
mellom dei breie mønsterbordene. Stundom anten eller, men
like ofte både òg. Dei fleste krokåklea eg har sett frå Herand har
breiare stripefelt som skilje mellom mønsterbordene og i nokre
er det kjerringtannborder. Dei fleste bordene er smale og liketil
og liknar bordene i dei eldste krossåklea frå Suldal. Men der er
òg innslag av velkjende jondalsborder som stjernebord og nettingbord, og ei og anna pyntebord eller signaturbord.
”Krossåkle frå Suldal”
I 1975 gav Stavanger Husflidsforening ut ei mønstermappe som
bokhandlar Julius Bårdsen hadde samla av åkle i Suldal. Der er
Foto K.S.
Herborg-åkle, hovudende
bilete av krokbragder frå 1700- og 1800-talet. Ti av tolv plansjar
viser smale, symmetriske border som er skilde med striper og
det førekjem kjerringtann-border. Bordene liknar på dei enkle
krokbordene i brautåklea frå oppstadveven. Åklea er vovne i
full breidd, men ikkje breiare enn kring 110 cm. og lengda kring
170 cm. skreiv Bårdsen. Det er interessant å sjå at ei gruppe
gamle krokåkle frå Jondal, liknar på desse eldste åklea frå
Suldal. Mappa har vore for sal i husflidsutsala og er ettertrakta
av vevarar. Det har ikkje vore så mange andre mønster i krokbragd å få kjøpt. Erling Vik i Jondal har kopiert fleire einskildborder frå Suldal, liknande dei eg kallar pynteborder, og han har
plassert dei saman med typiske jondalsborder .
Foto K.S.
Herborg-åkle, fotende
DORTHEA – KROKÅKLE I TVEITE
Eigar /Stad:
Tveite bruk 1, Herand, Jondal
Årstal :
Etter 1875 (NB lilla)
Vevar/Stad:
Som over
Tilstand:
Type/stil:
Dårleg
Gammal mønstertradisjon,
jamfør krossåkle frå Suldal
Særpreg :
Kvalitet:
Enkelheit, bratte krokar
All tråden er handspunnen og tjukk.
Det er brukt (for) tett skei.
Veving
Gammalt åkle
Ny oppskrift
Mål ferdig:
Mål i veven:
Binding:
115 x 145 cm
Om lag 60 x 155 cm , 2 stk.
Krokbragd
Om lag 120 x 170 cm
125 x 185 cm
Krokbragd og toskaft
Renning:
Tettleik:
2 tr. hamp, S tvinn
29,5/10 – 1/1
Tilpass renning, la to trådar gå likt
40/10 – 1/1 (20/10 – 1/2)
Innslag:
Ull, 2 tr. Z tvinn
Rauma åklegarn Nm. 3,5/2
Fargar:
Plantefarger:
Mørk krappraud
Gul av lauv eller lyng
Lilla anilin, er grå etter falming
Sauesvart
Kvit
Tilpass fargane:
Rustraud 719
Gul 746
Lilla 774
Svart eller mørkebrun
Ubleika kvit
Innslagsliste:
Hovudende: 5 cm kvit kant + fald
Bord 1
B 2 - striper, gjenta mellom kvar krokbord
B 3, 4, 5 og 6
B 4, 5, 6 og 4
B 7, 8, 9 og 10
Fotende: Bord 2 og 7 cm kvit kant/fald
Montering:
2 lengder er sydde saman,
endane er falda.
Nytt åkle: Falda endane eller
sy løpegang og knyt frynser nedst.
Kvit kant i ønska breidd + fald/
løpegang. Hovudbord: Om du vil
ha mjukare start for mønsteret,
kan du veve kvit for svart i dei
2 første rutene. Bordemønster,
eventuelt med fleire repetisjonar.
Kvit kant i ønskt breidd + fald/
frynser. NB: Vev kantar og striper/
kj.t. i toskaft
Dorthea, del 1
}
Dorthea, del 2
x3
4
<--- M
3
<--- M
2
<--- M
1
Foto O.B.
Herandsåklea Dorthea og Herborg, frå Tveite og Mæle om lag år 1900. Bilete frå Viketunet i Jondal 2008.
84
Namn på kapittelet
<--- start
10
<--- M
9
8
<--- M
7
<--- M
6
<--- M
5
Namn på kapittelet
85
GUNDA – KROKÅKLE I MÆLE
Gunda-åkle
I gamle dagar både spann og farga dei i fleire vender. Det gav
variasjon som ofte viser meir etter falming. Dei farga òg i ettersuppa. Det gav lysare farger som vart brukte i fotenden av åkle,
som tilfellet er her. Der åkle er sydd saman av to delar, kan den
eine vere mørkare enn den andre, men på Gunda-åkle er delane nokså like, og vevaren har gjort godt arbeid. I dag vev ein
åkle i full breidd og har nok garn, men kan gjenskape det primitive preget med bruk av fleire kvalitetar og nyanser. I ruteteikningane har eg berre brukt ein av kvar kulør, så variasjonen må
du improvisere.
Gunda del 2
86
Namn på kapittelet
Arne B. Mælen, Herand, Jondal
Årstal :
1800 talet
Vevar/Stad:
Mæle eller Espeland (?)
Tilstand:
Type/stil:
God
Gammal mønstertradisjon.
Jamfør krossåkle frå Suldal
Særpreg :
Kvalitet:
Smale border og striper, ikkje tvistbord, blått i
tillegg til tradisjonelle farger. Alt garnet er handspunne, ullgarnet er plantefarga.
Foto K.S.
Gunda-åkle. Gamlestova i Mæle 2010.
Gunda del 1
Eigar /Stad:
Gunda del 3
Veving
Gammalt åkle
Ny oppskrift
Mål ferdig:
Mål i veven:
Binding:
122 x 170 cm
Om lag 62,5 x 185 cm x 2
Krokbragd og toskaft
Om lag 125 x 180 cm
130 x 200 cm
Same
Renning:
Tettleik:
2 tråds lin S tvinn
22/10 – 1/1, tettare jarar
Lin eller bomull, træ to trådar likt
40/10 – 1/1 (20/10 – 1/2), tettare
jarar
Innslag:
2 tråds ull Z tvinn
Rauma åklegarn 3,5/2
Fargar:
Plantefarger: Metta farger,
lysare mot fotenden. (Etterfarging)
Krappraud
Grøn
Blå
Gul
Sauesvart og -brun
Naturleg kvit
Sjå fargekart
Varier med nyanser i kvar hovudfarge
Raud 735
Grøn 730
Blå 753
Gul750
Brunsvart 710
Ubleika kvit
Innslagsliste:
12 cm kvit toskaft til kant m/ fald
Rutemønster frå hovudende:
Symm. smale striper i toskaft.
Bord 1 og 2: smal kvit str, i skilje
Striper mellom kvar bord heretter
Bord 3, 4, 5 og 6
Bord 4 med gul for kvit
Bord 5 og 7
Bord 3 med raud for kvit
Bord 7 utan grøne kantar
Om lag herifrå er fargane lysare
Bord 8, 9, 10, 11 og 12, heretter toskaft,
striper og kjerringtenner, fotende
12 cm raud, brun, kvit kant m/fald
Same eller valfritt.
Gjenta border om du vil veve
lenger åkle. Stripene skal vere
veldig smale og ordnast alltid symmetrisk, men farger kan byte plass
etter som det høver med borda
som står inntil.
Montering:
Saum på midten. Sydd saman kant i kant og
falda med renningstråd.
Fald i begge endar, eller løpegang
til oppheng og frynser nede.
Gunda del 4
Namn på kapittelet
87
Krokborder med opne overgangar
Opne overgangar tyder at skilje mellom bordene ikkje er markert med striper eller band, men med botnfargen og ei ope bord
av krokar eller krossar.
Veving av Marta-åkle
Farger: Om du ikkje vil ha fleire nyansar i alle fargane, så vel
ein eller to som du varierer. I gamle dagar måtte dei farge i
fleire vender. Det gav variasjon som vart større etter falming.
Dei farga òg i ettersuppa som gav lysare farge som vart brukt i
fotenden av åkle. Venstre side av åkleet er mørkare enn høgre
side, særleg mot fotenden. I dag vev ein åkle i full breidd og har
nok garn, men kan gjenskape det primitive preget med bruk av
Marta del 1
Marta del 2
fleire kvalitetar og nyansar. I ruteteikningane har eg berre brukt
ein av kvar kulør, så variasjonen må du improvisere.
Mønster: Åkleet har mørkeraude krokar mot kvit hovudende,
to hovudborder, ei signaturbord og elleve tvistborder (fylte
nettingborder). Mellom bordene er det overgangar, det vil seie
opne mellomborder på kvit botn utan kantstriper. Av desse er
to femdoble krokar, seks er tredoble krokar, to er ein krok, fire
er ei rad krossar, den eine med auge og ein er samanhengande
rombar med auge. Ruter/innslag:
Første innslag er nedste rute. Kvit rute er kvit tråd. Kvar rute er
tre eller fire innslag av kvar farge, hugs ekstrainnslag i overgangane der fargen byter trøe. Augo har to eller tre innslag.
Marta del 3
Marta del 4
MARTA – KROKÅKLE I MÆLE
Eigar /Stad:
Arne B. Mælen, Herand, Jondal
Årstal :
1800 talet
Vevar/Stad:
Brukt i gamlestova i Mæle
Tilstand:
Type/stil:
Dårleg
Gammal mønstertradisjon i Jondal.
Særpreg :
Kvalitet:
Fleire raudfarger, fylte tvistborder
Alt garnet er handspunne, ullgarnet
er plantefarga
Veving
Gammalt åkle
Ny oppskrift
Mål ferdig:
Mål i veven:
Binding:
120 x 175 cm
Om lag 62,5 x 185 cm X 2
Krokbragd, toskaft i fald
Om lag 125 x 180 cm
130 x 200 cm
Same
Renning:
Tettleik:
2 tråds lin S tvinn
24/10 – 1/1
Lin eller bomull
20/10 – 1/2
Innslag:
2 tråds ull Z tvinn
Rauma åklegarn 3,5/2
Fargar:
Plantefarger:
Kald raud, 2 nyanser
Varm raud 2 ”
Grøn 2
”
Gul 2
”
Sauesvart og -brun
Naturleg kvit
Sjå fargekart
Varier med nyanser i kvar hovudfarge
Innslagsliste:
7 cm kvit toskaft til fald
5 cm kvit krokbr. el. toskaft
Hovudende:
Bordene 1 – 4, overgang
Bord 5, overg. mrk. 1 m/grøn for raud
Bord 6, overgang
Bord 7, overgang
Bord 8, overgang
Bord 9, overgang
Bord 10, overgang
Bord 11, overgang mrk. 1
Bord 12, overgang
Bord 13, overgang mrk. 1
Bord 14, overgang mrk. 1
Fotende:
5 cm kvit krokbr. el. toskaft
7 cm kvit fald i toskaft
Same eller valfritt
Gjenta border om du vil veve
eit lenger åkle.
Montering:
Saum på midten. Sydd saman kant i kant og
falda med renningstråd.
Nytt åkle: Fald i begge endar, eller løpegang til
oppheng og frynser nede.
Marta del 5 fotende,
bordene 13 og 14
}
}
<--- M
bord 14
og mrk.1
}
<--- M
bord 13
Foto K.S.
Tunet i Mæle 2010. Kulturgalleriet og gamlestova i front. Gjester frå Harding Puls.
88
Namn på kapittelet
Namn på kapittelet
89
Cora, eit funn
Gunda del 3
Etter å ha fått tips fann eg krokåkle i ein container i Jondal. Dei
var i veldig dårleg stand, men eitt med originalt mønster let seg
teikna, og fekk namnet Cora etter funnstaden. Åkleet inneheldt
fleire mønster- og fargestemningar, frå avgrensa, fortetta border i hovudenden, via bølgjande mønstra midtparti med opne
overgangar, til forenkla mønster og farger på kvit toskaftbotn
mot fotenden. Fleire border var sette saman av smale ”kross og
kringleband” sånne som skil breie mønsterborder fleire stader
i Hardanger. Det har eg berre sett i Sunnhordland tidlegare.
Border med lus innpå åkleet har eg heller ikkje sett på andre
åkle. Cora hadde to raudfarger, den mørkaste var berre brukt
i hovudenden av åkleet. Den gylne brunfargen kan ha vore
mørkegrøn og hadde innslag av blått her og der. Den lysaste
fargen var veldig svak, mest som hudfarge, men kan ha vore
gul opphavleg.
Veving
Gunda del 1
90
Namn på kapittelet
Eigar /Stad:
Merka med Brattabø
Årstal :
Om lag 1850
Vevar/Stad:
?
Tilstand:
Type/stil:
Dårleg
Gl. mønstertradisjon, har sett
liknande i Sunnhordland.
Særpreg :
Kvalitet:
Border sett saman av band og lus
All tråden er handspunnen,
plantefarger
Veving
Gunda del 4
Avstem fargane til kvarandre med likevekt mellom lys og mørk,
og kulør og naturfarge. Figurane i krokbragd skal ha tilnærma
same høgd som breidd. Striper som skil border og band vev du
med to innslag i toskaft. Du kan veve slikt skilje mellom banda
i bord 8 òg om du vil, med svart eller mørk raud farge. Bordene
6 – 16 (unnateke 8) er kanta med krokar og glir over i kvarandre
utan skilje, det vil seie opne overgangar, som i Marta-åkle. Her
kan du ta grep som å veve skilje, eller la krokane stå spegelvende i overgangen mellom bordene. Unngå to heilt like border
etter kvarandre. Bord 6 og 7, og 9 og 10, deler svarte krokar i
overgangane. Legg gjerne til svarte krokar mellom 10 og 11, og
11 og 12, medan 12 og 13 kan dele svarte krokar i overgangen.
Det same kan 13 og 14, eller som eg allereie har foreslått, bruk
ein annan farge på krokane i bord 14. Det same gjeld for overgangane mellom 15 og 16, og 17 og 18.
CORA – ÅKLEFUNN I CONTAINER
Gammalt åkle
Ny oppskrift
Mål ferdig:
Mål i veven:
Binding:
115 x 170 cm
Om lag 60 x 180 cm , 2 stk.
Krokbragd og toskaft
Om lag 120 x 175 cm
125 x 185 cm
Krokbragd og toskaft
Renning:
Tettleik:
2 tr. lingarn, S tvinn
23,5/10 – 1/1
Tilpass renning
20/10 – 1/2
Innslag:
Ull 2 tr. Z tvinn
Rauma åklegarn 3,5/2
Fargar:
Plantefarger:
Mørk raud (blåleg)
Raud farga med maure el. krapp
Lys gul
Mosegrøn/brun
Blå, nokre få innslag, ikkje teikna
Sauesvart
Kvit
Tilpass fargane:
Mørk raud 728/744
Varm raud 724/794
Gul 750/761
Grøn 791/790 eller brun 709
Blå 749
Mørk brun 710 (svart)
Ubleika kvit
Innslagsliste:
Hovudende: Bordene 1-8,
NB: bord m/lus mellom 4 og 5
Bord 9 som 7 kanta m/svarte kroker
Bordene 10 og 11 + bord 12 som 10
Bord 13 som 7 med kantborder
Bord 14 som 6 med brun/grøn i staden
for svarte kroker (kantborder).
Bord 15 som 11 utvida, kvit kross = M
Bord 16 + bord m/lus + bord 17
Bord 18 som 11+ bordene 19 og 20
Fotende: Bord 21 + 2 cm kvit
Fald: 4 cm svart, 6 cm kvit
Same eller valfritt.
Gjenta border om du vil veve
lenger åkle. Stripene skal vere
veldig smale og ordnast alltid symmetrisk, men farger kan byte plass
etter som det høver med borda
som står inntil.
Montering:
2 lengder er sydde saman
Endane er falda
Nytt åkle: Falda endane eller
sy løpegang og knyt frynser nedst
12 cm kvit kant og fald/løpegang
Same bordemønster, eventuelt
med tillegg. Kvite lus på den siste
svarte stripa blir fint. Kant i ønska
breidd + fald/ frynser.
NB: Vev bord 21, striper, kjerringtenner, kantar og fald i toskaft.
Gunda del 5
Gunda del 2
Namn på kapittelet
91