Kurs i pollineringsretta birøkt - kurset for deg som vil starte med birøkt for pollinering i eigne hagar/felt eller deg som har bier og vil utvida med utleige av kuber til pollinering. Alle produsentar av frukt og bær har nytte av bier. I dag er det for få birøktarar til at vi dekker den store «frukthagen Sogn og Fjordane» og vi har eit stort unytta potensiale for auke i avlingar og betre økonomien. Prosjektet «Pollineringsretta Birøkt» er ei pilotsatsing for å få fleire røktarar i gang og målet er å utdanna 15 nye pr. år i tre år framover. Pilotkurs: Prosjektet skal utvikla eit kurs for å gi ei innføring i korleis pollinering av frukt og bær kan gå inn driftsplanar for dyrking av frukt og bær. Med auka biepollinering vil dyrkarane fremje både kvalitet og kvantitet og betre økonomien i produksjonen. Tema på kurset: -stell og drift av bikuben gjennom året -biologi og birøkt, biehelse -regelverk, KSL og HMS -utstyr og økonomi -pollineringsbiologi og plassering av bikuber Kurset vil gjere deltakarane i stand til å kunne røkte bier og nytte biene sin evne til å pollinere som grunnlag for birøkt og pollinering som næring. Kurset skal seinare evaluerast og vidareførast i andre delar av landet Målgrupper: 1) Etablerte birøktarar som vil starta med utleige av bikuber for pollinering 2) Frukt- og bærprodusentar som vil starta med birøkt for å betra eigen produksjon 3) Andre som vil starta birøkt knytt til frukt og bærdyrking Dei som er i gruppe 1 og 2 vil bli prioritert, gruppe 3 dersom det blir ledige plassar. Til saman 15 deltakarar. Påmelding: til Sogn Jord og Hagebruksskule på e-post: [email protected] Få med faktura adresse, mobilnr, organisasjonsnr. Få med om du er i gang som birøktar, om du er frukt- og/eller bærprodusent med bier, eller om du har planar om å starte opp med pollineringsretta birøkt. Påmeldingsfrist: 25. februar 2014 Pris: kr 6000,- inkludert kurskompendium, servering og rådgjeving mellom samlingane. Overnatting kjem i tillegg. På dei to første samlingane er det muligheit for overnatting på internatet på SJH. Siste samling vert i Lærdal med overnatting der. Praktiske opplysningar: Gjennomføring av kurset vil vere på Sogn Jord- og Hagebruksskule og med praksis hjå SOGNEBIA i Lærdal. Første del av kurset vil tilsvara trinn 1: «Grunnkurs i birøkt» i Norges Birøktarlag sitt Kompetanseutviklingsprogram. Det vil bli lagt opp til at deltakarane får tilgang til kurslitteratur som må studerast på førehand Deltakarane får gratis medlemskap i Norges Birøktarlag ut 2014 , med medlemsbladet birøktaren Deltakarane får tilbod om å kjøpa verneutstyr og litt materiell til redusert pris gjennom Honningsentralen SA og ditt lokale Birøktarlag vil hjelpa med å skaffa biesamfunn til oppstarten som birøktar. Kursplan Kurset vil bli gjennomført over 3 helgesamlingar i 2014: Samling 1: 5.-6. april Samling 2: 7.-8. juni Samling 3: 30.-31. august SJH - Lærdal Lærdal - SJH Lærdal Innføring i bienes biologi og åtferd i terrenget Vårstell i bigarden: kubemateriell, verneutstyr, reiskap m.m. Planlegging av hagar med tanke på pollineringsbirøkt Om biesjukdommar/ hygiene i bikuben. Utstyr, forsikring og økonomi Driftsbygning Organisasjonane: Norges birøktarlag og Honningsentralen Flytting og transport, vandrebirøkt Kubeplassering Pollinering av ulike artar av frukt og bær Rutinekontroll av bikubane Svermekontroll / utviding av bikuben Bedriftsøkonomi og etablering Administrasjon og utforming av avtalar Hausting av honning i slyngerommet Stell av bikubar om hausten og fram mot innvintring Lovverk (forskrift om birøkt, Mattilsynet, KSL, Helse, miljø- og tryggleik m.m..) Avslutning og overlevering av kursbevis Fleire tema går litt over i kvarandre og bli kan bli vidareført på neste samling. Det er viktig at alle deltek på alle samlingane. Kurslærar og -leiing: Marco Neven er lærar på kurset. Marco er til dagleg lærar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland og driv i tillegg føretaket SOGNEBIA. SOGNEBIA har i mange år m.a. drive med birøkt i Lærdal og har lang erfaring med utleige av biekubar til pollinering. Marianne Bøthun, Norsk Landbruksrådgjeving Sogn og Fjordane, vil vere gjennomgåande kursleiar på kurset og vil fungere som rådgjevar for dyrkingsmessige spørsmål. Anne Karin Hatling, Ressurssenteret på SJH, er ansvarleg for påmelding og informasjon til deltakarane og gjennomføring av kursa. Arrangør: Ressurssenteret ved SJH i samarbeid med Norsk Landbruksrådgjevinga i Sogn og Fjordane. For meir informasjon ta kontakt med Anne Karin Hatling på tlf. 94 82 94 31 eller på epost [email protected].
© Copyright 2024