Okken Kraft KF 9

Okken Kraft er etablert for å forvalte verdiar som blir skapt i fjellheimen i Lærdal. Selskapet skal i vareta kommunen sine eigarinteresser i tildelt
konsesjonskraft, kraftverk og fallrettar samt vere kommunen sin rådgjevar i saker som vedkjem vassdrag og kraftutbygging. Selskapet skal til mellom
anna ivareta kommunen sine eigarinteresser i Stuvane kraftverk, og ha det daglege leiaransvaret for kraftverket. Det er oppretta avtale om ekstern drift
av kraftverket. Lærdal ligg inst i Sognefjorden med gode vegsamband både vestover og austover. Det er ein tradisjonsrik kommune med eit variert
næringsliv innan reiseliv, landbruk, handverk- og anleggsverksemder samt helseverksemder. Lærdal er ein triveleg stad med mange mogelegheiter
både for dei som bur der og dei som ynskjer å etablere seg.
Dagleg leiar – Okken Kraft
Lærdal kommune ynskjer å samle alle sine interesser for vannkraft, fallrettar og konsesjonar i det nyoppretta foretaket
Okken Kraft. Vi ynskjer oss derfor ein dagleg leiar som har røynsle frå drift eller forvaltning av vannkraft. Du må vere
forretningsorientert samt ha høgare teknisk utdanning. Du vil også fungere som rådgjevar for Lærdal kommune og det
vil vera ein stor fordel om du har kjennskap til konsesjonsreglar og sakshandsaming innan vannkraft.
Som dagleg leiar i Okken Kraft vil du leie eit sjølvstendig foretak med eige styre, men samtidig ha eit tett samarbeid med
representantar frå kommunen og andre interessentar i området. Du vil få ei aktiv og synleg rolle i utvikling og forvaltning
av Lærdal sine kraftressurser.
For meir informasjon om stillinga, sjå adeccosearchselect.no eller send SMS med kodeord Adecco009 til 2012.
Kontaktpersoner er seniorrådgjevar Carina Ottesen, 464 09 678, eller research manager Lars Hovdenak, 920 97 755.
adeccosearchselect.no