Sparebanken Sogn og Fjordane er den største sparebanken i Sogn og Fjordane med ein forvaltningskapital på 37,9 milliardar kroner og sysselset 266 årsverk. Banken har kontor i 21 kommunar i Sogn og Fjordane i tillegg til kontor i Bergen. Fagsjef kanalog produktutvikling Du vil ha eit operativt ansvar som bindeledd mellom forretningsutvikling, IT og ulike fagavdelingar. Stillinga inneber å ha ansvar for at ulike tenester og produkt fungerer optimalt både internt og gjennom distribusjonsapparatet. Du må, med utgangspunkt i banken sine forretningsmål, kunne definere krav til utvikling, opplæring og endringar i arbeidsprosessar. Sentrale fagområde er sjølvbetening, betalingsløysingar og saksgangsystem. Arbeidsoppgåver: • Planlegge og kvalitetssikre leveranse av produkt og tenester i alle distribusjonskanalar • Delta i produktutvikling, effektivisering og prosjektarbeid • Kvalitetssikre, oppdatere og effektivisere arbeidsprosessar • Delta i samarbeidsfora med andre bankar knytt til relevante produktområde • Ha ansvar for intern opplæring og kunnskapsdeling Ønska kvalifikasjonar: • Høgare utdanning • God system- og prosessforståing • Grundig, analytisk og strukturert • Trivst med mange oppgåver samtidig • Er nysgjerrig og lærevillig både i forhold til IT og forretningsprosesser • God kommunikasjons- og formidlingsevne både munnleg og skriftleg • Har interesse for og god innsikt i, teknologi og trendar • Erfaring frå bank og banksystem er ein fordel Noko av det Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby er konkurransedyktig løn, god pensjonsordning og høve til utvikling gjennom utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø i fylket sin største bank. Har du spørsmål, kontakt Arne Øvrebø, 958 27 982 – [email protected] eller Trond Teigene - 908 25 086, [email protected] Send inn søknad med cv via søkjarportalen innan 10. juni
© Copyright 2024