Rapport for prosjektet - Norsk Landbruksrådgiving Sør

Sennep mot nematodar
V. Mette Feten Graneng, Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag
I forprosjektet «Dyrking av sennepsplante som tiltak mot potetcystenematode (PCN) for å forbetre
regional potetproduksjon» har ulike sennepsplanter blitt testa ut om dei kan veksa i røft kystklima.
Plantene vart nytta til såkalla biofumigasjon, og for å få til det krevst det ein stor biomasse. Det har
blitt testa ut om biofumigasjonen har effekt mot skadelege nematodar. Det vart etablert tre felt, nytta
tre ulike sennepssortar og ei sennepsblanding. På kvart felt var det tre gjentak.
Feltopplysningar:
Felt 1:
Feltvert: Karl Johan Dahl,
Kråkvåg i Ørland.
Jordart: Mellomsand.
Jordanalyse: pH 7,8, P-Al
19, K-Al 7.
Sådato: 16. mai.
Forgrøde: eittårig raigras.
Felt 2:
Feltvert: Arve Grøntvedt,
Garten i Ørland.
Jordart: Mellomsand.
Jordanalyse: pH 7,1, P-Al
26, K-Al 4.
Sådato: 16. mai.
Forgrøde: Bygg.
Felt 3:
Feltvert: Agnes Elise Moen,
Storfosna i Ørland.
Jordart: Mellomsand.
Sådato: 24. mai.
Forgrøde: Fleirårig eng.
Felles for alle tre felt:
Gjødsling: 68 kg fullgjødsel
18-3-15 pr daa. Vårgjødsling.
Plantevern: Før etablering
vart felt 2 og 3 sprøyta med
glyfosat. Det har ikkje blitt
nytta andre plantevernmiddel på felta.
Haustedato/nedpløying:
17.8.
Sortar: Nemat, Caliente
Brand, Caliente Mustard og
Nemat mix. Alle sortar frå
Plant Solutions Ltd.
Registrering: spiring,
ugrassituasjon,
vekstkraft/utvikling,
nematodestatus i jorda
(jordprøvar à 1 liter).
Resultat
350
300
250
200
150
100
50
0
Pratylenchus
Tylenchorhynchus
Trichodorus
Figur 1 Resultat frå nematodeprøvar. Kontrollruter i juli og oktober for Kråkvåg, Storfosna og Garten.
350
300
250
200
150
100
50
0
Pratylenchus
Tylenchorhynchus
Trichodorus
Figur 2 Resultat frå nematodeprøvar. Ruter med Nemat mix frå Kråkvåg, Storfosna og Garten.
Diskusjon
Biofumigasjon vil seie at ein utnyttar naturlege kjemiske stoff frå planter til å undertrykke mellom
anna sopp og skadedyr. I dette forsøket har vi sett på biofumigasjonsevnen til sennep mot nematodar.
Målet er då at biomassen frå sennepsplantene
skal gi frå seg gassar under nedbrytinga i jorda
slik at gassane reduserer mengda av skadelege
nematodar.
Etablering
Dei ulike sennepssortane spira raskt og
etablerte seg forholdsvis jamt på tross av ein
kald forsommar. Caliente Brand og Nemat var
aller raskast i spiring og etablering. 8. juni
hadde alle sortar kome opp på felta. På Garten
(bilete 1) og Kråkvåg var det då 2 varige blad
for dei fleste sortar, medan feltet på Storfosna
var på frøbladstadiet.
Bilete 1 Felt med sennep på Garten 8. juni 2012.
Konkurranseevne mot ugras
Både på Kråkvåg og Garten utkonkurrerte sennepsplantene ugraset som prøvde å koma opp. På
Storfosna var deler av feltet hardt angrepet av då. På Storfosna og Garten vart det sprøyta med glyfosat
før pløying. At glyfosatbehandlinga hadde hatt god effekt kunne ein sjå tydeleg rundt feltet (svart
område). Pløyinga på Storfosna hadde fått gammalt dåugrasfrø opp i øvre jordlag. Ein del av ugraset
vart fjerna for hand i månadsskifte juni/juli. Vi kunne likevel sjå at sennepsplantene hadde sterkare
konkurransekraft enn dåen utover sommaren. Det vart såleis ikkje behov for fleire tiltak mot ugraset.
Som eit alternativ til først sprøyting og så pløying etter at ein såg god verknad av sprøytinga, kunne
det vera at ein utsette sprøytinga til etter pløying. Dette ville truleg føra til betre effekt av plantevernet.
Sidan ein ikkje hadde same ugrasproblematikken på dei to andre felta, kan det òg vera at såtidspunktet
vart litt for seint på Storfosna. Ugraset hadde betre tilhøve på dette feltet fordi temperaturen gjekk opp.
Ei anna årsak kan vera at frøbanken var mykje større på feltet samanlikna med dei to andre.
Veksekraft
Ved besøk på felta 27. juni hadde
plantemassen kome opp i 20-35 cm. På
Kråkvåg (bilete 2) var plantene ca. 25 cm
for alle ruter unntatt for Nemat som var ca.
20 cm høg. På Garten var tilsvarande tal
ca. 30 cm for Nemat og ca. 35 cm for dei
andre. Feltet på Storfosna var meir ujamt
på grunn av ugraset. Der varierte
plantemassen frå 10 til 20 cm.
I perioden 27. juni til 31. juli hadde
plantene strekt seg formidabelt. Nemat
hadde lågast vekst på alle felt. Denne
sorten var ca. 70 cm høg. For dei andre
sennepsplantane, var plantemassen på ca.
150 cm.! Det kom som ei overraskinga at
plantene strekte seg så mykje på såpass
kort tid. Alle plantene hadde då kome i
blomst, men det var ikkje teikn til
frøsetting.
Bilete 2 Felt med sennepsplanter på Kråkvåg 27. juni.
Nedmolding
Planen var at plantene skulle pløyast ned
når dei var ca. 50 cm høge. På grunn av
svært god veksekraft vart plantene raskt
store, og for store til direkte nedpløying.
Det vart difor nytta kantslåmaskin for å
knuse biomassen før nedmolding. Straks
etter knusinga, vart massen nedpløyd.
Bilete 3 Sennepsfelt like før nedmolding. Nemat med kvite
blomster.
Det mest ideelle hadde sjølvsagt vore å få
plantemassen ned i jorda til rett tid, og som heile planter. Vi kjenner ikkje til om knusing av
bladmassen vil føra til dårlegare effekt av biofumigasjonen. Nedbrytinga vil truleg gå raskare ved
knusing av bladmassen på førehand. Vil dette føre til større frigjeving av gassar på kort sikt? Dette har
vi ikkje svar på.
Effekt mot nematodar
På både kontrollruter og ruter med ulike sennepssortar vart det gjort funn av til dels store mengder
nematodar (figur 1 og figur 2). Men på kontrollrutene på Kråkvåg og Storfosna var det betydeleg
mindre nematodar enn på Garten. Her er det berre tatt med figurar som syner resultatet av Nemat mix
(blanding av dei ulike sennepssortane) og ruter utan biofumigasjon.
Kontrollrutene på Garten viser ein auke i tal rotsårnematodar (Pratylenchus) frå juli til oktober.
Derimot for stuntnematoder (Tylenchorhynchus) ser vi ein kraftig reduksjon.
For alle tre felt ser det ut som vi får ein auke i tal Pratylenchus i ruter med Nemat mix frå juli til
oktober. Nematodenivået er dessutan generelt høgare enn på kontrollruter. Spørsmålet er då om det er
biofumigasjonen som har ført til auka nivå, eller om det har andre årsaker.
Nivået av Tylenchorhynchus er lågare på alle ruter med Nemat mix i oktober samanlikna med juli.
Dette er samanfallande med kontrollruta på Garten. Det er difor vanskeleg å hevde at det er
biofumigasjonen som har hatt effekt mot stuntnematodene.
Det vart gjort heller små funn av nematoden Sutbrot (Trichodorus). Det var berre på kontrollruta på
Kråkvåg og på Nemat mix ruta på Storfosna ein fann denne typen nematoder. På sistnemnde rute var
det nedgang i nivået frå juli til oktober.
Konklusjon
Alle sennepssortane etablerte seg greitt sjølv i det kjølige vêret vi hadde i Trøndelag sist vekstsesong.
Størst biomasse fekk vi frå Caliente Mustard og Caliente Brand. Nemat mix gav òg god biomasse,
medan Nemat hadde betydeleg lågare planter. Plantemassen vart knust før nedmolding på grunn av
høgda. Dette var ikkje i tråd med anbefalingar, og kan ha hatt effekt på biofumigasjonen.
Resultat frå nematodeprøvane spriker ein del. Det kan ikkje konkluderast heilt tydeleg om
biofumigasjonen har effekt mot nematoder eller bidrar til auka nematodenivå.
Prosjektet har blitt støtta gjennom Regionalt forskningsfond i Midt-Norge, produsentane Karl Johan
Dahl, Arve Grøntvedt og Agnes Elise Moen og i tett samarbeid med Bioforsk plantehelse ved Ricardo
Holgado. Plant Solutions i Storbritannia har støtta oss med frø. Takk for økonomisk støtte og god hjelp
til gjennomføring av prosjektet!