Teamaktivitetar for reiselivet i Ytre Sogn Go’Kajakk og Stas inviterer til treff for reiselivsinteresserte i Ytre Sogn, ved naustet på Alværn gard torsdag 12. februar 2015 kl. 12.00 - 14.30. På treffet får du: - Bli betre kjent med andre reiselivsaktørar i regionen - Høyre om tilboda til Go’Kajakk - Få smakebitar på teamaktivitetar og høyre om tilboda til Stas - Lage din eigen lunsj på bål Vi håpar du vil delta, og bed om at du melder deg på treffet innan 10. februar til [email protected]. Litt om oss som inviterer: Go’Kajakk tilbyr guida turar i heile Sogn og Fjordane. Trygge havkajakkar, enkle og doble kan hyrast til små eller store grupper. Kurs, instruksjon og treningsopplegg for alle som har lyst å gli over ei vassflate ved eiga kraft. Padling gjer meistring, spenning og naturoppleving. Go’Kajakk blir drive av Øyvind J. Korsøen, busett i Førde. Meir om Go’Kajakk på www.gokajakk.no. Stas tilbyr teamaktivitetar inne og ute til grupper som vil gjere noko artig, sosialt og samansveisande. Teambuilding, friluftsopplevingar, mat på bål og teateraktivitetar står på menyen. Det er Åge Avedal som driv Stas. Åge bur i Førde, men er vaksen opp i Leirvik. Meir om Stas på www.stasaktiv.no. Alværn gard ligg ca. 3,5 km. frå Lavik i retning Høyanger. Ein kan parkere ved sidan av driftsbygningen. Samlinga blir på og ved naustet ved garden. Det tek eit par minutt å gå til naustet. Spørsmål? Ta kontakt med Åge Avedal, Stas: 970 72 734 / [email protected].
© Copyright 2024